God opning for Lykkeriet
Transcription
God opning for Lykkeriet
MÅNADSNYTT FRÅ FJORDHAGEN – KNUTEPUNKT FOR REGIONAL NÆRINGSUTVIKLING – NR. 7 l 17. OKTOBER 2014 HELSEKLYNGEPROSJEKTLEIAR TILSETT Egil Ove Farstad er tilsett i Fjordhagen AS som prosjektleiar for eit 1-årig forprosjekt for helseklynga Muriparken. Han tek til i stillinga 3. november. Egil Ove er 44 år og busett i Ålesund. Han har dei siste sju åra jobba som leiingskonsulent og intern konsulent innanfor fagområdet kvalitetsarbeid og prosessforbetring i selskap som Ulsteingruppen, Novo Consult og CoPro Live. Han har også bakgrunn som konsulent, har erfaring med prosjektleiing innanfor IKT og har nøkkelkvalifikasjonar innan prosjektleiing, kvalitets- og prosessleiing. Han er sterkt motivert og gler seg til å ta fatt på denne jobben som han karakteriserer som spennande og utfordrande. SKAL – SKAL IKKJE? Går du med planar om å starte eiga bedrift? Har du behov for meir informasjon om kva dette inneber? Onsdag 5. november arrangerer vi kurset «Starte bedrift – skal, skal ikkje» på Nilsgardstunet i Stordal. Dette kurset vil hjelpe deg godt på veg til å ta den endelege avgjerda. Kurset gir deg innsikt i kva som krevst for å starte bedrift, både personleg og formelt. Her får du råd om korleis du skal gå fram, og kven som kan hjelpe deg i etableringsprosessen. For meir informasjon og påmelding, gå inn på www.hoppid. no og klikk på Gründerkurs. Her finn du både dette kurset samt andre nyttige kurs for gründerar. Du kan også gå inn direkte via denne linken: https://mrfylke.no/Tenesteomraade/Regional-og-naeringsutvikling/hoppid.no/Gruenderkurs/ (event)/75920 GARN OG GODBITAR: Garn er eitt av hovudsatsingsområda til Lykkeriet. Du kan kjøpe ein strikkepakke med garn KAFFIBAR: Bente Elisabeth Skarbø serverer god, og oppskrift, eller berre velje nøste etter eiga lyst. norskbrend kaffi med eksklusiv sjokolade til. MÅNADENS GRÜNDER: God opning for Lykkeriet – Eg har alt omsett for ein tredel av det som eg har budsjettert med i år, seier den ferske butikkeigaren om den første veka. Laurdag 4. oktober opna Bente Elisabeth Skarbø dørene til Lykkeriet Garn og Godbiter i lyse og lette lokale på Grandane i Valldal for første gong. Opningsdagen var travel med fleire ekstrahjelper i butikken, men til vanleg er det meininga at Bente skal stå i butikken åleine. – Eg har fått gode tilbakemeldingar sidan opningsdagen, og mange kundar seier at dei vil kome att. Her er mange fine sanseinntrykk, og eg ynskjer å gje ei heilskapsoppleving med syn, lukt og smak – at alle sansar vert stimulerte. Eg håper kundane synest det er godt å kome hit. LAGA NAMNET SJØLV Lykkeriet er eit namn dei færraste har høyrt før. – Det er mi oppfinning. Då eg googla det, fekk eg ingen treff. Namnet spelar på garnlykke og gleda med å skape ting. Dessutan er eg glad i kaffi og gode kaker. Det får endorfinane til å strøyme, seier ho som har bakgrunn som sjukepleiar i psykiatrien. NORSK PROFIL Bente ynskjer å profilere norske og lokale varer så langt det går. – Kaffi og sjokolade er vidareforedla her i landet og mykje av garnet kjem frå nabokommunen Rauma. Eg vurderer òg å ta inn pesto, olivenolje og liknande etter kvart. I tillegg sel ho interiørvarer frå den danske produsenten Green Gate, som er så populær at mange kundar kjem langvegs frå for å kjøpe varene deira. Barneklede i god kvalitet kjem frå produsentar som Devold og Hust & Claire. – Eg har fire born, så eg har sett at det løner seg å kjøpe kvalitetsklede. Før ho starta opp, hadde ho ein plan om kva varer ho ville ha i butikken. – Men det er mykje å velje i, så det er nødvendig å reise på messer. AKTIVITETAR OG NETTBUTIKK Lykkeriet planlegg å ha strikke- kafé og andre aktivitetar knytte til handarbeid. Snart skal ei strikkebok lanserast der. Etter nyttår har ho planar om å opne nettbutikk med felles lagerstyring med butikken. Då kan nettkundar kjøpe alt frå eitt enkelt garnnøste til pakkeløysingar frå sofaen. HOPPA I DET Då Bente innsåg at ho ikkje kunne halde fram i den jobben ho hadde, vart ideen om å starte butikk dregen fram att. – Skal det skje, så må det skje no, tenkte eg, og fekk støtte frå mannen min som sa: ”Sett i gang!” Eg har ikkje tort før og hadde heller ikkje same høve til det som no, seier Bente og kallar seg heldig. Ho skryter òg av hjelpa ho har fått i Fjordhagen, og kursa dei tilbyr. – Å starte for seg sjølv krev mykje. Fjordhagen har hjelpt meg med detaljar, budsjettering, forretningsplan og kundegruppeananlysar. Det er nyttig å ha tenkt gjennom planane skikkeleg, ikkje minst forventningar ein har til seg sjølv òg. Kursa i merkevarebygging og netthandel var midt i blinken for meg! TRYKKJEKLARGJERING: TIRILTUNGA AS Bedrifter i næringshagen: Fjordhagen AS Hjelme Web ENK Norddal Eigedomsselskap KF Næringsavdelinga i Norddal kommune Stiftinga Kraft- og skredsenter i Tafjord Trollbinding AS Nord-Vest Revisjon AS Valldal naturopplevingar AS NY SØKNADSPROSEDYRE FOR NÆRINGSFONDET Styringsgruppa i prosjektet Vekst i Stordal har teke over sakshandsaminga av næringsfondsøknader i Stordal kommune. Søknadane vert framleis handsama fortløpande, men søkjar må sende inn søknad via www.regionalforvaltning.no med ein god prosjektomtale og realistisk budsjett. Endeleg vedtak om kven som får støtte, vert fatta i første moglege styringsgruppemøte for Vekst i Stordal etter at søknad er sendt inn. For nyetableringar vert støtte berre gitt til søkjararar som har gjennomført gratis oppstartssamtale med hoppid. no kontoret for Stordal kommune. For meir informasjon, kontakt prosjektleiar Harald Espeland på epost: espeland@ tibesamfunn.no NY BEDRIFT I FJORDHAGEN NÆRINGSFORUM Vi ynskjer Stiftinga Kraft- og skredsenter i Tafjord velkomen som ny bedrift i Fjordhagen næringsforum. Gro Marita Valdal er dagleg leiar for senteret som skal vere eit spennande og framtidsretta senter med fokus på læring og opplevingar knytt til energi og skred. NYTTIG TEMAKVELD OM NETTHANDEL Torsdag 25. september hadde vi open temakveld om det å drive nettbutikk, og 17 personar deltok. Martin Foldal frå Sunnmøre kulturnæringshage og drivar av nettbutikken www.gitarist.no delte av si erfaring og kom med gode råd og tips til dei frammøtte. Det som er viktig å tenkje over, er at når du startar nettbutikk, har du aldri fri. Butikken må alltid vere open. Stengjer du han eit halvt år, må du starte opp att frå null kvar gong. God produktpresentasjon, god kundeservice og rask utsending er viktige kriterium for å lukkast. Og har du ein fysisk butikk i tillegg til nettbutikken, er det ein fordel. Deltakarane fekk med seg mykje nyttig kunnskap, og vi ser ikkje vekk frå at det vil dukke opp ein og annan lokal nettbutikk i nær framtid. Kom gjerne med innspel til aktuelle temakveldar – vi har fleire dyktige fagfolk i hoppid. no nettverket vårt! Bedrifter i Fjordhagen næringsforum: Alternativ Terapi ENK Juvet landskapshotell Duo Bygg AS Kulå Bowling AS Eidsvatnet hyttegrend DA Muritunet AS Gjerde Camping Norddal Rekneskapskontor AS Gjerde Entreprenørdrift AS Nord-Vest Revisjon AS H.L. Muri AS Omenås Hyttegrend AS Hovden Bygg AS Petter Lingaas ENK Indreeide Mek. Verkstad AS Rempro AS Jemtegård Feriesenter ENK Sparebanken Møre Stall Bjørstad Stiftinga Kraft- og skredsenter i Tafjord System-Electro Norddal AS Vika servicesenter AS Valldal Grønt AS Valldal Høvleri AS Valldal Kailag AS Nyttige adresser: www.fjordhagen.com www.hoppid.no www.innovasjonnorge.no www.kvinnovasjon.no www.ue.no www.altinn.no/no/starte-ogdrive-bedrift Følg Fjordhagen på Facebook! http://www.facebook.com/Fjordhagen Kveldsmat frå mange land «Kveldsmat frå mange land» vart ein suksess som bør takast opp att. Tysdag 23. september var det klart for kveldsmat på Røde Kors-huset i Eidsdal. Dørene opna kl 18. Gjertrud Melchior ynskte alle velkomne på vegner av Eidsdal/Norddal Røde Kors som hadde lagt ned ein imponerande innsats i å dekke og pynte bord og lage til eit norsk tradisjonsmatbord med lokale produkt. 16 NASJONALITETAR Døropnar Agnieszka Jemtegård ynskte deretter velkomen på vegner av Døropnartenesta, Norddal kommune og Fjordhagen og takka for den store innsatsen til dei som laga maten. 30 representantar frå ulike nasjonar i Norddal kommune stilte opp og laga smaksprøver av kveldsmatrettar frå sine land. Så mange som 16 nasjonalitetar var representerte, og det var om lag 50 rettar på borda. Det var laga til 87 sitjeplassar då dørene opna kl 18, men dette vart snart for lite. Fleire stolar og bord måtte setjast opp i kvar ei ledig krå, og i løpet av kvelden hadde over 130 personar vore innom. Det var svært gledeleg å sjå at MYKJE GODT: Mat frå mange nasjonar stod på kveldsmatbordet på Røde Kors-huset i Eidsdal. Foto: Caren Evers Koesling innbyggjarar frå alle bygdene i kommunen hadde tatt turen og praten gjekk livleg rundt borda. Næringssjef i Norddal kommune, Toralv Klokkehaug takka for den gode maten og takka også innflyttarane for at dei har kome hit og blitt verande. 9,7 prosent av dei 1739 innbyggjarane i Norddal kommune er innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre. Det er viktig med møteplassar der folk kan kome saman, prate og ha det kjekt. FAST ARRANGEMENT «Kveldsmat frå mange land» var eit veldig positivt tiltak, ein suksess som må gjerast som eit fast arrangement. Det kan vere forskjellige tema for ein slik kveld med mat i fokus. Mange har alle reie meldt seg som bidragsytarar til neste gong. Møre og Romsdal fylkeskommune har vore med å støtta arrangementet gjennom prosjekttilskot frå IMDImidlane. NORDDAL KOMMUNE GRØN FJORD-PARTNAR GOD STEMNING: Nøgde kursdeltakarar diskuterer merkevarer. Foto: Mette Fagerli «VEKKINGSMØTE» PÅ JUVET LANDSKAPSHOTELL Den 2. og 3. oktober arrangerte Fjordhagen AS workshop i merkevarebygging med Mette Fagerli frå Merkeledelse, denne gongen i samarbeid med Nordveggen AS i Rauma. Målgruppa denne gongen var gründerbedrifter som driv innan opplevingsnæringar. Mette er ein anerkjent og svært dyktig foredragshaldar i emnet, og ho kunne gi deltakarane nyttig informasjon om korleis utvikle attraktive og unike produkt og tenester. Fokuset var konkurransekraft gjennom marknadsorientering, og det å vere bevisst på kva vi lovar kundane våre. 13 bedrifter deltok og fekk med seg to lærerike dagar i vakre omgjevnader på Juvet landskapshotell i Valldal. At deltakarane var nøgde, ser ein av tilbakemeldingane: ” Kan betegnes som eit vekkelsesmøte. supre deltakere, kursleiar og hjelparar. Mette; Noone above noone beside, you are the champion Takk”. Kommunestyret vedtok 2. oktober at Norddal kommune skal bli partnar i Grøn fjord 2020. Stranda kommune har allereie gjort vedtak om å bli partnar. Grøn fjord er ei samarbeidsrørsle som skal skape berekraftig utvikling av menneskeleg aktivitet i verdsarvområdet Geirangerfjorden med omland. Rekrutteringa av partnarbedrifter er i full gang. Er du interessert i å teikne partnarskap, ta kontakt med Fjordhagen AS som hjelper til med mobiliseringa. Partnarar får tilbod om deltaking i miljøsertifiseringsprogram og blir kontakta og følgde opp framover. Det kostar ikkje noko å vere medlem. Innsatsen legg du att i di eiga bedrift. Eit årleg steg mot visjonen «Sporlaus ferdsel» er nok.