Her kan du lese hele saken i BT

Transcription

Her kan du lese hele saken i BT
30
sport |
Bergens Tidende fredag 31. mai 2013
Tips BTs sider om trim og trening!
sprek@bt.no
Elisabeth de Lange Gjesdal 928 21 801
Syklar frå Bergen til Voss for
KLARE FOR UTFORDRINGA: Ei handfull av brukarane ved LAR-huset i Indre Arna
har brukt mykje av vinteren og våren til å trena til Bergen–Voss. Thomas Vargas og
Mariel Taule er to av dei. No er det nett før dei skal visa kva dei er gode for.
Mariel Taule er blitt
berga frå fleire
overdosar. No tek ho
ansvar for å berga seg
sjølv.
Knut Langeland
jan m. lillebø (foto)
knut.langeland@bt.no
Sørfjorden ligg blank og glitrar
i morgonsola. Langs vegen veks
løvetann og engsoleie, og opp
bakken på Garnes kjem ei livskraft som er like sterk – og like
skjør som blomane i vegkanten.
For Mariel Taule (24) veit det
godt. Kor skjørt livet er, kor vanskeleg balansen er. Kor lite som
skal til for å trå feil her i livet.
Mål og meining
– Det var dårlege vener. Feil miljø, seier 24-åringen frå Åsane.
Det heldt på å kosta henne
livet. Mariel var så langt nede
som det er råd å koma. Ho seier
ho levde eit liv som ikkje var
verdt å leva.
– Eg var lei og tok fleire overdosar.
Mariel vart berga, men den
gongen visste ho ikkje å setja
pris på det. No, syklande langs
landevegen med fjord og fjell og
blomar til kulisse, kjenner ho
endeleg glede over livet, at ho
lever, luktar, sansar og finst til.
No har ho mål og kjenner meining. I morgon skal ho sykla frå
Bergen til Voss. 17 mil for å prisa
sjølve livet.
– Det går fint med meg no,
veldig fint. Eg reknar meg for å
vera ferdig med det gamle livet
mitt og har ingen kontakt med
miljøet eg var i. Det nye livet
mitt er her, og det er kjekt å ha
noko å gå til, seier Mariel Taule.
Mangfaldig tilbod
Det ho har å gå til, er LAR (legemiddelassistert rehabilitering)huset i Indre Arna. Men LARhuset i Indre Arna er meir enn
den gulmåla fasaden langsmed
TI MÅNADER RUSFRI: Espen Stokmo
var rusmisbrukar i 30 år. Han trenar
regelmessig og brukar fysisk aktivitet
som metode til å halda seg borte frå
rusen. Han trur det går best om han tek
ein dag om gongen.
det gamle jernbanesporet til
Garnes. LAR-huset i Indre Arna
er fylt med innhald og dedikerte
medarbeidarar. Avdelingsleiar
Birthe Unneland Napsholm skin
om kapp med sola når ho fortel.
– Vi ville driva med noko meir
enn berre utdeling av Subutex
og metadon, og vi veit at fysisk
aktivitet og arbeid bidreg til å
rehabilitera folk med rusproblem.
For medisinane som kvart
einaste LAR-hus i heile landet
tilbyr, gjer ikkje noko med einsemda, den fysiske forma og den
sosiale angsten. Å gjera rusavhengige verkeleg frie og friske
krev mykje meir enn det. Difor
har Birthe Unneland og dei
andre i LAR-huset i Indre Arna
eit mangfald av tilbod på lista si.
Positiv kraft
– Vi vil vera ei positiv kraft i
lokalmiljøet, vi vil bidra. No
samarbeider vi med fleire lokale bedrifter og institusjonar og
tek på oss ulike typar arbeid. Vi
slår grøntareal, ryddar stiar, set
opp gapahukar, ryddar vegetasjon og tek på oss målar- og flyttejobbar. Vi blir sett og opplever
at dei fastbuande set pris på den
jobben vi gjer. Tilbakemeldingane er iallfall positive, seier Birthe Unneland Napsholm.
Betaling har dei ikkje lov å ta
VIL VIDARE: Mariel Taule (heilt til høgre) trur ho kjem til å bruka mellom åtte og ti timar på sykkelturen frå Bergen til Voss. Ho karakteriserer
Thomas Vargas og Espen Stokmo.
fakta
zLAR
Arna
nLAR står for legemiddelassistert
rehabilitering.
nHar 27 brukarar.
nEr eit tilbod til personar utanfor
arbeid og som slit med rus og/
eller psykiske vanskar. Rusmiddelavhengige er mellom dei
mest inaktive i samfunnet i dag.
nBrukarane har medansvar
for val og planlegging av
aktivitetar.
nAktiviteten har som mål å gi
auka livskvalitet, faste rutinar,
meistring, betre sjølvbilete og
håp for framtida.
nLigg administrativt under Nav
Arna.
imot, men annan form for støtte
er det ingenting i vegen for. Slik
er LAR-huset blitt sponsa med
mykje forskjellig utstyr. Arbeidsreiskap, men også syklar. Det
er ein av dei Mariel Taule skal
bruka på turen til Voss.
Ho er ikkje den einaste. Firefem av brukarane på LAR-huset
har gjennom heile vinteren og
våren førebudd
seg på det som for
dei er meir enn ei
fysisk utfordring.
Det er ei milepæl
i arbeidet med
å meistra livet.
Ein symboltung stabbestein på
vegen attende til eit verdig liv.
voks opp i ein familie med alkohol og vald og vart sjølv misbrukar.
– Det gjekk mest i amfetamin.
I 30 år rusa eg meg, men for
ti månader sidan var det slutt.
Livet nett no er nydeleg, seier
Stokmo.
Sist helg gjekk han 7-fjellsturen. No står Bergen–Voss for
døra. Trening og
fysisk aktivitet
hjelper han til å
halda seg rusfri.
– Sjølvsagt er
Espen Stokmo eg redd for tilbakefall. Livet med
rus er ikkje noko liv. Det er eit
råttent miljø, der ein kan finna
på å selja si eiga bestemor for
ein dose. Når ein er kvitt rusen,
må ein ha noko anna å fylla
dagane med. Trening er supert,
seier Espen Stokmo.
Livet med
rus er ikkje noko liv
Rusfri etter 30 år
Mariel Taule går på metadon, og
alle som er med i prosjektet har
ei rushistorie i botn. Men ikkje
alle har vore avhengige av dei
sterkaste stoffa. Espen Stokmo
| Bergens Tidende fredag 31. mai 2013
EKSPERTENE GIR RÅD OM:
Fysisk aktivitet
Langrenn og kondisjon
Alpint og trening
Ernæring
Guri Brekke
Kristen Skjeldal
Andrine Flemmen
Mette Helvik Morken
berre livet
sport
Guri
31
Guri
Trening hjelper
mot rusproblemer
– Kan fysisk aktivitet behandle rusmisbruk eller
rusavhengighet?
– Det finnes noe dokumentasjon på at strukturert fysisk aktivitet kan anbefales for å dempe ubehag ved abstinenser. Det er
imidlertid flere studier som viser at tilbakefallsfrekvensen er
lavere hos personer som deltar i regelmessig fysisk trening.
Fysisk aktivitet er et viktig supplement til annen behandling.
– Hvorfor er det viktig å ha fysisk trening med i
behandlingen?
– Personer med ruslidelser har en betydelig overhyppighet
av angst og depresjonslidelser. Det er mulig at fysisk aktivitet
dels kan ha en beroligende og angstdempende effekt som
tilsvarer den rusfremkallende, dels kan trening
være en aktivitet som kan erstatte noe av
tomrommet etter rusmidler.
Fysisk
aktivitet kan – Hvilken effekt har fysisk aktivitet på
angst?
ha en positiv – Fysisk aktivitet kan ha en positiv effekt
effekt på
på angst ved at man lærer å fortolke de
kroppslige angstsymptomene som mindre
angst
skremmende. Trening kan muligens også
fungere som en distraksjon, d.v.s. at virkningen skjer ved at man ved aktivitet får tankene
vekk fra angst og bekymringer. Det finnes også en hypotese
om at fysisk aktivitet fører til økt utskilling av betaendorfiner
som kan ha en beroligende effekt.
– Hvilke effekt har fysisk aktivitet på depresjoner?
– Effektene av fysisk aktivitet godt dokumentert ved milde til
moderate depresjoner. Noen studier viser at fysisk aktivitet
kan medføre like stor reduksjon i depressive symptomer
som etablerte behandlingsmetoder, slik som antidepressive
medikamenter. Ved depresjon er atferden preget av passivitet, tilbaketrukkethet og isolasjon. Fysisk aktivitet innebærer
endring av atferd og har vist seg å fremme positive tanker,
øke troen på å takle egne problemer, gi økt selvtillit og evne
til selvkontroll. – Hvilke psykologiske virkninger kan man oppnå av å være
fysisk aktiv?
– Generelle psykologiske virkninger av fysisk aktivitet er
livsutfoldelse og glede, økt velvære etter aktivitet, overskudd
og energi, bedre søvnkvalitet, mindre stress-symptomer, økt
optimisme og mer pågangsmot, bedre selvfølelse og forhold
til egen kropp.
– Andre forhold som kan være viktige i denne
sammenhengen?
– Det kan være viktig å etablere et sosialt nettverk utenfor
deres vanlige miljø. Organisert trening sammen med andre
kan være en inngangsport til å komme lettere i kontakt med
nye mennesker.
tilbodet ved LAR-huset i Indre Arna som fantastisk for dei som vil vidare i livet. I tet ligg miljøterapeut Jan Runar Trandal, etter han følgjer
Meiner andre kan læra av Arna-prosjektet
Det dei har fått til, kan tene
som eksempel for andre senter, meiner ekspert.
– Eg trur overføringspotensialet er stort. I Arna har dei vore
flinke både på idé og gjennomføring. Det er fantastisk og så
langt eg veit, ganske eineståande, det dei har fått til. Eg er stolt
over å ha fått sjansen til å jobbe
saman med dei.
Det seier Monika Kvalavåg,
spesialrådgjevar ved avdeling
for rusmedisin i Helse Bergen.
Ho har følgt prosjektet sidan
oppstarten for halvanna år
sidan. Ein gong i veka har ho
besøkt LAR Arna for å følge prosessen.
– Dei tilsette ved LAR Arna er
utruleg offensive og fagleg dyk-
tige, også i det medmenneskelege, i evna til å sjå og høyre pasientane. Dei er proaktive og gjer
eit stykke arbeid som eg håpar
lar seg dokumentere i form av
ein forskingsrapport, seier Kvalavåg.
Verknaden fysisk aktivitet har
for rusavhengige kjem tydeleg
fram i fleire forskingsrapportar. Til dømes i ei doktorgradsavhandling som vart utgitt av
Asgeir Mamen ved Universitetet
i Bergen i 2011. Der kom det
fram at narkomane kan klare å
gjennomføre trening over lang
tid dersom dei har ein partner,
og at utviklinga i fysisk form
samsvarar med nedgang i mentale problem.
– Vi har dokumentert at fysisk
aktivitet er ein viktig strategi for
å koma seg ut av rus, og både
for å førebyggja og handtera
psykiske problem, sa helseminister Jonas Gahr Støre tidlegare
i veka.
Kvalavåg meiner måten LAR
Arna gjer fysisk aktivitet tilgjengeleg på, er beundringsverdig.
– Resultata dei har oppnådd,
er gode, betre enn mange andre
stader. Fysisk aktivitet som
metode er kjent. Men her skjer
det poliklinisk, det vil seie at
brukarane kan kome på dagtid og nyte godt av tilbodet.
Dei opplever større meistringskjensle, rusar seg mindre, og vi
oppnår det som er sjølve grunntanken innanfor rusomsorg:
Rehabilitering til samfunnet,
seier Kvalavåg.
Ho peikar på at medisinering
berre utgjer 5–10 prosent av rusbehandlinga.
UKENSSPREKING
navn: Janeke Vatne (66)
yrke: Pensjonist, fremdeles aktiv i Human-Etisk forbund
– Er du sprek?
– Ja, gitt alderen så føler jeg meg rimelig
sprek.
– Hvilke aktiviteter bedriver du?
– Jeg trener fast tre ganger i uken sammen med tidligere
arbeidskamerater i Bergen kommune i Sentralbadet. Da
går jeg i hvert fall to dager på aerobic og en dag på pilates.
Idrettslaget arrangerer òg trappeløpet, hvor vi løper fra første
til fjortende etasje. Det har jeg gjort mange ganger. Så er
jeg flittig turgåer. Jeg har gått 7-fjellsturen og 4-fjellsturen ti
ganger hver. I år kom jeg ikke så langt, men jeg går rett som
det er opp Stoltzen. Det er en god økt. I tillegg sykler jeg en
del. Jeg gjør blant annet innkjøp i nærbutikk med sykkel.
– Hva liker du best?
– Aerobic. Da får jeg god aktivitet på kort tid. Hvis du har
mange gjøremål, er en time med aerobic effektiv trening
med god musikk. Å trene i en gymsal sammen med mange
jeg kjenner, er givende.
– Hvorfor er du i aktivitet?
– Jeg har trent siden jeg var ung og har alltid hatt stor glede
av det. Jeg hadde en periode jeg var litt nedkjørt og da gikk
jeg for første gang 7-fjellsturen. Deretter ble det ti strake. Det
ga meg en psykisk positivitet som jeg er evig takknemlig for. I
tillegg gir trening meg et fysisk gode.