Psykomotorisk fysioterapi - reduserer spenning i
Transcription
Psykomotorisk fysioterapi - reduserer spenning i
Kontoradresse: Parkvegen 13, 2. etg. Sogndal Epost: post@godikroppen.no Internett: www.godikroppen.no Telefon: 48 10 64 50 Psykomotorisk fysioterapi Torunn Gjerstad eller utmatting Psykomotorisk fysioterapi reduserer spenning i kroppen I psykomotorisk fysioterapi får du hjelp til å redusere spenningar i kroppen. Gjennom massasje, øvingar og samtaler er målet å få eit bevisst tilhøve til kroppen og få ein fleksibel og stabil kropp. Kva går behandlinga mi ut på? Målet med psykomotorisk fysioterapi er å få eit bevisst tilhøve til kroppen, og redusere spenningar som hemmar pust og bevegelse. Langvarig stress på grunn av traumer, skader og andre livsbelastningar verkar inn på kroppen. Vi kan merke dette både i spenningsnivå, kjensler og tankeevne (mentalt). Naturlege funksjonar som søvn, apetitt, fordøying og temperaturregulering vert også forstyrra. Pust og spenningstilstand i muskulatur endrar seg, etter korleis vi har det og kva vi opplever. Vi er skapte for å kunne handtere utfordringar i livet. Vi blir til dømes anspente før ein eksamen, men slappar av og "pustar ut" etterpå. Veksling mellom å vere spent og avslappa er normalt, men dersom spenningane blir verande i kroppen over tid, kan ein få smerte i musklar, sener og skjelett. Psykomotorisk behandling kan frigjere spenning i kroppen og gjenopprette normale funksjonar i kroppen. Psykomotorisk fysioterapi kan vere nyttig for deg som: - opplever å vere anspent i kroppen har hatt smerter i kroppen over lengre tid har plager relatert til pust har angst eller depresjon har eteforstyrring eller har eit vanskeleg tilhøve til eigen kropp er veldig trøytt eller er utmatta har opplevd sjokk eller traumer Først gjer eg vanlegvis ei undersøking av kroppshaldning, pust, muskulatur, måten du bevegar deg på og evne til avspenning. Undersøkinga kan skje med klede på. Etterpå har vi samtaler om kva som kan vera årsaken til plagene dine og kva du ynskjer å oppnå med behandlinga. Behandlingstiltak blir valt ut frå undersøkinga og samtalane. Behandlinga vil innebere ulike former for berøring, massasje og rørsle, i tillegg til samtaler. Undervegs spør eg kva du kjenner – for at du skal reflektere og bli bevisst på kroppen din. Ta kontakt! Eg har kontor i Parkvegen 13, 2. etasje, i Sogndal, med inngang ved Fjøra frisør. Då eg er privatpraktiserande psykomotorisk fysioterapeut utan driftsavtale, treng du ikkje tilvising frå lege. Eg har ikkje venteliste. Ta gjerne kontakt på telefon 48 10 64 50 eller send epost til post@godikroppen.no for meir informasjon eller bestilling av time. Hugs å skrive inn namnet ditt og mobilnummeret ditt. Eg kontaktar deg pr. telefon om aktuelle tidspunkt for time. Sjå nettsida www.godikroppen.no for meir informasjon. Velkomen til Psykomotorisk fysioterapi Torunn Gjerstad! Torunn Gjerstad