Kinnaspelet 30 år
Transcription
Kinnaspelet 30 år
ÅRG. 86 NR. 2 – SOMMAREN 2014 Kinnaspelet 30 år Gav ny giv Tekst: Marit Mjølsneset. Foto: Kristian og Marit Mjølsnes Sterke møte med NMS sitt arbeid i Thailand og Laos forsterka unge NMS’erar sitt engasjement for misjon HEILE LANDET I VASSKRIG I løpet av to veker i Thailand og Laos fekk me oppleve utruleg mykje. Eit anna høgdepunkt var å feire thailandsk nyttår med ein kyrkjelyd NMS har vore med å planta i Mukdahan, i nordaustThailand. Tradisjonen tru bryt heile landet, unge som gamle, ut i ein ellevill, tre dagar lang, vasskrig. I kyrkja blir det i tillegg feira med gudsteneste. Under lovsongen blanda norsk, thai og engelsk seg til eit herleg samansurium, men alle prisa éin gud. – Det er fint å kunne vera saman og kjenne seg som éin kristen familie sjølv om me ikkje snakkar sama språk eller kjenner kvarandre personleg, sa Hanne Alfsen frå talarstolen under gudstenesta. – Me har mykje å lære frå kristne i Thailand og Laos, meiner Siri Mæland. Hennar møte med menneske som er kristne trass i massiv motgang inspirera ho til sjølv å vera ein modigare kristen. – Når menneske som risikerar forfølgelse kan vera så brennande i trua, burde me i Noreg tørre å gå litt utanfor komfortsona vår, synest Mæland. Det er fredag morgon. Det kjennes som om sola steiker, sjølv om himmelen er slørlagt av eit tykt, kvitt lag av forureining. Me er i Khlong Toei-slummen i Bangkok, heimstaden til rundt 400 000 thaiar. Vegen fram til Lovsangshjemmet går gjennom tronge smug dekte av gjørme og søppel, langs breidden av Khlong Toei elva, og over ei lita gangbru. Me blir møtt av venlege smil på vegen, men også av elendige buforhold og openlys fattigdom. Vel framme med Lovsangshjemmet lyser eit fargerikt lite murhus opp det elles grå området. Dagsenteret ligg under ein støyande motorveg, midt i hjartaet til slummen. Her fekk me lov til å møte både born som nyttar seg av senteret, og misjonærar som arbeider der. – Når du høyrer om prosjekta heime i Noreg tenkjer ein at det blir gjort eit bra arbeid, men det blir noko heilt anna å sjå det med eigne auger, meiner Trygve Austeng. Han var ein av dei fjorten deltakarane på turen, og det var fyrste gong han besøkte eit av prosjekta NMS har i utlandet. – Det gjorde sterkt inntrykk å sjå at born som kjem frå familiar som slit har ein trygg stad å koma til. 2 GRUPPETUR MED MEINING Reiseleiar Kristian Mjølsneset synest turen gjekk veldig bra og at det var kjekt å vera ein heil gjeng på tur. – Å vera på tur med så mange flotte folk gav ekstra meining til turen. Ein har mange å dela inntrykk med, og ein får høyre mange ulike tankar og refleksjonar om felles opplevingar. Eg vil anbefale alle som har sjansen og hive seg med på misjonstur viss ein får sjansen. Mjølsneset kan avsløre at NMSU Bjørgvin allereie arbeider i kulissene med å prøve å få til ein ny misjonstur. Eikefjord kyrkjelyd har fått nytt misjonsprosjekt i Thailand: «Born i slumen i Bangkok». Den lokale kyrkja driv bydelssenteret Lovsanghjemmet og Immanuel musikkskule. Gjennom arbeidet får borna tilbod om stimulerande og meiningsfulle aktivitetar som musikk, kunst, sport, engelsk og data. Kyrkja driv også ei speidargruppe. Gjennom aktivitetane lærer borna grunnleggjande kristne og mennesklege verdiar. Det gjer dei betre budde til å møte den tøffe kvardagen dei har. KINN K YRK JEBL AD SOMMAREN 2014 Nytt korprosjekt Lær gregoriansk song Etter ein strålande konsert søndagen etter påske, vil Kinn kyrkjekor gå for eit stort prosjekt til hausten: Gabriel Faurés Requiem. Det vil bli oppført saman med Førde kyrkjekor. Sjølv om Kinn kyrkjekor har vakse i løpet av dei siste åra, ønskjer vi nye medlemmer særs velkomne. Vi er en hyggeleg og sosial gjeng med allereie funksjonerande tenor- og bassrekke. Det er ope for å vere med utelukkande på oppsettinga av Requiem, og i dette prosjektet kan det vere fint med noko korerfaring frå før. Øvingar er torsdagar kl. 20.00 i Florø kyrkje eller på Havglytt. Vi begynner etter sommaren att 21. august. Øvingslaurdagar er 6. september i Førde og 1. november i Florø. Konsertar er laurdag 8. november i Florø og søndag 9. november i Førde. Meir informasjon: Korstyreleiar Rita Hesvik Frøyen 57 74 55 25 Dirigent Sebastian Ryll 46 80 27 47 Sommaren 2014 tilbyr kantoren i Kinn, Sebastian Ryll, eit eineståande kurs i gregoriansk song, òg kalla «munkesong». Denne typen song er vakker og meditativ, tradisjonsrik, tidlaus og a capella. Det er ikkje nødvendig med tidlegare songerfaring, for det meste av gregoriansk song er ganske nært det å tale. Kurset kjem til å vare over nokre veker, kvar onsdag kl. 19.30–21.00 i Florø kyrkje, gjennom sommaren (25. juni–23. juli). Du er velkomen til å vere med på dei kveldane som passar for deg. Sjølv om du er vekke på ferie nokre av gongane, er det berre å ta turen når du er heime att. Til avslutning reiser ein saman til Kinn, der ein får nyte klangen av svevande song i den gamle steinkyrkja. Meld frå til Sebastian Ryll når du vil vere med. Mobil: 46 80 27 47. E-post: sebastian.ryll@kinn.kyrkja.no St. Hallvard-guttene Nytt korprosjekt og Salomos Høysangere, Ugler i Moseboken. Florø kyrkje mandag 30. juni kl. 19.00 Billett ved inngangen! KINN K YRK JEBL AD SOMMAREN 2014 3 Konfirmantane 2014 9A, Florø kyrkje 4. mai. Bak frå venstre: Emil Sande Øverbotten, Daniel Eikefjord Walde, Kristoffer Æsøy, Mathilde Therese Halsnes Lekva, Leander Solheim Humlestøl, Sanne Iren Larsen, Sunniva Grimstad Hestenes og Sofie Hestdal Leirvik. Midten frå venstre: Kyrkjelydspedagog Bjørn Pettersson, Sander Havnen Talsæte, Joacim Korneliussen, Simen Sælemyr Haarklau, Andreas Knapskog, Sondre Svardal Larsen, Kristian Skorpen Mathiesen, Sara Nekkøy Klokkernes og André Kjerpeseth Svarstad. Framme frå venstre: Cindy Hukset, Camilla Aldeholm Henjum, Malisa Hatteberg, sokneprest Benedicte Øien, Andrine Stusdal Melvær, Maria Isabel Storesund Hammerseth, Lina Heimtun, Malin Rundereim Haukås og Susanne Larsen Kvamme. Foto: Egil Aardal. 9B, Florø kyrkje 4. mai. Bak frå venstre: Skjalg Are Lyngstad, Niklas Grindheim, Jørgen Espeseth Larsen, Sondre Nordbotten Hovland, Raymond Nielsen, Trygve Sæten Nilsen, Njål Hopen Eliasson, Anna Grøneng, Vilde Sørbotten Johansen, Lene Sagevik Klokk og Siril Bjørvik Wefring. Framme frå venstre: Linn-Kristin Korneliussen Haugland, Emma Marie Føllesdal Halvorsen, Johanne Malene Grønnevik, sokneprest Benedicte Øien, kyrkjelydspedagog Bjørn Pettersson, Eivor Ottessen, Tuva Bjorstad Hjerman, Marion Guddal Hansen og Birthe Johanne Nordbotten. Foto: Egil Aardal. 4 KINN K YRK JEBL AD SOMMAREN 2014 Barnegospelfestival 9C, Florø kyrkje 11. mai. Framme frå venstre: Lasse Sande, Robin Sagen Salte, Johan Andersen, Magnus Alexander Ulriksen, Lasse Hellesen Rosnes og Adrian Gangsø Hegrenes. Midten frå venstre: Kyrkjelydspedagog Bjørn Pettersson, Martin Midtbø Ulsten, Håkon Magnus Bjørnset Ottesen, Jan Tore Esaisen, Daniel Andreas Solheim Tonheim, Mathias Myklebust Inrevær, Frøja Hopen Eliasson, Thea Sørstrand Engdal. Karoline Hatlem Nordtømme, Lone Stang Alden, Martine Koi Gjelsvik, Kristiane Svarstad, sokneprest Knut Magne Nesse, Natalie Mork Villaroel, Linn-Kristin Førde, Irja Hatlebrekke Jeppesen og Celina Standal Svardal. Foto: Egil Aardal. 9D, Florø kyrkje 11. mai. Bak frå venstre: Kyrkjelydspedagog Bjørn Pettersson, Anders Heggø Strømmen, Ivan Faller Knapstad, Håvard Jagedal, Elise Refvik Kvellestad, Susanne Øverbotn, Thea Karoline Lindberg, Lars Odin Seljestokken Nes, Håkon Madsen Strømmen og Kamilla Indredavik. Framme frå venstre: Elisabeth Fure Schwartz, Synne Søvik, Sara Eline Næss Olsen, sokneprest Knut Magne Nesse, Celine Jenssen, Elise Marie Mallasvik Røren, Julie Alise Flugre Valvik og Ingrid Helland. Foto: Egil Aardal. KINN K YRK JEBL AD SOMMAREN 2014 5 9E, Florø kyrkje 25. mai. Bak frå venstre: Glenn Roger Veiesund Refsnes, Eirik Valvik, Espen Sunnarvik, Henrik Fransiscus Poosthorn, Johannes Grøneng, Espen Sandvik Strømsnes, Ole-Tobias Yndestad, Jørgen Vagnsnes Valberg, Mikael Pedersen og kyrkjelydspedagog Bjørn Pettersson. Framme frå vensre: Frida Sunnarvik Waaraas, Ingeborg Vik, Anna Selås Stavang, Henriette Brekke Sunde, sokneprest Knut Magne Nesse, Lene Louise Madsen, Kristina Sande Storevik, Annelin Værøy og Tord Hollevik Skomsvoll. Foto: Egil Aardal. 9F, Florø kyrkje 25. mai. Bak frå venstre: Kristian Eldevik, Thomas Berhane, Jon Ivar Rylandsholm Bøyum, Magnus Alexander Ulriksen og Øyvind Alræk. Midten frå venstre: Kyrkjelydspedagog Bjørn Pettersson, Oskar Os, Martin Andreas Krakhellen, OleMagnus Aase Solheim, Samuel Johan Sårheim, Simen André Strand Eikefjord, Simon Midthjell Bjørnsen og Marco Lyngstad. Framme frå venstre: Andrea Grotle Bjørkedal, Kaisa Jeanette Svortevik Ervik, Iselin Sa ndvik Haugerud, Karoline Book, sokneprest Knut Magne Nesse, Kalyani Isabel Magnussen, Sunniva Elise Haugen, Vivi Emilie Sørdal Strømsøy og Vegard Igland Guddal. Foto: Egil Aardal. 6 KINN K YRK JEBL AD SOMMAREN 2014 Eikefjord, 1. juni. Bak frå venstre: Sokneprest Dag Leirvik, Sander Solheim, Øyvind Torsvik Myrvollen, Torje Mathisen Seljeseth, Marius Thue Bigset, Jakob Endestad, Simen Gotten Ramsdal, Arild Inge Løkkebø Redal, Jonas Ellingsund Øyra, Steffen Tonheim Knutsen og kyrkjelydspedagog Bjørn Pettersson. Framme frå venstre: Ann Renate Domben Øren, Sunniva Gotten Ramsdal, Rebecca Osland Hellesen Heimset, Kristina Endestad, Olianne Hovland Øren og Nikoline Liseth. Foto: Egil Aardal. Batalden, 27. april. Frå venstre: Sokneprest Dag Leirvik og Gjert Erik Zakariassen Karstensen. Stavang, 11 mai. Frå venstre: Ronja Sørdal, sokneprest Benedicte Øien og Håvard Fjellheim Standal. Nordal, 29. mai. Frå venstre: Sokneprest Dag Leirvik, Vilhelm Solheim Midtbø, Arlene Fadnes, Håvard Midtbø og Lasse Midtbø. KINN K YRK JEBL AD SOMMAREN 2014 7 Trusopplæringa «SPRELL LEVANDE» SI SOMMARAVSLUTNING PÅ TEIGEN «Sprell levande» – born og foreldre frå heile Flora samlast på Teigen leirstad tysdag 6. mai, til grilling og avslutning av semesteret. Det var ein grøn, kjøleg maikveld. Men då Lisbeth slo an tonen, Ellisif stemte opp og borna tok i med «Det er så bra at akkurat du er akkurat her» og «Opp-ned», så rommet dirra, varma det. Borna fann kjekke plassar å leike på og kjekke ting å leike med, så nokre var ikkje klar til å reise heim så tidleg som dei vaksne. Takk til leiarar frå Sprell levande og Teigen/Jan Magne Moi frå Normisjon for kaffimat og program. SPRELL LEVANDE HELD FRAM TIL HAUSTEN! Til hausten vonar vi å halde fram med «Sprell levande» i alle fire sokn. Førebels er planen: Florø: Start onsdag 27. august, vidare kvar onsdag 17.00– 18.00 på Misjonsheimen, unnateke haustferien. Eikefjord: Start tysdag 2. september 17.30–18.30 i kyrkja, veke 36, og vidare tysdagar i partalsveker. Stavang: Start veke 35, og vidare i oddetalsveker. Kanskje tysdagar, 17.30–18.30 i kyrkjesalen. Nordal: Ein kveld annakvar veke på Solheim skule, 17.30– 18.30, start veke 37 eller 38. UTDELING AV BARNEBIBEL TIL 4 ÅRINGANE Alle døypte 4-åringar får brev med invitasjon til ei gudsteneste, vanlegvis 2–3 veker før utdeling. Florø kyrkje: Born som fyller 4 år 2. halvår: Søndag 24. august kl. 11. (Samling laurdag 23. august kl. 11 også.) Andre gudstenestestader i Kinn sokn gjer vi avtale med foreldra om ei gudsteneste som høver. Eikefjord kyrkje søndag 21. september kl. 11. (Samling tysdag 16. september saman med Sprell levande.) Nordal kyrkje søndag 21. september kl. 16. (Samling saman med Sprell levande tidlegare i september.) BRU er ikkje gløymt, men i skrivande stund er det ingen 4-åringar der ! Vi inviterar til samlingar på førehand. Då får borna gjere seg kjende, høyre om Jesus og øve på songar som vi skal synge i gudstenesta. Dei får også eit møte med Sprell levande. UTDELING AV 6-ÅRSBOK Stavang kyrkje søndag 17. august kl. 16. (Dei andre stadene kjem vi attende til.) 8 SOUL CHILDREN GATHERING FLORØ 2014 Helga 25.–27. april samla Normisjon 50 sangere i Florø. Dei hadde vitjing av eit team frå Bibelskulen i Grimstad. I løpet av helga fekk deltakarne vere med på øvingar, solist- og dansesemindar, «open scene» med song og underhaldning og konsert på torget og i Florø kyrkje. Konserten på torget vart ein stor suksess. Koret hadde i løpet av fyrste døgnet øvd inn 9 låtar som dei framførte til «20 i stil» for dei frammøtte og forbipasserande på torget. Og med eit stort og godt lydanlegg er det vel ikkje tvil om at dei som ikkje var på torget fekk med seg delar av konserten likevell! Med tekstar som «Jesus is right here», og «Jeg vil synge ut min takk» håpar vi at mange fekk med seg bodskapen vi ynskte å få fram! FLORØ BARNEGOSPEL STARTER OPP ATT Frå skulestart startar Florø barnegospel opp att. Den musikalske leiinga tek Ingvild Ølfarnes og Sebastian Ryll seg av. Øvingane vert på Misjonsheimen og koret vil vere for born frå 5 år og til 4. klasse. Vi ynskjer både nye og gamle sangere velkomne! Å få vere med i kor, lære å synge og delta i eit stort musikalsk fellesskap er viktig lærdom i livet. Interesserte kan ta kontakt med Beate Nesse 41 76 65 01. HAUSTLEIR FOR BORN Trusopplæringa vil lage til eit dag-tilbod for born i 1.–4. klasse i haustferieveka med Misjonsheimen som base. Eit anna alternativ er å reise på Amigosleir på Teigen frå måndag til onsdag, og deretter vere med på dagtilbodet i Florø dei siste to dagane i haustferien. Det vert eit variert tilbod med uteaktivitetar, opplegg og Bibelfortellingar. Dersom de ynskjer meir informasjon kan de ta kontakt med Kari Oline Åshamar (kari.oline@kinn.kyrkja.no) Meir info kjem i neste kyrkjeblad. KINN K YRK JEBL AD SOMMAREN 2014 Smånytt KONFIRMANT 2015? Innskrivinga til konfirmantåret 2015 er alt godt i gang. Foreldremøte med innskriving vert arrangert i Eikefjord kyrkje onsdag 11. juni kl. 18.00 og i Florø kyrkje måndag 16. juni kl. 18.00. Konfirmantar og foreldre møter i lag med ferdig utfylte papirer. Det er viktig at vi får god informasjon i samband med innskriving og vi vil gje ein godt tilrettelagt opplæring for dei som har særskilte behov. Vi vil be om at dei som ikkje har vore på innskrivinga tek kontakt med kyrkjekontoret så snart som råd. Sjå www.kinn.kyrkja.no for meir info. FRILUFTSGUDSTENESTER Det er sett opp ein del friluftsgudstenester i sommar. Felles for desse er det at vi tek oss god tid, har med mat og kaffi – og bruker tid i lag i det fri. Første gudsteneste vert halde i Ausevika søndag 6. juli kl. 12. Her vil også verte høve for omvisning på helleristningsfeltet. Neste gudsteneste vert på moloen i Rognaldsvåg på Reksta søndag 20. juli kl. 12.00. Det vert sett opp presteskyss frå Florø i samband med dette og det er høve å tinge seg plass. I samband med Eikefjorddagane vert det friluftsgudsteneste på Stranda i kyrkjebukta, dette vert søndag 17. august og sannsynligvis kl. 11.00. Deretter er turen komen til Nordalsfjord søndag 24. august kl. 12.00. Gudstenesta vert ved Litjevatnet og det vert fellestur frå parkeringsplassen ved kyrkja med start ein time før. Konfirmasjonsdatoene for 2015 er sett til: Florø 9A 26. april, 9B og C 3. mai, 9D og E 10. mai. Batalden vert 26. april, Kinn vert 10. mai, Nordal vert 14. mai og Eikefjord 24. mai. Men før det er det mykje ein skal få vere med på gjennom konfirmasjonstida. Kontaktperson i samband med konfirmasjon er: Bjørn Pettersson, e-post: bjorn.pettersson@kinn.kyrkja.no TEIGEN-STEMNE Det vert Teigen-stemne søndag 7. september. Tek til med formiddagsmøte kl. 12.00. Deretter matpause og ettermiddagsmøte kl. 15.00. NESHOLMEN DAGAR Nesholmenstemnet vert i år arrangert laurdag 9. og søndag 10. august. Variert program med fjelltur laurdag formiddag. Festkveld om kvelden. Stemnet vert avslutta middag like etter gudstenesta søndag. Sjå meir info på www.nesholmen.no TUR MED DIAKONATET Kinn diakonat arrangerer sin årlege søndagstur den 24. august. Turen går i år til Dale kyrkje for gudsteneste og deretter til Askvoll for middag. Starten for turen vert frå Florø kl. 08.30, stopp på Grov og i Eikefjord på vegen. Turpris inkludert buss, middag og kaffi vert kr. 500 (betalast på bussen). Påmelding til Kinn kyrkjekontor tlf. 57 75 25 30 i god tid før turen. Sokneprest Knut Magne Nesse vert med på turen. KINN K YRK JEBL AD SOMMAREN 2014 Foto: Cecilia Molander. KONFIRMANTLEIR Årets konfirmantleirar er sett til 30.–31. august og 13.– 14. september. Leiarane er på Nesholmen Leirstad i Hyen og vert til gjennom eit samarbeid mellom tilsette, frivillige leiarar og foreldre. Tidlegare konfirmantar som ynskjer å vere med som leiarar kan ta kontakt med Knut Magne på kyrkjekontoret. Dei vil få tilbod om eit nytt tilbod som heiter MILK-kurs. MILK står for minileiarkurs. Dette kurset går over eit halvt år og har 5 dobbeltimer og ein felles avslutningstur. Man lærer grunnleggande ferdigheter som leiar. Oppstartsmøte for MILK vert i samband med konfirmantleiren. For meir informasjon om dette, ta kontakt med: knut.magne.nesse@kinn.kyrkja.no 9 Gudstenesteliste sommaren 2014 Lørdag 12. april Florø, kl. 20.00 Konsert «Stabat Mater». Søndag 29. juni Florø, kl. 11.00 Leirvik. Høgmesse med dåp. Takkoffer til IKO. Eikefjord, kl. 16.00 Stubhaug. Høgmesse med dåp. Takkoffer til Nesholmen Leirstad. Søndag 6. juli Stavang, kl. 12.00 Øien. Friluftsgudsteneste i Ausevika. Nordal, kl. 11.00 Leirvik. Høgmesse. Takkoffer til kyrkjelyden. Askrova, kl. 16.00 Leirvik. Høgmesse. «Utflyttarforeninga» deltek. Kyrkjekaffi. Gåve til gravplassen på Askrova. Seljumannamesse 8. juli Kinn, kl. 18.00 Øien. Høgmesse. Avskjed med Gry Seim. Takkoffer til NMS-misjonsprosjektet. Søndag 13. juli Florø, kl. 11.00 Øien. Høgmesse med dåp og nattverd. Takkoffer til NLA. Søndag 20. juli Rognaldsvåg, kl. 12.00. Øien. Friluftsgudsteneste på moloen. Fredag 25. juli Kinn Markering i samband med seglas ved opning av kystpilegrimsleia. Søndag 27. juli Florø, kl. 11.00 Nesse. Høgmesse med dåp og nattverd. Takkoffer til Sjømannskyrkja. Batalden, kl. 16.00 Nesse. Høgmesse. Takkoffer til Sjømannskyrkja. Olsok 29. juli Kinn, kl. 18.00 Nesse. Høgmesse. Takkoffer til Bibelselskapet. Søndag 3. august Eikefjord, kl. 11.00 Nesse. Høgmesse. Takkoffer til Kirkens bymisjon Bergen. Søndag 10. august Florø, kl. 11.00 Leirvik. Høgmesse med dåp og nattverd. Takkoffer til Norsk Misjon i øst. Søndag 17. august Eikefjord, kl. 12.00 Nesse. Friluftsgudsteneste på Stranda. Kinn, kl. 11.00 Leirvik. Høgmesse med dåp og presentasjon av konfirmantane. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Stavang, kl. 16.00 Leirvik og Åshamar. Familiegudsteneste med utdeling av 6-årsboka og Sprell levande. Søndag 24. august Dale, kl. 11.00 Nesse. Tur med diakonatet. Påmelding til kyrkjekontoret. Florø, kl. 11.00 Øien og Åshamar. Familiegudsteneste. Dåp. Utdeling av bok til 4-åringane. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Nordal, kl. 12.00 Leirvik. Friluftsgudsteneste ved Litjevatnet. Fellestur frå gravplassen kl. 11.00. Søndag 31. august Florø,kl. 11.00 Leirvik. Høgmesse med nattverd. Takkoffer til NLM. Eikefjord, kl. 16.00 Leirvik. Høgmesse med konfirmantjubileum (50 år). Takkoffer til kyrkjelyden. Nesholmen Nesse. Gudsteneste i samband med konfirmantleir. Søndag 7. september Florø, kl. 11.00 Øien. Høgmesse med dåp. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Søndag 14. september Florø, kl. 11.00 Nesse. Høgmesse med nattverd. Takkoffer til KiA Florø. Nesholmen Leirvik og Øien. Gudsteneste i samband med konfirmantleir. 10 Søndag 21. september Florø, kl. 11.00 Nesse og Øien. Høgmesse. Presentasjon av konfirmantar. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Eikefjord, kl. 11.00 Leirvik og Åshamar. Familiegudsteneste. Utdeling av 4 års boka. Presentasjon av konfirmantar. Takkoffer til IKO. Nordal, kl. 16.00 Leirvik og Åshamar. Familiegudsteneste. Presentasjon av konfirmantar. Utdeling av bøker. Takkoffer til KFUK/M Sogn og Fjordane krins. Stavang, kl. 16.00 Øien. Presentasjon av konfirmantar og hausttakkefest ved 4H. VIGDE KINN: 12.04. 16.05. Ramona Jacobsen og Frank Willy Djuvik. Vigde i Florø kyrkje. Maria Brendø Meland og Jan Håkon Sletten Fredrikson. Vigde i Kinn kyrkje. DØYPTE KINN: 02.03. Hanne Amelia Solbakken. Døypt i Leikanger kyrkje 09.03. Kaisa Røed Standal Nora Valberg Kristiansen Adrian Osland Hatleset EIKEFJORD: 16.03. Ola Standal Hauge Lill Dalberg Hovland Bjørnar Leo Leonhardsen Kvellestad NORDAL: 16.02. Emin Fauske Betelgeriev Martin Nordal Midtbø DØDE KINN: 21.03.14 31.03.14 02.04.14 02.04.14 05.04.14 19.04.14 19.04.14 20.04.14 21.04.14 21.04.14 22.04.14 Sigrun Kilen Toralv Kjetil Kristiansen Norolv Aase Hjørdis Henny Helle Margun Blancheflor Espeseth Dagfinn Kolbjørn Sande Kjellaug Astrid Osland Kåre Dypevik Willy Høivik Ole-Johny Borge Hovden Valborg Hammerseth f. 28.05. 1921 f. 21.06. 1934 f. 14.06. 1931 f. 12.10. 1924 f. 16.01. 1949 f. 01.07. 1937 f. 22.01. 1944 f. 24.03. 1928 f. 24.10. 1950 f. 15.12. 1979 f. 07.08. 1927 DEI KYRKJELEGE TILSETTE Kinn Kyrkjekontor: Tlf. 57 75 25 30 • Faks 57 75 25 31 Kontortid: Mandag – fredag kl. 10.00 – 15.00 Dagleg leiar: Sokneprest: Sokneprest: Sokneprest: Herdis Elin Lexau Benedicte Øien Knut Magne Nesse Dag Leirvik tlf. 918 13 569 tlf. 916 45 165 tlf. 917 13 275 tlf. 917 32 150 KINN K YRK JEBL AD SOMMAREN 2014 FLORØ INTERIØR A.S. Evjegata 12, Pb. 284, 6902 Florø Tel. 57 75 29 20 GARDINER - MALING - TAPET - GULVBELEGG - FLISER Hjellegata 6 - 6900 Florø - TLF 57 74 03 66 Hjellegata 6, 6900 Florø Tlf. 57 74 03 66 Ta kontakt og avtal tidspunkt! post@fokuselektro.no www.fokuselektro.no Hamregata 34, 6900 Florø Tlf. 57 74 06 80 | Mobil 95 24 0 50 svein@byggservicefloro.no Følg oss på Aud Norunn Vig post@gronnefingre.no Tlf. 926 81 931 www.gronnefingre.no Dette er butikken for deg som leter etter alt fra Sunnfjordsbunad til hobbyartikler! STATOIL - TIPPING POST I BUTIKK EIKEFJORD HANDEL AS Beplantning av hager og parkanlegg Telefon 57 74 47 16 T: 57 75 25 90 / 99 27 13 30 E: anne.karin@steinvik.no 6917 BATALDEN • Tlf. 905 46 148 post@karstensen.no Strandgata 26, 6900 Florø Telefon 57 74 02 03 Rosmarin Glassmagasin as Alt til store og små anledninger – hverdag og fest Servise, glas, kjøkkenutstyr, gaver og dekorasjon Strandgata 31, Florø 2. etg. Amfisenteret • Tlf. 57 75 00 10 Det skjedde i dei dagar Årboka for Sogn og Fjordane, kvart år sidan 1993. Kva skjedde det året du vart fødd, gifte deg, fekk barnebarn? Utsalg 57 74 20 42 Gartneri 57 74 22 94 Tlf. 57 75 22 33 • www.tokokker.as – Alt i catering – www.selja.no selja@selja.no • 57 83 22 20 rognaldsen.gartneri@interflora.no Kontakt oss for personlege sanger, takkekort og alle andre trykksaker! Rask levering! • Tlf. 57 75 20 20 SNORRE JERNVARE A/S ORRE JERNVARE A/S Amfisenteret, 6900 Florø Tlf. 57 74 28 08 / 57 74 15 40 Faks 57 74 15 41 YTRE SUNNFJORD BEDRIFTSHELSETENESTE aS TELEFON 57 75 81 30 – TELEFaX 57 75 81 31 SMS – HaNS BLOMGaTE 39 – 6900 FLORØ Opplev sagaøya Kinn! Vi har no rimelege gravmonument frå kr Heilt ute i havgapet vest for Florø ligg øya Kinn, med si vakre middelalderkyrkje og spennande historie. 8.000,- inkl. namn ferdig montert Lindbøen 2, 6800 Førde Vakt tlf. 57 82 70 30 Lindbøen 2, 6800 Førde Markegt. 40/42, 6900 Florø Vakt tlf. 57 74 31 36 www.fjordan.no KINN K YRK JEBL AD SOMMAREN 2014 A til Å - www.atilaa.no Namnetilføying – skrifthogging og oppussing av gravmonument – ditt byrå i fjordane Industrivg., 6900 Florø • tlf. 57 75 21 40 post@origod.no • www.origod.no Guida tur frå Florø kl.12.00 kvar tirsdag, onsdag, torsdag, fredag og søndag i sommarsesongen. Kjøp billettar på bookeo.com/fjordkysten eller på Flora turistinformasjon tlf. 57 74 30 00 11 Kinnaspelet KONSERT LAURDAG No er tida inne for å oppleve Kinnaspelet! Framsyninga ved den gamle kyrkja er ei eineståande oppleving på øya Kinn, lengst vest i Noreg. I år vert spelet framført for 30. gong og interessa for spelet er framleis like stor. Regissøren Mirijam Prestøy Lie og koreograt Kristin Rygh Helgebostad starta i fjor eit arbeid med spelet og dei forsøkte å hente fram att nokre element som hadde blitt borte opp gjennom tida. Det gav gjennkjenning av det gode slaget for mange og vi er spente på kva grep dei vil gjere i år. Skodespelarane har etter kvart lang erfaring med spelet i ulike rollar og har vore med på ulike måtar – så mykje ligg til rette for ei fantastisk jubileums helg. Det kjem Bergensbåt laurdag, busslaster frå ulike stader i landet og ei pilegrimsgruppe på 25 med deltakarar frå Norge, Tyskland og Irland. Vi vonar det også vert mange frå Florø og Sunnfjord. Inviter med deg ein god ven og gje deg tida på Kinn. No er tida inne for å oppleve Kinnaspelet! Mellom framsyningane laurdag vert deler av Pergoles sitt «Stabat Mater» framført. Dei som held konsert er Kristin Skau (sopran), Kristian Havn (alt), Audun Hareide (fiolin), Matias Monsen (cello) og Sebastian Ryll (continuo). Verket er roleg, men dramatisk, og vil bli framført i original utgåve, av profesjonelle musikarar med lokal tilknytning. «Stabat Mater» er eit verk frå barokken og handlar om Maria si smerte for den lidande Kristus på krossen. KONSERT SØNDAG Mellom framsyningane søndag held damekoret «Fryd» frå Florø konsert i kyrkja. Dei er akkurat komne attende frå kortur til Tyskland og ser fram til å synge deler av konsertprogrammet i kyrkja på Kinn. Dirigent for koret er Kristin Skau. SONGEN VED DET STORE DJUP 21.–22. JUNI 2014 www.softeater.no SKODESPELARAR 2014 Kinnaspelet vert framført for 30. året på øya Kinn vest for Florø, i samarbeid med Sogn og Fjordane Teater, musikarar og over 150 amatørar. Regi: Miriam Prestøy Lie. Turen til Kinn og teateret ved havet er ei oppleving du sjeldan finn maken til! MEIR ENN TEATER Kinnaspelopplevinga startar med ei vakker båtreise gjennom skjergarden til Kinn. Frå kaia er det ein god km å gå til kyrkja, men dei som treng får gratis skyss. «Dra til Kinn og bli rik», sa folk i dei store sildeåra – i dag kan du bli rik på oppleving. I tillegg til teater kan du gå turar i storslått, vakker natur, sjå kunstutstillingar, høyre konsert i kyrkja og få omvisning der. Du kan delta på kveldsbøn og på søndagsgudsteneste. Berre å kose seg med mat og drikke, og treffe folk, er ein viktig del av Kinnaspelopplevinga. Sjå programmet og les meir om spelet og tinging av billettar på www.kinnaspelet.no For spørsmål, kontakt tlf. 57 75 25 30 / 918 86 264 eller e-post: kinnaspelet@gmail.com Støtta av: og Spelefondet Teater og båt Teater PRISAR Vaksne 475/400 275/200 Honnør 400 200 Barn (7–16) 200 0 Barn (0–6) 100 0 Grupper (min 10) 400 200 (Kursiv prisar er til 2. framsyning) SAGA FJORDBASE AS FLORA KOMMUNE SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE SAGA FJORDBASE AS 12 Båt 200 200 200 100 200 GRAFISK PRODUKSJON: E. NATVIK PRENTEVERK, FLORØ I år vert det den yngste Sygni nokon gong – 2. klassingen Engel Eikås Tansøy. Ho kjem frå Jølster og er dotter til skodespelaren Kyrre Eikås Ottesen som skal spele presten. I tillegg speler vår eigen Oda Alisøy rolla som Borni, Idun Losnegård speler prestefrilla, Lars Berge speler Tarve og Lars Sørebø speler futen. Det har vore mange som vil vere med å spele og synge i koret i år – så antall aktørar er i år nær 175. Det er knytt stor spenning til korleis vikingane kjem til å sjå ut – dei 30 år gamle kostymene er skifta ut med nye. KINN K YRK JEBL AD SOMMAREN 2014