17. januar. - Bjorgvin
Transcription
17. januar. - Bjorgvin
12 sport Vestnytt tysdag 17. januar 2012 Full kontroll mot dan Tim Robin Lihaug boksa rutinert og klokt mot Jim Andreasssen, og sørga for ein svært populær heimesiger i Fjell rådhus. BOKSING: – Eg klarte å boksa slik eg hadde planlagt, seier ein tydeleg glad Tim Robin Lihaug frå Hjelteryggen etter sigeren i boksestemnet på Straume. Lihaug gjekk mot danske Jim Andreassen, som er to gonger nordisk meister. Denne kampen skulle vera hovudattraksjonen under stemnet i rådhuset, og Sotra-guten Lihaug skuffa ikkje. Han framviste ein taktikk og teknikk som gjekk langt utanpå dei fleste andre boksarane, og drog i land ein klar siger mot det danske stortalentet. – Eg er veldig nøgd, og hadde krefter att, seier Lihaug. Boksa klokt Den første runden var prega av avventande boksing der dei prøvde å finna ut av kvarandre. I dei to neste rundane slapp Lihaug seg meir laus, men boksa framleis svært kontrollert og taktisk klokt. Der publikum ropte at han måtte slå meir, klarte Lihaug å halda att og fokusera på å få inn tellande treffarar. Dansken slo fleire slag, men med dårleg uttelling. – Eg er flink til å halda guarden oppe, og klarte å sørga for at han ikkje kunne plukka poeng, seier 81-kilosboksaren. Ein boksekamp over tre rundar er ei enorm kraftanstrenging. Det gjer at tredjerunden ofte blir svært rufsete – boksarane klarar ikkje å halda oppe guarden, og slagtakten og farten i slaga blir ofte svært låg mot slutten. Det skjedde ikkje med Lihaug – han hadde full kontroll og heldt stilen heilt til kampslutt. Dermed kunne ein nær fullsett kultursal jubla for heimesiger i kveldens hovudkamp, og den ferske senioren Tim Robin Lihaug har eit solid grunnlag til å ta fat på større utfordringar. – Eg har skifta litt stil etter å ha gått opp ein vektklasse, og det passar meg i grunnen bra, seier Lihaug. Ny heimesiger Den andre Sotra-boksaren som var i ringen laurdag, var Steffen Solbakken Larsen frå Anglevik. Under fjorårets stemne tapte han kampen sin, men i år hadde Solbakken Larsen blitt eitt år eldre Tim Robin Lihaug (i blått) slo sjeldan, men godt. Med stor treffprosent hadde han full kontroll på danske Jim Andreassen. Alle foto: Kyrre Styve og eitt år betre. Mot Arve Stigen frå Aurland vart det ein jamn kamp i 70-kilosklassen. Heimefavoritten var svært aktiv i første runde, medan det utover i kampen vart jamnare. Dei to boksarane stod godt til kvarandre, og fekk begge inn gode seriar. Men Steffen Solbakken Larsen såg ut til å utnytta rekkevidda si betre, og gjekk sigrande ut av kampen. Resultatliste Boksestevne Fjell Rådhus lørdag 14. jan. Kamp no Bokser (Rødt hjørne) Klubb Vekt 1 Thomas Lamo Dingo 51 2 Gunnhild Istad Bergen 60 3 Hussain Mohammed BAK 64 4 Mario B Midje Aurland 71 5 Mindaugas Galkauskas Dingo 67 6 Arve Stigen Aurland 71 7 Ken Tore Halland Apollo 71 8 Leif A Larsen Stord 81 9 Richard Fredriksen Apollo 75 10 Lars Johnsen B-30 91 11 Ken Robert Vestreim Trym 91+ 12 Jim Andreassen Pandrup 81 Fjorårets boksestemne vart ein gedigen publikumssuksess, og difor tok arrangør AK Bjørgvin turen tilbake hit også i år. Med mange kampar i ulike vektklassar fekk publikum solid underhaldning, sjølv om nivået på boksarane vart svært varierande. Heftig tungvekt Kveldens kanskje heftigaste kamp 2012 Bokser (Blått hjørne) Jon Vicente Thrulsen Fjellanger Matilda Siikavuopia Alexander Andersen Nilssen Zia Ramsi Mathias Knudsen Steffen Solbakken Larsen Alexander Zenevski Aleksdar Koich Stian Helgeland Hans Erik Da Silva Ness Roald Solheim Tim Lihaug Klubb AK Bjørgvin Dingo AK Bjørgvin AIK Lund AK Bjørgvin AK Bjørgvin Stord B-30 Bergen Sparta AK Bjørgvin Stord AK Bjørgvin Vekt 51 60 64 71 67 71 71 81 75 91 91+ 81 Klasse Ungdom Junior Junior Senior Senior Junior Junior Senior Senior Senior Senior Senior var i supertungvekt, mellom Roald Solheim frå Stord IL og Ken Robert Vestrheim frå Trym IL. Vestrheim slo først hjelmen av motstandaren, før eit nytt slag førte til at Solheim mista tannbeskyttaren. Ei rekkje tunge treff viste til fulle at tungvektsboksing er ein smertefull affære. Eller for å sitera ein av boksarane som hadde vore i ringen tidlegare på Tid 3 x 1,5 Min 3 x 2 Min 4 x 2 Min 3 x 3 Min 3 x 2 Min 3 x 2 Min 4 x 2 Min 3 x 3 Min 3 x 3 Min 3 x 3 Min 3 x 3 Min 3 x 3 Min Resultat 3-0 Oppvisning Kamp 0-3 3-0 0-3 0-3 1-2 Vinner Rødt hjørne RSC-3 runde 2-1 Vinner Blått hjørne RSC-2 runde 0-3 0-3 kvelden: – Eg er veldig glad for at eg ikkje er i den vektklassen! Publikumssuksess Trass i at han måtte tåla mykje bank, viste Roald Solheim seg som den beste til slutt – med perfekt avstandsbedømming og god timing klarte han å plukka fleire poeng enn den meir aktive Vestrheim. Boksestemnet i Fjell rådhus vart ein stor suksess, med eit engasjert publikum og god stemning. Dermed kan ein håpa at det kan bli ein fast tradisjon. I kva grad eit boksestemne er eigna som familieunderhaldning er ei anna sak – i pausane var det påfallande mykje knuffing og leikeslåssing blant borna der. KYRRE STYVE kyrre@vestnytt.no 959 19 514