Jubileumssending i Ottadalsradioen
Transcription
Jubileumssending i Ottadalsradioen
NYHET Tirsdag 4. mai 2010 Gudbrandsdølen Dagningen Jubileumssending i Ottadalsradioen VÅGÅ: 1. mai var det 25 år sia Vågåradioen, nå Ottadalsradioen, vart starta opp. Og som ein av få nærradioar har Ottadalsradioen halde det gåande med sendingar sidan. Dette markert med jubileumsending med gamle travarar i studio laurdagsnatta. Bak mikrofonane held Rune Øygard og Stein Holen lyttarane i sin hule hand gjennom ei fire timar lang nattsending der det mellom anna vart avspelt opptak frå opningssendinga. Øygard var i ei lengre periode redaktør i radioen, som i fleire år hadde studio også i Lom og Skjåk. I dag er Emil Rustad redaktør, med Stein Ivar Hølmo som fast programleiar slik han har vore det i alle år. Bygdatimen er nå som før fast programpost kvar sundag, som oftast med Hølmo bak mikrofonen. JUBILEUMSSENDING: Gamle travarar med nattsending: Asle Heggheim, Stein Holen, Rune Øygard, Reidun Øvre Øygard og Børge Olsen, her saman med radiodebutant Lisann Dijkstra. Foto: Elias Sperstad 11 Færre går konkurs og tendensen fortsetter i april da det ble registrert 532 konkurser og tvangsavviklinger her i landet. Det er 8 prosent færre enn i april i fjor. Nedgangen i antall konkurser er på 13,2 prosen, viser nye tall fra Brønnøysundregistrene. (©NTB) KVAMSHALLEN: Slik ser hallen ut når den er ferdigbygd. Bilete er frå fleirbrukshallen i Måndal. Foto: Kvam IL Kvamshallen nærmare Nyleg fekk Kvam IL 450.000 kroner frå det lokale næringsliv til fleirbrukshall. - Det nærmar seg ein hall, seie Ole-Petter Brendstuen, dagleg leiar i Kvam idrettslag. hengige av at alle er med og bidreg med ein slant. At andre gje ser ut til å motivere andre til å grave i lommene sine, seier Brendstuen. Siste frist er 1. juni Av Knut Storvik knut.storvik@gd.no Mobil: 904 06 707 KVAM: Tidlegare i vinter gjekk Brendstuen ut og fridde til Kvamsbygda. Nå har fleire svara og det har vorte mange ja, men ikkje mange nok. - Budsjettramma er på 5,5 millionar kroner. Totalt har vi nå fått 1,6 millionar kroner i støtte, seier Brendstuen. Ein million kroner kjem frå Nord-Fron kommune, 250.000 kroner kjem frå Gudbrandsdal Energi og 200.000 kroner kjem frå SpareBank1 Gudbrandsdal. Nå DAGLEG LEIAR: - Det er nå eller aldri for fleirbrukshallen i Kvam, seier dagleg leiar i Kvam IL, Ole-Petter Brendstuen. Nå håper han innbyggjarane i Kvam opnar pengeboka si. Foto: Knut Storvik ventar han på at resten av næringslivet vaknar for fullt. - Idrettsgruppa vurderer å ta opp millionlån, men vi er heilt av- Kvam IL byrja innsamlinga for ein månad sidan. Prosjektet med fleirbrukshallen har idrettsgruppa jobba med i to år og det er nå eller aldri fortel Brendstuen. - Leverandørane må ha beskjed innan 1. juni. Dersom vi har finansieringa på plass bestiller vi, dersom ikkje blir det aldri nokon hall i Kvam, seier Brendstuen. Det ekstra årsmøtet i slutten av mai vil avgjere skjebnen for utbygginga. - Da må vi ta endeleg vedtak om det blir hall eller ikkje, seier Brendstuen. Han understrekar at dette ikkje berre er ein hall berekna til fotball. - Dette er ein hall som heile Kvamsbygda får nytte av. Vi kan drive allidrett, friidrett, barmarkstrening og vi kan til dømes arrangere konsert i hallen, seier Brendstuen. Han har fått positive signal frå næringslivet i Kvam. - Det er fleire som har signalisert at dei vil tenkje seg til å stille med utstyr i utbygginga. Det hadde vi sett stor pris på om det blir ein realitet, seier Brendstuen. Ifølgje Brendstuen er driftsutgiftene til ein hall minimale. - Dei vil liggje på omtrent 80.000 kroner i året, seier Brendstuen. - Positivt tiltak Ordførar i Nord-Fron kommune, Tove Haugli, håper at mange i lokalsamfunnet vil bidra slik at hallen blir realisert. - Dette er eit veldig positivt tiltak og det har vi politikarane gjeve uttrykk for ved å gje ein million kroner, seier Haugli. Ho fortel at hallen vil bli eit fint supplement i kommunen. - Det er absolutt behov for den sidan det er sprengt kapasitet i Vinstrahallen. I tillegg vil det bli fint å få ein slik hall i tillegg til kunstgrasbana vi byggjer i Kåja, seier Haugli. FAKTA KVAMSHALLEN n Kostnadsramme på 5,5 millionar kroner eks. mva. n Eventuelt byggjestart i løpet av sumaren 2010 n 40 * 60 meter n Tenkt plassering er asfaltplassen i Kvam idrettspark „ Dersom vi har finansieringa på plass bestiller vi, dersom ikkje blir det aldri nokon hall i Kvam. Ole-Petter Brendstuen, Midt-Gudbrandsdal Næringsforening