media/ring/1219/Rapport Hoey til hest NLRRogaland 2009
Transcription
media/ring/1219/Rapport Hoey til hest NLRRogaland 2009
2009-2011 Rapport prosjekt «høy til hest» Forfattarar: Ragnvald Gramstad, Eirik Sunde og Mardon Jørgensen Norsk Landbruksrådgiving Rogaland, Postvegen 211, 4353 Klepp st. Tlf: 51 78 91 80 Fax: 51 78 91 81 Web: http://rogaland.lr.no/ E-post: rogaland@lr.no Særheim Desember 2011 Innhold Samandrag.................................................................................................................................. 2 Samarbeidspartnarar.................................................................................................................. 2 Mål .............................................................................................................................................. 2 Bakgrunn .................................................................................................................................... 2 Metode og aktivitet .................................................................................................................... 3 Kvalitetsbegrep for «Høy til hest».............................................................................................. 3 Resultat og vurdering ................................................................................................................. 4 HØYFORSØKRESULTATA 2009. .............................................................................................. 4 HØYFORSØKRESULTATA 2010 ............................................................................................... 5 HØYFORSØKRESULTATA 2011 .............................................................................................. 5 TABELL OVER ALLE 3 ÅRA ...................................................................................................... 6 Vurdering og anbefaling/Dyrkingsmanual ................................................................................. 8 Kva grasartar/frøblandinar skal eg velja?............................................................................. 8 Bruk av næringstoff .............................................................................................................. 9 Slåttetid .................................................................................................................................. 9 1 Samandrag Prosjektet «Høy til Hest» har skaffa fram viktig kunnskap med omsyn til rett tilrådning for dyrking av ulikt kvalitetshøy til hest. Resultat frå forsøksfelt over tre år og frå to ulike jordartar (sandjord og typisk morenejord) har gitt gode svar med omsyn til val av grasartar, gjødslingsstrategi og slåttetidspunkt. På bakgrunn av ny dokumentert kunnskap har vi kome fram til meir rett tilråding («dyrkingsmanual») for dyrking av ulikt kvalitetshøy til hest. Vårt informasjonsarbeid omkring «Høy til Hest» har ført til at vi i Rogaland er i stand til å dyrka kvalitetshøy til hest med ulikt aktivitetsnivå og behov. Samarbeidspartnarar Dette prosjektet er økonomisk støtta av Fylkesmannen i Rogaland (landbruksavd) i alle tre åra. Alt forsøksarbeid, bearbeiding av resultat og rapport er utført av Norsk Landbruksrådgiving Rogaland. Gardbrukarane Johannes Wiig, Klepp, og Magnus Folkvord, Sandnes, har vore positive til å avstå eigna engareal til forsøk i tre år. Mål Målsetjing for prosjektet var å finna fram til meir rett dyrking av kvalitetshøy til hest i Rogaland. Dette skulle klarleggjast gjennom mellom anna gjødslingsforsøk og slåttetidsforsøk. I tillegg finna fram til rette grasartar og grasblandingar for produkson av høy til hest. Ulike behandlingsmåtar og lagringsmetodar har føregått uavhengig av våre forsøksfelt. Bakgrunn Vi har lang tradisjon i Rogaland for produksjon av ulikt kvalitetshøy til storfe og sau. Slikt høy har tradisjonelt vore for sterkt gjødsla med nitrogen og delvis hausta for tidleg. Det har i praksis betydd at ein stor del av slikt høy har vore av ein kvalitet som ikkje er så aktuell som hestahøy. Høgt innhald av protein kan vera rett til unghest i vekst, men aktive travarar og sportshestar treng lite protein . I slike høve er det auka behov for eit meir energirikt høy med høveleg struktur. Det har på grunn av ujamn kvalitet på høy til hest, i stor grad vore importert store mengder eigna hestehøy frå både Sverige og Danmark. Vi har alle forutsetningar for å kunna produsera vårt eige kvalitetshøy på Jæren og i Rogaland. Vi ville gjennom dette prosjektet finna fram til rett dyrking sett i forhold til ønska kvalitet. 2 Metode og aktivitet Dei to forsøksfelta vart etablert våren 2009. Eitt forsøksfelt vart etablert på sandjord hjå Johannes Wiig på Vik i Klepp, og eitt forsøksfelt vart etablert på moldrik morenejord hjå Magnus Folkvord på Heigre i Sandnes. Begge forsøksfelta vart etablert i ny 1.-års eng med hovudsakleg grasarten timotei med litt innslag av engsvingel og engrapp. Vi etablerte forsøksfelta med følgjande gjødslingsledd: Ledd: 1. 2. 3. 4. Vår: 4 kg N per daa (tilført som N-34) Vår: 8 kg N per daa ( « ) Vår: 12 kg N per daa( ” ) Vår: Inga tilføring av mineralgjødsel - kun ca 3 tonn blautgjødsel storfe/daa Alle rutene på begge forsøksfelta vart etter førsteslåtten tilført ca 8 kg N per daa inkl. næringsverdien i husdyrgjødsla. Det var lagt inn tre haustetidspunkt for alle 4 ledda: 1.- hausting starta ved skyting av timoteien. 2.-hausting vart gjennomført to veker etter skyting av timoteien, 3. –hausting vart gjennomført fire veker etter skyting av timoteien. Rutestorleiken på felta var 2,5 x 8 m = 20 m2 og kvart forsøksfelt var 10 x 24 m = 240 m2. Førsteslåtten av forsøksfelta vart kvart år hausta med spesialutstyr for forsøkshausting. Det vart registrert råavling, tørrstoffavling og det vart teke kvalitetsanalysar (energi og protein) gjennom bioforsk Løken. Kvalitetsbegrep for «Høy til hest» Energibehovet til hest vert uttrykt i FEh = fôreining hest. Grovfôranalysen oppgjer energiinnhaldet som tal for FEh per kg tørrstoff, og ein nyttar kvalitetsbegrepet H1 til H5. H1-kvalitet er eit høy med høgast foreiningskonsentrasjon medan foreiningskonsentrasjonen vert lågare til høgare talverdien vert, og lågast foreiningskonsentrasjon finn ein i høykvaliteten H5. Sjå nedanfor. H1: Frå 0,63 FEh og oppover H2: Frå 0,62 – 0,58 H3: Frå 0,57 – 0,52 H4: Frå 0,51 – 0,46 H5: Frå 0,45 og nedover 3 Proteinet får ein oppgitt som gram protein per FEh. Behovet til ein vaksen hest er om lag 80 gram protein per FEh. Alle forsøk og praktiske erfaringar viser at slåttetid påverkar både energikonsentrasjonen og proteininnhaldet. Proteininnhaldet vert og påverka av jordarten. Nitrogenmengda som vert tilført, har stor betydning for proteininnhaldet. Resultat og vurdering HØYFORSØKRESULTATA 2009. Sandjorda 0 kg nitrogen Energi g prot. per FEh 4 kg nitrogen Energi g prot. per FEh 8 kg nitrogen Energi g prot. per FEh 12 kg nitrogen Energi g prot. per FEh H1 69 H1 80 H1 120 H1 152 2 veker etter skyting. H2 35 H2 77 H2 105 H2 115 4 veker etter skyting. H3 29 H3 49 H4 57 H3 71 Ved skyting Moldjorda 0 kg nitrogen Energi g prot. per FEh H1 150 4 kg nitrogen Energi g prot. per FEh H1 147 8 kg nitrogen Energi g prot. per FEh H1 155 12 kg nitrogen Energi g prot. per FEh H1 155 2 veker etter skyting. H1 100 H2 134 H1 134 H1 151 4 veker etter skyting. H2 120 H3 112 H3 73 H2 147 Ved skyting 4 HØYFORSØKRESULTATA 2010 Sandjorda Ved skyting 2 veker etter skyting 4 veker etter skyting 0 kg nitrogen Energi g prot. per FEh H2 72 0,58 H3 70 0,56 H2 73 0,58 4 kg nitrogen Energi g prot. per FEh H3 108 0,56 H3 103 0,57 H3 89 0,53 8 kg nitrogen Energi g prot. per FEh H2 124 0,58 H3 108 0,56 H3 120 0,54 12 kg nitrogen Energi g prot. per FEh H1 186 0,64 H3 107 0,56 H4 90 0,51 For 2010 og 2011 vart husdyrgjødsla kutta heilt ut på moldjorda! Moldjorda Ved skyting 2 veker etter skyting 4 veker etter skyting 0 kg nitrogen Energi g prot. per FEh H1 130 0,66 H3 0,56 90 4 kg nitrogen Energi g prot. per FEh H1 149 0,65 H2 150 0,61 H2 114 0,59 8 kg nitrogen Energi g prot. per FEh H1 129 0,63 H1 149 0,63 H3 58 0,56 12 kg nitrogen Energi g prot. per FEh 4 kg nitrogen Energi g prot. per FEh H2 138 0,62 H2 102 0,58 H3 97 0,54 8 kg nitrogen Energi g prot. per FEh H2 153 0,62 H2 127 0,59 H3 83 0,52 12 kg nitrogen Energi g prot. per FEh H1 185 0,65 H2 112 0,58 H3 122 0,52 H2 0,62 H3 0,56 135 110 HØYFORSØKRESULTATA 2011 Sandjorda Ved skyting 2 veker etter skyting 4 veker etter skyting 0 kg nitrogen Energi g prot. per FEh H2 125 0,62 H3 88 0,56 H2 103 0,56 For 2010 og 2011 vart husdyrgjødsla kutta heilt ut på moldjorda! 5 Moldjorda Ved skyting 2 veker etter skyting 4 veker etter skyting 0 kg nitrogen Energi g prot. per FEh H2 124 0,62 H2 131 0,61 H1 46 0,67 4 kg nitrogen Energi g prot. per FEh H1 157 0,65 H2 152 0,59 H2 129 0,60 8 kg nitrogen Energi g prot. per FEh H1 190 0,66 H2 152 0,59 H3 114 0,56 12 kg nitrogen Energi g prot. per FEh H1 183 0,65 H2 159 0,62 H3 143 0,57 Hesten sitt behov i samla rasjon, kraftfôr og grovfôr, er 80 g ford.prot./FEh. Kraftfôrtypane inneheld min 80 g protein per FEh. Praksis viser at høy med innhald rundt 100 g ford.protein/FEh fungerer greit dette året. Høy for salg til vaksen hest bør derfor ikkje overskrida 100-110 g ford.protein/FEh. Proteininnhald ned mot 50 til 60 g prot. i grovfôret er uproblematisk, her supplerer vi evt. med kraftfôrslag som inneheld noko protein. TABELL OVER ALLE 3 ÅRA Sandjorda Ved skyting 2009 Ved skyting 2010 Ved skyting 2011 0 kg nitrogen Energi g prot. per FEh H1 69 0,66 H2 72 0,58 H2 125 0,62 4 kg nitrogen Energi g prot. per FEh H1 80 0,65 H3 108 0,56 H2 138 0,62 8 kg nitrogen Energi g prot. per FEh H1 120 0,66 H2 124 0,58 H2 153 0,62 12 kg nitrogen Energi g prot. per FEh H1 152 O,67 H1 186 0,64 H1 185 0,65 2 veker etter skyting. 2009 2 veker etter skyting. 2010 2 veker etter skyting. 2011 H2 0,61 H3 0,56 H3 0,56 H2 0,60 H3 0,57 H2 0,58 H2 0,58 H3 0,56 H2 0,59 H2 0,61 H3 0,56 H2 0,58 6 35 70 88 77 103 102 105 108 127 115 107 112 4 veker etter skyting. 2009 4 veker etter skyting. 2010 4 veker etter skyting. 2011 H3 0,56 H2 0,58 H3 0,56 29 73 103 H3 0,55 H3 0,53 H3 0,54 49 89 97 H4 0,48 H3 0,54 H3 0,52 57 120 83 H3 0,53 H4 0,51 H3 0,52 71 90 122 Moldjorda Ved skyting 2009 Ved skyting 2010 Ved skyting 2011 0 kg nitrogen Energi g prot. per FEh H1 150 0,66 H1 130 0,66 H2 124 0,62 4 kg nitrogen Energi g prot. per FEh H1 147 0,64 H1 149 0,65 H1 157 0,65 8 kg nitrogen Energi g prot. per FEh H1 155 0,64 H1 129 0,63 H1 190 0,66 12 kg nitrogen Energi g prot. per FEh H1 155 0,67 H1 0,65 183 H2 0,61 H2 0,61 H2 0,59 H1 0,65 H1 0,63 H2 0,59 H1 0,64 H2 0,62 H2 0,62 151 2 veker etter skyting. 2009 2 veker etter skyting. 2010 2 veker etter skyting. 2011 H1 0,63 100 H2 0,61 131 4 veker etter skyting. 2009 4 veker etter skyting. 2010 4 veker etter skyting. 2011 H2 0,58 H3 0,56 H1 0,67 120 7 90 46 H3 0,55 H2 0,59 H2 0,60 134 150 152 112 114 129 H3 0,56 H3 0,56 H3 0,56 134 149 152 73 58 114 H2 0,58 H3 0,56 H3 0,57 135 159 147 110 143 Vurdering og anbefaling/Dyrkingsmanual Kva grasartar/frøblandinar skal eg velja? Dersom ein vil starta opp med produksjon av høy til hest, vil det vera rett å tenkja rett val av grasartar/blandingar. Generelt kan ein sei at vi gjennom ulike forsøk og prøvingar, og i samråd med flinke dyrkarar, har kome fram til gode blandingar for høy til hest. Hesten er særs glad i timotei. Ein skal likevel ikkje utelukka at grasartar som bladfaks og sortar innan raisvingel og kan nyttast som høy, men begge desse frøblandingane bør vera aktuelle: Frå Felleskjøpet Rogaland og Agder: Spire Høy: 80% Timotei Grindstad 15% Engsvingel Fure 5% Engrapp Entopper Frå Fiskå Mølle/Strand Brenderi: Frøbl. Nr. 12: 65% Timotei Grindstad 25% Engsvingel Fure 10% Engrapp Knut Begge blandingane bør vera aktuelle til etblering av eng kor ein tek sikte på produksjon av hestahøy. Det er ikkje innslag av kløver i nokon av blandingane. Det er eitt bevisst val av 8 omsyn til vanskelegare opptørking, og som oftast vil ein unngå for høgt proteinnivå i høy til hest. Bruk av næringstoff Ei klar målsetjing vil kanskje vera produksjon av H1 høy, og med om lag 9-11% protein i fôret. Husdyrgjødsel vil som oftast gå greit å nytta som ein del av grunngjødslinga tidleg om våren. Tynn blautgjødsel kan på god jord og under gunstige vertilhøve gi god nitrogen verknad – vel 1,5 kg N/tonn blautgjødsel. I praksis vil vanlegvis ca 3-4 tonn blautgjødsel/daa dekka opp behovet for både fosfor og kalium. I tillegg vil det som oftast vera tilstrekkeleg med 4-5 kg N i NS-27 eller Kan 27. Det vil i praksis sei om lag 15-20 kg vare per daa. Hugs at både husdyrgjødsel og mineralgjødsel bør tilførast så tidleg som praktisk mogleg om våren. Hugs at ein godt planlagt og gjennomført gjødslingsplan vil vera med på å sikra rett kvalitetshøy kvart år. Slåttetid Slåttetid for H1-høy vert i grove trekk ca 2 veker etter byrjande skyting av enga – eller ca 20.24. juni eit normalt år på Sør og Vestlandet. Dersom ein vel høykvalitet som H2 og eventuelt lågare kvalitet må ein justera haustetida til ein stad mellom 2 og 4 veker etter byrjande skyting av timoteien. 9