Engelsk er ikkje skandinavisk likevel
Transcription
Engelsk er ikkje skandinavisk likevel
26 MELDINGAR DAG OG TID FREDAG 10. JULI 2015 Engelsk er ikkje skandinavis Om ein vil greina om i det germanske språktreet, må ein kjenna røtene dette treet er runne av: den historiskSPRÅK JOSEPH EMBLEY EMONDS OG JAN TERJE FAARLUND: English: The Language of the Vikings OLOMOUC MODERN LANGUAGE MONOGRAPHS 3, 2014 Då eg byrja å lesa gamalengelsk, som del av studiet i samanliknande germansk språkvitskap, var det fyrste som slo meg kor engelsk dette språket var. Visst kjende eg att mange ord frå norrønt, som eg hadde lese før, men like ofte var det moderne engelske motsvar som hjelpte meg å skjøna dei gamle tekstene. Dette stod i motstrid til dei mange historiene eg hadde høyrt om at moderne engelsk hadde utvikla seg so langt bort frå det germanske og gamalengelske opphavet sitt. So fanst det noko varig engelsk likevel, tenkte eg. Ei slik skilsetjande oppleving har openbert ikkje Joseph Emonds og Jan Terje Faarlund hatt. I staden har dei sett ein annan likskap: mellom setningsbygnaden (syntaksen) i norrønt/skandinavisk og moderne engelsk. Dei har i alt funne fram til om lag tjue syntaktiske drag der engelsk skil seg frå dei andre vestgermanske språka (tysk, nederlandsk og frisisk), men slær fylgje med dei nordgermanske eller nordiske språka. NYTT OPPHAV Desse syntaktiske likskapane er so mange og viktige, meiner Emonds og Faarlund, at dei har lansert ein heilt ny hypotese om opphavet til det engelske språket: Forstadiet til moderne engelsk, mellomengelsk (ca. 1100–1470), Kvifor vel Emonds og Faarlund å sjå bort frå heile den komparative språkvitskapen? sams ordtilfang («around 50 %», hevdar dei), at omfanget av delt ordtilfang «is especially irrelevant» for spørsmålet om kva grein av den germanske språkfamilien engelsk høyrer heime i. Men det tyder likevel ikkje at forma på desse orda er den same på tvers av dei germanske språka, og at den er irrelevant for spørsmålet om språkskyldskap. Eitt og same ord kan med tida få svært ulik form etter som språka utviklar seg kvar for seg på ulikt vis. I ein fotnote nemner forfattarane at den fonologiske skilnaden mellom norrønt og gamalengelsk sumtid («sometimes») gjer klårt kjelda åt mellomengelske ord. Dette er i røynda den viktigaste einskildfaktoren som kan avgjera spørsmålet, og har då òg vorte nytta en masse som kriterium for å skilja mellom opphavleg engelske og norrøne former i mellomengelsk. Når ein til dømes reknar med at ord som steak og weak er lånte frå skandinavisk, er det av di dei ljodrett i engelsk skulle ha heitt *stoke og *woke, jf. at gamalengelsk har forma wa:c for det sistnemnde, med den ljodrette korrespondansen gamalengelsk lang /a:/ = norrøn (og norsk) /ei/, som til dømes gamalengelsk sta:n = norrønt stein-, som då òg har gjeve moderne engelsk stone. skal ikkje ætta frå gamalengelsk (angelsaksisk), som alle til no har meint, men vera eit framhald av språket som dei skandinaviske busetjarane (for det meste danskar og nordmenn) tok med seg til dei austre og nordlege delane av England («Danelagen») då dei koloniserte dette området frå 800-talet av. Denne teorien har versert på ymse netstader sidan Faarlund lét seg intervjua om saka i 2012, men det er fyrst no dei har skrive honom ut i form av ei bok, publisert i den tsjekkiske serien «Olomouc Modern Language Monographs». Lat det vera sagt at forfattarane peikar på mange interessante likskapar mellom moderne engelsk og skandinavisk, mellom anna at objektet normalt fylgjer etter verbet, i motsetnad til i dei andre vestgermanske språka, som i buy food og kjøpa mat mot tysk Essen kaufen, og at ein preposisjon kan «stranda» i slutten av ei setning i både engelsk og norsk, t.d. That issue we never talked about og Den saka snakka vi aldri om. Ei mogeleg tolking av desse likskapane er at dei ikkje er tilfellelege, men at dei kan koma av den kontakten som påviseleg har vore mellom dei to språka. I so fall må denne kontakten vera eldre enn Emonds og Faarlund reknar med, for som kritikarane deira har peika på, er mange av dei syntaktiske likskapane med skandinavisk alt representerte i gamalengelsk, mellom anna dei to nemnde draga. måtte koma til å falsifisera hypotesen deira. Men truleg er heller forklåringa ei neglisjering av visse sider ved språk og ei overdriven vektleggjing av andre. Forfattarane soknar til den generative lingvistikk-tradisjonen frå Noam Chomsky og er det ein kan kalla syntaktiske fundamentalistar. Det einaste som tel når eit språk skal skildrast og tydast ut, er syntaksen, eller rettare sagt dei underliggjande syntaktiske reglane som etter teorien deira styrer dei språklege ytringane (setningane). Dei seier det med reine ord sjølve i boka, når dei avviser at ordtilfanget i eit språk kan seia noko om opphavet åt språket: «What must instead determine the conclusions is rather the historical provenance of a language’s grammatical system, i.e., the properties of its syntactic constructions.» Her gjev dei ein svært trong definisjon av kva eit grammatisk system er for noko. Utanom fell ljodverket (fonologien), utanom fell formverket (morfologien), og utanom fell sjølve orda og tydingane deira (leksikon og semantikk). TRADISJONELLE METODAR Den viktigaste skorten ved denne boka er likevel at forfattarane ikkje tek omsyn til og heller ikkje drøfter dei tradisjonelle metodane for å påvisa språkskyldskap, som for det meste har vore baserte på systematiske ljodkorrespondansar («ljodlover») i eit nedervt kjernevokabular (ord som «far», «mor», «dag», «natt», «sol», «måne», osb.), i tillegg til samsvar i bøyings- og ordlagingssystemet i dei ulike språka. Til dømes kan ein syna at latin equus, sanskrit áĞvas og norrønt jór, alle ord for ‘hest’, svarar nøgje til kvarandre i samsvar med reglane for ljodvoksteren i kvart av språka. Soleis er endingane i latin -us, sanskrit -as og norrønt -r opphavleg éi og same ending, indoeuropeisk *-os. Det er ei av dei største bragdene i humanistisk forsking på 1800-talet at desse korrespondansane vart oppdaga, presist skildra og uttydde, og at ein på grunnlag av den indoeuropeiske språkfamilien fekk utvikla ein metode, den historisk-komparative, som har vist seg brukande i utforskinga av andre språkfamiliar i heile verda. At ljodvoksteren plar vera regelbunden, er ein universell realitet. Merkeleg historiesk FUNDAMENTALISTAR Kvifor vel Emonds og Faarlund å sjå bort frå heile den komparative språkvitskapen? Det enkle svaret ville vera av di metodane i den komparative språkvitskapen ORDTILFANGET Ein kan jo undrast på koss ein skal kunna vurdera kvar eit språk kjem frå etter å ha skore undan so mange viktige byggjeklossar i språket. Emonds og Faarlund forsvarar seg med at dei germanske språka i alle høve har so mykje ORDFREKVENS I kapittel 2 om det mellomengelske ordtilfanget vert det vist Kart over England i mellomalderen. Grensene for Danelage Midlands»-dialektar med svart line og nordlege dialektar m Det kjennest merkeleg å få denne typen moraliserande histor E in hypotese som den Emonds og Faarlund har sett fram om opphavet åt engelsk, må avgjerast lingvistisk, med språklege argument. Det kan likevel vera interessant å sjå på den historiskreale bakgrunnen dei gjev for å sannsynleggjera hypotesen sin. Det er tydeleg at dei gjer den skandinaviske koloniseringa av England større og viktigare enn ho truleg var, og at dei gjev henne langt større verknader enn det er rimeleg å rekna med. INGEN HISTORIKARAR Eit ankepunkt mot Emonds og Faarlunds bok er at dei i utleggjinga av den engelske historia berre viser til ålmenne skildringar i den språkhistoriske litteraturen. Det er ikkje vist til ein einaste historikar som har arbeidt med engelsk mellomalder. Dette fører til eit forteikna bilete av historia, både av omfanget av den skandinaviske koloniseringa, og av den innverknaden skandinavane og skandinavisk språk hadde. Emonds og Faarlund har i det heile eit svært forenkla, mar- xistisk syn på kolonisering. Til dømes skriv dei: «Like many other colonists, Norse speakers found little reason to change to the native tongue of those whose lands they were settling.» Kva veit dei om det? Like før har me fått høyra at danske kong Knut, etter at danane hadde teke heile England, flytte inn i den gamle vestsaksiske hovudstaden Winchester, i det som, skal me tru Emonds og Faarlund, var sentrum for «English political power, culture, and literature ..., which uninterruptedly produced Old English texts». Likevel skal altso ikkje kong Knut ha vore interessert i å læra seg angelsaksisk? Det høyrer med til soga at han var gift med enkja etter den siste angelsaksiske kongen og omgav seg med angelsaksisk aristokrati, mellom dei frilla Alfiva. Då han i 1020 ferda ut eit fridomsbrev til jarlen Torkjell Høge – han òg danske – og alt folket i England, var det på angelsaksisk. Interesserte kan lesa brevet på engelsk Wikipedia, i artikkelen om «Old English». ANNUS HORRIBILIS Endå verre vert det når Emonds og Faarlund kjem fram til det som hende i 1066, då normannaren Vilhelm Bastard (eller Landevinnaren, alt ettersom) gjekk sigrande ut som ny konge over England og sette inn sine menn i dei viktigaste posisjonane. Det er ikkje måte på kor ille dette var. Etter hertakinga vart både engelsk- og skandinavisktalande i England «laid low by the thorough and merciless Conquest, which wiped out the political and economic influence of both». Her vert Emonds og Faarlund – ironisk nok – offer for å reprodusera ein del eldre nasjonalromantisk propaganda om kor fæl den normanniske overtakinga var, og kor katastrofal ho var for engelsk språk og kultur. Dei siterer m.a. språkhistorikaren Thomas Pyles, som manar fram «the great catastrophe of the Norman Conquest», «a catastrophe more farreaching in its effects on English culture than the earlier harassment by the Scandinavians». Det kjennest merkeleg å få denne MELDINGAR DAG OG TID FREDAG 10. JULI 2015 fotefar sk likevel TEMAREISER -komparative språkvitskapen. til mange forskarar som har freista å kvantifisera styrketilhøvet mellom påviseleg gamalengelske ord og norrønpåverka former i mellomengelsk. Her ser det ut til at dei tel alle ord i språket som likeverdige. Det forundrar meg at ingen av dei forskarane Emonds og Faarlund viser til, har tenkt på å sjå på dei mest frekvente orda og kva opphav dei har. Ein skulle venta at dei mest frekvente orda òg var mest resistente mot å verta bytte ut med andre ord eller former av dei same orda frå andre språk. I so fall kan ein her rekna med å finna ein kjerne av det opphavlege ordtilfanget i språket. På netsida til Oxford English Dictionary finst det ei liste over dei hundre mest frekvente orda i moderne engelsk. Desse hundre leksema skal femna om so mykje som 50 prosent av alle orda i korpuset deira. Med andre ord vil dei utgjera halvparten av alle ord i ei vanleg engelsk tekst. Det er eit interessant faktum, som styrkjer validiteten til den skisserte metoden: Desse mest frekvente orda må reknast som heilt sentrale og ein «grunnstomn» i det engelske språket. Deira opphav bør då òg ha fylgjer for spørsmålet om kva opphav sjølve språket skal tilkjennast. en er markerte med raude liner, «East med kvit line. Illustrasjon frå boka MEST GAMALENGELSK Ein gjennomgang av dei 100 orda, som for ein stor del er «grammatiske ord», d.e. pronomen, artiklar, preposisjonar og konjunksjonar, i tillegg til nokre høgfrekvente substantiv, adjektiv og verb, syner at i 67 av tilfella, d.e. to tredjedelar, kan orda eller ordformene berre førast attende på gamalengelsk, men derimot ikkje norrønt. Mellom desse er sentrale ord som pronomena I, you, he, she og it, artikkelen a/an, preposisjonane in, of, on og to, konjunksjonane and, but og or og verb som be, do og go. Lista er lang. Derimot er det berre 5 av dei 100 orda på lista som må ætta frå norrønt, etter dei reglane som den historisk-komparative språkvitskapen har etablert. Det gjeld pronomenet they, their, them og verba take og want. Interessant nok er berre 4 av dei 100 orda lånte frå andre språk, d.e. fransk, medan dei resterande 24 orda er tvitydige og kan like gjerne koma frå gamalengelsk som norrønt. FRAMLEIS VESTGERMANSK At 67 av dei 100 mest frekvente orda i moderne engelsk må ha opphavet sitt i gamalengelsk, og at ytterlegare 24 godt kann ha dette opphavet – i alt over 90 prosent av orda –, er eit sterkt argument for at språket faktisk ættar frå gamalengelsk. Som sagt er truleg dei mest frekvente orda dei mest resistente mot å verta bytte ut med ord og former utanfrå. Engelsk skulle vera eit godt døme på at denne hypotesen i hovudsak er rett. Konklusjon: Me kan framleis trygt rekna med at engelsk er eit vestgermansk språk. KLAUS JOHAN MYRVOLL Klaus Johan Myrvoll er ph.d. og stipendiat i norrøn filologi ved Universitetet i Oslo og fast bokmeldar i Dag og Tid. kriving HAPPY ENDING? Kva hende so med angelsaksane og skandinavane? Jau: «Under the Norman regime, two previously separate peoples became united in servitude.» Med andre ord: Alle Englands fordømde, sameina dykk! Det vart til nokre opprør, som vart slegne hardt ned. «Scholarship generally agrees», heiter det, «that both Englishmen and Scandinavians were thoroughly dispossessed and practically enslaved under the Conquest». Det skal ha vore under desse miserable tilhøva at dei to folkesetnadene – den angelsaksiske og den skandinaviske – slo seg saman til éin, soleis at to språk etter eit par hundre års tid, om lag 1300, hadde vorte til eitt. Koss gjekk det til? «For our purposes, it is pointless to speculate on the details of why or how this happened», skriv Emonds og Faarlund. Då so. Eva Bratholm Olav Stedje Sylfest Lomheim Færøyane 29. juni–3. juli D! Pris frå E L990,TS14 U Moskva & St. Petersburg Ekstratur 10. – 17. juli D! E L950,Pris U frå TS26 Med Hans-Wilhelm Steinfeld 18. – 29. juli Pris frå 21 550,- DEI 20 MEST FREKVENTE ORDA I ENGELSK OG OPPHAVET DEIRA Plass Hans-Wilhelm Steinfeld USA – Midtvesten rieskriving servert i fullt ålvor i 2015. typen moraliserande historieskriving servert i fullt ålvor i 2015. Engelske historikarar har i dag som regel eit meir nyansert syn. 27 Moderne engelsk Gamalengelsk form Norrøn form Status 1 the þe: – Gamalengelsk 2 be bi:on, be:on [vera] Gamalengelsk 3 to to: [til] Gamalengelsk 4 of of af Gamalengelsk 5 and and/ond [ok] Gamalengelsk 6 a a:n einn Gamalengelsk 7 in in í Gamalengelsk 8 that þæt at/þat Tvitydig 9 have habban hafa Tvitydig 10 I ic ek Gamalengelsk 11 it hit þat Gamalengelsk 12 for fore fyr(ir) Gamalengelsk 13 not no:wiht – Gamalengelsk 14 on on á Gamalengelsk 15 with wiþ við(r) Tvitydig 16 he he: hann Gamalengelsk 17 as ealswa: – Gamalengelsk 18 you ge:/e:ow ér/yðr Gamalengelsk 19 do do:n [gera] Gamalengelsk 20 at æt at Tvitydig Island 2. – 7. august og 20. – 25. august D! Pris frå 13L475,UTS E Med Sylfest Lomheim Memphis, Nashville & Smoky Mountains 11. – 20. september Pris frå 22 995,- New York & Washington ! LD 9. – 17. oktober UTS E Pris frå 23 950,Med Eva Bratholm New Orleans & Texas 8. – 19. oktober Pris frå 21 800,- Vandreturar på Gran Canaria 5. – 12. februar 2016 Pris frå 12 950,- Nashville, Memphis & New Orleans 11. – 20. mars 2016 Pris frå 23 995,- Roma & Toscana 11. – 18. april 2016 New York Litteratur og musikk 22. – 30. april 2016 tlf. 918 20 304 www.fotefartemareiser.no