Referat frå SU-møte 28.10.2015
Transcription
Referat frå SU-møte 28.10.2015
Skattebøl barnehage Branesvegen 2 3570 Ål Tlf. 32 08 15 06 E-post: skattebol.barnehage @ aal.kommune.no Referat frå SU-møte i Skattebøl barnehage, onsdag 28.10.2015, kl.15.30 – 17.00. Desse møtte: Beate Luksengard Bergum, foreldrerepr. Staffan Landsmann-Wiwe, foreldrerepr. Janne Birgitte Grøthe, personalrepr. Mona Helling Gunhildgard, personalrepr. Grete T. Hagen, styrar Forfall: Marie Skråmestø, nyvald kommunerepresentant (vald dagen før, og fekk kort varsel..) SAKER TIL HANDSAMING: HANDSAMING: 01.15 01.15-16: Konstituering av nytt SU. Val av leiar. Leiar: Staffan Landsmann-Wiwe Skrivararbeidet er lagt til styraren som er sakshandsamar for SU. 02.15 02.15-16: Tal og fakta for barnehagen, hausten 2015 2015 Styrar la fram status pr.dato på barnetal, tilsette m.m. 03.15 03.15-16: Årsplan for Skattebøl barnehage 2015 2015-16. Foreldre, tilsette og barna kan kome med idear til handlingsplanen i Årsplanen. Handlingsplanen er ein plan for dei aktivitetane ein vil leggje inn i dette barnehageåret. SU hadde ingen spesielle merknader til «kladden» for Årsplan 2015-16, og planen vil bli delt ut så snart den er ferdig ”i trykken”. 04.15 04.15-16: Informasjon om påkrevd utbygging av barnehagen Orientering v/styrar. Barnehagen har utgangen av 2016 som siste frist for å rette opp diverse avvik som vart påvist i tilsyn av Miljøretta helsevern, våren 2015. Dette gjeld blant anna at barnehagen berre har 2 barnetoalett (det skal etter lova vere 1 barnetoalett pr.10 barn). Det er også eit prekært behov for større vaskerom (reinhald). Sist, men ikkje minst, så manglar barnehagen kontorplassar til pedagogane. Naudsynt utbygging av barnehagen, for å få desse funksjonane på plass, har ligge inne i kommunens «utbyggingsliste» frå 2013. Samarbeidsutvalet vil ettersjå at prosjektering av utbygginga kjem i gang på nyåret 2016. Oppvekstleiar Eldgrim Springgard er kjent med saka, og vil vere den som må sørgje for at tiltaket kjem med i kommunens utbyggingsplaner for 2016. 05.15-16: Ymse • Neste SU-møte: Onsdag 16.des 2015 kl.15.30-17.00 (med eit lite atterhald..) Referat v/Grete T. Hagen, styrar ____________________________________________________________________________________________________________ Internett: www.aal.kommune.no