Kostar fram både nytt og gamalt
Transcription
Kostar fram både nytt og gamalt
1 SYNSTE MØRE TORSDAG 15. APRIL 2010 Frisørloftet Nina og Else Langope kvar torsdag Timebest. 958 81 785 NR 14 ÅRGANG 41 TORSDAG 15 APRIL 2010 DENNE VEKA Elvane ein ressurs Gjennom eit meir målretta kultiveringsarbeid kan lakseelvane i kommunen verte ein av våre mest viktige naturbaserte ressursar. Det meiner styreleiar i Vanylven Utvikling AS, Oddvar Strand, som gjennom selskapet har sett i gang eit prosjekt i lag med elveeigarlaga og fylket med fokus på å styrke laksestammen i elvane. SIDE 5 Kostar fram både nytt og gamalt Det vert også i år eit imponerande rikhaldig program under Kosterikjedagane i Syvde i pinsa. Eit av innslaga er mimrekveld, der ein kostar støvet av lokale band og musikarar frå nokre tiår attende. Der vil Thoralf Ruud og gruppa som kalla seg The Times stå sentralt. Her ser vi han i lag med arrangementskomiteen med ein plakat frå 1984, der biletet av bandet er montert inn på framsida av avisa med same namn. Men dette er berre ein liten del av alt som vil gå føre seg desse dagane. Dataglade pensjonistar Etter initiativ frå eldrerådet og pensjonistlaget er det starta opp datakurs for pensjonistar i Vanylven. Aage Gunnar Strand er kurshaldar og tek gjerne med seg dei eldre inn i den digitale røyndomen. SIDE 8 www.synste.no Lat oss teste synet ditt! Tinging av time: 70 07 70 19 4LF(ALKJELSGATE6OLDA SIDE 12 Medlemskupp Kjøttdeig &RRp kDfÀ Gilde, 750 gr. fersk 39 90 o ÷40% ¸¸§ ¸ 53,20 pr. kg Godt vi har kvarandre Panasonic Varmepumpe Kun for medlemar PERIODISK KØYRETYKONTROLL Autorisert verkstad Tlf 57 85 65 45 SYNSTE MØRE 2 TORSDAG 15. APRIL 2010 FØDDE HELSINGAR 9. april Volda sjukehus, ein gut. Gro Hilde Eike Nystøyl og Juan Bernabe Ulstein, Åram DØDSFALL Harald Sætrevik, Åram/Larsnes, døydde 8. april, nær 82 år gammal. TAKK Tusen takk for oppmerksomheten på 50-års dagen min. Eva Kristin Stølan Hjarteleg takk for blomster og helsingar i høve min 85 års dag. Ruth Løseth Albert Kobbevik Vi vil gratulere verdens beste morfar med overstått 65 års dag 12. april. Håper du fekk ei fin feiring! Klem fra Victoria, Simon, Jonathan, Lilly og Eirik. Resten fam. helsar også. Sigbjørn og Gudrun Elise Emblem Vi vil så gjerne få gratulere onkel Sigbjørn med overstått 30 års dag 10. april, og tante Gudrun Elise med 21 års dagen idag, 15. april! Vi håpar at dokke får ei kjempefin feiring! Vi er veldig glade i dokke! Bursdagsklemmar frå; Emma, Frida, Ane, Elias, Julie, Kamilla, Aksel og Malin! Resten av familien helsar også. Johannes Aksnes 17. april vert storeguten vår 4 år! Gratulerer! Du spring på fjellet og er så flink til å mate lamma. :) Vi er kjempegla i deg! Klemmar frå Svanhild, Elise, mamma og pappa! Sondre Nybø Vi vil gratulere den kjekke storebroren vår med 9 årsdagen som var den 12. april. Store klemmar frå Aron og Håkon. Mamma og pappa gratulerer også. Vi minner om at helsingar til desse spalten er gratis. Hugs at vi vil ha fullt namn på den det blir helsa til og at vi må ha helsinga innan klokka 16.00 måndagen i den veka ho skal på trykk. BILETET Hjarteleg takk for deltaking, blomar og helsingar ved vår kjære Einar Hovden sin bortgang og gravferd. Ei særskild takk til Vanylven sjukeheim avd. 2 for god pleie og omsorg. Takk også for gåva på 1650,- til Vanylven sjukeheim avd. 2. Marit, Bjørg, Tordis og Jan m/familiar Vår varmaste takk for all deltaking, blomster og helsingar ved vår kjære Gunvald Indrøy sin bortgang og gravferd. Takk også for gåva til L.H.L. Astrid, Kåre og Hilde m/familiar KYRKJA Søndag 18. april Vanylven kl. 11.00: Samtale med konfirmantane. Sokneprest Sjur Johan Sæter. Takkoffer til konfirmantarbeidet. Konfirmantane tek del. Syvde kl. 16.00: Samtale med konfirmantane. Sokneprest Sjur Johan Sæter. Takkoffer til barne- og ungdomsprosjektet. Konfirmantane frå Syvde, Rovde og Åram sokn tek del. Fest i kyrkja etterpå. Selje kl. 11.00: Sokneprest Kari Leine Balog. Dåp. Offer til Norsk søndagsskoleforbund. Dalsfjord kl. 20.00: Temagudsteneste med konfirmantane ved Constanze Lindner/ Svein Kvamsdal. April 1940 er ein trist månad i soga vår. I år er det 70 år sidan åtaket på Noreg. Men også i denne månaden gjekk det daglege livet sin vante gang. Born leika og lagde sø- lekaker eller sandkaker - også i april 1940. Og som innsendar Grete Fiskaa Røssevold seier: "Krigen som nett har brote ut ser ikkje ut til å vere i tankane til desse to". Ho er forresten ei av dei sjølv - fem, seks år gammal til høgre på biletet. Veninna er Kari - den gongen Fiskaa - no Ruud. Ho har kåpe og hue. Grete minnest enno at ho var misunneleg på den fine lua. Det TEKSTAR Søndagane no framover heiter 1., 2.,3. osv søndag i påsketida. Før heitte dei 1.,2.,3. osv søndag etter påske. Det er godt at namnet er endra, for den tida vi er i no, er påsketida. Påska er ikkje over. Påsketida er ei gledestid som varer heilt til pinse. Komande søndag heiter såleis ikkje lenger 2.søndag etter påske, men 3.søndag i påsketida. Første søndagen i påsketida er påskedagen, så kjem dei andre søndagane i påsketida på rekkje og rad.. Tekstane på 3.søndag i påsketida handlar om at ”Herren er min hyrding”. Bibeltekstane er: Esek.34,23-31: Eg vil setja ein hyrding over dei, min tenar David, som skal gjæta dei. Hebr.13,20-21: Fredens Gud, han som førte den store hyrdingen for sauene, vår Herre Jesus Kristus, opp frå dei døde i kraft av ei evig pakts blod, han gjere dykk skikka til alt som godt er, så de kan gjera hans vilje. Ja, gjev han ved Jesus Kristus får verka i oss det som er etter Guds gode vilje. Han skal ha ære i all æve! Amen. Mark.6,30-34: Apostlane samla seg atter hjå Jesus og fortalde han om alt dei hadde gjort og er kanskje søndag? Det er Gustav Fiskaa, far til Grete, som har teke biletet KONSERT alt dei hadde lært folket. Då sa han til dei: «Kom med meg til ein øydestad, der vi kan vera åleine, og kvil dykk litt!» For det var så mange som kom og gjekk, at dei fekk ikkje eingong matro. Så drog dei ut med båten til ein øydestad, der dei kunne vera for seg sjølve. Men mange såg at dei drog bort og kjende dei att, og frå alle byane kom folk springande og nådde fram før dei. Då Jesus gjekk i land, fekk han sjå ei stor folkemengd. Han tykte hjarteleg synd i dei, for dei var som sauer utan hyrding. Og han gav seg til å læra dei lenge og grundig. Konsert på Sion I morgon, fredag, er det minikonsert med ein av dei mest etterspurte kristne songarane i Sverige på Sion på Åheim. Cilla L. Hector er kjend mellom anna frå det populære TV-programmet "Minns du den sången" på svensk TV. Eit program sett av i nabolandet. I presseskrivet for arrangementet står det og lese at Jan Nestvold, dagleig leiar i IBRA Media Noreg, også vil vere på møtet. IBRA sender forkynning gjennom radio, TV og internett til 110 ulike land. SYNSTE MØRE Søndag er det den såkalla samtalen med konfirmantane. Før var det gjerne slik at presten spurde konfirmantane i ”pensum” frå katekisma, og dei spente konfirmantane måtte prøve å svare så godt dei kunne. Denne søndagen var nok ikkje berre ei god oppleving for mange. Etter kvart vart det difor meir slik at konfirmantane gav uttrykk for det dei hadde vore gjennom i konfirmanttida, på andre måtar. I Gudstenestebok for Den norske kyrkja heiter det slik om ”Gudsteneste med samtale”: ”Medan konfirmasjonstida varer, er konfirmantane med i ei eller fleire samtalegudstenester. Der kan dei på ulik måte ta opp tema og føra dei fram for kyrkjelyden, eller dei kan i samtale gå gjennom hovudspørsmål i kristen tru og kristent liv.” Samtalegudstenesta i år vert ei temagudsteneste, som konfirmantane sjølve har laga i stand. Gjennom song, drama, bibellesing og bøn vil dei belyse at Jesus er den gode hyrdingen. Eg trur det blir spennande samtalegudstenester! På føremiddag er det samtale i Vanylven kyrkje for konfirmantane i Vanylven sokn (=Åheim+Fiskå), på ettermiddag er det samtale i Syvde kyrkje for konfirmantane i Rovde, Syvde og Åram. Etter gudstenestene skipar sokneråda til fest for konfirmantane. Vanlegvis er det helst slik at på søndagsgudstenesta er det konfirmantane som møter kyrkjelyden sin. Kanskje kan vi seie at denne søndagen skal kyrkjelyden få møte konfirmantane sine. Då var det fint om rett mange møtte opp i Vanylven kyrkje og Syvde kyrkje komande søndag! Det fortener konfirmantane! sjs TORSDAG 15. APRIL 2010 Synste Møre ønskjer å arbeide etter "Vær Varsom"-plakaten sine reglar for god presseskikk. Den som meiner seg utsett for urettmessig avisomtale, vert oppmoda til å ta kontakt med redaktøren. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er eit klageorgan oppnemnt av Norsk Presseforbund. PFU handsamar klager mot pressa i presseetiske spørsmål. Adressa til PFU er: Prinsensgt. 1, Pb 46, Sentrum 0101 Oslo . Telefon 22 41 56 80 Telefax: 22 41 19 80 Kjem ut på Fiskå kvar torsdag. INNLEGG Samtale med konfirmantane 3 Ubunden lokalavis for Vanylven og dei næraste bygdene. Redaktør og dagleg leiar: Vidar Parr 15. APRIL Fornuftig tilråding Formannskapet har samrøystes tilrådd at Posten Noreg stryk nemninga 6143 Fiskåbygd frå sitt register og i staden opprettar 6143 Fiskå. Saka skal vidare til kommunestyret, som venteleg vil gjere vedtak i samsvar med tilrådinga. Vedtaket er fornuftig og det er på høg tid at saka blir teken opp. ”Fiskåbygd” er eit misfoster som ikkje eksisterer i registera til Sentralt stadnamnregister og har såleis aldri vore eit offisielt bygdenamn. Det er ein postkonstruksjon frå tida før ein hadde postnummer og måtte finne måtar å skilje likelydande stadnamn frå einannan på. At ein lokalt stundom har skote seg sjølv i foten ved å tilrå det som namn på skilt og eit par kommunale institusjonar som skule og barnehage får vi heller storsinna skrive på kontoen for tankeløyse. Stadnamn bør så langt råd er vere i samsvar med talemålet og bruksmåten til folk som bur i området. Det er heller ikkje nokon fornuftig grunn til at Posten skal ha ei nemning på ein geografisk stad og til dømes Statens Kartverk ein annan. Vi føreset at saka som no har passert formannskapet, blir følgd opp av kommunestyret og at Posten Noreg rettar seg etter eit fornuftig lokalt ønskje. FISKÅ: Vegvesenet fylgjer Statens kartverk, det bør også Posten gjere. Vidar Parr INNSTIKK KRYSSORDLØYSING Innstikk i Synste Møre Synste Møre har inngått ein avtale med Vanylven Utvikling As om å distribuere magasinet dei gir ut, ”Vanylven – ein grunn til å smile”. Dette skjer ved at magasinet blir lagt inn som såkalla innstikk i avisa slik det er vanleg aviser gjer med ulike informasjonsblad og annonsepublikasjonar. Dersom det i den avisa de får, skulle mangle slikt innstikk, kan de ta kontakt med Vanylven Utvikling på telefon eller på adressa smile@vanylvenutvikling.no. Diverre er den adressa som står på baksida av magasinet feil, får vi opplyst. red KULTUR Dalsfjord sogelag med sildebord PÅ TRÅDEN Tidleg erle Øystein Storeide er på tråden og kan fortelje at erla er rekordtidleg ute på Storeide. – Vanlegvis er ho å sjå kring 20. april, men i år oppdaga eg henne på vegen alt tysdag den 6.april, fortel Øystein som naturlegvis til liks med dei fleste av oss gled seg over slike vårteikn. RETTING I artikkelen om påskedykk ved Runde i førre nummer hadde vi i redaksjonen skrive feil namn på personen som heldt fram steinen med myntavtrykket. Biletet syner Gunnar Vikene og ikkje finnaren Anders Jøssok. Det var gledeleg stor oppslutning om påskekryssordet vårt. Og frå bunken har vi trekt ut tre heldige vinnarar. Sigrun Yksnøy, Rovde er trekt ut til hovudpremien: T-skjorte og to flaxlodd. Fyrstkomande sundag vil Dalsfjord sogelag arrangere Sildebord på Dalsfjord skule. Det vert høve til å smake på ulike silderettar, både av lokal art, som til dømes boknasild og sildekaker, men òg rettar som kjem frå fjernare farvatn. Dalsfjord sogelag vil på denne måten slå eit slag for ei næringskjelde som i tidlegare tider var særs viktig for å kunne overleve i Vestlands-fjordane. I tillegg til ulike silderettar vert det òg servert kaffi og kaker. Me KRING GRYTENE: Det vert mykje godt å smake på Dalsfjord skule søndag. vonar at så mange som råd tek turen til Dalsfjord skule, og tek middagen der. I godt vêr er det ein flott tur rundt Dalsfjorden, anten på to eller fire hjul, - eller kanskje med båt! Sjå etter plakatar med detaljar om arrangementet. Vel møtt til Dalsfjord Skule, sundag ettermiddag! Styret for Dalsfjord Sogelag Grete Dalen Brudevoll, Syvde og Liv Ingen Vada Brudevoll, Syvde skal få to flaxlodd og ei krus kvar. Takk for innsatsen! First price epler Pr. kg. Hammenhøgs 1000 Plantejord 3 x 50 l Pizza Grandiosa Toppbark, 5 x 80 l 00 porsj. pk. á 225 gr 1000 Maks 5 pr. kunde 9900 249 Forbehald om utsolgt! Rønnestad eftf. Eidså - 700 20600/700 20605 Opningstider: mand./fred. 9.30-17, laurdag 9.30-15. Fk-tilboda gjeld berre butikken på Eidså SYNSTE MØRE 4 TORSDAG 15. APRIL 2010 Leitehøgda må fram Under eventuelt i formannskapet oppmoda la Magne Løvoll (Sp) fram ei oppmoding om at administrasjonen i kommunen prøver å finne plass til å førebu oreigning av grunn for arbeid med tilkomstveg og busslomme på Leitehøgda på Slagnes. Dyr drosjetur Ein mann tinga på slutten av fjoråret drosje frå ferja og heim til ei bygd i Vanylven kommune der han er busett. Då mannen skulle stige ut av drosja og fekk presentert rekninga, sa han at han ikkje hadde pengar på seg og bad om å få sende pengane over giro. Dette måtte drosjesjåføren, slik situasjonen var, akseptere sjølv om det ikkje var gjort avtale om dette på førehand. Mannen fekk drosjeeigaren sitt kontonummer. Då han etter halvannan månad ikkje hadde motteke pengane, melde drosjeeigaren saka til politiet. Mannen som hadde nytta drosje, vart nokre dagar etter kalla inn til politiavhøyr og sa då at han hadde betalt rekninga same kveld. Han vart ilagt førelegg med opplysning om at saka ville ende i retten om han ikkje betalte. Så skjedde ikkje, og no har saka vore framme i Søre Sunnmøre Tingrett. Tiltala hevda der å ha betalt rekninga ei tid seinare, men hadde ikkje greidd å finne att kvitteringa. Retten festa likevel mest lit til forklaringa frå drosjeeigaren som møtte som vitne. Den tiltala vart dømd til å betale ei bot på 2.400 kroner, vidare innan to veker å betale den uoppgjorte rekninga til drosjeeigaren og endeleg 400 kroner i sakskostnader til det offentlege. Lensmannskontoret blir stengt Politimeisteren i Sogn og Fjordane har i brev til Vanylven kommune sagt at lensmannskontoret i kommunen blir stengt i perioden 21. juni til 19. juli. Dette blir grunngjeve med økonomiske rammar og mulegheit til å få avvikla tilsette sin feiar. På formannskapsmøtet sist veke fekk ordførar og rådmann støtte til å ta denne saka vidare til regionrådet. Slutt for lensmannskontor i Selje? Lensmannskontoret i Selje vil vere stengt to dagar i veka frå 3. mai. I følgje Fjordenes Tidende vil ikkje lensmann Bård Didriksen finne det overraskande om dette er dei første stega mot ei permanent stenging av lensmannskontoret. I følgje bygdeboka til Edvard Os har Selje hatt eigen lensmann sidan 1606, men no kan det altså snart bli slutt. –Eg veit at planavdelinga har mange saker som står i kø, men ein bør prøve å jobbe med dette parallelt, slik at ein kan få saka fram. Folk spør kva som skjer og oreigning er ein lang prosess. det er og slik at dette skal vere eit spleiselag mellom vegvesenet og kommunen. Ut i frå at det er deira innspel at dette er den farlegaste tilkomsten i kommunen, kan vi kanskje vente at dei går inn med meir enn 50 % av kostnaden? meinte Løvoll. Regionrådet vitja NCM Fredag var det regionrådsmøte i Vanylven, der besøk på North Cape Minerals var ein vesentleg del av møtet. OLE MAGNE KVALSVIK Regionrådet er sett saman av ordførarar og rådmenn i dei sju kommunane på søre Sunnmøre. Som ein del av samankomstane sine har ein gjort det til vane å vitje ei av nøkkelverksemdene i kommunen der møta vert lagde og gjere seg betre kjend med denne. Nyttig besøk No var det altså Vanylven sin tur og representantane fekk ei kort orientering og omvising hos North Cape Minerals på Åheim. Etter ei innleiande informasjonsrunde ved verksdirektør Ove Sollid, gjekk turen til kaia og til Gusdalbrotet. Der fekk rådet både sjå og høyre meir om uttak, knusing og transport. Særleg gjorde den kraftige knusaren i brotet inntrykk på medlemmane. Det vart elles orientert om verksemd, historie, produkt, satsingsområde og korleis ein tenkjer miljø, tildekking og framtid for verket. Det virka som det var ei nyttig oppleving for rådet å få sett seg meir inn i det som går føre seg og sett omfanget av verksemda sitt arbeid. Pasienttransport På møtet i etterkant vart årsmelding og rekneskap godkjent. Av andre saker slutta ein opp om eit utspel frå Sande eldreråd om ordninga for pasienttransport. Det vart vist til at ordninga skaper usikre henterutinar med mykje venting og til dels uverdige episodar. Ein ber difor helseføretaket sjå på rutinar kring transporten og kome attende med tiltak for å betre ordninga. NAV Mellom andre saker som vart diskuterte, var NAV-systemet. Her viste særleg rådmann i Herøy, Rune Sjurgard, til uheldige effektar av ordninga. – Det går ikkje på dei enkelte kontora, men på at pengane hamnar hos forvaltingsledda lengre opp, medan dei lokale OMVISING: Regionrådet for søre Sunnmøre på besøk i Gusdalsbrotet. Frå venstre: Gudmund Sandnes, rådmann i Vanylven, Gudny Fagerhol, leiar for regionrådet og ordførar i Ørsta, Elling Dybdal, konsernsjef i Tussa (ikkje medlem i rådet), Hannelore Måseide, nestleiar i regionrådet og ordførar i Ulstein, Einar Vik Arset, rådmann i Ulstein, Rune Sjurgard, rådmann i Herøy, Paul Harald Leinebø, varaordførar i Herøy, Hans Gisle Holstad, ordførar i Hareid, Dag Vaagen, ordførar i Sande, Asbjørn Moltudal, fung. rådmann i Ørsta, Per Ernst Lundberg, sekretær regionrådet, Jan Helgøy, ordførar i Vanylven, Arild Iversen, varaordførar i Volda og Ove Sollid, verksdirektør i North Cape Minerals AS. systema får mindre ressursar til å drive til dømes attføringstiltak og omstillingsarbeid, sa Sjurgard. Ein vil difor utarbeide ein felles uttale om dette. –Eg ser at skriv frå kommunar som regel får svar frå statsse- kretærar, medan utsegner frå regionrådet gjerne får svar frå statsråden sjølv, så det gir større trykk bak saker om vi står samla, sa ordførar i Vanylven, Jan Helgøy. Mindre omsetnad, men godt år for Tussakonsernet har auka driftskostnadar og mindre sal i 2009 enn året før. Lågare finanskostnadar gir likevel eit positivt resultat. OLE MAGNE KVALSVIK Dette går fram både av ei pressemelding og av orienteringa som konserndirektør Elling Dypdal gav til regionrådet under møtet på NCM fredag. Kommunane i rådet er hovudaksjonærar og kan gle seg over auke i aksjeutbytet. konsernet i 2009 samanlikna med året før, frå 662 millionar til om lag 646 millionar kroner. Med ein auke i driftskostnadane på ca. 39 millionar kroner, får ein eit driftsresultatet på 122,7 millionar, som er 55,3 millionar dårlegare enn i 2008 (178 mill.). Dei auka driftskostnadane skuldast i hovudsak kjøp av kraft for å dekke underskot i området. Det positive er at finanskrisa førte til lågare rentekostnadar på lån og i resultat før skatt ligg ein berre to millionar under 2008 (112,6 mill. mot 114,4 mill.). Aksjeutbyte Lågare prisar Lågare kraftproduksjon og prisar gav 16,1 millionar kroner mindre i omsetnad for Tussa- Når så lågare skatt ut i frå omsetnaden slår inn, kjem ein ut med årsresultat som er 18 millionar betre enn i 2008 (61,8 mill. mot 43,8 mill.). Det gjer at styret finn å betale ut 36,1 millionar kroner i aksjeutbyte med 14 000 kroner per aksje, som er betre enn i 2008. Med 6,66 % av aksjane skulle det verte om lag 2,75 millionar kroner for Vanylven sin del. Det gjekk også fram at medan kraftinntekta var lågare i 2009, viser nettverksemda eit lite overskot. Trass i dette har Tussa framleis den nest lågaste nettleiga i fylket. ring. Frå november har ein hatt lite nedbør og det er lite snø i fjella. Ein ser difor føre seg å vere avhengig av ein ganske høg kraftimport også fram i tid. Ved sida av at mykje av nettet elles treng fornying, peika Dypdal på den omdiskuterte ”flaskehalsen” i nettet for import av kraft til Midt-Norge. – Frå Tussa si side er det ein ting som gjeld for prisutjamning og det er at 420 kV-lina vert vedteken og det raskt, sa Dypdal. Kraftimport På møtet med regionrådet kunne Dypdal fortelje om eit stabilt straumforbruk, trass i finanskrisa. Også i 2010 reknar ein med at det kalde veret gjer at forbruket held seg oppe. Dei største problema ser selskapet innanfor produksjon og framfø- Breiband Konsernet satsar elles vidare i breibandutbygging og data. Denne delen er inne i ei utbyggingsfase og gav difor 7,7 millionar kroner i underskot. – Heilt etter planen, sa Dypdal. Einar Vik Arset opplyste at han SYNSTE MØRE 5 TORSDAG 15. APRIL 2010 Vil ha det formelle heilt i orden I formannskapet tok Lasse Rindal opp eit spørsmål frå Fiskaa Maskin AS om uttak av masse i massetak på Nystøyl/Sætrevik. Verksemda søkjer om å få ta ut ei salve med 2-3 000 kubikk som skal brukast til tomter og veg. I den nye kommuneplanen er det lagt opp til utviding av dette massetaket og søknaden vil mest truleg verte positivt imøtekomen. Det var difor bede om eit førebels løyve til å gå i gang før søknaden vert handsama i neste møte, slik at ein slepp å vente på vedtaket. Men med ei anna sak om masseuttak friskt i minne, fann formannskapet det rett å vente, slik at ein i alle fall var aldeles sikker på at alle formalitetar er i orden. Med fokus på elvane Eit vassdrag er ein naturressurs som kan bidra positivt i lokalmiljøet. Det krevst ei sunn skaparånd og ei fornuftig forvaltning. KJELL BRENNE Med Vanylven Utvikling som motor i eit prosjekt der ein kastar augene på korleis elvane i Vanylven kan gjerast meir attraktive og verdfulle for gode opplevingar, var det onsdag ein synfaringsrunde på lakseelvane på Åheim og i Syvde. Med på denne første kartleggingsrunden var rådgjevar ved Fylkesmannen si miljøvernavdeling, biolog Leif Magnus Sættem. -Eg kjenner for så vidt godt lakseelvane i Vanylven. Lokalt registrerer eg ein positiv vilje til å gjere noko utav dette, så dette teiknar godt. I dag er eg her for å lytte til alt av gode idear som dukkar opp, sa Sættem til Synste Møre under synsfaringa i Røfsdalen der ein spesielt hadde fokus på korleis elva hadde "sett seg" etter reparasjonen av dei omfattande flaumskadane. – Vanylven har to spennande vassdrag det skal vere interessant å sjå nærare på. Det spesielle er at desse to elvane representerer to vidt ulike miljø. På Åheim går mykje av elva gjennom urørt kultur og landskap medan ein i Syvde har ei elv som går meir gjennom eit opparbeidd kulturlandskap. Her er det to ulike miljø kva biologi og økologi vedkjem, påpeikar Sættem, som har vassdraga som sitt særområde og med god kjennskap til elvane i fylket. Styreleiar for Vanylven Utvikling, Oddvar Strand var glad for initiativet som var teke i regi av utviklingsselskapet og trudde her låg gode mulegheiter med tanke på å utvikle elvane til å bli meir attraktive i reiselivssamanheng og som kreative opplevingsstader. –Vi er i dag i startgropa i ein utviklingsfase og har teke første steget på noko vi trur skal slå positivt ut for folk, både for dei som bu her og som tek turen hit. No gjeld det å få inn dei gode ideane og sjå kva som er mogleg å få gjennomførte, poenterer Strand. Tussa FRÅ RØFSDALEN: Frå venstre: styreleiar i Vanylven Utvikling, Oddvar Strand, leiar i Åheim elveeigarlag, Svein Thue, leiar i Syvde elveeigarlag, leiar i Myklebust elveeigarlag, Dagrunn Molvik, Leon Stranden, avdelingsleiar for plan og utvikling i Vanylven kommune, Terje Kolstad, rådgjevar ved Fylkesmannen i miljøvernavdeling, Leif Magnus Sættem, kulturleiar i Vanylven kommune, Jermund Rekkedal og Målfinn Strand. Tilstandsrapportar Under samrådingsmøtet på rådhuset etterpå vart det bestemt at ein skal få utarbeidd tilstandsrapportar for begge elvane. Spesielt her er å få kartlagt elvane ut frå ein økologisk ståstad. Dette vil krevje hjelp frå rådgjevande biologar med vassdrag som særområde. – Vanylven er velsigna med mange flotte vassdrag som kvar i seg sjølv kan inneha potensiale til nærare fokus. I denne omgang startar vi med dei to største. Begge er ulike og begge ligg høvesvis nær kvarandre. Denne kontrasten kan vere eit interessant element ved ei kartlegging, påpeikar Sættem. Formannskapet hadde tysdag oppe saka om namnet på poststaden 6143, om det framleis skal heite Fiskåbygd, eller endrast attende til Fiskå, slik det heitte før ordninga med postnummer i 1968. Truleg vart då namnet valt for å skilje mellom det som vart 4122 Fiskå i Ryfylke. – Det har ikkje lukkast meg å finne grunnen til at akkurat namnet Fiskåbygd vart nytta og namnet er heller ikkje registrert som eit offisielt namn i Sentralt stadnamnregister, skriv kulturleiar Jermund Rekkedal i saksutgreiinga. Etter at Fiskå i Ryfylke i 2008 vart avvikla som postadresse har det reist seg krav frå fleire hald om å sjå på saka og tysdag valde altså formannskapet å tilrå at ein endrar til Fiskå. – Det spelar inga rolle for meg, men kanskje må vi tenke på om det vil skape komplikasjonar for verksemder og andre som har ein del materiell med Fiskåbygd på, meinte Nils Olav Moen (FrP). – Det vil uansett verte ein overgangsperiode og det er eit stort fleirtal i bygda for å få namnet attende, sa Lasse Rindal (Ap). – Sjølv har eg handla i 25 år i Fiskå i Ryfylke og minst like lenge her, men etter 42 år som Fiskåbygd er tilrådinga no historisk framsett, fastslo ordførar Jan Helgøy (KrF). Godt nøgde DIN LEVERANDØR AV BYGGEVARER – Vi må seie oss godt nøgde med at Tussakonsernet i eit vanskeleg år har eit så godt resultat kan betale ut så pass i aksjeutbyte. Det er gode pengar for eigarkommunane, seier ordførar Jan Helgøy, som også sit i styret i Tussa AS. kunne gle seg over breiband rett utfor veggen, men stilte spørsmål i kva grad ein ser for seg å kunne bygge ut til alle. Fleire av representantane gav uttrykk for at det å kunne bygge ut også til meir grisgrendte strøk handlar om selskapet sitt omdøme som kommunalt eigd og at ein burde prøve å få til Tilrår Fiskå ORIENTERTE: Konserndirektør Elling Dypdal kunne legge fram eit godt resultat for Tussa AS i 2009. begge delar. – Det handlar sjølvsagt om lønsemd, men er ein debatt vi vil helse velkomen, sa Elling Dypdal. Vanylven eig altså 6,66 % av aksjane i Tussa, eller 197 aksjar. Med 14 000 kroner i utbyte gir det ei inntekt på vel 2, 75 millionar kroner. – Det er om lag det som var budsjettert, og om det ikkje er den store summen i heilskapen er det godt at det ein reknar med held seg oppe. Det kjem godt med, seier rådmann Gudmund Sandnes. STORT UTVALG I IMPREGNERT TRELAST Nystøl & Fagerhol AS ORDFØRAR og styremedlem i Tussa AS, Jan Helgøy, seier seg godt nøgd 6143 FISKÅBYGD Tlf. 70 02 08 30 Fax. 70 02 08 31 E-post: post@nystol-fagerhol.no www.nystol-fagerhol.no Fagbutikken i Ditt Distrikt! SYNSTE MØRE 6 TORSDAG 15. APRIL 2010 Viktig for branntryggleiken Eit nytt bustadhus stig snart opp av oska etter at den gamle butikken på Rønnestad på Hakallestranda vart kontrollert brend ned laurdag. HÅVARD PARR Det er ikkje så ofte brannkorpsa får mogelegheit til å øve på brannsituasjonar i bustadhus. Difor var også fire røykdykkarar frå Volda med på øvinga som Vanylven brannvern organiserte kring nedbrenninga. Etter synfaring i huset og sikring av pipa, vart det sett fyr i loftsetasjen. Først då flammane blafra godt innanfor lofsvindauga, vart det første laget med røykdykkarar sendt inn. I toppetasjen vart det under sløkkinga også gjort søk etter personar. Etter at brannen vart sløkt, fekk nye lag prøve seg på mindre brannar i loftsetasjen. Overtent hovudetasje Neste steg i øvinga var sløkking av ei overtent hovudetasje. – Røykdykkarane fekk fleire gonger gå inn i det overtente huset og kjenne på kroppen korleis dette er. Slik veit vi betre kva vi kan klare i slike situasjonar og vi fekk ei veldig god gjennomkøyring for røykdykkarane, seier brannsjef Lasse Rindal. Han ser det som viktig for samfunnstryggleiken at brannvernet får øve i slike omgivnader. – Ein har mogelegheita for å gjere øvingar i kontainerar, men det vert ikkje det same som i verkelege burstadhus. – Det andre sentrale momentet i denne øvinga var at huset som brann stod svært nær andre hus. Eit viktig øvingsmoment var difor å legge opp sikringsslangar og det å skaffe tilstrekkeleg vatn til å verne omliggande hus, seier brannsjefen Nye hus brenn raskare Bygningen frå tidleg 1900-tal var røyst med planktømmer, ein byggemåte som skil seg ein grand frå hus som vert bygd i dag. – I nyare hus er det opne løy- singar med mange syntetiske materiale, noko som gjer at ein brann vil spreie seg raskare og huset vil verte overtent tidlegare, seier Rindal. Brannmannskapa byrja øvinga i ti-tida laurdag føremiddag. Klokka 15 var huset nedbrent og mannskapane vende heim, men ein sikringsslange låg nokre timar til. PØLSER: Om det ikkje vart grilling på sjølve øvingsbrannen, så vart det iallfall pølser på hardarbeidande brannmanskap. Her er det Leif Nystøyl som med heimelaga pølseklype serverer Erlend Krumsvik, ein av røykdykkerane frå Volda. OVERTENT: På det øvste biletet ser vi ein av situasjonane som brannmanskapa gjekk inn i denne laurdagen. Her er eit lag inne for å sløkke brannen. Fjordenes orsaka Redaktør Erling Waage i Fjordenes Tidende slo full retrett i spørsmålet om kva Jon Aasen gjer i "det lukka rom" på sentralsjukehuset i Førde og som lokalavisa i ytre Nordfjord omtala på leiarplass i veka som var. Det vart der hevda at Aasen bør halde seg for god til å medverke til ei rasering av sjukehuset synnanfor fylkegrensa. No viser det seg at skuldinga om at Aasen skulle ha hatt samtalar med fagdirektør Breidablikk på bakromet i Førde, der det skulle ha vorte oppnådd semje om at fødande frå Nordfjord skal sendast til Volda, ikkje har hald i seg. Det var politikarveteranen Nils Sætren i Selje som målbar denne påstanden i Fjordenes Tidende og som Waage følgde opp på leiarplass. Aasen var i same avisa frampå og fastslo at han aldri har vore på bakromet i Førde og møtt ein direktør Breidablikk. Han karakteriserte Sætren sin kritikk som reint tøv og til ska- RØYKDYKKING: Gjennom vindauget kan vi sjå ein røykdykkar i kamp mot flammane. Etterlyste framdriftsplan de for sjukehuset på Eid. Sidan Sætren sitt utspel denne gongen var feil, fann redaktør Waage det derfor rett og rimeleg å orsake kritikken av Aasen. Lena Landsverk Sande (V) tok i formannskapet opp kva som skjer vidare med omsyn til rapporten om ”Kvalitet og ressursar i Vanylvsskulen”. – Det er mellom anna sagt i rapporten at vi skal prioritere tre grunnskular, men det er ikkje lagt opp tidsplan. Det vart sagt at debatten no skulle ut til partia, men utan ein tidsplan vil det gjerne døy bort, meinte Sande. Dette fekk ho sterk støtte på. – Det er veldig viktig at rappor- ten ikkje vert berre ein rapport, sa Aina Ersvåg Wefring (FrP). Ordførar Jan Helgøy (KrF) meinte det var viktig å gjere avklaringar i forkant av budsjettarbeidet og Magne Løvoll (Sp) peikte på at det er lagt inn sparingar på 3,5 millionar kroner i økonomiplanen. SYNSTE MØRE 7 TORSDAG 15. APRIL 2010 Spanande sommarsatsing Seksten år gamle Thomas Reikertas er ein av ungdomane som passar som fot i hose for den nye ordninga med sommarpraksis som Vanylven Utvikling no satsar på. HÅVARD PARR Den kommunale ordninga med garantert sommarjobb for eit heilt ungdomskull vart i fjor ikkje godkjend av fylket innanfor ramma for bruk av utviklingsmidlar. Vanylven Utvikling har difor i år laga eit anna og strammare opplegg som vert bydd ungdom mellom 15 og 17 år dette året. Ungdomane kan søkje på sommarjobbar i bedrifter i Vanylven, og bedriftene kan i sin tur så søke Vanylven Utvikling for å få subsidiert kvar arbeidstime med femti kroner. Tiltaket er meint å gi ungdom innblikk i bedriftene, som på si side kan nytte praksisen som ei rekrutteringstiltak for eiga bedrift. Rekrutteringstiltak Thomas Reikertas, som opphaveleg er frå Litauen, har allereie arbeidd hjå rørleggarane i A.M. Vik i Syvde i praksisveke og vinterferie. – Eg likar jobben godt og synest det er veldig positivt med ei slik mogelegheit til å få ein sommarjobb, seier Thomas – Dette er spanande, seier dagleg leiar i A.M. Vik, Runar Vik. – Viss ein gjennom denne ordninga kan finne motiverte kandidatar som er interesserte i å jobbe her, kan dette vere eit viktig tiltak for å rekruttere medarbeidarar. Vi håper at ei slik ordning kan føre til at ein finn ungdomar som utdannar seg til eit yrke som gjer at dei kan vere her vidare, seier han. har 12-15 personar flytta med til Vanylven. OPNAR MOGELEGHEITER: Runar Vik og Thomas Reikertas er begge glade for mogelegheitene som opnar seg med den nye ordninga for sommarpraksis. I Vanylven Utvikling ser dei subsidiert, ung arbeidskraft som eit viktig rekrutteringstiltak. DĂƌŬŝƐĞƌͲWĞƌƐŝĞŶŶĞƌͲ^ĐƌĞĞŶͲhƚĞŵƆďůĂƌͲ>LJƐͬǀĂƌŵĞͲ >ĂŵĞůůŐĂƌĚŝŶĞƌͲZƵůůĞŐĂƌĚŝŶĞƌͲWůŝƐƐĠͲWĂŶĞůŐĂƌĚŝŶĞƌͲŵ͘ŵ͘ A.M. Vik har hatt ungdomar i sommarjobb i butikken tidlegare, men som rørleggar har dette vore vanskelegare, sidan det krevst meir i ein slik jobb. – Om dette fungerer og både vi og han er nøgde, så kan dette resultere i ei lærlingeordning seinare, seier Runar Vik. Ringverknader Thomas Reikertaser er elles eit godt døme på dei positive ringverknadene som nyetableringar gir. Den første i slekta som kom til vanylven, var onkelen. Han byrja som rørleggar hjå A.M Vik for eit par år sidan. Kona hans fekk så jobb i bedrifta Hofseth. Etter henne kom systera, som er mor til Thomas, og slik også han får vi vite. – Dette viser kor utruleg viktig det er med nyetableringar, som Hofseth. Med behov for arbeidskraft så fyl andre rundt dei med, seier Runar Vik. Sjølve har dei hatt tre tyske rørleggarar i bedrifta og med dei ǁǁǁ͘ƐŽůƐŬũĞƌŵŝŶŐƐŐƌƵƉƉĞŶ͘ŶŽ ŽdžŶĞƐ^͕ZĊĚŚƵƐŐĂƚĂϰ͕ϲϭϬϬsŽůĚĂ důĨ͗ϳϬϬϱϭϭϭϬ ͲƉŽƐƚ͗ƉŽƐƚŵĂƐƚĞƌΛĐŽdžŶĞƐ͘ŶŽ SYNSTE MØRE 8 TORSDAG 15. APRIL 2010 Pensjonistar går online Verdsveven, der trådar av informasjon og kontakt mellom menneske strekkjer seg over heile kloten, ligg berre tastetrykk unna. Med datakurset pensjonistlaget og eldrerådet har fått i stand, kan denne verda opne seg for endå fleire. HÅVARD PARR No er det ikkje berre internett Aage Gunnar Strand vil ta føre seg i datakurset for pensjonistar, men den praktiske nytta ved tenester som ligg på nettet er noko kursdeltakarane er opptekne av. Med lydhøyre tilhøyrarar tilkopla eigne datamaskiner byrja difor reisa inn i den digitale røyndomen med ei forklaring av kva dette nettet eigentleg er og korleis ein kjem seg inn og i gang. Vel inne og tilkopla var elektronisk post (email), nettbank, aviser og kommunal informasjon naturlege stoppestadar. Treng datakunnskap – Det har kome dithen no at om du ikkje kan litt data, så er du ute av samfunnet seier Astrid Sørdal. Ho har ikkje vore så mykje borti dette sidan ho dreiv butikk i Syvde og då er eit slikt kurs ein fin måte å kome inn i det att. – Men vi er ikkje sikre på om vi skal melde oss på Facebook endå, ler ho, i kaffepausa etter den første økta torsdag. – Ja, det har vorte slik at du føler deg utanfor om du ikkje kan litt. Berre du skal på eit offentleg kontor så møter det deg, seier Sigmund Vik. Saman med kona Mary Vik, som er leiar i Pensjonistlaget, er han ein av dei som har drege i trådane for å få i stand kurset. – Det er bra at oppegåande eldre kan få med seg eit slikt kurs, seier Mary Vik. Kan verte fleire kurs Dette første kurset, som går over tre dagar, har kome i stand etter at interessa for slik opplæring har vorte lufta på møta til pensjonistlaget. Truleg er fleire eldre interesserte i å verte meir datakunnige og om tilstrekkeleg mange er nyfikne, vil også nye kurs verte arrangert. – At vi måtte ha eit slikt kurstilbod har i grunnen lege i lufta lenge, seier Mary, som også har ivra for å få til ei ordning der unge lærer eldre det dei kan. Slike generasjonsmøte har ein lukkast godt med andre stader. GOD STEMNING: Dei som fekk ein guida tur inn i ”cyberspace” på den vidaregåande skulen i Syvde torsdag, var frå venstre: Astrid Sørdal, Inger Oline Reite, Sigmund Vik, Mary Vik, Anni Øverlid og guide Aage Gunnar Strand. Bak ser vi Laila Sætrenes, Elsa Aaland, Ranveig Paulsen og Anders Vik. Du har hjemmet. Vi har fargene. Send Fargerike til 1938 og motta fargekartet i posten! NB! Tjenesten koster 5 kroner. Før: 348,- 248,- BARONESSE 15 3 ltr emb. Kampanjen varer tom 17. april FARGERIKE SYVDE Centrum Fargehandel Tlf: 70 02 08 00 SYNSTE MØRE 9 TORSDAG 15. APRIL 2010 Klar for bridge-NM Det er ikkje berre i tippeligaen i fotball det blir brukt utlendingar. Vanylven har også sine som gjer det skarpt i store turneringar. Islendingen Bjørgvin Viglundsson er klar for NM i bridge. KJELL BRENNE Den høgreiste ingeniøren på teknisk etat, som arbeider med prosjektering av sjukeheimen, er lidenskapeleg bridgespelar. Dobbel-essen i son-etternamnet og godt forståeleg norsk leier oss vestover havet mot Saga-øya. Bjørgvin er frå Reykjavik. Då byggebransjen der bokstaveleg talt datt saman i fjor og jobbane forsvann, leita han etter utvegar i jobbsamanheng og såg nye moglegheiter i Noreg. Ny adresse vart Fiskå i Vanylven. – Det har gått veldig bra. Her er det stilt og fint, seier den rolege karen med eit lunt smil i det han kastar augene ut glaset frå møteromet på Rådhuset og kan nyte ein gryande vår i lett solskin vekse fram. – Bjørgvin Viglundsson har spela mykje bridge, i yngre år også ein del sjakk. – Bridge og sjakk er veldig utbreidd på Island. Eit spel som spring fram frå gamle tradisjonar. – Her er fleire aktivitetar med tradisjon. Men kvifor nettopp bridge? Ei finte karen på andre sida av bordet vårt taklar presist: – Bridge er den einaste idretten du ikkje blir dårlegare i, men berre betre, smiler den bridgeentusiastiske kroppen og med det avslører sitt store hjerte for dei 52 korta i stokken. I Reykjavik er det eit stort miljø for bridge. Det vert spela både vinter og sommar. Bjørgvin har greidd å spele seg til landsfinalen i både lagog parturnering. – Kva så i vesle Vanylven? – Eg har fått med meg at her har vore eit ganske bra miljø, spesielt i Syvde. No blir det å ta turen til Måløy tysdagskveldane. Det er landfast. Her spelar vi frå klokka halv sju og fram til klokka ti. Eg har også spela i Fosnavåg og litt i Ørsta, fortel Bjørgvin. Åleine frå Vanylven er han ikkje. Vi er som regel fleire, blant anna Kenneth Skov og Frode Sørdal, to habile bridgespelarar, poengterer Viglundsson. Og i dataalderen går det litt annleis føre seg enn å handstokke og dele ut "manuelt". – Nei, her blir det brukt datamaskin og den er og god å ha når resultatet skal utreknast. Det kan vere greitt, for bridge er eit spel som har utvikla seg frå Whist med ei mykje meir komplisert bodrunde. 1 kløver er lågast og 7 grand høgst. Kor mange stikk du skal ta, er avgjort av kor høgt du har bedt. Ein telefon Det må ha ryktast om Bjørgvin sine kvalifikasjonar i bridge for han fekk ein dag ein telefon frå Ålesund med spørsmål om han kunne tenkje seg å delta i kretskvalifiseringa for Møre og Romsdal i Molde. Som sagt så gjort. Vanylven sin gode bridge-spelar drog til Molde. Det vart ein soleklar andreplass i turneringa etter kring 60 omgangar. Ein sterk prestasjon i konkurranse med om lag 40 andre par. Sjølv spelte han på lag med ein Fidjestøl, ein makker han var fornøgd med. – Eg held kontakten med makkeren og det vert ein del spel over nettet på datamaskinen mot andre. På denne måten held vi bridge-forma ved like og gjer kvarandre endå betre, forklarar Bjørgvin Viglundsson. Og i august skal NM gå av stabelen på Lillehammer. Kan Vanylven få ein NM-meister i bridge, så spørs det om Vanylven har blitt meir enn NM-kommunen i solsikke. Kanskje blir det bridge- og solsikkelandet Vanylven. I alle fall var ordføraren godt fornøgd med islandske Bjørgvin sin prestasjon i Molde. Og KLAR FOR NM: Bjørgvin Viglundsson kjenner vi Helgøy for rett, vil det ikkje gå forbi i stillheit om Bjørgvin skulle spele seg til ei habil sluttplasering på Lillehammer. Det stiller store krav i ein knallhardt meisterskap. Utsette sak om hallrom Formannskapet skulle tysdag handsame sak om innreiing av rom på loftet i Olivinhallen, men valde å utsette saka. OLE MAGNE KVALSVIK Saka om bruk av romet kom først opp i 2004, då Åheim IL gjorde førespurnad til kommunen om å få innreie romet til møterom og lagerrom for lag og organisasjonar som nyttar hallen. Det var då ein del diskusjon om kommunen som eigar skulle stå for å lage til romet på generell basis, eller idrettslaget som største brukar skulle få innreie og ha føremun i forhold til bruk i ei leigeperiode på ti år. Ut i frå å ikkje stå som eigar og ha full disposisjonsrett fann idrettslaget det for dyrt å ta kostnaden og trekte seg ut. peikar og på det gunstige ved å ha eit rom i samband med hallen som er betre eigna for kursverksemd og meir uformelle samlingar knytt til bruk av hallen. Behov Sidan den gong har saka vore oppe nokre gonger utan at ein har enda opp med tilfredsstillande løysingar. Det har vore ulike innspel der ein har bedd kommunen sjå på kva som kan gjerast for at romet kan nyttast betre. Det vert peikt på generell trong for møterom og lagerplass. Ved arrangement vert det litt slitasje ved at dagleg leiar sitt kontor må nyttast til sekretariat, og fleire innspel Initiativ Det siste året har kulturkontoret teke initiativ for å kome vidare. Ein har gått ut og bedd brukarane av hallen og andre om å signalisere kva interesse dei har for bruk av lokalet. Her melde det seg to interessentar. Åheim IL ønskjer framleis møteog lagerrom, medan Floget klatreklubb ønskjer buldrevegg for dei yngste i bakkant av det om lag 90 m2 store romet. Skisse Sakna informasjon Ut i frå dette har ein fått sivilarkitekt Magne Bergseth til å lage ei skisse som er send til interessentane for uttale og som formannskapet tysdag skulle sjå nærare på. Her er det teikna inn at Floget får eit rom i bakkant på 30,1 m2 med buldrevegg, medan idrettslaget får eit møterom på 29,1 m2. Det vert ein gang inn til buldreromet og to lagerrom langs veggen på andre sida. Det er og teikna inn heis frå underetasjen. Som eit totalprosjekt med ventilasjon og heis er dette kalkylert til ein kostnad på rundt 500 000 kroner. I formannskapet bad likevel Lena Landsverk Sande (V) om at saka vart utsett. – Eg saknar ein del informasjon. Mellom anna er Floget og idrettslaget bedne om å gje uttale til forslaget som ligg framme, utan at dei har kome med det. Personleg synest eg det er litt rart at idrettslaget som desidert største brukar sit med eit mindre rom enn klatreklubben. Eg synest og det må vere ein dårleg stad for buldrevegg og ønskjer at ein ser på andre alternativ for dette. Som fleire har peikt på er det trong om eit stort, godt rom som både kommunen og alle andre kan bruke FORSLAG: Dette er forslaget som ligg føre til bruk av romet i andre etasje på Olivinhallen. Til venstre er teikna inn rom med buldrevegg for klatreklubben (blått). I midten ser vi rom for idrettslaget med utbygd vindauge mot hallen til bruk for å følgje med på det som skjer under arrangement (grønt). Ein gang (gul) fører direkte inn til buldreromet og på andre sida er det foreslått to lagerrom (brune). Heis ved sida av trappa ligg og inne i prosjektet. til møterom og når noko skjer, sa Sande. SYNSTE MØRE 10 TORSDAG 15. APRIL 2010 Mangfaldig sommarskule – Det vert overraskingar og mykje sosialt, kjekt og utviklande. OLE MAGNE KVALSVIK Det lovar Marianne Løseth, leiar for sommarskulen i Vanylven. I år byggjer ein vidare på opplegget frå i fjor, med to veker sommarskule etter at den ordinære skulen har teke ferie. Desse to vekene skal elevane bygge opp ein revy som vert framført for alle interesserte laurdag 3. juli. – Det vert som ei blanding av kurs og leirskule, der elevane jobbar i lag om eit samla prosjekt desse ti dagane. Men det vert også lagt opp til litt bading, grilling, fjelltur og anna kjekt, seier Løseth. Mangfaldig Saman med kulturleiar Jermund Rekkedal, Veslemøy Ervik frå kulturkontoret og kommunalsjef Gunvor Strand er Løseth i desse dagar i ferd med den siste planlegginga før ein går ut til elevar og foreldre og informerer om tilbodet. I fjor heldt sommarskulen til på Eidså, medan ein i år satsar på å halde til på Myklebust, fortel Gunvor Strand. – Det flotte med å bruke teater som ein basis for skulen er at det involverer så mange fag. Norskfaget er sjølvsagt tyngst inne gjennom skriving, lesing og uttale, men her vert det trekt inn alt frå forming til matematikk og musikk. Gjennom ein del uteliv vert og element som kroppsøving og naturfag ein naturleg del av opplegget, seier ho. Overraskingar – I år vil det også vere fleire lærekrefter inne i biletet og nokre av dei vil nok verte ei overrasking for elevane, fortel Marianne Løseth. – Men det viktige er at dette skal føregå på elevane sine premissar. Det er dei som skal jobbe ut opplegget og stå for både førebuingar og gjennomføring. Vi vaksne skal vere berre rettleiarar. Og vi må streke under at ein treng ikkje vere skodespelar for å delta. Her vert det rom for mange slags oppgåver, som lyd, lys, scene og kostymer. Det vi legg vekt på er at alle skal kjenne seg trygge og utvikle seg ut i frå kvar enkelt sine føresetnadar, seier Løseth. Samhald Opplegget er for elevar frå 5. til 10. klasse. SANDVIKSANDEN: Her ser vi gjengen som var med på sommarskulen i fjor, då dei mellom anna tok ei utflukt til Sandviksanden (FOTO: Ma- – Det viste seg og i fjor at fleire fann sider ved seg sjølve som dei fekk rom og sjølvkjensle til å utvikle og dette har vi sidan sett resultat av både i UKM og på andre område. Sett ut i frå min ståstad gir difor sommarskulen grobotn for læring som er med og fremjar kulturlivet og skaper tilhøyre og trivsel, seier kulturleiar i kommunen, Jermund Rekkedal. – Men først og fremst vil vi at alle skal sitje att med ei oppleving av noko meiningsfullt og positivt, der vi har det kjekt i lag og jobbar saman mot eit felles mål, seier Marianne Løseth. – Lærte masse – Svært kjekt Martin Stranden vil også melde seg på i år og. – Vi lærte masse om korleis ein skal setje opp og lage revy og korleis ein skal hugse det ein skal seie. Vi skreiv og laga kulisser og mykje meir. Det var og kjekt å reise på Sandviksanden å bade. Eg vil anbefale det veldig masse til andre. Sofie Vik deltok på sommarskulen i fjor. – Det var svært kjekt. Vi gjorde heilt andre ting enn vanleg skule, men fekk prøve mykje om å setje opp teater. Vi både skreiv, teikna og måla kulissar. Og så var vi på Sandviksanden og bada. Eg vil gjerne anbefale til andre å melde seg på. Sjølv veit eg ikkje om vi skal reise vekk, men vert vi heime har eg lyst å vere med i år og. rianne Løseth) Ønskjer ressurspersonar Dei fleste brikkane for sommarskulen er altså i ferd med å falle på plass, men det er og ting som kunne vore ønskjeleg å få til. OLE MAGNE KVALSVIK – Mest av alt treng vi ein mann. Helst ein handy-mann som er leiken og glad i born, ler Marianne Løseth og understrekar at det er med tanke på sommarskulen ho går ut med dette ønskjet. – Om det er einkvan som har praktisk sans og kan rettleie elevane i ting som skal lagast og vere med på tur nokre av desse dagane, hadde vi vorte svært glade om han tok kontakt. Men det hadde generelt vore positivt om ressursar melde seg som har lyst å bidra på anna vis i forhold til å skape teater, anten det er innanfor skriving, musikk, komposisjon, scenekunst eller dans. Vi tenkjer oss då temaundervisning, der desse har innslag, anten det er å lese eigne tekstar, snak- ke om komposisjon eller nokon som jobbar med kle eller mote og vil dele nokre tankar, seier Løseth. – Det kan også gje eit fint høve til å delta i ein komplett teaterproduksjon og vere ein inspirasjon, anten ein er etablert kunstnar eller har ein i magen. MARIANNE LØSETH vil gjerne ha med seg fleire ressurspersonar kring sommarskulen (ARKIVFOTO: Håvard Parr) Det er berre å vende seg til ungdomsarbeidar Veslemøy Ervik på kulturkontoret, legg Jermund Rekkedal til. SYNSTE MØRE 11 TORSDAG 15. APRIL 2010 Vanylven under lupa Førsteårsstudentar på bachelorstudiet i planlegging og administrasjon frå Høgskulen i Volda er denne veka utplasserte i ulike bygder i Vanylven. ORIENTERING: Studentar og lærarar frå Høgskulen i Volda fekk ein grundig gjennomgang. Rådmann Gudmund Sandnes, avtroppande bulystkoordinator Espen Wingaard, ordførar Jan Helgøy og rektor Eldar Knardal heldt alle innlegg om ulike aspekt ved kommunen. HÅVARD PARR I fem ulike prosjektgrupper gjer studentane lokalsamfunnsanalyse. – Vi plukkar ut ei kommune kvart år til eit slikt prosjekta Det er først og fremst eit øvingsarbeid, men vi ser at studentane også kjem bort i ting som kan vere av interesse for den kommunen dei studerer, seier førstelektor ved høgskulen Sveinung Dimmen. Studentane vel sjølve problemstilling i høve dei bygdesamfunna som dei studerer. I ei tverfagleg samfunnsvitskapleg tilnærming, der både sosiologi, statsvitskap og økonomi inngår, opnar det for varierte tilnærmingar. Skulenedlegging, pendling, reiseliv, folketalsnedgang og framtida for næringslivet er stikkord for oppgåvene studentane har valt. Informasjonsmøte Tysdag fekk studentane møte repesentantar frå både administrasjon, politikk og kommunal tenesteyting i kommunestyre- salen på Fiskå. – Det er spanande når folk utanfrå kan sjå oss i korta og vi er spente på kva de kjem fram til, sa rektor Eldar Knardal i sin introduksjon av kommunen. Avtroppande bulystkoordinator Espen Wingaard gav studentane eit innblikk i det omdømmearbeidet som har vorte gjort, medan rådmann Gudmund Sandnes tok tak i organiseringa av administrasjon og teneste. Politisk gjennomgang Ordførar Jan Helgøy gav så studentane den politiske ballasten dei treng for å forstå vanylvssamfunnet. Og voldastudentane kvitterte med spørsmål til eit mannsterkt korps frå den politiske og kommunale leiinga i Vanylven. Ei av studentgruppene har valt ei oppgåve knytt til Åheim OPPTEKNE AV ÅHEIMSSAMFUNNET: Kato Vangen, Gry Otneim Leikanger, Olav Tangenes og Linda Heimen er her innom redaksjonen i Synste Møre for å finne stoff til oppgåva dei skriv. HÅVARD PARR – Vi vil sjå på korleis befolkningsnedgangen har påverka Åheim som samfunn, seier Linda Heimen, ein av studentane i gruppa. For å finne svar på dette gjer dei fleire intervju med sentrale personar i bygda, dei er også opptekne av utviklinga til hjørnesteinsbedrifta North Cape Minerals. – Å jobbe med ei slik praktisk oppgåve er langt å føretrekke framfor reine teoriførelesningar. Vi får ting tettare på oss og vert tvungne til å ta problemstillingar inn over oss, seier ein av dei andre studentane, Olav Tangenes. Voldastudentane var imponer- te over mottakinga dei fekk under informasjonsmøtet tysdag. – Vi vil berømme Vanylven kommune for å nytte så mykje tid på oss som er studentar, seier Gry Otneim Leikanger. SYNSTE MØRE 12 TORSDAG 15. APRIL 2010 Anne Nørdsti og Ingemars i Olivinhallen – Her gjeld det berre å leite fram danseskorne og bli med på moroa, smiler Ingunn Rønnestad og dei andre i Åheim Idrettslag. KJELL BRENNE Dansegallaen har blitt våren sitt store arrangementet for dansebandfolket her i distriktet og for idrettslaget eit viktig fundament for lagsøkonomien. Ingemars blir rekna som eit "kongsemne" innan norsk dansebandmusikk, kjende og populære som dei har blitt dei ti åra dei har vore med på å dominere norsk dansebandmiljø. Fire gonger nominert og gonger vinnarar av Spelemannsprisen. Av andre band er det kun Ole Ivars som kan gjere det rotektebandet frå Finnskogen rangen stridig om topplassen. Siste plata ”Velkommen til Finnskogensrike” har selt til gull i massevis. Ingemars er i Olivinhallen for første gong. Publikumsvinnar Det er derimot ikkje Anne Nørdsti som var på Åheim for to år sidan. Landet si ukrona dansebanddronning, som stakk av med Spelemannsprisen i 2008, er på plass att. På bakgrunn av det ho og det dyktige bandet hennar viste av speleglede sist dei var i Olivinhallen, vil dei utan tvil vere ein publikumsvinnar som dreg folk fram på parketten, garanterer Rita Kjøde, noko dei andre også er sikre på. Både Ingemars og Anne Nørdsti turnerer rundt om i landet, dansebandstjerner som i følgje arrangørane trekkjer fulle hus. – Ut frå det renommé gallaen har fått og den tilstrøyming vi har hatt tidlegare, reknar vi med eit stort innrykk i år også. Vi har ein godt innarbeidd og drilla stab med folk i idrettslaget, som kvar på sin plass vil gjere sitt beste for ein vellukka galla. Vi har henta artistar frå det ypperste av det vi har i Noreg, så alt skulle ligge til rette for ein alles og triveleg gallakveld, meiner Rita Kjøde, Geir Nielsen, Ingunn Rønnestad og Laila Westerås. Trufaste At gallaen har blitt eit "must" for mange, avslører seg på billettsalet. For alt i november i fjor var det folk som var inne på nettsida til gallaen og bestilte billettar, opplyser Jan Magnus Thue, marknadsansvarleg for dansegalaen. Han opplyser at mange er trufaste gallavener som kjem att kvart år. Elles er billettsalet til gallaen godt i gang, framheld Thue. – Som tidlegare år legg vi opp til at folk skal finne seg til rette og få ein koseleg kveld. På grusbana ved skulen vil det bli lagt opp til parkering for cam- pingbilar, mange av desse spanderer gjerne heile week-enden på Åheim. Det er også dei som har signalisert at dei kjem sjøvegen og treng gjesteplass på småbåthamna, seier Jan Magnus Thue. DANSEBAND frå øvste hylle i landsmålestokk inntek scena i Olivinhallen neste laurdag. Rita Kjøde (bak t.v.) og Laila Westerås svermar mest for dansefavorittane Ingemars. Geir Nielsen held ein knapp på dansebanddronninga Anne Nørdsti, medan Ingunn Rønnestad (framme) vel å fronte dansegallaen. Sprudlande Kosterikjedagar Med mykje spanande på plakaten skulle det ligge til rette for liv og røre i Syvde i pinsa. OLE MAGNE KVALSVIK Komiteen for dagane har arbeidd jamt med planlegging og førebuing og som i fjor er det eit vidfemnande program som no er så godt som på plass for denne helga i mai. Musikk Musikk og anna underhaldning vil sjølvsagt vere ein vesentleg del, både i kosterikjeteltet, på Blåfelden pub, i kyrkja og andre stadar. Kosterikjeteltet er forresten nyinnkjøpt gjennom Vanylven Utvikling til bruk for alle grendene som har slike dagar. Det startar opp med lokale ungdomar frå UKM og andre alt fredag ettermiddag. Seinare på dag vert det stand-up-show og den store nostalgikvelden med musikarar frå lokale band som var aktive på 70- og 80-talet. Nokre av dei er med i ulike samanhengar enno, som Dagfinn Slettevoll frå Rovde som nyleg gav ut CD-en D.S. Sauter-prosjekt. Ein også invitere fleire av dei unge, lokale talenta til å delta i lag med veteranane på dette. Storkonsert Lokale talent vil og opptre laurdag. Her satsar ein og på smakebitar frå den store oppsettinga av ”Annie” for nokre veker sidan og det vert gjensyn med dei dyktige Nordal-søskena som driv dans på eliteplan. På dansen om kvelden er det Vestlandsfanden med Reidar Brendeland i spissen som vil vere sentrale. Søndag er det mellom anna duka for stor konsert med Ytre Suløen og Sunnivakoret. Det vert og gjentaking av orgelkonserten i kyrkja frå i fjor, så her er det høve til å få med seg litt av kvart. Bubil og båt Sjølvsagt vert det og salsboder og mykje anna, så vi vil tru både vanylvingar og andre strøymer til bygda desse dagane. For dei som vil kome med bubil, campingvogn eller båt vert det og lagt til rette for det, lovar Sissel Myklebust i komiteen. – Dei er hjarteleg velkomne og vi skal finne plass til alle, lovar ho. Og for både dei og andre vert det som vanleg gratis frukost i teltet, sponsa av butikkar og næringsliv. Bygdevandring Så vert det sjølvsagt ny bygdevandring med ”raidio saur”. Radiostemma frå bygderadioen ”Radio sør” på 50- og tidleg 60tal, Nrk-mann og bygdehistorikar, Asbjørn Lade, samla mykje folk til bygdevandring i Saurdalen i fjor. I år vert det truleg ikkje så mykje vandring, ein vil meir ta utgangspunkt i Kristitunet og sentrum og halde seg der. – Det vert nok ein del om syvdingane si historie, liv og lagnad, og eg vil tru det vert mykje både overraskande og forvitneleg også for oss som har vakse opp her, seier Mindor Gjerde. Båt, hund og fjell Vi nemner i denne omgang også M/S Hindholmen. Den verna fiskebåten frå 1916 vitnar særleg om stordomstida i norsk fiskeri på 1950-talet og vil også ha selskap av redningsbåten ”Elias” til glede for den yngre genera- sjon. Så vert det som i fjor gjetarhundoppvisning, også eit innslag som fanga stor interesse i fjor. I år ved begge dei to gjetarhundentusiastane våre, Atle Arnesen og Jan Myklebust. Det vert sjølvsagt nytt Blåfelden Opp, det vert helikopterturar, i år også på Breiteigsfjella. Det vert ei friluftsgudsteneste med ein litt spesiell barnedåp på gamlekyrkjegarden, rebusløp BYGDEVANDRING: Asbjørn Lade si bygdevandring var eit svært populært innslag under Kosterikjedagane i fjor (FOTO: Vidar Parr). på sykkel og spanande kunstutstillingar og fotoutstillingar. Ein del av dette vil vi kome attende til, og her er det berre å byrje å gle seg. SYNSTE MØRE 13 TORSDAG 15. APRIL 2010 Sesongopnar i kveld Feltsesongen i gang Skyttarane har starta feltsesongen og i helga var det ikkje mindre enn tre stemne. Vi tar med ein del lokale resultat frå stemna frå Tua og på "Hauane". Vi ser mellom anna at Lennart Henden frå Syvde har vunne klasse 4 i skytinga på Haugen. I den lokalt sterke klasse V55 er det Ove Ekremsæter frå Fiskå skyttarlag som dreg lengste strået i to av stemna med gode resultat. På Tua merkjer vi oss eit fint resultat av Henning Olai Sætre i Eidre rekrutt. Til helga er det Bryggja og Dalane skyttarlag som har stemne på Nave og neste helg avviklar Fiskå og Syvde sine skytingar. Stemna tel og i Nordfjordcupen Tuafelten 92 deltakarar Mesterskap Klasse 2-5 og V55: 1. Bjørn Inge Espe, Haugen 30/13, 4. Kjell-Arne Myrvoll, Syvde 29/12, 6. Odd Arne Sætre, Syvde 28/07, 8. Anton Jon Aarskog, Sundnes 27/16 Åram/Vankam tek imot Vartal til sesongopning i 4. divisjon på Eidsåvoll i kveld. teresse kring laget. I ein sesong der opp mot åtte lag risikere å rykke ned ein divisjon vert kvar kamp viktig og kanskje spesielt kampar mellom lag som verkar å ligge i midtsjiktet av divisjonen. MÅLFARLEG: Elling Flister fyrte laus i siste treningskamp mot Gursken/ Larsnes. Bak ser vi Ole Per Kragset. ÅVK melder om at dei fleste spelarar er klare til dyst. Framleis er langtidsskadde Bjørn Ove Aaland ute og heller ikkje Kennet Bellen er med i troppen. HÅVARD PARR ÅVK opplyser på sine heimesider at det er selt nær 100 sesongkort denne våren, noko som kan tyde på ei veksande in- På synste.no vil vi kome med meir om opningskampen. Hovedskyting Klasse 5: 1. Arve Halsteinslid, Haugen 29/18 Klasse 4: 2. Kjell-Arne Myrvoll, Syvde 29/12, 5. Jon Tore Sætre, Haugen 27/13, 7. Lennart Henden, Syvde 26/11, 10. Bjørnar Osnes, Volda 24/11, 15. Linn Kathrin Bakke, Haugen 06/03. Klasse 3: 2. Odd Arne Sætre, Syvde 28/07, 4. Terje Lundebrekke, Stadlandet 25/11, 8. Kåre Måge, Haugen 22/09, 10. Jan - Frode Hestenes, Bryggja 21/06 Klasse 1:, 2. Randulf Lillebø, Fiskå 11/02. Junior: 1. Håkon Sætre, Haugen 30/16 Eldre rekrutt:, 3. Henning Olai Sætre, Syvde 29/19 V55: 1. Anton Jon Aarskog, Sundnes 27/16, 2. Ove Ekremsæter, Syvde 26/14, 3. Erling Sylte, Fiskå 24/09, 6. Odd Hestenes, Bryggja 17/05. V73: 1. Gunnar Mjeltevik, Sykkylven 30/18, 2. Arnold Myrvoll, Syvde 29/15 AG3: 1. Bård Aarseth, Volda 17/05. Tore Sætre, Haugen (4) 27/13 Hovedskyting: Klasse 1: 1. Randulf Lillebø, Fiskå 15/6, Klasse 3: 4. Odd Arne Sætre, Syvde 25/11, 6. Kåre Måge, Haugen 25/7, 8. Terje Lundebrekke, Stadlandet 23/14, 9. 8, 10. Jan - Frode Hestenes, Bryggja 23/5, Klasse 4: 1. Lennart Henden, Syvde 30/17, 5. Kjell-Arne Myrvoll, Syvde 28/8, 6. Jon Tore Sætre, Haugen 27/13, 7. Linn Kathrin Bakke, Haugen 26/10, 12. Bjørnar Osnes, Volda 23/8 Klasse V55: 1. Ove Ekremsæter, Syvde 29/16, 2. Svein Hoem, Stryn 29/12, 4. Anton Jon Aarskog, Sundnes 23/14, 5. Erling Sylte, Fiskå 23/10, 6. Odd Hestenes, Bryggja 22/12 Klasse AG3: 1. Bård Aarseth, Volda 22/6 Klasse ER: 9. Aina Sofie Bakke, Haugen 26/12, 11. Henning Olai Sætre, Syvde 23/7 Klasse J: 5. Håkon Sætre, Haugen 24/23 Klasse V65: 7. Inger Johanne Sætre, Syvde 25/14 Klasse V73: 3. Tor Zachariassen, Ålfoten 29/16, 5. Arnold Myrvoll, Syvde 29/9 Haugenfelten 91 deltakarar: Mesterskap: Klasse 2-5 og V55: 1. Lennart Henden, Syvde (4) 30/17, 2. Ove Ekremsæter, Syvde (V55) 29/16, 8. KjellArne Myrvoll, Syvde (4) 28/8, 10. Jon Klart for Stadlandet Rett Vest Neste laurdag er det på nytt duka for god trim og flotte naturopplevingar på Stadlandet. OLE MAGNE KVALSVIK Fjelløpet over 14 kilometer går i år for femte gongen og har hatt jamn stigning i deltakartalet dei fire tidlegare gongane. I fjor deltok det 175 personar i mosjonsklassa og 35 i konkurranse. Det vert spanande å sjå om ein klarer å slå dette i år. Tre klasser I år vert det også tre klasser, i forhold til to dei tidlegare åra. – I tillegg til konkurranseklasse og mosjonsklasse med tidtaking vil vi i år ha ei mosjonsklasse utan tid som kan starte litt før mosjonsklassa med tidtaking startar. Det har vist seg at nokre vil bruke meir tid og er redde for å kome for seint til målområdet. Difor opnar vi for dette, men helst ønskjer vi at folk skal stille i ei av klassene med tidtaking. Sjølv om ein startar i mosjonsklassa med tid, er det fullt råd å ta det med ro utover fjellet og legge inn matpausar og anna, seier Mirjam Friberg i Stadlandet idrettslag. Gode premiar Helst ser ho og dei andre i arrangementskomiteen at fleire vil melde seg på i konkurranse. – Særleg i fjor hadde vi nokre som stilte i mosjonsklassen med tid og sprang så godt at dei ville hevda seg langt oppe i konkurranseklassene. Difor oppmodar vi dei som er i brukbar form til å stille her. Det er også her det er størst sjanse på premiar, med også pengepremiar til beste, sjølv om vi trekk gåvepremiar mellom alle deltakarane, seier Friberg. Forbetringar Det vert også nokre andre små endringar i arrangementet. – Mellom anna vil vi ha to bussar som fraktar deltakarar frå Ervik, slik at det vert mindre venting. Det vert og fleire bord for påmelding ved start og betre informasjon over høgtalarane. Vi vil og ha ei felles oppvarming med musikk, og i målområdet vert det og nokre underhaldningsinnslag ved sida av at enkelte av verksem- dene våre vil ha stand der dei profilerer seg. Alt i alt prøver vi å gjere små forbetringar frå år til år, smiler Friberg. I mosjonsklassa er det og lagt opp til ei idealtid med premie til den som kjem nærast, og Friberg minner også om løypa for dei yngste og dei som ikkje kan gå så langt, rundt Ervikvatnet. NATUR: Løypa på Stadlandet Rett Vest må vel seiast å vere ei av dei som går i dei flottaste omgjevnadane av løp i distriktet. Her ein gjeng trufaste deltakarar frå Voss på veg mot Mosekleivhornet i 2009. (FOTO: Ronald Haaland) SYNSTE MØRE 14 TORSDAG 15. APRIL 2010 Minnet er framleis klart Ho er den eldste i bygda. Og om synet er dimt og knea skrøpelege, så er tanken klar og minnet godt. HALLSTEIN LJOSÅ Laurdag 17. april fyller Liv Nygård frå Rovde 95 år og med 5 born, 19 barnebarn og 30 oldeborn ligg det nok an til å verte litt av eit selskap. Ei anna Rovdestrand Barndomsheimen sin hadde ho på Helgelandskysten, men som 18-åring kom ho til Rovde og var tenestejente hjå bror sin som forpakta garden til Ole Lillerovde. – Eg kom 20. april, seier ho, det første prov på at datoane sit inne. Og om vinteren hadde ho teneste på Redse. – Men det var ei heilt anna Rovdestrand den gongen enn no. Det er ei himmelvid forskjell, så dei unge i dag kan nok slett ikkje tenkje seg korleis det var. Det var heller ikkje bilveg oppi bygda. Redsevegen vart bygd seinare. Første tenesta hadde ho som 14-åring hjå søster si, og då var det vel ikkje snakk om pengar som løn, men som 16-åring kom ho til Sandnessjøen i teneste og då var løna 15 kroner i månaden. Ho minnest første månadsløna ho fekk. Då kjøpte ho seg sko som kosta 12 kroner og silkestrømper som kosta 1.50, og då var det ikkje mykje att. Og noko var det som skulle gjerast både seint og tidleg. Det var ikkje mykje unnaluring. Ho minnest dei store vasstynnene som skulle fyllast. Slike tynner var det gjerne både i stovehus og i fjøsen, og vatnet måtte berast inn i bytter. Til Rovde for godt Første opphaldet på Rovde vart ikkje så lenge. Oslo freista, ho reiste dit og var der i fire år før ho igjen kom tilbake til Rovde i 1938, og no kom ho for godt. Ho vart gift med Klaus Nygård og dei busette seg etter kvart på småbruket oppe i bygda. Og det vart nok Liv som fekk mykje av ansvaret for gardsdrifta, Klaus var bygningsmann, fiskar og fangstmann. Like over nyttar reiste han på sildefiske, og det vart avløyst med ein tur til ishavet. Fangsten i Vesterisen starta 13. mars, og så var det gjerne heime igjen til 17. mai. Men livet på fiske og fangst sleit nok på den som var heime, særleg då det var store ulukker på ishavet. Heime gjekk dei i uvissa og håpa det beste, og lite og ikkje var det å høyre frå dei som var ute. Men Klaus kom alltid tilbake, og så har ho eit lyspunkt til: Borna var alltid friske. – Det måtte vere nok å gjere for den som var att heime med born og gard. – Det har vore travle dagar, inga unnaluring, men eg var vand med å arbeide og likte det. Det eg grua meg litt til var torv-vinna. Det var ikkje lite torv som skulle spadast og turkast, torv var einaste brenselet. Og så var det å få mjølka ned på vegen til mjølkebilen kom. Det var nedpå Rabben til riksvegen det i den første tid. Det var å drage mjølkespannene på kjelke eller trille nedover. Oppattover om ettermiddagen hadde vi betre tid, då var det også ofte skummamjølk i retur så då vart det køyrt med hest og vogn, ofte var det samarbeid med naboane. Men tenk på alt som skulle spøtast, når eg sette meg ned så var det å ha eit spøt i hendene. Det var vottar og lestar både til han som skulle på sjøen og til oss andre, strikking var det andre som utførde og spinning var mor mi ein ekspert på så det overlet eg ofte til henne. – Eg minnest det var grisepurker på garden også? Slepp billettar idag Andre helga i juli, frå den 9. til den 10. er store bandnamn som ”Hellbillies” og ”Donkeyboy” ventandes til Eidså. HÅVARD PARR Billettsalet til den tredje Vanylvsfestivalen i rekka byrjar med billettslepp i dag, og eit avgrensa tal billettar vil verte lagt ut for sal til ein eigen sleppris. Med ulike pass freistar festivalen med musikk i eit endå breiare spekter enn det vi har sett dei føregåande åra. I tillegg til stjerneskota i "Donkeyboy", med tre spelmannsprisar i bagasjen, kjem X-faktorvinnar Chand. Om ikkje dette treff innertiar, så kjem også Michelle Birkballe, Johan Piribauer og Dina Misund. Iscenesett framfor utsynet til dei spektakulære Breiteigsfjella skulle konsertkulissane vere dei aller beste og knappast nokon gong har vel så mange stornamn innanfor musikken vitja Vanylven samstundes. I ÅR KJEM DEI: Med ei rykande fersk plate i turnekofferten vil Hellbillies vere eit av dei store trekkplastera på Vanylvsfestivalen den andre helga i juni (FOTO: Eirik Burås/kolonihaven.no) – Ja, det var det, tre – fire stykkje, men det var sidan Klaus vart sjuk og var heime. Han fekk tidleg hjarteinfarkt. Den gongen var det ikkje snakk om operasjon. – Nygård, langt og bratt oppi Sundnesbygda, få naboar, var det tungvint og einsamt? – Nei slik har eg aldri tenkt. Eg hadde sykkel og eg treivst der. Omsorgsbustad I 1996 var omsorgsbustadane på Rovde ferdige og Liv Nygård var av dei første som flytte inn der. – Korleis var det? – Eg innsåg at eg berre måtte flytte, men i den første tid sakna eg veldig utsikta. Men her er det greitt å vere, sentralt og nytt varmt hus. Tenk på ein slik kald vinter som har vore om ein skulle bu i eit gammalt kaldt hus. Eg kosar meg her. Eg har for dårleg syn til å ha særleg glede av fjernsynet, men eg høyrer mykje radio og så har eg lydbøker. Ja, og så har eg ei kjempekjekk støttekontakt. JUBILANTEN: Liv Nygård minnest ei heilt anna Rovdestrand då ho først kom til bygda 18 år gamal. Terje Viken – Korleis går det med Terje Viken, kan du framleis heile diktet? – Det trur eg nok, men å ha alle 40 versa i rett samanheng kunne nok verte vanskeleg. Sist eg prøvde var på eit pensjonistmøte, men det er mange år sidan. I min oppvekst song vi mykje. Eg har seks eldre brør, og eg hugsar korleis vi sat i kjøkkenet i skumringstida kveldane og song og song. Det var Terje Viken, Lenda frå Land og Sinklarvisa. Eg hugsar ikkje at det var noko å sjå teksta utor, vi berre song både vist og gale. Når det gjaldt Terje Viken så både song eg og gret, for eg tykte der var så mykje trist og gripande i den visa. Eg kan aldri hugsa eg har pugga teksta, den berre kom inn med "morsmjølka". – Pikeforeininga vart eg med i då eg kom til Rovde, du verda kor mange vi var som var med i den foreininga for Santalmisjonen som Sevrine Lillerovde var leiar for. Den same foreininga har vore i sving alle desse åra og no er det ikkje lenger jenter som er med men gamle kjerringar, halte og blinde frå 80 år og oppover, ja rett skal vere rett, det er eit par yngre også. Og denne foreininga hadde basar like før påske. Vi grua oss litt på førehand, men vi fekk god hjelp, det vart fullt hus og det kom inn over 20.000 kr til misjonen. Det var den sværaste basar vi har hatt. Og skulle det verte den siste så var det ei verdig avslutning, seier Liv Nygård. SYNSTE MØRE 15 TORSDAG 15. APRIL 2010 INNLEGG ARRANGEMENT Slekt opp og slekt i mente Det er interessant å rekkje røter, og det er svært gildt å sjå at folk no tek til å verte medvitne om vår nære fortid, og at slektkjensla kanskje tek seg opp att, etter å ha vore ”ute” i mange år. Det har også vore tungvint tidlegare, å leite etter personar i kyrkjebøker og arkiv, då ein ofte måtte reise langt for å finne arkiva. Det var også tungvint med dei gamle apparata til å blade i bøkene med, og skrifta til prestar og andre geistlege, er ikkje alltid like lett å forstå. Det var ikkje alltid fjørpennane var nye. Difor kjem no ei vaknande interesse for slektsforsking, med dei nye tekniske hjelpemidla, og ein kan lese kyrkjebøkene i si eiga stove, forstørre opp skrifta og retteleg leve seg inn i forfedrane sitt liv og sin lagnad. Eg har med glede lese både Jakob Kroken og Brit Irene Kvamme sine artiklar, også for di eg har lese mykje i bygdebøkene i alle år, og har funne interessante ting der. Eg har før skrive om den første presten i Ulsteinvik som er namngjeven. Han var dansk, etter som det står å lese, og budde på Dimnasund prestegard. Den første kona veit vi ikkje namn på, men med henne hadde han fleire born. Det har gått rykte om at ho var fostra på prestegarden, og somme har meint ho var av taterslekt. Ein son med same namn som presten flytte til Herøy , visst nok som lensmann. Og eit oldebarn av han reiste til ytre Vik i Vanylven og busette seg på br.1, der. Der finn vi han og borna Mads, Mari, Ole,Rasmus og Dorte. Den eldste guten, Mads, tok over bruk nr 3. han hadde fire born. Jakob, som overtok garden, vart gift med Johanne Jonsdatter Hatlebrekke. Så vidt eg har forstått, var ho dotter til bror åt kona til min tipptippoldefar Knut Støylen på Syltedalen. Jakob Madsen og Johanne var også foreldre til mi oldemor på farsida: Marte Jakobsdotter, Haugbakk-Marte og min tippoldefar på morsida: Arne Jakobsen Vik, som var far til Gjertrud, gift på Syltedalen med Martinus Myklebust den eldre som var dotterson åt Knut Støylen. Min far frå Haugbakken var altså tremenning med min morfar på Syltedalen, Martinus Myklebust den yngre. Det var mykje gifte innanfor slektene før, som Kvamme peikar på. Men Dorte, farsøster til Jakob vart ift på Vikebakk l. med Ole Olsen Tue. Ein av sønene var Jonas, som saman med kona Mari Olsdtr frå Storeide fekk fleire born, ein av dei var Jan, som flytte til Røvehammaren, og så vidt eg skjønar var ættfar til Jakob Kroken den eldre og dermed Jakob Leiv Kroken, forfattaren av artikkelen i Synste Møre. Så kan ein seie at dette er så lenge sidan og at blodet knapt er tjukkare enn vatn etter så lang tid. Men gener forsvinn ikkje, dei kjem att og kjem att i nye ættledd. Og hundreåra går så merkeleg fort. Då Håkon Fiskaa skreiv dei første slektsbøkene, hadde dei funne ut at både Berte i Årøyane, Per Storeide, Olav Rusti og fleire, hadde slektsrøter til Mads Madsen Fynbo. Dette fekk eg brev frå Fiskaa om. Mange fleire kan rekke slekta dit, for ”Madsefolket” hadde mange born som bar slekta vidare, sjølv om så forferdeleg mange born og unge, døde. Dette berre som eit apropos til dei to gilde artiklane. Marie Lovise Widnes. Har du diabetes og veit at du bør trene meir? – No har du høve til å kome i gong i lag med andre, fortel diabetessjukepleiar Gerd Helen Masdal ved Volda Sjukehus. – Onsdag startar vi trening på Fiskå og i samarbeid med Vannylven Kommune har vi fått fysioterapeut Solveig Menes til å leie treningane. Dei vil gå kvar onsdag fram til sommaren Masdal fortel at dette er eit tilbod som mange med diabetes har etterspurt. Folk med diabetes er som folk flest. Det er ikkje så lett å kome i gang med trening på eiga hand. Om ein trenar i lag med andre vert det lettare å kome i gong. Treningane er retta mot folk med diabetes I Vanylven og ein treng ikkje å vere I god form for å ta del, skriv Helse Sunnmøre I eit presseskriv til oss. ... og bygdene rundt! Synste Møre er – etter det vi les på side tre – avis for ”Vanylven og bygdene rundt”. Kva som ligg i bygdene rundt er ikkje nærare definert. Det er vel kanskje tvilsamt om den tyske byen Schwarzhausen kan reknast med her. Men like fullt, i Hautpstrasse 12 i den byen, har vi to av våre trufaste lesa- rar. Like før påske fekk vi hyggjeleg helsing frå Rita og Georg Shumann som takka for interessant stoff frå Vanylven. Dei to har vore i Noreg, nærare bestemt på Hammaren på Hakallestranda, kvart år sidan 1994. Og det er Petter Nybø som har sytt for at dei får avisa. Og sjølv om vi altså ikkje rakk å få med helsinga frå Rita og Georg i påskenummeret, synest vi den er så hyggjeleg at vi tek ho med her litt på etterskot: ”Vi ønker alle lesere og redaksjonsmedlemer en glad påskefest og mye fargerike påskeegg”! Det finst dei som meiner at ein kan greie seg utan egg også... MØTE Du kan tinge lokalavisa ved å ringe 70020820, ta kontakt på e.post redaksjonen@synste.no . Aglow til Hakallegarden ”Å kome heim” er overskrifta på føredraget Sigrid Moltumyr skal halde på møtet til Aglow på Hakallegarden laurdag. Ho vil snakke om eigne erfaringar kring søken etter meining, noko ho først som vaksen oppdaga i den personlege relasjonen til Jesus. Det er Aina Mol- skred som har invitert Aglow til å halde møte på garden. Sidan Aglow lenge har vore eit viktig kristen fellesskap for Aina, vil ho samle kvinner i sitt heimemiljø denne gongen, skriv Søre Sunnmøre Aglow i eit presseskriv til oss. DELER ERFARINGAR: Sigrid Moltumyr SYNSTE MØRE 16 TORSDAG 15. APRIL 2010 For 10.gang! Sande kommune 7.-11. juli 2010 Seljord 2010 28.juli - 1.august Nordens største countryfestival! Nitty Gritty Dirt Band (US) Carleene Carter(US) Hellbillies Vassendgutane Jahn Teigen og Anita Skorgan Lasse Stefanz Ole Ivars Frøya Too Far Gone Steff Nevers Ca 25 topp countryband Vi ynskjer gode søkjarar til følgjande stillingar Einingsleiar/rektor – Kvamsøy oppvekstsenter 2. Einingsleiar/rektor – Gursken oppvekstsenter Fast tilsetting - 100% Fast tilsetting – 100% Undervisningsstillingar i grunnskulen 4. Assistentstilling – Larsnes oppvekstsenter 5. PP-rådgjevar 6. Lærarar i kulturskulen Totalt ca 25 band Visus 1. 3. Anne Nørdsti Ingemars Vazelina Bilopphøggers 3 Busserulls PK & Dansefolket Vagabond Steinar Engelbrektson Band For 12. gang! Musikk fra 3 scener 14 timers non stop musikk Stor campingplass med alle fasiliteter Stort Amcar-treff 18 års aldersgrense Info./bestilling tlf. 35055164 www.countryfestivalen.no 14 timer non stop musikk hver dag. Musikk fra 3 scener. Stor campingplass med alle fasiliteter. Hotell, motell eller 4/8 sengs leiligheter. Aldersgrense 18 år. Info/bestilling: tlf. 35 05 77 00 www.seljordfestivalen.no når noko skjer - sjå innom www.synste.no Ledige stillingar ved alle skular HUS - HYTTER - GARASJER 60% fast Inntil 100% vikariat HAR DU BYGGEPLANAR ? Ulike musikk- og kulturfag fast inntil 100% Spør etter vår nye huskatalog. Den inneheld ei mengd spennande og interessante hustyper, samt mange gode idèar. Finn du ikkje noko som fell i smak, teiknar vi sjølvsagt eit heilt nytt hus spesielt for deg. Søknadsfrist: 01.05.10. Gå inn på www.sande-mr.kommune.no for fullstendig utlysing og søknadsskjema. For deg som har hytteplanar, har vi utarbeidd ein katalog som inneheld 16 fritidshusvære. I tillegg har vi eit stort arkiv med gode idèar. Opplysningar får ein ved å vende seg til Sande kommune v/Øystein Johansen, tlf. 99 29 15 22. Vi har også eit betydeleg arkiv av garasjer i forskjellige storleikar og fasongar. Ta gjerne kontakt for eit hyggjeleg tilbod! 8WDQIRUDOOIDUYHJKHOGLJYLV BYGGFAG Nystøl & Fagerhol AS 6143 FISKÅBYGD Tlf. 70 02 08 30 Fax. 70 02 08 31 E-post: post@nystol-fagerhol.no www.nystol-fagerhol.no www.byggfag.no Gjer som oss, sats på kjende leverandørar! Visus. Foto: Baard Sperrerud Sande kommune på Søre Sunnmøre har ca. 2600 innbyggarar. Vi prioriterer å gje gode oppvekstvilkår gjennom skule og barnehage i ein desentralisert struktur, der nærleik til brukar og samspel med enkeltindividet er sentrale verdiar 1 ,(%%% 2,) ,0 ## 3* %4 2,"0#& % 3 $*"0, , *0 ,0'*,0 & #&00,0) ,0 ## % & ( 3 ,% % * !!! 4* 2, ,&$ 2 & "&$$% %*,!&%* ,"# 0* 3, $) *&* * 3 ,$#0 % &3 & 3* ,0 %0%,!&%* 0 ##, , %(*&*$- &"3# 00 #2,,) #) .5 5 . 55 (&,0) *%)# %&*&2,)%& *%0)2$*,0%&*&2,)%& SYNSTE MØRE Gruppetrening for deg med diabetes Har du lyst til å trene saman med andre som har diabetes. Onsdagar kl 18 har vi oppmøte ved inngangen til Vanylven sjukeheim på Fiskå. Treninga er i regi av Vanylven kommune i samarbeid med Diabetes Poliklinikk, Volda, og vert leia av fysioterapeut Solveig Menes. Det kostar kr 85,- pr gong. 17 TORSDAG 15. APRIL 2010 Fiskeklubbmedlemar, barn og unge KonÀrmasjonsdress VJFF inviterar til fiske med småline frå str. 12-18 år kr 799,- Laurdag 17. april, frå kl. 12 til 15 Basen vår vert ved småbåthavna i Vik (Syvde), med oppmøte kl 12 presis for dei som vil vere med ut i båt, (begrensa antal, fyrst til mølla...) Skjorte frå Giovani Påmelding/info kontakt Aksel Øren aoeren@online.no (99 12 99 89) innan fredag 16/4 kl 15. kr 399,- NB! Husk å ta med redningsvest og varme kle! Vêr avhengig, kan verte avlyst ved dårleg vêr. Slips frå... kr 149,- Søknadsfrist: 15. april Pakketilbod: dress + skjorte + slips & tørkle kfu2010 kr 1.199,- DIN LEVERANDØR AV BYGGEVARER - Utdanna i Volda, sa du? HUS - HYTTER GARASJER Nystøl & Fagerhol AS 6143 FISKÅBYGD Tlf. 70 02 08 30 Fax. 70 02 08 31 E-post: post@nystol-fagerhol.no www.nystol-fagerhol.no Fagbutikken i Ditt Distrikt! Bachelor og Gir du litt av deg sjølv, profesjonsutdanningar: får du mykje tilbake! Lærarutdanning Førskulelærarutdanning Aktive og kreative studentar Animasjonsutdanning Rimelege hyblar og levekostander Drama/teater Inkluderande og godt studentmiljø Kunst og handverk Utanlandsutveksling i alle studium Musikk Dokumentarfilmfestivalen Sosionom og barnevernspedagog Animasjonsfestivalen Historie, kultur og samfunn VEKA og vekerevyen Språk og litteratur Planlegging og leiing Volda er den største studiestaden Idrett og friluftsliv mellom Bergen med Trondheim PR, kommunikasjon og media med over 3500 studentar Media, IKT og design Journalistikk Frå Comfort butikken ... Støvsugar Ultra One Electrolux Z8820 - kun 72 dB (A) - skyllbart HEPA 13 ¿lter - 2200 watt Vaskemaskin Zanussi ZWF5125 - Energikl. A -10% - 1200 o/min - Elektr. styrt www.hivolda.no 9.-10 juli 2010 Vanylvsfestivalen Er det fullt i kjellar og på loft? Kanskje nokon vil kjøpe det du ikkje treng meir? Prøv ei rubrikkannonse til 50,+ mva i lokalavisa! Ring 700 20 820 eller send mail til redaksjonen@synste.no Kondenstørk P P E L S T T E L BIL Zanussi ZTE171 - Elektr. styrt program - Stopper når tøyet er tørt - Rustfri ståltrommel esialpris lettar tiål, Sspp.Møre, Fiskå il b l ta n a . 400,-* Statoil Fisk Redusert . april på 0,-* Ungdomspass kr Sal frå 16al pass kr. 60 HELLBILLIES Festiv DONKEYBOY CHAND-SIE GUBBA Kjøleskap Electrolux ERC 37207W - Glashyller - H 180/B59,5 cm - Energiklasse A MICHELLE BIRKBALLE JOHAN PIRIBAUER DINA MISUND m.Á. * Festivalpass ord. kr. 900,- v/inngang kr. 1200,- / Ungdomspass ord. kr. 550,- v/inngang 700,- A.M. VIK AS, 6140 Syvde - Tlf.: 70 02 31 13 Åpningstider: mand. - fred. 09.30-17, laurd. 10-14 SYNSTE MØRE 18 TORSDAG 15. APRIL 2010 Generalforsamling i Vanylven Utvikling AS F I B E R S AT S I N G 11. mai kl 19 i kommunestyresal, Fiskå Saksliste: val av revisor, val av styre, godkjenning årsmelding og rekneskap 2009 VANYLVEN UTVIKLING Interesseorganisasjon for næringsutvikling i Vanylven Praksisordning for ungdom sommar 2010 Denne praksisordninga er opa for ungdom mellom 15 og 17 år. Arbeidsgjevar får eit tilskot pr. time i inntil 3 veker (112,5 timar). Ungdomen vil få løn, eit nettverk og ein arbeidsattest. Ungdom og arb.gjevarar som ynskjer å delta i ordninga sjå vanylvenutvikling.no for meir info og søknadsskjema, eller ring 700 20 881 VANYLVEN DIN LEVERANDØR AV BYGGEVARER Tussa er eit leiande og utviklingsorientert energi- og kommunikasjonskonsern på Nord-Vestlandet. Tussa produserer og overfører straum, og kjøper og sel ulike energiprodukt. I tillegg byggjer vi ut breiband, driv eiga installasjonsverksemd og er leiande på IT-drift og kommunikasjon i området. Vi er nær 300 medarbeidarar og har ei årleg omsetjing på om lag 600 mill. kroner. Tussa er i stadig utvikling og byggjer no ut fibernett til husstandane på søre Sunnmøre. Dei neste åra vil Tussa investere for 200 mill. kr i fiberteknologi. Utbygginga vil gjere Tussa i stand til å levere kraftig internett, TV-pakkar, leigefilm og telefoni. UTVIKLING Satsinga gjer at vi i prosjektperioden har behov for fleire Interesseorganisasjon for næringsutvikling i Vanylven FIBERSELJARAR – heiltids- og deltidstillingar HUS - HYTTER GARASJER Nystøl & Fagerhol AS 6143 FISKÅBYGD Tlf. 70 02 08 30 Fax. 70 02 08 31 E-post: post@nystol-fagerhol.no Søknadsfrist: 15. april www.nystol-fagerhol.no Fagbutikken i Ditt Distrikt! KAMPANJEDAGER! Espegard Notsekk Barnevern og sosionom Vil du arbeide med menneske? Omsorg og oppfølging er ikkje sjølvsagt for alle, og då trengst det flinke sosialarbeidarar som kan hjelpe. Kvalifikasjonskrav - Kundeorientert, fleksibel og positiv - Evne til å takle høgt arbeidstempo - Teknisk forståing er ønskjeleg - Personlege eigenskapar vil verte vektlagt Vi kan tilby - Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt energi- og kommunikasjonskonsern - Eit uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel - Tilsetjingsforhold gjennom bemanningsbyrå Fleire opplysningar om stillingane får du på tlf. 70 04 62 00 hos Steinar Hauge eller Ivar Driveklepp. Aktive og kreative studentar Rimelege hyblar og lave levekostandar Super tørke- og transportsekk for ved. Leveres med plano bunn eller bunntømming. Inkluderande og godt studentmiljø 3570 Ål Tlf 3208 6330 Elektronisk søknadskjema finn du på www.tussa.no. Søknadsfrist 27.04.2010 til: jobb@tussa.no www.espegard.no Utanlandsutveksling i alle studium SYNSPRØVE Off. godkjent optiker Dokumentarfilmfestivalen Animasjonsfestivalen VEKA og vekerevyen www.hivolda.no Viktige arbeidsoppgåver vil vere - Sal av fiberaksessar til husstandar - Planleggje, gjennomføre og følgje opp kundeaktivitetar - Inngå salskontraktar Stillingane vil ha oppmøtestad Ørsta. kfu Andre bachelor og profesjonsutdanningar: Lærarutdanning Førskulelærarutdanning Animasjonsutdanning Drama/teater Kunst og handverk Musikk Sosionom og barnevernspedagog Historie, kultur og samfunn Språk og litteratur Planlegging og leiing Idrett og friluftsliv PR, kommunikasjon og media Media, IKT og design Journalistikk Vi søkjer etter fleire dyktige og motiverte seljarar som ønskjer å verte ein del av eit spanande salsteam. Teamet sel fiberløysing og digitale produkt til eksisterande og nye kundar. Delar av arbeidstida er lagt til ettermiddag/kveld og du må pårekne reiseaktivitet på søre Sunnmøre. - øye for ditt syn Tlf. 57 85 15 62 - Måløy HUGS EU-kontroll! Finn ut når du trenger EU-kontroll på AutoMester.no og meld deg på Gratisvarsling for neste kontroll. Rolandsen Bilverksted AS 6143 Fiskåbygd Tlf.: 700 21 320 Fleire glade bilistar www.automester.no Lokalt nytt ¿nn du i lokalavisa! Sjå også innom www.synste.no Har du tips om ei god sak - send mail til: redaksjonen@synste.no eller ring 700 20 820 SYNSTE MØRE PINSEMENIGHETEN Datakurs for pensjonistar Sion Åheim Fredag 16. april kl.19.30. Eit kurs er igong. Dersom interessa for eit kurs til, er stor (maks 12 pers.) ring 700 24 063 eller 99 64 98 62 Minikonsert ved Cilla Hector Jan Nestvold orienterar om Ibra-arbeidet. Kollekt til Ibra. Velkomen! 19 TORSDAG 15. APRIL 2010 Årsmøte til Hovda Utmarkslag 6. juni 2010. Saker som medlemar ynskjer å ta opp må vere styret i hende innan 30. april 2010. Nærare annonse vert trykt i lokalavisa i tråd med vedtektene. Styret Hovda Utmarkslag Dalsfjord sogelag EIDSÅTUN L/L PINSEMENIGHETEN Leige av Eidsåtun tingast hjå Åse Kolgrov på telf. 942 09 509. Styret Vårfest på Sion Søndag 18 april kl.16. Program ved borna. Utlodding og premiering. Mat. Vi bed foreldra ta med eit matfat Heile familien og elles alle som vil: Velkomen! Arr. Junioren og Søndagsskulen Eidså bedehus Velkomen til møte onsdag 21. april kl. 19.30 Tale v/Dag¿nn Røsvik. Song av Oddmund Eikrem. Misjonsgåver. Kristen muslim misjon Åheim helselag har basar på Misjonshuset tysdag 20. april kl. 17 Alle hjarteleg velkomne! Sildebord (boknasild, sildekaker, og andre silderettar) Dalsfjord skule sundag 18. april kl. 16 Styret for Dalsfjord Sogelag Åheim Elveeigarlag Årsmøte Tysdag 20. april på Åheim skule kl. 19 Vanlege årsmøtesaker og nye føreskrifter. Andre saker ein ynskjer å ta opp - kontakt styreleiar. Velkommen! Kultur og oppvekstsektoren: 50% stilling som assistent, Fiskåbygd skule, StillingsID 142 100% stilling som assistent, Åheim skule, StillingsID 143 Søknadsfrist 30.04.2010. Sjå fullstendig annonse www.vanylven.kommune.no OPEN SAMLING på Hakallegarden (i Vanylven) for jenter/ kvinner i alle aldrar, laurdag 17. april kl. 17 - 20.00. Gratis inngong. Sal av mat og div. frå kl. 16.00. Rådmannen på Eidsåtun laurdag 17. april kl. 21.00 - 01.30 Musikk: Nils Petter Nes Syvde skulekorps inviterer til bygdafest i høve 50- års jubileet, laurdag 17. april kl 18. Alle er hjarteleg velkomne til flott underhaldning. Fri entre, matsal. Styret Husk IDAG torsdag 15. april Eidsåvoll kl. 18.30 Mannskorkonserten Åram/Van.kam FK - Vartdal i Vanylven kyrkje søndag kl 19 Velkomen til Eidsåvoll! Stadlandet Rett Vest VANYLVEN KOMMUNE Vanylven kommune har desse ledige stillingane: Gla Dansen Bli med på ”Noregs vakraste fjelltrim” laurdag 24. april Mosjonsklasse kl 11.00 - Konkurranseklasse kl 12.00 Mosjonistar utan tidtaking kl 10.00 - kl 10.45 Start frå Dragseidet følg skilting. Buss frå parkering til startpunkt og frå målpunkt til parkering. Påmelding opp til ein halv time før start. Løypetraseen 14 km: Dragseidet - Vardeberget - Grøyterøysa Mosekleivhornet - Ytre Stad Grendaskule. Konkurranseklassar - kl.inndeling. Mosjonsklassa - blanda www.aglownorge.org Barne- og familievennleg løype rundt Ervikvatnet 5 km Start mellom kl 11 og kl 12 frå Ytre Stad Grendaskule (ikkje påmelding) Permanent feittfjerning utan kirurgi! No -10% Reperasjon/ vedlikehald av motorsag - grasklippar - slåmaskin påhengsmotor o.l. Tlf. 700 23 990 Tinging av bork til dekke i skråningar, bed o.l. ring Kjell Kjøde Før Etter tlf. 90 10 89 52 Hårfjerning No -10% Plastikk kirurg på klinikken i april og mai. Restylane/Botox vert utført dagleg av spesialsjukepleiar. Timebestilling HUD- OG LASERKLINIKKEN PLASTISK KIRURGI Tlf. 70 07 76 77 www.hudoglaserklinikken.no BEST SYVDE Medarbeidar søkes Vi treng for snarlig tilsetning 1 til 2 faste bensinstasjonsmedarbeidarar. Må vere 18 år. Vik Bilverksted AS 6140 Syvde Solveig Landsverk 700 23 305/700 23 064 Påmelding, priser og meir info: www.stadlandetil.no Eller ring Mirjam Friberg mob. 41 54 20 19. Vi ynskjer alle velkomen til ei unik naturoppleving. Arr: Stadlandet Idrettslag HJELP! Herrering mista strekninga vidaregåande til/på puben i Syvde palmehelga. Ringen er veldig spesiell, lett gjenkjenneleg og eit kjært arvestykke, med stor affeksjonsverdi for meg. Har du funne den? Ta kontakt med red. i Synste Møre. Finnar løn kr. 1000 Motorslåmaskiner m.m. Honda, Benassi Àeire str. Bestill tidleg for gode tilbod. Ellers alt i hagemaskiner og motorsager m.m. med inntil 4 års garanti. Castrol, Mobil og Agrip til bil, båt, MC og maskiner. Lave prisar! KJØP/SAL/LEIE Påhengsmotor 5-15hk, evt. også plastbåt 13-14 fot ønskes kjøpt. Tlf. 911 77 985 Salg og utleige av: BMW 316i 2004. 61000 km. Eu-godkjent 7. januar i år. Det er montert anlegg til 16000, orginalt, kan følge med om ønskelig. Nesten nye sommarfelgar. Kan sjåast i Syltefjorden. Ring for meir info. Tlf. 976 63 935 Surfor til sals. Fiskåbygd - tlf. 48 02 68 76 Kiropraktor Henriette Svendsen og Sindre Brekke Syvde - tlf. 70 02 12 31 Geir Nordal, tlf. 700 23 229 Minigravar/betongsag/rivingsutstyr/ hageprodukt Tlf. 700 23 990 Varmepumper/ kjøleanlegg salg - service & kontroll Tlf. 700 23 990 TORSDAG 15. APRIL 2010 TORSDAG 15. APRIL 2010 SISTE 20SIDA SYNSTE MØRE SYNSTE MØRE SOL & MÅNE Sola står i dag opp 06.15, og går ned 21.03. Månen står i dag opp 05.41 og går ned 23.24. FLO & FJØRE Tors. Fred. Laurd. Sønd. Mån. Tys. Ons. FLO FLO FJØRE FJØRE 00.04 00.34 01.06 01.41 02.20 03.07 04.05 12.14 12.47 13.24 14.04 14.51 15.48 16.59 06.12 06.45 07.20 08.00 08.46 09.42 10.53 18.29 19.01 19.35 20.14 21.00 21.58 23.13 Alle utrekningar med utgangspunkt i Fiskåbygd. Kjelde: Statens Sjøkartverk, Tidevasstabellene. Løyve 208/95. FOR 20 ÅR SIDAN VestAvisa 11. april 1990 Siste salva avfyrt før påske: Hovedsiloen tilsvarar 2,7 km med olivintunnel Like raskt som omveltningane har skjedd i europeisk storpolitikk vinterhalvåret 1989/90, like merkbart skjer dei synlege endringane i Åheimsamfunnet i same perioden. Og like målretta som nasjonane er i sin perestroika, like sikkert gjennomfører A/S Olivin sin revolusjon innan transporten av masse. Alt går etter planen. Parallelt med utsprenginga av Olivintunnelen mellom Åheim og Gusdal, har utsprengingsarbeidet for den nye hovedsiloen på Olivin sitt anleggsområde gått føre seg. 50.000 kubikkmeter fjellmasse er utskoten. FOTO: Håvard Parr På køyretyet skal storfolk kjennast Den er mest for ein buss å rekne den nye trillevogna i Solsikka barnehage. No som snø og is har forsvunne på vegane kan dei endeleg ta i bruk det spanande køyretyet. Nesten heile småbarnsgruppa ”Storknebb” går opp i same barnevogna kan vi sjå. Men då vert det også så tungt at dei må vere to som skuar dei selesikra barna. Passasjerane er (frå venstre): Isak Maalø, Ingvar Per Rusten, Bendik Rekkedal, Linea Josefine Lillebø, Gretha Søvik Rusten og Daniel Grønvold. I den ”lille” vogna sit Nikolai S. Nygård og Sondre Son Drange. Dei som driv jula framover er (frå venstre) Somjai Sritron, Synnøve Parr, Bente Krøvel og Mechelle Storeide. det er pengar som ligg bak den store iveren å selje produkta? Eller er drivkrafta kanskje berre at dei av edel godhug vil spreie sin kunnskap til oss uvitande som ikkje er klare over dei vedunderlege verknadene dette kan ha på livssituasjonen vår? I vinter har vi til dømes også songaren Paul Anka og hans svenske kone, (Kalle?), som har stått fram i media som reklame for at slike produkt av ulikt slag er vegen til den store lukke. nett at også Paul og Kalle (Nei, Anna var det visst) har roke uklare. Så var visst heller ikkje dette vegen til lukke. HÅVARD PARR PÅ TAMPEN Vegen til lukke I avisa i dag kan vi lese om pensjonistar på datakurs. Då vil dei, som oss andre, også få kjennskap til Spam, eller uvelkomne meldingar på e-post. Dette kan på eit vis samanliknast med reklame ein får i vanleg post og som ein ikkje har bedt om. På det verste kan det ligge mange slike meldingar på e-posten ein dag. Det gjennomgåande med desse er at dei oftast har med kjønnsliv å gjere og gjennom lokkande utsegner gjerne vil få meg og andre til å kjøpe produkt som skal gjere underverk på ulikt vis. I det siste har dei gjerne i ulike versjonar prøvd å fortelje meg at nøkkelen til suksess hos det andre kjønn ligg i anten å få forbetra ein kroppsdel slik at ein vert i stand til å kunne delta på hingsteslepp om vå- ADRESSE M.M: Postboks D, 6139 Fiskåbygd Telefon 70 02 08 20. Telefax 70 02 08 25. Bankgiro: 3972.20.33233 Heimeside: www.synste.no E-post: redaksjonen@synste.no INNLEVERINGSFRISTAR for annonsar: Tysdag kl. 14.00 Større forr.ann.: Måndag kl. 16.00 ren, for mannfolk sin del, eller få lagt inn silikonprodukt slik at ein like gjerne kunne måle brystpartiet sitt i gilde fargar og henge det opp under taket i barneselskap, for kvinnene sin del. Og gjeld det ikkje desse to forbetringane, som dei som står bak e-posten tilbyr rimeleg hjelp med, er det tilbod om lave prisar på eit produkt som gjer at ein kan halde ein viss aktivitet gåande heile natta. Dette skal visstnok gjere den kvinnelege part så overlukkelege. No skjønar eg ikkje heilt at det å ta frå partnaren nattesomnen skal gjere kvinner meir lukkelege. Eg ser heller ikkje tilfelle av somnruskne hokjønn som går rundt og ser så spesielt glade ut. Eg er dessutan innom ein del garderobar gjennom eit år. Der ser eg ein del andre mann- folk utan kle på, og utan å kunne seiast å ha studert saka så inngåande, trur eg at eg kan seie at enno har til gode å sjå nokon som har føreteke kunstige prosessar på det dei har nedantil. Og likevel går dei rundt og ser ut som dei ikkje har særlege bekymringar med det. Kvinnegarderobar er eg sjeldnare innom, men av det eg kan sjå, er det heller få også her som har føreteke justeringar på det øvre frontpartiet ut i frå naturtilstanden. Og ikkje berre ser det ut som det går bra likevel, men eg ser også ektepar som går rundt og ser ut som dei er lukkelege og har det bra i lag utan slike inngrep. Men kanskje er det vi som bur her i avøydna som ikkje forstår oss på dette. Kanskje kunne ein mistenke at No er verken eg eller pusen i den situasjon at vi er i den mest relevante målgruppa for produkta, men etter massiv påverknad begynte eg likevel difor å halle til at dette var noko ein burde vurdere nærare. I beste fall kunne det og gjere noko med folketalsutviklinga i kommunen? Men så las eg på BLADPENGAR: Heilår: 650 kroner Halvår: 325 kroner Student (10 mnd) : 350 kr Tillegg for porto utanom Norden LAYOUT/ UTGIVAR: Synste Møre AS, 6139 Fiskåbygd PRENT: Polaris Trykk Ålesund Best lokalt 70 02 08 20 OLE MAGNE KVALSVIK olemagne@synste.no PRIVAT-TELEFONAR/E-POST: Red/dgl.leiar Vidar Parr, privat 70 02 13 76. mobil, 950 245 48 e-post: vidar@synste.no Annonsekons. Rønnaug Søvik privat 70 02 01 38 mobil 951 40755 e-post: ronnaug@synste.no Journalist Ole Magne Kvalsvik mobil 911 84479 e-post: olemagne@synste.no Journalist Kjell Brenne privat 70 02 41 22 mobil 950 24553 e-post: kjell.brenne@adsl.no Synste Møre er medlem i Landslaget for lokalaviser (LLA)