RAVNEBJERGET BARNEHAGE Årsplan 2015

Transcription

RAVNEBJERGET BARNEHAGE Årsplan 2015
RAVNEBJERGET BARNEHAGE
Årsplan 2015-2016
Ein grunnmur for livet
FORORD
Helse Bergen Hf eig og driv 4 barnehagar som vert nytta til rekruttering av
nøkkelpersonell og for å sikre stabil arbeidskraft i Helse Bergen HF. Barnehagane vert drivne i samsvar med «Lov om barnehagar» og «Rammeplan for
barnehagen sitt innhald og oppgåver».
I følgje lova skal kvar barnehage ha ein årsplan som skal gi opplysningar om
barnehagen sitt satsingsområde, mål og vurderingsområder. Den skal innehalde informasjon om barnehagen sitt arbeid med blant anna omsorg, danning, leik og læring, og er eit viktig arbeidsreiskap for personalet. Årsplanen
gir informasjon til føresette, eigar, og andre interesserte og er viktig for
samarbeidet med føresette.
Årsplanen byggjer på Langtidsplan 2012-2015 som er eit felles styringsdokument for barnehagane i Helse Bergen. Langtidsplanen skal sikre
progresjon og samanheng i barna si læring og opplevingar gjennom heile
barnehageopphaldet, og byggjer på «Lov om barnehagar» og «Rammeplan
for barnehagen sitt innhald og oppgåver».
Inger Johanne Klausen
Barnehagesjef
VÅR VISJON
– Ein grunnmur for livet
Vår visjon – ein grunnmur for livet skildrar vårt ønske om å gjere barna trygge
på eigne verdiar, at dei skal få eit positivt sjølvbilde, utvikle sosial kompetanse
og stå rusta til å møte utfordringar i livet.
DANNING
Danning er ein livslang prosess som skjer i møte med andre menneske. Det
handlar mellom anna om å utvikle evne til å reflektere over eigne handlingar
og væremåtar. Danning skjer i samspel med omgjevnadane, og i barnehagen
er barna ein del av eit demokrati. Dette inneber å erfare at eigne meiningar blir høyrt, å samarbeide med andre og å vere ein del av eit inkluderande
fellesskap. Vi er bevisste på å gi barna utfordringar tilpassa barna sin alder og
modning.
I året 2015 – 2016 vil vi ha fokus på danning i uteleiken, det som skjer i samspelet mellom barn–barn og barn-vaksen, og korleis uteleikeplassen fungerar
som ein danningsarena.
LIKESTILLING, INKLUDERING OG LIKEVERD
Vi arbeider kontinuerleg for å skape eit inkluderande fellesskap der det er
plass til kvart enkelt barn, uansett funksjonsnivå, alder, kjønn og familiebakgrunn. Vi arbeider bevisst for at barna skal bli sjølvstendige, både i forhold til
praktiske gjeremål (døme: måltid og påkledning) og i forhold til å ta eigne val.
LEIK
Leiken har eigenverdi og er ei viktig side ved barnekulturen. Vi ønskjer å legge
til rette for mykje god leik, både barnestyrt og inspirert frå dei vaksne. Vi vaksne er bevisst vår avgjerande rolle i barna sin leik og fungerar som støttande
stillas der vi gir tid og rom for leik.
Vi meinar at barna sin leik er viktig fordi det er her ein dannar vennskap og
gjennom leik utviklar barna sine sosiale ferdigheiter. Dei lærer å samarbeide,
vente på tur og å bry seg om kvarandre. At barna utviklar sosial kompetanse
er ein viktig grunnmur å ha seinare i livet. I leiken blir barna kreative og oppfinnsame og dei trenar opp evna til fantasi og lærar å tolke situasjonar på ulike
måtar. Gjennom leik kan barnet øve, prøve, uttrykke seg og lære å meistre
kjenslene sine. Ein annan viktig del av leiken er den språklege kompetansen,
det er i leiken barnet utviklar språket mest.
LÆRING
Barn er nysgjerrige, søkande, skapande og kreative. Vi tek utgangspunkt i barna si nysgjerrigheit og skapar tilpassa læringssituasjonar. I barnehagen har vi
både formelle læringssituasjonar - dei som er planlagd og leda av personalet
(samlingstunder, prosjekt, temaarbeid, aktivitetsgrupper og aldersinndelte
grupper) og uformelle læringssituasjonar («her-og-no-situasjonar», kvardagsaktivitetar, leik og annan samhandling). Vi er gode, tydelege rollemodellar og
rettleiarar for barna.
BARNA SI MEDVERKING
I barnehagen skal barna få innflytelse og lov til å påverke sin eigen kvardag,
spesielt i forhold til fri leik. Kvardagen består av både vaksenstyrt, men også
barnestyrte aktivitetar. Gjennom å sjå barna sitt initiativ tek vi dei med i planlegging og evaluering av aktivitetar og fremmar deira medverknad. Dette trur
vi styrkar barna si sjølvkjensle og tru på seg sjølv.
MILJØARBEID
Ravnebjerget barnehage er miljøsertifisert etter ISO 14001. I barnehagen er
vi opptatt av miljø og berekraftig utvikling. Vi brukar naturen og nærmiljøet
rundt oss, og målet er at når barna ferdast i naturen så vil dei bli glad i den og
dermed ønske å ta vare på den i framtida. Vi sorterar avfall og barna blir opplærde i dette frå dei er små. Vi har ulike bærbuskar og frukttre i barnehagen,
og barna får vere med å hauste frukta kvar haust.
ÅRSTEMA 2015 – 2016
Kommunikasjon, språk og tekst med tema «Knutsen og Ludvigsen»
FAGOMRÅDA
Rammeplanen inneheld sju fagområde som barnehagen skal dekke i løpet av
året. Vi syner til Langtidsplanen i Helse Bergen 2012 – 2015 som setter som
mål for fagområda for dei ulike alderstrinna. Alle fagområda har ei naturleg
og framtredande plass i kvardagen, men dei må likevel arbeidast spesifikt med
enkelte fagområde.
Kommunikasjon, språk og tekst er vårt overordna fagområde i år. Årstema
dette året er «Knutsen og Ludvigsen» og vi gledar oss til å inspirere og til å bli
inspirert av dei fantastiske songane og forteljingane dei har laga. Vi har laga
eit årshjul om temaet som alle avdelingane følgjer dette året. Vi vil fordjupe
oss i tekstane, dramatisere og filosofere rundt tema. Vi tenkjer at arbeidet
med årstemaet vil dekke alle fagområda.
Vi er opptekne av og ønskjer å fokusere på språkstimulerande aktivitetar. Vi
samtalar mykje og oppfordrar barna til å sette ord på tankar og kjensler. Vi
har «vis og fortel samling» der barna etter tur tek til ordet og fortel om ein
gjenstand. Vi besøker biblioteket på Landås og i Bergen sentrum og har alltid
eit godt utval av bøker på avdelingane. Vi les og høyrer på lydbøker. Vi leser
eventyr som vi jobbar vidare med i forming og drama, og vi syng mykje. I leik
og ved teiknebordet oppstår mykje læring når vi skriv handlelister, brev og
lagar billetter og invitasjonar. Barna har stor interesse for å lese og skrive, og
vi tek tak i det på barna sine premissar.
ETIKK, RELIGION OG FILOSOFI
Vi vil bl.a. filosofere og samtale rundt tekstane. Kan ein bu i ein tunell? Kva er
ein krokofant? Etc.
Kunst, kultur og kreativitetVi vil synge, danse, lytte, teikne og lage våre eigne
«Knudsen og Ludvigsen» tekstar og fremføringar. Lære barna å lage musikk på
alternative instrumenter som bukveggsklaskofon og støvsugarslangar
ANTAL, ROM OG FORM
Kva for ei form har tunnelen, lære omgrep som over, under inni osv.
Kommunikasjon, språk og tekst
Bruke song som forteljingsform, arbeide med rim og leik med ord, ellediller og
krokofanter. Samhald, felles tema bidreg til å bygge venskap.
NATUR, MILJØ OG TEKNIKK
Knytte opp mot arbeid med bærekraftig utvikling, gjenbruk av materialar
Kropp, bevegelse og helseSongen «Syk», dans, «Kanskje kommer kongen» og
«Matpakkespisevise» om kosthald
NÆRMILJØ OG SAMFUNN
Vi har vår eigen tunnel. Kan myndigheitene kaste dei ut av tunnelen?
ÅRSHJUL
AUGUST
JULI
Tilvenning
Sommer
SEPTEMBER
Kick off
OKTOBER
JUNI
Bli kjent med
Knutsen og
Ludvigsen
Avslutning
prosjektet
MAI
NOVEMBER
Musikk
Grevling i taket
DESEMBER
APRIL
Juleforbredelser
Dramatisering
JANUAR
MARS
Påskeforbredelser
FEBRUAR
Språk
absurde ord
Arbeid med
sangtekstene
PLANLEGGING, DOKUMENTASJON OG VURDERING
MÅL
HENSIKT
ARBEIDSMÅTAR
Vi ønskjer å arbeide med songtekstar ved hjelp av song, rim, musikk,
lytting, filosofering, dialog og dramatisering.
Vi vil ta utgangspunkt i alle dei sju fagområda medan vi arbeider
med temaet (sjå eige skjema over). Avdelingane skal ha temaarbeid
og samlingar, og vil ha fellessamlingar for heile barnehagen knytt
opp til kommunikasjon, språk og tekst.
NÅR
Eit godt utvikla språk med eit rikt ordforråd gir eit positivt grunnlag
for sosialt samspel og leik.
Prosjektet vil forgå gjennom heile barnehageåret 2015-2016 og
evaluering vil samanfattast i juni 2016.
KVEN
Ved å bruke temaet Knudsen og Ludvigsen som utgangspunkt skal
barna få utforske og utvikle sitt eige språk og erfare ulike måter å
kommunisere på.
METODAR
OG TILTAK
VURDERINGSOMRÅDE:
Kommunikasjon, språk og tekst – Knutsen og Ludvigsen
Dei pedagogiske leiarane har eit særleg ansvar for planlegging
og oppfølging på si avdeling. Ut over dette er det laga ei arbeidsgruppe som består av fire ansatte. Dei har ansvar for å planlegge
temaet som skal være felles for heile avdelinga.
TRADISJONAR
AUGUST
• Barna sin dag på Barneklinikken
SEPTEMBER
• Venskapsveke (mot mobbing)
• Barnehagen sin bursdag
MARS
• Påskevandring Årstad kyrkje
• Barnehagedagen
APRIL
• Langegården
OKTOBER
• FN-dagen
MAI
• 17. mai markering i barnehagen
DESEMBER
• Julevandring i Årstad kyrkje
• Langegården
• Juleevangeliet i Nykirken
• Nissefest
JUNI
• Sommarfest
• Overnatting for dei eldste barna
• Tur til Ulriken sin topp med barna 3-6 år
FEBRUAR
• Samefolket sin dag
• Fastelavn og karneval
(Knutsen og Ludvigsen fest)
SAMARBEIDSPARTNARAR
Barnehage og heim
Til barnet sitt beste
Vi meinar at det viktigaste grunnlaget for samarbeid vert lagt i den daglege
kontakta når barna kjem og vert henta i barnehagen. Openheit mellom barnehagen og heimen skapar ei kjensle av tryggleik, større utviklingsmoglegheiter
og gjer barnet tilfreds.
Vi tek i bruk ulike metodar som saman dannar grunnlaget for samarbeid:
• Foreldremøte for nye barn (juni kvart år)
• Velkomst – og informasjonsbrev til alle nye foreldre
• Foreldremøte for alle foreldre i løpet av hausten
• Invitasjon til foreldresamtale min. 2 gangar pr. år, med moglegheit for fleire på initiativ frå foreldre eller personale
• Foreldrerepresentantar i Samarbeidsutvalet
• Referat frå FAU og SU-møter skal ut til alle foreldra
• Foreldra si medverking: Brukarundersøkjing utførast som utgangspunkt for
vidareutvikling og forbedringsområder
Overgang mellom barnehage og skule
Minna har vi saman
Barna i Ravnebjerget barnehage kjem får ulike bydelar og soknar dermed til
ulike skular. Vi har diverre ikkje moglegheit til å besøke alle skulane som barna
skal begynne på, men vi er så heldige å ha eit godt samarbeid med Haukeland
skule. Her ønskjast våre barn velkomen til ulike samlingar slik at barna skal få
eit trygt og godt første møte med skulen.
Siste året i barnehagen samlast dei eldste på ei avdeling. Vi vil framheve at
barna framleis går i barnehagen og vi verdsett framleis leiken sine verdiar. Vi
vil inspirer barna til å glede seg til skulestart, slik at barnet møtar skulen med
nysgjerrigheit. Det vil bli fokus på praktiske ting som knyte sko, ta att glidelås,
skrive namnet sitt sjølv, ta imot ein kollektiv beskjed, ta ansvar for sine eigne
ting etc. Dette ønskjer vi å fokusere på sidan vi veit at i skulekvardagen så
finnes det færre vaksne til å hjelpe barna, og vi ønskjer at barna skal utvikle ei
kjensle av meistring og få sjølvtillit til å klare ting sjølv.
Praksisbarnehage
Barnehagen tek i mot studentar frå barnehagelærarlinja ved Høgskulen i
Bergen. Dette er lærerikt og inspirerande for både oss og studentane. Det
kan mellom anna være aktuelt at studentane deltek på foreldremøte og tek
observasjonar til bruk i skuleoppgåver. Barna blir då anonymisert.
Andre samarbeidspartnar
Barnehagen samarbeider med blant andre Pedagogisk Psykologisk Teneste
(PPT), helsestasjonen og barnevern. I dette samarbeidet gjelder lov om
tausheit- og opplysningsplikt.
Kompetanseutvikling
Barnehagane i Helse Bergen har fokus på kompetanseutvikling. Kvaliteten i
barnehagane avhenger av personalet sin kunnskap og erfaring. Vi legg vekt på
fagleg utvikling gjennom intern opplæring og rettleiing, deltaking på eksterne
kurs, fagutviklingsdagar og foredrag. I 2010-2016 vil der være særleg fokus
på leiing, leik og danning med mål om å utvikle personalet sin kunnskap og
kompetanse.
Dei fem planleggingsdagane brukast primært til planlegging og kompetanseutvikling for heile personalgruppa.
Planleggingsdagar
Måndag 14. september 2015
Fredag 6. november 2015
Fredag 8. januar 2016
Fredag 5. februar 2016
Fredag 6. mai 2016
Kontaktinformasjon
Styrer / Ragnhild S Åsheim / 55 97 49 44 / 948 85 758
E-post / ravnebjerget.barnehage@helse-bergen.no
Bukkene Bruse / 55 97 49 58 / 902 83 896
Askeladden / 55 97 49 47 / 469 23 983
Bikuben / 55 97 49 57 / 481 42 988
Ole Brumm / 55 97 49 19 / 414 02 238
Lilleputtene / 55 97 49 46 / 481 43 141
Ansatte
Bukkene Bruse: Linn Gaasemyr, Synnøve B. Isdal, Hêlêne M. Fagg, Harald Nilsen
Askeladden: Espen B. Solberg, Oddveig Viken, Anette Hopsdal, Adilson Lorenzo
Bikuben: Karoline Øvrebø, Maria Gregori Sorribes, May Hilde Austgulen
Lilleputtene: Eline Stølsnes ,Annbjørg Hellesund, Christin Eliassen
Ole Brumm: Heidi P. Skåtøy, Hilde Mari Christiansen, Åse H. Solberg
Formgitt av Torun Hunnes // Foto: Barnehagepersonale // Teksta er skreva av styrar og pedagogane ved barnehagen // Teksta er oversatt til nynorsk av Torun Hunnes