DEN NORSKE KIRKE
Transcription
DEN NORSKE KIRKE
DEN NORSKE KIRKE Ogna sokneråd Møtebok for Ogna sokneråd 12.02.2015 kl. 18:45 Ogna kyrkjekontor Møtedato: Møtetid: Møtestad: Tilstade: Olav Tangen, Liv Blindheim, Sven Austbø, Lillian Sirevåg, Marit Herredsvela, Roald Byberg, Sigmund Kindervåg. Meldt forfall: Anne Lise Norunn Seljehaug Kindervåg og Oddny Søyland. Opning: Marit Herredsvela Saker Innkallinga og referatet vart godkjent Meldingssaker: 000037 Arbeid i kyrkjelyden: Sven Austbø har sagt seg villig til å vere med i «interim menighetsutval» for Stokkalandsmarka. 000038 Kyrkjelydsbladet: Olav la fram eit forslag om at medlemmar i kyrkjelyden kunne ta på seg å distribuere bladet i vårt sokn på dugnad for å redusere utgiftene til bladet. Kanskje denne innsatsen også kunne generere inntekter til kyrkjelyden? Forslaget vil bli tatt opp på årsmøtet. 000040 Bønnevandringa: Ligg pr. dato nede. 000041 Utsendingar til ungdomstinget: Einar Johan Oltedal har sagt han vil delta, og vil sjølv spørje ein til om å vere ned. 000042 Besøk av tilsette: Til neste møte håper vi å få med ein av dei som har sitt arbeid knytt til kyrkja på Ogna – Anne Brit Haugstad eller Eivind Waldeland. Ymse: Innkalling til nytt samarbeidsmøte med misjonsorganisasjonane vart bestemt. Betalingsterminal til bruk ved ofring/kollekt, alternativt et «visittkort» ein kan ta med seg med info om korleis ein kan gi offer via nettbank. Lydanlegget i kyrkja. Korleis organisere fasteaksjonen (og liknande) for å sikre at alle får besøk? Aldersgrense for når ein kan begynne i ungdomslaget blei presisert – etter jul i 7. klasse. Reglar for betaling for gravplassar vart diskutert. Konklusjonen vart at dette er spørsmål ein best kan få svar på ved å ta kontakt med kyrkjekontoret på Nærbø. Manglar eller feil ein oppdagar på kjøkkenet (eller andre stader i kyrkja) kan ein notere i ei bok som ligg på kjøkkenet. Liv orienterte litt om planane for jubileumsmarkeringa 7. juni. Vedtakssaker: Sak 003/15 Visjon og strategi Vedtak: SR gjekk inn for, med nokre små endringar, dei punkta i visjonen som AU-møtet hadde utarbeidd. DEN NORSKE KIRKE Ogna sokneråd Sak 004/15 Årsmøte 2015 Vedtak: Ansvar for mat og kaffi: Marit og Liv. Leie årsmøtet og gå gjennom årsmeldinga: Olav Sak 005/15 Påskefeiring - konfirmasjon Vedtak: Det vart vedteke at SR til påsken neste år skulle sjå på om det kunne planleggast gudstenestar/møter i lag med misjonsorganisasjonane. Det kunne ev. bli ei sak på neste fellesmøte med organisasjonane. Sak 006/15 Bygdadagen 2015 Vedtak: Olav set opp ei liste med 20 namn som kan vere med på dugnad denne dagen. Sak 007/15 Val av leiar og nestleiar for 2015 Vedtak: For 2015 blei fylgjande valde: Leiar Nestleiar Olav Tangen Liv Blindheim For Ogna sokneråd Tor Wesnes Sekretær