Eit Suldal - med alle grendene som fundament!
Transcription
Eit Suldal - med alle grendene som fundament!
DEI TRE ØVSTE LISTEKANDIDATANE VÅRE ER: LISTA TIL KOMMUNESTYREVALET 2015 Suldal Suldal Gerd Helen Bø, ordførarkandidat. Endre Kvæstad. Berit J. F. Haugsland. 1. Gerd Helen Bø, 1953 4237 Suldalsosen 2. Endre Kvæstad, 1964 4237 Suldalsosen 3. Berit J. F. Haugsland, 1965 4234 Jelsa 4. Olav Bakka Berge, 1987 4237 Suldalsosen 5. Elisabeth Bjørkhaug 1982 4235 Hebnes 6. Nils Bleskestad 1981 4244 Nesflaten 7. Ellen J. Brommeland 1985 4230 Sand 8. Leiv Einar Drarvik 1972 4209 Vanvik 9. Kari Fagerland 1955 4230 Sand 10. Ola Jelsa 1962 4234 Jelsa EIT SULDAL – MED ALLE GRENDENE SOM FUNDAMENT 11. Anne Gunn Kvæstad 1967 4230 Sand 12. Arnstein Landsnes 1951 4234 Jelsa Suldal senterparti vil arbeida for at heile Suldal skal vera ein god kommune å leva i. 13. Magne Langeland 1948 4244 Nesflaten 14. Albrigt Stokka 1983 4235 Hebnes Suldalsfundamentet har fleire byggjesteinar: - Aktiv næringspolitikk - God samferdsle - Gode oppvekstvilkår - Gode helse- og omsorgstenester - Aktivt kulturliv 15. Øyvind Lovra Tveitane 1985 4233 Erfjord 16. Sigrunn Vetrhus 1956 4237 Suldalsosen 17. Åshild Vetrhus 1978 4244 Nesflaten 18. Anne Marit Øvstebø 1961 4230 Sand SULDAL SP VIL HALDA PÅ EIN DESENTRALISERT SKULE- OG BARNEHAGESTRUKTUR OG ØNSKJER Å OPPRETTHALDA DEI BARNESKULANE ME HAR I DAG. Du finn oss på FACEBOOK Og på nett: senterpartiet.no/suldal PROGRAM KOMMUNESTYREVALET 2015 Eit Suldal med alle grendene som fundament! NÆRINGSLIVET OPPVEKST HELSE, OMSORG OG FOLKEHELSE Suldal Sp vil driva ein aktiv næringspolitikk for å utvikla eit breitt næringsliv i kommunen, med fokus på eksisterande og nye næringar. Suldal Sp ønskjer at alle – både unge og eldre – skal vera nyfikne, interesserte og lærelystne. Suldal Sp vil halda på ein desentralisert skule- og barnehagestruktur og ønskjer å oppretthalda dei barneskulane me har i dag. Alle skal vera trygge på at dei får den hjelpa dei treng til ei kvar tid. Me ønskjer at det skal vera helse/omsorgstenester knytta til Suldal sjukeheim og Sand, Vinjar og Jelsa bu- og omsorgssenter. Suldal Sp vil: - Arbeida for å stadig betra infrastrukturen i heile kommunen gjennom mellom anna å sikra og betra vegnettet og vidare utbygging av breiband og mobilnett. - Oppretthalda dei kommunale tilskotsordningane til primærnæringane og driva aktiv nærings utvikling gjennom eigarskapet i Suldal Vekst og ved bruk av Ulla Førre Næringsfond. SAMFERDSEL RV 13 og FV 46/520 er svært viktige samanbindingsvegar for fleire enn Suldal. Suldal Sp vil: - Tryggja og rassikra vegane i Suldal. - Halda oppe og vidareutvikla eit godt hurtigbåt- og ferjetilbod til indre Ryfylke. - Utbetra vegen mellom Vatlandsvåg og Hebnes. - Vinna tilslutning til prosjektet Haukelibanen. - Bevisstgjera sentrale strok i Rogaland kva t.d. RV 13 står for og arbeida for gul midtstripe på RV 13. TILHØVE TIL STAT, FYLKESKOMMUNE OG ANDRE KOMMUNAR Suldal Sp vil: - Primært styrkja regionen gjennom å utvikla eit tettare interkommunalt samarbeid. - Før kommunestyret kan gjera vedtak om endring av kommunegrenser, skal det haldast rådgjevande folkerøysting. Suldal Sp vil: - At utbygging av barnehageplassar må skje slik at alle som ønskjer, får barnehageplass. - Satsa på Sauda vidaregåande skule og Topp Volley Norge for å sikra og vidareutvikla eit vidaregåande skuletilbod i Indre Ryfylke. ENERGI OG MILJØ Suldal Sp vil: - Halda Suldal Elverk i kommunal eiga. - Støtta utbygging av miljøvenleg energi produksjon som t.d. biobrenselanlegg. - Oppretthalda tilskot til energisparande tiltak og straumframføring der dette er særleg kostbart. - At kommunen skal nytta El-bilar. BUSTADER Suldal Sp ønskjer busetnad i alle delar av kommunen og vil i størst mogeleg grad ha attraktive tomter i alle skulekrinsane. Suldal Sp vil: - Arbeida for bygging av utleigehusvære. - Leggja til rette for fortetting i sentrum for å få fleire sentrumsnære bueiningar. - At alle fastbuande i Suldal skal ha tilbod om brei- bandløysing i perioden. Mobilnettet må betrast vesentleg der folk bur og langs vegane. - Framleis ha areal for spreidd bustadbygging i kommuneplanen. Suldal Sp vil: - Halda oppe dagsentertilbodet slik me har det i dag. - Leggja vekt på førebyggjande helsearbeid. - At bruk av rusmiddel vert redusert. Det er viktig å fokusera på førebyggjande arbeid. KULTUR Kultur skal vera ein del av fundamentet for å auka bu – og tilflyttingslysta! Suldal Sp vil: - Oppretthalda støtta til lokale lag og organisa sjonar, dei medverkar til at me har eit desen tralisert, variert og innhaldsrikt kulturliv i Suldal. - Oppretthalda kulturskulen for barn og unge. - Arbeida for å oppretthalda distrikstmusikarordninga. - Arbeida for ei vidareutviklinga av nasjonalt barnekultursenter. - At det nynorske skriftspråket skal vera eine rådande i heile den kommunale organisasjonen. UNGDOM Suldal Sp vil: - Arbeida aktivt for at ungdom skal finna det attraktivt å koma attende til kommunen. - Leggja til rette for at ungdom skal kunna delta i politiske prosessar. - Ha eit aktivt ungdomsråd i kommunen. ME ØNSKJER LEVANDE BYGDER OG EIT STERKT KOMMUNESENTER.