JordmorHeim - Fjell kommune
Transcription
JordmorHeim - Fjell kommune
KONTAK T OSS Velkomen heim i barseltida! JordmorHeim måndag - laurdag 08.00 - 21.00 DE T TE HJELPER VI MED • • • • Oppfølging i barseltid Roleg og trygg start for familie Hjelp til ammestart Tilgjengeleg måndag til laurdag mellom kl. 08.00 - 21.00 Design og layout: Monica Hovland - Informasjon Vakttelefon 481 60 999 Vakttelefon 481 60 999 KJENN DEG TRYGG HEIME KORT TID ETTER FØDSEL JordmorHeim Samarbeid mellom JordmorHeim i Fjell, Sund, Øygarden og Helse Bergen Tilbod til deg som nettopp har fødd JORDMORHEIM I FJELL, SUND OG ØYGARDEN JordmorHeim i Fjell, Sund og Øygarden tilbyr deg og den nyfødde oppfølging i barseltida, i samarbeid med Kvinneklinikken (KK), Helse Bergen. Mor og born som reiser tidleg heim etter fødselen, får barselomsorg av lokale jordmødre enten ved heimebesøk eller ved amulantkontroll på helsestasjon. Målet er ein roleg og trygg start for den nye familien med kontinuitet i barselomsorgen. Overføring til helsesøster 5 dager etter fødsel. KVEN FÅR TILBOD OM JORDMORHEIM? TILGANG OG KONTAK T Dei fleste som har født får tilbod om JordmorHeim. Unntaka er born under 2800g eller over 5000g, akutt keisersnitt, sjukdom hos mor eller born som krev eit lengre opphald på sjukehuset. JordmorHeim kontaktar deg fyrste virkedag etter heimkomsten. Vi er tilgjengelege på telefon/mobil kvar vekedag og laurdag. Ta kontakt ved behov. INNHALD I OPPFØLGINGA På barselavdelinga får du utlevert ”Nyføddscreeningspakke” og kontakt- informasjon til JordmorHeim i Fjell,Sund og Øygarden. I løpet av dei 5 fyrste dagane etter fødselen kjem jordmor på heimebesøk. Oppfølginga vert tilpassa individuelle behov. Ynskjer du ikkje heimebesøk, kan vi hjelpe deg på helsestasjonen. Jordmor tar nyfødtscreening, høyretest, vektkontroll og gulsottmåling. Foreldre får rettleiing om ernæring og stell av den nyfødde. Mor vil få ammerettleiing og barselkontroll og høve til å prate om fødsel eller vanskelege kjensler i barseltiden. Sjå elles www.fjell.kommune.no – jordmortenesta for meir informasjon. Vakttelefon Mån-laurdag, kl. 08.00-21.00 481 60 999