Nye tider – nye mål! - Amazon Web Services

Transcription

Nye tider – nye mål! - Amazon Web Services
Godkjend valliste for Arbeiderpartiet i Herøy
1. Svein Gjelseth
2. Reidun Myrvågnes 3. Per Kristian Furø 4. Runar Stave
5. Olaug Andreassen 6. Leiv Aarflot 7. Rakel Gjelseth 8. Jens Terje Johnsen 9. Sofie Vilsoni Arntsen 10. Gerd Kopperstad 11. Robert Kleppe 12. Hanne Garnes 13. Jarle Digernes 14. Bente Myklebust 15. Tord Karstensen Vågsholm 16. Monica Sandnes 17. Johnny Hundsnes 18. Lilly-Arlen Larsen 19. Stein Mathiesen 20. Henriette Reite Hansen 21. Arild Storvik 22. Ecaterina Rasheed 23. Benedicte Reite Hansen 24. Hans Karsten Voldsund 25. Silje Oksholen Gjelseth 26. Arne Ringstad 27. Hilde Karin Myrvoll 28. Frode Hammerseth 29. Trine Ingvaldsdotter Garnes 30. Arnstein Selvåg 31. Eva Måløy
32. Ingebjørg Lyster 33. Sigrun Voldsund
34. Roar Eide 35. Ellen Gravrok 36. Olav Inge Moltumyr 37. Sølvi Voldsund Myrhol 38. Egil Kjell Leikanger Bø 1950
Myrvåg 1964
Frøystad 1960
Leine 1963
Fosnavåg 1958
Berge 1948
Berge 1990
Berge 1947
Fosnavåg 1948
Nerlandsøy 1952
Fosnavåg 1961
Fosnavåg 1990
Berge 1946
Berge 1962
Fosnavåg 1980
Moltustranda 1983
Myrvåg 1965
Fosnavåg 1973
Berge 1973
Eggesbønes 1987
Frøystad 1961
Fosnavåg 1976
Leine 1990
Eggesbønes 1970
Frøystad 1982
Myrvåg 1962
Leine 1947
Tjørvåg 1990
Eggesbønes 1963
Fosnavåg 1967
Leikong 1956
Leikong 1966
Frøystad 1950
Røyra 1952
Leine 1955
Moltustranda 1946
Leine 1954
Røyra 1939
ORDFØRARKANDIDAT SVEIN GJELSETH
Seks svært aktive år som stortingsrepresentant (2005-2007, 2009-2013)
har gitt Svein uvurderlig innsikt i korleis Storting og Regjering fungerar
– og, ikkje minst, korleis politiske prosessar kan påverkast. Vert Svein ordførar vil alt dette kome Herøy til nytte, uavhengig av fargen på regjeringa.
10 år som ordførar og 18 år i formannskapet i Herøy, har gitt Svein god
innsikt i utfordringane kommunen vår har.
P A R T I P R O G R A M
2 015 - 2 019
Herøy Arbeidarparti
Han er tidlegare lærar, og ein som har engasjert seg i skulespørsmål.
Han ynskjer nye måtar å organisere skulekvardagen på, ved å ta i bruk
ny teknologi og nye undervisningsformer, og ikkje minst - lytte til læraren.
Utan eit blomstrande næringsliv, er det umulig å realisere viktige kommunale prosjekt. Svein er svært oppteken av at næringslivet i Herøy må få
best mogelege vilkår. Nøkkelordet er samarbeid. Med Svein som ordførar,
får Herøy ein som har dokumentert over mange år, at han kjenner næringslivet sine behov.
Herøy Arbeidarparti
Nye tider - nye mål!
Foto. SIV-ELIN NÆRØ/ Trykk: SYNSTE
Kommunestyrevalet 2015
Nye tider – nye mål!
Historia viser at mange år i posisjon gjer parti og politikarar
meir opptekne av å behalde makta enn å ta nye, friske grep.
Herøy treng ny energi - nye idear - nye mål.
Arbeidarpartiet vil bygge vidare på alt det positive i kommunen.
Skule, helse/omsorg og næringsliv har topp prioritet
for oss.
Politikk er å ville.
Vi vil seie ja til mykje, men vi seier også nei.
Gir du oss ansvaret skal du vite kva du får tilbake.
Vi seier ja til:
Vi seier nei til:
Skule:
• Bygge Norges mest moderne vidaregåande skule
• Bygge topp moderne Bergsøy skule
• Starte utgreiing av ny skule på Moltu i staden for oppgradering av ventilasjonsanlegg
• Nettbrett til alle skuleelevar i Herøy
• Giftdeponi på Gevo/Sunnmørsfisk
• Utfylling av sjøområda v/Sunnmørsfisk (Gevokaia)
• Høgbru over småbåthamna på Kvalsund
• Innfartsveg langs Myklebustvatnet
• Innfartsveg i tunnel til Parken i sentrum
Idrett:
• Fleirbrukshall ved Einedalen skule
Kultur:
• Fornying av kulturhuset
Barnehage:
• Fleire pedagogar i barnehagen
Helse/omsorg:
• Vidare utbygging på Eggesbønes og Myrvåg
Næring:
• Styrke Dragsund som framtidig service- og industri-
område for Søre Sunnmøre
• Bygge nasjonal servicehamn på Mjølstadneset
Fosnavåg by:
• Binde bydelane saman
• Gang- og sykkelveg i Skarabakken
• Opplevingstunnel mellom Ura og Campus
Samferdsel:
• Nye bruer over Vaulane
• Styrke viktige kommunikasjonsløysingar på sjø og land
Miljø:
• Oppgradering av kommunale bygg med energisparande grøn teknologi
Herøy Arbeidarparti
Nye tider - nye mål!