Kulturmidler
Transcription
Kulturmidler
Innsendt: 12.01.2015 14:00:13 Ref.nr: JRBLNL Sogn og Fjordane fylkeskommune Askedalen 2 Fylkeshuset, Askedalen 2 6863 LEIKANGER Telefon: 57 65 61 00 Telefaks: 57 65 61 01 E-post: postmottak.sentraladm@sfj.no Hjemmeside: http://www.sfj.no Kulturmidler - søknad Søknadstype Kulturmidler fordeles årlig som driftstilskudd til lag, kulturorganisasjoner og til ulike kulturaktiviteter. Grunnstønad: - kan søkes av organisasjoner og lag med kulturell aktivitet som hovedformål. Organisasjonene må dekke hele fylket eller en region (minst 3 kommuner). Enkelttiltak/aktivitet(er)/prosjekt: - kan søkes av alle som driver med kulturelle aktiviteter som har allmenn interesse, som har innvirkning på hele eller større deler av fylket, eller tiltak som viser nye veier i kulturarbeidet. Kulturstipend: - kan søkes innenfor alle deler av det kulturpolitiske arbeidsområdet. Stipendmidlene skal brukes til å gjennomføre spesielle kulturarbeidsoppgaver. Hva slags kulturmidler søkes det om? o Grunnstønad T Enkelttiltak/aktivitet(er)/prosjekt o Kulturstipend Opplysninger om søker Søker er o Person, enkeltpersonforetak T Organisasjon, lag eller forening Org.nr. 976995899 Navn FEIOS SOKN Adresse 6895 Postnr. 6895 Poststed FEIOS E-postadresse - kontaktperson Telefon audu-sy@online.no 57 69 82 92 Kontaktperson: Kontaktperson - etternavn Rinde Kontaktperson - fornavn Telefon Jan Magne 22379085 Leder - fornavn Leder - telefon Gyda Tveit 47829198 Leder: Leder - etternavn Lunde Mottaker av tilskuddet Kontonummer 3800 15 67834 Er mottaker av tilskuddet den samme som søker? o Ja T Nei Mottaker av tilskuddet 700914, Sem & Stenersen Prokom AS Side 1 av 6 Kulturmidler - søknad Org.nr. Navn 976995899 FEIOS SOKN Adresse Postnr. Poststed 6895 FEIOS E-postadresse audu-sy@online.no Enkelttiltak/aktivitet(er)/prosjekt Beskrivelse av tiltaket/prosjektet Jan-Magne Rinde Marcus Thranesgt.4J 0473 Oslo Tel. 22379085/92850228 Ja-ri@online.no Prosjektsøknad frå Jan-Magne Rinde i regi av Feios sokneråd Rinde kyrkjestad, Feios kyrkje 150 år i 2016 På søre sida av Sognefjorden ligg Feiosbygda vår heimstad kjær. Til alle tider, men mest om våren, med dal og lier ho fager er. (H. Halvorsen) Målet med prosjekt: 1. Kyrkjehistorikk- arkitektur Feios har vore kyrkjestad sidan 1300-talet i fylgje skriftlege kjelder. Stavkyrkja vart riven i 1866, og ny kyrkje bygd same året. Dette forskingsprosjektet rettar seg mot jubileet i 2016 for noverande Feios kyrkje. Nye Feios kyrkje er truleg den tredje kyrkja på denne staden. Roar Hauglid omtalar stavkyrkja som Rinde kirke II. ( Hauglid, R. 1969 s. 62.) I Fortidsminneforninga si Årbok for 2013 vert det referert informasjon frå treboreprøver frå plankar på kyrkjeloftet i Feios. Den eine planken er tidfesta til 1173 og den andre planken stammar truleg frå eit tre felt i 1170 (Årbok. Fortidsminneforeningen 2013, s. 242.) Rinde seinare Feios som kyrkjestad er omtalt første gongen i 1322 eller 1323. Da skulle presten Erling av Fedjum syta for kost til biskopen og staben hans som var på visitas på alle kyrkjestadene langs Sognefjorden. Rinde er nemnt som den siste visitasstaden på denne ferda. ( Gunnes, E og Kjellberg, H. 1979.) Denne prestegarden på Rinde vert det òg referert til i Bergen Kalvskinn ( Bergen kalvskinn, s. 44.) Historikaren Johs. B Thue omtalar kyrkjestaden Feios som eige skipreide frå 1563. Gardane i Balestrand, Fjordane(Vetlefjorden, Sværafjorden), Fjærland og Eitorn låg ein periode under Feios skipreide fram til 1567. Målet er difor å kartleggja og samla kunnskapen om denne kyrkjestaden fram til kyrkjejubileet i 2016. Rinde er i dag gardsnamnet i grenda, medan bygdenamnet er Feios. 2. Kyrkja sin rolle i samfunnet – kyrkja som institusjon I denne delen av prosjektet er delmålet å ha hovudfokus på kyrkja si rolle i nyare tid med omsyn til ulike livsfasar som dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd. Målet er å samla inn biletmateriale frå slike hendingar frå kyrkjelydsbrukarane, fastbuande og utflytta i soknet. Her vil det også vera av interesse å få inn folkelivsskildringar frå kyrkjelydsmedlemmene. Desse skikkane var knytt til ulike livsfasar og dei har til ein viss grad endra seg. Målet er å samla biletmateriale og anekdotar om desse skikkane i eit kulturhistorisk perspektiv. Dette inngår i forprosjektet. 3. Bokprosjekt – jubileumsbok Feios kyrkje 150 år i 2016 Hovudprosjektet i denne forskinga har som mål å gje ein kulturhistorisk presentasjon av Feios 700914, Sem & Stenersen Prokom AS Side 2 av 6 Kulturmidler - søknad kyrkje som folkekyrkje. Innhaldet i jubileumsboka er tenkt presentert I lys av kyrkjearkitekturen i ulike tidsepokar og kulturelle straumdrag. Korleis har kyrkja i eit lokalsamfunn vore påverka av nasjonale straumdrag? Bokutgjeving er kostnadskrevjande, og det er ein føresetnad at Feios sokneråd får økonomi til å gje ut denne boka i samband med 150 års feiringa i 2016. Forlaget Skald har bidrege med rettleiing i denne prosessen. Bakgrunn for prosjektet og framdrift Arbeidet med prosjektet starta i februar 2013. Soknerådsleiar Gyda Tveit Lunde tok da kontakt med førespurnad om å bidra til eit jubileumshefte eller ei bok til kyrkjejubileet i 2016. Sidan tematikken knytt til kunsthistorie, arkitektur og samfunnsutvikling har vore innan mitt interessefelt, sa eg meg viljug til å arbeide med prosjektet. Etter ein periode på leit etter mogleg kjeldetilfang, har søknad om prosjektmidlar vore sendt ulike instansar. Søknad har vore sendt til: • Opplysningsvesenets fond, Bjørgvin bispedøme • Vik kommune • Vik sparebank. •Kulturavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune •Unifor, UiO Det har vore positiv respons frå Vik kommune og Vik Sparebank som har gitt oss startkapital, me takkar for det. Ei prosjekt-referansegruppe er etablert. Referansegruppa vil ha som funksjon å hjelpa til i denne prosessen med å ta i mot og formidla data som bilete og/eller historier frå bygdefolk og utflytta bygdefolk. Frå kulturavdelinga i fylket vart det poengtert at det er viktig å søkje prosjektmidlar på fleire arenaer. Me er no inne i ny søknadsrunde, søknad vil verta sendt til institusjonar som disponerer forskingsmidlar. Fortidsminneforeninga stiller seg positiv til prosjektet.(Separat e-postvedlegg). I prosjektet har kunst - og handverkslærar Kirsten Tangen, Isdalstø, sagt seg villjug til å skriva ein artikkel om kyrkjetekstilar. Eivind Berdal, Haslum, har skrive om kyrkja som institusjon ut frå eit nasjonalt perspektiv, og korleis dette har nedfelt seg lokalt. Den 26.05.14 vart prosjektet og førebels disposisjon presentert for Feios sokneråd og prosjektgruppe på Feios skule. Prosjektgruppa er utvida med Terje Harbakk som er kasserar. Kontonummeret er 38001567834 : Rinde kyrkjestad. Feios kyrkje 150 år. Søknad vil vidare verta sendt til eventuelt andre instansar som fordeler forskingsmidlar. Sokneprest Audun Systad, Balestrand har sagt seg viljug til å skriva ein artikkel. Det er sendt førespurnad til fengselsprest Olav Martin Hove om han kan skriva om sakramenta i eit teologisk perspektiv. Prosjektinnhald Nye Feios kyrkje I denne prosessen er målsetjinga å framskaffa data om Rinde kyrkjestad med to kyrkjer, og utarbeida ein rapport. Den nye kyrkja vart bygd fordi det I 1851 kom ei forordning frå kyrkjedepartementet om at kyrkjene skulle ha plass til 2/3 av folketalet i soknet. (Tschudi-Madsen, 81.) Det medførte at dei gamle kyrkjene måtte rivast eller utvidast. Konsekvensen for kyrkjestaden på Rinde var at stavkyrkja vart vedtatt riven. Planprosessen av ny kyrkje vekte ein del diskusjon i soknet og ”kommunestyrelsen” i Leikanger kommune (Orginalbrev frå Fylkesarkivet i S og Fj.) Mellom anna kom landhandlaren og kunstmålaren Tycho Jæger med friske innspel i diskusjonen. Feios nye kyrkje vart bygd i 1866, og innvigd i desember same året. Tidleg det året vart Rinde stavkyrkje riven. Nye kyrkja var teikna av arkitekt J.W. Nordan og byggmeister var J. Øvsthus. Kyrkja er bygd i nygotikk og sveitserstil. (Rasmussen A.1993.) Tycho Jæger (1819-1889) hadde kunstutdanning frå København. Han har med sirleg skrift og eit ”tungt kansellispråk” engasjert seg i denne diskusjonen. Bileta til denne kunstnaren har i nyare tid vore presentert i ei utstilling på Universitetet i Bergen, Historisk museum ( Sæverud/Kloster, 1967.) Her kan ein mellom anna finna tittel som ”Frå Rinde, Feios, Sogn 1880” eller ” Fra Feios, Sogn, Vinteraften” mellom dei 93 omtalte kunstverk i denne utstillinga. Forordninga som kom 1851, førte til at det vart trong for å byggja mange nye kyrkjer i Noreg. Inspirasjonen til denne nye kyrkjearkitekturen har kome frå Preussen og seinare Tyskland. Derfrå spreidde arkitekturen seg utover Nord-Europa. Gjennom det såkalla Eisenachregulativet stod typeteikningar av langkyrkjene i fokus. I Noreg starta arbeidet med å utvikla slike kyrkjetypeteikningar alt i 1850 i fylgje Ole Petter Bjerkek. (Bjerkek 2005.) 700914, Sem & Stenersen Prokom AS Side 3 av 6 Kulturmidler - søknad Rinde stavkyrkje Teikningar av den gamle stavkyrkja er nedteikna og lagra på Riksarkivet, oppteikninga er etter Georg Andreas Bull, skisse frå 1852. Ein del av materialet frå den gamle kyrkja vart seld på auksjon, og materiale frå den tida har vore gjenbrukt i bygningar rundt i bygda. Gjert Heiberg ved Sogn Folkemuseum har dessutan teke vare på ein del materiale som i fylgje Sogn Folkemuseum er i magasinet. I samband med denne prosessen vil dette materialet verta tilgjengeleg for synfaring. Eg har og vore i kontakt med Bergen Museum, der eg har fått informasjon om at det skal vera ein stokk/planke registrert frå denne kyrkja. Ein planke med fragment av treskurd er presentert i boka Norwegian Stave Churche Sculpture- ( Hohler, 1999.) I samlingane til kunstnaren Knut Rumohr i Frønningen finst det eit alterskap frå Rinde kyrkje. (Aarås, Djupedal, Vengen Førsund, 2009. ) Deler av kyrkjematerialane var auksjonert bort, dette finst også i gamle bygningar rundt i bygda. (Samland,B.2012) Slike gjenstandar til dømes, vil vera av interesse for ei eventuell utstiling i samband med kyrkjejubileet, da saman med bilete, teikningar av kyrkjene og kyrkjetekstilar som måtte finnast. Målet er å laga ein kulturpresentasjon over gjenstandar og kyrkjetekstilar i samband med kyrkjejubileet. Dette kan sjølvsagt vera kostnadskrevjande, men er inkludert i prosjektplanen. Forprosjektet – 2013 til juni 2015 Råmeverket for dette prosjektet er 3 år. Forprosjektet med å framskaffe data er i gang. Informasjon om prosjektet har vore sendt gjennom brev og pamfletten Feiosposten. Sidan målet er å sjå Rinde kyrkjestad i eit historisk og kulturhistorisk perspektiv med vekting av kyrkjearkitekturen i to kyrkjer, vil det krevje ein del arbeid med kjeldematerialet, så vel litterært, som å få oversikt over kyrkjekunst og materiale tilgjengeleg ved musea. I denne perioden som eg har arbeidd med prosjektet er det musea lokalt og regionalt, som har avteikna seg som moglege arenaer for kjeldetilfang. Statsarkivet i Bergen er eit alternativ. Ein del av kyrkjeinventaret frå dei kyrkjene som vart rivne etter lovendringa i 1851, kan vera deponert i ulike magasin. Frå heftet ved 100-årsmarkeringa i 1966, finn ein også referansar til Bergen Museum. (Tjønn, 1966.) Sogn Folkemuseum, De Heibergske Samlingar har deler av to plankar frå Rinde stavkyrkje, desse vart tekne fram frå magasinet ved synfaring den 2.09.14. Det er elles av interesse å få oversikt over eventuelle restar frå kyrkjematerialet som kan vera i bygningar i Feios, dette arbeidet er i gang. Det ser ut til å vera ein del utfordringar med å skaffe økonomiske midlar til prosjektet. Dersom det skulle verta eit bokprosjekt, og eit bokprosjekt som går med overskot, er formålet å avsetje desse til eit kunst- og kulturhistorisk senter ved Feios skule. (Forslag til reguleringsplanen sendt Vik kommune tidlegare.) Prosessen med å byggja ny kyrkje vekte ein del diskusjon i Leikanger, ved ”kommunestyrelsen”på slutten av 1850-åra. Eg har starta arbeidet med å tolke handskrivne brev motteke frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Men har og fått ein avtale om supplerande hjelp til dette tolkingsarbeidet ved Berit Selseng. Den nye kyrkja var truleg ein konsekvens av kyrkjedepartementet sitt prosjekt for å få introdusert den nye stilarten i kyrkjene, og gamlekyrkja skal dessutan ha vore i elendig forfatning. I tillegg vil historiske kjelder verta supplert av datamateriale frå brukarkulturen i kyrkja dei siste 50åra, da i høve til anekdoter og biletmateriale frå kyrkjelege handlingar i seinare tid. Denne søknaden gjeld økonomiske midlar til å vidareutvikla forprosjektet. Men budsjettforslaget femner i sin heilskap over heile planperioden i tabelloppsettet under. Det vert nokre endringar i høve til opphavleg prosjektplan, eg har til dømes fått grunnforskingsmateriale tilsendt digitalt frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Eg deltok 13.januar 2014 på fagkurs/studietur til Kiel om Kieltraktaten, arrangert av Riksarkivet, men kurset er ikkje belasta budsjettet på dette tidspunktet. Dette kurset gav meg nye perspektiv på bruken av ein del historisk kjeldemateriale. Forprosjekt – budsjett - prosjektplan Formål - aktivitet Reiser i samband med datainnsamling, feltarbeid, studietur Bergen – Oslo, Feios – Sogn Folkemuseum, Kaupanger kr. 5000,Skanning og biletbehandling (a kr 850,00 pr time x 15)Kr.12 750,Reiser mellom aktuelle arkiv i Oslo, Riksarkivet, Norsk Folkemuseum, Nasjonalbiblioteket – 700914, Sem & Stenersen Prokom AS Side 4 av 6 Kulturmidler - søknad Universitetsbiblioteket, 10 mnd. ½ månedskort, 2 år a kr 300,- kr. 6 000,Kontorteknisk utstyr kopiering, kopieringskort, minnepinne, blekkpatroner, kjøp av bilete ved institusj. o.s.v.kr. 4 600,Papir, konvoluttar, porto/frimerker ( a 2400,00 - 3år)kr. 7 200,Telefonutgifter 3 år a kr 1500,- kr 4 500,Faglege kurs a 3000,- i 3 år + bok/ litteraturkjøp kr 15 000Referansegruppe, eventuelt frikjøp, og hjelp til datainnsamlinga kr 10 000,TOTALT budsjett for forprosjektet Kr 65 050,- Eigeninnsats – dugnad 30%-50% i 3 år, a 250000,00Kr 750 000,Hovudprosjektet juni 2015 – juni 2016 Hovudprosjektet er planlagt for utskriving frå juni 2015 til medio 2016, i denne sekvensen skal data analyserast og skrivast ut. Metoden er vel det som primært kan definerast som kvalitative metodar. Eventuell presentasjon vil ta utgangspunkt i innkomne biletmateriale og tekstar frå bygdefolket. Den delen som går på folkelivsskildringar og skikk og bruk vil verta handsama i eige kapittel og supplert med litterære kjelder som er aktuelle. Tilgangen på slikt datamateriale er nokså usikkert da me ikkje har oversikt over informantar før i 2015. Men eg har fått nokre bilete med kulturhistorisk verdi som vil kaste lys over kyrkjekulturen i bygda i eit historisk perspektiv. Bilete av ein dåpskjole frå 1913 til dømes, er fotografert og sendt til prosjektet. Dessutan har eg bilete av eit ”kristnateppe”, eit lite vove teppe med karakteristisk mønster. Dessutan vil det vera aktuelt å skaffe bilete/kopiar med relevans frå offentlege instansar for å supplere teksten. Publiseringsfase - del 2 Trykking og grafisk design på jubileumsboka kr 250 000,Utstilling av gjenstandar i samband med jubileet i 2016 i Feios kr TOTALT budsjett for hovudprosjektet Kr. 300 000,- 50 000,- Totalt budsjett for forprosjekt og hovudprosjekt ForprosjektKr 65 050,00 HovudprosjektKr 300 000,00 Totalsum for prosjektetKr 365 050,00 Rinde stavkyrkje – teikningar frå Riksarkivet – døme på viktige kjelder Litteraturliste: Aarås, M. H. Djupedal, T. Vengen, S. Førsund, F. Borgen, F. På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane 2. Selja Forlag a.s. 2000 Bjerkek, O.P. Den preussiske regjerings typetegninger og Eisenach-regulativets påvirkning i Norge omkring 1850-1862. Vestre Aker kirke 1850-2005. Fylkesarkivet Sogn og Fjordane fylkeskommune – orginale brev digitalt tilsendt. Gjerstad, Jo. Bergen - slik den var Tycho Jæger - en glemt billedkunstner. Bondoni 2012 Gunnes, E. Kjellberg, H. Regesta Norvegica IV. Norsk Historisk Kjeldeskrift-Institutt, Oslo 1979 Halvorsen, H. Feiossongen. Leikanger Sparebank 100 år 1864-1964. Ingvald Husabø Prenteverk. Leikanger 1964. Hauglid, Roar. Norske Stavkirker Dreyers Forlag, Oslo 1969 Hødnebø, Finn. Bergen Kalvskinn. Selskapet til utgivelse av gamle norske håndskrifter. Oslo MCMLXXXIX Rasmussen, A.H. Våre kirker. Norsk Kirkeleksikon. Vanebo Forlag A/S 1993 Samland, Bjarnhild. Stavkyrkjerestar Vik Historielag. Pridlao nr. 2 -2012 Stornes, J.M. Thun, T. Bartholm, T.S. Årbok 2013 Fortidsminneforeningen. Oslo 2013 700914, Sem & Stenersen Prokom AS Side 5 av 6 Kulturmidler - søknad Sæverud, D.H. Kloster, R. Bergensmaleren Tycho Jæger 1819- 1889. Universitetet i Bergen. Historisk Museum. 1967 Tschhudi-Madsen, Stephen. Norges Kunsthistorie. Nasjonal vekst. Bind 5. Gyldendal Norsk Forlag 1981. Thue, Johs.B. Lys over fjord. Tjugum kyrkje i Balestrand 150 år. Selja Forlag 2013 Tjønn, H. Feios kyrkje 100 år 1966 M4b:289/Feios 66/480 Kostnader Spesifikasjon av kostnader kr forprosjekt 2014 -2015 65 050 Spesifikasjon av kostnader kr Hovudprosjekt bok og utstilling 300 000 Kostnader sum 365 050 Finansieringsplan Finansiering Kr Egne midler Egne midler 0 Kommunalt tilskudd Kommunalt tilskudd 15 000 Statstilskudd Statstilskudd 0 Fylkeskommunalt tilskudd Fylkeskommunalt tilskudd 0 Andre tilskudd Andre tilskudd Vik sparebank 2 500 Andre tilskudd Andre tilskudd Totale kostnader forprosjektet 65065, ikkje fullfinansiert Beløp Sum inntekter: 17 500 Søknadssum Søknadssum * 10 000 Vedleggsoversikt - Enkeltaktiviteter Vedlegg som skal følge søknaden Budsjett og finaniseringsplan for tiltaket Vedlegg Beskriv Jan Magne Rinde Beskriv Jan Magne Rinde Last opp vedlegg Ettersendes per post Feios kyrkje, andre søknadsrunde juli 2014, jan.15.pdf Last opp vedlegg Ettersendes per post Særutskrift pdf.pdf 700914, Sem & Stenersen Prokom AS Side 6 av 6