Møtebok kommunestyret 24. september

Transcription

Møtebok kommunestyret 24. september
Radøy kommune
Møtedato:
Møtested:
Møtetid:
Møtebok
for
Kommunestyret i Radøy
24.09.2015
Kommunestyresalen
18:00
Møtedeltakarar
Jon Askeland
Morgan Taule
Kirsti Gjetle Floen
Edgar Grindheim
Christel Villanger Håland
Kenneth Taule Murberg
John Magne Bauge
Audun Sylta
Henning Haugland
David Aasgard
Finn Frantzen
Roy Bø
Trond Morten Marøy
Wenche Kalnes Tveranger
Frode Hervik
Bjørg Taule Murberg
Silje Namtvedt
Mai-Liss Sylta Møn
Vigdis Villanger
Oddmund Skjelvik
Ingvill Taule
Dag Sætre
Ludvig Grindheim
Geir Smith
Vidar Grindheim
Parti
SP
AP
AP
AP
H
H
H
H
H
KRF
KRF
FRP
FRP
FRP
V
V
SP
SP
SP
SP
SP
SP
SP
SP
U
Rolle
Ordførar
Medlem
Medlem
Varamedlem
Medlem
Medlem
Medlem
Medlem
Medlem
Medlem
Medlem
Medlem
Medlem
Medlem
Medlem
Varamedlem
Medlem
Medlem
Medlem
Medlem
Medlem
Medlem
Varamedlem
Varamedlem
Medlem
Forfall
Parti
Møtande varamedlem
Ann Christin Hoen
Anne Berit Bø Palmesen
Birthe Haugland Frotaule
Sara Sekkingstad
AP
SP
V
SP
Andre møtande: Rådmann Jarle Landås, leiar teknisk forvaltning Tonje Nepstad Epland, møtesekretær
Arthur Kleiveland
I varaordførar Ann Christin Hoen sitt fråver vart Kenneth Taule Murberg valt til setjevaraordførar.
Det var spørjetime før ordinært kommunestyremøte.
Underskrifter:
Jon Askeland
Ordførar
Arthur Kleiveland
møtesekretær
Sakliste
Saknr
Tittel
034/2015
Meldingar og referatsaker
035/2015
Helse Bergen Tenesteavtale 8 - svangerskap, fødsel og barselsomsorg
036/2015
IKT-strategi 2015-2018
037/2015
Plansak 12602010000200 - Detaljplan Manger Torg - godkjenning av gjenståande
arealføremål - klagehandsaming
038/2015
Plansak 126020110500 detaljplan - Snekkevika - klagehandsaming
039/2015
Plansak 12602014000100 - Detaljregulering - Bøvågen næringspark - godkjenning
040/2015
Plansak 12602015000200 - detaljregulering - Manger industriområde - Kjebogen fastsetting av planprogram
041/2015
Kommunereform - Kommunikasjonsplan for Nordhordland
042/2015
Plansak 12602013000300 - privat reguleringsplan - Havgard fjordferie - godkjenning
043/2015
Valnemnd - oppnemning av medlemar
Radøy kommune
Saksframlegg
Saknr
034/2015
Utval
Type
Dato
Kommunestyret i Radøy
PS
24.09.2015
Sakshandsamar
Arkivsaknr.:
Dokumentnr.:
Arthur Kleiveland
15/1765
15/10935
Meldingar og referatsaker
Saksopplysingar:
Det vert lagt fram følgjande meldingar og referatsaker:
a. Møtebok kommunestyrevalet i Radøy 2015
b. Møtebok fylkestingsvalet i Radøy 2015
c. Godtgjersle folkevalde for perioden 2015-2019 - notat v/ordførar
Rådmannen sitt framlegg til vedtak:
Meldingar og referatsaker vert tekne til orientering
Kommunestyret i Radøy - 034/2015
KS - handsaming:
Takk til Jotun: Ordføraren informerte om at gruppeleiarane hadde samla seg om å senda ei
takkehelsing til Jotun-konsernet for verksemda dei har driva i Radøy gjennom mange år og i særleg
grad for den omfattande oppryddinga som vart gjort på området då drifta på Manger vart lagt ned.
Godtgjersle til folkevalde: Ordførar Jon Askeland la fram til drøfting eit notat om godtgjersle til
folkevalde i perioden 2015-2019. Fordi ordføraren sitt notat mellom anna omhandlar reduksjon i
ordføraren si godtgjersle, overtok setjeordførar Kenneth T. Murberg leiinga av møtet i denne saka.
Notatet fekk god respons i kommunestyret, og det skal arbeidast vidare med ei sak om fastsetjing av
godtgjersle til folkevalde i den komande fire års perioden. Det er det nye kommunestyret som skal
ta endeleg stilling til godtgjersle-ordninga.
Kommunestyret tok meldingar og referatsaker til orientering, med dei tillegg som vart lagt fram
i møtet.
KS - vedtak:
Meldingar og referatsaker vart teke til orientering.
Vedlegg:
Stadfesta valprotokoll for valstyret - Fylkestingsvalet
Stadfesta valprotokoll for valstyret - Kommunestyrevalet
Godtgjersle folkevalde for perioden 2015-2019
Radøy kommune
Saksframlegg
Saknr
Utval
Type
Dato
068/2015
Formannskapet i Radøy
PS
15.09.2015
035/2015
Kommunestyret i Radøy
PS
24.09.2015
Sakshandsamar
Arkivsaknr.:
Dokumentnr.:
Johan Fredrik Bøschen Sandal
15/997
15/10235
Helse Bergen Tenesteavtale 8 - svangerskap, fødsel og
barselsomsorg
Saksopplysingar:
Bakgrunn
Denne tenesteavtalen handlar om samhandling innan svangerskap-, fødsels- og barselomsorga, og er
ein overordna avtale mellom Helse Bergen, Haraldsplass diakonale Sjukehus og dei 22 kommunane i
lokalsjukehusområdet. Revisjon av avtalen er sett i gang av fleire grunnar, ikkje minst etter innspel
frå kommunane i Nordhordland.
Samarbeidssekretariatet (SSE) har sendt ut ny tenesteavtale 8 til alle kommunane i
føretaksområdet for vidare oppfølging. Samarbeidsutvala har i sine møte i mai 2015 tilrådd at
kommunane vedtek avtalen.
Avtalen gjeld for samhandling på område 5. 8 i Nasjonal rettleiar for
lovpålagde avtalar mellom kommunar og føretak, Avtale om jordmortenester; heretter kalla Avtale
om samhandling innan svangerskaps-, fødsels- og barselomsorga:
- Korleis tilrådingane i «Et trygt fødetilbud» skal innfriast
- Korleis tilrådingane i «Nytt liv og trygg barseltid for familien retningslinjer for barselomsorga» skal innfriast
- Korleis tverrfagleg samarbeid og utveksling av informasjon
mellom nivåa skal ivaretakast
- Korleis utviklinga av ei desentralisert og differensiert
svangerskaps- fødsels- og barselomsorg skal gjennomførast
- Samarbeidsarenaer
- Følgjetenesta, herunder organisering av beredskap for følgjeteneste
For dei kommunane som har gravide og fødande med reiseveg over 1,5 time til fødeavdeling skal det
inngåast særavtalar. Obstetrisk eining skal ta initiativet til å inngå slik særavtale der det er naudsynt.
Det blir bede om at avtalen blir politisk handsama så raskt som råd, fortrinnsvis innan 30 september.
Det er også sendt ut rutinar for samhandling knytt til tenestavtale 8 som er vedteke av
samarbeidsutvala for oppfølging saman med avtalen.
Vurdering
Avtalen er ei vidareføring og forbetring av den tidlegare inngåtte avtalen og utdjuping av rutinar
knytt til svangerskap, fødsels og barselsomsorg.
Det er avgjerande at alle forhold rundt svangerskap, fødsel og barsel omsorg er godt ivaretatt.
Avtalen skal sikra at alle fødande får eit optimal tenestetilbod på alle nivå.
Revisjon av avtalen vil ikkje ha økonomiske konsekvensar.
Det blir bede om at avtalen blir politisk handsama så raskt som råd, fortrinnsvis innan 30 september.
Det er også sendt ut rutinar for samhandling knytt til tenestavtale 8 som er vedteke av
samarbeidsutvala for oppfølging saman med avtalen.
Til orientering ligg også saksutgreiinga som vart lagt fram for samarbeidsutvala.
Konklusjon
Radøy kommune Det er grunn til å gå inn for det arbeidet som er gjort og tilrådinga frå
Samarbeidsutvalet.
Rådmannen sitt framlegg til vedtak:
Radøy kommune vedtek ”Tenesteavtale 8 - Samhandling innan svangerskaps-, fødselsog barselomsorga.”
Formannskapet i Radøy - 068/2015
FS - handsaming:
Formannskapet vedtok samrøystes rådmannen sitt framlegg til
vedtak.
FS - vedtak:
Radøy kommune vedtek ”Tenesteavtale 8 - Samhandling innan svangerskaps-, fødselsog barselomsorga.”
Kommunestyret i Radøy - 035/2015
KS - handsaming:
Vigdis Villanger (Sp) reiste spørsmål om del av avtalen som går på kjøretid til Haukeland for fødande.
Ordføraren vil invitera jordmor i Radøy til å orientera kommunestyret om forhold knytt til fødsel- og
barselomsorg.
Kommunestyret vedtok samrøystes formannskapet si tilråding.
KS - vedtak:
Radøy kommune vedtek ”Tenesteavtale 8 - Samhandling innan svangerskaps-, fødselsog barselomsorga.”
Vedlegg:
Tenesteavtale - samhandling innan svangerskaps-, fødsels- og barselomsorga
Tenesteavtale 8 til behandling i kommunestyra og styra i føretaket.
rutiner tenestavtale 8
Saksutgreiing SUA - TA 8 med rutiner
Radøy kommune
Saksframlegg
Saknr
Utval
Type
Dato
049/2015
Formannskapet i Radøy
PS
28.05.2015
062/2015
Formannskapet i Radøy
PS
18.06.2015
036/2015
Kommunestyret i Radøy
PS
24.09.2015
Sakshandsamar
Arkivsaknr.:
Dokumentnr.:
Jarle Landås
15/165
15/5703
IKT-strategi 2015-2018
Saksopplysingar:
Bakgrunn
Felles IKT-strategi 2015-2018 for kommunane i det interkommunale IKT-samarbeidet i Nordhordland
vert med dette lagt fram for politisk handsaming.
IKT-strategien gjer greie for dei viktigaste prioriteringane, måla og satsingsområda for åra 2015 til
2018. Sjølve strategiane er på overordna nivå og skal følgjast opp av ein meir detaljert tiltaksplan.
Tiltaksplanen skal seia noko om korleis strategien skal setjast ut i livet.
Visjonane frå tidlegare strategiperiodar vert vidareførte i visjonen for denne strategiperioden. Vi skal
leggje til rette for felles tenesteyting og samarbeid om ressursbruk.
Erfaring frå tidlegare strategiar har synt at det er naudsynt med politisk forankring av Ikt-strategien.
Vurdering
Sidan IKT-samarbeidet i Nordhordland vart oppretta i 2011 har vi oppnådd mykje positivt. Sjølv om vi
har kome ganske langt i arbeidet med å digitalisera forvaltninga er det likevel mykje som står att. Vi
treng difor offensive målsetjingar og tilstrekkeleg med ressursar til å gjennomføra prosjekt, som på
sikt fører til meir effektiv forvaltning og reduserte kostnader.
Måla i strategiframlegget byggjer på måla i digital agenda for Norge. Nokon vil synast dei er
ambisiøse, medan andre kanskje meiner vi bør ta mål av oss til å koma endå lenger i perioden.
Kommunane i IKT-samarbeidet er ulike og har i ulik grad ressursar til å utvikla og gjennomføra den
organisasjonsutviklinga IKT-utviklinga krev.
Strategien skal vera noko å strekkja seg etter, men samstundes må den vera realistisk. Vi meiner at
det framlegget som no vert lagt fram til politisk forankring stettar desse krava.
Strategien seier noko om at digital dialog skal vera hovudsatsinga vår. Dei områda som er nemnd i
strategien skal ha særskild fokus, men det kan også jobbast med område som ikkje konkret er
nemnd.
Konklusjon
Felles IKT-strategi er eit godt grunnlag for å vidareutvikla kommune-organisasjonane og dei digitale
løysingane vi i dag har. Det er eit stort potensiale i å utnytta betre dei systema vi har, samt
implementera nye løysingar som ei vidareutvikling av dagens løysingar.
Mange ser på digital kommunikasjon som ein sjølvfølgje i dag, og kommunane må henga med i
utviklinga. Men digital kommunikasjon byr også på utfordringar. Vi har eit stort ansvar for å sikra at
dei løysingane vi nyttar, og dei rutinane vi etablerer, er trygge og sikrar både vern av sensitive
personopplysningar, teieplikt og informasjonstryggleik. Vi må sikra arkivrutinar og trygg
dokumenthandtering.
Sjølv om vi har eit IKT samarbeid som fungerer svært godt, er IKT-tryggleik den enkelte kommune sitt
ansvar. Vi må sjølve syta for at vi har naudsynt kompetanse og gode nok rutinar på dette.
Felles IKT-strategi kan hjelpa oss å setja IKT-utvikling på dagsorden, men jobben med å implementera
dette i organisasjonane kviler på den enkelte kommune. Det at vi løftar saman gjer likevel at vi kan
koma litt lenger enn om vi kvar for oss skulle hatt ansvar for å fornya og levera digitale tenester som
gir innbyggjarar og næringsliv eit reelt digitalt førsteval.
Rådmannen sitt framlegg til vedtak:
Felles IKT-strategi for 2015 – 2018 vert vedteken som Radøy kommune sin IKT-strategi for denne
perioden.
Formannskapet i Radøy - 062/2015
FS - handsaming:
Rådmannen orienterte om det nye strategidokumentet for IKT Nordhordland for 2015-2018, som no
er til politisk forankring i kommunane. Han peika på at digital dialog med innbyggarane er eit sentralt
tema i dokumentet. Han viste også til årsmelding og tertialrapport frå IKT Nordhordland, som ligg
vedlagt "Meldingar og referatsaker". I årsmeldinga kjem det fram at IKT Nordhordland brukte mindre
pengar enn budsjettert i 2014.
Rådmannen vil koma tilbake til hausten med oppdatert informasjon om utviklinga i IKT
Nordhordland.
Kenneth Murberg (H) gav uttrykk for at han synest det i ein økonomisk tøff situasjon for kommunen
vil vera viktig å ta for seg drifta i dei ulike samarbeidsselskapa i regionen.
Formannskapet vedtok samrøystes rådmannen sitt framlegg til vedtak.
FS - vedtak:
Felles IKT-strategi for 2015 – 2018 vert vedteken som Radøy kommune sin IKT-strategi for denne
perioden.
Kommunestyret i Radøy - 036/2015
KS - handsaming:
Kommunestyret vedtok samrøystes formannskapet si tilråding.
KS - vedtak:
Felles IKT-strategi for 2015 – 2018 vert vedteken som Radøy kommune sin IKT-strategi for denne perioden.
Vedlegg:
Felles IKT-strategi 2015-2018
Radøy kommune
Saksframlegg
Saknr
037/2015
Utval
Type
Dato
Kommunestyret i Radøy
PS
24.09.2015
Sakshandsamar
Arkivsaknr.:
Dokumentnr.:
14/1375
15/9728
Plansak 12602010000200 - Detaljplan Manger Torg - godkjenning av
gjenståande arealføremål - klagehandsaming
Saksopplysingar:
Vedtak i Kommunestyret sak 026/2015
Reguleringsplan for Manger torg med PlanID 12602010000200 vert godkjent. Det vert sett som vilkår
at:
1. byggjegrense mot fylkesveg o_KV01 vert lagt inn i kartet
2. heile siktsona frå o_KV02 mot o_KV01 vert lagt inn med arealføremål o_AVG 04.
Grunngjeving av vedtaket er at plankartet og tilhøyrande plandokument er i tråd med overordna plan
for området og føl opp planarbeidet for reguleringsplan Manger torg.
Vedtaket har heimel i plan- og bygningslova § 12-12.
Klage
Advokatfirmaet Riisa & Co har den 06.07.2015 klaga på vedtaket på vegne av eigar av gbnr 45/299.
Klaga er presisert i brev av 26.08.2015.
Klagen rettar seg mot «plassering av innkjørsel til Roald Vatnøy Holding AS sin eigedom» og det er
klaga over sakshandsamingsfeil som kan ha hatt verknad for vedtak i sak 026/2015. Når det gjeld
sakshandsamingsfeil er det vist til at:
«rådmannen kun har vurdert spørsmålet om hvorvidt det er adgang til å kreve innløsing. Ved at
rådmannen vurdere at det nå ikke er anledning til det så er alle merknadene under ett avvist.
Det fremstå med andre ord som at rådmannen og kommunestyret altså ikke har vurdert de øvrige
merknaden som er fremsatt, men kun har ønsket å avfeie vårt standpunkt om at vedtaket juridisk sett
vil kunne vi gi krav om innløsing.»
Saksgang i plansaka
Reguleringsplan for Manger Torg vart godkjent i kommunestyret 18.06.2013.
Etter klagehandsaming 05.12.2013 vart godkjenningsvedtaket oppheva for arealføremåla f_KV04,
o_AVG04 og B/F02.
Forslagsstiller leverte nytt plankart for ovannemde arealføremål og endringa vart den 20.03.2015
sendt på høyring til direkte råka eigedomar, her under gbnr. 45/299.
I samband med høyringa kom det den 21.04.2015 inn merknad frå Advokatfirmaet Riisa & Co på
vegna av eigar av gbnr 45/299.
Rådmannen vurderte at merknaden i hovudsak var retta mot tilhøve som ikkje var relevant for
godkjenning av dei tre siste arealføremåla og arealføremåla vart godkjent av kommunestyret i sak
026/2015.
Vurdering
Merknad om sakshandsamingsfeil er grunngjeve i at rådmannen og kommunestyret i sak 026/2015
ikkje har tatt stilling til alle merknadspunkta i brev av 21.04.2015.
Når kvar merknad ikkje er kommentert særskilt skyldast dette at merknadene etter rådmannen sin
vurdering i hovudsak låg utanfor plansaka sine rammar. Handsaminga i sak 026/2015 gjaldt bare tre
mindre gjenståande arealføremål, ikkje reguleringsplanen som sådan. Merknader som ikkje direkte
var knytt til desse formåla var ikkje relevant for sakshandsaminga, og vart ikkje vurdert særskilt.
Rådmannen vil her i klagehandsaming kommentere kvar merknad særskilt:
·
«Det forslaget som nå er fremsatt, innebærer en endring av den uheldige løsningen som
vedrørte vår klient sin eiendom, men er likevel ingen vesentlig forbedring eller løsning på
problemet».
Rådmannen har tatt til orientering at merknadshavar meinar løysinga for gbnr. 45/299 vert
betre, men ikkje vesentleg betre.
Det har vore rådmannen sin vurdering at løysinga er akseptabel. Det er tilkomst til eigedomen
og garasjen, og det er mogleg å oppnå snuplass på eiga grunn.
Eigedomen gbnr. 45/299 er også regulert til bustad/forretning og opparbeiding av tilkomstvei
tråd med reguleringsplan vil opne for vidare utvikling av eigedomen.
Dei private omsyna må uansett vike for det offentlege omsynet til utvikling av Manger som
sentrumsområde i tråd med gjeldande reguleringsplan for Manger sentrum.
·
«tung trafikk (…) rett forbi husveggen»
Sjølve tilkomstvegen til Rema 1000 tomten vart godkjent 18.06.2013. Godkjenning av dei tre
arealføremåla opnar ikkje for ei omkamp om allereie vedtatt plan. Rådmannen har difor vurdert at
merknaden ligg utanfor saken sine rammer og ikkje er relevant for saka.
·
«innkjøring til garasjen fra veien til garasjen blir praktisk talt umuliggjort»
Rådmannen kan ikkje sjå at innkøyring frå vegen til garasjen vert umogleg. Det er ca. 9,5 meter
mellom garasjen og eksisterande bustad. Eit bakrom på 6 meter er nok for å vende ein personbil 90
grader ut av ein garasje på 2,5 meter breidde. Større breidde reduserer krav til bakrom.
·
«den foreslått løsningen reduserer bruks- og omsetningsverdien til bnr. 299 betraktelig»
Ein eventuell verdireduksjon må løysast etter reglane i plan- og bygningslova kap. 15. Det har vore
rådmannen sin vurdering at merknaden ligg utanfor saken sine rammer og ikkje er relevant.
·
«Ved vedtak av reguleringsplanforslaget, slik det fremstår i dag, vil vår part kreve
umiddelbar innløsing»
Rådmannen har i sak 026/2015 vist til at «Vurdering av dette momentet er ikkje del av plansaken,
men vert teken opp av rådmannen som ein eventuell konsekvens av planvedtaket.»
Det har vore rådmannen sin vurdering at merknaden ligg utanfor saken sine rammer og ikkje er
relevant.
·
Videre er det fremsatt to alternative forslag for veitilkomst til bnr. 322.
Begge forslag innebærer endring av allereie vedtatt plan. Det eine forslaget ligg også utanfor
plangrensa. Det har vore rådmannen sin vurdering at merknaden ligg utanfor saken sine rammer og
ikkje er relevant.
Der er rådmannen sin vurdering at det ikkje ligg føre sakshandsamingsfeil som kan ha hatt verknad
for vedtaket i saka. Ein eventuell sakshandsamingsfeil i det opphavlege vedtaket vil uansett vere
avbøta ved at merknadene er gjennomgått i sin heilskap i klagehandsaminga.
Rådmannen sitt framlegg til vedtak:
Klagen vert ikkje teke til følgje og vedtak i sak 026/2015 vert stadfesta.
Grunngjeving for vedtaket går fram av saksutgreiinga.
Vedtaket har heimel i forvaltningslova § 33 jf. plan- og bygningslova (pbl.) §
12-12. Saka vert sendt Fylkesmannen i Hordaland for endeleg avgjerd.
Kommunestyret i Radøy - 037/2015
KS - handsaming:
Kommunestyret vedtok samrøystes rådmannen sitt framlegg til vedtak.
KS - vedtak:
Klagen vert ikkje teke til følgje og vedtak i sak 026/2015 vert stadfesta.
Grunngjeving for vedtaket går fram av saksutgreiinga.
Vedtaket har heimel i forvaltningslova § 33 jf. plan- og bygningslova (pbl.) § 12-12.
Saka vert sendt Fylkesmannen i Hordaland for endeleg avgjerd.
Vedlegg:
Skanna på ein fleirfunksjonsmaskin frå Xerox
Plansak Manger torg - detaljregulering - søknad om mindre endring - klage på vedtak
Plansak 12602010000200 - detaljregulering - Manger torg - godkjenning
10018_Kyrkjevegen2_07.05.2014_40
Skanna på ein fleirfunksjonsmaskin frå Xerox
Radøy kommune
Saksframlegg
Saknr
038/2015
Utval
Type
Dato
Kommunestyret i Radøy
PS
24.09.2015
Sakshandsamar
Arkivsaknr.:
Dokumentnr.:
Tonje Nepstad Epland
14/524
15/10276
Plansak 126020110500 detaljplan - Snekkevika - klagehandsaming
Saksopplysingar:
Bakgrunn
Kommunestyret i Radøy handsama i møte 28.04.2015 framlegg til ny reguleringsplan for Snekkevika.
Føremålet med planarbeidet var å leggje til rette for ei fortetting av eit allereie eksisterande område
for fritidsbustader.
Innstilling til vedtak i frå hovudutval for plan, landbruk og teknisk til kommunestyret var negativ då
utvalet meinte at området ikkje har teneleg tilkomst. Tilkomstveg ligg i LNF-område og er i strid med
arealføremål i overordna plan. Innspel i høyringsrunden viser også at plassering av tilkomstveg kan
koma i konflikt med bruken av naustområdet, og at det vil vera fare for uønska hendingar med
gjennomgangstrafikk i naustområdet.
Kommunestyret følgde utvalet si innstilling om ikkje å godkjenne reguleringsplanframlegget.
Klage
Vedtaket i kommunestyret vart sendt OPUS Bergen AS som utøvande konsulent for tiltakshavar
Helge Grindheim. Det er klagerett på vedtaket etter plan- og bygningslova § 12-12.
Det kom klage på vedtaket innan fristen. Klagen er dagsett 28.05.2015 og motteke av Radøy
kommune same dag.
Gjennomgang av motteken klage
OPUS Bergen AS klager og «Viser til vedtak i kommunestyret 28.04.2015 i sak 017/2015 Plansak
12602011000500 - detaljplan - Snekkevika hyttefelt - plan til godkjenning. På vegne av forslagsstillar
Helge Grindheim vert det med dette sett fram klage på vedtaket i kommunestyret der
reguleringsplanen for Snekkevika ikkje vart godkjend.»
Klagegrunnar
1. Framlegg til ny regulering er i tråd med overordna plan
Hovuddelen av planområdet er vist som fritidsbusetnad i kommuneplanens arealdel (20112023). I kommuneplanen vert det føreset ei fortetting av dette området. Kommuneplanen
viser ikkje tilkomst til området. Planforslaget for Snekkevika hyttefelt er med dette i tråd
med overordna plan.
2. Vegløysing
At vegløysing ikkje er teikna inn i kommuneplanen, kjem av arealplanen sin overordna og
grovmaska karakter, jf. pbl. § 11-5 i samanheng med kapittel 12. Når kommunen har valt å
avsette området til fritidsformål i arealdelen, må det klart ha vore ein føresetnad at
vegløysinga skulle regulerast inn i etterfølgjande reguleringsplan.
3. Trafikktilhøve
Trafikkauke som følgje av 10 nye hytter i området vil i følgje OPUS vere minimal.
4. Uforutseiieleg planprosess
OPUS stillar seg undrande til at politikarane i Radøy ikkje godkjenner ein reguleringsplan
der arealbruken er i tråd med overordna plan. Noko dei meiner medfører uforutseielege
planprosessar i kommunen.
5. Kommunen sin plikt til å gje tilbakemelding tidlegare
Etter plan- og bygningslova kan kommunen avvise eit planframlegg dei ikkje ynskjer å
vedta. Dette bør gjerast ved ikkje å sende saka på høyring. Reguleringsplan for Snekkevika
har vore på høyring og tiltakshavar venta difor at dette var ein plan som kommunen tolka i
tråd med overordna plan og ville vere positiv til. OPUS meiner dette er i strid med
forvaltningslova og god forvaltningsskikk.
Rådmannen si vurdering Vurdering
av dei enkelte klagepunkt
1. Framlegg til ny regulering er i tråd med overordna plan
Det er rett at hovuddelen av planområdet er vist som fritidsbusetnad i kommuneplanens
arealdel og at det vart opna for ei mogeleg fortetting av dette området. Kommuneplanen
viser ikkje tilkomst til området. Planforslaget og arealbruken for sjølve hytteområdet er
med dette i tråd med overordna plan, men ikkje tilkomstvegen. Det vart satt krav om ny
reguleringsplan om det skulle fortettast.
2. Vegløysing
At vegløysing ikkje er teikna inn i kommuneplanen kjem av kommuneplanen sin overordna
oggrovmaska karakter. Når kommunen har valt å avsette området til fritidsformål i
arealdelen, har det vore ein føresetnad at vegløysinga skulle regulerast inn i etterfølgjande
reguleringsplan, men det har ikkje vore gitt at vegen skulle måtte komme inn der han ligg i
dag. Kommunen har heile tida peika på at tiltakshavar og forslagsstillar måtte finne ei
løysing for tilkomst. Dette då Grindheim sin eigedom berre hadde vegrett til ein
fritidsbustad.
3. Trafikktilhøve
Trafikkauke som følgje av 10 nye hytter i området vil i følgje OPUS vere minimal. Det kan
dei nok ha rett i, men nokre gongar er opplevd fare større enn reel fare.
4. Uforutseiieleg planprosess
OPUS stillar seg undrande til at politikarane i Radøy ikkje godkjenner ein reguleringsplan
der arealbruken er i tråd med overordna plan, noko dei meiner medfører uforutseielege
planprosessar i kommunen. Slik rådmannen vurderer det er det jo planprosessen som skal
teste ut om tiltaket er godt, vegd opp mot andre interesser.
5. Kommunen sin plikt til å gje tilbakemelding tidlegare
OPUS meiner saksgangen er i strid med forvaltningslova og god forvaltningsskikk. Det har
vore ein open dialog mellom Radøy kommune og tiltakshavar med konsulent i denne
plansaka. Utfordringane har vore diskutert fleire gonger undervegs og det har vore kjent
for tiltakshavar at politikarane hadde eit anna syn på saka enn administrasjonen når det
gjaldt løysing av vegproblematikken.
Rådmannen sitt framlegg til vedtak:
Det er ikkje nye moment som gir grunnlag for å ta klagen til følgje.
Saka vert sendt Fylkesmannen i Hordaland for endeleg avgjerd.
Kommunestyret i Radøy - 038/2015
KS - handsaming:
Kommunestyret vedtok samrøystes rådmannen sitt framlegg til vedtak.
KS - vedtak:
Det er ikkje nye moment som gir grunnlag for å ta klagen til følgje.
Saka vert sendt Fylkesmannen i Hordaland for endeleg avgjerd.
Vedlegg:
Klage på vedtak - Snekkevika - Radøy kommune
Plansak 12602011000500 - detaljplan - Snekkevika hyttefelt - plan til godkjenning
Radøy kommune
Saksframlegg
Saknr
039/2015
Utval
Type
Dato
Kommunestyret i Radøy
PS
24.09.2015
Sakshandsamar
Arkivsaknr.:
Dokumentnr.:
Tonje Nepstad Epland
14/477
15/9730
Plansak 12602014000100 - Detaljregulering - Bøvågen næringspark godkjenning
Saksopplysingar:
Samandrag
Utførande plankonsulent Arkoconsult AS har på vegne av tiltakshavarane GT-eigedom AS og Rili
eigedom AS 21.04.2015 levert framlegg til detaljregulering for Bøvågen næringspark.
Bakgrunn for planarbeidet er å auke eksisterande næringsareal ved GT-lakk ved å utarbeide
detaljregulering for eit større område og leggje til rette for ei utviding med utbygging av
næringsbygg, lager og kontor med tilhøyrande infrastruktur. Området er lokalisert ca. 1 km frå
Bøvågen sentrum, med ei utstrekning som innehelder areala til GT-lakk, litt sørover og mot
idrettsbana. Delar av fylkesveg 409 er innafor planområdet.
Tilhøve til kommuneplanen sin arealdel er utgreidd i ei konsekvensvurdering då delar av området ligg
som LNF – landbruk, natur og friluftsliv i kommuneplanen.
Planforslag har vore ute på høyring og offentleg ettersyn og vert no lagt fram for kommunestyret for
godkjenning.
Saksopplysningar
Planområdet omfattar ca. 31 mål, der ca. 24 er satt av til næring.
Planforslaget er regulert til føremål under;
1.
2.
3.
4.
Bygg og anlegg; kombinert byggje- og anleggsføremål
Samferdsleanlegg og teknisk infrastruktur;
Grønstruktur; vegetasjonsskjerm
Øvrige kommunaltekniske anlegg;
I tillegg er det omsynssoner og ulike linjesymbol som er juridisk bindande eller retningsgjevande.
Dette går fram av teiknforklaringa på plankartet og er vidare forklart i føresegner.
Særskilde viktige tema i planarbeidet har vore tilhøve til fylkesvegen og avkjørsle til næringsområdet
og idrettsbana.
Planframlegget omfattar:
1. Planskildring som skildrar planområdet og konsekvensar av endra arealbruk.
2. Plankart som syner arealbruk innafor planområdet.
3. Føresegner som gjev føringar for bruk av dei ulike arealføremål.
Lovgrunnlag
«Plan- og bygningsloven § 12-12.Vedtak av reguleringsplan
Når forslag til reguleringsplan er ferdigbehandlet, legges det fram for kommunestyret til vedtak,
eventuelt i alternativer. Av saksframlegget skal det framgå hvordan innkomne uttalelser til
planforslaget og konsekvensene av planen har vært vurdert, og hvilken betydning disse er tillagt.
Kommunestyret må treffe vedtak senest tolv uker etter at planforslaget er ferdigbehandlet. Er
kommunestyret ikke enig i forslaget, kan det sende saken tilbake til ny behandling. Det kan gis
retningslinjer for det videre arbeid med planen.
Kommunestyret kan delegere myndighet til å vedta mindre reguleringsplaner i samsvar med
kommunelovens regler når planen er i samsvar med rammer i kommuneplanens arealdel, og det er
mindre enn fire år siden den ble vedtatt av kommunestyret.
Kommunestyrets endelige vedtak om reguleringsplan kan påklages, jf. § 1-9.
Når planen er vedtatt, skal registrerte grunneiere og festere i planområdet, og så vidt mulig andre
rettighetshavere i planområdet og naboer til planområdet, når de blir direkte berørt underrettes
særskilt ved brev. Underretningen skal inneholde opplysninger om klageadgangen og frist for klage.
Planen med planbeskrivelse skal kunngjøres i minst én avis som er alminnelig lest på stedet og gjøres
tilgjengelig gjennom elektroniske medier»
Bakgrunn for planforslaget
Bakgrunn for planarbeidet er ynskje om å auke eksisterande verksemd ved å utarbeide
detaljregulering for området og leggje til rette for ei utviding med utbygging av næringsbygg, lager og
kontor med tilhøyrande veg, og grøntareal. Deler av planområdet er allereie utbygd med
næringsbygg.
Det er GT-eigedom AS og Rili-eigedom AS som står bak planarbeidet for å leggje til rette fyrst og
fremst for vidare utvikling av eigne føretak.
Skildring av planforslag og konsekvensar
Reguleringsplanen omfattar eit næringsområde som skal innehalde næringsbygg, lager og kontor
samt infrastruktur. Planen samordnar ny avkjørsel til næringsområdet med avkjørsle til idrettsbana.
Konsekvensar av etablering og utviding av næringsareal har positive samfunnsøkonomiske
konsekvensar då det vil skape auka aktivitet og sikre arbeidsplassar.
Landbruksområda er ikkje her sett på som viktige så det vert ikkje store negative konsekvensar ved å
etablere byggjeområde for næring her.
Trafikkauke som følgje av tiltaket vil ikkje vere veldig stor og kan ikkje sjåast som ei stor ulempe.
Samordning av avkjørslane gjev ein positiv effekt. Eksisterande avkjørsle til GT-lakk skal stenge når ny
avkjørsle er på plass. Det vil gje meir oversiktlege trafikktilhøve. Når Statens vegvesen i tillegg har
senka fartsgrensa til 50 km/t forbi avkjørsla er det positivt for trafikktryggleiken i området.
Planskildringa s 18:
«Hordabø idrettsbane grensar til planområdet i vest og får felles tilkomstveg med
planområdet. Bana er mykje brukt av barn og unge og det er difor viktig at
trafikktryggleiken vert ivareteken. Den felles avkøyrsla vert oversiktleg og det er lagt inn
fortau/gangveg på 2,5 m langs tilkomstveg ned til idrettsbana. Tidlegare 80-sone ved
avkøyrsle er flytta mot aust slik at det no er 50-sone forbi avkøyrsla.»
Omkringliggjende område er mykje nytta som turområde. Med oversiktlege trafikktilhøve vert ikkje
aktivitetande skadelidande og folkehelseperspektivet vert ikkje særleg endra.
Risiko- og sårbarheitsanalysen for Radøy har skogbrann og trafikkfare høgt på lista over mogelege
uønska hendingar. I planframlegget er dette teke omsyn til ved å leggje inn branngate mot skogen og
oversiktlege trafikkløysingar både for køyrande og gåande.
Næringsområdet ligg i utkanten av Bø og utbygging vil ikkje vere generande for landskap eller
naboar. Det er granskog i området som skjuler bygg og dempar innsynet. Dette vil kunne endra seg
noko om skogen vert teken ned.
Miljø og naturmangfald vert endra når areal vert omdisponert frå LNF til byggjeområde, men ein kan
ikkje sjå at det her er store konfliktar ved å endre arealbruken. Nye tiltak skal ikkje føre til forureining
av området.
Det er ikkje registrert kulturminne innafor planområdet som vert råka av nye tiltak.
Saksgang
Detaljregulering av Bøvågen næringspark var handsama i hovudutval for plan, landbruk og teknisk i
møte 06.05.2015 og godkjent for 1. gongs offentlege høyring og ettersyn.
Framlegg til detaljregulering for Bøvågen næringspark har vore på høyring og innan høyringsfristen
10.07.2015 er det komme følgjande merknader til planarbeidet:
Statens vegvesen:
Statens vegvesen meldte i høyringsbrev motsegn mot utforming av avkjørsle, byggjegrense mot veg
og areal satt av til anna veggrunn.
Rådmannen sin vurdering:
Statens vegvesen har fatta vedtak om å endre fartsgrensa forbi avkjørsla til næringsparken og
Arkoconsult har endra planframlegget slik at det no stetter dei krav som er satt.
Rådmannen har i planprosessen vore tydeleg på at det er viktig med sikker tilkomst til idrettsbana
som nyttar same avkjørsle.
Fylkesmannen i Hordaland, samordna uttale:
Statens vegvesen varsla motsegn mot planen i brev dagsett 08.06.2015. Dialogmøte mellom SVV,
Fylkesmannen og kommunen vart halde 01.07.2015. På møtet vart det konkludert med at planen må
rettast opp på nokre punkt og at dette skulle gjerast i dialog mellom SVV, konsulent og kommunen.
Statens vegvesen stadfestar i e-post 11.09.2015 at dei trekk motsegn mot planen, men med krav om
nye tekniske teikningar. Tekniske tegninger viser ikkje 3 % fall i begynnelsen av vegen i samsvar med
N100. Ein skrivefeil er oppdaga i plankartet, det står frisikt 6x50 i stedenfor 6x54.
Arkoconsult må soleis rette plankartet og det vert sett vilkår om nye tekniske teikningar.
Rådmannen sin vurdering:
Det har vore god dialog med Statens vegvesen i saka og planen er no retta opp i tråd med dei
føringar som vart gjeve.
I tillegg har SVV redusert fartsgrensa på fylkesvegen der avkjørsle til næringsområdet er.
Rådmannen si vurdering
Slik rådmannen vurderer framlegg til reguleringsplan for Bøvågen næringspark stør det dei krav som
er satt i plan- og bygningslova samt at det vidareførar intensjonar i kommuneplanen sin arealdel.
Planframlegget er endra etter merknadar og innspel som er komme i prosessen. God dialog, særleg
med Statens vegvesen, har ført til at planen no står fram som godt gjennomarbeidd med gode
løysingar. Trafikktryggleik og risiko for uønska hendingar er tekne på alvor og det er gjort framlegg
som vil redusere risikoen for desse. Rådmannen har som tidlegare nemnt vore opptatt av å få til ei
god sameksistens mellom næringsområdet og idrettsbana som no skal dele avkjørsle og tilkomstveg.
Hovudarealføremålet er i planen satt til byggjeområde for kombinert byggje- og anleggsføremål i
plankartet, med spesifisering av bruk i føresegnene. Slik rådmannen vurderer det er planen på den
måten så fleksibel at den kan gje rom for ulike verksemder, men samstundes såpass avgrensa at det
ikkje skal vere tvil om kva type næring ein ynskjer i området. Det er mellom anna ikkje lov med rein
detaljhandel innafor planområdet.
I tillegg til planskildring, plankart og føresegner er det utarbeidd avkjørsleplan med lengdeprofil.
Plankartet må ferdigstillast med alle detaljar i tittelfeltet før kunngjering av vedtak. Datoar må setjast
inn og Osterøy heradsstyre må byttast ut med Radøy kommunestyre.
Vurdering av innspel som kom i høyringsperiodane er gjort over og i saksframstillinga som vart lagt
fram for hovudutvalet i mai.
Konklusjon:
Rådmannen syner vidare til saksopplysningane og rår til å godkjenne planframlegget på vilkår om at
plandokumenta er korrekte og Statens vegvesen har godkjent nye tekniske teikningar før kunngjering
av vedtaket.
Rådmannen sitt framlegg til vedtak:
Framlegg til detaljregulering av Bøvågen næringspark planID 12602014000100, med føresegner,
plankart og planskildring dagsett 09.09.2015 vert godkjent på følgjande vilkår:
1. Plankartet må rettast då det står frisikt 6x50 i stedenfor 6x54.
2. Statens vegvesen skal godkjenne nye tekniske teikningar.
3. Tittelfeltet i plankartet må oppdaterast
Rettingar må skje før kunngjering av vedtaket
Grunngjeving for vedtaket er at reguleringsplanen er utført i tråd med kommuneplanen sin arealdel
og føringar som er komme fram i planprosessen.
Vedtaket er fatta i medhald av plan- og bygningslova § 12-12.
Kommunestyret i Radøy - 039/2015
KS - handsaming:
Leiar for teknisk forvaltning, Tonje Nepstad Epland, orienterte om plan
og svara på spørsmål.
Kommunestyret vedtok samrøystes rådmannen sitt framlegg til
vedtak.
KS - vedtak:
Rådmannen sitt framlegg til vedtak:
Framlegg til detaljregulering av Bøvågen næringspark planID 12602014000100, med føresegner,
plankart og planskildring dagsett 09.09.2015 vert godkjent på følgjande vilkår:
1. Plankartet må rettast då det står frisikt 6x50 i stedenfor 6x54.
2. Statens vegvesen skal godkjenne nye tekniske teikningar.
3. Tittelfeltet i plankartet må oppdaterast
Rettingar må skje før kunngjering av vedtaket
Grunngjeving for vedtaket er at reguleringsplanen er utført i tråd med kommuneplanen sin arealdel
og føringar som er komme fram i planprosessen.
Vedtaket er fatta i medhald av plan- og bygningslova § 12-12.
Vedlegg:
Føresegner Bøvågen næringsp
plankart
Planskildring Bøvågen Næringsp
Samordna uttale i sak Offentleg ettersyn - Radøy – Gnr. 24 bnr. 220 og 222 mfl. - Bøvågen
Næringspark - Privat detaljregulering Tilbakemelding til oppdaterte plandokument - Bøvågen næringspark Plansak 12602014000100 - Detaljplan - Bøvågen næringsområde - godkjenning for 1. gongs høyring
og offentleg ettersyn
Radøy kommune
Saksframlegg
Saknr
040/2015
Utval
Type
Dato
Kommunestyret i Radøy
PS
24.09.2015
Sakshandsamar
Arkivsaknr.:
Dokumentnr.:
Kjersti Flatråker
15/1039
15/10051
Plansak 12602015000200 - detaljregulering - Manger
industriområde - Kjebogen - fastsetjing av planprogram
Saksopplysingar:
Samandrag
Saka gjeld fastsetjing av planprogram for reguleringsplanarbeid på gamle Jotuntomta på Mangerøy.
Føremålet er å detaljregulere og lage ein reguleringsplan for eit nytt industriområde.
Initiativtakar for planen er Radøygruppen AS som tiltakshavar og forslagsstillar. Konsulentfirma
Arkoconsult AS er utførande konsulent for planarbeidet.
Utsnitt av kommuneplan.
Saksopplysningar
Det vart halde oppstartsmøte mellom tiltakshaver, konsulent og Radøy kommune 18. juni 2015.
Melding om oppstart av planarbeid og høyring av framlegg til planprogram vart varsla 03.07.2015 og
frist for uttale var satt til 31.08.2015.
Det er komme følgjande merknadar til planarbeidet:
Fylkesmannen i Hordaland:
Fylkesmannen kommenterer arealet i sjø der framlegg til ny arealbruk ikkje er i tråd med overordna
plan, kommuneplanen, og Fylkesmannen er i utgangspunktet kritisk til det. Fylkesmannen peikar på
at området er viktig som friluftsområde. Naturmangfald og liv i Brunpollen må takast omsyn til i
planlegging av tiltak i området.
Forslagsstillar sin kommentar:
Planprogram vert retta opp i tråd med innspel og elles vert dei teke til orientering og utgreia og
innarbeida i planframlegg.
Rådmannen sin vurdering:
Rådmannen forventar at utførande konsulent leverer konsekvensutgreiing i tråd med lov og forskrift
på dei tema som er aktuelle.
Hordaland fylkeskommune:
«Meir om landskap, friluftsliv, folkehelse og barn- og unges interesser
Planomtala tek ikkje for seg regionale registreringar i området. Planområdet ligg innafor det
regionalt svært viktig friluftsområde Hellosen og Toskesundet og det viktige landskapsområdet
Manger-Skageneset. Det er naudsynt at planprogram og konsekvensutgreiing tek for seg dette.
Meir om samferdsel
Alt arbeid i samband med fylkesvegen, til dømes avkøyringar, skal følgje Statens vegvesen sine
vegnormar. Det er viktig at tiltakshavar er i tett dialog med Statens vegvesen for å syte for at
trafikktryggleik vert ivaretatt.
Meir om kulturminne
Hordaland fylkeskommune vil minne om at dokumentasjon av kulturminne og kulturmiljø skal gjerast
på eit tidleg stadium i all arealplanlegging. Vi ber om at eventuelle kulturminneinteresser vert
omtalte, verneverdiane vurderte og teke omsyn til i det vidare planarbeidet.
Vi har per i dag ikkje opplysningar i våre arkiv om automatisk freda eller andre verneverdige
kulturminne i det aktuelle planområdet. Vi har difor ingen avgjerande merknader i saka på noverande
stadium i planprosessen.
Då planen har areal i sjø har saka vore lagt fram for Bergens Sjøfartsmuseum. I e-post datert
31.08.2015 varsla Sjøfartsmuseet krav om marinarkeologisk registrering, og vi ber tiltakshavar om å
ta direkte kontakt med Bergens Sjøfartsmuseum angåande gjennomføring av feltundersøkingane.»
Tiltakshavar sin kommentar:
Planprogram vert retta opp i tråd med innspel og elles vert dei teke til orientering og utgreia og
innarbeida i planframlegg. Arbeid i samband med fylkesvegen og avkøyrsle skal utarbeidast i tråd
med gjeldande krav.
Det er elles avtalt med Bergen sjøfartsmuseum at dei løpet av kort tid vil føreta marinarkeologiske
undersøkningar på staden.
Rådmannen sin vurdering:
Kulturminne er sikra i lov om kulturminne og fylkeskommunen har ansvar for at denne vert følgd
opp. Utførande plankonsulent har ansvar for å ta kontakt med kulturstyresmaktene både for
undersøkingar på land og i sjø.
Merknad om samferdsel er i tråd med merknad frå Statens vegvesen.
Det er peika på at ein må ta barn- og unges interesser med i planprogram og konsekvensutgreiing.
Det er særleg trafikktryggleik som vil vere tema. Badeplassen på Toskavegen og friluftsområda i
området er viktige for folk både frå Manger og Radøy. Rådmannen er samd med at dette må med i
konsekvensutgreiinga.
Statens vegvesen:
Statens vegvesen kritiserer planprogrammet for å vere lite presise. Utgreiingane må skildre
trafikksituasjonen, forventa auke i trafikkmengde, kva køyrety som skal nyttast både i anleggs- og i
driftsfase samt trafikktryggleik mot Manger. Realisering av gang- og sykkelveg må vurderast. Om det
vert aktuelt må plangrensa utvidast og planområdet inkludere fv 410.
I tillegg har Statens vegvesen konkrete merknader til:
·
·
·
·
·
·
·
Utforming og areal til fylkesveg
Avkjørsler
Byggjegrenser
Gang- og sykkelveg
Rekkjefølgjekrav
Støy
Vidare medverknad
Forslagsstillar sin kommentar:
Innspel takast til orientering og skal utgreiiast og innarbeidast i planframlegg.
Rådmannen sin vurdering:
Det er i samband med kommunedelplan for Manger lagt inn gang- og sykkelveg frå Manger til Toska.
Slik rådmannen vurderer det vil det vere trong for å vite noko om venta trafikk, både mengde og
type, som følgje av tiltaket. Toskavegen går forbi store bustadområde på Langhøyane og Selfallet.
Her er det venta meir bustadutbygging og auka aktivitet.
Kystverket:
Kystverket minner om at deira loser vil vere en viktig brukargruppe om kaianlegget planleggast
anløpt av lospliktige farty. Det er viktig at det vert gjort ei vurdering av om det er naudsynt med betre
merking av leden inn til kai. Kystverket gjer merksam på at tiltaket krev godkjenning etter havne – og
farvannslovens bestemmelser etter § 27, og Bergen og Omland Havnevesen er her rette styresmakt.
kystverket minner og om bestemmelse om havnesikring (ISPS) som gjelder for havneanlegg som
anløpes av fartøy i internasjonal trafikk.
Forslagsstillar sin kommentar:
Innspel vert teke til orientering og innarbeida i planframlegget.
Rådmannen sin vurdering:
Teke til vitande.
Fiskeridirektoratet:
Havforskingsinstituttet har registrert gyteområde for Torsk i Helleosen mellom Toska og fastlandet.
På andre sida av Grønholmen er det oppretta havbruksanlegg med fiskeoppdrett av matfisk.
Fiskeridirektoratet ber om at det vert teke omsyn til desse ved å ungå arbeid med tiltak i sjø i
gytetida og med omsyn til oppdrettsanlegget. Direktoratet ber om å få framlegg til plan på høyring.
Forslagsstillar sin kommentar:
Sjå merknad og kommentar til Fiskarlaget vest.
Rådmannen sin vurdering:
Fiskerinæring og akvakultur er viktig for norsk matproduksjon og rådmannen vil be om at
plankonsulent og tiltakshavar, i planarbeidet, tek merknaden til følgje.
Bergen og omland hamnevesen:
BOH minner om at alle tiltak i sjø krev løyve. Ei orientering om søknadsplikt bør med i
reguleringsføresegnene. Søknad må sendast hamnevesenet i god tid før tiltak setjast i gang.
Forslagsstillar sin kommentar:
Innspel vert teke til orientering.
Rådmannen sin vurdering:
Det er ikkje heimel i plan- og bygningslova for å ta tilvising til anna lovverk inn i føresegnene.
Søknadsplikt for tiltak i sjø føl direkte av hamne- og farvasslova § 27.
Fiskarlaget vest:
Fiskarlaget vest viser til at det i området er gytefelt for torsk i tillegg til trålefelt for reker. Nord for
området er det ein kaste-/låssettingsplass som kan verte påverka av tiltak.
Fiskarlaget peikar på at planlegging av næringshamn ikkje er i tråd med arealbruk for sjø fastsatt i
kommuneplanen for Radøy. Her er det definert til naturområde i sjø. Jotun har brukt mykje tid og
krefter på å rydde området etter år med forureining. Nye brukarar må ha fokus på å ikkje forureine.
Fisk og sjømat krev reint vatn, og naturen er driftsgrunnlaget for fiskerinæringa. Fiskarlaget ber om at
det vert teke omsyn til kaste- og låssettingsplassar samt gyteperiodar.
Forslagsstillar sin kommentar:
Skal utarbeidast konsekvensutgreiing i høve til natur- og biologisk mangfald. Dette gjeld også gytefelt
for torsk etc. utanfor plangrensa.
Rådmannen sin vurdering:
Fiskeri- og sjømatnæringa er viktig for matproduksjonen i Norge. Det er viktig å lytte til dei som vil
ivareta eit godt driftsgrunnlag for næringa ved reint vatn og reine fjordar. Regelverk for forureining
er no ganske anleis enn det var då Jotun starta opp og ein ny aktør må forhalde seg til dagens reglar.
Rådmannen vurderer planlagte tiltak innan planområdet som så omfattande at det er satt krav om
full konsekvensutgreiing både på land- og sjøareal.
BKK:
Det finnst høgspenningslinje, høgspenningskabel og nettstasjon innafor området. Er det ynskje om
omlegging av linjene eller flytting av anlegg må det setjast av areal i plan.
Forslagsstillar sin kommentar:
Innspel vert teke til orientering. Eventuell faresoner/byggjegrenser vert innarbeida i planframlegg.
Rådmannen sin vurdering:
Teke til vitande.
Kjellaug Mangerøy:
Mangerøy er næraste nabo til planområdet og er bekymra for mogelege plager med støy frå
verksemda. Ho ynskjer difor at støy er tema i planarbeidet og:
·
·
·
At planen gjer rede for støymessige konsekvensar (støysonekart?)
Støyreduserande tiltak vert foreslått
Støytiltak vert utreda og kostnadsvurdert
Forslagsstillar sin kommentar:
Det skal utarbeidast eige støyanalyse som skal ta for seg alle dei moment som er nemnd.
Rådmannen sin vurdering:
Slik rådmannen vurderer det er støy eit viktig tema når det er snakk om etablering av ny
industriverksemd og er samd i at støy må vere tema i konsekvensutgreiinga.
Margit Kristiansen:
Kristiansen gjer merksam på at dei har tinglyst vegrett til nausttomt. Vegen til naustet er nytta som
bilveg. Familien har disponert nøkkel til porten inn til området for å kunne komme til naustet.
Kristiansen ber om at tilkomsten og parkering vert sikra i ny plan, samt at bruksverdien av
naustområdet ikkje vert lidande.
Forslagsstillar sin kommentar:
Tiltakshavar vil gå i dialog med grunneigar og kome fram til løysingar for nemnde punkt.
Rådmannen sin vurdering:
Vegrett er ein privatrettsleg avtale og partane må i planprosessen sjå om dei kan komme til ei semje.
Ida og Audun Sjøstrand:
Forslagsstillar sin kommentar:
Området på land ligg som industri i kommuneplanen og byggjehøgd, volum, utnytting, etc. kan
fastsetjast i reguleringsplan. Planlagde tiltak/produksjon er knytt opp til maritim verksemd og
vil vere heilt avhengig av tilgang til kai med utskiping av utstyr og anlegg som skal nyttast i maritimt
havmiljø.
· Arkitektonisk og estetisk utforming, uttrykk og kvalitet er lagt inn som tema som skal
utgreiiast i konsekvensutgreiing.
· Lagt inn i planprogram at 3D-illustrasjonar som gjev eit korrekt billete må utarbeidast.
· Alternativ som vert utgreia skal godkjennast av kommunen.
· Er ikkje grunnlag for tiltak med maks ramme på bygningsvolum over 1000 m2 og 15 m
høgd.
·
·
Er heller ikkje grunnlag for tiltak utan utfylling i sjø
Utgreiing av alternativ lokalisering og eit 0-alternativ
Rådmannen sin vurdering:
Etter rådmannen sin vurdering er arealbruk industri i tråd med kommuneplanen for framlegg om
industriområde på land, men ikkje i sjø. Rådmannen vurderer dette som ein reguleringsplan som kan
få vesentlege verknader for miljø og samfunn og har difor satt krav om at det vert utarbeidd full
konsekvensutgreiing og planprogram for planarbeidet. Høyringa av framlegg til planprogram skal
nettopp få fram alle tema som skal vurderast i konsekvensutgreiinga.
Bård Mangerøy:
Mangerøy ber om at det vert gjort tiltak for å redusere støy frå området til eit minimum. Landstrøm
til båtar bør vere eit av tiltaka med tanke på bustadområdet på Selfallet. Auka belastning på
fylkesveg 410, Toskavegen, med eventuelle avbøtande tiltak/trafikksikring for mjuke trafikantar må
utgreiast. Mangerøy ber òg om at estetikk vert nøye vurdert, spesielt med tanke på den låge
kyststripa og bygg med høgde på 40 m vil bli veldig synleg. Gjer merksam på at han er eigar av
tilstøtande eigedom i aust, 45/12 og ber om dialog med utbyggar/konsulent. Gjer òg merksam på
nausttomta 45/42.
Forslagsstillar sin kommentar:
Støyanalyse skal utarbeidast og det skal leggjast vekt på tiltak for å redusere støy til eit minimum,
blant anna med innlagt landstrøm. Trafikksituasjon i høve til tilkomst skal avklarast med Statens
vegvesen og vert i henhold til Handbok N100 og krav etter gjeldande norm. Det er lagt inn i
planprogram at estetikk skal utgreiiast. Tiltakshavar vil ta kontakt for å kome fram til ein løysing i
høve til tilstøytande eigedom og naust.
Rådmannen sin vurdering:
Planprogram og konsekvensutgreiing skal ta inn utgreiingstema som støy og trafikk, estetikk og dei
tilhøve som Mangerøy ber om.
I.S. arkitekter på vegne av Kjersti Nævdal og Tor H. Hansen (45/58), Rune Ulvatn (45/231) og Aase
Wiederstrøm (45/29):
Grunneigarane vurderer forespeila utbygging som massiv og uheldig for omkringliggande
fritidsbygnad og naturlandskap, og set seg kraftig i mot den planlagde utviklinga av området. Dei ser
det som svært uheldig at tiltakshavar ikkje har oppretta dialog med råka grunneigarar i forkant av
innsending, og anmoder tiltakshavar om å kontakte ovannemnde heimelshavarar for å opprette
direkte dialog i den vidare prosessen. Førebels framsetjast følgjande kommentarar/krav på vegne av
heimelshavarane:
1: EIGEDOMSTILHØVE
Gjer merksam på at fleire av eigedomane innan planområdet ikkje er eigd av tiltakshaver og at dei
ikkje har samtykka til pågåande prosess og ikkje ynskjer ein omregulering av sine eigedomar.
2. VEGRETT
Gjer merksam på om at det ikkje ligg føre vegrett eller tinglyst erklæring for tenkt tilkomstveg til
området. Dei er heller ikkje innstilt på å overføre denne og at utbyggar difor må førebu seg på
ekspropriasjonssak.
Forslagsstillar sin kommentar:
1. EIGEDOMSTILHØVE
Ein kan etter lov regulere på annan heimelshavar sin eigedom. Tiltakshavar vil kome med info til
naboar når prosessen med å utarbeide reguleringsplanen tek til.
2. VEGRETT Ein omlegging av vegen inn til området er allereie vist i utbyggingsplan for nordleg del av
planområdet langs fylkesvegen. Elles syner utbyggingsplanen området som industriområde og det er
tenkt at ny reguleringsplan langt på veg vil samsvare med denne planen både med omsyn til føremål
og vegløysing. Det er tenkt grøn buffer mot Brupollen.
3. KRAV OM MEDVERKNAD Alle vil få høve til medverknad i samsvar med plan- og bygningsloven §51.
Rådmannen sin vurdering:
Tilhøve til anna arealbruk og eventuelle utfordringar er utgreiingstema for konsekvensutgreiinga.
Rett til veg er ein privatrettsleg avtale og partane må i planprosessen sjå om dei kan komme til ei
semje.
Bakgrunn for planarbeidet
Føremål med planarbeidet er å utarbeide reguleringsplan for å leggje til rette for utbygging av
industriområde med tilhøyrande kaianlegg. Planområdet på landarealet er i gjeldande kommune- og
kommunedelplan sett av til Næringsområde og Industri. Sjøarealet er i kommuneplanen satt til
Naturområd.
Særlege utfordringar
Sektorstyresmaktene har vurdert planprogrammet og rådmannen stør at konsekvensutgreiinga må
gjennomførast på ein god måte og ta inn alle tema som skal belysast.
Sjøarealet er ikkje satt av til byggjeområde i overordna plan og krev full konsekvensutgreiing.
Tema som naturmangfald, kulturminne og friluftsliv, samt trafikk krev utgreiing og ekstra merksemd
ut over det varsla planprogrammet la opp til. Hordaland fylkeskommune ber om at barn og unges
interesser blir spesifisert i konsekvensutgreiinga.
Støy og estetikk er og utgreiingstema som det i høyringa er lagt vekt på av fleire merknadshavarar.
Krav til planprogram
Plan- og bygningslova definerer krav til planprogram i § 4-1.Planprogram
«For alle regionale planer og kommuneplaner, og for reguleringsplaner som kan få vesentlige
virkninger for miljø og samfunn, skal det som ledd i varsling av planoppstart utarbeides et
planprogram som grunnlag for planarbeidet. Kongen kan ved forskrift gjøre unntak fra kravet om
planprogram for reguleringsplaner.
Planprogrammet skal gjøre rede for formålet med planarbeidet, planprosessen med frister og
deltakere, opplegget for medvirkning, spesielt i forhold til grupper som antas å bli særlig berørt,
hvilke alternativer som vil bli vurdert og behovet for utredninger. Forslag til planprogram sendes på
høring og legges ut til offentlig ettersyn senest samtidig med varsling av planoppstart.
Planprogrammet fastsettes ordinært av planmyndigheten.
Dersom berørte regionale og statlige myndigheter på grunnlag av forslag til planprogram vurderer at
planen kan komme i konflikt med nasjonale eller viktige regionale hensyn, skal dette framgå av
uttalelsen til forslaget til planprogram.
Dersom planen kan få vesentlige miljøvirkninger i en annen stat, skal planmyndigheten sende forslag
til program for planarbeidet til berørte myndigheter i denne staten til uttalelse.»
Radøy kommune vurderer dette som ein reguleringsplan som kan få vesentlege verknader for miljø
og samfunn og har difor satt krav om at det vert utarbeidd planprogram for planarbeidet.
Organisering av planarbeidet
Dette er eit privat planinitiativ der planarbeidet vert utført av ein konsulent på vegne av tiltakshavar.
Kommunen skal som planstyresmakt følgje planprosessen tett og handsame framlegg til
plandokument etter kvart som dei vert produsert, kommunen skal sikre medverknad i planprosessen.
Medverknad og framdrift
Melding om oppstart av planarbeid og framlegg til planprogram har no vore ute til høyring og på
offentleg ettersyn. Planprogrammet vert lagt fram for kommunestyret for fastsetting. Vidare skal
planprosessen inkludere medverknad frå råka partar.
Vurdering
Ved oppstart av nytt planarbeid skal det alltid vurderast opp mot overordna plan og om føreslegen
arealbruk er i tråd med denne. I dette tilfelle Kommunedelplan for Manger. Punkt 1.4 i
planprogrammet omhandlar dette tilhøvet og konkluderer med at framlegg til ny detaljregulering er i
tråd med kommuneplan. Det er riktig for landarealet, men ikkje for sjøarealet. Dette må komme
tydeleg fram i planprogrammet då programmet skal gje føringar for vidare planprosess. Rådmannen
vil gjere framlegg om eit tillegg i teksten under punkt 1.4.
Dei delane som ligg på land sett av til industri i arealdelen av kommuneplanen, medan dei delane
som ligg i sjø er sett av til naturområde i sjø. Utfylling i sjø er såleis i strid med overordna plan.
I rettleiaren til arealdelen av kommuneplanen står det mellom anna at: «Naturområder i sjø og
vassdrag omfatter alle områder der inngrep og tilrettelegging ikkje tillates. Slike områder vil være
aktuelle for forekomster av utvalgte naturtyper og prioriterte arter/økologiske funksjonsområder for
prioriterte arter. Naturområde i sjø eller vassdrag har sin parallell i «natur» (N) i LNF(R)-område på
land. Eksempler på inngrep og utnytting som kan komme i konflikt med naturområde, vil være
utfylling i sjø, sand- og grusuttak, brygge og andre fortøyningsinnretninger og akvakulturanlegg.»
I avsnitt 1.4 bør og føresegnene til kommuneplanen omtalast. Det er komme fram i merknadane at
planarbeidet ikkje er i tråd med alle intensjonane i kommuneplanen.
I føresegnene er det lagt råmer for næringsområda når det gjeldt tilhøve parkering, infrastruktur,
sløkkevasskapasitet og liknande.
Føresegnene har og eit avsnitt om tilhøve som skal avklarast og belysast i vidare reguleringsarbeid.
Mellom anna er det sagt at reguleringsplanar skal utarbeidast med grunnlag i ein landskapsanalyse,
omsyn til landskap, samanhengande grøndrag, turvegar, biologisk mangfald, leik og rekreasjon skal
være vurdert og dokumentert tatt vare på i planarbeid.
Reguleringsplanar skal innehalde føresegner om rekkefølgje etter § 12-7 nr 10 som legg grunnlag for
berekraftig utvikling med omsyn til infrastruktur, tryggleik, miljø, oppvekstvilkår og estetikk.
Reguleringsplanar skal gjennom plankart og føresegner etter § 12-7 nr 4 vise korleis likestilt bruk skal
takast i vare i planområdet. Reguleringsplanar skal, i plankart eller ved føresegne etter § 12-7 nr 1 og
2, vise plassering av eller byggjegrense for bygningar og anlegg, planerings- og bygningshøgder, samt
terrenghandsaming.
Landskapstilpassing skal dokumenterast gjennom fotomontasje eller anna egna framstilling.
Tilkomstveg til bygning skal vere planlagt med omsyn til samfunnstryggleik og sivilt beredskap, og i
samsvar med krav sett i teknisk forskrift og kommuneplanens pkt 2.3. Stigningsgrad og planlegging i
samsvar med TEK 10 og pkt 2.3 skal dokumenterast i planarbeid og i søknad om løyve til tiltak.
Reguleringsplanar skal vise oppsamlings- og hentestadar for renovasjon.
I samband med regulering av byggjeområde skal det for planområdet utarbeidast energiutgreiing
som gjer greie for valde løysingar for fornybar energiforsyning og lavt energiforbruk. Etablering av
nærvarmeanlegg skal vurderast i større bygg og byggeområde. Reguleringsplanar skal gjennom
føresegne etter § 12-7 nr 8 ta stilling til spørsmålet om vassbåre varme.
Der det går kraftleidningar med lågare spenningsnivå gjennom byggjeområde skal jordkabel
vurderast i samband med planlegging og utbygging.
Radøy kommune har hatt eit møte med fylkesmann og assisterande fylkesmann for å klargjøre
prosessen vidare. Dei var veldig tydelege med tilbakemeldingar når det gjaldt forventningar til
konsekvensutgreiing, spesielt knytt til naturmangfald.
Det er halde møte med utførande konsulent og desse har 9. september 2015 levert revidert
planprogram til handsaming i kommunen. Her er framlegg og merknader i frå høyringa vurderte og
eventuelt teke med.
Rådmannen vurdere planprogrammet til å vere godt gjennomarbeidd. Likevel er det litt uoversiktleg
kva som konkret skal gjerast i konsekvensutgreiinga. Rådmannen vil leggje til nokre punkt under
punkt 1.2.4:
·
·
·
Viktige friluftsområde
Barn- og unge sine interesser
Estetikk
I tillegg skal kapittel 2 ha viktige friluftsområde som eige avsnitt. Her skal det og lagast ei
oppsummering over kva analyseverkty som skal nyttast: t.d. støysonekart og 3D-illustrasjonar.
Konklusjon
Etter innspel og merknader som er komme inn i samband med varsel om oppstart av planarbeid og
høyring av planprogram legg rådmannen fram revidert planprogram for fastsetting i kommunestyret.
Planprogrammet legg rammene for det vidare planarbeidet.
Rådmannen vil leggje fram vedtak om tilråding av planprogram med følgjande tillegg:
Punkt 1.2.4 tillegg:
· Viktige friluftsområde
· Barn- og unge sine interesser
· Estetikk
Punkt 1.4 Nytt avsnitt:
«Framlegg til arealbruk er i samsvar med overordnet plan når det gjeld landområde, men ikkje når
det gjeld sjøområdet som i kommuneplanen sin arealdel er satt av til naturområde i sjø og soleis ikkje
er eit byggjeområde. I konsekvensutgreiinga skal ein få fram verknader av framtidig bruk til
industriføremål og næringshamn. Føresegnene i kommuneplanen definerer kva tilhøve som skal
avklarast og belysast i vidare reguleringsarbeid. Mellom anna er det sagt at reguleringsplanar skal
utarbeidast med grunnlag i ein landskapsanalyse, omsyn til landskap, samanhengande grøndrag,
turvegar, biologisk mangfald, leik og rekreasjon skal være vurdert og dokumentert tatt vare på i
planarbeid. Reguleringsplanar skal innehelde føresegner om rekkefølgje etter § 12-7 nr 10 som legg
grunnlag for berekraftig utvikling med omsyn til infrastruktur, tryggleik, miljø, oppvekstvilkår og
estetikk.. Reguleringsplanar skal, i plankart eller ved føresegne vise plassering av eller byggjegrense
for bygningar og anlegg, planerings- og bygningshøgder, samt terrenghandsaming.
Landskapstilpassing skal dokumenterast gjennom fotomontasje eller anna eigna framstilling.
Tilkomstveg til bygning skal vere planlagt med omsyn til samfunnstryggleik og sivilt beredskap, og i
samsvar med krav sett i teknisk forskrift og kommuneplanens pkt 2.3. Stigningsgrad og planlegging i
samsvar med TEK 10 og pkt 2.3 skal dokumenterast i planarbeid og i søknad om løyve til tiltak.
Reguleringsplanar skal vise oppsamlings- og hentestadar for renovasjon. I samband med regulering
av byggjeområde skal det for planområdet utarbeidast energiutgreiing som gjer greie for valde
løysingar for fornybar energiforsyning og lavt energiforbruk. Etablering av nærvarmeanlegg skal
vurderast i større bygg og byggeområde. Der det går kraftleidningar med lågare spenningsnivå
gjennom byggjeområde skal jordkabel vurderast i samband med planlegging og utbygging. For
område avsett til næring skal det dokumenterast tilfredsstillende forhold for varelevering og
transport"
Kapittel 2 tillegg:
·
viktige friluftsområde som eige avsnitt.
·
Oppsummering over kva analyser og verkty som skal nyttast: t.d. støysoneanalyse og 3Dillustrasjonar.
Rådmannen sitt framlegg til vedtak:
Kommunestyret fastsetter planprogram for planarbeid for reguleringsplan med planID
12602015000200 Manger industriområde – Kjebogen med følgjande tillegg:
Punkt 1.2.4: tillegg:
· Viktige friluftsområde
· Barn og unge sine interesser
· Estetikk
Punkt 1.4 Nytt avsnitt: «Framlegg til arealbruk er i samsvar med overordnet plan når det gjeld
landområde, men ikkje når det gjeld sjøområdet som i kommuneplanen sin arealdel er satt av til
naturområde i sjø og soleis ikkje er eit byggjeområde. I konsekvensutgreiinga skal ein få fram
verknader av framtidig bruk til industriføremål og næringshamn. Føresegnene i kommuneplanen
definerer kva tilhøve som skal avklarast og belysast i vidare reguleringsarbeid. Mellom anna er det
sagt at reguleringsplanar skal utarbeidast med grunnlag i ein landskapsanalyse, omsyn til landskap,
samanhengande grøndrag, turvegar, biologisk mangfald, leik og rekreasjon skal være vurdert og
dokumentert tatt vare på i planarbeid. Reguleringsplanar skal innehelde føresegner om rekkefølgje
som legg grunnlag for berekraftig utvikling med omsyn til infrastruktur, tryggleik, miljø,
oppvekstvilkår og estetikk. Reguleringsplanar skal, i plankart eller ved føresegner vise plassering av
eller byggjegrense for bygningar og anlegg, planerings- og bygningshøgder, samt
terrenghandsaming. Landskapstilpassing skal dokumenterast gjennom fotomontasje eller anna eigna
framstilling. Tilkomstveg til bygning skal vere planlagt med omsyn til samfunnstryggleik og sivilt
beredskap, og i samsvar med krav sett i teknisk forskrift og kommuneplanens pkt 2.3. Stigningsgrad
og planlegging i samsvar med TEK 10 og pkt 2.3 skal dokumenterast i planarbeid og i søknad om løyve
til tiltak. Reguleringsplanar skal vise oppsamlings- og hentestadar for renovasjon. I samband med
regulering av byggjeområde skal det for planområdet utarbeidast energiutgreiing som gjer greie for
valde løysingar for fornybar energiforsyning og lavt energiforbruk. Etablering av nærvarmeanlegg skal
vurderast i større bygg og byggeområde. Der det går kraftleidningar med lågare spenningsnivå
gjennom byggjeområde skal jordkabel vurderast i samband med planlegging og utbygging. For
område avsett til næring skal det dokumenterast tilfredsstillende forhold for varelevering og
transport"
Kapittel 2 tillegg:
· viktige friluftsområde som eige avsnitt.
· Oppsummering over kva analyser og verkty som skal nyttast: t.d. støysoneanalyse og
3Dillustrasjonar
Vedtaket har heimel i plan- og bygningslova § 4-1.
Kommunestyret i Radøy - 040/2015
KS - handsaming:
Ordføraren orienterte om planarbeidet. Han viste til at det i samband med Radøygruppen si satsing
på subsea-konstruksjonar er ei utfordring knytt til sjøtilkomst ved anlegget på Vetås. Også
utfordringar med vegtilkomst og kraftspenn over seglingsleia i Bognestraumen gjer at Radøygruppen
ønskjer å etablera delar av si verksemd på den tidlegare Jotuntomta på Manger i staden for ei
utviding av anlegget på Vetås.
Kommunestyret vedtok samrøystes rådmannen sitt framlegg til vedtak.
KS - vedtak:
Kommunestyret fastset planprogram for planarbeid for reguleringsplan med planID 12602015000200
Manger industriområde – Kjebogen med følgjande tillegg:
Punkt 1.2.4: tillegg:
· Viktige friluftsområde
· Barn og unge sine interesser
· Estetikk
Punkt 1.4 - Nytt avsnitt: «Framlegg til arealbruk er i samsvar med overordnet plan når det gjeld
landområde, men ikkje når det gjeld sjøområdet som i kommuneplanen sin arealdel er sett av til
naturområde i sjø og soleis ikkje er eit byggjeområde. I konsekvensutgreiinga skal ein få fram
verknader av framtidig bruk til industriføremål og næringshamn. Føresegnene i kommuneplanen
definerer kva tilhøve som skal avklarast og belysast i vidare reguleringsarbeid. Mellom anna er det
sagt at reguleringsplanar skal utarbeidast med grunnlag i ein landskapsanalyse, omsyn til landskap,
samanhengande grøndrag, turvegar, biologisk mangfald, leik og rekreasjon skal vere vurdert og
dokumentert tatt vare på i planarbeid.
Reguleringsplanar skal innehalde føresegner om rekkefølgje som legg grunnlag for berekraftig
utvikling med omsyn til infrastruktur, tryggleik, miljø, oppvekstvilkår og estetikk. Reguleringsplanar
skal, i plankart eller ved føresegner vise plassering av eller byggjegrense for bygningar og anlegg,
planerings- og bygningshøgder, samt
terrenghandsaming. Landskapstilpassing skal dokumenterast gjennom fotomontasje eller anna eigna
framstilling. Tilkomstveg til bygning skal vere planlagt med omsyn til samfunnstryggleik og sivilt
beredskap, og i samsvar med krav sett i teknisk forskrift og kommuneplanens pkt 2.3. Stigningsgrad
og planlegging i samsvar med TEK 10 og pkt 2.3 skal dokumenterast i planarbeid og i søknad om løyve
til tiltak.
Reguleringsplanar skal vise oppsamlings- og hentestadar for renovasjon. I samband med regulering
av byggjeområde skal det for planområdet utarbeidast energiutgreiing som gjer greie for
valde løysingar for fornybar energiforsyning og lågt energiforbruk. Etablering av nærvarmeanlegg
skal vurderast i større bygg og byggeområde. Der det går kraftleidningar med lågare spenningsnivå
gjennom byggjeområde skal jordkabel vurderast i samband med planlegging og utbygging. For
område avsett til næring skal det dokumenterast tilfredsstillande forhold for varelevering og
transport".
Kapittel 2 - tillegg:
· viktige friluftsområde som eige avsnitt.
· Oppsummering over kva analyser og verkty som skal nyttast: t.d. støysoneanalyse og
3Dillustrasjonar
Vedtaket har heimel i plan- og bygningslova § 4-1.
Vedlegg:
Planprogram Radøygruppen
0_Merknadsskjema
Radøy kommune
Saksframlegg
Saknr
Utval
Type
Dato
069/2015
Formannskapet i Radøy
PS
15.09.2015
041/2015
Kommunestyret i Radøy
PS
24.09.2015
Sakshandsamar
Arkivsaknr.:
Dokumentnr.:
Jarle Landås
15/964
15/9766
Kommunereform - Kommunikasjonsplan for Nordhordland
Saksopplysingar:
Bakgrunn
Som eit ledd i arbeidet med kommunereform-prosessen har forhandlingsutvalet i storkommunealternativet i Nordhordland utarbeidd ein kommunikasjonsplan. Forhandslingsutvalet legg vekt på at
prosessen skal vera open og at den skal leggja til rette for ein god og opplyst samfunnsdebatt.
Kommunane skal jobba for å nå alle berørte partar med relevant informasjon, og tilpassa
informasjonen og kommunikasjonen til dei aktuelle målgruppene.
I tiltaksdelen er der skilt mellom kva som skjer regionalt og i den enkelte kommune. Kvar enkelt
kommune har ansvar for å halda sine innbyggarar og tilsette orientert om
prosjektet. Forhandlingsutvalet understrekar at det er viktig at kvar kommune har eit aktivt eigarskap
til kommunikasjonsplanen og oppfølging av planen. Utvalet ber den enkelte kommune gå gjennom
den oppsette tiltakslista og sjå på kva som er naturleg å gjennomføra, og eventuelt koma med andre
forslag.
Det skal leggast til rette for innbyggarmedverknad og innverknad. Informasjon skal aktivt delast og
det skal leggast til rette for fysiske møteplassar og elektroniske kanalar der innbyggarane kan fremja
sine synspunkt.
Rådmannen sitt framlegg til vedtak:
Radøy kommune sluttar seg til forslaget til kommunikasjonsplan for prosjektet kommunestruktur i
Nordhordland. Kommunestyret ser det som viktig at kommunen har ein aktiv informasjon til
innbyggarane og aktuelle målgrupper. Det er difor viktig at kap. 5 som går på tiltak vert oppdatert
fortløpande.
Formannskapet i Radøy - 069/2015
FS - handsaming:
Formannskapet gjorde ei grundig drøfting av dei to forhandlingsløpa i kommunestrukturprosjektet. Formannskapet konkluderte med at tida er inne til å gå ut av det store Nordhordlandsalternativet. Dei meiner det er urealistisk å realisera det store Nordhordlands-alternativet, og
peikar på at det dermed vil vera unødvendig bruk av ressursar å kjøra vidare med to paralelle
forhandlingsløp.
Det vart sett fram følgjande fellesframlegg i
møtet:
Radøy kommune trekkjer seg frå vidare forhandlingar i det store Nordhordlandsløpet, og held fram
forhandlingane i 3-kommune-prosjektet mellom Radøy, Lindås og Meland.
På bakgrunn av dette framlegg ønskjer formannskapet ikkje å ta stilling til den framlagde saka om
Kommunikasjonsplan for Nordhordland, som er knytt til det store Nordhordlands-alternativet.
Silje Namtvedt (Sp) meiner det vil vera rett å avvikla dei planlagde folkemøta om kommunereforma,
før det vert teke avgjerd om kommunen skal trekkja seg frå forhandlingane.
Namtvedt og Anne Berit Bø Palmesen (Sp) avheldt seg frå å stemma i saka, og ønskjer å drøfta saka i
partigruppa først.
Framlegg sett fram i møtet vart vedteke med 5 røyster (Ann Chr. Hoen (A), Kenneth Murberg (H), Roy
Bø (FrP), Frode Hervik (V), Finn Frantzen (KrF).
FS - vedtak:
Radøy kommune trekkjer seg frå vidare forhandlingar i det store Nordhordlandsløpet, og held
fram forhandlingane i 3-kommune-alternativet mellom Radøy, Lindås og Meland.
Kommunestyret i Radøy - 041/2015
KS - handsaming:
Ordførar Jon Askeland signaliserte at han ville koma med eit utsetjingsframlegg. Han er einig med
formannskapet i sak, men meiner tidspunktet for å gå ut av forhandlingane i det store
Nordhordlands-alternativet er feil. Han ønskjer å venta med å ta avgjerd i saka til intensjonsavtalen i
desse forhandlingane er lagt fram, og til resultatet av den pågåande innbyggarundersøkinga ligg føre.
I undersøkinga kan innbyggarane prioritera mellom ulike alternativ til kommunestruktur.
Ordføraren la også vekt på at det er det nye kommunestyret som bør ta denne avgjerda, slik han har
oppfatta at også nabokommunar legg opp til.
Morgan Taule (Ap) har lenge vore tvilande til det store Nordhordlandsalternativet, og meiner det er
rett å trekkja seg frå forhandlingane no, og gå vidare med 3-kommune-prosjektet. Han er open for
at andre kommunar kan kopla seg på desse forhandlingane etter kvart.
Taule kom med følgjande tillegg til formannskapet si tilråding:
Radøy kommune inviterer inn andre kommunar i eit gjennomarbeidd 3 kommune-forslag.
Kenneth Taule Murberg (H) meiner det er rett å bryta forhandlingane no, og ikkje vera med og
påvirka vidare drøftingar når kommunen reelt ikkje ønskjer å vera med.
Silje Namtvedt (Sp) ba om gruppemøte. Etter gruppemøtet gjorde kvar gruppeleiar greie for
partiet sitt syn.
Kommunestyret vedtok med 16 mot 9 røyster (Sp) formannskapet si tilråding.
Kommunestyret vedtok samrøystes tilleggsframlegg frå Morgan Taule (A) sett fram i møtet.
KS - vedtak:
Radøy kommune trekkjer seg frå vidare forhandlingar i det store Nordhordlandsløpet, og held
fram forhandlingane i 3-kommune-alternativet mellom Radøy, Lindås og Meland.
Radøy kommune inviterer inn andre kommunar i eit gjennomarbeidd 3 kommune-forslag.
Vedlegg:
Kommunikasjonsplan - Nordhordland ein kommune 2020
Radøy kommune
Saksframlegg
Saknr
042/2015
Utval
Type
Dato
Kommunestyret i Radøy
PS
24.09.2015
Sakshandsamar
Arkivsaknr.:
Dokumentnr.:
Tonje Nepstad Epland
14/488
15/10869
Plansak 12602013000300 - privat reguleringsplan - Havgard
fjordferie - godkjenning
Saksopplysingar:
Samandrag
Saka gjeld handsaming av ny detaljregulering for Havgard fjordferie på Vågenes. Området er i
kommuneplanen satt av til ferie- og turistføremål og regulert i reguleringsplan for Havgård fjordferie
vedteke i kommunestyret 05.09.2002.
Tiltakshavar for planen er Morten og Sigmund Vågenes og utførande konsulent er Arkoconsult AS.
Framlegg til ny plan har vore ute på høyring og offentleg ettersyn. Det er kome inn 4 merknadar til
planforslaget.
Saksopplysningar
«Føremål med planarbeidet er å endre/utarbeide detaljregulering for feltet og leggje til rette for ein
god utbygging av 2 nye heilårsbustader med tilhøyrande veg, og grøntareal. Etablering av dei nye
bustadene er eit viktig og avgjerande grunnlag for vidare drift av campingplassen ved
generasjonsskifte. Det er frå før 3 bustader samt campingplass i planområdet og det er viktig at
utbygginga vert tilpassa dette, samt tek omsyn til planområdet sine kvaliteter elles.»
Planskildringa s 5
Planområdet er på ca. 29 daa og ligg nord på Vågenes om lag 4 km sør for Bøvågen og 7-8 km
nordvest for Manger. Vågenes er lokalisert på vestsida av Radøy med utsyn mot havet og Eltrevågen i
nordvest. Området ligg fint lokalisert med tilkomst til sjø og eiga småbåthamn.
Planområdet er regulert til føljande føremål:
Byggjeområde og anlegg:
PBL §12-5 nr1
Samferdsel og teknisk infrastruktur:
PBL §12-5 nr 2
Frittliggjande småhus – einebustader
(BFS)
Fritids- og turistføremål (BFT)
Tekniske anlegg (ØK)
Småbåtanlegg i sjø og strandsone (SB)
Naustområde (N)
Leikeplass (LEIK)
Køyreveg (V)
Gangveg (GV)
Anna veggrunn - Teknisk anlegg (AVT)
Parkering( P)
Grønstruktur
PBL §12-5 nr 3
Bruk og vern av sjø og vassdrag
PBL §12-5 nr 6
Omsynssone
PBL §12-6, jf PBL § 11-8, a) og d)
Planforslaget omfattar:
Friområde (FRI)
Friluftsområde i sjø (VFV)
Sikringssone - frisikt (H140)
Sikringssone – branngate (H190)
Bevaring – naturmiljø (H560)
Bevaring – kulturmiljø (H570)
1. Planskildring
2. Plankart
3. Føresegner
Bakgrunn for framlegg til plan
Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for 2 nye heilårsbustader med tomt og infrastruktur.
Samstundes skal campingplassen regulerast i tråd med dagens regelverk og situasjon. Samspelet
mellom desse ulike arealbruksføremåla er viktige å regulere på ein god måte til beste for alle som
skal nytte områda og ferdast her.
Skildring av framlegg til plan
Framlegg til ny plan for Havgard fjordferie framstår som ein gjennomarbeidd og godt dokumentert
plan. Det har vore tett samarbeid mellom kommunen og plankonsulenten om planen, og planen er
slik rådmannen vurderer den i tråd med føringar gjeve i plan- og bygningslova, herunder tekniske
krav til campingplasser og innspel som har komme i prosessen.
Planskildringa har mange gode illustrasjonar som gjer at det er mogeleg å vurdere tilhøve som elles
kan vere svært vanskeleg å sjå føre seg som til dømes landskapsverknad. Ved å leggje teikningar og
plankart på flyfoto får ein og godt fram endringar i høve dagens situasjon.
Miljøverndepartementet ga i 2011 ut: «Veileder. Reguleringsplan. Utarbeiding av reguleringsplaner
etter plan- og bygningsloven». I denne finn ein detaljert oversyn over kva krav som er til innhaldet i
dokumanta i ein reguleringsplan. Denne vert nytta og som sjekkliste for å finne ut om det innleverte
materialet tilfredsstillar krava. Plan for Havgard fjordferie er ein plan som tilfredstillar dei tekniske
krav som er til reguleringsplanar.
Konsekvensar av planframlegget er lagt fram i planskildringa frå side 28. Positive og negative
verknadar av planframlegget er gjort greie for. Konsekvensane er gått gjennom og slik rådmannen
vurderer det er det funne nokre positive og nokre negative konsekvensar. Dei positive
konsekvensane er at det vert lagt til rette for nye bustadar i eit område der det ikkje i dag er nye
byggjeområde. I tillegg vil rådmannen peike på at det er eit viktig arbeid som er gjort for
campingplassen i denne planen. Det fører til at næringa kan utvikle seg vidare. Arealet til camping er
omdisponert noko og lagt betre til rette i høve landskap og strandsone. Det er utvida noko for å få
plass til like mange vogner, men no med større avstand mellom vognene, i tråd med tekniske krav.
Det negative ved planen slik rådmannen vurderer det er omdisponering av landbruksareal og bruk av
strandsona. Samstundes er det gjort tilpassingar som gjer at ein vil avbøte verknadane for
strandsoneverdiane, både når det gjeld ferdsle og landskapet. Bustadane er tenkt bygt med farger og
materiale som gjer at dei ikkje vert meir synlege enn naudsynt.
Risiko og sårbarhet
«§ 4-3 Samfunnsikkerhet og risiko- og sårbarhetsanalyse (pbl). Ved utarbeidelse av planer for
utbygging skal planmyndigheten påse at risiko- og sårbarhetsanalyse gjennomføres for planområdet,
eller selv foreta slik analyse. Analysen skal vise alle risiko- og sårbarhetsforhold som har betydning for
om arealet er egnet til utbyggingsformål, og eventuelle endringer i slike forhold som følge av planlagt
utbygging. Område med fare, risiko eller sårbarhet avmerkes i planen som hensynssone, jf. §§ 11-8 og
12-6. Planmyndigheten skal i arealplaner vedta slike bestemmelser om utbygging i sonene, herunder
forbud, som er nødvendig for å avverge skade og tap. Kongen kan gi forskrift om risiko- og
sårbarhetsanalyser.»
Risiko og sårbarhetsanalyse avdekkjer at området er vindutsatt, det er fare for mykje nedbør, ein
skrent er bratt med fare for steinras, i naustområde og småbåthamn er det fare for springflo og
havnivåstigning, det vert noko reduksjon av landskapsverdi som følgje av nye bygg, brannfare aukar
naturleg med nye tiltak og meir aktivitet. Det same gjer risiko for trafikkuhell.
Det er i planen framlegg til tiltak som vil dempe risiko for til dømes trafikkuhell med å sørgje for at
gangareal ikkje skal nyttast av køyrety. Fare for brann er tilstades der menneske oppheld seg, men
risikoen for at den skal spreie seg vil vere redusert når campingplassen og vognene er satt med rett
avstand i frå kvarandre.
ROS-analysen syner at alle hendingar ligg i grønt eller gult felt i risikomatrisen.
Hending 23;
Det vert inngrep i natur/landskap, men dette er svært begrensa og fjernverknad frå sjø er vurdert til
å ikkje vere stor. Redusert estetikk og verdi vert difor vurdert som liten.
Hendingar 49, 50, 51 og 55;
Hendingar som ligg i gul sone knytta til trafikktryggleik. Det vil alltid vere risiko knytt til trafikk, men
fartsgrensa på kommunal veg forbi planområdet er 50 km/t og trafikken her er svært låg med ein
ÅDT på mellom 200 og 300. Risikoen er difor vurdert til å vere svært låg.
Planprosess
Framlegg til plan vart handsama i hovudutval for plan, landbruk og teknisk i møte 10.06.2015 og
godkjent for høyring og offentleg ettersyn. Saka vart kunngjort i avis og sendt regionale styresmakter
med frist for uttale 17.09.2015.
Fylkesmannen i Hordaland kalla Radøy kommune inn til dialogmøte 16.09.2015. Fylkesmannen varsla
i utgangspunktet motsegn mot når det gjald bustader i planen og når det gjaldt bruk av strandsone.
Fylkesmannen var i utgangspunktet skeptisk til å opne for bustader i strandsona. Etter gjennomgang i
møtet var fylkesmannen samd med Radøy kommune om at bustadene grunna høgdeskilnad ikkje litt i
funksjonell strandsone. Radøy kommunen viste til at det på Radøy er trong for å leggje til rette
gjennom plan for nokre bustader utanfor typiske bustadfelt. Ved å leggje til rette gjennom plan for
ein viss spreidd busetnad vil trykket på dispensasjonssaker truleg kunne dempast noko.
Fylkesmannen viste til retningsliner for differensiert forvaltning av strandsone og kommunalt
sjølvstyre i sin avgjerd om ikkje å fremje motsegn til planen. Fylkesmannen rosa Radøy kommune for
ein godt gjennomarbeidd plan, der ulike alternative og konsekvensar var grundig utgreidd.Det ligg
føre referat og uttale frå møtet av 16.09.2015.
Merknader til planframlegget:
Nr Dagsett
Offentleg instans
Merknad
1
13.08.2015
Bergen og omland
hamnevesen
2
07.09.2015
Fiskarlaget Vest
BOH har ingen merknader til planen. Vi minner
imidlertid om at tiltak som bygging, graving, utfylling i
sjø samt andre tiltak som kan påvirke sikkerheten eller
fremkommeligheten i sjøområdet krever tillatelse fra
BOH, jf. hfl. § 27, første ledd. En orientering om denne
søknadsplikten bør etter vår vurdering inntas i
reguleringsbestemmelsene. Det er ikke tilstrekkelig at
tiltaket er vist i planen. Søknad må sendes hertil i god
tid før tiltak iverksettes.
Ingen merknad
3
08.09.2015
Hordaland
fylkeskommune
4
16.09.2015 Fylkesmannen i
Hordaland
Ingen merknad
Det vert ikkje fremja motsegn til planen, men vi legg til
grunn at det vert fastsett byggegrenser for dei viste
bustadområda
1 Bergen og omland hamnevesen
BOH har ingen merknader til planen. Vi minner imidlertid om at tiltak som bygging, graving, utfylling i
sjø samt andre tiltak som kan påvirke sikkerheten eller fremkommeligheten i sjøområdet krever
tillatelse fra BOH, jf. hfl. § 27, første ledd. En orientering om denne søknadsplikten bør etter vår
vurdering inntas i reguleringsbestemmelsene. Det er ikke tilstrekkelig at tiltaket er vist i planen.
Søknad må sendes hertil i god tid før tiltak iverksettes.
Rådmannen sin kommentar:
Søknadsplikten er felt ned i hamne- og farvannslova §27 og treng difor ikkje gjentakast i føresegnene
i reguleringsplanen.
2 Fiskarlaget Vest
Ingen merknad
Rådmannen si vurdering:
Teke til vitande.
3 Hordaland fylkeskommune
Ingen merknad
Rådmannen sin kommentar:
Teke til vitande
4 Fylkesmannen i Hordaland
«Arealet der dei nye bustadane skal regulerast er i markslagkartet AR5 klassifisert som innmarksbeite
og overflatedyrka jord. I tillegg ligg dei innanfor 100-meters beltet i strandsona og vil vere eksponert
frå sjøen. Fylkesmannen viser til byggeforbodet i strandsona og dei nasjonale måla om jordvern og er
i utgangspunktet kritisk til regulering som er strid med overordna/gjeldande planar og til nedbygging
av eit heilskapleg kulturlandskapsområde i strandsona.
Nausta. Det er planlagt fire nye naust ved småbåthamna, som skal vere knytt til bustad BFS1-BFS3.
Nausta er i strid med føremålet fritids- og turistføremål i arealdelen av kommuneplanen, og det ser ut
til at området ligg som landbruksområde i gjeldande reguleringsplan. Det står i planskildringa at
området er allereie tilrettelagt og planert og det vil krevje minimalt med terrengtilpassing i høve til
plassering og oppføring av naust. Planskildringa seier ingenting om kvifor området allereie er planert,
men kommunen har stadfesta at det delvis dreier seg om tiltak som det ikkje er gjevne løyve til.
Fylkesmannen er difor òg i utgangspunktet kritisk til oppføring av nye naust på dette arealet.
Konklusjon etter dialogmøte:
«Fylkesmannen finn etter dette at dialogen har ført fram. Det vert ikkje fremja motsegn til planen,
men vi legg til grunn at det vert fastsett byggegrenser for dei viste bustadområda.»
Fylkesmannen stilte i sjølve møte krav til at eigedomsgrense for bustadene skulle vise i planen for å
unngå frådeling inn i friområdet.
Rådmannen sin kommentar:
Det vert sett som vilkår at byggjegrense og eigedomsgrense for bustadane skal vise i plankart og
føresegner.
Rådmannen si vurdering
Etter høyring og offentleg ettersyn er det berre naudsynt å endre planen på eitt punkt i tråd med
Fylkesmannen sin merknad. Det vil vere ein enkel sak som ikkje inneberer endringar i strid med det
tiltakshavar ynskjer for arealbruken for området.
Plankartet må ferdigstillast med alle detaljar i tittelfeltet før kunngjering av vedtak. Datoar må setjast
inn og Osterøy heradsstyre må byttast ut med Radøy kommunestyre.
Konklusjon
Med bakgrunn i saka slik det er gjort greie for rår ein til at detaljregulering for Havgard fjordferie vert
vedteken på følgjende vilkår:
1. Byggjegrense og eigedomsgrense for bustadane må inn i plankart og føresegner.
2. Tittelfeltet i plankartet må oppdaterast
Rådmannen sitt framlegg til vedtak:
Kommunestyret i Radøy vedtek i medhald av plan- og bygningslova §12-12 detaljregulering for
Havgard fjordferie, planID 12602013000300, med plankart, føresegner og planskildring dagsett
28.05.2015 og 01.06.2015, på følgjande vilkår:
1. Byggjegrense og eigedomsgrense for heilårsbustadane må inn i plankart og føresegner før
kunngjering av vedtaket.
2. Tittelfeltet i plankartet må oppdaterast
Grunngjeving av vedtaket er at planen er i tråd med arealbruk fastsatt i kommuneplanen for Radøy.
Kommunestyret i Radøy - 042/2015
KS - handsaming:
Ordføraren gav administrasjonen ros for arbeidet med plansaker. Han framheva at i denne konkrete
plansaka har tiltakshavar og administrasjon gjennom dialog og mekling kome fram til eit framlegg til
reguleringsplan som ikkje har møtt ei einaste motsegn frå offentlege styresmakter.
Kommunestyret vedtok samrøystes rådmannen sitt framlegg til vedtak.
KS - vedtak:
Kommunestyret i Radøy vedtek i medhald av plan- og bygningslova §12-12 detaljregulering for
Havgard
fjordferie, planID 12602013000300, med plankart, føresegner og planskildring dagsett 28.05.2015 og
01.06.2015, på følgjande vilkår:
1. Byggjegrense og eigedomsgrense for heilårsbustadane må inn i plankart og føresegner før
kunngjering av
vedtaket.
2. Tittelfeltet i plankartet må oppdaterast
Grunngjeving av vedtaket er at planen er i tråd med arealbruk fastsatt i kommuneplanen for Radøy.
Vedlegg:
Havgard fjordferie - Føresegner - oppdatert før høyring
Plankart
Planskildring Havgard Fjordferie
Plansak 12602013000300 Vågenes - detaljregulering - Havgard fjordferie - godkjenning for 1. gongs
høyring og offentleg ettersyn
Plansak 12602013000300 - Privat reguleringsplan - Havgard - Offentleg ettersyn
Radøy kommune
Saksframlegg
Saknr
043/2015
Utval
Type
Dato
Kommunestyret i Radøy
PS
24.09.2015
Sakshandsamar
Arkivsaknr.:
Dokumentnr.:
Jon Askeland
15/1727
15/11142
Valnemnd - oppnemning av medlemar
Saksopplysingar:
Ved konstituering av nytt kommunestyre har ein høve til å velja formannskap m.m. som avtaleval
eller som forholdstalsval. Radøy har god tradisjon for avtaleval. Dette inneber at partia drøftar
fordeling undervegs, slik at det som ligg føre til det konstituerande møtet er ei framforhandla
tilråding.
Ordføraren rår til at gruppeleiarane i samråd med styreleiarane i partia utgjer ei valnemnd som kan
leggja fram tilråding for det konstituerande møtet.
Ordføraren sitt framlegg til vedtak:
Gruppeleiarane i samråd med styreleiarane i partia utgjer ei valnemnd som kan leggja fram tilråding
for det konstituerande møtet i kommunestyret.
Kommunestyret i Radøy - 043/2015
KS - handsaming:
Ordføraren viste til at det er god tradisjon for avtaleval til konstituerande møte i kommunestyret.
Ordføraren kom med følgjande endringsframlegg i møtet:
Ein representant for kvart parti utgjer valnemnd som legg fram tilråding til det konstituerande møtet
i kommunestyret.
Kommunestyret vedtok samrøystes ordføraren sitt endringsframlegg i møtet.
KS - vedtak:
Ein representant for kvart parti utgjer valnemnd som legg fram tilråding til det konstituerande møtet
i kommunestyret.