klikk her - Lom idrettslag
Transcription
klikk her - Lom idrettslag
Rev 17.10.2015 DATO 08.09. 15.09 22.09. 1.-2. klasse kl. 17.30-18.30 3.-4. klasse kl. 17.30-18.30 5.-7. klasse kl. 18.30-19.30 Sykling i Grov – Hugs hjelm! Ferdigheits-/ terrengsykling i Presthaugen – Hugs hjelm! Ferdigheits-/ terrengsykling i Presthaugen – Hugs hjelm! Jan Storkjørren, Robert Strind Runa Smedsmo, Rune Teigen Ferdigheits-/ terrengsykling i Presthaugen – Hugs hjelm! Ferdigheits-/ terrengsykling i Presthaugen – Hugs hjelm! Jan Storkjørren, Robert Strind Runa Smedsmo, Rune Teigen Pål Haugen, Roger Skjåkødegård, Ove Teigen Sykling i Grov – Hugs hjelm! Pål Haugen, Roger Skjåkødegård, Ove Teigen Terrengløp i Presthaugen kl. 18 for alle. Oppmøte litt før kl. 18 for påmelding! Peder Sperstad, Kjetil Marstein, Jon Terje Husom, Marita Vole, Eva Kristin Bøje Kvandalsvoll HAUSTFERIE 29.09. 06.10. Terrengløp i Presthaugen kl. 18 for alle. Oppmøte litt før kl. 18 for påmelding! Peder Sperstad, Kjetil Marstein, Jon Terje Husom, Marita Vole, Eva Kristin Bøje Kvandalsvoll 1.-2. klasse kl. 17.30-18.30 13.10. 20.10. 27.10. 03.11. 10.11. 17.11. 24.11. Utgard – Hallaktiviteter/ballspill Maria Teigen, Roger Skjåkødegård Utgard – Hallaktiviteter/ballspill 3.-4. klasse kl. 17.30-18.30 Utgard – Hallaktiviteter/innebandy Marit R. Marstein, Ingrid Strind Utgard – Hallaktiviteter/ballspill Maria Teigen, Helene Skjåkødegård Marit R. Marstein, Ingrid Strind Utgard – Hallaktiviteter/ballspill Utgard – Hjørnefotball/frisbee Øyvind Moe, Maria Teigen Alexander Lapschies, Bjørn Ola Aukrust Utgard – Hallaktiviteter/ballspill Utgard – Hjørnefotball/frisbee Helene Skjåkødegård, Øyvind Moe Monica Kjesbu, Alexander Lapschies Utgard – Hallaktiviteter/ballspill 5.-7. klasse kl. 18.30-19.30 Utgard – Hallaktiviteter/innebandy Monica Kjesbu Svein Olsen Utgard – Hallaktiviteter/innebandy Svein Olsen, Monica Kjesbu Utgard Hallaktiviteter/hjørnefotball Hedviga Sveine, Espen Aurmo Utgard Hallaktiviteter/hjørnefotball Hedviga Sveine, Espen Aurmo Knut Ove Dagsgard, Amund Mundhjeld Utgard – Hjørnefotball/frisbee Utgard – Hallaktiviteter/basketball Bjørn Ola Aukrust, Ingrid Strind Ola Helstad, Tone Vole Utgard – Hallaktiviteter/ballspill Utgard – Dans/gammeldans Knut Ove Dagsgard, Amund Mundhjeld Astrid Sulheim, Anne Grete Øverli, Utgard – Hallaktiviteter/ballspill Utgard – Dans/gammeldans Amund Mundhjeld, Knut Ove Dagsgard Astrid Sulheim, Anne Grete Øverli Utgard – Hallaktiviteter/basketball Ola Helstad, Tone Vole Utgard – Hjørnefotball/innebandy Tone Vole, Ola Helstad Du kan delta på alt eller delar av aktivitetane i idrettsskulen. Treningsavgifta er kr. 150,- pr. unge for 2015/2016. Betal inn til kontonr. 2085.07.00282 innan 18.09.15 og merk ”Idrettsskulen 2015/-16”. Dei som er med på aktivitet i Lom i.l. skal vera medlem i idrettslaget. Sjå også www.lom-idrett.no Vedr. aktivitetar i Utgard: Det skal brukast innesko i Utgard. Fint om vaksne fylgjer og møter dei minste ungane, slik at de kan hjelpe til med knyting av skolisser og sjå til at alle klede blir med heim att. Eit allidrettstilbod som idrettsskulen er basert på dugnadsinnsats av foreldra. Dersom tidspuktet som er sett opp ikkje passar, må dykk sjølve skaffe stedfortreder. Leiarane (namn oppført med utheva skrift) på denne lista har berre ansvaret for aktivitetane. Sjå informasjon til leiarane på baksida. Med helsing styret i idrettsskulen 2015/2016 Monica Kjesbu (leiar), Ove Teigen, Eva Kristin Bøje Kvandalsvoll, Helene Skjåkødegård og Fred Morten Kolden Informasjon til leiarar ved idrettsskulen Lom IL 2015/2016 Idrettsskulen i Lom er ein storstilt dugnadsaktivitet der barn i barneskulealder får vore med på mange spennande aktivitetar både ute og inne. I løpet av eit skuleår er vi mange leiarar som er med og har ansvar for aktivitetar både ute og inne. Vi i styret vil takke alle som stiller opp som leiarar!! Utan denne dugnadsinnsatsen hadde ikkje dette vore mogleg! J Sidan vi er så mange som er med og har ansvar for aktivitetar set vi opp nokre punkt som er viktige å hugse på for oss som er leiarar: ü Planlegging. Det er oppsett 2 eller 3 leiarar som har ansvar for kvar aldersgruppe, desse står på planen som vert utsendt til alle heimar. Den leiaren som står med utheva skrift har hovudansvar for å planleggje og koordinere aktiviteten i lag med dei andre. Vi oppmodar dykk til å prate saman, og planleggje før de møtest og skal ha aktivitetar i lag. ü Rydding. Vi er mange som har aktivitetar, og kvar gruppe har berre ein knapp time. Alle har ansvar for å rydde på plass att det utstyret dei sjølve har brukt. Det er utfordrande at lageret vårt nå er så lite, men forsøk så langt som mogleg å halde orden! Lageret skal låsast att. ü Oppmøte. Alle som skal ha ansvar for aktivitetar bør kome minst 10 minutt før aktiviteten skal starte opp. Leiarar som vert forhindra i å møte må skaffe nokon i staden for seg og gje beskjed til ein av oss i styret. Det er også greitt at styret er informert når folk byter dag seg i mellom. Før leiarane går att frå aktiviteten dei har ansvar for skal dei sjekke at alle barna er ute att. ü Retningslinjer for bruk av hallen. På planen som er utsendt til heimane står det at barna skal bruke innesko. For å unngå at pågåande aktivitet i salen blir forstyrra, har vi skrive at vaksne bør vente saman med ungane i gangen til timen byrjar. Hallen skal ryddast etter bruk. Dette inkluderer fjerning av klede, flasker, avfall og anna utstyr etter bruk. ü Namnopprop. Før aktivitetane tek til skal det vere nameopprop og registrering av alle barn. Registreringa skal førast i eigne namneskjema. Mappene med desse skjemaene må rullere frå leiar til leiar. NB! Hugs på å gje mappene vidare til neste leiar. Til slutt skal desse mappene leverast til styret. ü Brannforskrift for Utgard. Ved utløyst brannalarm skal leiarane samle ungane og evakuere alle ut. Alle må gjere seg kjent med branninstruksen som er hengt opp i Utgard. ü Har du spørsmål eller kommentarar på opplegget rundt idrettsskulen i Lom så ta kontakt med ein av oss i styret! Til slutt vil vi takke for at DU stiller opp for idrettsskulen!! Lykke til med aktivitetar dette året! Med helsing styret i idrettsskulen 2015/2016 Monica Kjesbu (leiar), Ove Teigen, Eva Kristin Bøje Kvandalsvoll, Helene Skjåkødegård og Fred Morten Kolden.