lese brosjyra.
Transcription
lese brosjyra.
Kulturkommunen Informasjon nr. 1 - Mai 2015 Eit levande Ål for Alle! 17. mai program 2| Stolt åling Eg vil gjerne få takke alle dei frivillige som gjer det så spennande og gjevande å bu i Ål! Vi er ein arrangementskommune, her gjennomførast store og krevjande sportsarrangement og festivalar. Det kan ikkje gjerast utan eit stort korps av frivillige som stiller opp og bidreg på ulike vis. • Bendit alpint, 800 unge alpinistar i Ål skisenter • Bendit skiskyting, 1 150 unge skiskyttarar konkurrerer i anlegget på Liatoppen • Hallingspretten, 1 500 skientusiastar gjekk frå Geilo til Ål • Ål-cup handball, 700 unge spelarar samlast i idrettshallen • Ål-cup fotball, 1200 unge fotballspelarar deltek med 93 lag på Bråta • Hillbilly Huckfest, eit spennande terrengsyklingsarrangement for våghalsar • Folkemusikkveka, folkemusikk og dans på eit svært høgt nivå, stort liv i sentrum! • Skjergårds Vinter festival, eit spennande koserttilbod til våre unge Samla sett er dette framifrå god marknadsføring av Ål og det gir gode ringverknader til vårt lokale næringsliv. Frivilligsentralen har kartlagt tidsbruken i alt frivillig arbeid i Ål => 83 500 timar i året = 43,5 årsverk til ein verdi av 16,7 millionar! Takk til alle de som bidreg og nyttar fritida for at vi i fellesskap skal få gode opplevingar! Så må vi stadig sette pris på alle dei gode fritidstilboda vi har tilgang til her i Ål. Barn og unge har ein svært god kulturskule, innan idretten kan ein velja mellom gode tilbod innan dei fleste disiplinar. Så har vi ein flott natur for eit aktivt friluftsliv. Eg vil minne om alle merka løyper gjennom Ål 52 og oppfordrar mange til å få med seg utfordringa med våre 10 toppturar. Vi har mange krus å dele ut til dei som får stempla kortet sitt. Kommunebarometeret: Dette er ei måling som rangerer kommunane på ei rekkje ulike tenesteområde. Her kjem Ål svært godt ut, vi blir rangert som kommune nr 13 i landet og som den beste i Buskerud. Det viser at vi leverer gode tenester innan oppvekst, helse, teknisk og kultur. Vårt kulturtilbod blir rangert som nr 4 i landet, best i fylket! Ål helsetun: Veidekke AS er no valt som utbyggar av Ål helsetun og vi er i samspelfasa der kommunen saman med utbyggar legg dei endelege planane for utbygging og kostnader. Etter ein lang planprosess er vi endeleg snart klare for byggestart og reknar med å kome i gang til sommaren. Eg vil tru at mange ålingar vil fylgje godt med etterkvart som nybygget reiser seg i sentrum. Ål kulturhus: Utbygging av kulturhuset med ein landsdelscene for dans, er enno ikkje avklart. Vi har sendt søknad til kulturdepartementet på statsmidlar. Denne får vi svar på gjennom statsbudsjettet for 2016. Eg takkar alle i Ål som bidreg til å skape vårt gode lokalsamfunn, næringsdrivande, kommunalt tilsette, politikarar og sjølvsagt alle de som legg ned frivillig innsats! God sommar! Tone Tveito Eidnes rådmann Årsmelding 2014 Ål kommune Kulturkommunen Open Modig Grundig Eit levande Ål for alle! Årsmelding 2014 1 Årsmeldinga for Ål kommune finn du på heimesida www.aal.kommune.no eller du kan gå på servicetorget eller biblioteket og lesa den. I redaksjonen: Sissel Skrindo, Grete S. Lundekvam, Inger Lervåg, Reidun Aaker, Hilde L. Bjørnsvik og Turid Hilde Gåsbakk Neste brosjyre kjem ut: nov/des 2015 Foto framsida: Hilde L. Bjørnsvik Administrasjon og fellesteneste | 3 Fellestenester Servicetorget Tlf.: Faks: Epost: 32 08 50 00 32 08 50 99 servicetorget@aal.kommune.no Opningstider Vanlege opningstider kl. 9.00-15.30 1. juli – 15. august: kl. 9.00-15.00 Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015 Valdagen for kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2015 er i statsråd fastsett til måndag 14. september 2015. Kommunestyret i Ål har vedteke at det i Ål også skal haldast ope for val sundag 13. september. Røystelokalet i valkrinsen Nedre-Ål blir helde ope for røystegjeving både sundag 13. og måndag 14. september, mens røystelokala i valkrinsane Leveld og Torpo blir helde ope for røystegjeving berre på valdagen måndag 14. september. Opningstid i røystelokala er: sundag kl 15.00 – 19.00 måndag kl.10.00 – 20.00 Førehandsrøysting Du kan førehandsrøyste frå og med 10. august til og med 11. september på servicetorget på Tingstugu. Opningstid: Måndag – fredag: kl. 09.00-15.00 Laurdag 5. september kl. 10.00-14.00 Ein dag like før valdagen vil det også vere høve til å førehandsrøyste på Ål vidaregåande skole, Ål bu- og behandlingssenter og på Hallingdal Sjukestugu. Desse dagane blir annonserte seinare. Ambulerande førehandsrøysting Frist for å søkje ambulerande førehandsrøysting for sjuke og uføre er tysdag 8. september. Bustøtte Du kan no søkje elektronisk viss: • du har elektronisk ID • du bur aleine eller med born under 18 år • alle i bustaden er folkeregistrert på adressa Fordelar med å søkje bustøtte elektonisk • Du slepp å fylle inn opplysningar vi hentar inn frå andre register. • Du får berre spørsmål som er aktuelle for deg og din situasjon. • Du får rettleiing når du søkjer og kva du må dokumentere. • Du kan sjå statur på søknaden din etter at du har sendt inn. Andre må søkje på papir. Informasjon finn du på www.husbanken.no. Ta gjerne kontakt med servicetorget tlf. 32 08 50 00. Søknadsfrist er 14. kvar månad. 4 | Drift og utvikling Drift/Utvikling servicetorget på Tingstugu. Det vart gjort vedtak i kommunestyret 19.3.15 at Ål kommune ynskjer å vera ei «Friluftslivets år kommune». Alle landets kommuner som gjer dette vedtaket, vert automatisk nominert til å kunne bli «Årets friluftslivskommune». Meir informasjon er å finne på www.friluftslivetsår.no Sjå plakatar som fortel om kva for arrangement som skjer i samband med det, eller les om det på www.al.no under menypunktet aktivitetar 2015 er «Friluftslivets år»! Det er sett i gang av Klima- og miljødepartementet. Ål kommune har oppmoda frivillige lag og organisasjonar i Ål kommune til å ha ekstra fokus på friluftsliv for alle. Målet er å få fleire ut på tur og at dette gjev varige resultat i høve til auka deltaking i friluftsliv i alle delar av befolkninga. Annankvar torsdag presenterer ei av kommunene i Hallingdal vekas tur i Hallingdølen. Dette for å gje inspirasjon til å komma seg på tur i nye trakter. Ål kommune er vorte ei «Friluftslivets år 2015 kommune». Det er Norsk Friluftsliv (tidlegare FRIFO) og Friluftsrådenes Landsforbund som har tildelt Ål kommune denne tittelen og oversendt diplom på dette. Diplomet heng på Variert tilbod av tomter for bustadbygging. Ål kommune tilbyr eit variert utval av byggeklare tomter for bustad (einebustad, tomannsbustad og fleirmannsbustad) i ulike prisklassar. Du finn kart, oversikt over kva tomter som er ledige og opplysningar om pris på våre heimesider. Du kan og ta kontakt med servicetorget for nærare informasjon. Kolbotn bustadfelt, byggesteg 2 10 av 30 nye tomter er allereie solgt I feltet er det opparbeidd ein felles leikeplass med balløkke og det er opparbeidd gangveg som bind feltet saman med feltet i Prestlie og Drift og utvikling | 5 med sentrum. I sumarhalvåret er det sol i området til seint på kveld. Prisen på tomtene varierer frå kr 293 000 – 500 000 + oppmåling, tilkopling vatn/avlaup, tinglysing og dokumentavgift. Gunnarhaugen bustadfelt i Leveld Nye attraktive og solrike tomter med kort gangavstand til skule, barnehage, lysløype og turområde er byggeklare (2 av 16 nye tomter er solgt). Tomtepris kr 300 000 + oppmåling, tilkopling vatn/avlaup, tinglysing og dokumentavgift Vats småbrukstomter 5 mål store einebustadtomter for den som vil ha god plass og høve til å ha husdyr . Byggeklare. (2 ledige tomter av i alt 5) Tomtepris kr 300 000 + oppmåling, tilkopling vatn/avlaup, tinglysing og dokumentavgift. Votndalen bustadfelt Flate tomter med skisenter som nærmaste nabo. (4 tomter ledige). Tomtepris kr 170 000 + oppmåling, tilkopling vatn/avlaup, tinglysing og dokumentavgift. På heimesida vår eller ved å ta kontakt med servicetorget kan du og få info om private tomter som er til sals. Nye byggereglar frå 01.07.2015 Dette kan du bygge utan å nabovarsle og utan søknad: • Tilbygg mindre enn 15 m2. Tilbygget kan ikkje innehalda opphaldsrom, men kan innehalda bod, gang eller takoverbygd inngang eller terrasse. Avstand til nabogrensa må vera minst 4 meter. Tilbygget kan ikkje overstiga arealrammene i reguleringsplan eller kommuneplan, og må ikkje vera i strid med byggegrenser mot veg. • Frittliggjande uthus/garasje mindre enn 50 m2. Bygget kan ikkje innehalda opphaldsrom. Det er ikkje avstandskrav til eigen bustad, men plassering må vera minst 1 meter frå nabogrensa. Bygget kan • ikkje ha loft eller kjeller. Maks. mønehøgde er 4 meter. Det kan ikkje vera takoppløft. Bygget kan ikkje overstige arealrammene i reguleringsplan eller kommuneplan, og må ikkje vera i strid med byggegrenser mot veg. Kompostkurs Måndag 25. mai kl. 19.30 kommunestyresalen, Tingstugu. Obligatorisk, gratis kurs for huslyder som vil kompostere sitt matavfall og få 25% rabatt på renovasjonsavgifta. Påmelding til servicetorget innan 20. mai. Landbruksinformasjon Rovdyr Ulv, gaupe, jerv og bjørn er freda rovdyr. I vinter har me opplevd uvanleg mange observasjonar av fyrstnemnde. For å få dokumentert kor dyra ferdast, er det svært viktig at alle som ser rovdyr, eller spor etter dei, melder ifrå straks! Ring SNO ved Hans Vidar Nestegard Harry Granli Espen Marker Kåre Peder Rasmushaugen tlf. 901 88 138 tlf. 907 67 334 tlf. 975 70 975 tlf. 414 20 819 6 | Drift og utvikling/Kultur Kultur Rundballplast Snøen har smelta og alskens rask kjem for dagen. Rundballplast på avvegar er ein av dei tinga som dessverre har vorte eit vanleg syn. Forsøpling er ulovleg. Det kan vere svært skjemmande for nærmiljøet og ei kjelde til forureining. Difor er det viktig at kvar og ein ryddar opp etter seg. For å unngå same sjauen kvart år, er det fornuftig å leggje til rette for gode ordningar for oppbevaring av rundballplast komande vinter. Ny leiar på Ål kulturhus Anita Borrmann Skoglund, f. 1974. Gjødsellager Ål kommune har auka fokus på gjødsellager. Det gjer me fordi me har hatt ein del tilfelle av gjødselutslepp, og fordi det har vorte meir fokus på reint vatn gjennom det sokalla Vassdirektivet. I Gjødselforskrifta § 20 heiter det: «Foretaket skal jevnlig kontrollere at anlegget (lager for husdyrgjødsel) fungerer som forutsatt og er tett mot lekkasje». Me vil minne kvar og ein om å følgje opp dette. Dersom kjellaren eller porten lek, må eigaren straks setje i gang tiltak. Me vil òg minne om at lagringskapasiteten skal vera minimum 8 månaders produksjon. Det gjeld kjellarar so vel som andre typar gjødsellager. Bålforbod Det er forbode å gjera opp eld på ein slik måte at det kan føre til brann. Det er eit generellt bålforbod i Norge i perioden 15.04 - 15.09. I denne perioden er det ikkje tillatt å tenne bål i skog og mark utan løyve frå den lokale brannsjefen. Forbodet gjeld og bråtebrenning. Hugs bandtvang 1. april - 31. oktober Det er ordinær bandtvang etter Hundelova frå 1. april til og med 20. august. Ål har i tillegg utvida bandtvang etter lokal forskrift frå 21. august til og med 31. oktober Anita B. Skoglund kom frå stilling som dagelg leiar i Visit Hallingdal. Ho tok til i stillinga allereide 16. februar 2015. Me ynskjer ho velkomen til Ål kommune og lukke til i arbeidet! Ungdom i Ål Lokalsamfunn med MOT MOT set ungdom sine liv i sentrum MOT hjelper ungdom til å ta eigne val og syne mot MOT til å leva, MOT til å bry seg og MOT til å seia nei Kultur | 7 Elevar frå 9.trinn har i løpet av skuleåret vorte skolert som Ungdom med MOT: Opningstider i sommar: (f.o.m. 22. juni t.o.m. 16. august) Tysdag 10 – 15 Onsdag 10 – 15 Torsdag 13 – 18 Fredag 10 – 15 Bok til alle Er du glad i å lesa? Vil du gjera noko for andre? Me treng fleire frivillige som vil ha lesestunder med eldre eller andre som har vanskeleg for å lesa sjølve. Ta kontakt med biblioteket eller Ål frivilligsentral for meir informasjon. Sommarbok 2015 Frå venstre: Ida Brenna, Henriette Mosti, Selma Li, Malin Hovdegard Gullhagen, ThorØyvind Faldahl og Vilde Buseth Fluto Alle ungar i grunnskulealder i Ål blir inviterte med på leseaksjonen «Sommarbok 2015». I år går startskotet 1. juni! Etter sommarferien blir det avsluttingsfest og premiar til alle som har delteke. Ål bibliotek Tlf.: 32 08 51 20 E-post: biblioteket@aal.kommune.no www.aalbibliotek.no facebook.com/aalbibliotek Vanlege opningstider: Måndag 10 – 19 Tysdag 10 – 19 Onsdag 10 – 19 Torsdag 13 – 19 Fredag 10 – 15 Laurdag 11 – 14 Bokmessa 2015 Hallingdalsbiblioteka og Norli Ål inviterer til litterært gilde i Ål kulturhus laurdag 21. november. 8 | Kultur Ål bygdearkiv Tlf. 32 08 50 91 E-post: ola.terje.oleivsgard@aal.kommune.no Opningstider: torsdag 10-17, laurdag 10-13 Ål bygdearkiv held ope heile sommaren. De finn oss på internett: www.aalbygdearkiv.no Fotoutstilling på Ål stasjon I venterommet på stasjonen har Ål bygdearkiv ei fotoutstilling med bilete frå Ål og Torpo sentrum. Utstillinga vil bli bytta ut om lag ein gong i året. Bileta vil då bli til sals, og interesserte kan ta kontakt med arkivet. Aal bygdesoge bind 2 og 4 - gratis Ål-kontoret av Sparebank1 Hallingdal Valdres må rydde lageret sitt og vil kvitte seg med det dei har att av Aal bygdesoge bind 2 (1955) og bind 4 (1969). Dei som er interesserte i desse bøkene kan få dei gratis ved å hente dei i banken på Ålingen. Gamle Aal Bygdearkivet har fått eit triveleg tilskot. Gamle Aal ved Olav Oppsato og Sigbjørn Tormodsgard har flutt inn i bygdearkivet sitt lokale. Dei vil stort sett vere å treffe: onsdagar og fredagar frå kl. 11.00 – 14.00. Oppvekst | 9 Ål kulturskule Med våren fylgjer nye planar for hausten, med nye spennande prosjekt. Vil du vere med på eventyr? Hugs søknadsfristen 1. juni for skuleåret 2015/2016. Link til vår søkjarportal finn du frå 15. mai på vår og kommunen si heimeside. No er det verkeleg vår! Me har starta den lysare tida med fleire konsertar i april. 17. mai og Folkemusikkveka blir også i år ein del av kulturskulen sin aktivitet. Gutedansen har brukt april på filminnspeling saman med regissør David Alræk frå SJAU produksjonar. Torsdag 11. juni må alle merke seg. Då blir det stor sommarfest for alle elevar med føresette på Ål kulturhus. Meir informasjon om oss: www.aalkulturskule.no Velkomen til ein leiken og kreativ kvardag hjå oss! 10 | Oppvekst Skuleåret 2015/2016 Skuleåret 2015/2016 startar 19. august. Informasjon om tidspunkt for oppstarten ved kvar einskild skule vert annonsert i Hallingdølen og på heimesida til Ål kommune ei veke før. Vedteke skulerute for 2015/2016: Månad Antal Feriar og dagar fridagar August 9 Første skuledag onsdag 19/08 September 19 Haustferie 28/09 – 04/10 (veke 40) Oktober 20 Haustferie 28/09 – 04/10 (veke 40) November 20 Elevfri dag 09/11. Regional kursdag Desember 16 Siste skuledag tysdag 22/12 Januar 20 Første skuledag måndag 04/01 Februar 20 Vinterferie 29/02 – 06/03 (veke 9) Mars 12 Vinterferie 29/02 - 06/03 (veke 9) Påskeferie 21/03 – 29/03 April 21 Mai 18 Fri torsdag 05/05, fredag 06/05, måndag 16/05 og tysdag 17/05 Juni 15 Siste skuledag tysdag 21/06 Sum 190 skuledagar Merknadar til skuleruta: • • Etter vedtektene for barnehagane i Ål startar barnehageåret samtidig med skuleåret. Foreldre/føresette bør ikkje be elevane fri utanom oppsette ferie og planleggingsdagar. • • Etter Opplæringslova § 2-11 kan det maksimalt gjevast permisjon for elevar inntil 10 dagar. Siste skuledag før jule- og sommarferien følgjer timeplanen når det gjeld lengde på dagen. Tilstandsrapport 2014 Kvart år utarbeider oppvekstsektoren ein tilstandsrapport. Denne er no vedteken av Kommunestyret og er lagt ut på www.aal.kommune.no Overgangsplan for oppvekstsektoren Prosjektet Felles løft for tidleg innsats i Hallingdal hadde 2013-2014 fokus på overgangen frå barnehage til skule. Eit resultat av dette er utarbeidinga av ein felles Overgangsplan for oppvekstsektoren i Ål kommune. Denne vart vedteke i SUKO 17.februar 2015. Målet med planen er å sikre samanheng i læringsløpet for barn og unge og at føresette skal føle seg trygg på at alle vert møtt av ein barnehage og skule som kjenner dei og legg til rette for tidleg innsats og ein god start. Det er utarbeidd eit informasjonshefte som er å finne på www.aal.kommune.no Helse og sosial | 11 Ål legekontor Legetenestene sommaren 2015 Veke 30 og 31 (20.07.-02.08.15) har ikkje Ål legekontor ordinær drift, men tek i mot pasientar ved daglegevakta. Dette gjeld pasientar som har behov for øyeblikkeleg hjelp og henvendelsar som ikkje kan vente. Sørg for at du via legekontoret har fornya reseptar på alle nødvendige medisinar slik at du har desse tilgjengeleg når legekontoret er stengt. Bestill time i god tid hos fastlegen din dersom du har kronisk sjukdom som treng oppfølging, treng jamnleg sårstell, må ta sting eller liknande. Vi minner om telefonnummera: • • • Kontakt Hallingdal legevaktsentral tlf. 32 08 24 88 ved behov for øyeblikkeleg hjelp uansett når dette er på døgnet. Bruk telefonnummeret til Ål legekontor tlf. 32 08 53 50 i vanleg kontortid ved behov for kontakt med fastlegen, timebestilling, prøvesvar eller ved andre spørsmål. Er situasjonen livstrugande: ring 113 Om legekontor og legevakt Legevakt kveld/helg/natt: tlf: 32 08 24 88 Ved sjukdom som oppstår når fastlegekontoret er stengt, skal legevakt berre nyttast i tilfelle som ikkje kan vente til fastlegen er tilbake på jobb. Legevakt gjev berre akutt, nødvendig helsehjelp. I utgangspunktet blir det tilrådd at ein ringer legevakta og gjer ei avtale, sjølv om det vil vera personell tilstades heile døgnet. Ved at ein får ein konkret timeavtale, vil ein unngå unødig ventetid. Ein kan også få hjelp til å organisere transport til legevakta, eller få gode råd som gjer legebesøk unødvendig, eller er nyttige inntil ein kjem fram til legen. Daglegevakta Daglegevakta er ein del av Ål legekontor. Dersom du treng akutt legetilsyn på vanleg dagtid, skal du ta kontakt med daglegevakta. Telefonnummeret er det same for akutte hendvendelsar gjennom heile døgnet; tlf: 32 08 24 88. Ein vil sterkt oppmode til å bruke Ål legekontor og fastlegen på vanleg dagtid fordi desse oftast har best føresetnad for å gi deg rett helsehjelp. Laboratorietenester ved Ål legekontor Ål legekontor presiserer at vårt laboratorium skal betjene våre fastlegar og deira samarbeidspartnarar. Dei seinare åra har vi opplevd aukande grad av henvendelsar frå pasientar som ynskjer å ta ulike prøver bestilt av private legar og helseinstitusjonar i inn- og utland. Dette er ofte prøver som krev utstyr vi ikkje har tilgjengeleg, som inneber tidkrevjande prøvetakingsprosedyrer og sendingar, og det er prøver våre fastlegar ikkje er bedne om å følgje opp. Vi må difor avvise denne type spørsmål, og be pasienten ta slike prøver der desse prøvene er rekvirerte. 12 | Helse og sosial Fastlegar i Ål Vi har 6 fastlegar i Ål; • Marianne Lerberg • Johannes H. Poulsen • Robert Tunestveit • Toril Bøyum • Anne K. Tunestveit • Paschal O. Nyangoto HALLINGDAL FRISKLIVSLØPET Rusle, jogge eller løpe – Du knuser ALLE som ligger på sofa`n! Anne Tunestveit og Toril Bøyum har permisjon i 2015.Vikar på Anne si liste er Keitumetse Linda Motaung. På Toril si liste har vi vikar frå vikarbyrå. Alle legane har opne lister innimellom. Dersom du ikkje er fornøgd med fastlegen din eller ventetid på time hos fastlege, oppfordrar vi deg til å bytte fastlege. Dersom du har behov for øyeblikkeleg hjelp, vil du nokre gonger få time hjå ein annan lege enn fastlegen din. Dette fordi vi av praktiske årsaker har flytta øyeblikkeleg hjelpsfunksjonen ut frå legekontoret. Dei ulike fastlegane jobbar ø-hjelp (daglegevakt) på omgang. ___________________________________ Bli med på årets begivenhet. Ta med familien, venninna, kompisen, besteforeldre, barnebarn eller kollegaer. Ny deltakerrekord i år også? I fjor deltok hele 126 personer i alle aldre på Nes, en økning på 56 deltagere fra det første løpet på Gol i 2013! Hvor: Hemsedal idrettsbane ved Hugnadheim LØRDAG 13. JUNI 2015 Startskuddet går kl.11.00 Felles oppvarming kl.10.30 Velg mellom løype på 2 eller 4 km, med eller uten tidtaking. Flott løype på skogssti og grusvei. Fine trekkepremier! ANSVARLIGE Frisklivssentralene i Hallingdal PÅMELDING: Per epost: Friskliv@hemsedal.kommune.no Per tlf/sms: 959 86 404 GRATIS DELTAGELSE DAGEN FOR ALLE! tt FRISKLIVSSENTRALENE I HALLINGDAL Flå, Nes, Hemsedal, Gol, Ål og Hol. Frisklivsresept Er bakkane blitt brattare og trappa tyngre? Ynskjer du å drive regelmessig fysisk aktivitet, men opplever at det er vanskelig å få til i kvardagen? Har det skjedd endringar i den fysiske formen din som gjer at du treng hjelp til å kome i gang? Ynskjer du å betre kosthaldet? Ynskjer du å slutte å røyke? Treng du eit venleg dytt og hjelp til endring? Då kan frisklivsresepten vere noko for deg. Frisklivsresepten er for dei som ynskjer endring: å kome i gang med fysisk aktivitet, betre kosthaldet eller slutte å røyke. Med frisklivsresept får du oppfølging og rettleiing, samtalar, kondisjonstestar og høve til å delta på gruppetrening med lågterskel-fysisk-aktivitet. Bra mat-kurs og røykesluttkurs vert arrangert jamnleg. Lege, fysioterapeut, kiropraktor, psykisk helse, NAV kan skrive ut frisklivsresept til deg, eller du kan kontakte oss direkte. Gruppetrening har sommarpause i juli og første del av august, og startar opp ved skulestart. For meir informasjon: kontakt frisklivsansvarleg Live Berg folkehelsekoordinator Hilde Nysæther Frantzen tlf. 32 08 52 03 / 95 98 04 95 tlf. 90 17 52 05 Ål Frivilligsentral | 13 Seniordans Nytt tilbod på sentralen! Kvar måndag kl 12.30 – 15.00. No er me ca 15 damer, men ynskjer seg fleire! Både damer og menn! Her kan du bli med uansett form, erfaring og alder! Me har det veldig kjekt! Leseombod/minneven Me har ein fin gjeng med både leseombod og minnevener. Dei gjer ein fantastisk innsats for andre. Minnevenene arbeider opp mot demente, og skapar seg ein relasjon over tid. Leseombod er inne og les for enkeltpersonar eller grupper av menneske som slit med å lesa sjølv. Flyktningeguidar Til hausten skal Ål kommune busetje fleire flyktningar. Me har lyst til å få til flyktningeguidar som kan hjelpe dei inn i lokalmiljøet. Det kan vera enkeltpersonar, eller familiar som tek på seg ei slik rolle. Her kan du bli kjent med ein ny kultur, og samtidig lette overgangen for dei som skal busetje seg på Ål. Andre oppdrag Me har fast handling for dei som ikkje klarar å handle sjølv tysdagar og fredagar. Me har leksehjelp og kvinnetreff på onsdagar. I høve alle desse aktivitetane har me alltid bruk for fleire å dele dette på. I tillegg er det av og til spørsmål etter personar som kan gjera enkeltoppdrag som plenklypping og anna forfallande. Kurs Det vert med jamne mellomrom arrangert ulike kurs på sentralen. Stakkekurs, og avardeldkurs har me fullført i år. Frå hausten av vert det heilt sikkert nye kurs. Følg med på facebooksida og på oppslag rundt om på Sundre. Opningstider måndag: stengt tysdag og fredag kl 9.00 – 14.00 Onsdag og torsdag kl 11.00 – 16.00 Feriestengt i juli. Handlinga går etter oppsett skjema heile sommaren. Frivillig? Om du kan tenkje deg å vera med på noko av dette, så ta kontakt. Me er glad for alle som ynskjer å bidra. Du treng ikkje binde deg til noko som helst. Eit oppdrag i halvåret er flott. Om ein vil vera minneven, leseombod eller flykntningeguide, så må ein rekne med litt meir tid, men det er endå meir givande. Kontakt oss på: tlf. 90 77 74 95 eller mail: frivilligsentralen@aal.kommune.no Lik oss på facebook, og få informasjon om alt som skjer 14 | Kårfolkturar/rusleturar Kårfolkturar sumaren 2015 Rusleturar sumaren 2015 Turane startar onsdag 3. juni og går annankvar onsdag fram til 23. september. Avreise frå Sundrehallplassen kl 10.00 Turane startar 27. mai annankvar onsdag. Me møtast på Sundrehallplassen kl. 10.00. Turane er ca 4-5 km lange. 03.06 17.06 01.07 15.07 29.07 12.08 26.08 27.05 Grøvovegen - Hovda 10.06Mjælsnatten 24.06 Sirestølen (Vats) 08.07 Torpoåsen Øknin 22.07Fagerdalen 05.08 Kråkhamar - Fristølfjellet 19.08Sangefjell 02.09Fjellstølen 16.09 Trettestølen mot Grytingen 30.09Haugsnatten 09.09 23.09 Hol sentrum – øvrevegen Torsbu - Mjåvasstølen/evt. Galden Holtetjørne - Buhovda Bergsjøstølen - Hestehovstølen Kråkhamarvegen – Hengsen Veståsen: Nyset – Storehøgdi Holsåsen: Nysetfjellet – Brenthovd Bosset–Svarthamarnatten – Fjellheim Breiset – mot Grytingen Kontaktpersonar: Halle Perstølen tlf. 32 08 13 69 Tordis Bretun tlf. 95 25 12 10 Mons Georg Rud tlf. 92 85 23 32 Kontaktpersonar: Guri Espegard tlf. 32 08 42 98 Sigrun Solheim tlf. 92 88 38 89 Foto: Heidi M. Oskam Ål Utvikling AS/Ål Turistinformasjon | 15 Ål52 og vandreprogrammet - “10 turfavorittar i Ål” Kjøp deg klyppekort så du kan samle turar og bli eigar av Ål-52 kruset. Også trekkpremiar blant alle som skriv seg inn i turbøkene, med eller utan klyppekort. På Instagram kan du vere med i fotokonkurranse. #ål52 då du er på dei 10 turfavorittane. Konkurransereglar: du må følgje instagramkontoen til alturistinfo og ha open profil. Sommaren 2015 er dette dei 10 turfavorittane med postkasse og klyppekort: • Vats: Nedre Hesthovda • Vats: Vardehovda • Leveld: Steinstugu til Eivind Fredlaus • Votndalen: Sehlsbergi • Votndalen: Såta • Torpo: Rikansrudkamben • Sundre: Kulufossen • Øvre-Ål: Buhovda • Veståsen: Dyna • Sangefjell: Sangenuten Sjå den nye brosjyra for Ål52, og gå inn på www.aal52.no for meir informasjon, detaljerte kart, turskildringar og høgdeprofilar. Ved spørsmål kontakt Ål Turistinformasjon, tlf. 32 08 10 60 / post@alturistinfo.no 16 | Ål Utvikling AS/Ål Turistinformasjon Litt av det som skjer i Ål komande halvår 18 Hallingskarvet Triathlon hallingtri.no 23- 26 Hillbilly Huckfest www.hokkfest.no 25 Ål-dagen - marknadsdag med stands, aktivitetar,vassgraut og auksjon www.al.no 26 VAMP i ferieparken www.feriepark.no MAI 23 - 31 Folkemusikkveka www.folkemusikkveka.no Konsertar, dans, springarkurs, tevlin- gar, ynskjekonsert, kyrkjekonsert m.m. Nokre av høgdepunkta: 29.5. Odd Nordstoga, Sundre Jetset og Toradertrioen 30.5. Moro i Myren m/ hallingdans tevling. Stein Torleif Bjella. Festkveld med KVARTS m.fl. 31 Konsert med Jerusalem – Sundrehall AUGUST v 31-33: Kulturvandring - opplev kulturskattane i Ål sentrum. www.al.no 1 Stølsdag på Gaurhovd 8 Konsert med Hellbillies i ferieparken www.feriepark.no 9 Auksjon på Kortgarden 15 Leikskeid i Iungdsdalen 14 -16 Ål Cup Fotball. www.aalcup.no JUNI 3 Konsert m/ Kari Bremnes med band www.aal.kulturhus.no 17 Musikal; Eivind Fredlaus v/ 7. trinn Nedre Ål-skule, www.aal.kulturhus.no 18-21 Nye Hallingtreffet Trekkspelfestival i ferieparken. www.hallingtreffet.no JULI Kvar Kulturvandring - opplev kulturskattane veke i Ål sentrum. www.al.no 3-5 Fiskehelg og villfiskfestival www.al.no Fleire detaljar og siste nytt om alle arrangement i Ål finn du på arrangementskalenderen www.al.no. Der finn du og info om turane til Ål Turlag og Ni på Tøpp på Torpo. Sjå også www.aal.kulturhus.no. Oversikt over alle arrangement i heile Hallingdal finn du på http://kvaskjer.hallingdal.no Følg og med på: Ål i Hallingdal Ål Turistinformasjon Velkommen til ny folkefest i Myren under Folkemusikkveka i Ål, torsdag 28., fredag 29. og laurdag 30. mai. Ål Utvikling AS/Ål Turistinformasjon | 17 Attraksjonar og sommaraktivitetar i Ål Sjå www.al.no for informasjon om: Aktivitetar vandring/ Ål52/”10 turfavorittar i Ål” – sykling – fiske – riding – klatring/buldring - opne stølar –kulturvandring – båt/kano/kajakk – Ål skulepark - badeplassar m.m. Attraksjonar Torpo Stavkyrkje - Nesch-museet – Hallingrosa – Ål Bygdamuseum – Ål Stavkyrkjemuseum – div. kulturminne – Witteveen Keramikkverksted m.m. Hallingdal Feriepark • • • • • Klatreparken Høyt & Lavt Hallingdal Ørnestup og zip-line Hurramegrundt Kjempe Lekeland Hallingkastet lekepark oppetter veggen Hallingdal 4H-gård og mykje anna! Foto: Signe Fuglesteg Luksengard Ål Turistinformasjon Opningstider 22.06 – 16.08 Måndag - Fredag 08.30 - 18.00 Laurdag 10.00 - 15.00 Sundag Stengt Opningstider resten av året: Måndag – fredag 08.30 – 16.00. Aktuelle brosjyrer Ål-52 brosjyre (ny) Bergsjøområdet sommarbrosjyre Sportsfiske i Ål Kulturhusprogram Kulturbeite - Ål sine kulturskattar Flyer om kulturvandring i Ål (ny) Ål heilårsbrosjyre Aktuelle kart Sentrumskart - Reineskarvkartet – Kart for Veståsen - Sykkelkart Ål/Gol/ Hemsedal Aktuelle nettstader www.al.no – www.aal.kulturhus.no –– www.feriepark.no 18 | Ål Utvikling AS/Ål Turistinformasjon Sjå kulturskattane i Ål Gjennom heile året er det høve til å vera med på ei kulturvandring med kunnskapsrike, lokale kjentfolk i Ål sentrum. Slik kan du bli betre kjent med noko av kulturbeitet i Ål. Nesch-museet, Hallingrosa og Ål Stavkyrkjemuseum er blant kunst- og kulturskattane vandringa går innom. I tida 1.7. - 15.8. er det kulturvandring to gonger i veka. Onsdagar kl. 16.00 Laurdagar kl. 13.00 Pris kr. 100,-. Frammøte ved Ål Turistinformasjon i kulturhuset. Grupper kan bestille vanleg guida kulturvandring eller eit skreddarsydd opplegg med hovudfokus på spesielle tema og evt. innkl. servering og kulturinnslag. Ideelt både for bedrifter, lag/ organisasjonar eller andre som ynskjer å oppleve noko spesielt i saman. Meir informasjon finn du på www.al.no, i brosjyra kulturbeite og i ny flyer som fortel spesielt om kulturvandringa. Hallingdal satsar saman på terrengsykling og langrenn Hallingdal ynskjer både å bli Noregs beste region for terrengsykling, og å synleggjere og utvikle Hallingdal som ein av landets beste langrennsdestinasjonar. Interessa for langrenn er aukande, og terrengsykling er i kraftig vekst både i inn- og utland. Her i Hallingdal har me stor føresetnad for å gjera terrengsykling til ein hovudattraksjon i sommar-sesongen, og med noko tå det beste skiløypenettet i landet har me stort utviklingspotensial på tvers av regionen. Alle dei 6 destinasjonane i Hallingdal og Regionrådet for Hallingdal jobbar no i 2015 saman om både eit langrennsprosjekt og eit terrengsykkelprosjekt. For meir informasjon om terrengsykkelprosjektet sjå www.trakknroll.no og for informasjon om langrennsprosjektet kontakt Ål Utvikling AS som er prosjektansvarleg. Kontakt/ bestilling: Ål Turistinformasjon Foto: Heidi M.Oskam Foto: Vegard Breie 17. mai i Ål 2015 Sundre: 07.15 Hornmusikk på Sundre, Ål musikkorps. 07.50 Lurblåsing frå Sundreberget og Vestlia ved Embrik Kløkk. 08.00 Flaggheising i Kulturtorget ved Speidarane i Ål, og kransnedlegging på stavkyrkjetomta. 08.30 Samling i Bakkestugu, Ål bygdamuseum, program v/ Ål Spel- og dansar- lag. Servering. 09.15 Flaggborga går frå Leksvol til Sundre/Ål kyrkje. 09.45 Minnestund v/bautaen v/Ål kyrkje. Tale v/Anne Kjersti Frøyen, korsong. 10.00 Folkemusikkgudsteneste v/prost Vigdis Moen Storhaug. 10.45 Flaggborg frå Ål kyrkje til Ål kulturhus. 11.15 Oppstilling til barnetog/folketog nedanfor Ål kulturhus. 11.30 Stort barnetog/folketog: frå Ål kulturhus-Ål helsetun-Sundrehall-Sundre- Solhov-Hallingdal Feriepark (framme kl. 12.15). 12.15 Salg av småmat og kaffimat i Hallingdal Feriepark 13.00 Festprogram frå scena i Hallingdal Feriepark: Tale v/Tone Tveito Eidnes, Ål musikkorps, korps i skulen, elevar v/Ål kulturskule, kveding v/Torill Kalvågnes og Vårin Stave, m.fl. 14.00 Leik og moro i Hallingdal Feriepark v/FAU Nedre-Ål skule. 18.00 Fest på Kårstugu, mat/underhaldning/dans 18.00 Gratis kino på Ål kulturhus, Sauen Shaun - Alle 19.00 Gratis kino på Ål kulturhus, The Duff - 11 år Foto: Hilde L. Bjørnsvik Nordbygdane: 11.30 Barnetoget startar på Sundre 12.30 Gudsteneste i Leveld kyrkje v/Frank Vorhaug 13.30 Salg småmat, kaker mm på Leveldtun Prisar: Vaksne kr. 200 - småmat/kakebord, kr. 100 - kakebord m/drikke Born: kr. 70 - småmat, pølser, is, brus Familiepris: maks kr. 600 15.30Festprogram 16.00Gråtasstog 19.30 Fest på Vats bedehus Breie: 13.00 17. mai-fest på Breie grendehus. Torpo: 10.00 10.45 11.00 12.00 12.30 13.00 Barnetoget stiller opp på skuleplassen. Torpo drilltropp drillar. Diktlesing v/elevar frå Torpo skule. Kranspålegging ved bautaen. Tale av elevar i 7. klasse Festgudsteneste i Torpo kyrkje v/ Frank Vorhaug Barnetoget går attende til Torpo skule Lite show v/Torpo Drilltropp på skuleplassen Ein gratis is til borna Sal av småmat og kaffimat, pølser og is Leik og moro på skuleplassen Opheim: 13.00 Fest på Opheim grendahus. Sal av småmat og kaffimat. Sando: 14.30 16.30 Gratis utdeling av pølser, brus og is til alle born tom 10. klasse Matsalg, Småmat, kaffi og kaker Aktivitetar for born og vaksne. Sandostafett, premieutdeling, underhaldning Riv ut og ta med på 17. mai