Uten navn - Stord Kyrkja

Transcription

Uten navn - Stord Kyrkja
Helsing
KYRKJELYDEN STÅR |
Salme 206
Dine hender er fulle av blomster.
Hvem var det du tenkte å gi dem
til? Mine blomster var plukket til
Jesus. Graven fant jeg tom. Han
var ikke der. Halleluja, halleluja,
halleluja, halleluja.
Dine lepper er fulle av sanger.
Hvorfor denne glede, hvor kom
den fra? Fra den grav der hans
legeme hvilte - han stod opp, og
verden ble fylt med sang.
Halleluja, halleluja, halleluja,
halleluja.
Dine øyne er fulle av glede.
Si, hva har de sett for å få slik
glans? De har sett Herren Jesus!
Han lever! Han gir livet mening
og lys hver dag. Halleluja,
halleluja, halleluja, halleluja.
Nei, det trengs ingen blomster til
graven! Jesus, du stod opp og du
bor blant oss! Våre øyne er til for
å se deg. Hendene er til for å tjene
deg. Halleluja, halleluja, halleluja,
halleluja.
Velsigninga
LITURG | Lat oss prisa Herren.
ALLE | Gud vere lova. Halleluja.
Halleluja. Halleluja.
Herren velsigne deg og
vare deg. Herren late sitt andlet
lysa over deg og vere deg nådig.
Herren lyfte sitt åsyn på deg og
gje deg fred.
ALLE | Amen, amen, amen.
Samlingsbøn
LITURG |
Tre gonger tre klokkeslag
Utgangsprosesjon
Takkoffer ved utgangen
til ungdomsarbeidet på Leirvik
bedehus - UKS og IUF.
KONFIRMANTAR:
Anette Presttun Aga
Jonathan Saue Eriksen
Mathilde Brekke Fosse
Ingvild Huse Furevik
Brita Bergo Hildal
Malin Taranger Koppang
Martha Malene Taranger Koppang
Simen Halland Lande
Noora Rehim Lindeflaten
Petter Holm Neset
Kristine Notland
Per Inge Notland
Malin Vik Skagemo
Thea Kvernenes Steensohn
Mathias Strauss
Anna Danielsen Tyse
MEDVIRKANDE:
Sokneprest Eirik Aadland Tappel, kyrkjelydspedagog
Brynhild M. Stautland, klokkar Kirsten Gullberg,
kantor Jan Overweg, Linda Fylkesnes (kornett)
!
KONFIRMASJON - 10.05.2015 kl.10.00
KYRKJELYDEN STÅR | Prosesjon
ALLE SYNG | Salme
844
No livnar det i lundar,
no lauvast det i li,
den heile skapning stundar
no fram til sumars tid.
Det er vel fagre stunder
når våren kjem her nord
og atter som eit under
nytt liv av daude gror.
Guds kyrkje lysa skulle
som høgt på berg ein stad,
med sumar utan kulde
og utan solarglad.
Guds ord vel alltid lyser,
den sol gjeng aldri ned.
Det hus som Anden hyser,
ligg støtt i ljos og fred.
Du vår med ljose dagar,
med lengting, liv og song,
du spår at Gud oss lagar
ein betre vår ein gong,
då me med vigsla tunge,
med kjærleik heil og klår,
alt utan brest og sprunge
skal lova Herren vår!
www.kyrkja-stord.no
Nådehelsing
Kyrie
ALLE | Kyrie eleison.
Gud Fader, miskunna deg.
Kriste eleison.
Herre Krist, miskunna deg.
Kyrie eleison.
Heilag Ande, miskunna deg.
Gloria
Ære vere Gud i det høgste.
ALLE | Og fred på jorda blant
menneske som Gud har glede i.
Vi lovar deg, vi prisar deg, vi
tilbed deg, vi opphøgjer deg.
Amen.
LITURG |
Tekstlesing
Lat oss høyra Herrens ord.
Det står skrive hos profeten Jeremia:
Så seier Herren: For eg veit kva tankar
eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil
gje dykk framtid og von.
| JER 29,11
Slik lyder Herrens ord.
LITURG |
Salme 482
Deg å få skode er sæla å nå,
Gud, ver det syn som mitt hjarta
vil sjå; ver du for tanken min
dyraste skatt, ljoset som strålar
ved dag og ved natt!
Ver du min visdom, mi sanning og
trøyst, tal du det levande ord
med di røyst! Far, lat meg vere
barn her hjå deg. Kom til meg,
Herre, ja, bu du i meg!
Ver du i striden mitt skjold og mitt
sverd; ver du det merket
som syner mitt verd, livd for mi
sjel, den tryggaste vakt; lyft meg
mot himlen, du makt i mi makt!
Evangelium |
KYRKJELYDEN STÅR
Det står skrive i evangeliet etter
Matteus:
Be, så skal de få. Leit, så skal de finna.
Bank på, så skal det latast opp for
dykk. For kvar den som bed, han får;
og den som leitar, han finn, og den
som bankar på, skal det latast opp for.
Eller kven av dykk gjev son sin ein
stein når han bed om brød, eller ein
orm når han bed om fisk? Når då de
som er vonde, veit å gje borna dykkar
gode gåver, kor mykje meir skal ikkje
då Far dykkar i himmelen gje gode
gåver til dei som bed han! Alt de vil at
andre skal gjera mot dykk, skal de òg
gjera mot dei. For det er dette lova og
profetane seier.
| MATT 7,7-12
Slik lyder det heilage evangeliet.
Preike
Song ved Ingrid Nesse Belt og
Ingvild Skumsnes
Har en drøm om å komme hjem dit ei
fremtid ennu bor. Har en drøm om å
finne frem over ei mørklagt jord. Snart
stiger sol et sted i øst, og i natt har
ingen gitt deg svar. Men det finnes ei
fattig trøst: Drømmen du alltid bar.
Har en drøm om å høre tel i en
hverdag taus og grå, har en drøm om
at alt æ vil finne en vei å gå. Snart
stiger sol et sted i øst, alt vil være som
det engang var. Men det finnes ei fattig
trøst: Drømmen du alltid bar.
Et døgn går forbi, du lever på
lånt og kostbar tid mens et hjerte slår
og dagan går og går.
Påminning om dåpen
Har en drøm om et anna land og ei
lengsel øm og stor, har en drøm som e´
skrift i sand skreven med store ord.
Snart stiger sol et sted i øst, og en
verden venter kald og klar. Men det
finnes ei fattig trøst: Drømmen du
alltid bar.
KYRKJELYDEN STÅR - ALLE |
ALLE |
Salme 717
Kjære Gud, når eg bed,
lat min tanke kvile i fred
frå alt stress i verda omkring
og all uro for daglege ting.
Lat din kjærleik få trengje seg inn,
slik at han kan forandre mitt sinn.
Lat oss alle som trur på ditt ord,
vera saman i bøn for vår jord.
Hjelp meg, Gud, til å gi
både pengar, arbeid og tid
i den tenesta der eg er sett,
slik at eg kan forvalte den rett.
Gi meg kraft til å dele mitt brød
med dei menneska som er i nød.
Hjelp meg søkje fornying og fred.
Høyr meg, kjære Gud, når eg bed.
Takk for frelse og fred
når i Jesu namn eg får be.
Herre lær meg den vegen å gå:
At eg alltid din nåde kan få.
Og eg veit at ein dag er eg fri
som eg aldri her nede kan bli.
Når all vondskap og nød er forbi,
evig glede og fred vil du gi.
Forsakinga og trua
Eg forsakar djevelen
og alle hans gjerningar
og alt hans vesen.
Eg trur på Gud Fader,
den allmektige,
som skapte himmel og jord.
Eg trur på Jesus Kristus,
Guds einborne Son, vår Herre,
som vart avla ved Den heilage
ande, fødd av Maria møy,
pint under Pontius Pilatus,
vart krossfest, døydde og vart
gravlagd, fór ned til dødsriket,
stod opp frå dei døde tredje dagen,
fór opp til himmelen,
sit ved høgre handa åt Gud,
den allmektige Fader,
skal koma att derifrå
og døma levande og døde.
Eg trur på Den heilage ande,
ei heilag, allmenn kyrkje,
eit samfunn av dei heilage,
forlating for syndene,
oppstoda av lekamen
og evig liv. Amen.
Bøn for konfirmantane
KYRKJELYDSSVAR - ALLE SYNG:
Høyr vår bøn!
Høyr vår bøn!
Lat riket ditt koma,
lat viljen din råda!
Høyr vår bøn!
Herrens bøn
ALLE | Vår Far i himmelen.
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda
slik som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød,
og tilgjev oss vår skuld,
slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.
Og lat oss ikkje koma i freisting,
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt og makta og æra
i all æve. Amen.
Salme 647
En gang før du selv kan minnes,
ble du møtt av gledens bud:
At du alltid kan få leve som et elsket barn hos Gud.
Han som dengang tok imot deg
og som kjenner dine savn,
gav deg del i alt han eier
da du døptes i hans navn.
Du fikk korsets tegn som merke
før du noen ting forstod.
Du ble lagt i Herrens hender,
du fikk trygghet, håp og tro.
Han som møtte deg i dåpen,
kaller deg på nytt til seg.
I sin kjærlighet og nåde
vil din Gud velsigne deg.
Bøn for kvar einskild
konfirmant