Alfred Hauge - Utstein Pilegrimsgard
Transcription
Alfred Hauge - Utstein Pilegrimsgard
Pilegrim i Rogaland Pilegrimsferd med Alfred Hauge Forfattaren Alfred Hauge frå Stjernarøy i Ryfylke ville ha fylt 100 år i år. Vi vil la noko av diktinga hans prege turen vi skal på. I Cleng Person-triologien skildrar han to unge som drog til Røldal i løynd. Dei ville til krusifikset i Røldal for å be om eit under. Vi startar turen i Stavanger Domkyrkje. Der vil vi og møte ei gruppe som har vandra over Jæren. Dei vert tekne imot, vi vert sende ut. Første kvelden skal vi innom Utstein Kloster som spelar ei svært sentral rolle hos Alfred Hauge. Heile 7 av bøkene har motiv frå klosteret. Andre dagen går vi over Rennesøy og Talgje, tek båt til Jelsa og blir køyrt til Gullingen i Suldal. Tredje dagen går vi gjennom Suldalen, over Hylsskaret og overnattar i Mokleiv. Fjerde dagen er det valfritt om ein vil gå over Suldalsskaret eller gjere ei lettare vandring i Mokleiv og så ein fin busstur gjennom Brattlandsdalen. Frå fredag kveld til søndag morgon er vi med på pilegrimsstevne i Røldal. Vi kan gå pilegrimsvandringar i Stavanger by, til Røldal og i Suldal, på Utstein, på Avaldsnes, over Jæren og i Dalane. Desse turane fortel om ei aukande interesse. Den aukande interessa kjem mellom anna frå lengten etter meining og mål med feriane våre, lengten etter røter og samanheng i tilværet og gleda ved å vera ute i naturen. For mange handlar det og om den indre vandringa og meir stille i ei uroleg tid. Utstein Pilegrimsgard vil være ein stille stad som syner veg til Kristus. Her vert det halde retreat med ulike tema som kan gje hjelp til å få kontakt med viktige område i livet samstundes som ein brukar landskapet omkring. Kombinasjonen av ytre og indre vandring gjev liv til både kropp og sjel. Det er og mogleg for grupper og enkeltpersonar å leige rom eller heile huset for eigne arrangement, eller avtale opplegg med dagleg leiar. Velkommen til arrangement på Pilegrimsgarden – og andre stader i bispedømmet vårt! Alfred Hauge sine tekstar vil vi møte kvar dag og i tillegg vil Berit M. Andersen, tidlegare domprost i Stavanger, vandre med oss og leie ulike liturgiar undervegs. Praktisk informasjon Vel møtt som pilegrim på turen frå Stavanger til Røldal 2015. Tid: Arrangør: Turleiarar: Reidun Kyllingstad, dagleg leiar av Utstein Pilegrimsgard www.utsteinpilegrimsgard.no Pilegrimsferd frå Stavanger til Røldal – med tekstar av Alfred Hauge Den norske kyrkja 30. juni – 5. juli 2015 Utstein Pilegrimsgard, tlf. 468 15 769 Berit M. Andersen, Reidun Kyllingstad, Eirik Moe med fleire. Plass: 16 deltakarar på langturen. Mogleg å gå dagsetappar med gruppa. Overnatting: Enkelt- og dobbeltrom. Oppreidd seng. Varierande standard. Pris: 5.995,- (Alle utgifter undervegs, bagasjetransport). Påmelding: retreat@utsteinpilegrimsgard.no innan 10. juni Ta med: Dagstursekk, termos, sitjeunderlag høvelege–klede og sko/fjellstøvlar. Pilegrimsturog Stavanger Trondheim, 23. – 31. juli 30. juni – 5. juli 2015 STAVANGER – UTSTEIN – HAUSKEN – SØRBØ TALGJE – JELSA – SULDAL – RØLDAL I pilegrimars fotefar frå Stavanger Røldal Bli med på ein innhaldsrik tur med buss, båt og vandringar. Undervegs er me innom åtte kyrkjer. Det blir gudstenester, tidebøner, meditasjoner, samtaler og omvisingar. Turen endar i Røldal der me er med på konsert, krossvandring og midnattsmesse. • SØRBØ UTSTEIN JELSA SAND MO HAUSKEN STAVANGER UTSTEIN HAUSKEN TALGJE SULDALSSKARET MOKLEIV SULDAL SULDALSOSEN STAVANGER BUSS VANDRING BÅT SULDAL NESFLATEN HYLEN GULLINGEN SØRBØ TALGJE • • Forfattaren Alfred Hauge sine tekstar vil prega pilegrimsvandringa. Det er i år 100 år sidan han vart fødd. • •• • Røldal var, etter Nidaros, det mest kjende pilegrimsmålet i Norge i middelalderen. I hundrevis av år søkte pilegrimar frå fjern og nær det undergjerande krusifikset. RØLDAL BOTNEN til 30. juni – 5. juli 2015 • • • Program Tirsdag 30. juni 15.00 Samling og utsending frå Stavanger Domkyrkje. Rutebuss til Utstein Pilegrimsgard. Føredrag, middag, kveldsbøn i Utstein kloster kyrkje (1 km). Overnatting på Pilegrimsgarden/ Utstein Kloster hotell. Onsdag 1. juli Buss til Hausken kyrkje, vandringar på Rennesøy og Talgje med buss imellom øyane. (6 km) Matpakkelunsj. Båt til Jelsa. Vandring til Jelsa kyrkje (1,5 km). Kveldsbøn. Sein middag og overnatting på Gullingen JELSA Fjellstove. HYLSSKARET Torsdag 2. juli Buss frå Gullingen. Vandring gjennom Suldal til nattverdfeiring i kyrkja. Matpakkelunsj. Vandring over Hylsskaret. Middag og kveldssamver på Mokleiv. Overnatting Mokleiv/ Krafthotellet. MOKLEIV SULDALSSKARET – UTSIKT MOT RØLDAL Fredag 3. juli Vandring over Røldalsskaret frå Skitli til Botnen. Opplegg på Mokleiv for dei som tek buss gjennom Bratlandsdalen. Buss frå Botnen til Røldal. Kyrkjebesøk, middag og konsert. Innlosjering på Saltvold camping. RØLDAL Lørdag 5. juli Pilegrimsstemne i Røldal med foredrag, korsvandring og midnattsmesse. Meir info : www.roldalstavkyrkje.no Søndag 6. juli Morgonsamling i kyrkja, frukost og avslutning. Turen sluttar her. For dei som ynskjer å dra direkte tilbake til Stavanger, er det mogleg å ta rutebuss til Sand og så hurtigbåt til Stavanger. Du kan velje å bli med på berre deler av turen. Fleire vandringar, alle samlingane i kyrkjene og kveldssamvær i Mokleiv er opne for alle. I Mokleiv er det óg høve til kjøpe middag. Det er berre å møte fram! For meir orientering, sjå lokal informasjon og Pilegrimsgarden si nettside.