Kontaktinformasjon Furene AS
Transcription
Kontaktinformasjon Furene AS
År s r appor t2014 Innhald Dagleg leiar har ordet Styret si årsmelding Revisor si melding Konsernrekneskap Furene AS 2014 Resultat Balanse Notar Kontantstraumoppstilling Årsrekneskap Furene AS 2014 Resultat Balanse Notar Kontantstraumoppstilling Nøkkeltal Dagleg leiar har ordet Eit godt år for Furene Furene er ei middels stor bedrift i eit distrikt prega av ei av landets største industriklynger og eit fylke som er leiande innan eksport av varer målt i kroner i høve til innbyggartal. Derfor påverkar svingingar i den internasjonale økonomien både våre samarbeidspartnarar og oss sjølve. Veksten i norsk økonomi er venta å bli rundt 1,5 % i 2015. Forventninga til vekst er på slutten av året nedvurdert, drive av forventa negative verknadar av oljeprisfall på om lag 70 dollar fatet sidan juni i 2014. Ringverknadane av oljeprisfallet er utfordrande å talfeste. Enkelte forskingsarbeid tilseier at effekten kan bli ein vekstreduksjon på heile 2,4 % av fastlands BNP. På den andre sida er det faktorar som kan dempe dei negative konsekvensane av lågare oljepris. Til dømes lågare balansepris på funn i Nordsjøen som gir lågare enn forventa oljepris og fall i riggrater. Utanom oljerelatert sektor vil rentekutt frå Noregs Bank, svekking av krona og mulege finanspolitiske tiltak kunne dempe verknadane av oljeprisfallet i økonomi og sysselsetting. Vårt lokalsamfunn er prega av familieeigde bedrifter som samhandlar tett og viser stort samfunnsengasjement. Næringslivet er påverka av den siste tida si urolege utvikling innan oljesektoren. Likevel er det optimisme mellom bedriftene og investeringslysta er framleis god, om enn noko avventande. I Furene sitt nedslagsfelt, og mellom våre samarbeidspartar er det framleis høg aktivitet. På slutten av året merka vi tendensar til noko svakare ordreinngang og ei noko meir avventande haldning til å tilsette nye personar og å opne for praksisplassar. Bedriftseigarar er klare i si haldning til framtidig overleving avheng av innovasjonskraft, investeringsvilje og evne til nyvinningar. Det å lære av kvarandre i klynger og nettverk vil skape vekst i framtida og gjer kompetanse overførbar frå ein bransje til ein annan. Havromet er sett på kartet som eit muleg framtidig næringsområde. I Noreg har vi framleis den lågaste arbeidsløysa innanfor OECD-området, høg arbeidsdeltaking og høgt utdanningsnivå. Næringslivet er produktivt, folk trivast og har høg motivasjon i arbeidet. Næringslivet har i enkelte sektorar store utfordringar med å skaffe nok kompetente hender til å stette behovet. Utanlandsk arbeidskraft har i noko grad reist tilbake til heimlandet og har slik buffra for innanlandsk auke i arbeidsløysa. Trass høg yrkesdeltaking har landet ein alt for stor utanforskap av menneske som både vil og kan arbeide i noko grad og tilføre samfunnet meir arbeidskraft berre tilhøva vert lagt til rette. Vi kan grovt dele inn auken i utanforskapen i tre grupper: Ungdom som ikkje fullfører vidaregåande opplæring Langvarig sjukefråvær Manglande integrering av enkelte grupper innvandrarar I Furene har vi merka tendensar til tråare arbeidsmarknad og mange spår auka arbeidsløyse. Som fylje av omstilling og teknologiutvikling lever næringslivet med hurtige omstillingar og krav til interne læreprosessar. I dei færraste bedrifter kjem ein nytilsett ferdig utlært, omfattande opplæringsprosessar må til for å meistre krav til produksjon og effektiv drift. Dette gjeld i like stor grad for dei med høgskule utdanning som dei utan. For oss merkar vi dette langs to dimensjonar, overfor eigne tilsette og som samarbeidspart for næringslivet i rekrutteringsarbeid. Størstedelen av dei jobbsøkarane vi jobbar i lag med har ikkje høgare utdanning eller formell fagkompetanse. Her er skreddarsaum, individuell tilrettelegging og god jobbmatch avgjerande for å verte skikka til å møte arbeidslivet sine krav. Vi i Furene er glade for oppmodinga frå statsministeren til arbeidsgivarane om å tilsette folk som har utfordringar med å kome inn i arbeidslivet. God arbeidsintegrering føreset imidlertid eit godt samspel mellom attføringsbedriftene, Nav og næringslivet. Det er viktig at NAV har god bestillerkompetanse, attføringsbedrifta finn den rette matchen mellom kandidatane og næringslivet, og ikkje minst at både arbeidsgivar og arbeidssøkjar vert fylgt tett gjennom heile prosessen. Solid og truverdig 3.651 millionar kroner til styrking av bedrifta. Vi kan få enda fleire i arbeid og aktivitet i 2015. I 2014 har vi hatt eit sterkt fokus på å bu oss for ein ny konkurransesituasjon som treff oss tidleg i 2015. Uklarheitene rundt utsetjinga av stortingsmeldinga har gitt bransjen eit årelangt vakuum. Vi har nytta tida godt til interne prosessar som skal gi oss auka konkurransekraft i framtida. Vi ser eit stort behov for avklaringstiltak, yrkeskvalifiseringstenester, samt oppfølgingsog formidlingstiltak. Vårt viktigaste forretningsområde er levering av tiltakstenester og bedrifta er bygd opp rundt dette. På slutten av året vart det klarlagt at i 2015 vert Arbeid med Bistand (AB) og Avklaring i Skjerma sektor (AK) konkurranseutsett i forbindelse med at kontraktane på Raskare tilbake tenestene går ut 1/7 2015. Det er lagt føringar for tiltaka Kvalifisering i skjerma verksemd som skal fasast inn i APS (Arbeidspraksis i skjerma verksemd), nye AFT (Arbeidsførebuande trening), og TIA (Tilrettelagt arbeid) skal fasast ut og på sikt overførast til Tidsubestemt lønstilskot. Dei faktiske forholda rundt dette er i skrivande stund ikkje klarlagt. Det som synes klart er at vi sit att med ein rimeleg barbert skjerma sektor der VTA og AFT er einaste tiltaka som vert att. Furene omsette for 54.138 millionar kr. i 2014 og oppnådde eit resultat på 3.651 millionar kr. Ein reduksjon i resultat frå 2013 på 2.102 millionar kr. Resultat av underliggande drift er 3.121 millionar kr. I 2014 har resultatet av finansielle papir påverka årsresultatet med 1,8 millionar kroner. Over tid ser vi at plasseringar i finansmarknaden gir betre avkasting enn risikofri rente. Økonomisk har dei forskjellige avdelingane varierande resultatgrad. Vi har mange bein å stå på og ser det som ein fordel så lenge vi greier å balansere drifta godt. Driftsmessig er dette ein krevjande modell som stiller store krav til alle tilsette. 53 personar til ordinær jobb, ytt tenester til knappe 600 personar og gir lønna arbeid til ytterlegare 85 personar Endringa er ikkje overraskande men kom i eit raskare tempo enn vi hadde sett føre oss. Vi kjenner oss godt budde, har gode erfaringar med samarbeidet mellom Attføringsbedriftene i fylket, og har vunne denne type anbod i tre rundar før. Å vinne desse anboda er heilt avgjerande for vår faglege utvikling og vekst dei komande åra. Vi skal gjere vår del av jobben og håpar strukturendringa gjev den effekten regjerande styresmakter føreset, nemleg at attførings- og inkluderingstenestene skal bli lettare tilgjengelege for fleire, koste mindre med høgare kvalitet, samt få fleire i arbeid. Gjennomstrøyminga i våre tenester i året har vore 582 personar mot 531 i 2013 og 457 i 2012. Ein auke på heile 125 på to år syner at vi har greidd å auke gjennomstrøymingstakta vesentleg utan at det har gått ut over korkje måloppnåing for brukarane eller tilbakemeldingane frå kunden. Kvar og ein av våre tilsette har vore med å gjort dette taktskiftet muleg. Eigarane har som filosofi å bygge bedrifta stein på stein. Langsiktig eigarskap gir rom for utvikling og tryggheit for arbeidsplassane som igjen gir bedrifta framdrift. Slik skaper vi gode resultat over tid. Produksjon Etter oppkjøpet av Dragsund Asvo er vi no Søre Sunnmøre sin største aktør innan profileringsartiklar, gravering og trykk. I tillegg til aktiviteten vi har hatt i Furene har Dragsund kome inn med nye segment. Dragsund driv med mekanisk produksjon, monteringsarbeid, garnreinsking, institusjonsvaskeri og spesialemballasje. Med godt driv og entusiasme går vi inn i 2015 med mål om å vinne fram i konkurransen og skape muligheiter for fleire! Produksjonsavdelingane har tilfredsstillande ordretilgang. Volda, april 2015 Kvalitet og tenester Vårt konkurransefortrinn ligg i våre tilsette sin unike kompetanse, evne og vilje til forbetringsarbeid, samt i å ha tilgjenge til reelle bedriftsmiljø som verkemiddel til vellukka avklarings- og yrkeskvalifiseringsløp. I tillegg har vi brei og god kontaktflate med næringslivet på Søre Sunnmøre. Næringslivet er våre gode partnarar i formidlingsarbeidet. Ein kan sjå fordelar med konkurranse, men det er samstundes nærliggande å stille spørsmålsteikn om måten å kjøpe inn denne type tenester på er den mest kostnadseffektive, både med omsyn til kroner og resultat av tenestene for samfunnet. Gjennom taktskiftet i volum og skjerpa fokus på dokumentert kvalitet har vi innført kvalitetssikringssystemet Equass. Gjennom Equass forpliktar vi oss til kontinuerleg forbetring og fokus på dei rette handlingane. Vi scorar svært godt på dei fleste indikatorar og avdekker områder for forbetring. I det komande året vil vi spesielt ha fokus på samhandling med våre kundar og samarbeidspartar. Hege Karete Hamre Dagleg leiar Styret si årsmelding Om selskapet: Furene AS vart stifta i 1971 av ideelle aksjonærar med eit ideelt formål. Bedrifta sin intensjon er på forretningsmessig basis å legge til rette for personleg utvikling gjennom opplæring og kvalifisering. Næringslivet sit på nøkkelen til arbeidsinkludering. Utan næringslivet med på laget lykkast vi ikkje. I tillegg meiner styret vi ikkje må miste av syne det faktum at ordinært arbeidsliv ikkje er eit alternativ for alle. Desse må også få eit tilbod utover passivt stønadsmottak. Her har vi ei viktig rolle i dag, og vi vil også ha det i framtida. Konsernet Furene AS består av morselskapet Furene AS og eigedomsselskapet AS Terminalbygg. AS Terminalbygg har som formål å eige og leige ut lokale til eigarselskapa, Furene AS og Nettbuss Møre AS. Målsettinga til bedrifta er tosidig: Vi skal levere og utvikle attraktive tenester som fremjar arbeid, aktivitet og inkludering Vi skal sikre langsiktig god lønsemd for bedrifta som heilskap. ”Furene - for den som vil og kan!” er visjonen vår som har sitt fundament i vår tanke om at motiverte menneske som vil nok oppnår sine mål. Måloppnåing for brukar er samsvarande med måloppnåing for bedrifta. Furene sine forretningsområder og samfunnsbidrag er å drive: Yrkeskvalifisering og velferdstenester Vare- og tenesteproduksjon som virkemiddel for opplæring og kvalifisering Våre fokusområder speglar vårt formål og våre virkemiddel i samfunnsoppdraget vårt. Gjennom kvalitetssikringa i Equass forpliktar vi oss til kontinuerleg forbetring. Ein lovnad til det beste for brukar, samarbeidspartar og formålet. Bransjen og Furene har stor merksemd på kvalitet og resultat og er i ferd med å bygge opp kunnskap om kva som verkar og kva som ikkje er like effektiv bruk av ressursar. Vi ser ein klar trend i at vi leverer tenester til fleire for mindre kroner. Tenestene må seiast å ha blitt langt meir tids- og kostnadseffektive. Kor vidt det gir varig positiv effekt for brukar manglar det per i dag målingar på. Frå vår ståstad er ei teneste ikkje vellukka dersom den ikkje har ført til varig endring. God kvalitet og gode resultat krev kompetente og motiverte medarbeidarar. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og gjennom kartlegging, planlegging og målretta tiltak aukar vi kompetansenivået i organisasjonen og kvaliteten i leveransane våre. Vi har god tverrfagleg samansetjing og er godt rusta til å løyse dagens oppgåver og framtidige utfordringar. Søkjarmassen til ledige stillingar er stor og vi har ingen problem med rekruttering til bedrifta. I ei verd der marknaden skal styre kven som får yte tenester til dei som har utfordringar innan feltet arbeid og aktivitet, må vi tilby og levere dei beste tenestene som til ei kvar tid er etterspurde. Med auka gjennomstrøyming og ventelister inn til tenestene våre, dokumenterer vi eit stort behov for dei tenestene vi tilbyr. Tenester/Yrkeskvalifisering Velferdstenester og kurs. Nav er den største kunden og gir sine premissar for volum og innhald i tenestene. Furene skal vere ein føretrekt partnar i å utvikle og levere nye løysingar på utfordringar i marknaden. I 2014 har aktiviteten på konkurranseutsette anbod/AMO frå Nav på Søre Sunnmøre vore aukande. Vi har vunne dei fleste av anboda vi har levert tilbod på og gjennomført kursa Hjelpearbeidar hotell og restaurant, Vegen Vidare og Jobbklubb. Sommaren 2012 vann AMR (Attføringsbedriftene i Møre og Romsdal) på nytt «Raskare tilbake»tiltaka for oppfølging av sjukmelde og andre som treng individuell rettleiing med omsyn til arbeid. Avrop til desse tenestene har på langt nær vore like høge som for rekord året 2013. Kontraktane går ut 1/7-2015 og førebuingane til ny anbodsrunde har hatt stort fokus gjennom året. I ny anbodsrunde vert AB(Arbeid med Bistand) og Avklaring skjerma sektor innlemma i desse nye anboda. Styret ser på det som avgjerande for vidare vekst og utvikling at vi vinn desse anboda. Frå styret si side har det ikkje vore nokon alternativ strategi å tenkje at ein ikkje skal kjempe for å vinne anboda. Organisasjonen har lagt ned eit stort arbeid i høve til å rigge oss for å levere tenestene. Denne systemendringa er sannsynlegvis den største i skjema sektor si historie. For Furene sin del kan det sjå ut som vi etter innføring av nytt system sitt att med 70 tiltaksplassar i skjerma sektor, 50 VTA (Varig tilrettelagde arbeidsplassar) og 20 APS (Arbeidspraksis i skjerma verksemd). Av dei 150 plassane vi har avtale på i dag vil 80 bli anten fasa ut eller konkurranseutsett. Produksjon Produksjonsavdelingane er i hovudsak mekanisk produksjon, montering, vaskeri, spesialemballasje og profilering/trykk. Dette er godt etablerte og velfungerande produksjonsmiljø. Produksjonsavdelingane er for det meste retta inn mot underleveransar til næringslivet i regionen. Næringslivet har i 2014 hatt god ordretilgang trass i høgt kostnadsnivå og internasjonal marknad for sluttprodukta. Det er i produksjonsavdelingane gjort mindre investeringar i maskiner og utstyr i 2014. I avdeling Dragsund er det gjort ei større bygningsmessig utbetring. Andel tenester - varer Omsetjingsmessig står vareproduksjonen for om lag 47% mot 63% i 2013 av total omsetjing. Furene avd. Industriteneste Avdelinga har jamt god drift på både teneste og varesida av verksemda. Avdelinga tilbyr Varig tilrettelagde arbeidsplassar (VTA). Ramma i 2014 er 33 VTA plassar. I tillegg tilbyr avdelinga arbeidstrening til APS tiltaket, avklaring, tilrettelagt arbeid og praksisplassar for elevar i vidaregåande skule. Avdelinga har svært allsidig monteringsarbeid til næringslivet i regionen. Avdeling Dragsund Selskapet har kontor og produksjonslokale på Leikong i Herøy kommune. I tillegg leverer avdelinga vaskeritenester for sjukeheimen og til private i Vanylven. Dragsund har ei ramme på 17 VTA plassar og har deltakarar frå kommunane Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven. Avdelinga har slite med å fylle rammene. Det vart etablert Rådgivande utval for plassane i Vanylven og for plassane på Leikong. I Vanylven har det vore svært godt oppmøte både frå NAV og kommunen på møta. Ved utgongen av året er alle plassane fylde og samarbeidsplattforma er godt etablert. For plassane på Leikong har det synt seg langt tyngre å få etablert utvalet, jamvel om partane har ytra ynskje om slikt samarbeidsorgan. Oppmøtet har vore variabelt både med omsyn til antal møtande og i kva grad kvar kommune har tildelt rolla til nokon tilsett. Dette jobbar vi vidare med. Uansett er no alle plassane fylde og dialogen om enkeltsaker er svært god. Avdelinga driv med profilering, trykksaker, gravering, spesialemballasje i tre, mekanisk arbeid, institusjonsvaskeri og monteringsarbeid. Gjennom strategiprosessen hausten 2014 i avdelingane er det vedteke å flytte profileringsaktiviteten i Furene til avdeling Dragsund. Aktivitetssenteret på BakkOla-marka i Ørsta Furene driv aktivitetssenter for eldre i Ørsta på BakkOla-marka omsorgssenter. Vi ser på BakkOla som ein viktig aktivitet og eit vinn-vinn prosjekt for alle partar. BakkOla er ein av våre mest etterspurde og mangfaldige arenaer vi har i vår portefølje. Avtalen gjekk ut ved nytt år og vi jobbar med å lande ny avtale. Ulsteinvik I Ulsteinvik har bedrifta lokalar der vi driv kursverksemd og kontor til vegleiarar som yter service til brukarar i Ulstein og Hareid. I 2014 har kursaktiviteten auka og både Jobbklubb og Vegen vidare har vore halde i Ulstein. Av anna kursverksemd har det vore Hjelpearbeidar hotell og restaurant og BKA kurs i samarbeid med lokalt næringsliv. tilsette, medarbeidarsamtalar, IA-plan, bedriftshelseteneste og HMS arbeid. Styret meiner bedrifta organiserer og har god oversikt over arbeidsmiljøet, så vel fysisk som sosialt. Bedrifta har over år hatt svært gode resultat av undersøkingane og det er ikkje teikn til at noko av sjukefråværet skuldast forhold på arbeidsplassen. Miljø Bedrifta forureinar ikkje det ytre miljø. Ikkje nokon av bedrifta sine avdelingar er underlagt konsesjonsvilkår eller krav om utsleppsløyve Klager/avvik I 2014 var det registrert 4 avvik\klager som alle er handsama og lukka. HR/Organisasjon og miljø Forholdet mellom fast tilsette kvinner og menn er 40% kvinner og 60% menn. Styrerepresentasjonen er fordelt med 40% kvinner og 60% menn. Arbeidsmiljøet ved bedrifta vert sett på som svært godt. Økonomi Styret meiner føresetnad for fortsatt drift er til stades og rekneskapen for 2014 er sett opp etter denne føresetnaden. Styret meiner at det framlagde årsrekneskapen gir eit rettvisande bilde av konsernet sine eigedelar, gjeld, finansielle stilling og resultat. Økonomisk stilling Driftsinntekter Driftsresultat Årsresultat 2014 2013 2012 54 138 3 122 56 305 5 236 42 436 2 885 3 651 5 752 2 455 31.12.2014 31.12.2013 31.12.2012 Sjukefråvær Gjennom året er det registrert eit sjukefråvær på 8.8% og viser ein nedgong på 0.35 % i høve til 2013. Målet i IA-planen er mellom 5 - 5,5%. 99.2 % av det totale sjukefråværet er legemeldt. Av om lag 55 tilsette står nokre få personar for over 50% av det totale sjukefråværet i bedrifta. Det er ikkje rapportert skadar eller ulukker av betyding. Personalpolitikk Bedrifta sin personalpolitikk er nøytral med omsyn til kjønn, nasjonalitet og religion. Ved tilsetting vert søkjarane vurdert og tilsett etter kvalifikasjonar relatert til stillinga sitt innhald. Arbeidsmiljøet vert kartlagt og følgt opp årleg gjennom arbeidsmiljøkartlegging mellom dei Balansesum 91 602 91 081 76 040 Eigenkapital 66 835 63 111 45 788 73.0 69.3 60.21 Eigenkapitalprosent Styret Styret inviterer til eigarmøter to gongar i året. Det er halde 5 styremøter og ei styresamling over to dagar. Mellom møta er det tett og god dialog mellom styre og leiing. Styret har ei utadvent haldning og legg gjerne møter og samlingar hos andre attføringsbedrifter. Avdelingsleiarane er jamleg innom styremøta og med i styresamlingane. Eigarmøta er ein viktig arena for å dele kunnskap og innsikt. Vi ønskjer enda tettare samhandling med våre eigarar. Vi opplever stor oppslutnad om eigarmøta. Dialogen er god og skapar felles kunnskap om felles utfordringar. Gjennom dialogen er det avdekka behov hos eigarane for tenester og oppgåver som Furene kan levere. I eit utviklingsperspektiv fins det også mulegheiter. Notar til konsernrekneskapet Furene AS 2014 Note 1 Rekneskapsprinsipp. Årsrekneskapet er sett opp i samsvar med rekneskapslova og god rekneskapsskikk. Konsolideringsprinsipp. Konsernrekneskapet viser det samla økonomiske resultat og den finansielle stillinga når morselskapet; Furene AS og dette selskapet sine eigarandelar i andre selskap blir presentert som ei økonomisk eining. I konsernrekneskapet er alle selskap tatt med der Furene AS indirekte eller direkte eig meir enn 50% av aksjane eller har bestemmande innflytelse. I tillegg til morselskapet; Furene AS omfattar konsernrekneskapet: Terminalbygg AS, 6105 Volda (eigarandel 59,8%). Etableringstidspunkt: 31.08.2007 Alle vesentlege transaksjonar og mellomverande mellom selskap som inngår i konsernrekneskapet er eliminert. Aksjar i dotterselskap er eliminert mot eigenkapitalen på etableringstidspunktet. I Terminalbygg AS er der minoritetsinteresser med 40,2%. Minoritetsinteresser er spesifisert i balansen og inngår i konsernet sin eigenkapital. Salgsinntekter Inntektsføring ved salg av varer skjer på leveringstidspunktet.Tjenester blir inntektsført etter kvart som dei blir levert. Klassifisering og vurdering av balansepostar Omløpsmidlar og kortsiktig gjeld omfattar postar som knytter seg til varekretsløpet. For andre postar enn kundefordringar inngår postar som forfell til betaling innan eitt år etter transaksjonsdagen. Anleggsmidlar er eigedelar bestemt til varig eige eller bruk. Langsiktig gjeld er gjeld som forfell seinere enn eitt år etter transaksjonsdagen. Omløpsmidlar blir vurdert til lågaste av anskaffelseskost og verkeleg verdi. Kortsiktig gjeld blir ført i balansen til nominelt beløp på etableringstidspunktet. Anleggsmidlar blir vurdert til anskaffelseskost. Varige anleggsmidlar blir avskrivne etter ein fornuftig avskrivningsplan. Anleggsmidlar blir nedskrivne til verkeleg verdi ved verdifall som ikkje er forventa å vere forbigående. Langsiktig gjeld med unntak av andre avsetningar er balanseført til nominelt beløp på etableringstidspunktet. Fordringar Kundefordringar og andre fordringar er oppført i balansen til pålydande etter frådrag for avsetning til forventa tap. Avsetning til tap bli gjort på grunnlag av individuelle vurderingar av dei enkelte fordringane. I tillegg blir det for øvrige kundefordringar gjort ei uspesifisert avsetning for å dekke forventa tap. Varebeholdningar Lager av innkjøpte varer er verdsett til lågaste av anskaffelseskost etter FIFO- prinsippet, og verkeleg verdi. Egentilvirka ferdigvarer og varer under tilvirkning er vurdert til variabel tilvirkningskost. Det blir gjennomført nedskriving for pårekneleg ukurans. Varige driftsmidlar Varige driftsmidlar blir balanseført og avskrivne over driftsmidla si levetid dersom dei har antatt levetid over 3 år og har en kostpris som overstig kr 15.000. Direkte vedlikehold av driftsmidlar blir kostnadsført løpande under driftskostnader, medan påkostningar eller forbedringar blir lagt til driftsmidla sin kostpris og blir avskrivne i takt med driftsmidlet. Notar til konsernrekneskapet Furene AS 2014 (Note 1 fortsatt) Aksjar i dotterselskap. Investering i dotterselskap er vurdert etter kostmetoden i selskapsrekneskapet. Aksjar i andre selskap. Aksjar som inngår i ei handelsportefølgje(omløpsaksjar) er vurdert til verkeleg verdi på balansedagen. Aksjar som er langsiktig plassering (anleggsaksjar) er vurdert til lågaste verdi av kostpris og verkeleg verdi på balansedagen. Pensjonar. Pensjonsforpliktelser finansiert over drifta er berekna og ført opp i balansen som ein gjeldspost under avsetning for forpliktelsar.Pensjonsordning finansiert via sikra ordning er ikkje balanseført. Pensjonspremien er kostnadsført som pensjonskostnad og ført opp under lønnskostnader. Forskuddsbetalt premie iform av innbetaling på premiefond er ført opp i balansen under posten andre fordringar. Avkastning på premiefondet blir i resultatrekneskapet oppført som ein reduksjon av pensjonskostnaden. Skattar. Skattekostnad i konsernrekneskapet er knytta til det eine dotterselskapet. Skatter er spesifisert i dotterselskapet sitt selskapsrekneskap.Morselskapet og det andre dotterselskapet sitt hovedformål er å skape arbeid for yrkeshemma og er fritatt for inntektsskatt. Note 2 Varige driftsmidlar Morselskap Anskaffelseskost 1.1 Fast Tomter eigedom Påkostn. lokaler Furene Transport middel Maskiner, inventar, verktøy Goodwill Totalt 1 946 448 12 914 378 21 768 402 1 176 561 19 291 135 1 250 000 58 346 924 760 794 30 159 Tilgang 369 181 Avgang til kostpris Anskaffelseskost 31.12. Akkumulerte avskrivninger 31.12 Akkumulerte nedskrivninger 31.12 Balanseført verdi pr. 31.12. Årets avskrivninger 1 946 448 (550 000) 13 675 172 21 798 561 1 176 561 19 660 316 700 000 58 957 058 (6 540 304) (7 593 708) (1038 408) (17 064 998) (361 700) (32599118) (304 384) 1 946 448 (304 384) 7 134 868 13 900 469 138 153 2 595 318 338 300 26 053 556 401 346 1 113 736 69 886 972 657 140 000 2 697 624 Årets nedskrivninger Avskrivingsplan 1 160 134 (550 000) 305 556 30-50 år 10-20 år 5-8 år 5-10 år 3 år Notar til konsernrekneskapet Furene AS 2014 (Note 2 fortsatt) Varige driftsmidlar/goodwill. Konsern Anskaffelseskost 1.1 Tomter Fast eigedom Påkostn. Maskiner lokaler Transport- inventar, Furene middel verktøy 2 136 435 35 250 322 21 768 402 765 244 30 159 Tilgang 1 176 561 19 701 800 Goodwill Totalt 1 250 000 81 283 520 369 181 Avgang til kostpris 1 164 584 (550 000) (550 000) 20 070 981 700 000 81 898 104 (1 038 408) (17 464 564) (361 700) (38 781 876) Eliminert internfortjeneste Anskaffelseskost 31.12. Akkumulerte avskrivninger 31.12 Akkumulerte nedskrivninger 31.12 Balanseført verdi pr. 31.12. 2 136 435 36 015 566 21 798 561 (12 323 496) (7 593 708) 1 176 561 (304 384) 2 136 435 Årets avskrivninger (304 384) 23 692 070 13 900 469 138 153 2 606 417 338 300 42 811 844 1 061 546 1 113 736 69 886 977 256 140 000 3 362 424 305 556 305 556 Årets nedskrivninger Avskrivingsplan 10 -50 år 10-20 år 5-8 år 3-12,5 år 3-5 år Investering og avgang driftsmidlar siste 5 år Morselskap År Transport middel 2014 Investert Avgang Maskiner/ verktøy Inventar Tomter/ bygg 194 372 174 809 760 794 453 362 2013 Investert Avgang 6 520 37 228 2012 Investert Avgang 224 000 321 111 578 328 2011 Investert Avgang 2010 Investert Avgang 170 000 185 132 Byggningsm. innreiing Goodwill Bygg 30 159 27 720 550 000 91 709 Notar til konsernrekneskapet Furene AS 2014 (Note 2 fortsatt) Investering og avgang driftsmidlar siste 2 åra. Konsern År Transport middel 2014 Investert Avgang 2013 Investert Avgang Note 3 6 520 Maskiner/ verktøy/ inventar Tomter/bygg Bygningsm. innreiing 369 181 760 794 34 609 748 025 (125 000) 135 311 Goodwill Bundne midlar I posten inngår bundne bankinnskot for morselskap og konsernet med kr. 1 176 782,-. Note 4 Kundefordringar Morselskap 31.12.2014 01.01.2014 Kundefordringar til pålydande Avsatt delkredere 8 735 130 -320 000 7 818 403 -320 000 Netto oppførte kundefordringar 8 415 130 7 498 403 2014 2013 8 735 130 -320 000 7 879 053 -320 000 -3 150 7 555 903 Konsern Kundefordringar til pålydande Avsatt delkredere Eliminert interne kundefordringar i konsernet Netto oppførte kundefordringar 8 415 130 Notar til konsernrekneskapet Furene AS 2014 Note 5 Varebeholdningar. Morselskap/Konsern. 2014 1 178 536 277 703 760 264 2 216 503 Lager av råvarer Lager av varer under tilvirkning Lager av egentilvirka ferdigvarer Sum 2013 761 582 332 685 995 195 2 089 462 Vurderingsprinsipp er beskreve i note 1. Note 6 Fordringar og gjeld Morselskap 2014 Fordring Terminalbygg AS (Dotterselskap) Sum fordring datterselskap 1 008 000 1 008 000 Fordringar med forfall seinare enn eitt år: Fordring pensjonsyting Sum andre fordringer (langsiktig) 3 017 394 3 017 394 Andre fordringar(kortsiktig) Tilgode refusjon/sjukepenger Andre forskotsbetalte kostnader Sum andre fordringar (kortsiktig) 522 662 56 239 578 901 Konsern 2014 Fordringar med forfall senere enn 1 år: Fordring pensjonsyting (sjå note 9) Sum andre fordringar(langsiktig) Andre fordringar(kortsiktig) Tilgode refusjon/sjukepenger Andre forskotsbetalte kostnader Sum andre fordringar(kortsiktig) 3 017 394 3 017 394 522 662 58 562 581 224 Notar til konsernrekneskapet Furene AS 2014 Note 6 (fordringar og gjeld) fortsatt Gjeld som er sikra med pant o.l. Morselskap 2014 0 508 692 508 692 Gjeld til kredittinstitusjonar Øvrig langsiktig gjeld;Pensjonsforpliktelse Sum Langsiktig gjeld er nedbetalt i 2014, pant i eigedeler er sletta og det er ingen gjeld som forfell til betaling meir enn 5 år etter utgangen av rekneskapsåret. Konsern Gjeld som er sikra med pant o.l. 2014 13 680 000 13 680 000 Gjeld til kredittinstitusjonar Sum Balanseført verdi av eiendelar pantsett for gjeld i konsernet; bygning 16 389 187 Langsiktig gjeld med forfall seinare enn 5 år : kr. 9 880 000,-. Note 7 Aksjekapital og aksjonærinformasjon Aksjekapital i Furene AS pr. 31.12 består av følgjande aksjeklassar: Antal 1132 A-aksjar Pålydande 250 Aksjonærar i selskapet pr. 31.12.2014: Namn aksjonærer Norges Handikapforbund Norges Handikapforbund Nord Vest Møre og Romsdal Fylke Volda Kommune Herøy Kommune Ørsta Kommune Vanylven Kommune Ulstein Kommune Hareid Kommune Sykkylven Kommune Sande Kommune Stranda Kommune Eid Kommune Vågsøy Kommune Totalt Antal aksjar 413 100 Eigarandel i % 36,48 8,83 120 126 92 40 54 60 24 24 43 16 12 8 1132 10,60 11,13 8,13 3,53 4,77 5,31 2,12 2,12 3,80 1,41 1,06 0,71 100.00 Balanse 283 000 Notar til konsernrekneskap Furene AS 2014 Note 8 Lønnskostnader, antal tilsette, godtgjersle, lån til tilsette mv. Morselskap Lønningar Arbeidsgiveravgift Styrehonorar Pensjonskostnader(sjå note 9) Andre lønnsrelaterte ytelsar Sum Antal årsverk Andre tilsette med økonomisk kompensasjon Tilknytta utan økonomisk kompensasjon 2014 2013 25 996 971 3 938 786 107 800 1 974 640 1 187 320 33 205 517 22 552 871 3 471 565 111 000 1 527 997 1 100 270 28 763 703 44,6 63 160 38,6 48 130 Godtgjersler for 2014 Dagleg leiar Hege Hamre 971 116 37 441 1 008 557 136 188 Ytelsar til leiande personer Lønn Anna godtgjersle Samla godtgjersle Pensjonskostnad Styret Inge-Jonny Hide Styreleiar Alvhild Iversen Nestleiar Hans Olav Øyehaug Styremedlem Sølvi Lilly Remøy Styremedlem Oddbjørn Nes Styremedlem Børge Sætre Tilsette sin representant Rolf Sporsheim Tilsette sin observatør Samla godtgjersle til styret 45 800 12 000 11 000 11 000 11 000 12 000 5 000 107 800 Revisor Kostnadsført revisjonshonorar for 2014 utgjer kr. 145 495,-. Herav resthonorar Dragsund ASVO AS kr. 43 245,-. I tillegg er det utgiftsført kr. 37 500,- for andre tjenester. Notar til konsernrekneskapet Furene AS 2014 Note 8 (Lønnskostnader etc. fortsatt) Konsern Lønningar Arbeidsgjevaravgift Styrehonorar Pensjonskostnader (sjå note 9) Andre lønnsrelaterte ytelsar Sum Gjennomsnittlig antal tilsette: Antal årsverk Andre tilsette med økonomisk kompensasjon Tilknytta utan økonomisk kompensasjon 2014 25 996 971 3 940 901 122 800 1 974 640 1 187 320 33 222 632 2013 25 408 031 3 804 968 126 000 1 527 997 1 435 698 32 302 694 44,6 63 160 42,6 63 130 Godtgjersler for 2014 Ytelsar til leiande personer Lønn Anna godtgjersle Samla godtgjersle Pensjonskostnad Styret Inge-Jonny Hide Alvhild Iversen Hans Olav Øyehaug Sølvi Lilly Remøy Oddbjørn Nes Børge Sætre Rolf Sporsheim Hege Hamre Dagleg leiar (Mor) Hege Hamre 971 116 37 441 1 008 557 136 188 Styreleiar(mor) Nestleia(mor) Styremedlem(mor) Styremedlem(mor) Styremedlem(mor) Tilsette sin representant(mor) Tilsette sin observatør(mor) Styreleiar (dotter) Samla godtgjersle til styret 45 800 12 000 11 000 11 000 11 000 12 000 5 000 15 000 122 800 Revisor Kostnadsført revisjonshonorar for 2014 utgjer kr. 157 395,-. I tillegg er det utgiftsført kr. 42 400,- for andre tjenester. Notar til konsernrekneskapet Furene AS 2014 Note 9 Pensjonsforpliktingar. Føretaket har ei ytelsespensjonsordning med 19 medlemmer. 6 er yrkesaktive og 13 er pensjonistar. Ordninga gjev rett til definerte framtidige ytingar avhengig av tal på opptjeningsår, lønsnivå ved oppnådd pensjonsalder, og storleiken på ytingane frå Folketrygda. Pensjonsforpliktinga(overfinansieringa) knytta til ordninga er aktuarberekna med følgjande føresetnader: 2.3% diskonteringsrente, 3.2% forventa avkastning, 2.75% årleg lønsvekst, 2.75% årleg G-regulering og 0.6 % årleg regulering av pensjonar under utbetaling. Pensjonsforpliktinga (overfinansieringa) er balanseført som ei langsiktig fordring med kr. 3 017 394,- pr. 31.12.2014, og inngår i posten andre fordringar, jfr. note 6. Dei tilsette i foretaket har i tillegg rett til avtalefesta pensjon (AFP) i samsvar med tariffavtale mellom Furene AS og LO/NHO/SBL fellesforbundet. 60 tilsette er omfatta av ordninga. Opptjeningsperioden for dei tilsette er fram til fylte 62 år. Pensjonen vert utbetalt frå fylte 62 år til ein fyller 67 år. I samband med innføring av pensjonsreforma 01.01.2011 vart det også innført ny AFP-ordning. Ny ordning er innskotsbasert. Underdekning av gammal AFP fram til utfasing av denne i 2015 medfører at føretaket har ei pensjonsforplikting knytta til premieinnbetaling for denne perioden. I tillegg har føretaket ei pensjonsforplikting knytta til ein noverande AFP pensjonist som er aktuarberekna med følgjande føresetnader: 4.0% diskonteringsrente, 3.5% årleg lønsvekst, 3.5% årleg G-regulering og 2.73 % årleg regulering av pensjonar under utbetaling. Pr. 31.12.2014 er det avsett kr. 508 692,- til pensjonsforpliktinga knytta til gammal AFP-ordning. Årets netto pensjonskostnad kjem fram på følgjande måte: 2014 (160 968) 2 135 608 1 974 640 Endring balanseført direkte pensjonsforplikting(*) Årets pensjonspremie Årets netto pensjonskostnad 1.)Finansiert gjennom forsikringsselskap. Pensjonsforplikting(Overfinansiering) Påløpte pensjonsforplikting(DBO) pr. 31.12. Pensjonsmidlar(til markedsverdi) pr. 31.12. Ikkje resultatført estimatavvik Netto balanseført pensjonsforplikting *(Auke i avsetning=160 968) 31.12.2014 31.12.2013 (7 498 127) 9 100 000 1 415 521 (7 732 593) 9 350 000 1 239 019 3 017 394 2 856 426 201 718 101 143 31 341 334 202 (495 170) (160 968) 192 034 302 271 (353 114) 159 116 300 307 (543 918) (243 611) 508 692 508 692 508 692 508 692 Pensjonskostnader Noverdi av årets pensjonsopptjening Rentekostnad på pensjonsforplikting Forventa avkastning på pensjonsmidlar Administrasjonskostnader Resultatført pensjonskostnad Innbetalinger og utbetalt driftspensjon,inkl aga *(Auke i avsetning) 2.)Usikra forpliktingar Balanseført pensjonsforplikting Berekna pensjonsforplikting pr. 31.12. Balanseført pensjonsforplikting (inkl. arb.gj.avg.) Notar til konsernrekneskapet Furene AS 2014 Note 10 Aksjar og andelar i andre selskap. Selskap Aktivaklasse Andel av Markedsverdi Balanseverdi Resultatført portefølgjen 31.12.2014 31.12.2014 verdijustering/gevinst/tap Norske aksjer Globale aksjer Obligasjonsmarked 20,4% 20,3% 29,5% 29,8% 3 014 111 2 998 851 4 355 747 4 421 405 100% 14 790 114 Omløpsaksjer Allegro Aktiv Allokering: Pengemarked Sum omløpsaksjar 14 790 114 1)+349 705 3) + 379 122 Anleggsaksjer Antal andeler/aksjer Kostpris 31.12.2014 Markedsverdi Balanseverdi Resultatført 31.12.2014 31.12.2014 verdijust.2014 Aberdeen Norden Baltikum 95 525 938 943 160 596 160 596 2)- 7 882 Aberdeen Norden II ASA 91 713 747 461 542 941 542 941 1)+11 923 Viking Springwater AS 85 772 316 136 316 136 316 136 200 000 200 000 200 000 Spesialbedriften AS 100 Sum anleggsaksjar 1 219 673 1)Urealisert verdiauke portefølgje 2)Urealisert vedireduksjon portefølgje 3)Realisert gevinst portefølgje =361 628 = 7 882 =379 122 Dotterselskap som inngår i konsernrekneskapet Dotterselskap: Terminalbygg AS Sum investering i dotterselskap Kostpris 1 786 654 1 786 654 Eigarandel/ stemmeandel Selskapet sin eigenkapital 31.12.2014 Selskapet sitt resultat for 2014 59,8% 2 029 403 180 088 Notar til konsernrekneskapet Furene AS 2014 Note 11 Morselskap Eigenkapital, avstemming Eigenkapital 01.01.2014 Årsresultat Eigenkapital 31.12. 2014 63 048 721 3 543 593 66 592 314 Konsern 2014 Eigenkapital 31.12. forrige år Konsernet sitt årsresultat(korrigert for minoritetsinteresse) Sum eigenkapital før minoritetsinteresser 31.12. Minoritetsinteresser (sjå spesifikasjon i note 12) Sum eigenkapital inklusive minoritetsinteresser 31.12. Note 12 62 367 958 3 651 285 66 019 244 815 819 66 835 063 Minoritetsinteresser Minoritetsinteresse i Terminalbygg AS på 40,2%. Berekna minoritetsinteresse utifrå eigenkapital på etableringstidspunktet; 31.08.2007) Minoritetsandel av underskot i Terminalbygg AS i 2007 (01.09.-31.12) Minoritetsandel av overskot i Terminalbygg AS i 2008 Minoritetsandel av overskot i Terminalbygg AS i 2009 Minoritetsandel av underskot i Terminalbygg AS i 2010 Minoritetsandel av underskot i Terminalbygg AS i 2011 Minoritetsandel av overskot i Terminalbygg AS i 2012 Minoritetsandel av overskot i Terminalbygg AS i 2013 Minioritetsandel av overskot i Terminalbygg AS i 2014 kr. 961 884 (kr. 264 153) kr. 1 062 kr. 7 300 (kr. 11 814) (kr. 13 933) kr. 25 903 kr. 37 175 kr. 72 395 Minoritetsinteresse 31.12.2014 kr. 815 819 Note 13. Skattekostnad/utsett skattefordel/utsett skatt. Eg viser til eigne notar i Terminalbygg AS sitt selskapsrekneskap for spesifikasjon av skattekostnad. Konsern Kontantstrømoppstilling Furene AS 2014 Note 2014 2013 Årsresultat 3 723 680 5 790 165 +/- Tap/gevinst finansielle andelar (986 064) (1 068 358) + Ordinære avskrivninger 3 667 980 3 756 488 66 607 15 214 Tilført fra årets virksomhet 6 472 203 8 493 509 +/- Endr.i lager, debitorer og kreditorer (977 603) 449 341 +/- Endr.i andre tidsavgrensningsposter (101 398) 701 413 A = Netto likviditetsendr. fra virksomhet 5 393 202 9 644 263 (1 164 584) (889 856) LIKVIDER TILFØRT/BRUKT PÅVIRKSOMHETEN +/- Endring i utsatt skatt LIKVIDER TILFØRT/BRUKT PÅINVESTERINGER: - Investeringer i varige driftsmidler +salg av varige driftsmidler(salgssum) +/- Endring i andre investeringer B = Netto likviditetsendr. fra investering 125 000 (328 305) (9 946 496) (1 492 889) (10 711 352) (3 734 883) (4 614 248) LIKVIDER TILFØRT/BRUKT PÅFINANSIERING: - Nedbetaling av gammel gjeld +Innbetaling av eigenkapital 409 897 C = Netto likviditetsendr. fra finansiering (3 734 883) (4 204 351) + Likviditetsbeholdning 1.1. 18 385 051 17 881 678 +Likviditetsbeholdning 1.1. Dragsund ASVO AS A+B+C Netto endr. i likvider gjennom året = Likviditetsbeholdning 31.12. 5 774 813 165 430 (5 271 440) 18 550 481 18 385 051 Økonomiske nøkkeltal Avkastningsgrad Resultatgrad Eigedelane si oml.hast. Likviditetsgrad Likviditetsreserve Egenkapitalandel Bruttofortenesteandel Oml.hast. varelager Oml.hast. debitorar 2014 5,2 % 8,3 % 59,3 % 4,43 33 340 73 % 77 % 3,4 10,7 2013 8,3 % 12,1 % 67,4 % 4,29 32 193 69 % 78 % 3,7 8,2 2012 4,8 % 8,3 % 55,8 % 3,75 21 212 60 % 82 % 3,1 8,4 2011 5,0 % 8,4 % 51,8 % 3,53 21 226 57,1 % 82,3 % 3,3 8,3 2010 4,8 % 10,4 % 46,4 % 5,40 29 672 48,6 % 80,9 % 2,5 7,7