Informasjon om leiarsituasjonen ved Austevoll
Transcription
Informasjon om leiarsituasjonen ved Austevoll
Austevoll kommune Til foreldre/føresette og elevane ved Austevoll ungdomsskule Vår ref. Arkivkode 15/796- 2015006524/55 15/796 Dykkar ref. Dato 26.05.2015 Informasjon om leiarsituasjonen ved Austevoll ungdomsskule Det vert med dette informert om at Tor Grini fråtrer stillinga som rektor ved Austevoll ungdomsskule f.o.m. 1. august 2015. Etter avtale med Austevoll kommune som arbeidsgjevar står han til rådvelde for andre oppgåver fram til han går av med pensjon f.o.m. 01.04.2017. Rektorstillinga ved Austevoll ungdomsskule vert utlyst med det første. Så er situasjonen den at Tor Grini er i permisjon resten av skuleåret, og han kjem sannsynlegvis ikkje attende i rektorjobben. Jane Stangeland er derfor f.o.m. i dag konstituert i stillinga fram til ny rektor er tilsett. Ho har i samarbeid med kommunalsjefen, hovudtillitsvalde og plasstillitsvalde blitt einige om at to av lærarane, Sissel Arnesen og Jennie De Vreede, går inn som ”inspektørar ” så lenge ho er konstituert som rektor. Dei har og sagt seg villige til å jobbe ut i skuleferien om det er naudsynt. Hovudfokus er å sikre dagleg drift, gjennomføring av eksamen, og starte planlegginga for neste skuleår. PPT og pedagogisk konsulent Brit Trellevik vil vere tett på i dette arbeidet. Vi er viss på at fungerande rektor Jane Stangeland og hennar medarbeidarar sørgjer for at skulen går sin gang til beste for elevane og dei føresette, og ønskjer ho lukke til i arbeidet fram til ny rektor er på plass. Oppvekst - Helse Per Olav Sørås Kommunalsjef Arve E. Sunde Spesialrådgjevar/personal Dette dokumentet er elektronisk godkjent og treng difor ikkje underskrift. Postadresse 5392 Storebø Telefon 55 08 10 00 Telefaks 55 08 10 01 Bankgiro 6518.05.00949 E post: postmottak@austevoll.kommune.no Foretaksreg. NO 941 139 787 MVA Austevoll kommune Side 2 av 2 Arkivsak: 2015000796-1