Arven nr. 2 2016 - Hjartdal Kommune
Transcription
Arven nr. 2 2016 - Hjartdal Kommune
Kyrkjelydsblad for Hjartdal, Sauland og Tuddal Nr. 2 - mai 2016 Palmesøndag 20. mars Gudstenesta i Bondal Bondølar, hytteturistar og bygdefolk elles fekk også i år ei fin gudsteneste palmesøndag i Gamleskulen i Bondal. Sokneprest Lene Skov Opsahl leia gudstenesta, og Inger Elisabeth Raastad var tekstlesar. Etterpå var det servering med kaffe og kaker, og hyggeleg prat. Anund Sisjord fortalte interessant frå Bondal. Bildet: Ved gangdøra til Gamleskulen, frå v.: Anund Sisjord, Inger Elisabeth Raastad, Lene Skov Opsahl. - Tekst/ foto: Tone Stuvrud Søndag 10. april i Sauland ”Ung Messe” med konfirmantane Søndag 10. april hadde konfirmantane, frå alle tre bygdene, førebudd gudstenesta i Sauland kyrkje, i lag med soknepresten. Eit tema i gudstenesta var ”Ei trygg verd”. Konfirmantane tok del m.a. med song, lesing av bibeltekster og bøner, og i utdeling av nattverden. Dei hadde óg førebudd vandring til fire stoppestader i kyrkjerommet. (Bildet under viser ein av dei). Der kunne ein t.d. tenna ljos, skrive bønelappar, feste hjarte på ein globus på stader med folk ein tenkte på, og meir til. Blant salmene var ei som konfirmantane lærte på konfirmantleiren. - Det vart ei fin, ettertenksam gudsteneste, og det var godt med folk tilstades. Tekst/ foto: FHS Tuddal kyrkje, palmesøndag 20. mars Ein ”ettermiddags-matiné” med musikk Bildet over: Frå v. Bjørn Rugaas, Ivar Dalen, Wierd Oosterloo, Leif Skoje, Atle Våle, Lars Opsahl. Bildet i midten: Organist Torild Møinichen Skårdal, ved dette høvet fløytist, og til høgre gjesteorganist Doris Ek frå Tinn. - Tekst/ foto: FHS Palmesøndag var det ”ettermiddagsmatiné” i Tuddal kyrkje ei fin kveldsstund med musikk frå siste 200 år i ulike sjangrar, som t. d. salmer, klassisk og jazz. (Musikarar: Sjå bildetekst og bilde). Mellom stykka fortalde Lars Opsahl historikk om det som vart spelt. Til avslutning var salma ”Nu solen går ned” fellessong blant dei frammøtte. Arven ønsker lesarane ei god og velsigna pinsehøgtid! Frå fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp Bildet: Nokre av konfirmantane, foreldre o. a. deltakarar i årets innsamlingsaksjon. Her frå Sauland menighetshus under utdeling av innsamlingsbøsser og ID-kort og tildeling av roder. Til v. sokneprest Lene Skov Opsahl og kyrkjeverje Arild Bjørnstad. Tilsvarande opplegg var det også i Hjartdal og Tuddal. Tysdag 15. mars var konfirmantar, foreldre o. a. ute med bøsser og samla inn pengar til KN (Kirkens Nødhjelp). Innsamlinga ga eit flott resultat - tilsaman kr. 26 603,- i dei tre bygdene. Innsamlarane deltok i den årlege fasteaksjonen til inntekt for KNs arbeid i land med fattigdom og kriser: Katastrofehjelp, langsiktig bistand og påverkning overfor myndigheiter for å oppnå varig økonomisk o.a. rettferd. KN er på plass i Nord-Irak, Sør-Sudan, Syria og andre land.. Hjelp til reint vatn er noko av det hjelpa går til Tekst/ foto: FHS INFORMASJON Sendar/ returadresse (Arven): Kyrkjeverja, Kommunehuset, Saulandsvn. 414, 3692 SAULAND Nr. 2-2016 ARVEN Side 2 DEN NORSKE KYRKJA Hjartdal sokn Kyrkjelydsbladet Arven Utgjevar: Hjartdal sokneråd. Soknerådet vel kvart 4. år eit styre for bladet. Redaktør, redigering/ layout: Frøydis Hagene Skoje, Skojevegen 260, 3692 Sauland, tlf. 350 23011/ 47 05 30 35 Abonnement: Bladet sendast gratis til husstandane i kommunen. Bladet drivast ved friviljuge gåver. Ein kan få bladet tilsendt også utanfor kommunen. Arvens bankkonto: 2699.50.38454, Hjartdal og Gransh. Sparebank Etablert: 1949 Opplag: 950 stk. Trykk: Telemark Trykk AS Redaksjonen avslutta 24.4.2016 Neste nr. av Arven: Juni 2016 Stoff må vere innkome til 27.mai Hjartdal sokn Tilsette Prestekontoret (tysdag - fredag): Sokneprest Lene Skov Opsahl, Saulandsvn. 553, 3692 Sauland. Mobiltlf.: 403 19 964 Epost: prestekontoret@hjartdal. kommune.no Hjartdal kyrkjelege fellesråd: Kyrkjeverje Arild Bjørnstad Kommunehuset, Saulandsvn. 414, 3692 Sauland tlf. kontor: 350 28024 mobiltlf.: 996 22 352 Epost: fellesraadet@hjartdal. kommune.no Diakon/ sekretær: Stillinga er for tida ikkje bemanna. Kyrkjetenar Arild Bjørnstad mobiltlf.: 996 22 352 Kyrkjetenar Helle Kaufmann Gjerde mobiltlf.: 992 58 790 Kyrkjetenar Ragnar Nørstrud mobiltlf.: 924 45 911 Organist Torild Møinichen Skårdal mobiltlf.: 911 97 667 Valde kyrkjelege råd (nov. 2015 – okt. 2019) Hjartdal kyrkjelege fellesråd: Leiar: Anund Sisjord Hjartdal sokneråd: Leiar: Anund Sisjord Andakt til pinse … lever gjennom alle tider Femti dagar etter påske opplever Jesu læresveinar noko rart – noko mystisk. Dei er saman i Jerusalem på en jødisk festdag, Shavuot, som slutter påskefeiringa som eit minne om den pakta Gud inngjekk med Moses på Sinaifjellet. Under festen syner det seg liksom eldtungar, og læresveinane vert fylte av Den heilage ande. Og dei byrjar å tale språk dei ikkje har lært. Dei byrjar å tale i tunger det som Anden gav dei å forkynne. Denne dagen – pinsedagen - er byrjinga på den kristne kyrkja. Dei overvann redsla si og byrja å prate om Jesus som romarane og jødane hadde krossfest – det var denne Jesus som Gud reiste opp. Krafta og motet i læresveinane var sterkt – dei var overtydande i orda sine. Nye truande kom til. Dei heldt samlingar og skapte eit sterkt og ubryteleg fellesskap. Dei heldt gudstenester med brødsbryting og bøn. Og dei døypte nye truande! Læresveinane heldt ikkje bodskapet for seg sjølve, men dei drog ut overalt i verda på farefulle reiser for å gje det til alle folkeslag i verda. Frå Jerusalem og Galilea drog dei ut. Dei gjorde som Han hadde sagt: ”Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar”. Etter denne dagen er dei apostlar – ikkje berre læresveinar, men utsendingar – utsendingar i Jesu Kristi namn. Pinse er dagen der dei dramatiske hendingane i påska og frykta og sorga som læresveinane til Jesus hadde opplevd, vert overvunne. Det er fantastisk! For Jesu Kristi Ande er framleis her 2000 år etter – kyrkja er vitnesbyrd om dette. Guds Ande er sterk og lever gjennom alle tider. I dag tyder dette at vi er elska av Gud, han er vår Far. Han er i oss – vi er i han. Og no er det vår oppgåve å gje bodskapet vidare. – God pinse. Lene Skov Opsahl, sokneprest Sauland barnegospel palmesøndag 20.mars med framføring av juleevangeliet før jul). I ei fullFramførte påskeevangeliet sett Sauland kyrkje palmesøndag 20.mars vart påskebodskapet formidla på ein fin måte gjennom song, musikk, dans, bilder på storskjerm, andakt og lesningar.Tidlegare barnegospelmedlem Anlaug Flatland var ôg invitert med songinnslag. Som avslutning vart salma ”Deg være ære” sunge som fellessong av alle som var tilstades. Bildet til v. er frå formidlinga av krossfestinga av Jesus. Sauland barnegospel har nokre år hatt m.a. pås- Barnegospelen har base kekonsertar, med påskeevangeliet som tema, hos pinsemenigheten Sion, som ein del av verksemda si. For andre gong er open for alle og famnar var framføringa av påskekonserten lagt til Sau- breitt blant barn og unge. land kyrkje (slik dei også hadde konsert i kyrkja Tekst/ foto: FHS Bergit H. Våle døydde 12. februar 2016, og vart gravlagd ved Hjartdal kyrkje. Fødd 24. august 1912 levde ho soleis til ho var nærmare 104 år. Arven har fått eit minneord om henne som sambygdingen hennar, Halvor H. Sisjord, har skrive. Minneord: Bergit Våle Det er så rart med februar. Da er mørketida knekt. Det same sagt frå slekt til slekt: Tung og mørk er januar, for mange sola borte var. Så gråna fram eit morgonlys. Ei aning mot eit austvendt glas. I mørkret gamle tuntre frys, med rim som hekla brurestas har natta støypt i kjøleg fred. I tru på frelse er billetten gjeven av ein blodut Krist. Beviset på: Han vann att himmelretten som i syndefallet alle hadde mist. I februar gjer sola snøen kram og våt. Bergit Våle, boren innom porten av slekt og vener slik det var, og er. Ho var av den seige sorten og levde lenge her - var hjartdøle, når sola skein og regnet gret. Bergit Våle, krøkt og lita, sat ho, låg ho. Mett av dagar slik me såg ho i sitt hundre og fjerde år mot si pute kjølna kinnet. Takk, for samvær. Fred med minnet. Halvor H. Sisjord, 18.02.2016 Nr. 2-2016 ARVEN Side 3 Bibelen, verdas mest solgte bok gjennom tidene - Bibelselskapet i Norge er 200 år i 2016 Bibelen i verda - og historisk 1816 – og 200 år i Noreg Det norske Bibelselskap vart stifta like etter grunnlovsåret 1814. Til da hadde biblar, salmebøker og kristen litteratur kome frå København. No tok Noreg tak i arbeidet med dette sjølv. På byrjinga av 1800-talet var det også ei utbreidd bevisstgjering i mange land for å gjere Bibelen meir tilgjengeleg for det breie lag av folket. Kva Bibelselskapet gjer Slekters gang Hovudoppgåva, litt forenkla sagt, er produksjon og sal av biblar i Noreg. I det ligg ôg å syte for oppdaterte oversetjingar (bokmål, nynorsk, samisk). Språket i ein bibel t. d. frå 1800-talet ville ikkje vere lett å forstå i dag. Attåt Den norske kyrkja er det mange kristne organisasjonar som står bak Bibelselskapet. I svært mange land fins det tilsvarande føretak, og det norske bibelselskapet bidreg m.a. med økonomisk og fagleg støtte til enkelte andre land sine bibelselskap. Eit døme er bistand til bibelselskapet i Egypt, der det tidleg oppsto kristne menigheiter, men der dei kristne i dag er ein minoritet i landet. Dei siste 200 år (pr 2011) reknast det å vere solgt 6 milliardar biblar i verda. 2014 var eit rekordår, med Brasil på topp. Heile/ delar av Bibelen er oversett til ca. 3 000 språk (pr des. 2015), heile Bibelen til ca.550 språk. På andre sida kan det i mange land vere straffbart å kjøpe biblar, å sitere frå han, eller gje dei bort, m. a. for eller mellom - dei som ikkje er folkeregistrerte kristne frå fødselen av. Fagbøker om det historiske ved Bibelen, om opphavlege manuskript osv. fins å få kjøpt. Blant dei nyaste norske er her boka ”Det store puslespillet”, av Hans J. Sagrusten. Feiringa av 200-årsjubiléet i Oslo Feiringa skjer i dagane 26.-29.mai, m.a. med tilstelningar i Oslo konserthus (billettar er å få kjøpt). Døypte 6/3: Hjartdal Mari Andersen (busett Notodden) Tuddal 27/3: Anna Opsahl Hagen Olsen Gravlagde Sauland 22/3: Olav O. Lia f. 1938 Tuddal 6/4: Tora Solheim f. 1923 Sagt om Bibelen, eit døme: ”Bibelen er fortsatt den viktigste teksten som er skrevet”. Gåver til diakonifondet Karl Ove Knausgård, 2011, forfattar (bidrog som konsulent ved bibelomsetjinga av 2011) FHS/ Kjelde: Bibelselskapets nettside Takk for gåver, perioden 21.10.2015 - 13.4.2016: Torbjørg Brukås 500. Ingeborg Kleivane Krøgli 200. Anne Karin Funner 500. Gunnhild Kaasa 500. F. H. Skoje 1000. Signe H. Olsen 500. Kontonr.: 2699 11 33363 Bildet til v. (frå Cuba): Frå Hjartdal sokneråd informasjonsbladet til Bibelselskapet. Utdeling av Rekneskap for Arven 2015 (samandrag) biblar i ein I bank 1.1.2015 98 191,46 kyrkjelyd på Gåver til drifta av bladet 48 150,00 Cuba, døme Annonseinntekt 5 000,00 på eit land med stor Renter 488,95 etterspurnad Trykking 21 300,00 etter biblar Porto 19 206,42 i seinare år. Andre utgifter 10 157,00 Ikkje alle har I bank 31.12.2015 101 166,99 råd å kjøpe, 151 830,41 151 830,41 og m.a. BibSauland, 8.1.2016 Revidert 12.1.2016 elselskapet Kjetil Frøland Hans Hovde subsidierer ofte prisen. Attgløymde ringar o. a. (Sauland menighetshus) Tre gullringar (og/ eller gifteringar) og ein kakespade i sølv er attgløymt på Sauland menighetshus gjennom noko tid. Ringane passar helst til kvinner og er truleg tekne av i samband med reingjering/ oppvask el. l. Den/ dei som dette kan gjelde, kan kontakte kyrkjeverje Arild Bjørnstad (tlf.nr/ kontor, sjå side 2). Kyrkjeverja Gåver til Arven Gåver frå 16.10.2015 og framover (av plassomsyn er lista ikkje fullstendig, meir kjem seinare): Fam. Søren S. Sisjord 300. Torbjørg Brukås 100. Jan Ewert Østby, Skedsmokorset 200. Kjetil J. Dybedal 200. Anne Rui, Svartdal 100. Ragnar Otto Andersen, Kongsberg 200. Ragnhild Tveito, Kongsberg 200. Olaf Langåsdalen, Gvarv 300. Anne-Lise og Herman Pedersen 200. Anne og Håvard Våle, Notodden 200. Olav Stuvrud, Spydeberg 250. Astrid Oddlaug Wang 200. Liv Johanne Storgård, Kviteseid 200. Gerd og Frank Dahle 200. Tone og Øyvind Fosse 200. Reidar S. Tveiten 200.Anne Marit Dokka, Grønvollfoss 200. AnneMarie Gulbrandsen, Lørenskog 300. Reidun Dahl, Notodden 200. Signe Marie Aamaas 200. Aslaug og Torgeir Hagen 400. Gunnar Tho, Voss 200. Oddvar Funner 250. Ragnar Hagen, Kongsberg 300. Tone og Sigmund Brukås 300. Ellen og Bendik Skeie 200. Gunhild Skoje 200. Unni og Arnfinn Hardang 300. Reidun Kasin Skoje og Halvor Skoje 200. Tutta og Anund Rue 200. Mary og Olav Rue 300. Ingjerd og Hans Hovde 300. Torbjørg Kleppen 200. Margit Sveinsson, Gransherad 100. Signe og Jon Flatland 200. Anne-Marie Hansen 200. John H. Tjønn 200. Tora T. Nordbø 300. Margit og Torstein Svalestuen 200. Olav G. Mosebø 200.Marit og Olav Asland 200. T. Helleberg, Bolkesjø 200. Gunhild og Eilev Fosse 200. Gro Tråer 200. Torleiv Austad, Oslo 200. Anne Kjersti og Toralf Hjartsjø 200. Kari og Einar Særsland 200. Anne og Anund Sisjord 200. Solfrid Småkasin 200. Takk for gåvene! Red. Arven gåvekonto nr.: 2699.50.38454 av biblar. Takkoffer til konfirmantarbeidet. - Ta med stol å sitte på. Kaffe etter gudstenesta. Ved regn: Sauland kyrkje. Gudstenester Søndag 15. mai - pinsedag Preiketekst: Johannes kap. 14, 23–29 -… Den heilage ande og Kristi fred Hjartdal kyrkje kl. 11: Gudsteneste. Takkoffer til Acta (Normisjons barne- og ungdomsarbeid). Tuddal kyrkje kl. 15: Gudsteneste. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Måndag 16. mai - 2. pinsedag Preiketekst: Johannes kap. 7, 37–39 - Elvar med levende vatn Sauland kyrkje kl. 11.30: Gudsteneste. Takkoffer til kyrkjelydens misjonsprosjekt i Nepal (v/ Normisjon). Tysdag 17. mai - Grunnlovsdagen Preiketekst: Lukas kap. 17, 11–19 - Den takksame samaritanen Hjartdal kyrkje kl. 10: Gudsteneste. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp. Sauland kyrkje kl. 11.30: Gudsteneste. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp. Tuddal kyrkje kl. 15: Gudsteneste. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp. 22. mai - Treeiningssøndag Preiketekst: Lukas kap. 24, 45–48 -Tilgjeving for syndene for alle folkeslagIkkje gudsteneste i våre tre kyrkjer. 29. mai - 2. søndag i treeiningstida Preiketekst: Johannes kap. 3, 1–13 - Jesus og Nikodemus Hjartdal sjukeheim kl. 11: Gudsteneste. 5. juni - 3. søndag i treeiningstida Preiketekst: Markus kap. 10, 13–16 - Jesus og borna Hjartdal kyrkje kl. 11: Gudsteneste. Presentasjon av dei nye konfirmantane, m/ utdeling av biblar. Takkoffer til Blå Kors. 12. juni - 4. søndag i treeiningstida Preiketekst: Matteus kap. 9, 35–38 - Grøda er stor Sauland/ Bøhaugen kl. 11: Friluftsgudsteneste. Presentasjon av dei nye konfirmantane, m/ utdeling 19. juni - 5. søndag i treeiningstida Preiketekst: Matteus kap. 18, 12–18 - Sauen som gjekk seg vill. Bror som syndar. Tuddal kyrkje kl. 11: Gudsteneste. Presentasjon av dei nye konfirmantane, m/ utdeling av biblar. Takkoffer til diakoniarbeidet. 26. juni - Aposteldagen/ 6. søndag i treeiningstida Preiketekst: Markus kap. 3, 13–19 - Jesus kallar dei tolv apostlane Ikkje gudsteneste i våre tre kyrkjer. 3.juli - 7. søndag i treeiningstida Preiketekst: Markus kap. 5, 25–34 - Kvinna som tok i Jesu kappe Ikkje gudsteneste i våre tre kyrkjer. Vel møtt til gudsteneste! Gudstenestelista: Det kan skje endringar med lista som Arven ikkje fangar opp tidsnok i høve trykking og tid mellom utgåvene. Vi minner difor om at gudstenester blir kunngjort også m.a. i annonser i Telen fredagar. Samtale- og bønesamlingar i Sauland Samlingane består av samtale om tru, fellesskap og andelegheit og kva deltakarane har på hjartet, og med bøn. Det er fritt om ein vil delta med bøn. Samlingane varer vanlegvis 1 time. Velkommen - også til nye deltakarar! Ons. 11. mai: Sion kl. 20 Ons. 25. mai: Sauland men.hus kl.20 Ons. 8. juni: Sion kl. 20 Sauland kyrkjelyd (Den norske kyrkja) og pinsemenigheten Sion Sauland Hjartdal Normisjon Misjonshuset i Hjartdal Tysdag 10. mai kl. 19: Møte. Tysdag 24. mai kl. 19: Møte. Normisjons venner, Hjartdal Juni: Tur Hjartdal misjonsforeining (NMS - Det norske misjonsselskap) Foreininga har møte gjennom året, i heimar eller på Hjartdal misjonshus. Tuddal Normisjon Møte tysdag 21. juni.kl. 17 (sjå plakat for møtestad). - Velkommen! Babysong - Sauland For barn 0-1 år frå heile kommunen, i lag med ein vaksen. Storesøsken kan óg følgje. Ein treng ikkje kunne synge for å delta, men for barnet er foreldras stemme den vakraste i verda. Enkel servering og sosialt lag etter babysongen. -Velkommen! 23. mai kl. 11.30: På Hj. sjukeheim 13.juni kl.12:Hos Ann May Krosshus (Bø-feltet), m/ sommaravslutning. Ta kontakt ved spørsmål. Ann May Krosshus Arr.: Hjartdal sokneråd Refleks-klubben i Hjartdal Alle barn og unge frå 4 år og oppover er hjarteleg velkomne! Barn under skulealder må ha med seg ein vaksen, pga. aktivitetane me har. Opplegget inneheld ponniridning, mekking, div. aktivitetar, peiskos, bibellesing, song og kveldsmat. Stad: Bratsberg. Siste arrangement før sommaren: Søndag 22.mai: Sommaravslutning Helsing leiarane, v/ Sissel Bratsberg (tlf 92402573, ring ved spørsmål) Finnbekk ungdomsklubb Klubbkveldar annankvar fredag på Betel i Hjartdal. Pinsemenigheten Betel Hjartdal og Hjartdal Normisjon Konfirmantfest 20. mai Konfirmantfest fredag 20. mai kl. 18. Stad: Sauland menighetshus. Felles for alle tre bygdene. For årskonfirmantar og 50-årskonfirmantar. Velkomen også til alle andre som ønskjer å ta del! Arr.: Hjartdal sokneråd Informasjonsmøte om konfirmantleiren sommaren 2016 Onsdag 8. juni kl. 19 er det informasjonsmøte i Sauland menighetshus for dei nye konfirmantane med foreldre. Det gjeld konfirmantleiren, som finn stad i veke 26 på Gjennestad i Vestfold. Soknepresten