Å gli inn på ein våg Stranda og vegen - Magasinet
Transcription
Å gli inn på ein våg Stranda og vegen - Magasinet
Årgang 1 | Nr 1 | 2016 Spesialistar på spesialprodukt Å gli inn på ein våg Vinterleg rekord i sommar Stranda og vegen Frå apal til eplehekk DET GODE LIVET | TENESTER | LOKALT NÆRINGSLIV | HANDEL | UTDANNING | KULTUR | REISELIV REDAKTØREN HAR ORDET: Magasinet HEIMA er eit samarbeidsprosjekt mellom Kvam Næringsråd, Norheimsund Næringslag og Øystese Næringslag. Denne første utgåva fokuserer på det gode livet i Kvam og Jondal, tilbod frå lokalt næringsliv, tenester frå kommunar og offentlege etatar, kultur og reiseliv. Magasinet HEIMA blir distribuert til alle husstandar i Kvam og Jondal - i tillegg til hytteeigarane. Målet Tittelen «HEIMA, tett på Kvam og Jondal» er namnet på dette nye magasinet. Eit dialektord med A i enden som skal symbolisera noko lokalt, trygt og godt. Noko med å ha røter, som gjev oss identitet. Målgruppa for HEIMA er først og fremst fastbuande og hytteigarar i desse to kommunane. HEIMA er laga gjennom eit samarbeid mellom Kvam Næringsråd, Norheimsund Næringslag og Øystese Næringslag. Det er i ei erkjenning av at det ikkje er den interne konkurransen om kundane i Kvam og Jondal som er største utfordringa, men den me har mot Internett og Åsane/Bergen. Vert denne første utgåva av HEIMA ein suksess, tek me sikte på tre–fire utgåver i året. Annonsar frå næringslivet er hovudfinansieringa av HEIMA, ved sidan av tilskot frå Kvam herad og Jondal kommune. Artiklar i HEIMA skal fortelja dei gode historiene. Om folk og bedrifter som lukkast, om gode offentlege tilbod, om kultur og fritid som gjer desse bygdene gode å bu i. Kvam og Jondal omkransar Samlafjorden og Hisfjorden. Heilt til 1965 hadde kommunane Kvam, Jondal og Strandebarm grender på begge sider av fjorden. Kultur og bakgrunn har me felles. Uansett korleis det går med den framtidige kommunestrukturen vil me også i framtida ha felles nytte av eit tett samarbeid. Dersom du kan lesa HEIMA og bli litt stolt over at det er her du høyrer til, då har me nådd eitt av måla våre. Det andre målet er å gjera lokalt næringsliv synleg slik at vekst og arbeidsplassar kan sikrast. Dei bedriftene som har teikna annonsar i HEIMA, reklamerer ikkje berre for eigne tilbod og tenester, men viser også vilje til å yta noko til fellesskapet. Lat HEIMA liggja framme på kjøkenbordet utover sommaren. Opplysningane frå kommunane har du bruk for framover, og annonsar fortel deg kvar du kan få dei gode tenestene og gjera dei gode innkjøpa. Magasinet HEIMA kan også lesast i fullversjon på www.heimamagasin.no. Send gjerne denne adressa til vener og kjende! God lesnad! Torleiv Ljones Ansvarleg utgjevar: Kvam Næringsråd | Norheimsund Næringslag | Øystese Næringslag INNHALD Spesialistar på spesialprodukt 3 – Framtida er rein og fin 9 Planlegg oppsiktsvekkjande framtid 10 – Det er trygt og godt å veksa opp i Kvam 11 Å gli inn på ein våg 14 Nye skyer gjennom Skyspace 18 Ute i det fri, alltid blid 21 Siktar på ny vinterleg rekord i sommar 26 Lita bygd med stor aktivitet 32 Stranda og vegen 39 Banktenester i endring 45 Frå apal til eplehekk 46 Den nye handelslagssjefen 49 Småcampingbruk 50 Steller i hagen 52 Høgskuleundervisning i Kvam 56 Ein liten kommune i vekst 61 Flytta heim for å gje borna ein god start 62 Redaksjon: Torleiv Ljones, Geir Mo, Gjermund Stuve Grafisk produksjon og trykk: Riss grafisk formgjeving AS Opplag: 7500 Adresse: Kvam Næringsråd, Sjusetevegn 27, 5610 Øystese Tlf. 913 47 997 | E-post: knr@kvamnet.no | www. heimamagasin.no Neste utgåve er planlagt i månadsskiftet september/oktober 2016. Redaktør Torleiv Ljones Annonseansvarleg Marita Gjerde knr@kvamnet.no marita@hardangerhagen.no Journalist Brit Aksnes Journalist Katrine Helgheim Grafisk designar Inger Liv Langstøyl heima@rissgrafisk.no Framsidefoto: Benjamin og Julia er klare for sin fyrste ordentlege sommar på Solesnes i Jondal. Saman med mor, far og veslebror Christian flytta dei til mor sin heimstad i fjor. Du kan lesa om familien på side 62. Foto: Katrine Helgheim Spesialistar på spesialprodukt Bjølvefossen i Ålvik er landets einaste produsent av ferrosilisiummagnesium (FSM). Fleire enn to tusen kundar verda over nyttar spesialproduktet frå Ålvik som krydder i sine varer. Det gjev både arbeidsplassar og ringverknader lokalt. TEKST OG FOTO: KATRINE HELGHEIM Flytande ferrosilisium på flyttefot frå ein stad på Bjølvefossen til ein annan. Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 H EiM A 3 Delar av verksområdet eignar seg ypparleg som postkortmotiv. – Ein kan sjå på FSM som eit krydder. Kundane våre brukar 0,5–1 prosent av stoffet i sine jarnstøyperiprodukt, til dømes i produksjon av nav til vindmøller, bildeler, røyrleidingar og komponentar til elektrisk utstyr, fortel HR-sjef Arild Rykkje ved Bjølvefossen. Vedundermiddelet frå Ålvik gjer at støypejarn ikkje vert sprøtt og sårbart, men seigt og lettare å forma. Dessutan gjev FSM jarnet lengre levetid. Bjølvefossen har konkurrerande produsentar av FSM i USA og Europa, men har likevel 65 prosent av den europeiske marknadsdelen på produktet, ifølgje Rykkje. Verksemda har òg kundar i Amerika og Asia. – Kundar vel oss fordi me leverer god og stabil kvalitet. Det er veldig viktig. Me leverer ikkje berre eit produkt, men ein effekt, seier han. Verksemda har produsert ferrolegeringar til den internasjonale marknaden sidan 1928, og er i dag spesialisert på produksjon av ferrosilisium til stålindustrien og FSM til støyperiindustrien. Kvart år kjem tusenvis av tonn kvarts, Dette er spesialstoffet Bjølvefossen krydrar verda med: Ferrosilisiummagnesium (FSM). Det vert levert i ulike storleikar. Dette er 12–22 mm store bitar av legeringa. 4 HEiM A Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 Verneutstyr kan òg sjå ut som popstjerneantrekk. Terje Lilleskog arbeider med sylvfarga frakk og gullfarga visir ved omn 5. koks og kol sjøvegen til Ålvik og vert gjort om til produkt verdsmarknaden spør etter. Satsa på spesialprodukt Det vart avgjort at Bjølvefossen skulle satsa for fullt på FSM på 1990-talet. – Me vurderte stålmarknaden og såg at me aldri kunne vinna konkurransen med ferrosilisium. Me måtte ha eit spesialprodukt, seier Rykkje. Bjølvefossen gjekk frå å produsera 10.000 tonn FSM i 1992 til å produsera 65.000 tonn i 2004. Finanskrisa i 2008 medførde lågare produksjon i nokre år, men no er han på veg opp att. I fjor var han vel 50.000 tonn. Målet er å koma opp i 70.000 tonn i 2020. – Me har kapasitet til å produsera i alle fall 65.000 tonn årleg utan å tilsetja fleire folk, seier Rykkje. Sjølv om omnsproduksjonen har gått opp, har kraftforbruket gått ned. – Arbeid med å stadig gjera ting betre, gjev resultat, seier Rykkje. Eigd av kinesarar Elkem AS fekk aksjemajoriteten i Bjølvefossen i 1986, og har eigt heile verksemda sidan 2000. Rad etter rad med FSM står klart til å verta henta på Bjølvefossen. Produktet tek i hovudsak sjøvegen frå verket, men fer også med lastebilar. I 2006 var gamle kraftkontraktar i ferd med å gå ut, og kraftregimet i Noreg var under omlegging. Då bestemte Elkem at FSM-produksjonen i Ålvik skulle flyttast til Island i 2008. Slik vart det, men produksjonen vart flytta tilbake til Ålvik i 2011. – Det var ikkje så mykje å tena på å produsera FSM på Island som ein trudde, seier Rykkje. I 2011 kjøpte den kinesiske giganten China National Bluestar Elkem. Selskapet er eigt av Chemchina, et selskap som er heileigt av den kinesiske staten. Ifølgje Rykkje merkar ein i den daglege drifta lite til den kinesiske eigarskapen. – I byrjinga var mange skeptiske, og det forstår eg. Folk frykta at kinesarane skulle leggja ned produksjonen i Ålvik og flytta han til Kina. Men det skjer ikkje. Kina treng sin energi til infrastruktur, ikkje til å driva verk som Bjølvefossen. Dei har framfor alt kjøpt vestleg kompetanse – kunnskapen til folk som arbeider her og elles i Elkem, seier Rykkje. For det er mykje kunnskap på Bjølvefossen. Alt frå høgt utdanna ingeniørar med mykje røynsle, nyutdanna prosessingeniørar og metallurgar, til gode gutar og jenter på golvet. I dette lokalet vert spesialstoffet til Bjølvefossen laga. Oppskrifta er løynd, men effekten av FSM er ettertrakta. HISTORIA 1905: Bjølvefossen vert etablert for å laga elektrisk kraft av vatnet i Bjølvovassdraget i Ålvik. 1905–1917: Kraftanlegg med dam, røyrgate og kraftstasjon vert bygt. 1916–1918: Kalsiumkarbidfabrikk vert bygd, men marknaden kollapsar etter fyrste verdskrig. 1919–1928: Bjølvefossen leverer kraft til Bergen kommunale elektricitetsverk. 1928: Startar produksjon av ferrosilisium. 1934–1983: Produksjon av ferrokrom. 1954: Startar produksjon av ferrosilisiummagnesium (FSM). 1976: Utvikling av katalysatorprosess saman med Norsk Hydro. 1986: 70 prosent av aksjane i Bjølvefossen vert kjøpte av Elkem. 1999: Satsar for alvor på produksjon av FSM. 2000: Elkem kjøper heile verksemda. I dei store hallane ein ser frå sjøen, skjer det lite. Men det er mange fine fotomotiv der, som desse vindauga høgt oppe under taket. 2006: FSM-produksjonen vert vedteken flytta til Island. Flyttinga skjer i 2008. 2008–2009: Bjølvefossen er demonstrasjonsanlegg for ein prosess som skal attvinna avfall frå aluminiuimsindustrien. 2010: Produserer ferrosilisium frå to omnar. 2011: FSM-produksjonen vert flytta attende frå Island til Ålvik. – Me har eit høgt teknologisk miljø her, seier Rykkje. Gjev ringverknader lokalt Elkem Bjølvefossen arbeidde mykje med organisasjonsutvikling på 1990-talet. Målet var å gjera dei tilsette meir sjølvstendige, og å få dei til å spela meir på lag med kvarandre. Sidan 2001 har alle skifta vore utan leiing. Følgjeleg har alle tilsette – faglærde som ufaglærde, in- geniørar og vikarar – ei rolle i tillegg til jobben dei gjer. – Dette har vore ein suksess. Me fiksar miksen. Me har plass til ein stor del ufaglærde arbeidarar. Dei gjev me kompetanse, og når ein set dei saman med faglærde og ingeniørar, vert resultatet kjempebra, seier Rykkje. Bjølvefossen har rundt 160 tilsette. Dei kjem frå Kvam, Granvin, Voss, Ulvik, Ullensvang og Odda. 60 prosent av dei tilsette har fagbrev. Snittalderen er 46. 91 av dei tilsette er busette i Ålvik. Få av dei sluttar, ifølgje personalsjefen. – Folk trivest godt. Eg trur det har med å gjera at Elkem tilbyd ordningar som mindre verksemder ville slita med å kunna tilby. Å arbeida på Bjølvefossen er føreseieleg og trygt. Dei tilsette veit at dei får det dei har rett på. Me har lange tradisjonar i å følgja både sen- Omn 5 i aksjon. Gneistar og glødande metall er kvardagskost på Bjølvefossen. trale og lokale tariffavtalar, seier Rykkje. Verksemda til Bjølvefossen har ringverknader i Ålvik, men òg i kommunen og fylket elles. I 2015 handla Elkem Bjølvefossen for 37 millionar kroner hjå 70 leverandørar i Kvam herad. Samla la verksemda att 104 millionar kroner i Hordaland. – Me er ein stor bidragsytar lokalt, slår Rykkje fast. – Gode på omstilling I gamle dagar spydde skorsteinane på Bjølvefossen ut røyk og støv. På 1970-talet fekk folk nok, og styresmaktene stilte krav om at støvet måtte reinsast. – Bransjen frykta at alt ville gå dukken når ein vart pålagd slike krav. Men i staden utvikla bransjen og Bjølvefossen eit nytt produkt i reinseprosessen, fortel Rykkje. Gjermund Klyve og Bjarte Laupsa Harrang er operatørar ved eldfastavdelinga. Her har dei kaffipause. Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 H EiM A 5 Dungar med kvarts og kol er råstoff for produkta Bjølvefossen lagar. Mikrosilica er eit stoff som kan gjera betong tettare, sterkare og meir haldbar. I periodar har Bjølvefossen tent meir på mikrosilica enn på annan produksjon. – Omstilling gjev resultat, konstaterer Rykkje. Ikkje berre det ureinande støvet vert utnytta i Ålvik. Dampen frå vatnet som vert nytta for å kjøla ned omnsutstyret på Bjølvefossen, har sidan 1977 vorte nytta til å driva ein turbin som lagar straum. Nyleg investerte verksemda 110 millionar kroner i ei fullstendig opprusting av energiattvinningsanlegget. Spillvatnet frå anlegget vert dessutan nytta til smoltproduksjon på Bjølve bruk. Ifølgje Rykkje er evna og viljen til omstilling grunnen til at produksjonen på Bjølvefossen har vore kontinuerleg sidan 1905. Stundom vert det glødande metallet tømt i såkalla senger. Her er ei seng som har byrja kjølna. – På Bjølvefossen har dei alltid vore flinke til å gjera endringar når det har vore nødvendig. Dei har vore omstillingsdyktige heile vegen. Det er kjempetøft, seier han. Store planar Bjølvefossen har framtidsplanar. Mellom anna er eit forprosjekt sett i gang for å fjerna svoveldioksiden verket slepper ut mykje av. Produksjonen av FSM skal aukast, og det same skal salet av produktet spesielt i Asia. – Det er viktig å utvikla seg heile tida. Å alltid leita etter ting som kan verta betre, seier Rykkje. Bjølvefossen brukar to omnar i produksjonen. To andre er for tida ikkje i bruk. Elkem vurderer å rusta opp ein av dei for å kunna produsera råvarer til verket selskapet eig i Bremanger. Den andre vart bygd om for å kunna attvinna avfall frå aluminiumsindustrien i 2008. Elkem investerte hundre millionar i prosjektet i Ålvik då FSM-produksjonen vart flytta til Island. Bjølvefossen testa ut prosessen og lukkast i å kapsla inn giftstoff og ta ut jarn frå restane. Rykkje trur prosjektet vil verta aktuelt å setja i gang igjen. Om ikkje i Ålvik, så i alle fall ein annan stad. – Me viste at prosessen er mogeleg, men det står att å gjera slagget brukbart. Og aluminiumsindustrien må vera med på laget. I dag får dei deponera avfallet, men slik kan det ikkje halda fram i all tid, seier Rykkje. Sven Gunnar Ramstad (t.v.) og Inge Birger Sandven er prosessingeniørar for kvar sin omn, og hevdar det er sunn konkurranse mellom skifta. Sandven har arbeidd på verket sidan 1972. Han er oppvaksen i Norheimsund, men har budd i Øystese sidan 1984. I byrjinga pendla han til arbeid med Bjølvefossen sine fire–fem grøne bussar. I dag køyrer han eigen bil. Ramstad har arbeidd på Bjølvefossen sidan 1981. Sidan 2009 har han pendla til arbeid frå Voss, der han bur saman med familien. Han byrja som operatør, og er no prosessingeniør for omn 5. – Bjølvefossen er ein kjekk arbeidsplass. Ein får utvikla seg i spanande fag, og folka her har det bra saman. – Ser lyst på livet Administrerande direktør ved Elkem Bjølvefossen, Børge Hauge, seier det går bra på verket for tida. – Me har ei god tid bak oss med viktige investeringar, og me ser lyst på livet, seier Hauge. Han seier utviklinga dei siste fem åra har vore svært positiv, og at Elkem Bjølvefossen har alle mogelegheiter til å halda fram i same lei dersom verket held fram med å vera best på sine produkt. – Ingenting er uavhengig av innsatsen ein gjer. Ein må heile tida jobba og fortena sin plass. Det er ingen gratisveg til himmelen, seier Hauge. Han seier framtida vil by på både effektivisering, modernisering og teknologiske gjennombrot. – Eg trur ikkje ein kan overleva med denne typen industri utan å vera Bjølvefossen er som ein liten by. Der er fotgjengarfelt, gangfelt, trafikkskilt, bilar og lastebilar. 6 HEiM A Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 gode på energiattvinning. Me må fortena plassen vår, seier Hauge. Ring Ring oss oss på på 04800 04800 – – hele hele døgnet, døgnet, alle alle dager. dager. Bidreg til bærekraftig utvikling, lokalt og globalt. A for Alltid åpent A for Alltid åpent 10609_Annonse_A5_148x210_Alltid_Åpent_1214_ah.indd 1 17.12.14 09:05 10609_Annonse_A5_148x210_Alltid_Åpent_1214_ah.indd 1 17.12.14 09:05 SELJA EIGEDOM? Be om tilbod og samanlikn pris og vilkår med andre meklarar Advokatkontoret driv også alminneleg praksis med hovudvekt på prosedyre og juridisk rådgiving vedkomande fast eigedom, erstatningsrett, kontraktsrett og arverett. Våre klientar er både privatpersonar og bedrifter. Hovuddelen av våre oppdragsgjevarar kjem frå kommunane rissgrafisk.no Kvam, Jondal, Odda, Ullensvang, Eidfjord, Granvin, Kvinnherad, Samnanger, Fusa og Bergensregionen. ADVOKATFIRMA KVÅLE ANS Sandvenvegen 43, 5600 Norheimsund Tlf. 56 55 12 77 - Faks 56 55 19 63 post@advokatkvale.no - www.advokatkvale.no Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 H EiM A 7 Norske Landbrukstenester Hordaland NLTH er eit samvirkeføretak som har som hovudmål å skaffe arbeidskraft til landbruket. Men me tilbyr og arbeidskraft og tenester til andre bransjar og private. Tilsaman ha me aktivitet i 18 kommunar i Hordaland, og produserer over 100 årsverk, som vert utført av over 1000 heil- eller deltidstilsette personar. Omsetnad siste år var 52 millionar. Me er ein fleksibel samarbeidspartnar. Ta kontakt! Reingjering Vaktmeistertenester Som registrert reingjeringsbyrå kan me tilby: Me tilbyr vaktmeistertenester som: Me er fleksible med arbeidstid og tek ansvar for kvaliteten på arbeidet som vert utført. Me seier (nesten) aldri nei! ● Enkle tømrar- og målaroppgåver ● Vedlikehald av eigedom ● Vedlikehald av grøntanlegg ● Rydding og bortkøyring av bos og hageavfall ● Snørydding Design:Bukken ● Reingjering; private heimar, hytter og bedrifter. ● Reingjering; båtar /campingvogner. ● Nedvask og flyttereingjering. ● Vindusvask Har du behov for vikar-, reinhaldar- eller vaktmeister? Ring oss for større eller mindre uløyste oppgåver -me vil hjelpa deg! Lik NLT Hordaland på Facebook for nyheiter og info NLT Hordaland | Sjusetevegen 27, 5610 Øystese | post@nlth.no | Kontakt oss på tlf. 415 31 490 | www.nlth.no 8 HEiM A Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 Ordførar Jostein Ljones (Sp) meiner Kvam rullar mot ei lys framtid. – Det er godt å bu i Kvam, seier MC-føraren. – Framtida er rein og fin Ordførar Jostein Ljones (Sp) meiner Kvam herad har det meste som skal til for at folk skal kunna leva gode liv. Han meiner kommunen går ei rein og fin framtid i møte. TEKST OG FOTO: KATRINE HELGHEIM – Kvam er ein god kommune. Me har gode barne- meiner bygdene i Kvam vil få ein heilt ny dimensjon interesse for kultur, og difor står kulturlivet sterkt i hagar, skular og eldreomsorg, me er nær naturen, og når det vert samanhengande gang- og sykkelsti frå Kvam. Eg veit at i Bergen må mange born stå i kø for me har eit attraktivt senter. Kvam er eit trygt, godt Øystese til både Steinsdalen og Aksnes. å få koma inn på dei instrumenta dei vil på kulturskulen. I Kvam er terskelen låg for alle disiplinar, og oversiktleg samfunn. Samstundes er me nær – Eg trur ikkje folk fullt ut forstår for ein stor kvali- Bergen og storbykvalitetane der. Det er godt å bu tet det er. Me kan sykla mellom bygdene våre. Det er i Kvam, seier Ljones. både bra for folk og for miljøet, seier Ljones. Har tru på vekst i Øystese og Norheimsund der turistar kan leiga syk- Ordføraren er i kontakt med andre kommunar og Det kommunale målet er å oppretthalda og auka lar og sjå Hardanger frå sykkelsetet. næringslivet for å koma fram til gode felles løysingar. Han vonar å få til ei ordning med såkalla bysyklar og me har gode lærarkrefter, seier Ljones. Framtidsutsikter busetnaden. Ifølgje ordføraren har Kvam tenester og – Då brukar dei òg meir tid her, seier Ljones. struktur for litt fleire enn dei 8.475 som var kvem- Ifølgje ordføraren er spørsmålet no kva som skjer ren ein av dei viktaste faktorane for at det skal vera mingar 1. januar i år. Økonomien hadde vorte betre vidare på samferdslefronten. Han seier både Statens interessant å vera i regionen. Difor er det viktig at ein om det var fleire kvemmingar. vegvesen og Hordaland fylkeskommune har vist vel- ikkje får eit dårleg inntrykk av han, seier Ljones. vilje til ein kvammapakke nummer to. Han meiner det er tid for ei felles forvalting av fjord- – Eg har god tru på at me greier å auka innbyg- – Fjorden, til dømes, er saman med fjella og natu- gjartalet. Men det er viktig at me gjer det me kan på – Kommunen er i ferd med å laga ein samferds- samferdslefronten for å korta avstandane i regionen. lestrategi som skal fokusera kva som er viktige – Oppdrettsnæringa i Hardanger må ta mål av seg Slik utvidar ein bu- og arbeidsmarknaden, seier prosjekt å få med i ein eventuelt ny kvammapakke, til å verta den reinaste. Viss ikkje får dei ikkje høve til Ljones. seier han. å veksa, seier Ljones. Ifølgje ordføraren er det tilgjengelege bustadområde i alle bygdene i heradet, og heradet arbeider for Tunnel under Kvamskogen står høgt på ynskelista til ordføraren. Han seier målet til kommunen er å ha ein rein fjord og ei berekraftig oppdrettsnæring som tek vare på villfisk og miljøet i fjorden. å leggja til rette for endå fleire i kommuneplanen. – Det er store planar om utbygging av husvære en for å sjå «heile biletet». Mangfaldig næringsliv Ifølgje Ljones betyr det mykje for klimaet i om- både i Norheimsund og Øystese. Store husværepro- Ordføraren meiner Kvam har eit mangfaldig, krea- rådet at smelteverket i Tyssedal skal kutta CO2-ut- sjekt i Øystese og Norheimsund har vorte selde fort, tivt og godt næringsliv med mykje kunnskap. Han sleppa med 90 prosent, og at Elkem Bjølvefossen AS og det viser at det er attraktivt å bu i sentra, seier ynskjer fleire etableringar, og meiner Kvam har gode i Ålvik nyss sette i drift ein ny turbin for attvinning Ljones. forhold for å driva næring. av energi. Han ser fram til at reguleringsplanen frå Straumen – Det spesielle med Kvam er at ein har lukkast – Mange har eit inntrykk av Hardanger med tung- til Rema 1000 i Norheimsund, som opnar for langt med kulturbasert næring. Kvam er ein av få stader industri og utslepp. Men det er interessant at den fleire bustader i sentrum, skal verta sett ut i livet. der kulturen har ført til næringsliv og arbeidsplassar. gamle tungindustrien er ein del av det grøne skiftet, – Trendane peikar mot at folk vil bu i byar. Me må Den største kulturbaserte institusjonen me har, er seier Ljones. retta oss etter det og laga eit urbant miljø i sentrum Hardanger Fartøyvernsenter. Der er mange, gode og med fleire leilegheiter og eit variert bustadtilbod, lønsame arbeidsplassar, seier Ljones. seier Ljones. Satsar på samferdsle Han har ein draum om at Hardanger skal verta eit knutepunkt for fornybar energi. Han seier både Kabuso og Tusenårsstaden i Øy- – Eg ynskjer at Hardanger skal framstå som reint stese er i stadig utvikling, og at det er «god driv» både med omsyn til fruktproduksjon, fjorden, fjellet, i kulturlivet. fonna og industrien, seier Ljones. Kvam har satsa stort på samferdsle dei siste åra. Den – Eg trur dette skuldast at Kvam har ein veldig god såkalla Kvammapakke 1 er snart fullførd. Ordføraren kulturskule. Der utviklar born og unge både talent og Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 H EiM A 9 Planlegg oppsiktsvekkjande framtid Kvam herad rullerer kommuneplanen. Visjonen er å skapa ei oppsiktsvekkjande framtid. Spesielt arealdelen engasjerer kvemmingane, fortel samfunns- og utviklingssjef Jon Nedkvitne. TEKST OG FOTO: KATRINE HELGHEIM – Eg meiner kommuneplanen sin arealdel er det vik- politikarane på prinsipielt og generelt grunnlag sagt del. I dag er det ledige tomter i kommunale og tigaste dokumentet som vert laga i kommunen. Han kva som er viktig for korleis me skal utvikla og ta vare private felt i stort sett heile kommunen. Alle inn- legg til rette for å ta vare på områda ein ynskjer å på areala våre. Når innspel kjem inn til arealplanen, vert komne forslag til kommuneplanen sin arealdel er ta vare på, og for å utvikla nye område slik heradet dei vurderte opp mot strategiane, seier Nedkvitne. under handsaming og vil verta konsekvensutgreidd i høve til kommunen sine arealstrategiar, heiter det. ynskjer det. Han er dessutan relativt lett forståeleg, Arealstrategiane legg opp til fortetting i sentrum for mykje av han er kartfesta. Det gjer at folk ser sin og utvikling langs eksisterande infrastruktur i og Både privatpersonar, lag og organisasjonar har eigedom og sitt nærmiljø, og det engasjerer dei meir rundt tettstadene og grendene. Tanken med det er å kome med innspel til kommuneplanen. Ifølgje Ned- enn tematiske planar som ofte berre er tekst, seier leggja til rette for ei best mogeleg berekraftig utvik- kvitne er grendeutvala i heradet flinke til å samla inn- Nedkvitne. ling rundt tettstadene. spel frå grendene og gje gode overordna merknader. I den funksjonelle strandsona skal område som er På høyring etter nyttår eigna til rekreasjon, sikrast mot utbygging. Også verksemder har vore flinke til å tenkja framover, seier utviklingssjefen. Heradet har fått meir enn tre hundre innspel etter Ny veg til Tolomarka i Norheimsund skal inn i plan- – Eg plar seia til verksemder at viss dei har vi- at arbeidet med å rullera kommuneplanen starta en, og det same skal traseen for Hardangertunnelen sjonar på er lang sikt, er det lurt å koma med dei i 2013. Administrasjonen lagar med bakgrunn i admi- under Kvamskogen. i starten av rulleringa. Alt håp er ikkje ute om ein ikkje har kome med det i samband med kommune- nistrative og politiske signal og innkomne innspel eit framlegg til plan som skal leggjast fram for herads- – Bustad er viktig styret. Når heradsstyret godkjenner framlegget, vert Heradsstyret skal kvart fjerde år vurdera om det bør det lagt ut til offentleg ettersyn. Då kan folk sjå om gjerast noko med samfunnsdelen eller arealdelen. innspela deira er tekne med, og dei kan igjen få seia Alle tema i heile planen si meining om planane. må ikkje rullerast sam- Nedkvitne vonar og trur planen vert lagd på høyring like etter årsskiftet. Når det er gjort, vert det truleg folkemøte. I samfunnsdelen heiter det at Kvam må ta ein posi- planen, men det vert mykje tyngre, seier Nedkvitne. stundes, ein kan velja ut nokre. Både denne gongen og sist gong kommune- sjon som «noko anna», noko som skil seg ut. Kvam planen skal byggja på ein tettstadstruktur med Norheim- 2006, har bustad vore sund, Øystese, Ålvik, Tørvikbygd og Strandebarm, eit sentralt tema. I kom- heiter det. I sentra skal kommunen satsa vidare på muneplanen sin sam- offentlege tenestetilbod, slik at det gjer det attraktivt funnsdel heiter det at for bustadbygging og næringsutvikling, og for folk dersom Kvam herad skal å verta buande. vera i stand til å møta vart rullert, i utfordringane i høve fol- Samfunnsdel og arealdel keveksten dei næraste Kommuneplanen består av ein samfunnsdelen og tjue åra, er det trong for ein arealdel. Samfunnsdelen vart prioritert fyrst, for 800 nye bueiningar fram han er grunnlaget for arealdelen. Han vart godkjend til 2035. i oktober og er å finna på kvam.no under meny- – Bustad og areal til bustad er svært sentralt valet Plan. – Me laga arealstrategiar i samband med arbeidet i arbeidet med kom- med samfunnsdelen. Dei er eit godt verktøy. Der har muneplanen sin areal- 10 HEiMA Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 Jon Nedkvitne er samfunns- og utviklingssjef i Kvam herad. Han trivest i jobben. – Når ein er samfunnsinteressert og -engasjert er dette noko av det mest konkrete ein kan gjera for å skapa utvikling. Det er kjekt å sjå at det ein er med og planlegg, faktisk vert slik med åra, seier Nedkvitne om kommuneplanarbeidet. – Det er trygt og godt å veksa opp i Kvam Frisk luft. Trygge nærmiljø. Gode barnehagar og skular. Eit samanhengjande tenestetilbod. Oppvekstsjef Astrid-Anett Steine meiner kvemmingar er heldige. TEKST OG FOTO: KATRINE HELGHEIM – Eg trur me ofte ikkje er medvitne nok kor godt har det effekt at vaksne er tett på og er tydelege me eigentleg har det i Kvam, samanlikna med andre med sunne haldningar, seier Steine. kommunar og byar. Me har det veldig bra her, seier Steine. Mange tilbod Unge i Kvam har mange fritidstilbod. Mellom anna Norheimsund skule er renovert. Så å seia alle bygga i grunnskulen i Kvam vert nye eller renoverte innan få år. Det er eit stort pluss, meiner oppvekstsjef Astrid-Anett Steine. Heilskapleg tenestetilbod idrettslag, fotballklubbar, skiklubbar, skyttarlag, Målet til Kvam herad er å leggja til rette for eit rikt speidargrupper og skulemusikklag er organiserte barnehage i til no, med alle utfordringane det har oppvekstmiljø. Alle skal verta møtte med respekt og aktivitetar opne for dei unge. ført med seg, vert dette ein heilt ny kvardag for både likeverd, og tenestetilbodet skal vera heilskapleg. – Alt er så nært. Kvam har eit enormt mangfald tilsette, born og foreldre. Ein kan driva ein god barne- Barn og unge skal møta eit oppvekstmiljø som er av frivillige organisasjonar. Det er viktig for born og hage nesten kvar som helst, men det er enklare når prega av inkludering og samhandling. unge. Òg kulturskulen er viktig fordi han er ein arena det fysiske miljøet er tilrettelagt, seier Steine. Under oppveksteininga ligg barnehage, skule og Kvam familie og læringssenter (KFL). Hjelpeten- der born får meistra og møta andre med felles interesser, seier Steine. Også i grunnskulen vert så å seia alle bygga nye innan få år. Tørvikbygd skule vart renovert for nokre estene for born og unge er i dag lokaliserte i KFL, Kvam herad har tilbod om ferieklubb til born mel- år sidan, Strandebarm har ny skule, Norheimsund som held til i mellombelse lokale i Sandvenhagen lom 6 og 10 år i veke 25, 26 og 32 i sommarferien. barneskule er renovert, Kvam ungdomsskule er reno- næringsbygg i påvente av ny plassering i eit påbygg Klubben er open frå 8.30 til 15 alle kvardagar. Der vert og det vert ny skule i Ålvik. på rådhuset. får borna mellom anna vera med på ballspel, bading, Senteret husar helsestasjonen, skulehelsetenesta, kommunepsykologen, barnevernstenesta og PP-tenesta. forming, kino, leik, båttur og friluftsliv. Ungdomsbasen er ein uformell treffstad for ung- – Oppgraderer me Øystese barneskule òg, har me teke alle. Det står på ynskjelista. Eg ynskjer at alle elevar skal ha same tenestetilbod, seier Steine. dom mellom 13-23 år. Der møter dei trygge vaksne – Me arbeider for å skapa ei teneste som følgjer dei kan snakka med om dei vil, dei spelar spel, sur- Fokus på førebygging ein frå ein er eit frø i magen og til ein er ungdom og far på nettet eller berre er saman med vener. Det Kvam herad har hatt stort fokus på førebyggjande vaksen. Me vil ha ei teneste det skin av, og me er på er gratis å vera i Ungdomsbasen, som har lokale i arbeid i mange år, og det har gjeve resultat, seier god veg, seier Steine. Ungdomshallen i Norheimsund. Han er open kvar Steine. Kommunen har ein nullvisjon for mobbing, torsdag, og rundt femti unge er innom kvar veke. og ifølgje oppvekstsjefen har læringsmiljøet og godt Ho seier KFL skal fremja heilskap og samanheng mellom tenester, og at familien står i sentrum. – Heile tenesteapparatet er samla, og me har samarbeid med foreldre alt å seia. Nye bygg – Ein må leggja til rette for eit godt læringsmiljø fokus på tverrfagleg samarbeid. Me har til mål at alle Kvam herad har kring 430 barnehageborn og vel og ha tydelege system for kva ein skal gjera dersom skal få rett hjelp til rett tid utan å måtta opna mange 1020 grunnskuleelevar. Felles for alle barnehage- einkvan vert mobba. Dette byrjar allereie i barne- dører. Det skal vera nok å venda seg til éin tilsett borna innan få år er at dei går i barnehage i renoverte hagen, seier Steine. i eininga, som skal kunna visa vidare til rette instans, eller nye bygg. seier Steine. Born og unge som treng ekstra hjelp, skal i størst – Det er nokså unikt og oppsiktsvekkjande, seier oppvekstsjefen. Kvam herad er i startgropa i arbeidet med læringsmiljø og pedagogisk analysemodellen. Det er ein strategi for systematisk og varig betringsarbeid i bar- mogleg grad få det i den ordinære barnehage- og Ålvik barnehage vart renovert for nokre år tilbake. nehage og skule. Målet er å realisera potenisalet for skulesituasjonen. Årsaka er at effekten viser seg å Den nye barnehagen i Tørvikbygd skal vera ferdig læring hjå alle born og elevar både språkleg, fagleg vera betre då. Det er grunnen til at hjelpetenesta er i august i år, og den nye barnehagen i Øystese i sep- og sosialt, seier Steine. i barnehagar og skular der born og unge er, seier tember. Ein renovert Strandebarm barnehage skal Modellen skal inn i både barnehagane og skul- Steine. vera klar våren 2017, og det same skal Norheimsund ane, og det er viktig at også hjelpetenestene i KFL barnehage. kjenner til måten å tenkja på, for alt skal hengja – Eg har tru på å vera tett på. Same om det er i barnehagen, på skulen eller på fritidsarenaen, – I forhold til bygga som Kvam herad har drive saman, seier Steine. Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 H EiM A 11 Kvam - framtida er her! Kontaktinformasjon • • • • • • • Kvam herad: 56 55 30 00 − www.kvam.no Legevakt: 116 117 Tannlegevakt kveld/helg: Bergen tannlegevakt − 57 30 31 00 Teknisk vakt Kvam herad: 56 55 34 00 Brannvakt: 948 48 110 Dyreklinikk: 880 05 655 − www.kvamvet.no Kvam bibliotek: 56 55 17 99 − www.hardangerbiblioteka.no • • • • • Kino og kulturkalender: www.lagsportalen.no Turistinformasjon: 56 55 31 84 − www.visitkvam.no Ladestasjon elbil: Straumen, Norheimsund Tømestasjon bubil: Esso, Øystese Utleige av båt/kajakk: - Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund − 474 79 839 - Hardanger Akvasenter, Steinstø − 56 55 55 40 / 950 90 193 Svar ut – digital post frå det offentlege Kvam herad ynskjer å utvide og utvikle den digitale kommunikasjonen med innbyggjarar og verksemder/organisasjonar. Ein digital kommunikasjonsflyt er ein vinn-vinn-situasjon for alle. Kvam herad har difor innført levering av post til mottakar si digitale postkasse i staden for på papir. DIGITAL POSTKASSE Det er to digitale postkassar å velje mellom; Digipost og e-Boks. Begge postboksane er gratis så lenge du ikkje lagrar store mengder data. Viss du ikkje har oppretta digital postkasse, vil dine elektroniske brev bli levert til Altinn (der du får sjølvmeldinga di). Når me sender post til deg, får du varsel på SMS eller epost om kvar du skal logge inn for å lese brevet. KVA VISS EG IKKJE VIL HA ELEKTRONISK POST? Dei som ikkje har digital postkasse, vil få brevet levert i postkassa som før. Viss du får varsel om at du har motteke digital post på Altinn, har du to dagar på deg til å logge inn på Altinn og opne brevet. Blir ikkje brevet lest innan to dagar, vil du få tilsendt brevet som papirbrev per post. Opningstider * = opningstider sommaren 2016 Kvam rådhus Tolomarka gjenvinning Kvam bibliotek Norheimsund Ålvik Strandebarm Måndag 09–15 / 10–14* 10–18 10–16 / -* - 15–18 / -* Tysdag - 12–19 / 12–16* 15–19 / -* 12–15 / -* 09–15 / 10–14* Onsdag 09–15 / 10–14* 10–15 10–16 / 10–16* - - Torsdag 09–15 / 10–14* - 12–19 / 12–19* - 15–18 / -* Fredag 09–15 / 10–14* 10–15 10–16 / 10–16* 10–14 / -* - 10–15 10–14 / -* - - Laurdag - www.kvam.no 12 HEiMA Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 FAGHANDEL BYGGJEVARER Me leverer kvalitet, og våre fagfolk hjelper dykk med gode råd. Me leverer alt innen byggjevarer, tilbyr utkøyring av varer, og har bilhengarar til utleige. Me teiknar kjøkken, og garderobeløysingar saman med deg. Har du eit prosjekt på gang, ta kontakt med oss og få gode prosjektrabatter! Kjøkken Garderobe Glassrekkverk Heimen som passar for DEG? Man-fre 0730-1600, tors 0730-1700, laurdag 0900-1400 Følg oss på: xl-bygg.no Treng du hjelp gjennom rissgrafisk.no Sjusetevegen 20e, 5610 Øystese Tlf: 56 55 61 00 E-post: xl-bygg@kvammabygg.no «papirmølla» for ditt byggjeprosjekt? Me bistår med NY Det handlar om di framtid, og din personlegdom. LOG KATA no link-hus. www.b Vår oppgåve er å skape akkurat den bustaden som TEIKNING, PROSJEKTERING, OG SØKNADER. Alt frå mindre tilbygg og påbygg, til hytter og bustader. du kjenner deg heime i. Du samarbeider med våre arkitekter under planlegginga, og sjølve byggjeprosessen er trygg og oversiktleg. Me byggjer din personlege heim! Sjusetevegen 20e, 5610 Øystese, Telefon 56 55 61 00 Kontakt: Arne Lunestad, tlf. 414 02 979 E-post: arne@kvammabygg.no Sjusetevegen 20e, 5610 Øystese Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 H EiM A 13 Frå leikedammen har ein spektakulær utsikt over fjorden. Mykje moro med båthamn! To av eldsjelene, Olemann Sletvold (t.v.) og Asbjørn Sangolt. Å gli inn på ein våg Strandebarm Marina tek form på Tangerås og med ny badekai skal fleire enn båtturistane nyta godt av den flotte hamna. Her kjem ingen til stengde bommar. TEKST OG FOTO: BRIT AKSNES Bakka har allereie hatt hamn i lange tider. Og dei mange nausta langs strendene vitnar om ein rik båttradisjon i Strandebarm. Kvar gard hadde båt og naustplass i gamle dagar. Det nye er at i dei mange byggjefelta bur det også folk som vil ha båtplass. Då vert det trongt om nausttomtene. Dette har Strandebarm båtlag teke til etterretning, og etter nærare ti års planleggjing og søkjing har bryggjeanlegget endeleg kome på plass og med det dei mange ekstra fasilitetane. To av dei største entusiastane er båtlagsleiar Olav «Olemann» Sletvold og hamnesjef Asbjørn Sangolt. Tid og pengar Dei ser utover fjorden, dei to karane som har lagt ned tallause dugnadstimar for å få marinaen på plass. Bak dei ligg den påbyrja baderampa som også skal kunna brukast som scene. 14 HEiMA Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 – Vamp, veit du! Og tusen publikummarar oppover skråbakken her, det kan bli eit flott amfi! Asbjørn Sangolt gestikulerer og peikar vidare utover fjorden. Her går den nyss ferdiglaga vegen humoristisk kalla Kyststamveien (vei istadenfor veg, slik at den ikkje kan forvekslast med E39). Både den og badekaien har Strandebarm Grendalutval fått i stand. Vegen snor seg rundt heile Tangeråsneset, frå Notaskårå til Smieneset, der sjølve nyemarinaen ligg. Asbjørn kjem med eit par ørsmå leikehus som han plasserer nede på svaberga der det er laga demning som dannar ein innsjø slik at ungane kan leika med småbåtar. Og utover breier fjorden seg, som sommarstid kanskje er full av båtar som kjem for å søkja hamn i Strandebarm. Stort behov Det heile starta i 2005. Strandebarm Båtlag har 150 medlemmer, dette inkluderer no begge småbåthamnene. Båthamna på Bakka var smekkfull, folk stod på venteliste og fleire interesserte melde seg. – Me har planlagt å byggja om lag hundre båtplassar her på Tangerås, seier Olemann og fortel at per dags dato er 65 av plassane selde. Med det nye hyttefeltet på Haukås vert det nok ikkje vanskeleg å fylla opp resten. I tillegg til dei selde plassane er det ein god del gjesteplassar. Ein kan og nytta seg av dei faste plassane dersom dei er ledige. Sidan bryggjeanlegget vart slept frå Tysnes til Strandebarm i 2013 og hadde sin første sesong i 2014, har det vore bra med gjestedøger. Trass fjorårets dårlege sommarvêr vart det rekna 80 gjestedøger mot 96 året før. Men, hamna vert aldri ei skikkeleg stor gjestehamn, særleg viss du samanliknar med til dømes Husnes, der dei har ca 4000 gjestedøger i året. Ope for alle Hovudmålet er å laga eit område alle kan nytta seg av, det vera seg båtturistar, hyttefolk, strandbermingar eller deltakarar på friidrettsstemne. Den markante åttekanta grillhytta som er sett opp står ope til alle tider og særleg skulen og barnehagen brukar henne rett som det er på dagtid. Andre feirar gebursdagar og anna på kveldstid. – Her skal ingen koma til stengte dører, verken båteigarar eller andre. Folk kan stå her og fiska, om dei vil. Dess fleire, dess betre, seier Olemann engasjert. Den universelle utforminga med badekaien gjer at også folk i rullestol kan få seg lett ned til eit friskt sjøbad. Og det stoppar ikkje her. Det ligg store planar om kombinert sjøaktivitetssenter/ Jon Fosse-senter like bortom kaien. Dette ligg eit stykke fram i tid, men ingen av karane ser noko grunn til å setja grenser for kva som kan oppnåast her ute på Tangeråsneset. Som ein anna kjent harding med eige senter i Ulvik skreiv: at me ei morgonstund skal glida inn på ein våg me ikkje har visst um. Ein vakker sommardag kan det ligga hundre båtar ved kai i Strandebarm Marina på Tangerås. Foto: Asbjørn Sangolt Haustsol over kai, veg og grillhytte. Foto: Asbjørn Sangolt Olav H. Hauge hadde ikkje marinaen i tankane, men visste du ikkje om denne vågen, gjer du det no. Alle er velkomne. Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 H EiM A 15 KVAM ELEKTRO BUTIKKEN PÅ ØYSTESELANDET Bunadsbutikken i Kvam! Me leverer komplett HARDANGERBUNAD til dame, herre, og born! Velkomen innom oss! Me skaffar det de ynskjerSjå oss på facebook! KVITEVARER i 2. et. rissgrafisk.no Opningstider: mån-fre 8-15, laurdag 10-14 signe@bunadsbua.no · 56 55 55 26 Hardangerfjordvegen 656, 5610 Øystese SMÅELEKTRISK • Open pøbb med mattilbod – kvar helg LAMPAR • Vi arrangerer øl- og vinkurs rissgrafisk.no TV - RADIO - DATA • Vi har eigne selskapslokaler INSTALLASJON/ ELEKTRISK ARBEID utført av flinke og kjekke montørar • Catering, selskapsmat, møtemat, overtidsmat • Vi arrangerer møter og selskap når kunden har behov 32 182 ing - smak og opplev rissgrafisk.no Kontakt oss på tlf. 905 post@makalaus.net Hardangerfjordvn. 642 Tlf. 56 55 00 00 16 HEiMA Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 Hardangerfjordvegen 651, Øystese | facebook.com/Makalaus.Pub | makalaus.net oktober 2012 Gå til ein som kan det - gå til Felleskjøpet Rekneskap, lønn, fakturering, skatt Taksering landbrukseigedom, hjelp eigarskifte ASP- løysing og skanning av bilag rissgrafisk.no rissgrafisk.no Ferske brød og bollar frå Hjelle kvar torsdag Følg Vekstra på Facebook Kvam Fruktlager AS, Sjusetevegen 27, 5610 Øystese Tlf: 56 55 50 48 rissgrafisk.no Sjusetevegen 27, 5610 ØYSTESE Telefon: 56 52 07 70 - E-post: hardanger@vekstra.no Stort utval i Sykkel- og fiskeutstyr Vêrprofeti frå Utespesialisten: «Ein strålande og varm sommar i 2016» Lat oss gjera jobben – so kan du nyta sommaren! Kontakt oss for å finna løysingar som er varige. Mob.tlf: 952 17 740 Eller sjå oss på: utespesialisten.no og facebook: Utespesialisten AS rissgrafisk.no Me gjer alt for at du skal få nyta sommaren ute i år! Utespesialisten har 12 års erfaring med å planleggja og gjennomføra små og store utandørs prosjekt rundt hytter, hus og bedrifter. Lik oss på Facebook MX Sport Norheimsund Torghuset MX Sport Øystese Hardangersenteret Tlf. 94 84 07 94 Tlf. 56 55 75 72 Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 H EiM A 17 FAKTA James Turrell: • fødd 1943 i Los Angeles • fekk pilotførarkort som Over: Hardanger Skyspace vert ferdigstilt sommaren 2016. Betongverksemda Tunge Ting frå Voss er leverandør av enkeltelementa. Til venstre, oppe: Gjer døri høg ... Den mørke betongen står godt til dei lysare gråtonane i Ingebrigt Vik-museet og Kunsthuset Kabuso. Til venstre, nede: Frå den liknande skyspacen i Järna utanfor Stockholm. Foto: Florian Holzherr. 16-åring og jobba med å ta foto til kartbruk • utdanna seg som psykolog samstundes som han begynte å eksprimentera med lys i eit studio i California • hadde sitt gjennombrot på 1960-talet, og har gjennom kunstnarkarrieren sin vore oppteken med lys og mennesket si oppfatning av lys • heldt den mest besøkte kunstutstillinga på det berømte Guggenheimmuseet i New York i 2013 18 HEiMA Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 James Turrell knipsa på Fykse då han var på synfaring i Kvam i 2012. Foto: Kabuso/Helga Nyman. Nye skyer gjennom Skyspace Er verda og kvemmingane klar for å sjå himmelen på ein ny måte? Endeleg kjem installasjonen av den verdsberømte kunstnaren James Turrell på plass i Øystese. Dagleg leiar i Kabuso, Heidi Ann Jaeger, gler seg som ein unge. TEKST OG FOTO: BRIT AKSNES Etter fire år med diskusjon og planlegging kjem endeleg Skyspace-installasjonen på plass. No skal kvemmingar, forbipasserande, valfartande og turistar kunna tre inn i eit rom der LED-lys og naturleg lys glir saman og syner fram himmelen på eit heilt nytt vis. Ein av pådrivarane har vore Kunsthuset Kabuso og dagleg leiar Heidi Ann Jaeger. Ho er framleis entusiastisk trass i alle åra med søknadsskriving, kjedeleg papirarbeid og enkelte skeptikarar. – Kva er det med Hardanger Skyspace? Fyrst og fremst er det eit utruleg kunstverk laga av ein kunstnar eg personleg har enorm respekt og sans for, nemleg James Turrell. Eg hadde høyrt om han før eg byrja på Universitetet i Bergen, men då eg studerte kunsthistorie fekk eg verkeleg fordjupa meg i arbeida hans. Han har ein heilt eigen måte å tenkja lys på, noko som kanskje kjem frå tida han var jagarpilot som ung og såg himmelen gjennom cockpit-taket. Fascinasjonen hans for naturfenomen speglar all kunsten hans, og då han endeleg kom på besøk til Hardanger og fekk sjå området i all si prakt, tente han på ideen om å laga ein Skyspace her – Så det finst fleire? Det gjer det. I dag er 84 liknande installasjonar plasserte rundt i verda. Den eine ligg i Sverige på ein liten, avsidesliggande stad som heiter Ytterjärna. Ved opninga av denne reiste eg bort og vart straks begeistra. At han val- de denne vesle staden framfor ein storby som Stockholm, gav meg ideen om at det hadde vore så flott å ha ein Skyspace i Øystese. At han faktisk takka ja, først til invitasjonen om å koma, og seinare til heile prosjektet, er ein draum som går i oppfylling. Alle installasjonane er heilt unike, noko som gjer at kunstinteresserte gjerne valfartar for å sjå dei ulike kunstuttrykka. I Ekebergparken i Oslo finst ein Skyspace-installasjon under vatn, men den nordlegaste i verda, den ligg i Øystese! – Kva trur du det vil ha å seia for bygda og for Hardanger? James Turrell er kanskje ikkje ein kunstnar alle har høyrt om enno, men om ein søkjer på internett, ser ein kva for eit kaliber han faktisk er. Eg trur folk i bygda kjem til å verta stolte over å ha eit kunstverk i denne verdsklassa, særleg når ein får oppleva Skyspace med eigne augo. Det er noko heilt eige som skjer når ein set seg ned og let fargane spela seg. Og så vil sjølvsagt skular og barnehagar vera velkomne, noko eg håpar vert eit velkome tilbod. – Kan folk koma og gå som dei vil i Skyspacen? Nei, ein lyt ha inngangsbillett for å koma inn, det er ikkje tenkt som noko påkosta varmestove. Opningstidene vert som på Kabuso og Ingebrigt Vik-museet, men det vil også vera råd å få oppleva kunstverket utanom opningstidene. Me vil at så mange som mogleg tek turen, og den beste tida å oppleva lyset på, er i skumringa om morgonen og ved solnedgang. Dette vil variera med årstidene. Turrell programmerer lyset, som skal vera tilpassa kvar enkelt dag. – Så det kjem ikkje berre naturleg lys ned som på ein ljore? Nei, det er ganske teknologiske greier. Sjølve konstruksjonen er betong, omlag som Kabuso og Ingebrigt Vik-museet, berre med ein slags skiferaktig gråfarge. Inni kjem det til å vera sitjeplassar langs heile innsida og LEDlys installert opp mot holet i midten av taket. Slik vil ein oppleva ein slags optisk illusjon når lyset ute og inne møtest. Det skal godt gjerast å skildra dette synet! – Kva er mest stas med å få eit slikt kunstverk til bygda? Ved sidan av at Turrell er ein av verdas mest respekterte kunstnarar, så betyr det mykje å kunna tilby kunst av slik klasse utanom byane. Det kan kanskje verka som me stilar vel høgt, men hugs at då Ingebrigt Vikmuseet kom opp på 30-talet vart også dette sett på som totalt stilbrot og frykteleg moderne. Heldigvis verkar det som bygdefolket er over gjennomsnittet interessert i kunst, det ser me på besøkstala. I tillegg kjem dette til å trekkja byfolk og turistar hit, det er eg heilt sikker på, seier Heidi Ann Jaeger. Hardanger Skyspace vert ferdigstilt i løpet av sommaren. Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 H EiM A 19 klepp LE, U K S , NTOR O K OR SJON F U T R I A T G INS MØBL O me det E n a k G r o A f der EH r med – a b b BARN o j e ette m er Det er b rissgrafisk.no Hardanger merkantile as Sandvenvegen 40, 5600 Norheimsund Tlf. 56 55 11 22 - 900 39 774 bl@hardangermerkantile.no www.hardangermerkantile.no re d ps r innar K r randø o e f v t e n l og enta herad epres r n e n i n i v E gK beid ger o amar n s a s d p r ø i Ha nkj år ger in n naden v a k r d a r a m r H e til te som et Det er d • Marknadsleiar sportsutstyr i Hardanger • Eigen sykkelavdeling med sykkelverkstad • Eigen skiavdeling med skiverkstad • Stort utval i kle, sko, våpen, fiske- og friluftsutstyr • Aktiv støttespelar/sponsor til ei rekkje lag og organisasjonar 20 HEiMA Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 rissgrafisk.no www.kleppebord.com facebook.com/kleppebord Ute i det fri, alltid blid Ein treng ikkje vera kjend i Kvam eller Jondal for å gå på tur i den vakre naturen. Båe kommunane har eit utal merkte turstiar å velja mellom for både fastbuande og turistar. TEKST OG FOTO: KATRINE HELGHEIM Oppe til venstre: Med bilvegen til Fitjadalen som utgangspunkt kan ein gå mange fine merkte stiar. Oppe til høgre: Synneva har funne ein mystisk bæsj som ho vil finna ut kven som har laga. Storebror Torje tek eit eksemplar i lomma for å ha det med heim og granska vidare. Nede til venstre: Kva er vel betre enn å runda av sundagsturen med ein softis? Nede til høgre: To brør i skogen i solskin ein sundag. Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 H EiM A 21 Synneva, Sigve og Silje Laupsa Mo er på sundagstur i Fitjadalen. – Har me kjeks med, mamma? Silje Laupsa Mo, Sigve Mo og deira tre born har nyss lagt ut på sundagstur i Fitjadalen. Eldsteguten treng ei forsikring på at det er noko søtt i sekken. Mor stadfestar det, og han kan trygt fara vidare. Asgaut (10) og Torje (8) trippar leikande lett opp bakkane. Synneva (5), mor og far dannar baktropp hakk i hel. – Eg er svolten! skrik femåringen når turen er vel ti minutt gamal. Ho held fram med å utbasunera hungeren, så alle tek ein pause. Eldstebror Asgaut får finna fram ein kjend tursjokolade i sekken. – Det er ikkje mykje vits i å prøva å overtala ei som seier ho er svolten til å gå, konstaterer Silje. Etter ein kvikk lunsj vert alt mykje betre. Borna hoppar og sprett i skogen der det er midt mellom vinter og vår. Snø og fuglekvitter, is og knoppar. Dei finn mystisk, tørr bæsj som mellomstemann tek i lomma for å granska vidare når han kjem heim. Dei klatrar i tre og gøymer seg i buskar. Balanserer på greiner over dammar og kastar snøball på kvarandre. – Det er alltid godt å vera ute på tur. Når me berre er komne oss ut, er alle alltid i godt humør, seier Silje. Sigve er samd. – Dørstokkmila er utfordrande. Men me trivest godt utanfor allfarveg, seier han. TURAR I KVAM Ifølgje Kvam turlag sine nettsider finst det ei rekkje merkte turløyper og stiar frå fjord til 22 HEiMA Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 Sjokoladepause! Storebror Asgaut deler rettferdig. fjell i heradet. Både lette, familievennlege turar og fjellturar til 1.300 meter over havet. Kart til turane får ein hjå turistinformasjonen. – Kvam turlag held ved like om lag hundre kilometer med merkte stiar i fjellet mot turlagshyttene Vending, Kiellandbu og Breidablik. I tillegg er det i Kvam ei rekkje merkte stiar i regi av grendelag i dei ulike bygdene frå Ålvik til Oma, heiter det på kvam.dnt.no. I samband med at Kvam turlag feira 20-årsjubileum i fjor, vart prosjektet Kvam i kryss og krakje oppretta. Det vart plassert 20 postar på ulike stader i fjellheimen i heradet frå Ålvik, via Kvamskogen til Mundheim. Deltakarane fekk premie for å vitja minst ein post i kvart av dei fem hovudområda i sommarmånadene. Prosjektet vart ein suksess. I år gjentek turlaget han, men reglane er litt endra. I år må ein vitja minst ti turmål for å få deltakarpremie, men ein treng ikkje ha vore innom alle dei fem hovudområda. – Klypper du på alle 20 turmåla, er du med i trekninga av kjekke vinstar, lokkar turlaget. Fyksesund landskapspark ligg om lag ei mil aust for Øystese. I området er det merkt og opparbeidd fleire stiar med skilt etter Innovativ fjellturisme AS sin standard. Kartet kan ein lasta ned på nettsida fyksesund.no. TURAR I JONDAL Fritidsaktivitetsteamet i Folgefonnlandsbyen Jondal har saman med Jondal idrettslag merka og skilta 35 ulike turstiar i kommunen. Alle turane er graderte etter vanskegrad og markerte på eit kart, som ein får kjøpa i daglegvarebutikkane, på turistkontoret Juklafjord eller på nettsida visitjondal.no. Graderinga følgjer Innovativ fjellturisme AS sin standard. – Fjellet i Jondal byd på eit mangfald av naturopplevingar. Her finn du garantert ein tur som passar deg, skriv visitjondal.no. Ein sommardag i Jondal er fort litt annleis enn andre stader. På Folgefonna kan du gå på ski og på brevandring, i fjellet kan du gå fotturar, i Jondal sentrum kan du leiga syklar og kajakkar, og i fjorden kan du fiska og bada. Mellom anna. – I Jondal er den korte avstanden frå fjord til fonn den raude tråden i naturopplevingane. Du byrjar dagen på breen og avsluttar han i kajakk eller ved bålet i fjøra om kvelden, heiter det på visitjondal.no. TUR KVAR SUNDAG Familien Laupsa Mo går tur kvar sundag. Uansett vêr. Er det forferdeleg vêr, går dei gjerne kortare turar. Dei har ikkje alltid eit turmål, men går stundom berre ein runde for å vera ute. – Me har god tid til å prata når me er på tur. Stundom fiskar me, og borna finn alltid noko å leika med, seier Silje. Foreldra er samde om at Kvam i kryss og krakje er eit glitrande prosjekt. – Me har gått mange av turane og vore stader der me aldri hadde vore viss det ikkje var for prosjektet, seier Sigve. Turane i kryss og krakje har dei fleire gonger gått saman med vener og familie. Dessutan vert det ein god del sauerelaterte sundagsturar for familien. Silje og Sigve driv gard på Mo i Øystese. Dei har stølar i Kvanvik og i Ruedal, og er der jamleg og ser til ulldottane på beite. Motivasjonen til Synneva er i ein dalsøkk, og ho vil verta boren resten av vegen. Men det kjem seg brått. Asgaut og Torje tek ein slurk vatn i bekken. Banan på veg til mellomstemann i treet! Nistepause er alltid koseleg ute i naturen. Asgaut heng og slappar av i eit tre. Slik ser skilta til Innovativ fjellturisme AS ut. Gjensidigestiftelsen og Hordaland fylkeskommune støttar prosjekt som inneber skilting, merking og gradering av turstiar landet rundt. Innovasjon Noreg har regien for den landsomfattande standarden. Kvam Næringsråd har administrert prosjektet i Kvam. Foto: Torleiv Ljones Torje og mamma Silje kosar seg med smakfulle freistingar ute i det fri. Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 H EiM A 23 www.kvamauto.no KVAM AUTO Lid Jarnindustri AS i Norheimsund produserar proffredskap til landbruk- og kommunalmarknad. Produkta med merkenamnet Dalen er velkjende for kvalitet, driftstryggleik og design. • PKK på lette og tunge køyretøy • Service og reparasjonar på alle typar køyretøy, landbruks- og anleggsmaskiner • Karosserireparasjon og lakkering • Hydraulikkslangar etter behov • Delar og bilrekvisita • Dekk i dei fleste dimensjonar • Kontroll og service på brannsløkkingsutstyr rissgrafisk.no BEGEISTRING I KVAR DETALJ KVAM AUTO AS Haugamyrvegen 12, 5600 Norheimsund Telefon: 56 55 37 30 • Telefax: 56 55 37 31 • E-post: post@kvamauto.no UTLEIGE • • • • Volvo V50 Renault trafic Skaphegar Bilhengar Kontakt oss for pris, tlf: 56 55 56 05 Postboks 83 - 5604 ØYSTESE Tlf. 56 55 56 05 - Tlf. 907 84 004 Bil A S Ope: måndag-fredag 07.30-15.30. Stengt i veke 29-30 grunna ferieavvikling. 24 HEiMA Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 rissgrafisk.no HARDANGER rissgrafisk.no HT-GJERDE – profesjonell gjerding HT-GJERDE er ein teknikk og ein netting som tåler tre gongar meir belastning enn standard norsk nettinggjerde. SAL AV GJERDEMATERIALE Planlegging, kalkulering og montering etter ditt behov. Ta kontakt for levering i Hardanger og Bergens-områda. løytnantsgarden.no rissgrafisk.no • Lang levetid og enkelt vedlikehald • Solide og tiltalande løysingar • Fleksibelt i krevande terreng Graving og natursteinsmuring Forskaling og betongarbeid Sprengnings- og grunnarbeid har dugande fagfolk og godt utstyr. Kontakt oss for å få jobben gjort med o kvalitet, l rett o avtalt ris. rissgrafisk.no GRUNN - BETONG - STEINARBEID Sjusetevegen 158, 5610 Øystese T: 56 55 59 22 | www.janmo.no TRANSPORT | KRANARBEID | MASKINTRANSPORT CO N TA I N E R U T L E I G E | S A L AV F Ô R , S I N G E L O G S A N D Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 H EiM A 25 Siktar på ny vinterleg rekord i sommar I Jondal kan du stå på ski eller snøbrett heile sommaren. Eller du kan vandra på den tredje største isbreen i landet. TEKST: KATRINE HELGHEIM Foto: Emil Sollie / visitfonna.no 19 kilometer frå Jondal sentrum ligg Folgefonna. Tre kvarter køyring med bil er alt som skal til for å koma seg frå fjorden med badetemperatur til fem–ti meter høge brøytekantar og det vinterlege skiparadiset Fonna på ein isbre. Mange nyttar sjansen. I 2013 hadde Fonna om lag 10.000 gjester. I 2014 var talet 17.000, og i fjor nesten 20.000. – 2016 vert ny rekord! seier dagleg leiar Andreas Skogseth i Visitfonna AS, som har drive Fonna sidan 2013. Løypekart til Fonna viser aktivitetane i skisenteret. Foto: visitfonna.no 26 HEiMA Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 Fleire familiar og turistar Fonna er open kvar dag til 4. september. Stamkundane er alpinistar og freestyle- og parkkøyrarar, men stadig fleire familiar og turistar tek turen til Fonna, fortel Skogseth. – I år har me opna den nye panoramaløypa, og eg tippar ho vil verta populær blant turistane, seier han. Før årets sesong har nemleg Visitfonna gjort heisen om lag tre hundre meter lengre. No kan gjestene få 180 graders utsikt over Hardangerfjorden frå toppen av fonna. – Folk vert overraska over kor mykje meir komfortabelt det er å stå på ski om sommaren enn om vinteren. Og mest av alt er dei begeistra over den unike staden med utsyn over Lengst til venstre: Andreas Skogseth er dagleg leiar i Visitfonna AS, som har drive Fonna sidan 2013. Foto: Eivind Dahle Sjåstad / visitfonna.no Til venstre: Fonna har løyper i verdsklasse. Det lokkar fleire landslag til skisenteret kvar sommar. Foto: Jan Ove S. Johansen / visitfonna.no Hardangerfjorden, Rosendalsalpane og Nordsjøen. Fonna er like mykje ei naturoppleving som ein aktivitet, seier Skogseth. Ski i bikini Vinterstid brukar verksemda mykje tid på snøsamling, spesielt til eit deponi nedst i anlegget, fortel Skogseth. Ved sesongstart i mai, når det er mest snø, er det mellom ti og tolv meter snø i løypene. I juni er det rundt fem meter. I juni og juli er det ofte 20 grader i sola og lite vind, og då kan ein stå på ski i kortbukse og bikini. – Men då gjeld det å halda seg oppreist på skia, seier Skogseth. Frå 20. juni til 14. august går det buss frå Herand via Jondal til Folgefonna som stoggar på haldeplassar langs vegen. I skiutleiga på fonna vert det selt heiskort og leigt ut ski, snøbrett og truger til born og vaksne. Like ved ligg brekafeen, der det vert selt mat og drikke. Skitrekket er ope sju dagar i veka til 4. september. Alpinløypene passar til både nybyrjarar og ekspertar. Dei som ynskjer det, kan tinga ski-, snøbrett- eller langrennsundervising med instruktørar og lærarar. Ifølgje Skogseth er den mest populære aktiviteten for folk flest sommarski på dagtid og sommaridyll ved Hardangerfjorden om kvelden. Alpin, langrenn og film Alpinlag er mellom dei viktigaste kundane til Fonna. Difor er drifta retta mot behova til slike lag. Skisenteret har spesialtilpassa trasear, og det vert salta og tilrettelagt. Fonna tilbyd gode treningsforhold i sommarsesongen og er åstad for mange treningssamlingar kvar sommar. I 2013 la Fonna forholda til rette for mellom anna det norske landslaget i freeski og kulekøyring, det norske snøbrettlandslaget og det svenske landslaget i kulekøyring. Også i fjor vitja fleire landslag Fonna. Fleire av dei beste park- og freestylekøyrarane er fleire veker på Folgefonna kvar sesong. Fonna produserer langrennsløyper i helgane og på bestilling. Selskapet har eige utstyr for optimale spor, og lagar langrennsløyper for både klassisk og skøyting i verdsklasse. Fordi Folgefonna har vinterlandskap og Å surfa med snøbrett på isvatn gjer ein ikkje kvar som helst. Foto: Vernon Deck / Reisemål Hardanger Fjord Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 H EiM A 27 Ei isbrevandring på Folgefonna byd på spesielle opplevingar. Foto: Folgefonni breførarlag © Morten Falch Sortland ekstreme kontrastar året rundt, er ho ein ynda stad for filminnspelingar. Visitfonna har lang røynsle frå både små og store produksjonar. Tre trakkemaskiner, snøskuterar og fleksible helikopterløyve gjer effektiv filminnspeling mogeleg. – Ingen andre stader i Europa kan ein køyra ein semitrailer fullasta med kamerautstyr heilt inntil ein isbre, heiter det på visitfonna.no. Isbreaktivitetar Folgefonna har ikkje berre eit sommarskisenter. Tilhøva er utmerkte for å gå til fots på isbreen, og Folgefonni breførarlag tilbyd gaida isbrevandring med alt frå lette turar til utfordrande isklatring. – Dei tre siste sesongane har me auka frå om lag 3.000 til 4.000 gjester, fortel manager Åsmund Bakke. Den mest populære dagsturen startar ved skisenteret og går til Juklavassbreen. – Denne turen kan tilpassast alle. Ein kan velja ein kort og lett tur, eller ein kan velja ein lang tur med isklatring. Turen passar alle frå 8 til 80 år, seier Bakke. Breførarlaget låner ut fjellsko, stegjarn, isøks, hjelm og sele. Ein kan tilmed leiga klede om ein treng det. – Så ein kan koma i lakksko og verta kledd opp for Folgefonna, seier Bakke. Etter ein halvtime og nokre høgdemeter vert det panoramautsikt. Seinare vert det lunsj inne i blåisen og ein rundtur i brefallet. – Etter turen har du gode minne om eit stort landskap, og meir kunnskap om breen, landskapet og klimaet. Minne for livet! seier breførar Bakke. Saman med breførarlaget kan ein òg utforska Folgefonna på ski eller truger, eller ein kan padla kajakk i fjorden eller brevatn. Vil ein vera i fred eller saman med berre nokre utvalde, kan ein leiga ein privat gaid til isklatring eller breturar. Foto: Folgefonni breførarlag © Desire W Base i Juklafjord Aktivitetane til Folgefonni breførarlag vert organiserte frå Juklafjord, eit aktivitets- og kunnskapshus midt i Jondal sentrum. Juklafjord er ikkje berre basen til breførarlaget, men òg turistinformasjon for Jondal kommune. Juklafjord har kafé, kajakk- og sykkelutleige og ein kunnskapsutstilling om Folgefonna nasjonalpark. Jondal elles har òg flust av meir sommarlege opplevingstilbod. Turstinettet i området er godt merkt. 35 ulike turar er samla på eit turkart, og GPS-spor finn ein på visitjondal.no. Det finst eit utval overnattingsstader i nærleiken av fonna som alle er å finna på visitfonna.no og visitjondal.no. Breførar Åsmund Bakke er manager i Folgefonni breførarlag. Kvart år har han med seg mange grupper på brevandring. Foto: Folgefonni breførarlag 28 HEiMA Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 Foto: Folgefonni breførarlag © Desire W Opplev naturen i Hardanger på tur med oss! Steinstø frukt- og kakebu er open kvar dag 12.6–28.8 • God, heimelaga kafémat • Middag kvar torsdag og sundag frå kl. 13–17 • Nyplukka frukt og bær rett frå garden i sesongen • Gardsutsal med godsaker Gardsrestauranten Kjedlaren er open på bestilling • Plass til 70 personar • Eignar seg til alle slag samkomer; bursdag, dåp, konfirmasjon, firmafest, venelag, bryllaup, etc. • Har fasilitetar til kurs og møteverksemd • Har skjenkjeløyve for øl, vin og brennevin Heidi driv keitering og leverer god mat året rundt • Snittar, rundstykke og smørbrød • Lunsjrettar • Koldtbord • Tapas • Varm mat • Dessert Hardanger Hiking tilbyr unike naturopplevingar utanfor allfarveg og turistvrimmelen. Heile året kan du tinga spesialturar tilpassa dine draumar og ynskjer. Faste turar kvar onsdag, torsdag og fredag frå 25. juni til 28. august, med ulike lengder og utfordringar. For meir informasjon, sjå www.steinsto.no, ring 99 69 15 27 eller send epost til post@steinsto-fruktgard.no. Lik og følg gjerne Steinstø frukt- og kakebu på Facebook! :) 9 fritidshus til utleige rett i sjøkanten eller oppi lia. Omvising i klyngetun på førespurnad. Kontakt: Tlf. +47 45 84 83 22 E-post: booking@hardangerferiesenter.no www.hardanger-resort.com HARDANGER AKVASENTER held ope kvar dag frå 13.06.16 til og med 28.08.16. kl. 11.00–17.00. Besøk oss i publikumsmottaket på Steinstø kai. Sjå korleis oppdrett fungerer i praksis og få innblikk i ei av Noregs største eksportnæringar. Fleire daglege avgangar frå kaien med guida tur ute på oppdrettsanlegget måndag–sundag. Kaien er utgangspunkt for fleire godt merka turstiar, og me har kano, kajakk, robåt og fiskestenger til leige for dei som ynskjer å utforske det smale Fyksesundet via sjøvegen. Det er òg moglegheiter for båt-transport og guida turar, anten med båt eller til fots. Ta turen innom for ein prat, ein kopp kaffi eller ein lakseburger, og finn ut korleis du best kan dra nytte av dei vakre omgjevnadane i Fyksesund Landskapspark. rissgrafisk.no Mellom Norheimsund og Øystese finn du campingplass med leikeplass rett ved fjorden. Båtutleige, sykkelutleige og hyggeleg kafé. E-mail: hardanger.hiking@gmail.com Tlf. (+47) 901 26 270 rissgrafisk.no Hardangerfjordvegen 341 • 5600 Norheimsund HARDANGER FERIE ENTER Sjå www.hardanger.hiking.no www.akvasenter.no Tlf. 970 17 537 e-mail: post@akvasenter.no Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 H EiM A 29 rissgrafisk.no Velkomen til Hardangers største møbelbutikk! Spisegrupper | Sofaer | Madrassar | Kvilestolar | Teppe | Bord | Skap/skjenker Torpe Møbelfabrikk AS | Tel. 56 55 03 82 | Besøksadresse: Vavollen 5, Øystese Ope: Måndag-fredag 10-16, Torsdag 10-19, Laurdag 10-15 Følg oss på Facebook! facebook.com/torpefabrikkutsalg Sjå meir på www.torpe.no Blikkenslagar Flotve AS Beslagarbeid / Ventilasjon 5610 Øystese – E in nat u r leg d el av h eimen Tlf.: 56 55 51 92 - Fax: 56 55 57 07 Mobiltlf.: 995 43 070 E-post: kjell-arne.flotve@kvamnet.no Har du lekkasje i pipa eller er redd for å få det? Ta kontakt med oss no! Skal du mala huset i sommar? Me har 15m lift til leige! Kontakt Kjell-Arne Flotve for synfaring og pristilbod. 30 HEiMA Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 rissgrafisk.no Heildekkande pipebeslag, pipetoppar m/vêrhane eller bue, takhette, tak over varmepumpe, beslag, renner, ventilasjon for nye og eldre hus. PROSJEKTERTE HYTTER VED HARDANGERFJORDEN rissgrafisk.no – med båtfeste og flott utsikt Vetle Grotnes, Kysnesstrand Pris Trend 2: 3.290.000,Meir info på finn.no Norheimsund T: 56 55 32 00 hardangerbyggsenter.no Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 H EiM A 31 Lita bygd med stor aktivitet Den vesle bygda Herand i Jondal kommune har flust av tilbod og gode kvalitetar for både fastbuande og turistar. For somme kjennest Herand som verdas tryggaste stad. TEKST OG FOTO: KATRINE HELGHEIM Herand har mange attraksjonar å skilta med. Ei oppgangssag, eit kulturhistorisk senter, helleristingar og ein kultursti er mellom alternativa når ein har tid å bruka i Herand. Sarah Marie Røstbø er oppvaksen i Herand, og valde å koma att til bygda etter studiar i Bergen. I dag har ho tre born og er konstituert rektor på skulen i Jondal. – Herand er kanskje verdas tryggaste stad, seier Røstbø. 32 HEiMA Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 Herand ligg ved den nasjonale turistvegen mellom Utne og Jondal. Bygda har berre rundt 220 innbyggjarar, men har likevel båthamn og badestrand, butikk og pizzarestaurant, båtbyggjarmuseum og oppgangssag, helleristingar og kvernhus, turstiar og eit kulturhistorisk senter. – Me likar at det skal skje litt. At spiralen ikkje skal gå ned, men at me skal få ting til å skje, forklarar nyleg avgått bygdelagsleiar Sigmund Eiken. Gamal bygd Dei fyrste spor etter menneske i Herand er hellerissingsfeltet på Bakke. Det er truleg kring tre tusen år gamalt. Dei om lag 150 rissingane viser skip, menneske, offergroper, ringar og fruktbarheitssymbol. Feltet er spesielt på grunn av mange erotiske motiv. I fyrste del av 1700-talet vart båtbygging ei næring i Herand. I dag er båtbyggjarmuseet i Herand staden som husar historia til båtbyggjartradisjonen i bygda. – Det var ein mann som budde på Herandsholmen som bygde den fyrste båten, fortel båtbyggjar Sverre Haugen. – Så kom det austmenn frå Hallingdal og fann seg koner i Herand. Dei lærde båtbygging, og kring 1900 var rundt hundre menn aktive båtbyggjarar i 56 naust i Herand, fortel Haugen. Båtbygging heldt fram med å vera ei stor næring heilt til etter andre verdskrig, men rundt 1980 var det omtrent heilt slutt. Sjølv leverte Haugen sin siste båt i 1994. Det var nummer 153 i rekkja. – Det er ikkje så mange, meiner den smålåtne pensjonisten. Han var lærar på båtbyggjarskulen i Jondal i ti år, men gjekk av med pensjon i 1995. – Dei beste elevane eg hadde, er aktive i faget i dag, seier Haugen. – Lite og trygt – Det viktige for meg, og noko som er fantastisk bra, er at Herand må vera ein av dei tryggaste stadene i heile verda, seier Sarah Marie Røstbø. Ho vaks opp på eit småbruk på Byrkjeleite, og bur i dag i Tveitehagen med tre born. – Eg har aldri vore redd for borna her. Herand er lite og trygt, seier Røstbø. Ho har smakt på bylivet òg. Ho budde i Bergen nokre år medan ho studerte, og det fall i smak. På lærarhøgskulen på Landås gjekk dobbelt så mange som det bur i heile Jondal. Røstbø valde likevel å koma att til Herand og slå seg ned med familien. – Eg kom att fordi eg hadde det så bra her. Eg har fått så mykje positivt i Herand, og ville gje noko attende ved å busetja meg her, seier ho. For tida er ho konstituert rektor på Jondal skule, men til vanleg er ho avdelingsleiar. Sverre Haugen og barnebarnet Marianne Berg arbeidde på dugnad i båtbyggjarmuseet i april. Bestefaren leverte sin siste båt i 1994. Det var nummer 153 i rekkja. Haugen var lærar på båtbyggjarskulen i Jondal i ti år. Skulen vart lagd ned i 2000. Skulen har vel 120 elevar, og ei busslast av dei kjem frå Herand kvar morgon. Også dei tre borna til Røstbø gjer det. På fritida er borna med i idrettslaget og 4H, dei driv med friidrett og spelar fotball i ballbingen på den gamle skuleplassen. Røstbø får tida til å gå og vel så det utan å ta del i organiserte fritidsaktivitetar. Den vesle hagen med høner og kaninar må stellast med. Det same må hunden og katten, huset, heimen og klevasken. – Eg har ikkje fritidsproblem, ler Røstbø. Stor aktivitet Herand har eit rikt utval av lag, organisasjonar og aktivitetstilbod. Musikklaget stiller med hornorkester kvar 17. mai, bygda har idrettslag, kvinne- og familielag, båtlag, danselag, gamaldansorkester og Luren 4H, for å nemna noko. Herand bygdelag er svært aktivt. Sistnemnde kjøpte skulebygningen i bygda då skulen vart nedlagd i 2002. Der har laget laga eit kulturhistorisk senter der ein i sommarseson- Båtbyggjarmuseet i Herand er ope kvar dag i sommarsesongen. Der kan ein lesa om historia til båtbyggjartradisjonen i bygda, sjå bilete og gammalt verktøy, og sjå korleis ein båt vert bygt. Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 H EiM A 33 Skal du ha steinomnsbaka pizza, er Meieriet i Herand staden å reisa til. Meieriet har sidan 2008 vore ope i sommarsesongen. Staden serverer også andre lunsj- og middagsrettar, kaker og vaflar. Det opphavlege meieriet i Herand starta drifta i 1915 og produserte smør og gammalost. Seinare vart meieriet bruka til fruktlager og pakkeri for lokale produsentar fram til 1940. gen kan sjå ei utstilling av bygda si historie gjennom 9.000 år. Ulike tema er istida, steinalderbusetnad, helleristingar, vikingtida, båtbyggjarbygda Herand, oppgangssaga og tida inn i mot moderne liv. Utstillinga er basert på fotografi i storformat og skjermvisingar. Ho er meint å gje informasjon og inspirasjon for både fastbuande og tilreisande til å gå ut og oppleva det rike kulturlandskapet og det andre bygda byd på. Siste del av utstillinga er nettopp kulturlandskapet, og frå senteret går mange godt merkte og tilrettelagde turstiar. Herand fekk både den nasjonale og den regionale kulturlandskapsprisen i 2008, og er ein av landskapsparkane i Hordaland. – Den unike topografien har gjeve rom for eit avgrensa bygdesentrum der alle kulturminna er samla innan gangavstand og skapar eit autentisk miljø ein knapt finn maken til, heiter det på herandlandskapspark.no. Ein kan vandra gjennom ein del av kulturhistoria til Herand til fots på knappe to timar. 34 HEiMA Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 Den såkalla kulturløypa startar ved parkeringsplassen mellom oppgangssaga og kvernhuset i sentrum. Ho byd på eit rikt planteliv og spanande geologi med hellerar som heng som eit tak over delar av løypa. Frå jordbruk til alskens Herand er tradisjonelt ei jordbruksbygd. Jordbruk og skogbruk var grunnlaget for busetnaden, og er framleis viktige næringar. Dei fleste bøndene har likevel anna arbeid i tillegg til gardsdrift. Akvakultur sysselset i dag rundt femten personar i eit smoltanlegg og eit matfiskeanlegg. Dessutan har Herand ein maskinentreprenør med fem–seks tilsette, ei databedrift og ein del småbedrifter av ymse slag. Av sjølvstendig næringsdrivande kan ein nemna Eikjetunet lefsebakeri, hundepensjonatet i Vik, Vassel gard, Husflidkrokjen, Tre tradisjon Herand og Hardanger kulturgalleri. Ein del innbyggjarar i Herand pendlar til kommunesenteret Jondal, andre reiser til an- leggsarbeid andre stader i landet eller heilt til Nordsjøen. Mange driv reiselivsrelaterte næringar i Herand. Pizzarestauranten Meieriet er open i sommarhalvåret og byd på steinomnsbaka pizza og andre rettar. Kramsjø ski og sjøleir Folgefonna skreddarsyr aktivitetar etter ynske både på sjø og på land. Herand har dessutan mange overnattingsmogelegheiter. Ein kan bu i båt i gjestehamna, i feriehus i eit gardsmiljø på Bakketun, i sjøhus og naust frå 1800-talet hjå Kramsjø, i leilegheiter på Bjørkhaug, i våningshuset på Eikjetunet eller i hytter på Vassel gard. Skulle ein ha lyst, kan ein tilmed overnatta i hus på Herandsholmen. Meir informasjon om bygda og tilboda finn ein på herand.no. Herand er ein idyllisk plett. Og til å ha berre vel to hundre innbyggjarar, er det stor aktivitet i bygda. Kvar april er det storstila dugnad der unge og gamle er med og gjer sitt for at bygda skal vera finpussa til sommaren. Herand har ei flott båthamn i sentrum. Like ved er det òg ei gjestebåthamn for dei som kjem sjøvegen til bygda. Badestrand og grillplass er rett om hjørna. Emma Byrkjeland Thune (7) og Jone Nerheim Eiken (10) likar seg godt i Herand. Emma går på skule i Jondal. – Eg tek Herandsbussen, som eg kallar han. Eg må opp klokka 7, for skulen byrjar 8. Av og til må eg venta på bussen heilt til eg er kald. Og om vinteren må bussen ha kjettingar. Då vert eg stundom for sein til skulen. Det er ikkje mi feil, men litt kjipt, fortel sjuåringen. Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 H EiM A 35 MERKEVARER - GODT UT VAL - FAGLEG KOMPETANSE - VERKSTAD - E TABLER T 1954 «Kortreist» bunadsølv er vår spesialitet Gullsmed Bjørgum legg vekt på å tilby eit breitt utval av bunadsølv. Her finn du det beste utvalet i Hardanger! Hjå oss får du Kvammasølja med handgravert mønster og lauvpryd etter gamle modellar frå distriktet. Dette er edelt handverk, tufta på lokal tradisjon og kan med rette kallast «kortreist». Er du på jakt etter noko ekstrastas til bunaden? Då kan du tinga deg Dalarkjede. Det vert handlaga etter dine gamle myntar. Dette er bunadsølv av beste kvalitet, som med stoltheit vil bli brukt vidare i generasjonar. Gullsmed Bjørgum har verkstad for restaurering, reparasjonar og oppussing. rissgrafisk.no KJØP BUNADSØLVET HJÅ DIN LOKALE FAGHANDEL 5600 NORHEIMSUND · TLF.: 56 55 12 85 · post@gullsmedbjorgum.no 36 HEiMA Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 Lik oss på facebook rissgrafisk.no Moteklede med kvalitet, i tidlaus og klassisk stil! Jean Paul, Mario Conti, Henr y Chioce, Redford, Al vo, B l e n d, Ca s u a l Fr i d ay, D ov re, Pre E n d, Levis, M arie Philippe, Va Vite, Donna, V e r o M o d a , B - Yo u n g , J u n a r o s e , P i e c e s , T r e n d m . f l . DAME (STR. 34-54) HERRE (STR. S-3XL) - Fjonge kle i ein fin atmosfære Ope: mandag - fredag 9-16.30 torsdag 9-19 laurdag 10-15 rissgrafisk.no Velkomen til MATCH i Straumen Senter Me fører merke som Brandtex, Blæst, Calida, Claire, Elton, C-Ro, Intersun, Kello, LauRie, Mac Scott, Skovhus, Steeam. Sjå våre nyheiter på facebook.com/Kammen-Mote Grova 37, Norheimsund • 56 55 18 25 Spar inntil kr 4500,- Briller • Kontaktlinser • Ur Sandvenv. 16 • Norheimsund Sjå tilbod på: www.optikarbjelland.no TIMEBESTILLING PÅ 56 55 20 50 Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 H EiM A 37 Velkommen til Thon Hotel Sandven -midt i hjertet av Hardanger! Kapasitet: 102 rom og leiligheter • Konferanse: 200 Bankett/selskap: 200 Servering av lunsj og middag hver dag. Velkommen innom! Thon Hotel Sandven Tlf. 56 55 20 88 •- sandven@thonhotels.no Pb. 204 Nedstegata 4 • www.thonhotels.no/sandven Kapasitet: 102 rom og leiligheter • Konferanse: 200 102 rom og leiligheter • Konferanse: 200 Kapasitet: Bankett/selskap: 200 Bankett/selskap: 200hver dag. 102 rom og • Konferanse: 200 Servering avleiligheter lunsj og middag ServeringBankett/selskap: av lunsj og middag 200hver dag. Velkommen innom! innom! hver dag. Servering Velkommen av lunsj og middag Thon Hotel Sandven Velkommen innom! LEV SUNT - LEV BEDRE Thon Hotel Sandven Tlf. 56 55 20 88 • sandven@thonhotels.no • www.thonhotels.no/sandven Tlf. 56 55 20 88 • sandven@thonhotels.no • www.thonhotels.no/sandven Thon Hotel Sandven facebook/Sunkost Norheimsund Tlf. 56 55 20 88 • sandven@thonhotels.no • www.thonhotels.no/sandven Me har det meste til ferien: Håndkle, Sengetøy, dyne, pute og div. ting til utebruk Velkomen til oss! Silje’s Interiør AS, Tlf: 95962905 Srraumen Senter, 5600 Norheimsund Levrandør: HD, Høie, Vista, Pagunette, Black Design, Gardelo, Nordicform CC Gardiner, Svanefors, Edelweiss, Sir John, P.Oppegård 38 HEiMA Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 S God r! a m om rissgrafisk.no Velkommen til Thon Hotel Sandven Velkommen til Thon Sandven -midt i hjertet av Hotel Hardanger! Velkommen til Thon Hotel Sandven -midt i hjertet av Hardanger! Kapasitet: -midt i hjertet av Hardanger! 5602 Norheimsund Tlf. 95 15 25 22 norheimsund@sunkost.no Playa del Norheimsund, som stranda humoristisk har vorte kalla. Foto: Hege Grane Hisdal. Stranda og vegen Planane for ein veg til å binda ytterpunkta i Norheimsund sentrum har lege der sidan midten av åttitalet. No er planane realiserte, og jammen har det gamle sjøbadet vakna til live igjen òg! TEKST: BRIT AKSNES «Vegen blir til mens ein går» heiter det i uttrykket. For strandvegen i Norheimsund kunne dette knapt vore riktigare. Sidan dei fyrste forslaga om å ta tak i tettstaden på åttitalet, har regionssenteret gjennomgått ei gradvis men jamn, drastisk endring. Ferdigstillinga, om ein nokon gong kan kalla eit slikt prosjekt ferdig, har skjedd ved hjelp av tallause frivillige eldsjeler, samarbeid på tvers av alle instansar og med offentleg og privat velvilje. Ser ein vekk frå litt gnisningar og til dels stille periodar, må forteljinga om korleis strandvegen kom i stand, kallast ei solskinshistorie. Frå Dalen til Stiftinga Kongstanken var å binda sentrum saman og nærare utkantane. Det fyrste som vart gjort var å utbetra gangvegen frå Norheimsund langs Movatnet til Steinsdalsfossen. Grendautvalet rydda veg og i samarbeid med dåverande direktør på Sandven hotell, Tron Bach, fekk ein opp kulturhistoriske informasjonstavler sponsa av Hordaland fylkeskommune. Bach stilte også hotellhagen til disposisjon og opna denne for ålmenta. Samstundes var utbygginga av Hardanger Fartøyvernsenter i full sving med Torbjørn Kaarbø ved det administrative roret. Kaarbø, saman med styreleiar Knut Aage Vikøy i Stiftinga Hardangerjakt, som Fartøyvernsenteret då heitte, såg behovet for å knyta området tettare til Grova, og ein strandveg ville vore midt i blinken. Men i mel- lom låg fleire private hagar og utilgjengelege, små strekk, og vegen fram såg kronglete ut, bokstaveleg tala. Ryggen mot sjøen Det fyrste verkelege grepet frå offentleg hald var ansiktsløftet som vart gjort i sentrum på nittitalet. Dette kom mellom anna av eit prosjekt i regi av Norsk Form ved namn Handlegatens Ansikt, der Norheimsund og Kristiansand vart valde ut, og ein landsdekkjande arkitektkonkurranse lyst ut for å teikna utkast til den nye handlegata. Ein skulle ta sjøsida i bruk, og første steg var å fylla i og laga veg på nedsida av dei eksisterande bygningane mot sjøen. I 1998 stod nye Grova ferdig. Andre Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 H EiM A 39 FAKTA Felix Grahnström (1891–1974) • Fødd i Umeå i Sverige • Kom til Norheimsund på 30-talet etter lengre opphald i Berlin • Jobba som portier på Sandven hotell fram til 1934 • Initiativtakar til å stifta Norheimsund Turistlag, der han i mange år var formann. • Fekk bygd friluftskafé ved Movatnet og Sjøbadet i Norheimsund • Saman med kona dreiv han produksjon av suvenirar som miniatyr-tresko, selbuvottar, skistavar og hardingfeler. • Laga det fyrste turistkartet som no heng i Grova, på hjørna ved Hardanger Glassmagasin. Arkivfoto, Kvam herad steget var å oppgradera haldeplassen og fortaua i hovudgata. Dette stod klart i 2004, og målet om å venda sentrum mot fjorden var langt på veg innfridd. No gjenstod strekket sentrum – Fartøyvernsenteret. Kunne spleiselaget mellom fylket, kommunen, næringslag og grendautval halda fram, like smertefritt? Vegen vidare På åttitalet gjorde Statens vegvesen grep for å fiksa på den gamle parken nedanfor parkeringsplassen mellom røyrleggjar Aksnes og det gamle Norheimsund Fjordhotell. Vidare kom strandvolleyballbane, steinbenkar og bord. Mykje av parken var tilgrodd, og grendautvalet ville gjerne få sving på området igjen. Rundt 2010 vart det samla inn kring 200 000 kroner for å få opp badekai. Dette var ikkje ein ny tanke, men få hugsa at det på 1930-talet alt var eit sjøbad her, bygt og drive av turismegründer Felix Grahnström. Badekaien kom saman med planar for eit nytt leilegheitsbygg nedanfor det nedlagte Fjordhotellet. Samstundes såg ein at det kom til å verta tilgjengeleg steinmassar med vølinga av RV 49 mellom Norheimsund og Vikøy. Dermed var del tre i gang - eit godt planlagt samarbeid mellom grunneigarane, som løyvde plassen nedanfor det førespegla leilegheitskomplekset, samt betalte 40 HEiMA Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 Biletet syner Grova rundt 1994 rett før fyrste byggjetrinn med utfylling til veg på sjøsida tek til. Foto: Kvam herad fyllmassane. Ein fekk teikna opp utstikkaren Tednesteinen, for å gje utsikt inn og ut fjorden. For å knyta Fartøyvernsenteret til Strandvegen og gje heilskap til prosjektet, måtte det byggjast ei bru. Industridesigner Hans Pulles, ein av dei som fann vegen til Ålvik via «Flytt til Hardanger»-programmet, kom uoppfordra med utkast. Nok ein gong gjekk prosessen smidig, og kruna på verket kom på plass til opninga juni 2013. Smidig Historia om ansiktsløftinga i Norheimsund har i sanning vore prega av stå-på-vilje, samarbeid mellom det offentlege og private, grunneigarar og frivillige, eldsjeler og byråkratar, gode planar og løysingsorienterte hovud. Heilskapstanken har vore den same sidan åttitalet, og det er framleis ting som står att. Ein av dei neste stega i planen er å få på plass belysning langs vegen. Samstundes vil området vera i endring. Nye prosjekt dukkar opp og skapar naturleg liv. Det same gjer brukarane av veg, bad, park - alt frå barnevogngjengen og bubilturistane. Vegen er til, for og av folk. Badekaia på stranda fekk grendautvalet samla inn pengar til i 2010. Foto: Torleiv Ljones Kjelder: Bjørgulv Hauger Borghild Storaas Ones Hallvard Bjørgum Sjøsida har teke form - her frå Trebåtfestivalen i 2000, eit par år etter ferdigstilling. Foto: Borghild Storaas Ones Oversiktsbilete av stranda og vegen. Foto: Leif Kastdalen / Reisemål Hardanger Fjord Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 H EiM A 41 ME FEIRAR BYGGERN TORSDAG - FREDAG - LAURDAG 30. juni.–2. juli Me serverer vaflar og kaffi på alle varer i butikk/lager ÷25% Med unntak av kampanjevarer og elektroverktøy Bygger’n hjelper deg rissgrafisk.no Me forhandlar HIBA®HUS DU FINN OSS I SANDVENHAGEN INDUSTRIFELT OPNINGSTIDER Månd - Fred Laurdag 08.30 - 16.00 10.00 - 14.00 Norheimsund Elektro AS utfører installasjonsarbeid i hus, hytter, landbruk og industri Hovudvekta er på elektroinstallasjon, men vi leverer òg telefonsentralar, brannvarslingsanlegg, alarmar, varmepumper og nettverk for tele og data. I butikken vår finn du eit stort utval innan kvitevarer, småelektrisk og lampar. Butikken er ikkje kjedetilknytt, men me kan likevel gje deg gode tilbodsprisar og kampanjetilbod. Primært tar me oppdrag i Kvam, men har også tatt oppdrag utanfor kommunen. Større prosjekt me har delteke på er Coop Prix Norheimsund, Øysteseheimen, Kvam Legevakt, Thon Hotel Sandven, Bjølvo Kraftstasjon, Tolo Terrasse, Hordaland fylkeskommune, Samnangerheimen, Nyrefeltet Voss - 17 leilegheiter og Ljones Gartneri. Me er 15 tilsette, firmaet vart etablert 15. november1999. Sandvenhagen, Gamle Dalavegen 88 - 5600 Norheimsund - tlf. 56 55 36 60 / 907 70 809 - E-post: ne@nhselektro.no 42 HEiMA Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 rissgrafisk.no Gamle Dalavegen 124, 5600 Norheimsund • Telefon 56 90 40 89 Opningstider: Måndag–onsdag: 7.30–16 Torsdag–fredag: 7.30 - 17 Laurdag: 9–14 rissgrafisk.no • Entreprenør: Grunn, betong og tømmer DIN LOKALE RØYRLEGGJAR! • Byggjevareutsal • Trevarefabrikk • Forhandlar av Hørmann garasjeportar - Me utfører alle typer røyrleggjertjenster Sjå utstilt garasjeog indust ripo i butikken rt vår! - Innstallasjon av varmeog energiløysingar GAMLE DALAVEGEN 84, 5600 NORHEIMSUND TLF. 56 55 36 00 - WWW.BADEMILJØ.NO - firmapost@neteland.no www.botnen.no Sandvenhagen Industrifelt, Norheimsund | Telefon 56 55 37 50 Ope: måndag-fredag 07.30-15.30, torsdag 07.30-17.30 BYGGEPLANAR? Nytt frå Optima: Intimvask! Me utfører byggesøknad, plassering i landskap, grunnarbeid og ferdigdokumentasjon. Til bruk ved intimplager og for å unngå slike plager. Bruk gjerne Optima pH hudbalsam etterpå. www.optima-ph.no rissgrafisk.no Til bruk for kvinner og menn. Tel. 56 55 25 00 www.kjosasmaskin.no GRAVING SPRENGING TRANSPORT KRANBIL OPPMÅLING CONTAINER GRUS Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 H EiM A 43 rissgrafisk.no Kvam Kraftverk - har sidan starten i 2002 hatt visjonen at alle innbyggjarar og verksemder i Kvam skal få tilbod om breiband gjennom eit høghastigheits fibernett. BREIBAND VIA FIBER - har i 2016 eit godt utbygd fibernett i Øystese, Norheimsund, Steinsdalen, Vikøy, Tørvikbygd og Strandebarm. for heile Kvam - er oppteken av at alle kundane skal ha tilgang på dei beste innhaldstenestene frå framtidsretta og solide samarbeidspartnarar. Ta kontakt dersom du ønskjer fiber til heimen eller til di verksemd. Tlf: 56 55 33 00 eller e-post: fiber@kvam-kraftverk.no Sjå våre heimesider for meir informasjon: www.kvam-kraftverk.no - leiger i dag ut rundt 1300 fibersamband nytta av bustader og private/kommunale verksemder. Sambanda vert leigde av NextGenTel, BKK Fiber, Broadnet, Kvamnet og Kvam herad. - leverer fibersamband til viktige funksjonar som ambulanseteneste, legevakt, bank, vassforsyning, straumforsyning og kraftproduksjon. - sitt fibernett er designa og bygd med tanke på maksimal stabilitet og oppetid. Dei siste åra har oppetida vore på 99,99 %! TIL DEG, FOR DEG! DER SKAL VI BYGGJE. OG BU. VI ER HER. SPV Vi har gitt startkapital til nyfødte barn, nystarta bedriftar og nyetablerte familiar på Vestlandet i hundrede og ørti år. Det skal vi gjere i framtida og. spv.no / 05555 44 HEiMA Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 Banktenester i endring TEKST OG FOTO: TORLEIV LJONES - Vi står midt opp i store endringar i bruken av bank. Meir digitalisering og auka krav frå kundane til økonomisk rådgjeving gjer at både vi og kundane må omstille oss, seier regionbanksjef i Sparebanken Vest (SpV) Tom Rasmussen. Han vedgår at nedlegging av fleire bankkontor har vore ei påkjenning i mange bygder for vi lever av tillit hjå kundane. Rasmussen har ansvaret for banken si verksemd i Hardanger, Midthordland og Voss og kan gleda seg over ein dominerande marknadsdel på personkundar. 72 prosent av banken sine utlån går til desse. Også for små og mellomstort næringsliv har banken ein sterk posisjon i vår region. Dei siste åra har banktenester på PC og mobil vorte vanleg og folk flest har lært seg å ta i bruk denne nye teknologien. Berre det siste året har talet på manuelle transaksjonar over skranke vorte redusert med heile 75 prosent. Publikum har ikkje lengre det same behovet for å oppsøkja banken til daglege tenester. Det har resultert i nedlegging av filialar. Det har vore ei krevjande omstilling, med nødvendig for å redusere kostnader og tilpasse tilbodet til bruken. Det at SpV no legg bankbygget i Norheimsund ut for sal, er ikkje eit teikn på at bankverksemda i bygget skal reduserast. Banken ynskjer å inngå ein svært langsiktig avtale med ny kjøpar om leige av lokale til eiga drift. Eiendomsmegler Vest, banken sin eigedomsmeklar, har nett flytta inn og ynskjer å utvida tilbodet sitt. Samstundes er det aukande behov for økonomisk rådgjeving. Bankkontora har no ikkje ekspedisjon over skranke som si fremste oppgåve, men individuell rådgjeving innan økonomi, plassering og forsikring. Undersøkingar synar at særleg ungdomane har behov for personleg kontakt i banken og gode råd når dei skal etablera seg. – Å bruka ein lokal bank er på mange måtar å ha ei forsikring mot framtidige problem, seier Tom Rasmussen. Det kan vera arbeidsløyse, skilsmisser eller uventa store utlegg som kan gje betalingsproblem. Då er det godt å ha personlege relasjonar i banken. Det er ikkje like lett å koma til ein nettbank i slike tilfelle. Rentenivået på lån i SpV skal vera konkurransedyktig, men det vil ikkje alltid seia å vera heilt lågast. Det er den totale pakken med Her blir me, seier banksjef Tom Rasmussen. tenester i banken som gjeld. SpV har ein solid eigenkapital og ein posisjon i marknaden som gjev god tilgang på kapital. Rasmussen legg vekt på at SpV er ein lokal bank som stør opp om lokale lag, organisasjonar og eldsjeler gjennom tildeling av gåver. Den gamle sanninga om at «cash is king» står for fall. Bruk av kontantar som betalingsmiddel går heile tida ned. Over 90 prosent av betalingar i butikk skjer no med kort. For dei som arrangerer konsertar eller held basar har banken små terminalar til utlån. Førebels står det ikkje betalingsterminal på offerbordet i kyrkja lokalt, men det er faktisk kyrkjelyder som har dette. Det seier jo litt om at det kontantlause samfunnet ikkje er så langt unna. Inne i banklokalet i Norheimsund er det automatar som gjer det enkelt når sparegrisen skal tømast eller dagens omsetning skal inn på konto. Det er ikkje alltid like lett for dei fleste av oss å hengja med når nye tider og rammevilkår krev omstilling. Det gjeld også økonomi og betalingstenester. Så går det nokre år, og når vi då ser oss attende må vi vedgå at det gjekk bra, ja det gjorde til og med det daglege livet lettare! Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 H EiM A 45 Fruktbonde Karin Mo Valland saman med Pusi. Foto: Brit Aksnes Frå apal til eplehekk Per Spelemann bytte ut kua med fele - no gjer Karin Mo Valland det same, berre at kyrne vert bytt ut med frukttre. TEKST: BRIT AKSNES Hardanger er kjent som Noregs frukthage, men om du ser på epla i butikken har dei oftast reist både langt og lengre enn langt. Berre kring tolv prosent av alle epla du får tak i gjennom daglegvarekjedane er norske. Ser ein på talet produsentar, er ikkje det altfor mange som driv med fruktdyrking på heiltid, heller ikkje i Hardanger. Men frå hausten av vert mykje av bakkane på Valland dekka av nye rader frukttre, dette skal få prosenten opp. Den komande fruktbonden Karin Mo Valland gler seg. Gardataus Veslejenta Karin vaks opp i byggefelt på Tolo. Foreldra tok over småbruket som slekta hadde i Skipadalen i 1975. Då var Karin ni år gamal, og somrane framover pitla ho og syskene jordbær og bringebær på den store åkeren. Det var elles både frukt og grønsaker på småbruket, så den grøne interessa vart tidleg vekt, sjølv om Karin lattermildt kalla det frivillig tvang. Gardslivet skulle likevel venta på seg som karriereval. Inntil for nokre år sidan arbeidde Karin på Opplysningen 1881, ein kvardag langt frå livet som gardataus. Rett nok hadde ho teke mykje av mjølkinga og anna gardsarbeid, sidan husbonden og bonden Gjermund jobba i Nordsjøen fjorten dagar i slengen. – Me har hatt samdrift, og då eine parten laut sjukemelda seg, vart eg gåande og tenkja at alle dei mange flinke avløysarane som 46 HEiMA Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 var innom, gjorde i grunnen berre den same jobben eg kunne gjort sjølv. Så søkte eg permisjon frå Opplysningen, men hadde allereie eigentleg bestemt meg: eg ville driva gard på heiltid. Vitskap og interesse Garden til Karin og Gjermund ligg på Valland, på oppsida av vegen ligg Sjuragarden, som også er deira. Frukttrea i Skipadalen tilhøyrer også dei, etter at ho tok over eigedomen etter foreldra. Her fanst gode, gamle sortane slik det ofte var på gardane rundtom. Der hadde ein litt av forskjellige typar ståande side om side - pæresorten Dobbel Phillip og eplesortar som Prins, Philippa og Bramley. – Personleg har eg vorte meir og meir begeistra for Bramley. Desse sure epla er heilt topp til matlaging. Når det gjeld mateple, er det distributørane og butikk-kjedane som avgjer sortementet. Eg trur likevel det er ein marknad for mateple, så eg har lyst til å få Bramley-eple tilbake i butikkane. Det lyt verta betre vilkår for lokal frukt. Og område som Sogn, Gvarv i Telemark og Lier på Austlandet er på full fart som leverandørar, slik at Hardanger kan koma til å sakka etter om me ikkje passar på. Eg håpar fleire vurderer å starta fruktproduksjon, seier Karin. Ho tok sjølv etterutdanning på Hjeltnes gartnarskule i Ulvik, men det viktigaste for å halda på med frukttre, er å ha ei interesse for faget. – Ein lyt driva på heilt anna måte no enn før skal det bli noko av det. Tettplantingsmetoden går ut på å ha heile rader av ein type frukt på heile teigen. Trea skal vera små, og sidan dei har så svak rot, må dei ha oppstøtting, nærast som bringebærhekkar. Det er ein heil vitskap, men svært spennande å setja seg inn i, fortel ho og ser ut kjøkenvindauga oppover teigen med dei tettplanta fruktberarane. Vêr og vind Framleis er fruktpakkelageret på Utne det største i landet, så Karin er svært optimistisk med tanke på garden. Og så finst det jo andre måtar å få selt frukta si, seier ho og avslører at ho har klare tankar om driftsbygninga som etter sommaren vert utan dyr. Å ha eigen gard gjer at draumar kan realiserast. Det er ein av mange goder. – Jobben gjer seg ikkje av seg sjølv, men er trass alt fleksibel. Eg likar å vera ute, eg likar å jobba. Og så er det så variert arbeide - januar til mars skjering av tre, så kjem blometynninga og epletynningar. Frå midten av september til uti oktober driv me innhaustinga. Men ingenting er sikkert - me lyt innretta oss etter naturen. Det nyttar ikkje å sprøyta viss vinden fyk rundt novene! Frå fjos til jus Og vêret er verkeleg den tingen ein ikkje kan gjera noko med. Ein haglskur kan gjera enorme Karin trivst med utearbeid - her frå skjeringa tidleg i fjor vår. Foto: Andrea Dalatun skadar. Då er det viktig å ha ein plan med frukta. Nyleg oppretta Karin eit selskap oppkalla etter garden over vegen, Sjuragarden. – Eg tenkjer at for den del av frukta som ikkje held første klasses kvalitet, må det vera betre å ta seg av den sjølv enn å selja den som press-eple. Eg har ein plan med det mjølkehuset, for å sei det slik! smiler Karin. Dette er uansett eit stykke fram i tid. Hovudoppgåva no er å gjera om heile garden til ein fruktgard. Kvar teig skal dekkjast av frukttre dei neste åra. Slikt vert det ikkje mykje fritid av. – Ferie? Nei, det får venta! Men me treng i det minste ikkje avløysar til trea, dei står når me kjem att, dei - det er godt dei ikkje skal til fjells eller kan stikka av, ler Karin. Og oppover bøane står trea på geledd og ser ut som det einaste dei vil er å få sol og varme og syta for at nok ein gard skal veksa fram i Noregs frukthage. Sjuragarden med bugnande Aroma-tre. Foto: Karin Mo Valland Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 H EiM A 47 rissgrafisk.no Skal du ha selskap? rissgrafisk.no CATERING Konfirmasjon, dåp, bryllaup eller andre tilstellingar? Kontakt Marit Botnen Catering på tlf.: 900 32 785 for gode tilbod! Me har plass til både små og store samkomer i Holmatun. Tapas · Koldtbord · Snittar · Catering Tlf. 900 32 785 · E-post: marit.botnen@gmail.com Sjå menyar på: www.botnengjestetun.no Mvh Marit · Holmatun, Øystese Nyheiter frå ZONE Badehandkle 249,Handhandkle 89,- Nova såpedespenser 249,Nova tannglas 139,Pedalbøtte 379,Nye korger frå 79,- Baderomsmøblar frå Danzani Inzo Velg FRITT blant pølser, hamburgere, pølse- og hamburgerbrød merket med dette symbolet. Vi spanderer den billigste! Utvalget varierer. Se etterbolet ! dette sym Dusjløysing frå Macro PØLSER Coop. Assortert. Fra 240 g Pr kg fra 88,66 PØLSEBRØD/ HAMBURGERBRØD Coop. Hamburgerbrød, pølsebrød og slidersbrød. 6 pk eller 12 pk Pr kg fra 32,42 48 HEiMA Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 HAMBURGER Coop. Assortert. Fra 220 g Pr kg fra 93,20 Den nye handelslagssjefen Den polske kvemmingen, Diana Anna Szymanska, kvir seg ikkje for å ta i eit tak eller ti. Slikt blir det drivande sjefar av. TEKST OG FOTO: BRIT AKSNES Ho er ikkje skvetten, Diana Anna Szymanska. Det tenar ein også lite på, når ein kjem frå ein småby i Polen der få har jobb. Heimbyen Lomsza ligg 130 kilometer nord for Warszawa og nesten 2000 kilometer frå Kvam, men med stå-på-vilje og gode språkevner kjem ein langt. Nøring og norsk Det var mannen til Diana som fyrst fekk seg jobb og flytta til Kvam. Han starta på Øystese Mekaniske Verkstad i 2007 og sjølv om ho då studerte til å verta politi, vart avstanden til ektemannen for stor. Ho følgde etter, og nokre månader seinare, med norskkurs og jobbsøking, kunne ho ta til på verksemda Nøring i Øystese. Lite visste Diana om lefser og ramslauk, men ho lærte heile produksjonsrekkja undervegs. – Eg hadde berre litt kelnererfaring frå heimbyen min, så alt var svært nytt. Eg lærte sylting og hermetisering og ikkje minst norsk, seier Diana. Til liks med andre nye nordmenn byr det på visse utfordringar at mykje av opplæringsmaterialet er på bokmål - ho er klar på at det er nynorsk og kvammadialekt som gjeld. Eit kupp for Coop Etter over fire år på Nøring hadde Diana lyst på nye utfordringar og fekk jobb på Coop Mega i Øystese. Her jobba ho eit års tid, då hennar overordna oppmoda henne om å søkja på stillinga som sjef i Tørvikbygd. – Eg hadde fått smakt litt på ansvaret sidan eg hadde jobba eit halvt år som assisterande butikksjef i Øystese, og med ein strålande attest frå sjefen min fekk eg tillit frå Coop. Me har nært samarbeid oppover i systemet, og sidan dei etterkvart kjente til meg, så hadde dei tillit til at kunne ta på meg vervet i Norheimsund òg. Coop Prix i Norheimsund er omlag tre gongar større enn den i Tørvikbygd og har over dobbelt så mange tilsette, men det skræmer ikkje Diana - dess travlare, dess betre. kundekulturen i Noreg likar ho betre, særleg det at personalet er der for kundane, og gjer sitt beste for at kundane skal vera nøgde. – Eg prøver å vera i butikken stort sett heile tida. Eg vil gjerne høyra kva kundane vil ha og kva me manglar. Og sidan ho likar å jobba, så fyller ho ofte i hyllene sjølv, i tillegg til å ta seg av bestillingane og personalansvaret. Ho er kvikk til å skryta av kollegaer og Coop-systemet. Og på spørsmål om kva ho ser for seg framover, tenkjer ho seg ikkje om lenge - ho kan godt bli verande i butikkyrket resten av livet. Livet ut Det regnar mykje på Vestlandet, men Diana saknar ikkje gamlelandet for mykje. Også Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 H EiM A 49 Småcampingbruk Leif Ove Aksnes med dottera Lone og eit par av dei over hundre lamma som kom i vår. Oddland Camping vert kanskje aldri noko storskalaverksemd, men store i Sør-Korea er dei likevel. TEKST OG FOTO: BRIT AKSNES Køyrer du gjennom Vikøy på veg til eller frå ferja i Tørvikbygd, ligg det ein liten campingplass rett ved vegen. Små, grøne hytter med rullesteinsfjøra rett nedom og heile fjorden og fonna midt i mot. På det vesle småbruket Oddland har det vore drive camping sidan 1972, då Lars O. Aksnes, bestefar til dagens drivar og bonde, Leif Ove Aksnes, bygde fyrste hytta. I mellomtida dreiv foreldra til Leif Ove, noko som skulle bety tre generasjonar Oddland camping - han og kona Eva Terese Bakke går inn i sin andre sesong til sommaren. For han er det no heiltidsjobb. – Eg er oppvaksen på Oddland og har campingen så og seia i blodet. Frå eg gjekk og selde heimelaga perlesmykke som gutunge til foreldra min tok over i 1999, har eg hengt ved hyttene og hjelpt til. Då foreldra mine ville gje seg eit år sidan, måtte eg ta stilling til om eg skulle ta over. Eg fann ut at då laut eg sei opp jobben og gå hundre prosent inn, og det har eg ikkje angra på. Korea og Trolltunga Med sju hytter vil aldri Oddland camping ver- 50 HEiMA Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 ta noko stor aktør. Det kan vera litt av styrken. Turistar ser gjerne etter det unike, det spesielle - det kan Oddland trygt tilby. Det er stor stas å vera med bort i fjosen for å sjå på lamma eller å ta seg ein rotur på fjorden. Ofte blir gjestene både ein og to dagar lenger enn dei i utgangspunktet tenkte. – I høgsesongen vert det mykje turistar, både utanlandske og norske. Det var alle engelskmennene som køyrde forbi på sekstiog syttitalet som fekk bestefar min til å starta opp. I dag er det mest tyskarar og nederlendarar, men også folk frå Korea. Det viser seg at me ligg heilt på topp på ei koreansk reisenettside! Mange er på veg til Trolltunga, som verkeleg er vorte den nye turistattraksjonen i Hardanger. Oddland ligg ganske midt på vegen om du reiser frå Bergen til Odda. Dei får ofte høyra at gjestene som kjem har fått staden tilrådd av tidlegare gjester. – Og så er det folk som leitar på nettsida Tripadvisor. Der har me rett og slett hundre prosent positive tilbakemeldingar! Det er klart slikt verkar inn på besøkstalet, seier Leif Ove. Auke Det blir ikkje mykje ferie av å driva ein populær overnattingsstad. Når andre reiser på sommarferie, held heile familien på seks til saman seg i bygda. Vinterstid er det berre ei av hyttene som er isolerte mot kulden, noko som medfører langt mindre utleige, så fjorten dagar i Spania sist februar var god kompensasjon mot manglande sommarferie. – Fjoråret må kallast eit toppår, det stod knapt ledige hytter heile sommaren - i heile juni var det berre fem ledige døger, i juli tre og i august fem. Me torer knapt håpa på noko tilsvarande, men det er klart det er moro når det går så bra. Telefonen kimar stadig med bestillingar allereie tidleg på våren og gjer seg stort sett ikkje før ut i oktober. Stundom har me anleggsarbeidarar som bur i periodar, dei er bra gjester. Og så vert det mindre jobb når ein ikkje treng byta sengekle kvar dag. Eg gjer alt frå golvvask til vedlikehald av bygg. Med 75 sauer i tillegg, så er det nok å gjera, seier Leif Ove og svarar på ein ny innkomande telefon. SAMARBEID FOR NÆRINGSUTVIKLING I KVAM VED AVDELINGANE VÅRE KJEM DU NÆR HISTORIA, KULTUREN OG KUNSTEN SOM PREGAR MENNESKA I HARDANGER. DEI ER ALLSIDIGE OG HAR STOR SPENNVIDDE I TEMA OG TILBOD. Ved å bli med i eit næringslag kan også ditt firma bidra til næringsutvikling! Kvam Næringsråd, Norheimsund Næringslag og Øystese Næringslag lagar magasinet HEIMA gjennom eit godt samarbeid. KABUSO - Øystese Omvisingar i skiftande samtidskunstutstillingar. I sommar får du sjå Olav Christopher Jenssen sine kjende abstrakte måleri. Ein vakker park bind Ingebrigt Vik sine skulpturar saman med Kabuso. Besøk verdas nordlegaste av i alt 70 Skyspace. Konsertar i kammermusikksalen. Desse personane er med i styret i Norheimsund Næringslag og Øystese Næringslag Stengt måndagar. HARDANGER FARTØYVERNSENTER - Norheimsund Kulturnaustet – storsatsinga i 2016 opna med Knud Knudsen-utstillinga «Kysten», som er ei reise langs kysten i ei anna tid. På det familievenlege museet får du oppleve handverkarar i arbeid og du får prøve deg på kjekke aktivitetar i gjesteverkstadene. Billett inkluderer robåttur. Øystese Næringslag: Geirmund Storaas, styreleiar Gjermund Stuve, styreleiar E-post: geirmund@storaas.as E-post: gjermund@nlth.no Hildegunn Lund Sjurd Valland Elisabeth Kvammen Melcher Jahn Brattli Tolo Marit Buttingsrud Arne Aalvik Arne Digernes Hølje Torpe Martin Lunestad rissgrafisk.no © Florian Holzherr Norheimsund Næringslag: HARDANGER FOLKEMUSEUM - Utne AGATUNET - Aga Eit klyngetun med 30 freda hus. Den unike Lagmannstova er ein av dei best bevarte middelalderbygningane i landet og oppført av Sigurd Brynjulvson Aga. Skiftande utstillingar, konsertar, cidersmaking i ciderkjellaren og festmiddag kan arrangerast. Felles HVm-billett SPAR 70% - kr 190,- www.hardangerogvossmuseum.no rissgrafisk.no Me har ope alle dagar kl 10-17 (mai-sept.). Musea har barnetilbod og viser flotte filmar. Kafear og suvenirbutikkar med godsaker. Ope for grupper heile året. Kontakt: 40 43 41 00, post@hvm.museum.no Tradisjon møter det moderne på Hardangerfjord Hotel Frå vakker natur til rom med eventyrleg utsikt og gode konferansefasilitetar, Hardangerfjord Hotel har det meste. God service set me høgt, og kvaliteten på maten i vår moderne restaurant snakkar for seg sjølv. Vårt hotell er eit godt utgangspunkt for utflukter, det vera seg gardsbesøk, fjordcruise eller brevandring på Folgefonna. Symjebasseng og sauna er ope for alle. © Silje Solvi © Konrad Konieczny/VisitNorway.com Velkomen til Hardangerfjord Hotel rissgrafisk.no • Foto: Mariusz Marczak Knud Knudsen-utstillinga «Fjorden» viser livet i fjorden for 150 år sidan. Faste utstillingar av hardangersaum, bunadar og Noregs største samling av hardingfeler. Konsertar og arrangement gjennom heile året. T: 56 55 63 00 hardangerfjord@bhghardanger.no www.hardangerfjord-hotell.no Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 H EiM A 51 Steller i hagen Medan andre putlar med blomar og bed i sommarhalvåret, arbeider Sigmund Vereide og Marita Gjerde i Næringshagen i Hardanger. Dei gjødslar private verksemder. TEKST OG FOTO: KATRINE HELGHEIM Statens industrivekstanlegg (SIVA) har saman med fylkeskommunar og kommunar rundt 45 næringshagar i distriktsnoreg. Målet med næringshagane er å skapa innovasjon og utvikling i det private næringslivet i distrikta. – SIVA får pengar frå departementet og gjev dei vidare til distrikta via næringshagane. Slik får verksemder i distrikta hjelp, seier Vereide. Medlems- eller målverksemd Næringshagen i Hardanger har 29 medlemsverksemder rundt heile fjorden, men flest i Kvam. 18 av medlemsverksemdene er såkalla målverksemder med ynske om vekst. Dei får rabatt på rådgjeving og hjelp mot medlemskontingent. Næringshagen er rådgjevar og koplar målverksemdene med andre verksemder eller kundar, relevante fagmiljø og det offentlege hjelpemiddelapparatet. Målverksemder kan til dømes få hjelp med søknader, hjelp til forretnings- og kompetanseutvikling, og råd om marknadsarbeid, strategiarbeid, handlingsplanar og nettverk. – I møte med målverksemdene arbeider eg mest med strategi. Eg er til dømes samtalepartnar for daglege leiarar som ofte sit med mykje ansvar i verksemder med mange til- sette og høvesvis liten administrasjon, seier Vereide. Han hjelper òg målverksemder med konkrete oppgåver som å finna ut av finansiering og orientera seg i det han kallar søknadsjungelen. – Før eg kom hit, tenkte eg at Hardanger si sterkaste merkevare var mat og reiseliv. Men eg er imponert over at det er så mange store entreprenørar og stor industri her. Det er mange dyktige folk i regionen, seier Vereide. Næringshagen kan setja verksemder i samband med til dømes finansinstitusjonar, investormiljø, offentlege etatar, IT-kompetanse, juridisk kompetanse og Innovasjon Noreg. Vert del av fellesskap Dei som ikkje stettar krava for å vera målverksemder, kan vera medlemsverksemder i næringshagen. Då får dei invitasjonar til arrangement i regi av næringshagen, marknadsføring og gratis inngang til ulike temamøte. – Ved å vera medlem, bidreg ein til fellesskapet og tek ansvar. Og medlemene får noko att. Dei vert del av ein fellesskap, dei får rabatt på kurs, og dei bidreg til næringsutvikling, seier Vereide. Ifølgje Vereide er næringshagen ein slags døropnar mellom verksemder. – Det er ein stor verdi at verksemder vert kjende med kvarandre, òg når dei er konkurrrentar. Det er viktig å støtta kvarandre og gjera kvarandre gode. I distrikta har ein nok av motkrefter å slita med, så det er viktig med samarbeid, seier Vereide. Vereide nyt sjølv godt av samarbeid og eit yrande liv kring seg i Fruktlageret i Øystese, der næringshagen har hovudkontor. Ti ulike verksemder har kontor i same bygning. – Det kan verta einsamt å sitja åleine. Her er det kort veg til andre om ein treng svar på eitt eller anna, og me har ein kjekk lunsjpause saman kvar dag. Det har ein god effekt, seier Vereide. Trur på vidareføring og vekst Næringshagen i Hardanger vart stifta i juli i fjor. Ifølgje Vereide la Torleiv Ljones og Kvam næringsråd grunnlaget for næringshagen. – Torleiv brukte sitt store nettverk og gjorde ein fantastisk god jobb, seier Vereide. Næringshagen i Hardanger er godkjend som eit såkalla pilotprosjekt, eit prøveprosjekt, til 1. juli 2016. Om visse krav er oppfylte, vert næringshagen vidareførd i ti år. Det vert klart 15. juni. KURS I STYREKOMPETANSE med BI i Kvam Bruk styret til å skape vekst! KURS 10.–13. oktober og 14.–16. november 2016 i Kvam • Få kunnskap om – styret som aktiv ressurs – teoriar – praktisk utøving av styreverv • Få innsikt og forståing om – leiing – styring – kontroll av bedrifta • Kurset passar for dei - som sit i eit styre - som ynskjer å ta på seg styreverv - leiarar/dagleg leiarar i små og mellomstore bedrifter i privat sektor/offentleg sektor Frode Solberg, Høgskulelektor BI 52 HEiMA Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 Kontakt Næringshagen for meir informasjon – Me har stor tru på at næringshagen vil leva vidare, seier Vereide. Vert det slik, kjem det til å verta invitert til aksjeutviding. Vona er at bedrifter som ynskjer å utvikla næringshagen skal vera aksjonærar, ifølgje Vereide. Han er cand mag. i biologi og samfunnsfag, er utdanna i gründerrettleiing og prosjektleiing, og har fem års røynsle som dagleg leiar for Sandane næringshage i Gloppen i Sogn og Fjordane. 53-åringen har vore miljøvernkonsulent i Gaular og Gloppen i åtte år, festivalsjef for matfestivalen Matamål i Sogn og Fjordane, og dagleg leiar i det personlege konsulentselskapet Promiljø. – Eg kjenner meg heldig som får arbeida med så mange dyktige folk. Eg lærer mykje, seier Vereide. Nyleg fekk han ein ny kollega i næringshagen: kompetanseutviklar Marita Gjerde frå Øystese. – Det er kjekt. Vona er at næringshagen skal verta større og trekkja til seg endå fleire gode folk, seier Vereide. Marita Gjerde og Sigmund Vereide er dei to tilsette i Næringshagen i Hardanger. Dei held til i Fruktlageret i Øystese og har til arbeid å støtta private verksemder i regionen med råd og hjelp. Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 H EiM A 53 Vårslipp Kampanjepriser på årets modeller, fullstappet med utstyr! www.meca.no LEVERINGSKLARE, SPLITTER NYE BILER – FØRST TIL MØLLA! FORD MONDEO: Med ogfor navigasjon SYNC2 FORD FIESTA: Fåautomatgear med utstyr kr 23.000,- Få med teknologi og utstyr for inntil med 8” berøringsskjerm, verdi kr 25.000,- FORD MONDEO: Med automatgear og navigasjon FORD FOCUS: Få med utstyr for kr 20.000,SYNC2 med 8’’ berøringsskjerm, verdi kr 25.000,- kr 32.000,- FORD KUGA: Med automatgear, tilhengerfeste og metalliclakk. Verdi kr 32.000,FORD FOCUS: Få med utstyr for kr 20.000,- D AUTOMATGIR FORD S-MAX: Med automatgear og familiepakke, verdi kr 31.000,FORD KUGA: Med automatgear, tilhengerfeste og metalliclakk. Verdi kr 32.000,NB: Tilbudene kan ikke kombineres med eventuelle andre tilbud. Gjelder et begrenset antall biler. Vær rask! FORD S-MAX: Med automatgear og familiepakke, verdi kr 31.000,andre tilbud. NÅ MED AUTOMATGIR Kontakt oss gjerne for mer informasjon og prøvekjøring! VG 20.05.15 VG 20.05.15 Din lokale Ford-forhandlar NORGES MEST SOLGTE SUZUKI – NORGES MEST SOLGTE BILMERKE MED 4X4 OG BENSIN! 4X4 INKL I PRISEN NORGES STØRSTE UTVALG AV 4X4 OG AUTOMATGIR NORGES SIKRESTE BILER 4X4 INKL I PRISEN UNIKT ALL GRIP 4X4-SYSTEM PRIS OG AVGIFTSVINNER NORGES STØRSTE UTVALG AV 4X4 OG AUTOMATGIR TERNINGK AST 6 I VG PÅ PRIS OG SIKKERHET NORGES SIKRESTE BILER AUTOMATGIR KUN 15.000,PÅ ALLE MODELLER UNIKT ALL GRIP 4X4-SYSTE M PRIS OG AVGIFTSVINNER TERNINGKAST 6 I VG PÅ PRIS OG SIKKERHET Vitara 4x4 fra 304.900,Som skapt for norske forhold! www.suzuki.no Automatgir + 15.000,- SPORTTECH-PAKKE: VERDI 72.500,KAMPANJE 25.000,SPAR 47.500,- AUTOMATGIR KUN 15.000,PÅ ALLE MODELLER For meir opplysingar, kontakt Christoffer Gjerde T: 481 84 305 | E: cg@omvas.no Øystese mek. Verkstad AS | Ditt bilsenter i Kvam | T: 56 55 03 00 54 HEiMA Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 rissgrafisk.no PÅ PRIS Som sertifisert MECA Car Service-verkstad står me alltid parat med moderne verkstadsutrustning og det siste innan den tekniske utviklinga. Vår kompetanse er høg og me tilbyr deg best bilservice. Bestill service så ordnar me dekkskift, bremsekontroll, AC kontroll, understellsjekk, batteritest m.m. BEST I TEST Me reparerer og tek service på alle bilmerke. Merkeverkstad/spesialistar PÅ SIKKERHET PÅ PRIS på Ford og Suzuki. NB: Tilbudene BEST I TEST kan ikke kombineres med eventuelle VG 20.05.15 NYE VITARA 4X4 Ta kontakt for tinging av time! FORD FIESTA: Få med utstyr for kr 23.000,- VITARA 4X4 HET Treng bilen service før sommarferien? Fagbutikk for gullog sølvvarer Amalie´s Klær AS Me har stort utval i dameklær til fest og kvardag! rissgrafisk.no · Godt utval i bunadssølv · Gravering og reparasjonar blomar, gåver og interiør Faghandel for alle livets øyeblikk: · Bryllaup · Sorg · Konfirmasjon · Bursdag · Dåp/Namnedag · Kvardag Me leverer blomar frå Vikøy til Ålvik og formidlar blomar i resten av landet og verda. Tlf.: 56 55 52 74 www.minblom.no · minblom@interflora.no LIVET, DAGANE, GLEDA, SOLRG, KVAR DAG SIN BLOM HANDPLEIE • MAKE-UP • HUDPLIE / MEDISINSK HUDPLEIE BRUD • VIPPER OG BRYN • FRISØR FOTTERAPI MASSASJE, SPA OG KROPPSBEHANDLING PERMANENT MAKE-UP • HÅRFJERNING Sjusetevegen 3 • 5610 Øystese • Tlf.: 56 55 59 90 • 405 81 715 DET ER IKKJE BERRE TILBODA DU KAN SPARE PENGAR PÅ! NÅR DU ER MEDLEM, SPARER DU PENGAR PÅ ALT DU HANDLAR HOS OSS – FORDI DU FÅR KJØPEUTBYTTE -Litt for fint Kafé · Middag · Catering · Selskapslokale varm og kald mat · dessert · barnemeny Hjarteleg velkomen innom oss! Opningstider: mån-fre 10-17 · laurdag 10-15 rissgrafisk.no Min blom Verkstad - reparasjonar - gravering Tunet senter · 56 55 55 56 rissgrafisk.no TUNET SENTER • 5610 ØYSTESE • T: 56 55 50 00 rissgrafisk.no Me kler deg opp til din anledning! rissgrafisk.no Me fører: Lindon • Wearhouse Brandtex • Steilmann • Intown C.RO • Jazz • Isay •Lévolution Skovhuus • Smykker • Sjal Trinny & Susannah produkt Belter • Nattklær - bokhandelen i Hardanger Hjelper deg med alt av bøker - her finn du og gåveartiklar, kart, kort, spel m.m. Den norske Forleggerforening valgte i 2009 å gje prisen for “særleg innsats for fremjing av norsk litteratur” til HUUS bokhandel. Me har det du treng for måling inne og ute! Godt utval i hagemøblar! Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 H EiM A 55 Er du student ved Stiftinga Høgskulen i Hardanger, kan du følgja undervisinga kvar som helst i landet frå andre etasje i Fruktlageret i Øystese. Stiftinga Høgskulen i Hardanger (SHIH) har avdelingar i Odda, Kvam og Eidfjord. Dette er eit lokalt fullverdig, fleksibelt utdanningstilbod på høgskulenivå med stor valfridom. Kvam herad er medeigar i stiftinga som har hovudkontor i Odda. SHIH er tilknytt Studiesenteret.no som er eit landsomfattande utdanningsnettverk med 41 studiesentra i 16 fylke og som samarbeider med fleire høgskular og nettverk. Studieprogrammet inneheld ca 100 ulike studietilbod, heilt frå enkeltemne på bachelornivå til bachelorgrader og masteremne, alt tilrettelagt for lokal læring. Undervisninga er basert på audiovisuelle hjelpemiddel og lokalisert på Kvam Fruktlager i Øystese med Næringshagen i Hardanger som lokalt driftsansvarleg. Gå inn på heimesida www.studiesenteret. no for å sjå på studiekatalogen for komande skuleår. Her vil de finna mange tilbod som kan gje auka formell kompetanse og dermed betre høve til å lukkast i ein stadig sterkare konkurranse om dei gode jobbane på arbeidsmarknaden. Både næringslivet og offentleg sektor må heile tida omstilla seg til nye rammevilkår og er avhengig av ny kompetanse hos dei tilsette. Dei fleste vil kunna finna eit tilbod i SHIH som dekkar behovet. Denne studieforma eignar seg særleg godt for dei litt vaksne studentane som ikkje 56 HEiMA Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 Høgskuleundervisning i Kvam TEKST: TORLEIV LJONES • FOTO: KATRINE HELGHEIM Skjermen viser alle som deltek i same studie, samt førelesaren alle lyttar til. ynskjer å reisa heimanfrå for å ta utdanning og som sjølv tek ansvar for eiga læring. Ved hjelp av video har ein god to-vegs kontakt med både forelesar og dei andre som deltek i undervisninga andre stader i landet. Eksamen kan ein også ta lokalt. Ta kontakt med Marita Gjerde i Næringshagen i Hardanger på e-post marita@hardangerhagen.no eller telefon 918 17 440 om du vil ha nærare opplysningar. Korleis viser du igjen? Korleis ser fasaden din ut? Er bilen din synleg? Kan kundar finna deg på internett? Har du annonsar og trykksaker som seier kven du er? Ver synleg i både digitale og trykte media. Ta kontakt – me kan hjelpa. Riss grafisk formgjeving AS • Nedre Vik 4, 5610 Øystese • 56 55 36 50 • post@rissgrafisk.no • rissgrafisk.no LYST TIL Å UTVIKLA DEG OG BEDRIFTA DI? Marita Gjerde kompetanseutviklar Mob.: 918 17 440 marita@hardangerhagen.no KURS SKREDDARSYDD FOR DEG Sigmund Vereide dagleg leiar Mob.: 900 70 848 sigmund@hardangerhagen.no Følg oss på nettverk | datakommunikasjon| økonomi | kundebehandling effektivitet | service | styrerolla | marknadsføring | arbeidsforhold | høgskuleutdanning Kurs i styrekompetanse 10.–12. oktober og 14.–16. november. Samarbeid med BI, 36 timar, 7,5 sp PERSONLEG BEDRIFTSRÅDGIVING • Vil bedrifta di vekse? • Treng bedrifta di hjelp til å utvikla seg? • Er du interessert i nettverksbygging? Me inviterer firmaet ditt til å verta målbedrift Næringshagen i Hardanger Sjusetevegen 27, 5610 Øystese nih@hardangerhagen.no | www.hardangerhagen.no Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 H EiM A 57 NYBYGG OG REPARASJONAR Takstingeniør Helge Fjellro AS Byggmeister MAGNAR TVEIT AS Tlf. 56 55 83 02 • Mob. 97 71 70 38 magntve@online.no • 5620 Tørvikbygd • Taksering av bolig, tomter og næringsbygg LOKAL IDÉHUSLEVERANDØR • Tilstandsanalyse og boligsalgsrapporter • Taksering av landbrukseiendommer • Uavhengig kontroll • Skadetakster SAL AV TRELAST/ BYGGJEVARER • Byggeledelse og kontroll av utføring • Glas/dørar • Isolasjon • Panel/ listverk Tlf. 411 40 500 E-post: post@helgefjellro.no. www.helgefjellro.no Byggmeister 5620 Tørvikbygd • E-post: per.augstad@kvamnet.no Tlf. 56 55 28 70 • Mob. 950 59 910 • www.peraugestad.no Tlf. 56 55 94 64 • Mob. 957 44 565 Fax: 56 55 94 66 E-post: olav@sletvold.no Me utfører: • Bygging • 3D-teikning • Prosjektering • Søknad • Sal av bygningsmateriale rissgrafisk.no FORHANDLAR AV MESTERHUS 58 HEiMA Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 www.mesterhus.no rissgrafisk.no • Skurlast • Impregnert rissgrafisk.no • Eierskifterapport Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 H EiM A 59 AN E BA R M I L R A A B N E D SAL AV PØLSER BRUS - IS - VAFLAR R ST TR Ingen inngongspengar SIL friidrett Overnatting: Strandebarm Sportell: 56 55 14 50 Kontaktpersonar: Johannes Skogseide Børsheim mob: 469 07 372 E-post: jborsheim58@hotmail.com Knut Øystein Fosse Mob: 916 18 769 E-post: knof@epost.kvam.no Premiering: - Medaljar til dei tre beste frå 11 år. - Premie til alle rekruttar (7-10 år) - Bestemannspremiar (4 stk. á kr. 2.000 / 6 stk. á kr.1.000) Sundag 19. juni kl. 12.00 G/J 10 - 12 200m, lengde, kule G/J 13 - 15 200m, høgde, lengde, spyd G/J 16 - 18/19 200m, 400m, 3000m, lengde, høgde, spyd G/J 20 - senior Lengde, høgde, 400m, 1500m G/J 20 - veteran 200m, 3000m, spyd Strandebarm Idrettslag ynskjer velkomen til Hardanger Friidrettsfestival i Strandebarm Idrettspark. D Laurdag 18. juni kl. 12.00 G/J Rekrutt 60m, lengde G/J 10 - 12 60m, 600 m, høgde G/J 13 - 18/19 100m, 800m, tresteg G/J 13 - veteran Kule, diskos G/J 20 - senior 100m, 800m, tresteg Strandebarm Idrettspark 2016 1.pl kr. 2.000,2.pl kr. 1.500,3.pl kr. 1.000,- Premiering: 1500 m kvinner/menn, høgde menn Eliteøvingar sundag tresteg menn, 100 m kvinner/menn Eliteøvingar laurdag Gratis grilla laks frå kl. 15.00 frå kl. 19.00 i idrettshallen med Rune Larsen og Elisabeth Andreassen Oppvarming med Glava frå kl.18.00 Gratiskonsert laurdag NB: Påmelding etter fristen mot dobbel startkontingent dersom plass. Startkontingent Rekrutt - 14 år: kr 80,- pr. øving 15 år - veteran: kr 100,- pr. øving Konto: 3569.31.00885 Innan 12. juni 2016 elektronisk, via terminlista www.friidrett.no Påmelding FESTIVAL FRIIDRETTS Hardanger rissgrafisk.no 9.–12. juni: Hardingtonar, Norheimsund 10.–12. juni: Hardanger Trebåtfestival, Norheimsund 24.–26. juni: Handverksmessa i Jondal 30. juni–2. juli: Bygdalarm, Øystese 2016 Festivalar og marknadsdagar 2.–3. september: Ålvik Rock, Ålvik 10. september: Torgdagen i Norheimsund 7.–9. oktober: Hardanger frukt- og siderfestival, Øystese Bli medlem i Kvam Næringsråd! Kvam Næringsråd (KNR) er ein interesseorganisasjon for næringslivet i Kvam med ca 100 medlemer frå heile næringslivet. Arbeid for å skapa gode rammevilkår, vekst og utvikling for næringslivet i Kvam er fremste oppgåva vår. Kvam Næringsråd er det naturlege kontaktpunktet for Kvam herad mot næringslivet. Ein god infrastruktur med vegar, breiband, oppdaterte reguleringsplanar og ei løysingsorientert sakshandsaming i offentlege etatar er mellom dei tema me har engasjert oss i. Ei eiga gruppe arbeider med reiseliv. KNR fekk i 2014 i oppdrag frå Kvam herad å laga framlegg til heradet sin kommuneplan nettverk for har næringslivet for næring og kompetanse. KNR vore lokal saksbehandlar når tilskot frå kompensasjonsmidlar for arbeidsgjevaravgift skal fordelast. KNR har på denne måten medverka til at mange gode prosjekt har vorte gjennomførte. Styrken i det arbeidet me gjer, er avhengig av kor stor del av næringslivet me har som medlemer. Derfor ynskjer me nye medlemer velkomne. Innmeldingsskjema finn de på www.kvamnr.no K V A M Næringsråd På heimesida vår kvamnr.no og på facebook.com/kvamnr kan de finna fleire opplysningar om aktiviteten i Kvam Næringsråd. Ta kontakt med dagleg leiar Torleiv Ljones på telefon 913 47 997 eller på e-post: knr@kvamnet.no 60 HEiMA Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 rissgrafisk.no Foto: Torleiv Ljones Ordførar Jon Larsgard (Sp) gler seg over at folketalet i Jondal kommune har vakse jamt sidan 2009. Ein liten kommune i vekst Jondal kommune har vel 1.100 innbyggjarar. Det er kort avstand både mellom fjorden og isbreen, og mellom innbyggjarane og kommuneadministrasjonen. TEKST OG FOTO: KATRINE HELGHEIM – Ein føremon med å vera ein liten kommune, er at plassane er statlege. Elles er primærnæringane, Messe og akademi ein kjem nær folk. Det er kort veg mellom dei som landbruk og fiskeoppdrett størst. Turisme har stor Jondal har eit rikt utval lag og organisasjonar og god vil noko og kommunen, som kan bidra – ikkje minst verdi for handelsnæringa i sommarhalvåret. dugnadsånd, ifølgje ordføraren. Det viser seg mel- til næringsutvikling, seier ordførar Jon Larsgard (Sp). Jondal Stål er største verksemda, og i hellebrotet lom anna når Handverksmessa går av stabelen an- Fram til 2009 minka folketalet samanhengande i på Solesnes har tre verksemder arbeid. Også man- nakvart år. 11 frivillige organisasjonar i kommunen ge kvemmingar arbeider der. arrangerer messa på dugnad. Kvar messe samlar 25 år, og Jondal kommune var nede i 1.020 innbyggjarar. Sidan har folketalet vore stabilt og aukande, Ein del jondølingar driv eigne verksemder, og over hundre utstillarar frå heile Noreg. Overskotet og no tel ordføraren over 1.100 jondølingar. Om lag kommunen har eit næringsfond som er nyttig for frå messa vert delt ut til laga som deltek med frivil- halvparten av veksten skuldast ei endring av kom- sjølvstendig næringsdrivande. Fondet skal med lige under messedagane. munegrensene, men den andre halvparten skuldast pengar styrkja nye verksemder eller verksemder tilflytting. som allereie er etablerte. det i sentrum frå 24. til 26. juni. knyting til staden frå før, ifølgje Larsgard. Dei fleste Bustadfelt i alle bygder har enda opp som handverksmesse. Det er kvalitet i har anten hus eller familie i kommunen. Dei som flyttar til Jondal, er ofte folk som har til- I år feirar messa 30 år og finn stad på skuleområ– Handverksmessa starta som ei båtmesse, og I Jondal er det kommunale bustadfelt i alle bygder, arbeidet som vert presentert, og messa er attraktiv Det same var tilfellet for ordføraren, som er frå og mogelegheit for spreidd busetnad i heile kom- for både utstillarar og gjester, seier Larsgard. Hol i Hallingdal. Mor hans var frå Jondal, og Lars- munen. I sentrum er ein del nye leilegheiter til sals, Strikking, treskjering, gravering, broderi, smyk- gard flytta til kommunen då han overtok ein gard og bustadutvalet er heller assortert. Ynskjer ein kelaging, veving, keramikk, klesdesign, glasblåsing, etter onkelen sin. plass i kontorfellesskap, får ein det i sentrum. Der pilefletting og bunader er mellom handverkstradi- finn ein òg alle kommunale funksjonar; skule, bar- sjonane ein kan få kjennskap til, heiter det på hand- nehage og pleie- og omsorg. verksmessa.com. – Det er vanskeleg å seia eksakt kvifor folketalet aukar, men eg trur prosjektet Flytt til Hardanger gjorde oss meir medvitne at me må marknadsføra at me har arbeid og bustader. Dessutan har nye samferdsleløysingar verka positivt, seier Larsgard. – Me har fleksible ordningar i barnehagen, og dei som ynskjer plass, får plass, seier Larsgard. Jondal har kring 55 barnehageborn og rundt 120 Jondal er dessutan heimstad for Hardangerakademiet, eit fritt og uavhengig senter for fred, utvikling og miljø. skuleelevar. Kulturskulen er svært aktiv, og ein stor Bakgrunnen for senteret er at fredsforskar Jo- Meir sentralt del av skuleelevane er med der. Kulturskulen har han Galtung ættar frå Jondal og har hytte der. Han Jondal har vorte mykje meir sentral dei siste åra. eit breitt tilbod i musikk, kunst og drama, og gode arrangerte Hardangersymposiet kvar sommar, der Nye vegar og tunnelar har gjort at Jondal i dag er lærarar. han førelas om ulike emne. Så kjøpte Nordisk freds- Kommunen har dessutan gode friluftsmogeleg- akademi Jonatunet – det tidlegare tuberkulose- heiter. Ein kan stå på ski heile året og kjem seg lett sjukehuset i Jondal, og seinare sjukehus for psykisk Det har tradisjonelt vore mest pendling mot til isbreen Folgefonna. Jondal har mange merkte sjuke – for å bruka det til arrangement året rundt. Kvam, ifølgje ordføraren. Slik er det framleis, men turløyper og flotte preparerte skiløyper vintertid. – Fredlege konfliktløysingar, rettvis utvikling og no pendlar ein større del enn før til Odda. Frå Jondal Skyttarlaget i kommunen er svært aktivt, og det berekraftig bruk av naturen er verdiar som ikkje ber- sentrum tek turen kring førti minutt. same er idrettslaget. re er verde å satsa på, men som er eksistensielle for del av arbeidsmarknaden i Odda og Kvinnherad. Dessutan pendlar mange jondølingar til Kvam. I ein liten kommune som Jondal er offentlege arbeidsplassar dominerande. 40 prosent av arbeids- – Jondal er ein fredleg stad for folk som ynskjer å vår framtid, heiter det på hardangerakademiet.no. vera nær naturen, seier Larsgard. Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 H EiM A 61 flytta til Bergen igjen saman med han. Dei to budde på Danmarksplass. Han arbeidde Flytta heim for å gje borna ein god start i Veidekke AS, ho tok realfag intensivt og byrja på universitetet. – Eg skulle verta fiskehelsebiolog. Men så kom Benjamin. Han var i høgste grad planlagd, men det gjorde at eg måtte ta pause i studia. 14 månader etter kom Julia. Då eg skulle byrja andre året på universitetet med to små born, var eg ikkje motivert lenger. Eg higa ikkje etter det. Eg ville vera nær borna, seier Midtun. Då ho avslutta studiet, tok ho ein tilfeldig jobb i verksemda til mannen til ei veninne. – Eg skulle berre hjelpa han i bemanningsbyrået hans, for det var travle tider. Men ein månad vart til to, og to månader vart til tre år. Eg arbeidde der som personellkoordinator til Christian vart fødd. Og i fjor flytta me heim, seier Midtun. Eirunn Lothe Midtun vaks opp på Solesnes, men etablerte seg med mann, born og hus på Askøy. I fjor flytta familien på fem tilbake til Jondal. Ho vil byrja i arbeid att etter sommaren. Ho kjenner seg klar for yrkeslivet, men treng ikkje ei fulltidsstilling. Får ho velja, ynskjer ho ei deltidsstilling i fiskeindustrien. Gjerne arbeid med oppdrett på TEKST OG FOTO: KATRINE HELGHEIM land. – Det er fisk eg er utdanna i, og eg har alltid trudd – Borna kom frå ein barnehage med 200 born på vårt eige vesle univers, seier Midtun. at eg berre kan arbeida med fisk. Men no kjenner ein asfaltplass. Det er kjekt her i Jondal når dei kan Ho er for tida heimeverande, men satsar på eg at eg eigentleg kan gjera kva som helst. Så lenge herja i naturen, ikkje berre på trehjulssykkel. Barne- koma i arbeid i august. Då skal yngstemann byrja det er kjekt å reisa på arbeid, er det bra, seier tre- hagen har bratte bakkar og dei får bryna seg vinter i barnehagen, og eldstemann vert skulegut saman barnsmora. og vår, seier Midtun. med ni andre jondølingar. – Saknar ingenting Benjamin (5), Julia (4) og Christian (1,5) får voksa – Han skal gå i klasse med dei han deler avde- opp i huset mora vaks opp i saman med sine to sys- ling med i barnehagen, så det er trygt og godt, seier Ektemannen Per-Christian er forskalingssnikkar på trer. Femti meter bortanfor bur mormor om morfar, Midtun. fulltid i Hardanger maskin AS. og hundre meter nedanfor ligg fjøra og fjorden. – Me visste at Askøy var midlertidig, for eg har alltid hatt lyst til å flytta heim att. Me trivest godt i Ho er glad for at ho har vore heimeverande så langt. Midtun meiner det er ein føremon at ektemannen òg har vokse opp i litt grisgrendte strok på – Det har vore så godt å kunna gje borna ein roleg start. Eg har vore heime Osterøy. Dei saknar ingenting på Solesnes. Dei har alt dei treng. med Christian, og dei to eldste – Då me budde på Askøy, tok det ti minutt å køy- har hatt nokre korte dagar i ra til Bergen sentrum. Men me brukte aldri byen. barnehagen, seier Midtun. Me køyrde gjennom sentrum i jobbsamanheng eller Det hender folk spør om ho når me skulle vitja vener, men det var det. På dei har det keisamt heime, men seks åra me budde der, var me på kino éin gong, då svarar ho som sant er, at seier Midtun og ler. det har ho ikkje. Ho konstaterer at ho ikkje er van til bylivet, og at – Eg er veldig sosial av meg, det difor ikkje er eit sakn. Ho er snarare glad for at men no får eg det eg treng i Solesnes byd på eit liv med langt mindre stress og hente- og leveringssituasjonen press for familien enn livet nærare byen. i barnehagen og i butikksam- – Her kan ein leva med mindre inntekt, for det anheng. Og av far min, ikkje er ikkje så mange freistingar. Og her kan folk koma minst. Me drikk kaffi saman to innom på kaffi utan at ein føler at ein må diska opp gonger i veka når mor mi er på med tre rettars middag, seier Midtun. arbeid, seier Midtun. Familien ser fram til den fyrste sommaren på den nye heimstaden. Klar for å byrja arbeida – Me flytta jo i fjor, men Per-Christian brukte to Midtun flytta til Bergen på månader den sommaren på å pussa opp og måla hybel som 16-åring og tok huset medan eg var på flukt frå malingslukta med akvakultur på yrkesskulen, før tre born. Me fekk bu hjå kjenningar som var på ferie ho flytta heim att og tok fag- mot å vatna blomar, passa hundar og henta post. Så brev hjå Marine Harvest AS. dette vert eigentleg den fyrste skikkelege somma- Så møtte ho Per-Christian og ren vår her, seier Midtun. Eirunn Lothe Midtun og borna Christian (t.v.), Julia og Benjamin har flytta til idylliske Solesnes saman med ektemann og pappa Per-Christian Midtun. – Eg har alltid hatt lyst til å flytta heimatt, seier Midtun. 62 HEiMA Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 Flytta til Jondal Foto: Christian Hauge © Folgefonni - der Du er nær det meste • Solrike bustadtomter mot sjøen • Næringsfond for etablerarstøtte • Sentrumsnære leiligheiter til salgs • Fantastiske friluftsmogelegheiter • Plass i kontorfellesskap • Trivelege folk • Tilgjengeleg næringsareal • Eit køfritt liv arbeidsmarknad med Odda, • Barnehageplass • Felles Kvam, Ullensvang og Kvinnherad kulturskule og tilbod innan • Aktiv kultur og idrett Ta kontakt: Ordførar Jon Larsgard mob. 928 43 671 jon.larsgard@jondal.kommune.no Landsbylos Sigrid Brattabø Handegard mob. 971 56 165 sigrha@jondal.kommune.no Odda Trykk & Reklame JONDAL KOMMUNE Årgang 1 | Nr 1 | Juni 2016 H EiM A 63 Returadresse Kvam Næringsråd Sjusetevegen 27 B 5610 Øystese Vil du ha meir informasjon? Ta kontakt med meklar Øyvind Kvåle 90 59 63 12 / 56 55 12 77 post@advokatkvale.no Tenk deg å leva ein stad som gjev ei kjensle av at du lever i eit einaste stort postkort. Drøymer du om å bu ved bryggekanten i nærleiken av eit yrande bygdeliv? 33 nye leilegheiter med høg standard midt i Norheimsund sentrum gjev deg mogelegheita. Leiligheiter frå 52 kvm – 12 kvm i prisklassa 1,9 – 7,9 mill med den flottaste plasseringa i Norheimsund. www.hardanger-brygge.no