Ålfoten kyrkje - Sogn og Fjordane fylkeskommune

Transcription

Ålfoten kyrkje - Sogn og Fjordane fylkeskommune
Side 1 av 1
Nærings- og kulturavdelinga
Sakshandsamar:
Arlen Synnøve Bidne
E-post: arlen.synnove.bidne@sfj.no
Tlf.: 41530934
Vår ref.
Sak nr.: 16/4869-5
Gje alltid opp vår ref. ved kontakt
Bjørgvin bispedømmeråd
Postboks 196
Internt l.nr.
33396/16
Dykkar ref.
5817 BERGEN
Dato
LEIKANGER, 04.10.2016
Ålfoten kyrkje - klokketårn
Vi syner til e-post av 20. september 2016 frå Rune Nordvik med nye teikningar til klokketårn til
Ålfoten kyrkje og telefonsamtale med dykk 4. oktober 2016. Sogn og Fjordane fylkeskommune
har i brev av 28. juni 2016 uttalt seg om tidlegare utkast til nytt klokketårn ved Ålfoten kyrkje. I
det nye utkastet vedlagt e-post av 20 september 2016 har tårnet fått ei ny utforming. Den nye
utforminga av klokketårnet er enklare enn den førre, samstundes som den også er vesentleg
mindre. I tillegg er det betre balanse mellom dei ulike delane i tårnet noko som var eit problem
med det førre utkastet. Dette gjer at det nye utkastet etter vår vurdering er mykje betre tilpassa
Ålfoten kyrkje.
Sogn og Fjordane fylkeskommune vurderer det nye framlegget til klokketårn til å vere ei god
løysing for bygging av klokketårn ved Ålfoten kyrkje og kyrkjegard.
Med helsing
Arlen Synnøve Bidne
rådgjevar arkitektur
Brevet er elektronisk godkjent og er utan underskrift
Besøksadresse:
Postadresse:
Kultur: Storehagen 1B, Førde
Næring: Fylkeshuset, Leikanger
Askedalen 2
6863 LEIKANGER
E-post:
post@sfj.no
Heimeside:
www.sfj.no
Telefon:
57638000
Bankgiro:
4212 02 02000
Org.nr :
NO 941 388 841 MVA