Todal: Språkleg vitalisering
Transcription
Todal: Språkleg vitalisering
BERLINER BEITRÄGE ZUR SKANDINAVISTIK Titel/ title: Språk og språkforhold i Sápmi Autor(in)/ author: Jon Todal Kapitel/ chapter: »Språkleg vitalisering – faktorar som vi ikkje skriv om« In: Bull, Tove/Kusmenko, Jurij/Rießler, Michael (Hg.): Språk og språkforhold i Sápmi. Berlin: Nordeuropa-Institut, 2007 ISBN: 973-3-932406-26-3 Reihe/ series: Berliner Beiträge zur Skandinavistik, Bd. 11 ISSN: 0933-4009 Seiten/ pages: 201–210 Diesen Band gibt es weiterhin zu kaufen. This book can still be purchased. © Copyright: Nordeuropa-Institut Berlin und Autoren. © Copyright: Department for Northern European Studies Berlin and authors. J T Språkleg vitalisering – faktorar som vi ikkje skriv om Temaet for dette seminaret er språkkontakt. Eitt resultat av språkkontakt kan bli språkskifte. Når eit lågstatusspråk er i langvarig kontakt med eit høgstatusspråk, ser vi ofte at tospråklege talarar av lågstatusspråket skifter daglegspråk, og at dei sluttar å overføre lågstatusspråket til born. Når eit slikt skifte skjer i lågstatusspråket sine tradisjonelle kjerneområde, kan språket med tida forsvinne heilt som aktivt språk. Dette fenomenet er så vanleg at det i dag utgjer eit alvorleg trugsmål mot det språklege mangfaldet i verda. . Forsking og språkleg vitalisering For å motverke denne utviklinga, ser vi mange stader (iallfall i rike og demokratiske land) ein viss folkeleg aktivitet for å styrkje dei språka som er truga av å forsvinne som aktive kommunikasjonsmiddel. Folk som tilhøyrer dei aktuelle folkegruppene, engasjerer seg for å berge noko som dei ser som verdifullt, nemleg sitt folks tradisjonelle språk. Dei ønskjer å vitalisere det. Også ein del lingvistar er engasjerte i slikt arbeid, anten med å dokumentere truga språk eller med å vitalisere dei. Det kan vera to sider av same sak, dokumentasjon er ein føresetnad for vitalisering. . Samfunnsvitskapleg funderte faktorlister Forskinga på språkleg vitalisering er utprega tverrfagleg. Ofte er forskaren ein lingvist som brukar samfunnsfaglege tilnærmingsmåtar for å analysere situasjonen for eit truga språk. Til bruk for slike situasjonsanalysar er det utarbeidd fleire typologiar og faktorlister. Joshua Fishman sin skala frå prøver å uttrykkje kor truga eit truga språk er, og kva som må gjerast for språket skal styrkje seg og flytte til ei betre plassering på skalaen. Skalaen hans er kanskje vorten den mest siterte i forsking på språkleg vitalsering, men den er ikkje heilt J T enkel å bruke i praksis. Den nyaste faktorlista er UNESCO si liste frå . Også denne blir etter kvart mykje brukt i vurdering av språk si stilling. Eg skal her sjå nærare på ei tredje slik faktorliste, den lista som Kenneth Hyltenstam, Christopher Stroud og Mikael Svonni har utarbeidd. Denne lista er meir detaljert enn dei to andre som eg har nemnt. Faktorane er ordna i tre nivå: samfunnsnivå, gruppenivå og individnivå. Desse tre forskarane si liste er så detaljert at ho kan fungere fint både som analysereiskap og som grunnlag for disposisjon for artiklar og avhandlingar om konkrete språksituasjonar. Og denne lista har vore nytta som teorigrunnlag i forsking på ulike samiske språksituasjonar. Hyltenstam, Stroud og Svonni nyttar sjølve lista i analyse av situasjonen for samisk språk i Sverige. Elisabeth Scheller nyttar seg av den same lista som ein del av den teoretiske ramma, når ho undersøkjer den samiske språksituasjonen på Kolahalvøya i Russland. Eg hadde stor nytte av Hyltenstam, Stroud og Svonni si liste da eg skreiv doktoravhandling om vitalisering av samisk språk i Noreg. Lista ser slik ut: I Faktorer på samhällsnivå a) b) c) d) e) Politiskt-legala förhållanden Majoritetssamhällets ideologi Språklagstiftning Implementering Ekonomiska faktorer Industrialisering-urbanisering Majoritetsnäringar Kommunikationer Arbetsmarknad f) Sociolkulturella normer g) Utbildning UNESCO . H , . H, S og S , –. S , . T . S II Faktorer på gruppnivå h) Demografi Storlek Kärnområde Migration Åldersfördelning Könsfördelning Äktenskapsmönster i) Språkförhållanden Officiellt språk Officielt språk i annat land Talas i mer än ett land Dialekt- eller språksplittring Standardisering och modernisering Förhållandet mellan tal och skrift Tvåspråkighet Språkbehärskning Språksyn j) Heterogenitet / homogenitet k) Näringar l) Typ av etnicitet m) Intern organisation n) Institutioner Utbildning Kyrka Språkplanering och språkvård Forskning och kultur o) Medier p) Kulturytringar III Faktorer på individnivå q) Språkval r) Socialisation J T Denne lista inneheld i alt nummererte faktorar (frå a til r). Dersom vi reknar med dei unummererte underordna faktorane, blir talet . Vi ser straks at Hyltenstam, Stroud og Svonni sin modell er klart betre utvikla for samfunns- og gruppenivå enn for individnivået. To av faktorar høyrer heime under overskrifta »Faktorer på individnivå«. . Aksjonsforsking Samtidig som forsking på språkleg vitalisering er ein tverrfagleg disiplin, inneheld denne forskinga ofte eit element av aksjonsforsking. Forskaren vil ikkje berre skildre og analysere språket og språksituasjonen, ho eller han vil òg at noko skal skje. Forskaren vil at språket skal bli styrkt som bruksspråk. Forskaren kan da alliere seg med lokale krefter som ønskjer ei språkleg vitalisering, og i lag prøver dei å få i gang ei utvikling »rette vegen«. Eg har arbeidt på denne måten i mange år, og eg har sakna gode reiskapar for få tak på dei lokale prosessane i språkleg vitalisering. Dei forskjellige faktorlistene som finst, er, som antyda ovanfor, gode på dei øvste nivåa, men svakare og meir summariske på individ-, familie- og lokalsamfunnsnivået. . Faktorar som vi ikkje skriv om Eg skal her nemne tre tilhøve, eller faktorar, som etter mi røynsle har innverknad på arbeidet med å vitalisere truga språk. Det første har eg kalla »sperra«, det andre er spørsmålet om eigedomsretten til språket og det tredje er spørsmålet om integrering / ekskludering. Alt dette er faktorar som må plasserast på individ-, familie- og lokalsamfunnsnivået. Ikkje noko av dette har eg sett drøfta skriftleg i samisk samanheng. . Sperra I eitt av dei samiske lokalsamfunna som eg har arbeidd i utanfor det samiske forvaltingsområdet i Noreg, er språktilhøva slik: Folk over sytti år Etter at eg skreiv dette, har Inger Johansen levert ei mastergradsavhandling om sørsamisk i Snåsa, der slike faktorar blir tekne opp, sjå J . S har snakka samisk i barndommen, men dei har ikkje snakka språket med sine eigne born – dei som i dag utgjer foreldregenerasjonen. Foreldregenerasjonen har likevel høyrt ein del samisk i oppveksten, og dei har hatt språket som fag i grunnskulen. Foreldregenerasjonen i dette samfunnet reknar seg ikkje som aktive brukarar av samisk, men dei ønskjer at deira eigne born skal bli aktive brukarar av språket. Difor deltok borna deira i eit språkleg vitaliseringsprosjekt gjennom barnehage og skule. Situasjonen er typisk og kunne høve på fleire andre lokalsamfunn. Eg har intervjua alle i foreldregenerasjonen i dette lokalsamfunnet. I desse intervjua er det ein del tilhøve som blir nemnde av fleire. Eg skal her nemne eitt slikt tilhøve: Mesta alle i foreldregenerasjonen snakka om noko som dei kalla »sperra«. Det vil seia at dei har ei sperre mot å snakke samisk. Foreldregenerasjonen har eit visst samisk ordforråd, og dei kan i stor grad høyre kva som er rett og gale både i morfologi og syntaks. Gjennom omfattande samisk lesetrening på barneskulen har dei òg fått ein god uttale av samiske ord. Like fullt: Det finst ei sperre mot å snakke språket. Det er ei overvinning for dei å seia noko på samisk, og viss dei likevel gjer det, brukar dei iallfall ikkje språket lenge om gongen. Foreldra uttrykkjer seg slik om situasjonen: Sperra kom inn når ein var liten, orda ein kunne var ikkje bra nok, pluss at ein no er usikker på seg sjølv når ein skal snakke med eldre som kan mykje meir. (Ivar) Det er ei sperre ein plass, som kjem av store forventningar, det er mindre forventningar til Anita enn til meg. (Aslak) Ein følte seg litt underlegen (på skulen) på grunn av at ein ikkje kunne meir. Det vart forventa at vi kunne, i Nord-Trøndelag var samisk meir brukt. (Berit) Det ligg underbevisst at du skulle ha snakka samisk meir og betre. Ein skulle snakke rein samisk. Er det ikkje perfekt, får du halde kjeft. Det har vore lite toleranse for å gjera feil. (Anders) Anita kjem frå ein svensk (ikkje samisk) familie. Ho er gift med Aslak. Når Berit her refererer til Nord-Trøndelag, er det fordi ho som barn var elev ved Åarjelsaemiej skuvle i Snåsa i Nord-Trøndelag. Mange av skulekameratane hennar var frå dette fylket. J T Foreldra rapporterer om at dei ikkje har ei slik sperre mot å snakke engelsk, eit språk som dei òg har hatt som skulefag og som dei heller ikkje reknar seg som gode i. Men engelsk tør dei likevel snakke, sjølv om det ikkje blir perfekt. Dette fenomenet hadde kanskje ikkje vore så interessant dersom det berre hadde gjeldt akkurat dette vesle samiske lokalsamfunnet. Men eg har høyrt desse historiene mange gonger både før og etter, både i ulike samiske område og i andre område med innfødde minoritetsspråk. Sperra kan vera ein stad å begynne for å studere faktorar på lokalnivå, familienivå, individnivå. Korleis blir ei slik sperre skapt? . Kven eig språket? Vi skriv ofte om status og makttilhøve på dei øvre nivåa. Og det gjer vi med rette, sidan dette er viktige faktorar for språkleg vitalisering. Det er vanskelegare, og meir ubehageleg, å tematisere makttilhøve på lokalt nivå. Men desse tilhøva er også viktige for å kunna forstå språkskifteog vitaliseringsprosessane. Eit spørsmål vi kan stille, er dette: Kven eig språket? Når ein er kommen så langt at det lokalt blir sett i verk tiltak for å vitalisere eit språk, er ein samtidig nådd så langt at språket bli sett på som noko positivt, som eit gode. Elles ville ein ikkje ha prøvd å vitalisere det. Samtidig som språket er vorte eit gode, er det også eit knapt gode, eit gode som berre få har. Det er nettopp fordi så få kan språket, at vi kallar det truga. Dei som forvaltar dette godet, blir da viktige personar i vitaliseringa. Eitt trekk ved små språksamfunn er at dei i større eller mindre grad er slektssamfunn. Etnisitet og språk er nært kopla, iallfall i dei samiske områda, og etnisitet er samtidig knytt til avstamming, det vil seia til slekt. Tilhøva mellom slekter, og dermed mellom enkeltpersonar, er forma gjennom lang tid, og desse tilhøva er ikkje så enkle å forstå utan å ha svært grundig lokalkunnskap. I denne situasjonen med språket som eit knapt gode i eit samfunn der slekt og historie er viktig, oppstår det gjerne spenningar omkring nettopp dette spørsmålet: »Kven eig språket?«Tilhøyrer språket først og Uttrykket »knapt gode«om samisk språk har eg henta hos S . S fremst dei familiane som faktisk har teke vare på det? Tilhøyrer språket dei eldre som snakkar det lettast? Kva med andrespråkbrukarar? Kva med folk som ikkje er etniske samar? Ein forskar utanfrå lokalsamfunnet tenkjer gjerne slik: Når det truga språket er dokumentert og standardisert, og det lokalt finst folk som er kompetente til å undervise i det, da er det berre å begynne språkopplæringa. Og som aksjonsforskarar tenkjer vi vidare: Dess fleire som lærer seg språket godt, dess betre er det for språket si framtid. Så begynner språkopplæringa. Ein debatt som vanlegvis kjem opp, er denne. Kva er rett språk for oss her? Eit svært vanleg synspunkt på det er at språket slik det vart snakka i dei eldste nolevande språkberarane sin barndom, det er det rette lokale språket. Dei eldre er jo dei eigentlege innfødde talarane, dei lærte språket som barn av andre innfødde talarar. Det er deira språk både borna og foreldra bør lære seg i dag. Den som kan snakke språket slik, er den som samtidig eig språket. No kan det vise seg at dei som på denne måten eig språket, er usamde om korleis språket heilt nøyaktig var før språkskiftet sette inn. Dermed oppstår det fleire fløyer, og det blir difor vanskeleg å gjera noko for å styrkje språket utan samtidig å ta stilling til striden mellom fløyene. Det oppstår kanskje òg eit lokalt språkpoliti som overvakar alt dette. Dei som i utgangspunktet skulle lære språket, kan etter dette bli sitjande att med følgjande kjensler: () Språket er først og fremst til for dei eldre, det var lenge før vår tid at folk snakka rett, () det er best å ikkje seia så mykje på språket, for da blir det heller ikkje sagt så mykje feil og da er iallfall ikkje eg med på å øydelegge språket, () dersom eg likevel seier noko, må eg velja anten den eine eller den andre måten å seia det på, og da har eg samstundes valt side i ein strid, () vi som høyrer til den etniske gruppa som har rett på språket, bør kunna snakke det heilt rett når vi først seier noko. For det individet som skal lære seg språket, blir situasjonen enda vanskelegare av at det faktisk kjennest svært viktig å greie å lære seg det. Språket er eit viktig etnisk identitetsmerke i dei samiske områda. I eitt av sitata ovanfor nemnde informanten at kona hans faktisk hadde det lettare i så måte, sidan ho ikkje var same. Presset om å snakke perfekt vart da ikkje så sterkt. Som forskar kan vi vanskeleg gå inn og endre på slike tilhøve. Men J T som lingvistar har vi likevel eit ansvar for å fremme det språklege medvitet hos foreldre og born. Vi må overfor dei det gjeld, få fram det faktum at alle levande språk endrar seg, og at ein difor ikkje kan ta ut eitt stadium i endringsprosessen og seia at språket på dette stadiet er det eigentleg rette. Vi har òg eit ansvar for å gjera folk medvetne om at ingen naturlege samtalar på noko språk føregår strengt etter paradigma i grammatikkbøkene. Folk bør òg bli medvetne om at dei lærer språk heile livet, og at språk ikkje er ferdig lært ein gong for alle osv. . Inkludering og ekskludering frå språkfellesskapen Sjølv om dei fleste kan bli einige om at det truga språket ikkje berre bør tilhøyre visse eldre personar i visse slekter, finst det likevel andre grenser for inkludering. Dei etniske grensene er relativt viktige i dei samiske områda, og visse språklege rettar er knytte til det å vera etnisk same. I Noreg finst det også ein offisiell definisjon av kven som er same – og dermed indirekte av kven som ikkje er same. Det faktum at det ikkje går an å bli same, høyrest kanskje ikkje ut som noko stort problem. Men faktisk kan dette vera eit problem i arbeidet for å fremja samisk språk i dei lokalsamfunna der språket er mest truga, altså utanfor kjerneområda. Realiteten er nemleg denne: I svært mange foreldrepar i dag er mor etnisk norsk og far etnisk samisk, eller omvendt. Utanfor dei samiske kjerneområda i Indre Finnmark krev språkleg vitalisering stor innsats av kjernefamilien over lang tid, og ofte legg foreldra (særleg mødrene, har eg inntrykk av) ned eit stort arbeid for at borna skal bli tospråklege. Men problem av eitt eller anna slag vil før eller seinare melde seg, og da kjem også spørsmålet om »etnisk godkjenning«opp til yta hos den parten som ikkje er fødd same. »Kvifor strevar eg med alt dette, eg som uansett aldri vil bli godkjent?«Eller: »Korleis kan eg vera mor til samiske born, utan å ha full rett til å uttala meg til dømes i samiske skulespørsmål?« Som språkforskarar kan vi peike på det faktum at meistring av eit bestemt språk er noko tillært som ikkje sit i genane, og at ei etnisk norsk mor med norsk som sitt førstespråk difor i prinsippet er ein like god formidlar av samisk språk som ein etnisk samisk far med norsk som sitt førstespråk. S . Representativitet Det eg har sagt her, er ikkje noko eg har forska på i den forstand at eg har undersøkt det spesielt. Men det er faktorar som etter mi erfaring viser seg å vera viktige når ein i praksis skal vitalisere truga språk. Eg har her sitert frå ein del foreldreintervju. Desse intervjua låg ubearbeidde ein del år. International journal of the Sociology of Language prenta i ein artikkel om overføring av maori-språket mellom generasjonane på New Zealand. Artikkelen bygde på intervju med ei rekkje maori-foreldre, og artikkelen presenterte mange sitat av kva foreldra hadde sagt om korleis dei opplevde språksituasjonen. Eg omsette tretten av desse sitata frå engelsk til norsk og las dei opp på eit møte med dei samiske foreldra som eg hadde intervjua nokre år før. Eg sa ikkje på førehand kvar eg hadde sitata frå, men spurde foreldra om kven dei trudde som hadde sagt dette. Eg tenkte at viss nokon seier at det er naboen som har komme med desse utsegnene, så har eg eit godt indisium på at det kan vera store likskapar på familie- og individnivået mellom Sørsameland og New Zealand. Da er ikkje obervasjonane mine gyldige berre lokalt. Men ingen av dei samiske foreldra trudde at eg hadde henta sitata frå naboen. Derimot meinte alle at dette var noko dei sjølve hadde sagt. . Oppsummering Det finst fleire faktorar i samband med vitalisering av truga språk som er lite tematiserte. Det gjeld særleg faktorar på individ- og familienivå. Ovanfor har eg nemnt tre av dei: () fenomenet sperra, () spørsmålet om eigedomsretten til språket og () folks kjensle av inkludering / ekskludering. Kanskje finst det ein samanheng mellom desse tre lite omtala faktorane? References C, Steven. »Maõri intergenerational language transmission«. In: Journal of the Sociology of Language (). –. C . J T F, Joshua A.: Reversing Language Shift. Theoretical and Empirical Foundation of Assistance to Threatened Languages. (= Multilingual Matters; ). Clevedon: Multilingual Matters, . H, Kenneth (ed.): Sveriges sju inhemska språk – ett minoritetsspråkperspektiv. Lund: Studentlitteratur, . H, Kenneth, Christopher S and Mikael S: »Språkbyte, språkbevarande, revitalisering. Samiskans ställning i svenska Sápmi«. In: H, Kenneth (ed.): Sveriges sju inhemska språk – ett minoritetsspråkperspektiv. Lund: Studentlitteratur, . –. J, Inger. »›Det er ikkje eit museumsspråk – det har noko med framtida å gjera‹. Ei sosiolingvistisk undersøking av revitaliseringa av sørsamisk«. Magistergradsavhandling. Trondheim: Norges teknisknaturvitenskapelige universitet (NTNU), . S, Elisabeth. »Kolasamiska – språkbyte eller språkbevarande? En sociolongvistisk studie av samernas språksituation i Ryssland«. D-uppsats. Sámi dutkan, Umeå universitet, . S, Vigdis. »Same i den moderne verden. Endring og kontinuitet i et samisk lokalsamfunn«. Avhandling (dr. philos.) [Tromsø]: Universitetet i Tromsø, . T, Jon. »›...jos fal gáhttet gollegielat‹. Vitalisering av samisk språk i Noreg på -talet«. Avhandling (dr. art.) Tromsø: Det humanistiske fakultet, Universitet i Tromsø, . UNESCO: Language Vitality and Endangerment. Document submitted to the International Expert Meeting on UNESCO Programme Safeguarding of Endangered Languages – March . Paris: UNESCO, .