KYRKJEPASS
Transcription
KYRKJEPASS
KYRKJEPASS På kyrkjeveg i Valdres Valdres har ei stor samling av kyrkjer bygd frå 1100-talet og fram til det siste 10-året. Kyrkjene er som skattekister; her er mykje å oppdage som ein kanskje ikkje ser ved første augnekast. Arkitektur, kunst og historie er spennande å bli kjent med. Den geografiske plassering av kyrkjene, sentralt i bygda eller høgt til fjells er interessant i seg sjølv. Bygningane appellerer til å ta i bruk våre sansar. Kjenne duft av tjære i ei stavkyrkje, la lydar som er i bygget kome til ein, kjenne på steinar i gamle kyrkjemurer, sjå utsmykking og biletkunst som er laga med stor kunstnarleg innleving. Nokre gonger kan ein nærme seg ei kyrkje aleine, andre gonger er det gudstenester eller konsertar eller kyrkjelege handlingar med mykje folk til stade. Bygga står der og tar imot menneske i alle situasjonar. Det er fint å sette seg i ei kyrkje og tenkje over sin eigen tilvære, eller kanskje på alle menneska som har kome dit i tidlegare tider. Kva tenkte dei, kva opplevingar hadde dei, korleis var trua ei hjelp i deira kvardag som var så heilt annleis enn no? Ei kyrkje skal inspirere og utfordre oss som heile menneske til bruk av vårt sanseapparat, fantasi, tankar og tro. Den kortfatta orienteringa i kyrkjepasset er utarbeida av kyrkjene sjølv. Det er eit håp at passet kan skape ei interesse for meir kunnskap og djupare oppleving av kyrkjebygga og dei mangfaldige verdiane som kyrkjene representerer. Motiva på stemplane er utforma frå noko karakteristisk ved kvar kyrkje. Prestane i Valdres Kyrkjepasset i bruk I kyrkjepasset for Valdres er det 33 vigsla kyrkjer og ein kyrkjeruin. Ved kvar kyrkje er det sett opp ei kasse med stempel. Når du besøker kyrkja kan du sjølv sette stempel i kyrkjepasset ditt. Du kan alternativt få signaturen til prest eller guide ved kyrkja. Kyrkjene i kyrkjepasset er delt i 4 grupper som ein kan sjå på kartet i midten: 6 Stavkyrkjer frå mellomalderen 2 steinkyrkjer frå mellomalderen 1 kyrkjeruin 27 kyrkjer og kapell bygde mellom 1735 og 2006 Langs pilegrimsvegen frå Hedalen stavkyrkje til St. Tomaskyrkja er det 14 kyrkjer, og for desse kan passet kan brukast som eit ”pilegrimspass”. Dersom du har vore ved alle mellomalderkyrkjene, kan du få du ein premie! Vis kyrkjepass med stempla på eit av kyrkjekontora i Valdres, eller på Valdres turistkontor på Fagernes, og mota ein premie. Dersom du har besøkt alle dei 34 kyrkjene, blir du med på trekninga av ein flott kunstbibel før jul. Skriv namn og adresse her, få signatur av ein tilsett ved kyrkjekontor eller turistinformasjon og lever kopi av denne sida. GOD TUR! Namn:…………………………………………………………………………….. Adresse:…………………………………………………………………………… Tlf:…………………………………………………………………………………… Godkjend av.:……………………………………….. Dato:……………….. HEDALEN KIRKE Hedalen stavkirke er fra ca 1163 og er kanskje den eldste stavkirken i Valdres, der skipet utgjør den opprinnelige stavkirken. I gammel tid var det en kirken der man gav gaver i bønn omeller med takk for hjelp (pilegrimskirke). Hedalen stavkirke har uvanlig mye katolsk inventar fra middelalderen, blant annet et relikvieskrin. Det mest spesielle er kanskje ei original madonnaskulptur. 1699 ble kirken bygd om til korskirke i lafta tømmer. Foto: Hans Enger Stempel/signatur: Dato:……………. BEGNADALEN KIRKE Kirken ble bygget i 1964 til erstatning for den gamle Begnadalen kirke, som brant i 1957. Den gamle kirken var fra 1859. Arkitektfirmaet Arnstein Arneberg sto for tegningene til den nye kirken. Altertavlen er malt av Anders Ragnvald Andersen. Motivet er fra da Johannes Døperen døpte Jesus i Jordanelven. Dette var også motivet på altertavlen i den gamle kirken. Kirken har meget god akustikk, og er etter manges mening den kirken i Valdres som er best egnet til kirkekonserter. Foto: Hans Enger Stempel/signatur: Dato:……………. BAGN KYRKJE Tømmerkyrkje frå 1736. Bygd som korskyrkje. Preikestol og altartavle med treskjerararbeid i akantusstil av Johannes Segalstad. Rosemåling av Peder Aadnes. 1833-35 vart det bygd galleri i sideskipa. 1879 vart kyrkja måla utvendig, og i 1965 fekk kyrkja den varme raudfargen ho har i dag. Sokneråda i seinare tid har skaffa kyrkja lysglobe og prosesjonskross i tillegg til messehakel og stola i grønt og fiolett. Foto: Hans Enger Stempel/signatur: Dato:……………. LEIRSKOGEN KYRKJE Vigsla 1924. Altartavla er måla av Tidemann Gjørud. Han og broren Kristoffer har elles måla ei rad bibelske motiv i kyrkja. Opphavleg var kyrkja eit kapell under Bagn sokn. No er Leirskogen eige sokn med eit par hundre innbyggjarar. Kyrkja har lysglobe og prosesjonskross. Attmed kyrkja er sett opp ei tenleg kyrkjestugu med eit vakkert bårerom. Leirskogen kyrkje har 10-12 gudstenester i året. Foto: Hans Enger Stempel/signatur: Dato:……………. REINLI STAVKYRKJE Reinli stavkyrkje er lik Hedalen stavkyrkje, utan frittståande søyler i kyrkjerommet. Her er søyler i hjørna, og fordi kyrkja er så lang, er det også søyler i langveggane. Kyrkja er ei einskipa langkyrkje med kor og halvrund koravslutning bak altaret (apsis) i same breidde som skipet, med innelukka svalgangar og ein liten takryttar. Opphavleg var kyrkja eit rektangulært rom med skip og kor i same breidde og høgde. Kyrkja er truleg rive heilt ned og bygd opp att, kanskje i 1326, og nokre stokkar i kyrkja er datert til 1272 og 1310. Reinli stavkyrkje er einaste i Noreg som har alle dei 12 vigslingskrossa. Foto: Hans Enger Stempel/signatur: Dato:……………. REINLI KAPELL Kapellet vart vigsla i 1965, og er reist for at kyrkjelyden skal ha eit gudshus å samlast i når det er for kaldt å vera i stavkyrkja. Arkitekt var Kolbjørn Sukke. Altartavla er laga av valdreskunstnaren, bilethoggar Gunnar Rørhus. Tavla framstiller Jesus som velsignar borna. I kapellkjellaren er det menighetssal, og kapellet har tilbygg med eit mindre møterom. Reinli har 18-20 gudstenester i året, og sidan stavkyrkja er i bruk berre om sumaren, blir dei fleste av gudstenestene haldne i kapellet. Foto: Hans Enger Stempel/signatur: Dato:……………. VESTÅSKAPELLET Kapellet vart bygd i 1968, og er teikna av arkitekt Harald Hille. Bygget vart reist som ei vidareføring av den gamle skikken med setergudstenester. Eigarar er Bagn sokn og Reinli sokn, og kapellet har eit eige styre oppnemnd av dei to sokneråda. Nokre av dei faste gudstenestene i bygda har vore flytta til kapellet. I påska er det regelmessig halde gudsteneste palmesundag og skjærtorsdag. Om sumaren er det halde 3 – 5 gudstenester, ofte ved hjelp av pensjonerte prestar. Foto: Tore Samuelsen Stempel/signatur: Dato:……………. BRUFLAT KYRKJE Kirken er ei tømra, barokk korskyrkje med to galleri, innvigd i 1750. Altertavla (1789) og døypefonten er laga av Kvite-Sjugurd. Det svært sjeldne oblatjarnet har 41 små runde brød med bilete av den korsfesta Jesus. Den eldste av dei fire klokkene i tårnet er frå 1100-talet. Foto: Marit Slettum Stempel/signatur: Dato:……………. NORD ETNEDAL KYRKJE Kyrkja er innvigd i 1866. Preikestol og døypefont frå 1866. Altertavle frå 1916, truleg samansett av fragment frå tidlegare tavler. Prosesjonskorset er kopi av korset som var brukt før altertavla. Orgelet måtte ha belgetrøar til 1979. Foto: Hans Enger Stempel/signatur: Dato:……………. AURDAL KIRKE Aurdal kirke er en tømret korskirke fra 1737, bygget i barokkstil. Kirken har vært gjennom mange endringer, men framstår i hovedtrekk slik den ble bygget. Altertavla er fra 1792. Krusifikset, lysestakene, prekestol og underdelen av døpefonten er fra den gamle stavkirken på Sørei. Brudestolene er skåret av treskjærer Nils Leine. Kirkeklokkene kommer fra henholdsvis Olsen Nauen klokkestøperi i 1927, og Nederland i 1752. Orgelet er bygd av Norsk Orgel- og harmoniumfabrikk i Snertingdal i 1972. Prost Peder Landt er begravet under kirkegulvet. Foto: Hans Enger Stempel/signatur: Dato:……………. TINGNES KIRKE Tingnes kirke, som er en sekskantet tårnkirke, ble viglset i 1972. Kirkens arkitekt var Karl Stenersen. Den er sognekirke for Leira og Fagernes. Kirken er en treenighetskirke, noe som tydelig vises i alterteppet av Kari-Bjørg Ile. Tingnes kirke er en arbeidskirke med møterom og kirkestue i kjelleren. Brudestolene er skåret av Ottar Sæther. Smijernsarbeider av Ole Sofienlund og Arne Wardberg. I kirken finnes også malerier av Ralph Styker. Orgelet er bygd av orgelbygger Ernst Junker fra Sandefjord i 1990, og har i dag 18 stemmer. Foto: Hans Enger Stempel/signatur: Dato:……………. TISLEIDALEN KIRKE Tisleidalen kirke er en langkirke i stavkirkestil, vigsla i 1958. Arkitekten var Karl Stenersen. Kirken har 130 sitteplasser og galleri. Altertavla og seks stoler er en gave fra skipsreder Anders Jahre. Altertavla av kunstmaler Gunnar Haukebø viser Jesus som vanlig menneske og stigen som fører opp til himmelen. Døpefonten er formet som et kornnek og skåret av Olav Rudi. Olav Belgum har laget, og Ivar Bakken malt prekestolen Orgelet er fra Norsk orgel- og harmoniumfabrikk. Foto: Hans Enger Stempel/signatur: Dato:……………… STRAND KYRKJE Svenes kirke på Strand ble bygget på Svenes i 1735 etter at stavkirken fra middelalderen var revet. I 1860 ble kirken flyttet til Strand og fikk den formen den har nå. Opprinnelig stod tårnet over hovedinngangen på kirken. Kirken fikk nytt alterbord 1851. Ny altertavle ble laget av sløydlærer Olav K. Rudi i 1944. Prekestol er fra 1702. Døpefont skåret av treskjæreren Thomas Blix omkring 1700. I kirken henger i dag én kirkeklokke. Den er støpt i 1894. Foto: Hans Enger Stempel/signatur: Dato:……………. ULNES KYRKJE Ulnes kyrkje er ei steinkyrkje frå om lag 1265, omtala skriftleg i 1307. Grunnplanen er eit rektangulært skip og eit smalare rett avslutta kor. Kyrkja var i mellomalderen utan tårn, tilbygg og store vindauge. Altertavla frå 1850 har ein rundgang øvst, der dei tre heilage kongane med snortrekk kan dreiast rundt Maria og barnet. Dette er den einaste altertavla i Noreg med ein slik rundgang. Foto: Hans Enger Stempel/signatur: Dato:……………. SKRAUTVÅL KYRKJE Skrautvålkyrkja er ei krossforma timberkyrkje, vigsla i 1785, men ferdig og nytta ein del år føreåt. Byggmeister var Svein ”kyrkjebyggar” frå Fåberg (Svein Tråset). Nokre materialar frå stavkyrkja på Åbol er nytta i kyrkja. Av utstyr derifrå er òg underdelen av døypefonten, dørlås og dørring, nattverdskalk, lysestakar og ein forsvunnen runeplanke som dansken Ole Worm teikna av på 1600-talet. Innskrifta fortel at Elin Nridsdotter er gravlagd i kyrkja. Kyrkjeklokkene var opphavleg frå stavkyrkja, men vart omstøypt på 1800-talet. Foto: Hans Enger Stempel/signatur: Dato:……………. AURDAL FJELLKIRKE Aurdal fjellkirke ble bygget i 1966 etter initiativ og innsats fra hytteeiere på Aurdalsåsen i nært samarbeid med folk i bygda. Arkitekt Harald Hille har tegnet kirken inspirert av stavkirkestil. Kirken har eget styre, med hytteeiere og representanter fra bygda, og en av kommunens prester og drives med private midler fra blant annet de 850 hytteeierne i området. Kirken rommer ca 200, herav 100 sitteplasser. 11 gudstjenster i året, i tillegg til vigsler og barnedåper. 1 kirkeklokke (1966), fra Olsen Nauen, med innskrift «Stillhet og tillit. Esaias 30,15.» Foto: Hans Enger Stempel/signatur: Dato:……………. RØN KIRKE Røn kyrkje vart vigsla i 1749 og er ei lafta kyrkje. Ho vart bordkledd og måla utvendig i 1860 og kledt innvendig i 1908. Døypefonten er truleg sett saman av to forskjellige døypefontar frå mellomalderen og er av kleberstein. Ein kan tenkje seg at dette er arv frå ei eller kanskje to gamle kyrkjer i same området. I våpenhuset står ein stavkyrkjeplanke, datert til 1200-talet, truleg frå stavkyrkja som sto på Fystro. Foto: Hans Enger Stempel/signatur: Dato:……………. ØYJAR KAPELL Øyjar kapell vart tatt i bruk 1964. 8 år hadde det tatt sidan tanken på å byggja eit kyrkjehus i tilknytning til kyrkjegarden, som er frå 1300-talet, vart lagt fram. På 1300-talet lå Øye stavkyrkje på denne plassen, og kyrkjeklokka i tårnet på Øyjar kapell og klokkene i stupulen er frå denne kyrkja. Preikestolen er òg frå stavkyrkja og er kome ”heim att” etter eit opphald i Røn kyrkje. Foto: Elisabeth Myhre Stempel/signatur: Dato:……………… MO KIRKERUIN Mo kyrkjeruin vart graven ut og restaurert i 1972–1977. Kyrkja er frå om lag 1215. Grunnplanet er eit rektangulært skip og eit smalare rett avslutta kor. Dette er i dag kanskje Noregs minste frittståande steinkyrkje frå mellomalderen. Tre delar av mellomaldergravsteinar frå om lag 1200 er no på Valdres Folkemuseum. Desse er romanske hjulkross frå Gudbrandsdalen. Det er funne beslag og ein del av ei messeklokke frå mellomalderen og ei bjørneklo. På nordsida av kyrkja fann ein skjelett etter fem yngre kvinner. Ei stor kyrkjekiste står i Slidredomen. Foto: Ole J. Liodden Stempel/signatur: Dato:……………… SLIDREDOMEN Slidredomen er den gamle hovudkyrkja i Valdres, frå sist på 1100-tallet i romansk rundbogestil. Her heldt prosten i Valdres til i mellomalderen, den fremste lokale representant for biskopen i Stavanger. Maria-kyrkja i Slidre vert nemnt skriftleg fyrste gong i eit pavebrev i 1264. I tillegg til ei rekkje mellomalderinventar har Slidredomen eit stort kalkmåleri på austveggen takmåleri frå f 14- og 1250-talet i koret. Foto: Hans Enger Stempel/signatur: Dato:……………. LOMEN STAVKYRKJE Lomen stavkyrkje er datert til om lag 1192. Denne kyrkja er svært lik og truleg bygd kort tid etter Høre stavkyrkje. Den eldste mynten som er funne vert datert til kong Sverre 1177-1202. Dette er ei søylestavkyrkje, med fire frittståande stavar eller søyler i kyrkjerommet, dei andre stavane ender på himlingsnivå. Søylene ber eit opphøgda midtparti. Stavane har kapitel midt på og ansiktsmasker øvst. Andreaskors og halvboger bind stavane saman. I 1750 vart kyrkja utvida og mellom anna takkonstruksjonen vart endra. Kyrkja har fleire mellomalderlege portalar med treskurd og dyreornamentikk. Foto: Ole J. Liodden Stempel/signatur: Dato:……………. LOMEN KYRKJE Lomen kyrkje er bygd av kvitkalka murstein. Ho var innvigd olsokdagen 1914. Allerede i 1903 vart gravplassen tatt i bruk, og då vart spørsmålet om kyrkje på same plass reist. Kyrkja er bygd etter arkitekt Jürgensens teikningar og er spesiell med sitt ”kompakte” tårn. Kyrkja er open og lys. 3 glasmåleri av laga av Emanuel Vigeland, motiv: Den heimkomne sonen, dannar altertavla. På altaret ligg Lomisteppet, ein kopi av eit teppe frå 1200-talet. Foto: Elisabeth Myhre Stempel/signatur: Dato:……………. ROGNE KYRKJE Rogne kyrkje sto ferdig og vart innvigd 2. oktober 1857. Ho er teikna av arkitekt C.H. Grosch og er einaste kyrkje i Valdres med eit åtte-kanta skip med eit fire-kanta kor og sakristi og klokketårn midt på taket. Altertavla kjem frå Rogne gamle kyrkje og er måla av Ole H. Berge i 1780. I skipet heng ein kopi av Tidemanns ”Opstandelsen”, måla av Bruun i 1916. På kyrkjedøra heng ei dørring frå rundt 1150-talet. I våpenhuset heng ei anna gamal kyrkjedør. I 1912 fekk kyrkja eit romantisk orgel, bygd av Olsen&Jørgensens orgelfabrikk. Foto: Hans Enger Stempel/signatur: Dato:…………. VOLBU KYRKJE Volbu kyrkje vart bygd kring år 1830 på same tufta som den gamle stavkyrkja stod. Denne vart truleg bygd midt på 1100talet, og vigsla til St. Blasius. Ein del veggplankar, stavlegjer og sperrer frå den gamle kyrkja er no i det vesle Stavkyrkjemuseet. Antemensalet (altarforstykket) frå den gamle kyrkja er no i den nye kyrkja. Det vart måla fyrst på 1300-talet, og Volbu kyrkje er den eine av to kyrkjer i heile landet som enno har det opphavelege antemensalet i bruk. Altartavla vart måla på 1790-talet av Ole Hermundsen Berge. I kyrkja heng m.a. eit gamalt røykjelseskar. Våpenhuset er dekorert av Sigmund Årseth. Orgelet frå 1960-talet og er bygd av Norsk orgel- og harmoniumsfabrikk. Foto: Hans Enger Stempel/signatur: Dato:……………… HEGGE STAVKYRKJE Dei fyrste skriftlege kjeldene frå Hegge kyrkje er frå 1327, men kyrkja truleg er bygd rundt 1216. Døypefonten er frå 1100-talet, og derfor trur vi at det har vore ei eldre kyrkje i nærleiken. Stavkyrkja har opphavleg hatt halvrund koravslutning bak alteret, takryttar, svalgangar, runde vindaugsgluggar, spontak og inngang frå vest og sør til skipet. Kyrkja er bygd om fleire gonger. Eit nytt kor og våpenhus er bygd, og veggene i skipet er flytta ut på svalgangen sin plass. Øvst på stavane er det ansiktsmasker. Ei av desse har eitt auge, som på Odin. Foto: Ole J. Liodden Stempel/signatur: Dato:……………. LIDAR KYRKJE Kyrkja vart innvigd som kapell under Hegge sokn i 1932, medan gravplassen blei innvigd 30 år tidlegare, i 1902. Lidar kyrkje er lafta, og blei utvendig kledd med panel i 1956. Altertavla er laga av treskjeraren, diktaren og målaren Olav Rudi, medan Knut Ø. Rudi står for treskjeringane på preikestolen. Foto: Hans Enger Stempel/signatur: Dato:……………… LYSKAPELLET Lyskapellet ved Helsesportssenteret på Beitostølen er reist og drevet av stiftelsen ”Anna og Erling Stordahls minne”. Kapellet ble i 2000 økumenisk vigslet. Glassmaleriet er formgitt av Ferdinand Finne etter visjon ved Kirsten Rostbøll. Det er tegnet av tømrer Herbert Mollenhauer som sammen med byggmester Kjell Arne Båtevik har bygget kapellet. Sigmund og Kjell Arne Årseth utførte sammen med Kirsten Rostbøll dekorasjon og maling i Kapellet. Lyskapellet er et åpent, stille rom for brukere på Helsesportssenteret og mennesker ellers som ønsker en stille stund. Foto: Hans Enger Stempel/signatur: Dato:……………… FJELLKAPELLET Fjellkapellet på Beitostølen ble vigslet vinteren 2006. Det er en kopi av et russisk kapell som står ved veien inne på taigaen i Arkhangelsk. Ute på taigaen, er det mange slike kapeller, små og store, som ligger langs veier og stier som knytter landsbyene sammen; bygget for ly, vern, en liten bønn, eller pause og hvil. Håpet er at slik vil også Fjellkapellet fungere for vandrerne på Beitostølen. Spør etter veien til kapellet på turistinformasjonen, Bergo Hotell eller SAS Blu. Foto: Carl Ph. Weisser Stempel/signatur: Dato:……………… HØRE STAVKYRKJE Høre stavkyrkje er frå om lag 1179, datert ved ei svært uvanleg runeinnskrift. Kyrkja er ei søylestavkyrkje med fire frittståande staver i kyrkjerommet. Dei andre stavane ender på himlingsnivå. Stavene ber eit opphøgda midtparti, i dag dekka av ei himling. Stavkyrkja vart endra i 1822, mellom anna den halvrunde koravslutninga vart fjerna, kyrkja vart utvida mot vest, og veggane i skipet flytta ut på svalgangen sin plass. Runene på staven inne i preikestolen fortel tømmeret vart hogd den sumaren Erling Skakke fall i Nidaros. Høre stavkyrkje har ein rik treskurd. Foto: Hans Enger Stempel/signatur: Dato:……………. HEENSÅSEN KYRKJE Heensåsen kyrkje blei vigsla 1902. Det var eit gamalt ønskje å få eiga kyrkje ”austsida”. Med mykje pengeinnsamling og dugnadsarbeid kunne kyrkja bli bygt. Kyrkja er ei langkyrkje teikna av arkitekt John Meyer. Kyrkja vart dekorert med sjablongmaling som var populært på starten av 1900-talet, og noko er framleis tatt vare på etter oppattmålinga i 1977. På toppen av altartavla er eit særs fint krusifiks skoren av Endre O. Lien. Foto: Oddvin Almenning Stempel/signatur: Dato:……………. VANG KYRKJE Vang kyrkje er ei korskyrkje bygt i tømmer med borkleding utapå. Kyrkja vart vigsla 9. April 1840. Altartavla er ei fin katekismustavle frå 1620. I sørre vengen av kyrkja heng ei altartavle som var i bruk frå 1922 til 1940. Det var Ola Sparstad som skar tavla og Julie Gjessing som måla altarbiletet. Stavkyrkja frå slutten av 1100-tallet blei tatt ned og seld til kong Frederich Wilhelm av Prøysen. Ho vart sett opp att i 1844 og står framleis i Karpacz i Polen. Foto: Carl Ph. Weisser Stempel/signatur: Dato:……………. ØYE STAVKYRKJE Kyrkja er truleg bygd sist på 1100-talet som ei søylestavkyrkje med fire frittståande søyler i kyrkjerommet. Øye stavkyrkje skil seg frå dei andre stavkyrkjene i Valdres og er mest lik Vang stavkyrkje (no i Polen). Stavkyrkja forsvann, men vart funne 1930-åra under kyrkjegolvet til nye Øye kyrkje og gjenreist i 1964. Kyrkja har svalgangar og halvrund koravslutning, ope skip med benker berre langs veggene og ei svært smal opning inn i koret slik det var vanleg i før-reformatorisk tid. Foto: Hans Enger Stempel/signatur: Dato:……………. ØYE KYRKJE Øye kyrkje stod ferdig i 1747. Til då hadde dei nytta den gamle stavkyrkja som sto nede på marka nær Vangsmjøsa. Øye kyrkje er ei langkyrkje, lafta og sidan bordkledd. Rundt slutten av 1800 -talet bygde dei på våpenhus og sakristi. To bilete i altartavla og eit bilete på sørveggen kjem frå St.Tomaskyrkja. I kyrkja står ein trestatue med motiv engelen som trøystar Jesus i Getsemane. Den blei utskoren i Oberammergau på 20-talet med tanke på plassering i St. Tomaskyrkja. Foto: Hans Enger Stempel/signatur: Dato:……………. ST. TOMASKYRKJA St. Tomaskyrkja er reist på staden der det sto i lita stavkyrkje frå slutten av 1100-talet fram til ho vart riven i 1808 etter kongeleg påbod. Ho er bygt i betong og tre og teikna av arkitekt Lindstrøm. Ideen til kyrkja er bygget på stavkyrkjeprinsippet, og kan i form minne om ei kyrkjeklokke. Særeigen altartavle med motiv Jesu krossfesting og livets tre. Kyrkjeklokker, inventar og kopi av relikvieskrin frå den gamle stavkyrkja. Foto: Carl Ph. Weisser Stempel/signatur: Dato:……………. WWW.VALDRES.NO Besøk alle mellomalderkyrkjene og vinn ein premie! Besøk ALLE kykjene og og bli med i trekninga på ein kunstbibel! Kontaktinfo Valdres Natur og Kulturpark: Valdres turistkontor: Valdres prosti: tel. 61359470 tel. 61359410 tel: 61359095 Eller ta kontakt med kyrkjekontora i ditt distrikt Spør også etter dei andre guidane våre: • Vardevandring • Temaguide • Sykkelguide • Turguide