Kontakt nr. 2, 2011

Transcription

Kontakt nr. 2, 2011
Midt i alt
det meningsløse
Midt i alt det meningsløse
som vi møter her på jorden,
blir vårt hjertes skrik til bønn.
Gud, vi roper: Om du finnes,
finn oss, redd oss når vi synker
i vårt eget tomhetsmørke.
Kom vårt sprengte liv i møte!
La oss i vår trengsel merke:
Under alle dyp er Du!
La oss gripe dine løfter:
Ingen makt skal kunne skille
oss fra kjærlighetens allmakt.
Selv om ubesvarte hvorfor
stadig dirrer i vårt hjerte,
ber vi, Herre: Gi oss tro,
tro på deg som
kjemper med oss,
fylt av kjærlighet, i nærkamp
med det ondes makt i verden.
Om vi seirer eller synker,
skal vårt svake liv bli båret
gjennom liv og gjennom død.
Gud, vi roper: Du som finnes,
finn oss, redd oss,
la din nærhet
bli vårt lys i tvilens mørke.
Svein Ellingsen
Salmer 1997 nr.75
Presten har ordet
Informasjon
for Meland
kyrkjelyd
Nettadresse:
www.melandkyrkja.no
Adresse:
Meland kyrkjekontor, rådhuset
Boks 117, 5918 Frekhaug
Tef. 56171480- Fax 56171481
Epost:
kyrkjekontoret@melandkyrkja.no
Kontortid: Måndag-fredag
kl. 09.00-kl.14.00
(kontoret kan væra stengd
i kontortida. Kontakt då
eksp. i rådhusetef.56171000)
Kontakttelefon ved krise:
mobil: 95 48 38 74
Kyrkjetenar
Roy Rognsøy telf 56171480
Kyrkjelydsmusikar: Trond Fykse
Tlf. 56171483
trond.fykse@melandkyrkja.no
Kyrkjeverje: Torgeir Paulsen
Tlf.56 17 14 80
torgeir.paulsen@melandkyrkja.no
Kyrkjelydskoordinator:
Anne Sofie Nergård Uthaug
tlf. 56 17 14 85 priv. 56 17 80 30
anne.uthaug@melandkyrkja.no
Soknerådsleiar: Kari erikstein
tlf. 95 43 58 57
karierikstein@hotmail.com
Ungdomsarbeidar:
Ruben Sæle tlf. 56 17 14 80
Sokneprest:
Torbjørn Aamli tlf 56171484
email:torbjorn.aamli@melandkyrkja.no
Undervisningsprest:
Steinar Sneås Skauge tlf 56171482
email: steinar.skauge@melandkyrkja.no
KONTAKT:
Kyrkjeblad for Meland
Utgjevar: Meland sokneråd
Layout: Harald Wiig Andersen
Trykking: Trykk-service as
Redaksjonsadresse:
Meland kyrkjekontor
Gåver til Kontakt og
gjevartenesta konto
nummer: 3632 07 04019
Meland kyrkje: 56 17 73 00
Konfirmasjonen nærmar seg
med stormskritt. For nokre
vil det seie storvask i huset,
kakebaking dagar i strekk,
endelause timar med broderinåla, og garasjemaling til langt
på natt. For mange foreldre er
innspurten i konfirmasjonstida
ei travel tid. For andre vil slutten av konfirmasjonstida dreie
seg om prøving av bunad og
dress, fiksing av hår og neglar,
febrilsk skriving på takketalen
ein veit ein må halde på festen
og fundering på kva ein får i
gåve.
Konfirmantane sin innspurt i
konfirmasjonstida er ofte prega
av den store festen som snart
kjem. For andre att vil dei siste
vekene før konfirmasjonsdagen
vere prega av rydding i kyrkjerommet, reinsing av kappar,
fomling med preikeskriving,
innøving av postludium og
plantestell på kyrkjetrappa.
Staben har mykje å ta tak i når
konfirmasjonane kjem nærare.
Midt oppe i alt det ein må gjere
og alt det ein føler ein må gjere,
er det lett å gløyme det viktigaste. Det viktigaste vi skal
gjere for konfirmantane våre i
konfirmasjonstida er å be for
dei. Dette andre vi stressar med,
er i hovudsak ikkje noko meir
enn ei fin ramme rundt forbøna.
På konfirmasjonsdagane skal vi
be for den enkelte konfirmanten
i kyrkja, men også i tida fram til
konfirmasjonen er konfirmantane omslutta av forbøn. Kvar
søndag ber vi for dei i kyrkja
og alle konfirmantane har eigne
forbedarar i kyrkjelyden. Desse
forbedarane gjer ei kjempeviktig oppgåve.
-2-
Oppgåva er usynleg, men vert
ikkje mindre viktig av den
grunn.
Når vi andre lett vert distraherte av alt arbeidet kring
konfirmasjonsgudstenestene,
vonar eg at forbedarane klarar
å be for konfirmantane og oss
som er oppe i stresset. Og ein
treng ikkje vere «offisiell»
forbedar for å ta del i dette.
Hugs dei i bønene dine, du
også. Forbøn for konfirmantane er heile kyrkjelyden sitt
ansvar. Og ta gjerne med
oss som jobbar med konfirmantane i bønene også. Vi
treng det vi og, både stab og
frivillige.
I konfirmasjonsgudstenesta
når forbøna sitt høgdepunkt,
men eg vonar og trur at
konfirmantane våre vert halde
oppe av jamn forbøn gjennom
heile konfirmantåret. Eg vil
oppmode deg til å hugse på
dette konfirmantkullet i bønnene dine framover, men også
til å ta med konfirmantkulla
framover i forbøn.
Ver med og be for
konfirmantane du også!
Steinar Sneås Skauge
5 på leir 2011
1) Kva var dine forventningar til leiren?
Espen Mjelde Jakobsen: Eg trudde det skulle bli gøyt.
Christiane Eliassen Tveit: Eg hadde ikkje noko særleg med forventningar.
Guro Cecilie Nordvik: At det skulle bli gøyt.
John Dias Minde Mæstad: Å få nye vener og ha det moro.
Iselin Rossland: Bli kjent med nye folk og ha det gøyt.
2) Blei leiren slik som du hadde forventa?
Espen: Ja, det blei gøyt etter kvart.
Christiane: Det blei betre enn eg hadde trudd.
Guro: Det blei gøy, pluss at eg fekk nye vener.
John Dias: Nesten. Men det kunne vore betre.
Iselin: Leiren var gøy, men innimellom litt stressende.
3) Kva har de gjort på?
Espen: Vore på trampolina, vore med vener, vore i kano og spelt kort.
Christiane: Det har vore ein del møter, men ellers har eg møtt folk og gjort ein del tull.
Guro: Har sete på kaien og vore med vener og vore å møter.
John Dias: Har vore med folk, vore på trampolina, bada og padla i kano.
Iselin: Vore med vener og blitt kjend med folk, pluss bading, volleyball og løpt tarzanløypa
4) Kva likte du best med leiren?
Espen: Å spele biljard med Ola Helgaas. Eg slo han to gonger.
Christiane: Fritida og nye vener.
Guro: Nye vener og underhaldningskvelden.
John Dias: Fritid og jenter!
Iselin: Fritid og å verta kjent med nye folk og vera med vener.
5) Kva har du lært?
Espen: At såkalla Jesus vart 33 år gamal.
Christiane: Eg har lært mykje om kristendommen,
men eg trur ikkje på alt.
Guro: Har lært meir om kristendommen.
John Dias: Har lært om kristendommen.
Iselin: Har lært litt om kristendommen.
Intervjuet er laga av:
Tuva Maria Åserud og
Matilla Maud Færevåg Berger.
frå v. Christiane, John Dias, Guro, Espen og Iselin.
-3-
Fire jenter om fire år i Kamerun.
Kan eg få snakka litt me dykk?
Pauline (11), Sunniva (9) og
Kristin (6) sit rundt kjøkkenbordet og har seg ei skjeve
kvelds. Dei betraktar meg
spørjande og nikkar ”Ja” til
spørsmålet mitt. Men Kristin
ser på blokka og blyanten min
og har først eit heilt rettkomme
spørsmål om kvifor eg skal
skrive ned det dei fortel? Eg
forklarer at eg skal skrive til
Kontakt, og det er greitt.
- Var det greitt å reise heim no?
Kristin og Sunniva svarer
raskt og tydelege ”JA”. Men
Pauline kunne tenkje seg å vera
att i Kamerun. Ho var klar til
å flytta inn med den afrikanske venninna Benedicte (10).
Henne var ho ofte innom hos,
dei såg TV i lag, åt i lag, leika og prata. Og dei fann etterkvart
ut at det dei hadde mest ulikt
syn på, det prata dei ikkje om.
Som t.d. trolldom.
Alle tre har meir og meir å
fortelje etterkvart som samtalen
skrid fram, og eg får meir og
meir å spørja om… Det er så
mye som er annleis i Afrika,
seier dei, og så mye som det
ikkje er lett å setje ord på, seier
Pauline.
Kan de prøva å komme med
nokre døme likevel?
Dei hadde mange gamle
tradisjonar, begynner Pauline.
Og mye støv! Dei vaska seg
ofte, dusja alltid! I alle fall kvar
kveld. På landet hadde dei
”seco”. Det var ei bøtte med
vatn og ei ause som dei spylte
seg med.
- Bruka de også ”seco”?
Ja, svarer dei, og syntes det
gjekk greitt
Og når me var mange, sende
dei rundt eit fat med vatn som
alle saman vaska hendene sine
i. Og doet, det var ekkelt. Det
var berre eit hol i bakken. Det
var ikkje alltid me trefte… Det
lukta der.
Blei de sjuke nokon gong?
Nei. Det som var farlegast var
slangane, fortel dei, for det var
mange slangar der dei budde.
Ungane fekk ikkje lov å gå ut
etter at det var blitt mørkt. Me
syntest det var litt kjipt. Ein
gong vart ei jente beten då ho
klatra i eit tre, men ho fekk medisin raskt, så det gjekk greitt.
Og ein gong kom ein slange inn
i huset vårt… Då tok mamma
og hogg hovudet av han med eit
sverd!
Kva med maten?
Maten var òg annleis, det var
kjøtt, ris, couscous, steikte bananar, og mango i sesongen.
Couscousen var grå, runde ballar av maniok og vatn.
Dei var kvite òg, seier Kristin.
Når dei var laga av maismel,
blei dei kvite, Pauline har
peiling.
Smakte det godt?
Det var ikkje så mye smak på
dei. Men me spiste med hendene, dyppa dei i saus, det gav
dei smaken.
Og så var det billigare enn ris,
legg Pauline til.
-4-
Dei fortel òg at dei av og til var
med å laga afrikansk mat, men
trur ikkje dei kan nok til å laga
same rettane åleine no.
Mangoen må de fortelja meir
om, de sa de spiste mango i
sesongen.
Ja, det var litt inn i regntida,
forklarer Sunniva. Då var det
masse mango. Me måtte klora
dei først.
- Klora dei?
Ja, me vaska dei i klorvatn for å
få vekk bakteriar. Så skrelte me
dei, Kristin berre beit av skalet.
Det var godt. Alle nikkar
Eldstejente Marianne (13) kjem
no og sluttar seg til oss fire
rundt bordet. Ho fortel at dei
har opplevd og sett korleis
dei i Afrika har eit anna syn
på mange ting. M.a. korleis
dei helser på kvarandre og på
vaksne.
Dei viser mye meir respekt enn
oss, seier ho. Dei var veldig
høflige, det var viktig å handhelse eller klaske henda mot
kvarandre, spørja om korleis
dei du møtte hadde det, svara
på det, og spørja tilbake osv.
Dei brukte litt tid på det.
Så brukte dei mye falskt hår,
”mêches”, parykk, eller fletter
som dei festa på sitt eige, kortklipte hår.
Kristin var den einaste
av jentene som gjekk på
skule(førskule) i den kamerunske skulesystemet. Dei andre
tre gjekk på norsk skule. Men
alle fire måtte lære seg fransk.
Det gjorde også at dei fekk betre kontakt med kamerunarane
enn dei norske som ikkje kunne
fransk.
Kva var det kjekkaste i Kamerun?
Nasjonalparkane! kjem det omtrent i kor. Der såg me mange dyr. Dei gjekk fritt rundt oss. Ein gong
såg me ei løve som åt på eit bytte, seier Sunniva.
Og så synest eg det er så stille her, eg synest til og med fotstega mine høyrest så veldige ut her heime.
I Kamerun var det så mange lydar heile tida, også om kveldane. Der sovna me til ”afrikansk symfoni”, ein lydmix av hundebjeffing, innsektlydar, folk som prata, lydar frå fotballbana, musikk.
Men alle fire er glade for å vera tilbake, og synest de er fint å komma heim. Men dei er òg glade for å
ha vore der, å ha hatt denne spesielle opplevinga.
LJ
Dette er ein del av eit lengre intervju som du kan lesa på nettsida vår: melandkyrkja.no
-5-
I slikt et vær…
Henrik Wergeland skildra
i diktet Juaften, eit forferdeleg uvær med snøstrom og
kulde. Ein jøde kjempar seg
gjennom stormen på veg til
ei bygd ved svenskegrensa
for å selja julegåver. Det
er ei dramatisk historie han
skildrar. Frå dette diktet har
dette sitatet gått inn i språket
vårt: ”I slikt et vær, da får du
Bønner, Gud”.
Me har nyleg sett ei samla
regjering med statsministeren i spissen sitja i Oslo
domkyrkje og syngja ”O
bli hos meg. Me har kjent
på ei felles avmakt. I slik
avmakt blir me små, og
avstanden til Gud mindre.
Kyrkja blir den naturlege
samlingsstaden, og mange
som ikkje til vanleg formar
ord til bøn, har lagt frå seg
sine bønelappar. Gripande
var det og å lesa det som
ein av dei overlevande frå
Utøya skreiv på bloggen sin
om korleis ho bad og ropte
til Gud i frykt og fortviling
medan ho rømde for livet.
Ei overskrift i BT magasinet for 6. august fortalde at
”Bønnedikt og lys er blitt
den nye folkereligionen”.
Det er ei journalistisk spissformulering. Men den valfart me såg til domkyrkjeplassen i Oslo i dagane etter
tragedien, hadde utan tvil
sterke religiøse undertonar.
Dit gjekk folk for å tenna lys
og leggja ned blomar. Men
kvifor var det domkyrkjeplassen og ikkje Joungs
torget som vart samlings
staden?
Gjennom dei nære tragiske
hendingane har kyrkja og på
særskilt vis kome i sentrum.
Prestar har hatt ein sentral
rolle i sorgarbeidet i etterkant. Gravferder og minnegudstenester har ført folk
til kyrkjene, og mange har
søkt til opne kyrkjer for ei
stille stund og for å tenna
lys. Det er lite tvil om at
det dei siste vikene har gått
ei folkereligiøs bylgje over
landet, og den har skvulpa
kloden rundt. Gud har nok
i denne tida fått bøner frå
mange som ikkje så ofte
tenkjer på slikt.
Det er vanskeleg å vita kor
djupt dette stikk, men mange
teikn i tida fortel om mykje religiøs lengt. Den har
mellom anna dei seinare åra
funne form i nyreligiøsitet
av ulike slag. Åndeleg lengt
må likevel ikkje forvekslast
med kristendom, og kyrkja
har nok lite makta å møta
denne lengten.
I denne situasjonen er det
fleire fallgruver for oss som
truande og som kyrkje. Den
eine er å overtolka det som
skjer og ta det som eit uttrykk for noko som ligg nær
ei religiøs vekking. Ein annan fare er at me overser dei
menneske som i dette møter
eit ekte kall til å
-6-
søkja samfunn med Gud.
Men den største faren ligg i
at kyrkja let seg driva med
av stemningsbylgja og blir
utydeleg i den oppgåva ho
har som formidlar av møte
mellom menneske og Gud.
Kyrkja kan lett berre bli eit
supplement til psykologar
og politikarar i den store
krisehandteringa. Det terapeutiske fokus blir det viktigaste. Formidlinga av hjelp
til å forstå det som hender,
i lys av Guds ord og til å
formidla samfunn med Gud,
blir tona ned. Det må heller
ikkje bli så viktig for kyrkja
å solidarisere seg med den
meiningsløysa menneske
kjenner på, at den hjelp
Bibelen fortel oss at Gud kan
og vil gi, ikkje kjem tydeleg
fram.
Det er ikkje vår oppgåve
som truande å prøva å gi
svar på alle spørsmål som
reiser seg og til å forklara
det som skjer. Vår oppgåve og vår utfordring er å
formidla eit møte med Jesus
slik at menneske kan får del
i den trøyst og den von som
berre han kan gi. ”Kom til
meg alle de som slit og har
tungt å bera; eg vil gi dykk
kvile.” (Matt.11,28) Målet
med det kristne sorgarbeidet
må alltid vera å føra menneske til samfunn med Jesus.
Han er den store trøystaren
og sjelesørgjaren. Dette må
kyrkja framfor alt ha frimod
til å vera tydeleg på.
Ingvard Hageberg
Kandidatliste soknerådsval 12. september
1. Kari Erikstein 39 år Grønlandsvegen 23 , 5918 Frekhaug
Yrke: konsulent i beredskapshjem
Erfaring frå kyrkjelydsarbeid/organisasjonsliv:
Har vært med i søndagsskulearbeidet Løvegjengen i kyrkja sidan oppstart.
I soknerådet i til saman 10 år, fyrste 4 år som vararepresentant. Leiar frå januar 2011.
Oppteken av i kyrkjelydsarbeidet:
Spesielt opptatt av barnearbeidet og at kyrkja skal gi eit godt og variert åndeleg og sosialt tilbod både
til vaksne og barn. Synes det er viktig å jobbe for eit godt samarbeid på tvers av ulike menigheter i
kommunen. Statskykja har mange muligheter, og ønsker gjennom soknerådsarbeidet å jobbe for at vi
skal gi innbyggjarane i Meland eit godt tilbod.
2.
Berit Nøst Dale 59 år Sagstadvegen 67, 5918 Frekhaug
Yrke: Høgskolelektor
Erfaring fra kyrkjelydsarbeid/organisasjonsliv:
Nestleder i sittende sokneråd i Meland. Var mange år i regionalt styrearbeid i
Normisjonen på 1990-tallet. Styremedlem i landsstyret i Normisjon 2006-2009
Oppteken av i kyrkjelydsarbeidet
Undervisning av kyrkjelyden; Møteplassen i Rema-bygget gir oss gode muligheter til å drive med bla.
Bibelundervisning. Vi må vite noe om grunnlaget for vår tro, og da er kunnskap om Bibelen nødvendig.
At gudstjenestene treffer menneskene i Meland ”hjemme”, da må vi ulike gudstjenesteformer og
steder - som vi allerede har begynt med bla. gudstjenester i rådhuskantina – og gudstjenester på Rossland som startes med i høst. At barna er godt synlige i kyrkja. Løvegjengen er et fantastisk arbeid som
må støttes videre!
3. Johannes Monstad
55 år Schriverhaugen 1, 5918 Frekhaug
Yrke: Rekneskapsførar
Erfaring fra kyrkjelydsarbeid/organisasjonsliv:
Medlem i Meland Sokneråd dei 2 siste åra. Har også erfaring frå soknerådsarbeid i
Åsane på 1990-talet. Sat i styret for Sagstad (Frekhaug Indremisjon).
Oppteken av i kyrkjelydsarbeidet
Bl. a. ha ei “folkekyrkje” som når ut til alle i kyrkjelyden.
4. Jon Vidar Sakseide
30 år Fløksand 20
5918 Frekhaug
Yrke: Lærar
Erfaring fra kyrkjelydsarbeid/organisasjonsliv:
2 år i soknerådet. Fleire år i ungdomsarbeidet der eg både har vore leiar og
drive med leiartrening. Oppteken av i kyrkjelydsarbeidet:
At kyrkja alltid skal ha fokus på at menneske skal kome til tru og bli bevarte i trua.
5. Sondre Blom 18 år Eikelandsvegen 28 ,5917 Rossland
Eg er 18år og ser at Meland kyrkje har eit problem når det gjelder å få ungdom
med på søndagsgudstjenastane. Det er også for få gudstjenaster ute på bygdane, til
dømes: Husebø og Vikebø. Å la gudstjenastane vera på litt forskjellige plassar så vil
det vera lettare for dei nærbuande å komma, også ungdom. Eg vil at skulelagane her
i komunen får noko meira besøk av ”effarne” folk. Det er kort sagt ungdom eg vil
engasjere.
6. Ingunn Reigstad 54 år Galtenesvegen 38 , 5918 Frekhaug
Yrke: Høgskolelektor i pedagogikk ved NLA Høgskolen
Erfaring fra kyrkjelydsarbeid/organisasjonsliv: Med i gudstjenestelag, husfellesskap,
ansvar for bønnebrev, med i Normisjonsforening. Har tidligere vært med som leder i
Levande Lys i 8 år. Oppteken av i kyrkjelydsarbeidet:
-7-
Jeg er opptatt av at vi som menighet skal tjene Gud og hverandre med de evner og nådegaver som vi
har. Husfellesskapene er en viktig del av menighetens pulserende liv og alle bør inviteres inn i et slikt
fellesskap. Bønn er en viktig del av arbeidet fordi jeg tror at Gud hører våre bønner. Jeg ser også trosopplæringen rettet mot ulike aldersgrupper som en viktig del av menighetens arbeid.
7. Øystein Berland Blom 44 år Eikelandsvegen 28 , 5917 Rossland
Yrke: Teknisk sjef
Erfaring frå kyrkjelydsarbeid/organisasjonsliv: Medlem i soknerådet sist perioden.
Vore engasjert i Strilungane nokre år.
Oppteken av i kyrkjelydsarbeidet:
Er opptatt av at kyrkja er inkluderande for kommunen vår. Det skal vere plass til alle.
8. Eva Kristin Dale Wessman 28 år Torvvegen 35 C 5918 Frekhaug
Yrke: Lærar på folkehøgskulen
Erfaring frå kyrkjelydsarbeid/organisasjonsliv: Soknerådsmedlem perioden
2009-2011, Studentutvalsmedlem 2007-2009, div. arbeid i periodar som
ungdomsleiar, kordirigent, pianist.
Oppteken av i kyrkjelydsarbeidet:
Eg ynskjer ei kyrkje som er open og varmt inkluderande for alle slag menneske, med fokus på å vise
Jesu kjærleik i praksis i møte med menneske. Bevare og leve ut trua saman med andre truande og
forklare og invitere dei som søkjer. Eg vil arbeide for å bevare og utvikle Møteplassen, og etter kvart
utvide tilboda der kyrkja kan vere tilstades i kvardagen til folk i bygda. Ny kyrkje i Frekhaug senter er
eit mål. Eg er også oppteken av å bevare og utvikle song-og musikkgleda som er i Meland, der fleire
former for musikk kan nyttast i kyrkja, i tillegg til salmesong. Kanskje kan me få i gang nytt ungdomskor?
9. Øystein Sulebakk 41 år
Grønlandsvegen 20 5918 Frekhaug
Yrke: Vedlikeholdsingeniør
Erfaring frå kyrkjelydsarbeid/organisasjonsliv: Soknerådet i 1 ½ periode som
fast medlem og ein ½ som vara. Medlem av utvalet for ny kyrkje på Frekhaug,
arrangere konserter (barnekonserter)
Oppteken av i kyrkjelydsarbeidet:
Ny kyrkje på Frekhaug, sang og musikk i kyrkjelyden, opptatt av at alle generasjoner skal kunne
møtes å bidra sammen, samt at barna skal kunne få bidra i større grad, at det er lav terskel for å ta
kontakt og komme inn i kyrkja.
10. Linda Johanne Ulvedal Abrahamsen 39 år, Juviknipa 18, 5918 Frekhaug
Yrke: Sjukepleiar
Erfaring frå kyrkjelydsarbeid/organisasjonsliv: Er med i Løvegjengen,
medarbeidar på Open møteplass, gudstenestearbeid på Frekhaug.
Oppteken av i kyrkjelydsarbeidet:
Arbeidet i Løvegjengen er spennande og utfordrande. I tillegg til mange
faste løvegjengarar, får vi besøk av mange ungar frå blant anna dåpsfølgje. Det er eit privilegium.
Møteplassen er eit spennande tiltak. Det er ei glede å vere med på “Open møteplass”. Her ser vi også
både gjengangarar og nye ansikt. Dette viser behov for ein slik plass å møtast.
Er med i ei husgruppe. Dette er ein viktig del av samhaldet i kyrkjelyden. Vi har vore med å planlegge gudstenester på rådhuskantina. Her ser vi mange kyrkjevande, men og nye ansikt, og det er
kjekt og det varmar.
Både søndagsskulearbeid, Open møteplass og arbeid med gudsteneste på Frekhaug viser eit aukande
behov for ny kyrkje sentralt på Frekhaug.
-8-
11. Sigmund Larsen 52 år
Mjåtveitflaten 17 A, 5918 Frekhaug
Yrke: Konsulent
Erfaring frå kyrkjelydsarbeid eller organisasjonsliv: Har vært i soknerådet som
vararepresentant, elles hjelpt av og til med presentasjons framvising
Er opptatt av at: kirken skal være åpen og romslig med plass for alle. Kirken bør
også være mer på lag med næringslivet. Kirken må fornye seg i måten en
kommuniserer på. Være med på å legge forholdene til rette for en kirke/kulturhus tomt på Frekhaug.
12. Victor Bakke 65 år Galtenesvegen 135918 Frekhaug
Yrke: Pensjonist
Erfaring frå kyrkjelydsarbeid eller organisasjonsliv: Tidligere ungdomsarbeider,
leirstedsbestyrer og mangeårig tjeneste i folkehøgskolen som lærer og rektor.
Kva er du oppteken av i kyrkjelydsarbeidet? Husfellesskap og sang og musikkarbeid.
13. Frode Steingrimsen Berven 34 år, Stemhaugen 8 5918 Frekhaug
Yrke: leder av en forskningsenhet innen proteinforskning ved Institutt for
Biomedisin ved Universitetet i Bergen.
Erfaring frå kyrkjelydsarbeid/organisasjonsliv: verv innen diverse organisasjoner,
blant annet som leder av et nasjonalt konsortium for proteinforskningslaboratorier.
Tidligere medlem i studentstyret både på Høgskulen i Hedemark og ved Universitetet i Bergen.
Oppteken av i kyrkjelydsarbeidet: Ønsker spesielt å støtte opp om og å legge til rette for et inkluderende fellesskap, samt å verne om naturen og skaperverket
14. Aslaug Haugland 46 år Øvre Sagstad 1065918 Frekhaug
Yrke: sekretær i Lindås kommune, heimetenesta.
Erfaring frå kyrkjelydsarbeid/organisasjonsliv: Tidlegare vore medlem i
soknerådet 4 år, . Er med i roseprosjektet til Meland kyrkjelyd, for tida
nestleiar i Mental Helse Meland
Oppteken av i kyrkjelydsarbeidet: Diakoniarbeid i kyrkjelyden. Eg ynskjer at Meland kyrkjelyd skal
ha fokus på menneskeverd og respekt for ulikheter blant menneska rundt oss.
15. Veronika Husebø
37 år Husebøvegen 86 5917 Rossland
Yrke: Barnehageassistent.
Erfaring frå kyrkjelydsarbeid/organisasjonsliv: Søndagskolemedarbeider og
speiderleder.
Oppteken av i kyrkjelydsarbeidet: At barn og unge skal ha et godt kristent tilbud.
Valet går føre seg parallelt med kommunevalet. Alle
som har stemmerett ved kyrkjevalet har fått tilsendt
eige valkort. Der finn du nærare informasjon om
valet. Du kan og førehandsrøysta på kyrkjekontoret.
-9-
-10-
-11-
-12-
-13-
-14-
-15-
-16-
Møteplassen
Tysdag, onsdag og torsdag er det open møteplass frå kl. 11-14. Stikk innom for ein kopp te eller kaffi
og for å slå av ein prat.
Bibeltimane startar opp att 7. september, og held fram kvar onsdag framover frå kl. 20.30 til 21.30.
Gjennomgangen av bøkene i Bibelen held fram. Dette er som ein minibibelskule.
Det startar med 4 Paulusbrev. Jan Rantrud vil presentere galatarbrevet, efesarbrevet, filipparbrevet og
kolossarbrevet for oss. Nærare informasjon på www.melandkyrkja no. Ta med Bibel til samlingane.
Velkommen!
Nytt frå soknerådet
Gudstenester på Rossland
Ei lita gruppe er i gang med å planlegge gudstenester på Rossland til hausten og det blir gudstenester
på Rossland bedehus 4.september og 6. november kl. 17.00. Dei satsar på barnevenlege gudstenester
med låg terskel og ”laus snipp”. Den første gudstenesta i september er hausttakkefest og det blir med
lokale musikk-krefter.
Framtida for Møteplassen.
Soknerådet ønskjer å halde fram drifta på Møteplassen ut 2011, men dette vert siste del av ein prosjektperiode. Tida med Møteplassen har vist at det er svært verdifullt for kyrkjelyden med eit lokale
i sentrum og at lokalet fører til relasjonsbyggande og kyrkjelydsbyggande aktivitetar. Så ein del av
måla med Møteplassen er nådd. Men det er viktig med fleire deltakarar og medarbeidarar og nødvendig med betre økonomisk grunnlag for at drifta skal halde fram etter prosjektperioden. Kva som skjer
hausten 2011 vert avgjerande for om kyrkjelyden held fram med å leige Møteplassen også seinare.
Kontakt – redaktørspørsmålet.
Kontakt står framleis utan fast redaktør. Ingvard Hageberg har som ei mellombels løysing teke på seg
ansvaret for dette og julenummeret i år, men soknerådet har vedteke å legge ned bladet viss det ikkje
løyser seg med ny redaktør. Ta kontakt om du har gode idear til ein dugande person. Personen må ha
litt teft for kva som er bra stoff i eit kyrkjeblad, kunne leie redaksjonsmøta, be bidragsytarane sende
inn stoffet, vere innstilt på å jobbe med nynorsk og bokmål språkvask og å redigere bladet (prioritere,
setje opp på sider etc).
Ny
eittåring på plass
Victoria Knudsen er på plass som eittåring i kyrkjelyden. Ho skal
vera her dette skuleåret. Som elev ved bibelskulen på Bildøy har ho
tenesta i Meland som sin praksis.
Victoria skal vere ein aktiv del i Løvegjengen og i ungdomsarbeidet
og ho bur på hybel på Frekhaug. Soknerådet brukar av innsamla
midlar for å finansierer eittåringstenesta. Vi ønskjer henne hjarteleg
velkomen og Guds signing over dette året i Meland kyrkjelyd!
Husk på Victoria og tenesta hennar i forbøn.
-17-
Ordinasjon
Søndag 14. august var det ordinasjon i Meland
kyrkje. Torbjørn Sæle vigsla til prest av biskop
Halvor Nordhaug. Torbjørn har sine åndelege røter
i Meland kyrkje og på Frekhaug bedehus. Etter
gudstenesta i kyrkja var var det fest på bedehuset.
Torbjørn skal i første omgang gjera teneste i
Fagerborg menighet i Oslo der han skal arbeida mot
ungdom og studentar. Stillingen han går inn i er eit
samarbeidsprosjekt med Det norske misjonsselskap.
Etter ordinasjonen, der han til slutt fekk stolaen
lagt over skuldrene sine, steig han på preikestolen.
Teksten var henta frå profeten Jesaja kp.6 og handla
om då profeten fekk kallet til sin gjerning. Gjennom preika kom det tydeleg fram at den nye presten
Hadde kjempa med kallet, og at han går til teneste
med eit sterkt kallsmedvit. Han fortalde at då det
gjekk opp for han at Gud meinte alvor med å kalla
han til presteteneste, førte det ikkje nett til at han
song ”Jesus her er eg, send meg”.
I sin tale til ordinanden tok biskopen utgangspunkt
i dei vonde hendingane som har skaka folket vårt
dei siste vikene. Men han minna og om at slik lever
folk kvar dag mange stader på vår jord, med terroren som sin kvardag. Hos oss har me sett at kyrkja
for mange har blitt ein tilfluktsstad i denne tida.
Mange er blitt medvitne om at me treng ein
stad der me er omgitt av noko større enn oss
sjølve. Som prest skal du få gå møta menneske i slike situasjonar med noko større enn
deg sjølv.
Som menneske er me fødde utanfor samfunnet med Gud. Syndene har skilt oss frå Gud.
Som prest blir du send til menneske med ord
og sakrament som kan gi menneske del i samfunnet med Gud. ”Å være prest er å kjenne
menneskers egentlige nød og gå inn i den” sa
biskopen. Utgangspunktet for talen hans var
2. Kor 1:3-4 der det står slik:
”Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far,
den Far som er rik på miskunn, den Gud som
har all trøyst å gje. Han trøystar oss i all vår
naud, så vi kan trøysta dei som er i naud, med
den trøyst vi sjølve får av Gud.”
IH
Senior’s
For hausten er dette programmet sett opp:
8. september
”Å dikta livet” ved Haldis og Asle Reigstad
Haldis er ein av våre mestseljande lyrikarar, og er ikkje minst kjend for fleire av songane sine som
”Tett ved sida mi går Jesus”. Asle er ein habil kornettist.
6. oktober
Gyldne øyeblikk”. Møte med Olav Vikse. Han er kanskje mest kjend som arvtakar
av ”Middagsstunden” i NRK etter Jacob Skarstein. Seinare skapte han sitt eige programkonsept med
Tittelen ”Gyldne øyeblikk” der han fekk menneske til å fortelja om spesielle opplevingar i livet.
Song og musikk av Stein Flataker.
3. november
”Han fører meg til livsens land”. Møte med Elias Blix i liv og dikting. Ingvard
Hageberg kåserer om salmediktaren og bibelomsetjaren som kristna nynorsken. Det blir song og
musikkinnslag og sjølvsagt felles song.
1. desember
”Nå har vi vaska gølvet”. Med utgangspunkt i Prøysen si vise og eiga røynsle som
reinhaldskonsulent vil Else Liv (Io) Hagesæther kåsera kring dette temaet.
Første samling blir på Frekhaug bedehus, dei andre på folkehøgskulen.
Det blir servering av middag og kaffi.
Samlingane tek til kl. 12 og varer til ca. 14.30.
-18-
Livets gang
Døpte:
Vigde:
DåpsdatoNavn
27.02.2011
30.03.2011
03.04.2011
10.04.2011
10.04.2011
10.04.2011
10.04.2011
10.04.2011
17.04.2011
17.04.2011
17.04.2011
01.05.2011
01.05.2011
01.05.2011
15.05.2011
15.05.2011
15.05.2011
15.05.2011
15.05.2011
22.05.2011
08.06.2011
19.06.2011
19.06.2011
19.06.2011
19.06.2011
19.06.2011
26.06.2011
26.06.2011
26.06.2011
03.07.2011
03.07.2011
03.07.2011
03.07.2011
10.07.2011
31.07.2011
07.08.2011
07.08.2011
14.08.2011
14.08.2011
14.08.2011
14.08.2011
14.08.2011
14.08.2011
Vielsesdato Navn
Isabel Stokke Kvinge
Sondre Bertelsen Storli
Torleiv Bereket Steinhovden
Sebastian Meland Nordahl
Michelle Straumøy
Kasper Woldseth Kleiva
Emilia Tveit Fløysand
Kerim Yanar
Tore Kristoffer E. Moldekleiv
Joachim Hopland Askeland
Marvin Toppe Kristiansen
Milla Rifsgård Nese
Jonathan Langeland Sleire
Anders Aalen Jacobsen
Embla Stokseth Olsvoll
Oscar Olai Garrido Brandsdal
Sondre Aasheim Aarhus
Viljar Gjengedal
Thuva Emilie Svendsen
Phillip Hatland Rødseth
Geir Odin Dale
Martine Tangen Ryland
Mathias Flatøy Hopland
Elisa Goverud Klepsvik
Ulrik Bratshaug Dalland
Anders Bjørkheim Vågstøl
Lucas Kristoffersen
Tobias Frede Sagstad
Agathe Jakobsen Mongstad
Leon Andre Aase
Leah Fløysand Rydland
Matheo Tangen Hopland
Jonathan Emil S. Rifsgård
Thomas Kallestad
Maria Alise Mæland
Tiril Dale Kjørlaug
Isak Warberg Larsen
Troy Reinholdtsen Helgesen
Oliver Lande Sagstad
Anabelle Bauge Fondevik
Sanna Bratshaug Antonsen
Sofie Haaland Sagstad
Niklas Knapstad Risa
30.04.2011 Marianne Mellingen og Sven Birger Kloster
13.05.2011 Tonje Myrvang og Fredrik Fløysand
14.05.2011 Rannveig Eline Bjørkum og Arne Thormod Rønning
04.06.2011 Tonje Merete Bjelland og Kim Hatland
11.06.2011 Mai-Linn Jæger og Per Arne Aga
25.06.2011 Sissel Askeland og Jan-Helge Bertheussen
02.07.2011 Marie Skjelvik Skage og Ole Andre Skage
02.07.2011 Marianne A. Olsen og Jan-Gunnar Ingebrigtsen
02.07.2011 Linn Sundhordvik og Asle Zachariassen
23.07.2011 Alice Bratshaug og Ketil Moland Olsen
06.08.2011 Jeanette Sleire og Kristian Andås
06.08.2011 Randi Anette Rønnestad og Kristoffer Fikkan
06.08.2011 Camilla Askeland Gripsgård og Tore Bjørset
06.08.2011 Irene Johnsen og Rikard Johnsen
13.08.2011 Sandra S. Sjøholm og Christer M.Steffensen
13.08.2011 Marthe Petrin S. Søvik og Roy Tore H. Skaar
Døde:
DødsdatoNavn
04.03.2011
09.03.2011
28.03.2011
07.04.2011
13.04.2011
05.05.2011
06.05.2011
30.05.2011
30.05.2011
01.06.2011
05.06.2011
10.06.2011
20.06.2011
03.07.2011
22.07.2011
06.08.2011
07.08.2011
-19-
Betsy Husebø
f. 1933
Halvar Anders Husebø
f. 1919
Laura Sofie Borsholm Størseth f. 1944
Willy Einar Johansen
f. 1938
Pernhild Turøy
f. 1931
Gunnbjørg Karin Hopland
f. 1920
Ronny Husebø
f. 1976
Konstanse Myrtvedt
f. 1925
Agnes Ludvigsen
f. 1920
Villy Mjåtveit
f. 1938
Oliva Ivarsøy
f. 1915
Geir Åsmund Dale
f. 1962
Ingolf Gripsgård
f. 1922
Bjørg Pauline Larsen
f. 1932
Einar Karl Helland
f. 1957
Elliot Thorleif Mjåtveit
f. 1906
Margit Odland
f. 1926
Stad
Holmeknappen
MELAND KYRKJE
Dato Tid
28.08.2011 11:00
28.08.2011 19:00
Arrangement
Friluftsgudst.
Samtalegudst.
MELAND KYRKJE
04.09.2011 11:00
Gudsteneste
Rossland bedehus
MELAND KYRKJE
MELAND KYRKJE
MELAND KYRKJE
RÅDHUSET,FREKH.
04.09.2011
10.09.2011
10.09.2011
11.09.2011
11.09.2011
17:00
11:00
13:30
11:00
17:00
Gudsteneste
Konfirmasjon
Konfirmasjon
Konfirmasjon
Gudsteneste
MELAND KYRKJE
MELAND KYRKJE
MELAND KYRKJE
17.09.2011 11:00
17.09.2011 13:30
18.09.2011 11:00
Konfirmasjon
Konfirmasjon
Gudsteneste
MELAND KYRKJE
Rådhuset,Frekhaug
25.09.2011 11:00
25.09.2011 17:00
Gudsteneste
Gudsteneste
MELAND KYRKJE
MELAND KYRKJE
MELAND KYRKJE
MELAND KYRKJE
MELAND KYRKJE
02.10.2011
09.10.2011
09.10.2011
16.10.2011
23.10.2011
11:00
11:00
19:00
11:00
11:00
Gudsteneste
Gudsteneste
Møtepunkt
Gudsteneste
Gudsteneste
MELAND KYRKJE
MELAND KYRKJE
30.10.2011 11:00
06.11.2011 11:00
Gudsteneste
Gudsteneste
Rossland bedehus
MELAND KYRKJE
MELAND KYRKJE
MELAND KYRKJE
Rådhuset, Frekhaug
06.11.2011
13.11.2011
13.11.2011
20.11.2011
20.11.2011
Gudsteneste
Gudsteneste
Møtepunkt
Gudsteneste
Gudsteneste
MELAND KYRKJE
26.11.2011
Barnefestkonsert
MELAND KYRKJE
27.11.2011 11:00
Gudsteneste
17:00
11:00
19:00
11:00
17:00
Merknader
Konfirmantane.
Møtepunktopplegg
Tale: Jan Rantrud
frå NLA
Nattverd/
dåp
N
HausttakkefestGrøn kyrkje
N
Hausttakkefest.
Max 3 dåp
50-års konfirmantar
Vitjing frå bussleir?
D
Tema:
Barne
opple
gg
Liturg
Jan Rantrud
Skauge
X
Aamli
X
X
Aamli
Aamli
Aamli
Aamli
Skauge
X
Skauge
Skauge
Skauge
X
Aamli
Aamli
D
N
N/D
X
X
Aamli
Kåre Mestad
Ruben Sæle
Ingvar Fykse
Aamli
N
X
X
Aamli
Skauge
N
X
X
Aamli
Skauge
Skauge
Aamli
Aamli
Møtepunkt
N/D
4-års bok.
Søndagsskolens
dag.
Tema:
Pårørande
innbedne
Møtepunkt
D
X
Barnefestkonsert
+ "Lys våken"
"Lys våken"
Treng du skyss til kyrkja, kontakt kyrkjekontoret
Skauge
X
Skauge