ARBORIST

Transcription

ARBORIST
Fagskulane i Hordaland
ARBORIST
Bli arborist ved Hjeltnes fagskule
Som arborist arbeider du profesjonelt med tre. Du kan arbeide praktisk i ei bedrift som
utfører trepleietjenester eller du kan arbeide som konsulent. I alle ledd er det viktig
med gode fagfolk som har trepleiefaglig kompetanse.
Arborist er eit praktisk yrke og gjennom studiet må du arbeida praktisk i trekronene.
God fysikk og det å tåle høgder er nødvendig.
Om studiet
Fagskuleutdanningar er ei yrkesretta vidareutdanning, som byggjer på vidaregaånde
opplæring.
Arboristutdanninga er eit studie tilsvarande 1 år
på fulltid, som Hjeltnes fagskule tilbyr på deltid
over 2 skuleår. Det vert samlingar på skule kombinert med praksis i bedrift og nettbasert.
Inntakskrav:
Fullført utdanning som anleggsgartnar, gartnar,
agronom, skogsoperatør, studieførebuande
naturbruk eller tilsvarande. Du kan søke på
grunnlag av realkompetanse og relevant arbeidserfaring. Søkjar må ha dokumentert opplæring i
bruk av motorsag, erfaring med bruk av motorsag er ein fordel.
Studiet:
Du får opplæring mot arboristyrket gjennom
teori/ førelesningar, praktiske øvingar, oppgåveløysing både heime og i skule, prøver/testar og
praksisdagar. Skulen bruker gode lærarar frå
fagmiljøet i Norge.
Det vert samlingar på skule om lag ei veke kvar
månad. Dei fleste samlingane vert på Hjeltnes,
men nokre samlingar vert lagt til andre stader.
I tillegg til opplæring i skule må du ha praksis
i bedrift. Det første året er det krav til 5 veker
praksis, det andre året skal studentane ha 7
veker praksis. Praksisbedrifta skal ha ein fagleg
ansvarleg, som har ansvar for studenten. Du som
student må sjølv skaffa deg praksisbedrift.
Utgifter
Utdanninga er eit tilbod frå Fagskulane i Hordaland, Hordaland fylkeskommune. Det vert ikkje
kurspengar for studiet. Utgifter for studentane
er personleg klatreutstyr og bøker, samt reise og
opphald på samlingane. Du må også ha tilgang
på data-maskin og internett, då studiet nyttar
læringsplattforma It`s learning.
Fag
Heile utdanninga er omtala i studieplanen. Her er eit utdrag frå studieplanen, om innhaldet i faga:
Klatreteknikk
Mål i faget:
1. Studenten skal ved hjelp av høveleg og godkjent
utstyr, kunne klatre og arbeide effektivt og sikkert i
etablerte tre.
Trebiologi og treøkologi
Mål i faget:
1. Studenten skal kunne gjere greie for treet sin fysiologi og anatomiske bygnad
2. Studenten skal kunne forstå korleis treet responderer på mekaniske skader
3. Studenten skal tileigne seg overordna kunnskap om
treet sin plass i evolusjonshistoria, samt kunnskap om
naturlege vekseplasser for tre
4. Studenten skal kjenne til tre som leveområde for
andre organismar
Vekstfaktorar
Mål for faget:
1. Studenten skal kunne vurdere jord, vatn og næringstilhøve for tre, og kunne tilrå og gjennomføre
aktuelle tiltak
Planting, trepleie og fellingsarbeid
Mål for faget:
1. Studenten skal kunne utføre planting og flytting av
tre, etter prinsippet om beste praksis for fagområdet
2. Studenten skal kunne planleggje og utføre alle
typar skjerningsarbeid, etter prinsippet om best praksis for fagområdet
3. Studenten skal kunne identifiserer treet sitt stabiliseringsbehov, samt føreta val av stabiliseringssystem
og utføre installasjonsarbeid
4. Studenten skal i samband med byggje- og anleggsarbeid kunne identifisere behov for sikring av
tre, samt planleggje og utføre aktuelle tiltak
5. Studenten skal kunne utføre fellingsarbeid på ein
trygg og sikker måte
6. Studenten skal ha kjennskap til det vanlegaste
utstyret brukt innan trepleieområdet i dag
7. Studenten skal ha kjennskap til lover, føreskrifter og
retningslinjer som til ei kvar tid er gjeldande for dei
arbeidsoppgavene som vert utført
8. Studenten skal ha kjennskap til rettsvern for tre
Bruk av tre og faget si historiske utvikling
Mål for faget:
1. Studenten skal kjenne til arborkulturen si utvikling,
korleis tre har vore nytta gjennom historia, samt
mytar, tradisjonar og tru kring bruken av tre
2. Studenten skal kjenne dei viktigaste treslaga i
Norge, med bruksområde og eigenskapar
3. Studenten skal ha kjennskap til dei viktigaste faktorane det må takast omsyn til, ved val av treslag til
ulike grøntområder
4. Studenten skal kjenne situasjonar der tre eller enkelte treslag bør unngåast
5. Studenten skal ha kjennskap til prakstiske bruksområde for trevirke
Tilstandsvuredring, treregistrering og
økonomisk verdivurdering av tre
Mål for faget:
1. Studenten skal kunne utføre treregistrering og
kjenne til dei viktigaste grunnprinsippa for tilstandsvurdering og økonomisk verdivurdering av tre
Sjukdom, skadegjerarar og abiotiske faktorar
Mål for faget:
1. Studenten skal tileigne seg kjennskap til dei vanlegaste skadegjerarane og abiotiske skadane på tre
Bedrift - marknad, etikk og moral
mål for faget:
1. Studenten skal kunne utføre marknadsrelaterte
oppgåver i bedrift
2. Studenten skal kunne gjere greie for dei mest sentrale prinsippa for organisering av arbeidet
3. Studenten skal kunne gjere greie for kor viktig det
er at bedrifta har eit velfunngerande system for HMS,
samt gjennomføre rapportering
4. Studenten skal kunne følgje etiske spelereglar overfor tilsette, kundar, leverandørar og samfunnet og ha
ei etisk bevisstgjerning som gjer at dei følgjer lov- og
avtaleverk i si verksemd
Om Hjeltnes
Hjeltnes fagskule er ein av fagskulane i Hordaland, eigd av Hordaland fylkeskommune.
Hjeltnes fagskule ligg i Ulvik herad, innerst i Hardangerfjorden, omlag 15 mil frå Bergen
og 35 mil frå Oslo.
Hjeltnes fagskule har tilbud om arboristutdanning. I den vidaregaånde skulen har vi
tilbod om naturbruk, anleggsgartnar, gartnar og blomsterdekoratør. I tillegg driv vi
Hjeltnes kompetansesenter som tilbyr kortare kurs, fagdagar og vaksenopplæring innan gartnar.
Skulen har internat som du kan bu på under samlingane.
Søknadsfrist 15. april 2012
Søknadskjema finn du på heimesida til skulen: www.hjeltnes.vgs.no
Send søknaden til Hjeltnes fagskule, 5730 Ulvik
Hjeltnes fagskule
5730 Ulvik
Telefon: 56538800
e-post: post.hfs@hfk.no
www.hjeltnes.vgs.no