Intervju-av
Transcription
Intervju-av
32 Torsdag 26. februar 2015 Gründerar. Petter Karlsrud (f. v.), Marius Undrum og Per Harald Løveseter er gründerar av Smartkit, studentbedrift som sel utstyr til Triatlon. Smartkit for sprekingar Fyrste laurdag i mai går Bøsprinten, sesongens fyrste triatlon, av stabelen i Bø. Gründerane Per Harald, Peer og Marius håpar deltakarane vil konkurrere i deira utstyr. Gro Birgie Røiland gro@boblad.no Studentbedrift inngår i bacheloren til dei tre studentane på Innovasjon og entreprenørskap ved Høgskolen i Telemark, avdeling Bø. I løpet av eit år skal dei starte og avvikle ei bedrift, med alt det omfattar av praktisk arbeid. Marius Undrum har dei siste par åra drive med triatlon, ei idrettsgrein der utøvarane både skal symje, sykle og springe. Marius fekk lokka med seg Per Harald Løveseter og Petter Karlsrud på ideen om å selje triatlon-utstyr. Dei to studentane hadde inga erfaring med triatlon, men dei hadde tru på forretningsideen. Grundig forarbeid Som utøvar har Marius erfart at han må hente utstyret han treng fleire stader. Ideen er å sette saman ei utstyrspakke, eit såkalla smartkit for triatlon. Dei tre studentane har gått grundig til verks i forarbeidet. – Me har jobba med dette sidan august i fjor, og lagt stor vekt på å bli kjent med marknaden og leverandørar, seier Per Harald. Gutane har blant anna hatt marknadsundersøking og sjekka interessa for utstyrspakke hos 40 av dei 144 triatlonklubbane i landet. Dei har også hatt grundige intervju med utøvarar. Pakka som i desse dagar er klar til sal gjennom nettbutikken dei har oppretta, inneheld mellom anna symjehette, skoovertrekk, sportsnæring i ymse former, sportsvaselin, elastiske skolisser, øyrepluggar, naseklype, multiverktøy for sykkel og lim til våtdrakt. Ein triatlonguide med tips, reglar, løp og klubboversikt fylgjer også med. Debuterer i Bøsprinten Over 60 prosent av dei spurte klubbane var positive til triatlonpakka, opplyser gutane. Nå er 100 pakker klare, og studentane skal få sjå om dette faktisk er god butikk. Blir det overskot, kjem det investorane til gode. Som gründerar av studentbedrift kan dei nemleg ikkje skyte inn all kapital sjølve, men må skaffe investorar. Bedrifta skal også avviklast i løpet av vårsemesteret. Blir smartkiten ein suksess, kan det hende dei startar opp att med nytt firma. Før det skal Per Harald og Petter teste eigne produkt. På Smartkit. Pakka dei tre studentane har sett saman. Diskotek ved Lundevegen? For 25 år sidan 22. februar 1990 Planane om diskotek i Librislokala til Vertshuset i Bøgata er etter det me veit, lagde på is til så lenge. Teknisk utval var skeptiske til trafikkproblema. Det problemet har utvalet ikkje når det gjeld den ferske søknaden frå Helge Solberg og Jan Einar Stølan om å innreie halvdelen av bilsenteret, tidlegare BM-sentret og Kjetils Agentur, ved Lundevegen til diskotek tre dagar i veka. Teknisk utval hadde saka oppe i går ettermiddag. Helse- og sosialutvalet skal 27. Bøsprinten fyrste laurdag i mai debuterer dei i triatlon. Da skal dei symje 750 meter i Gullbring, sykle tjue kilometer på Lundevegen og springe fem kilometer i Bø sentrum. – Me gler oss til å prøve, seier Per Harald og Petter. Største industiarbeidsplassen februar uttale seg om skjenkeløyve til same formål. Dei to ønskjer å innreie den tidlegare utstillingshallen og delelageret til dans og diskotekverksemd. Torsdagar tek dei sikte på å ha diskotek og samlingskveld for studentar og lokalbefolkninga, fredag satsar dei på levande musikk (orkester) for dans og swing, og laurdag er sett av til diskotek. Dei lovar bra vakthald og å stengje av området for å unngå rundkjøring. Sagbruket til S. D. Cappelen på Roteberg er blitt den største industriarbeidsplassen i Bøbygda, nå med 38 tilsette - vel halvparten bøheringar. Her omdannar dei på moderne vis skurtømmer til trelast. Knapt 15 år etter at han tok gymnaset i Bø, styrer junior, Carl Diderik Cappelen, nå sagbruket, ein av pilarane i konsernet med base på Ulefoss. Som plasskommandant har han stadig den røynde driftsstyraren Kjell Ellingsen.