Portrett av ein kvardag
Transcription
Portrett av ein kvardag
Jazzar opp jula Held fast på 9 mill. i utbytte 3 Fargerik russerevy av KVV 24 Sidan 1951 5 LAURDAG 24 . november 2012 62. årgang • Nr 125 • Laussal kr. 20,- Rosendal 8 - 21 (20) Portrett av ein kvardag Torsdag 22. november. Ein dag til forveksling lik mange andre hustrige haustdagar. Like fullt ein merkedag for Grenda sine lesarar. Avisa har prøvd å ta temperaturen på kvardagslivet i vår langstrakte kommune. Frå tidleg morgonstund til seine kvelden har fotografiapparata vore i sving. I eit ærleg forsøk på å visa både mangfald og kvinnherske spesialitetar. 7-17 Intim med Jan Eggum? TURISTHOTELL Er du én av de heldige? Lørdag 1. desember holder Jan Eggum intimkonsert til noen få utvalgte. Du kan rosendalturisthotell.no bli én av dem. Det er svært få billetter igjen, så vær snar om du vil være med på denne fortryllende opp- Følg oss på Facebook og blog: rosendal-turisthotell.blogspot.com levelsen. Billettpris kr 350. Billetter kan reserveres på post@rosendalturisthotell eller telefon 53 47 36 66. KVARDAG I KVINNHERAD Grenda Laurdag 24. november 2012 Eitt døger i Kvinnherad Det regnar. Det bles. Dei ljose timane blir færre og færre. Me er i november. Månaden som korkje forfattarar eller andre tek i, om dei ikkje må. Det fo er ingenting ekstraordinært med november, anna enn at han er utruleg ordinær. Det er kvardagsmånaden framfor nokon. Ingen tilfeldige feriedagar som ramlar inn. Ingen raude dagar å kvila seg på. Berre kvardag. Kvar dag. Slik er det i heile Kvinnherad. Folk står opp, går på skule eller jobb, gjer seg ferdige med plikta, et middag og har litt fritid. 24 timar i døgeret lever kommunen vår. Uavhengig av årstid, månad og vekedag. Grenda har tatt pulsen på ein kvardag i Kvinnherad. Frå Ølve til Baugstranda. Frå Mauranger til Sydnes. Smakebitar frå torsdag 22. november har vorte til ein ti sider lang fotoreportasje. Og best av alt: Me har berre skrapa så vidt i lakken. ›› Foto: Håvard Sætrevik, Jarle Håvik, Gunn-Bente Stølen, Margit Omvik, Morten Nygård, Elisabeth Berg Hass, Maylin Kristiansen, Vidar Alfarnes og Torleiv Sydnes. 7 8 Laurdag 24. november 2012 KVARDAG I KVINNHERAD Grenda Rosendal 09.16: Gerd Håvik har jobba i rådhuset si kantine i ei årrekkje. Denne morgonen var ho i full gang med å smøra rundstykker og laga anna mat som skal vera til sals. – I dag lagar vi litt ekstra sidan det er kommunestyremøte, fortel ho. Rosendal 09.39: På kommunen sitt økonomikontor finn vi Beate Eide (t.v.) og Anita Hille. Dei handsamar inngåande fakturaer, og syt for at papira hamnar hjå rette vedkomande for godkjenning. – Alt skjer elektronisk. Fyrst scannar vi inn fakturaene, deretter vert dei sendte via datasystemet til den som skal gjera godkjenninga, opplyser Anita. Utåker 09.30: Terje Eikemo guidar bilane om bord på ferja til Skånevik. Hatlestrand 09.39: Hatlestrand barnehage hadde gym i gymsalen på skulen. David Eikeland (t.v.), Triana Nerhus, Jenny Håland Lie, Lilli Tuften Aksnes-Øystese, Anne Pernille Nistad og Merethe Eikeland. Herøysundet 09.39: Reidar Uskedalen 08.30: Arn (1,5 år) heng frå seg ytterkleda i garderoben, klar for ein ny dag i Uskedalen barnehage. – I dag har dei smørefrukost, det gler han seg stort til, fortel mamma Tone Kristoffersen. Hjelmeland (93) tilbringer som vanleg dagen i snikkarboden nede ved fjorden. – Hadde det ikkje vore for boden min, hadde eg nok ikkje vore i live, seier den spreke 93-åringen som har drive med treskjæring sidan ungdommen. KVARDAG I KVINNHERAD Grenda Laurdag 24. november 2012 9 Husnes industriområde 10.14: Dag-Erik Sleire Opdal øvekøyrer ein truck, medan Marie Louise Kleppe og Olav Vaka ventar på tur. Det er Petol AS som held truckførarkurset. Sæbøvik 10.05: Torsdag er komledag. Også på Halsnøy. Dilldamene Kari Medhus Eide (t. v) og Siv Anita Brovold førebur middagen. Herøysundet 09.28: Ståle Harsvik frå Kvinnherad Fjellsprengning sprenger vekk eit høgt berg som skal bli til hustomt. Sandvoll 09.45: 1. klasse Skarveland skule. Joar Haugland Langeland (t.v.), Andreas Eikemo Ersland, Ingeborg Eikemo Ersland, Sofie Ness, Hedda Elisabeth Heimvik, Jasmin Hasan og lærar Janne Seim. Uskedalen 08.45: Knut Hansen og Trude Skogtun er i gang med ein ny arbeidsdag på Kvinnherad Vekstbedrift. Hansen lagar ein benk og Skogtun ein flettekrakk. 10 KVARDAG I KVINNHERAD Laurdag 24. november 2012 Grenda Dimmelsvik 12.45: Foric Senad i Totland Transport leverer medisin frå apoteket til Rosendal 11.22: I ein pause i kommunestyremøtet mista Leif Sverre Enes (H) Anne Mette Sandal på Statoil i Dimmelsvik. vassglaset i golvet så det gjekk i knas. Sigmund Nordfonn (Frp) såg til at oppryddinga gjekk skikkeleg føre seg. Sundal 12.00: Skulekameratane Emma Øyre (t.v.), Thea Lykke Sundal og Brage Gjerde unnar seg ein matbit etter at dei har laga lysestakar som skal bli julepresangar. I tillegg har dei vore i gymsalen og øvd på songen og dansen dei skal framføra på juletrefesten. – Me var svoltne no, seier dei. Omvikdalen 10.30: Sigmund Hjelmeland i arbeid med ny røyrgate opp til Aterstad. Hatlestrand 12.00: Tupperwareparty. Frå venstre konsulent Malena Aasen, Liv Djuvsland, vertinne Alice Tuften, Bjørg Femsteinevik, Marta Bergtun, Magnhild Boland, Anne Karin Lindskog og Olaug Marie Hjortås. Hatlestrand 12.30: Skyene er i ferd med å sprikka opp over fjorden, men Melderskin ligg framleis i skuggen. KVARDAG I KVINNHERAD Grenda Laurdag 24. november 2012 Sunde 11.21: Betsy Sunde (t.v.), Anne Helen Enes og Inger Haugland ser etter hurtigbåten som dei skal reisa med til Stord. Omvikdalen 11.45: Svein Hjelmeland har slakta ein pikhydning som Kjetil Mehl har skote. Valen 10.15: Randi Selle og Lena Fatland lastar opp med klementiner på Spar Valen. Ænes 11.10: Dei er halvvegs i livet sitt no, laksen som sym i merdane til Marine Harvest sitt oppdrettsanlegg utanfor Svoldalsneset. – Dei kom som 120 gram tunge yngel i vår. Til sommaren er dei vonleg mellom 4,5 og 5 kg og slakteklare, fortel driftsleiar Remi Ellingsen (t.v.) og Trond Reime. Laksen hoppar lystig medan Hardangerfjorden er flat som eit stovegolv denne torsdagen. 11 12 KVARDAG I KVINNHERAD Laurdag 24. november 2012 Grenda Omvikdalen 10.30: Sigmund Hjelmeland i arbeid med å laga røyrgate opp til Aterstad. Løfallstrand 13.08: Arbeidet med Årsnes-parsellen kom eit hakk vidare då delar av ein bergnabbe vart sprengt vekk. – No må me køyra til noko meir massar, slik at me får laga oss ein rampe. Då kjem boreriggen seg opp til neste nabbe, seier Knut Hjelmeland til gravemaskinførar Håvard Øvsthus. Ølve 13.30: Etter eit uhell for nokre år tilbake fekk Magnus Solheim frå Ølve protese på høgrefoten. Han var på veg for å trekka teiner då han kom ut for dårleg vêr. Han havarerte på ein holme med den 14 fot store båten sin, og fekk foten i klem mellom båten og land. Etter at han ikkje kom heim til avtala tid, vart kona uroa og sendte eine sonen ut på leit. Magnus vart funnen i god behald, men foten var så dårleg at den ikkje kunne reddast. Den pensjonerte Harding-arbeidaren har hatt mange opphald på Haukeland sjukehus for tilpassing av protesa, og samstundes får han behandling hos fysioterapeut Knut Alvheim, som har kontor på Ølve Alderspensjonat. – Knut gjer ein fantastisk jobb, det må du berre få med, seier Magnus. Til vanleg kan ein knapt sjå at pensjonisten har ein halv fot mindre. Hab skryt over teknologien no til dags. Fysioterapauten og pasienten fortel om ei hending på eit venterom på Haukeland der eit eldre ektepar frå austlandet sat og venta på tur. – Du beveger deg så bra at ein ikkje kan sjå at du har protese på foten, sa dei til han. Magnus sjølv påpeika at teknologien var komt utruleg langt, berre sjå. Så viste han dei den friske foten. Forbausa over kor naturtru foten var, måtte han til slutt vedgå at dette var den friske foten. Men det går gjetord om mannen med glimtet i auga på Haukeland den dag i dag. Magnus Solheim er tilbake i båten og fiskar krabbe og hummer så ofte han kan. Uskedalen 13.48: Nok ein skuledag er over, og elevane er på veg heim til lekser, middag og fritidsaktivitetar. Husnes 12.21: Stian Huse (t.v.) og Bjørnar Hivand i Posten handterer dei mange pakkane som kjem no i førjulsstrida. KVARDAG I KVINNHERAD Grenda Laurdag 24. november 2012 13 Rosendal 13.30: Oddbjørn Kloster i HMR Elektro installerer styresystem for varme på nye Rosendal ungdomsskule. Sæbøvik 11.31: Klokka på Øyatun har ringt og storfriminuttet er over. Men gutane i ballbingen legg gjerne til nokre intense overtidsminutt. Jan Einar Joleik Risa (t.h.), Eirik Netteland Landa, Thorvald Solheim, Brede Mehammer Tofte, Tobias Trovik Tvedten, Magnus Eide, Jens Christian Teigen Sætre og Mike Sander Hillestad Brekke. Løfallstrand 13.20: - Det blir ein lang dag i dag, melder postbod Sigbjørn H. Nerhus når han puttar Grenda i postkassane på Løfallstrand. Arbeidsdagen hans starta i Dimmelsvik i titida. Denne dagen reknar han med at siste avis, julereklame og brev blir levert i Gjetingsdalen kring halv fem. Husnes 11.36: Daniel Solberg (t.v.), Johannes Taranger, Håvard Voster Bakke og Siri Skogseth, alle fyrsteårselevar ved Elektrofag på KVV, tek ein pause på Yngves konditori innimellom opphenginga av julelys langs Opsangervatnet. Ølve 13.15: Kristian Lillefosse og Ronja Kirketeig (fremst) i Ølve Barnehage besøkte bokbussen og lånte seg kvar si bok. Bak rattet sit Per Myklebust. 14 Laurdag 24. november 2012 Grenda KVARDAG I KVINNHERAD Høylandsbygd 14.35: Aage Petter Fjelland flytta år i Bergen. Med den velklingande tittelen chartering for flåten til Eide Marine Services over heile verda. Rosendal 15.28: Kommunestyremøtet er ferdig, og Håkon Uppheim er på pletten og tek ned flagga. Han har vore flaggansvarleg på rådhuset i snart 20 år. – Vi flaggar når det er kommunestyremøte, på alle offisielle flaggdagar og elles når det skjer noko ekstra, seier Håkon. Baugstranda 15.00: Dei må til det høgastliggjande poststativet i kommunen når dei skal henta Grenda for dagen, Linda Bauge og dottera Maren Vika. Men kva gjer vel det, når utsikta er så storslagen som ho er derifrå. – Me ser Vannes, Skånevik, Utåker, Halsnøy, Stord og Bjoalandet. Utsikta er betre enn frå stovevindauga, seier Linda, og nikkar bort mot garden som ligg litt meir i livd. Der står fire ammekyr og ein hest, som har selskap av 160 villsauer. Rosendal 17.54: Julegateopning og gløgg høyrer saman. Daniel Skeie (t.v.) og John Arne Olsen nytte både varm drikke og ein drøs i Skålagato. KVARDAG I KVINNHERAD attende til Halsnøy etter ti agent sel han inn tenester Grenda Laurdag 24. november 2012 15 Sæbøvik 15.20: Komle i panne har vorte til komle på fat. – God mat og sosialt på same tid, skryt Gjøa Kvalnes (t.h.). Kring bordet sit også Anton Romsø, Marit S. Tvedten og John-Gunnar Lundquist. Rosendal 13.45: Vidar Moss hos Moss & Søllesvik jobbar her med forskaling av det nye biobrenselanlegget. Sæbøvik 13.45: Ein bjørkestubbe er i ferd med å bli til fine trefigurar i sløyden Sydnes 15.15: Sjølv i 2012 kan Kvinnherad med for Susanne S. Bø (t.v.), Caroline Sjo og Nelly Matre. rette omtalast som eit ferjerike med fire ferjesamband. Billettør Audun Gausvik er i sving med å geleida bilar om bord i MF «Sveio», som ligg ved ferjestøet på Sydnes. Husnes 17.00: KHK-jenter 10 år på trening i Husneshallen. Sæbøvik 16.30: Symjegruppa til Halsnøy IL samla i det våte element. Alva Østhus (t.v.), Erika Paulona Nylund Nygaard, Therese Hellen, Thea Madeleine Hillestad Brekke, Christoffer Hillestad, Jens Østvik Emmerhoff og instruktør Sølvi Marie Berge. 16 Laurdag 24. november 2012 Grenda KVARDAG I KVINNHERAD Omvikdalen 18.30: Idar Rangsæter fører ordet under årsmøtet i Lauvsprett 4H. Rosendal kl. 20.15: Ingvild Sjo avsluttar dagen med ein solid vask av bakeriutsalet til Peder Bakar. Sæbøvik 17.55: Ikkje nett nattope, men like fullt tidleg mørkt for dei som skal fylla bensin eller kjøpa seg ei pølse på veg heim frå sein jobbing. Ølve 18.00: Heile 83 av dei aktive fotballspelarane i Strand-Ulv møtte til avslutning i Ølve ungdomshus med pizza, brus, kaker, quiz og disco. KVARDAG I KVINNHERAD Grenda Laurdag 24. november 2012 17 Ølve 20.00: Dagen er på hell, og månen skal snart trengja gjennom skyene. Snart er 22. november 2012 historie. Rosendal 19.30: Malene Seberg Åkra må i stallen. Denne kvelden gjev ho fjordingen «Knallern» ormakur, noko han lyt ha fire gonger i året. Sandvikjo 17.21: Tor Sandvik har full kontroll på vêret denne torsdagen. Han melder om 5,6 mm nedbør, 10,3 meter per sekund som sterkastevind og ein middeltemperatur på 8,0 grader. - Høgaste temperatur var 11,9 grader, lågaste 5,8. Det ser ut til at november faktisk blir varmare enn oktober, seier Tor. Rosendal 20.00: Siv Lorentzen er instruktør i zumba kvar torsdag i Rosendal Samfunnshus, og piskar sveitten fram hos alle.