Vedtak

Transcription

Vedtak
Rosendalsvegen 10
Kvinnherad kommune
5470 ROSENDAL
Tel: 53483100
Fax: 53483130
Org. nr: 964 967 636
Bankgiro: 3460.07.00083
Rådmannen
Samfunnsutvikling
post@kvinnherad.kommune.no
www. kvinnherad.kommune.no
Leif Jarle Stensletten
Uskedalsvegen 713
5463 USKEDALEN
Saksbehandlar
Torill Slåke
Tlf. direkte innval
53483264
Vår ref.
2010/1951-9
DISPENSASJON OG LØYVE TIL TILTAK
Saka gjeld:
Gnr/bnr:
Byggestad/adresse:
Tiltakshavar:
Dato
18.03.2015
Delegert vedtak
Endring av bygg - reperasjon bygg – utviding av naust – 5m2
134/96
Uskedalsvegen, 5463 USKEDALEN
Leif Jarle Stensletten
Vedtak
Med heimel i plan- og bygningslova pbl § 19-2 og § 1-8 (byggjeforbodet i strandsona) og vert
søknad om dispensasjon journalført 08.01.2015 og tilhøyrande situasjonsplan og teikningar
godkjent.
Naustet ligg i LNF-område i kommuneplanen for Rosendals-området, men ut frå ei samla
vurdering finn ein at omsyna bak reglane det vert dispensert frå, eller omsyna til føremåla i lova
ikkje vert vesentleg sett til side. Dette er ei lita utviding i tillegg til godkjenning av restaurering
av naustet gitt 22.10.2010. Dei natur- og landskapsmessige og påverknadane er små og
allmenne interesser vert ikkje råka. Ut frå dette finn ein at fordelane er større enn ulempene,
og at dispensasjon kan gjevast.
Med heimel i plan- og bygningslova (pbl) § 20-2 vert søknad journalført og tilhøyrande
situasjonsplan og teikningar godkjent med delegert saksnr.: 2015/137
Det er tiltakshavar sitt ansvar at tiltaket vert utført i samsvar med vilkåra gjevne i og i medhald
av plan- og bygningslova. Tiltakshavar er også ansvarleg for plassering i høgde og plan.
Vilkår:
1. Når tiltaket er ferdig må tiltakshavar søkja om ferdigattest.
Grunnlag for godkjenninga
Nabovarsel: Naboar og gjenbuarar er lovleg varsla. Det ligg ikkje føre merknader.
Plassering: Tiltaket er i samsvar med avstandskrava til nabogrense, annan bygning, høgspentline
og veg.
Kvinnherad kommune
-fellesskap og trivsel –utvikling og vekst
Side 2
Dispensasjon: Grunngjeven søknad om dispensasjon er mottatt 08.01.2015. Utvidinga er ynskjeleg
for å betra plassen for oppbevaring av båt og fiskereiskapar. Breidda på naustet vert utvida med
ein meter til 4,15 m.
Naturmangfaldlova: Det er ingen registreingar av spesielle naturtypar eller skjeldan biologisk
mangfald i området.
Kulturminne: Ingen registreingar
Estetikk: Tiltaket har god utforming i høve til rimelege estetiske omsyn.
Delegasjon: Vedtaket er gjort i medhald av Kvinnherad kommune sitt delegasjonsreglement.
www.kvinnherad.kommune.no
Merknader
 Rekning for behandlingsgebyr iflg. vedtekne gebyrregulativ vert sendt frå Økonomikontoret til
søkjar.
 Alle lovtilvisingar i denne godkjenninga kan finnast under internettportalen: www.dibk.no
For rådmannen i Kvinnherad
Saksbehandlar
Torill Slåke
Kopi til:
Referatsak forvaltningskomiteen
Matrikkelførar - Bygg
Fylkesmannen i Hordaland
Hordaland Fylkeskommune
Kvinnherad kommune
-fellesskap og trivsel –utvikling og vekst