Vik - Heim
Transcription
Vik - Heim
vikaSkarven lokalavis for Vik i Øygarden 17. mars 2013 Nr. 1 – 13. årgong Utgjevar: Vik grendalag Vikafolk sørgjer for utdanning i Etiopia www.vikaskarven.net Side 6 og 7 Side 8 Rustar opp båt Per Tore Vik gler seg over at Krompen får nytt liv. Side 6 Korpsets mor fekk kulturpri Eksplosiv utvikling Vik opplever ein eksplosiv bustadvekst. Side 4-5 Side 2 Ny barnehage Det var litt av ein folkefest då den nye barnehagen på Toftøy opna. Side 8 2 Vik Gedeo-prosjektet byggjer skuleinternat for jenter i Etiopia. Det gir Gedeo-kvinnene høve til å ta høgare utdanning. Det har vore ulike tilstellingar på Vik bedehus der Vik Gedeo-prosjektet har vorte presentert. Namnet Vik Gedeo har etter kvart blitt eit kjend omgrep. Fleire bibelgrupper, ungdomsklubbar, skuleelevar og privatpersonar har støtta prosjektet. Vik Gedeo-prosjektet byggjer skuleinternat for jenter i tilknyting til den vidaregåande skulen i Dilla, den største byen i Gedeo kommune i Etiopia. Arbeidet skjer i samarbeid med den lokale organisasjonen Gedeo Development Association (GDA), som har ansvar for byggjearbeidet og drifta. Bursdagsgåve Innsamlinga til prosjektet starta i 2008, då Oddbjørg Innvær Vik og Gerd Lillian Vik feira sine 50-årsdagar saman på Vik bedehus. I staden for gåver til seg sjølv, ønskte dei pengegåve til utviklingsarbeid retta mot kvinner. Dei kom i kontakt med GDA via kjende i Etiopia. Eit av prosjekta GDA trengte støtte til, var skuleinternat for jenter. I 2009 møtte ein liten gjeng frå Vik representantar frå GDA, og prosjektet fekk namnet Vik Gedeo. Utanfor internattomta står det i dag eit skilt merka Vik Gedeo. BYGGJER NYTT: Gerd Lillian-internatet er allereie i funksjon. No er Oddbjørg-internatet under oppføring. Utdannar jenter i Etiopia Populært tilbod Gedeo-folket er ei av over 80 folkegrupper i Etiopia. Svært få Gedeo-kvinner har høgare utdanning, og mange får lite eller ingen skulegong grunna tradisjonar og økonomiske utfordringar. Det er vanleg at jenter vert gifta bort i ung alder. Mange har lang veg til skulen, og det er dyrt å bu i byen. Difor er det viktig at jenter som er så heldige og tar vidare utdanning, har ein trygg og gratis stad å bu medan dei studerer. Målgruppa for internatet er Gedeo-jenter som kjem frå landsbygda, og som har gode resultat frå grunnskule. Det er GDA som plukkar ut jentene, og det er eit populært tilbod. – Eg er veldig glad for at eg har fått denne sjansen, eg kan no fokusera fullt og heilt om studiet, seier ei av jentene som bur i internatet. Takkar for støtta Takka vere denne støtta, bur no 24 jenter i internat 1 (Gerd Lillian block), som sto ferdig januar 2012. Internat 2 (Oddbjørg block) er under oppføring, og vil òg ha plass til 24 jenter når det står ferdig. I tillegg skal det byggjast hus med kjøkken og toalett. Sidan 2008 er det samla inn heile 320 000 kroner. – Det er fantastisk at fleire Gedeo-jenter no får sjansen til å ta høgare utdanning, fordi folk på Vik og andre stader i Noreg støttar prosjektet. På vegne av GDA og Gedeo-folket, takkar me så mykje for gåvene som er gitt til no, seier prosjektleiar i GDA, Netsanet Alemu Shetta. For meir informasjon om prosjektet, sjå www.vikgedeoprosjekt. blogspot.com – Hadde lyst til å gjera noko for andre 8. februar var det inspirasjonskveld for kvinner på Vik bedehus. I år som i fjor var det basar til inntekt for Vik Gedeoprosjektet i Etiopia. I februar i år var det igjen fullt hus då suksessen frå i fjor vart gjenteken. Mottoet for kvelden var ”Eit løft i kvardagen – litt å le av, leva på og tru på”. Bortimot 90 kvinner i alle aldrar koste seg med variert program, mellom anna tale av Olaug Torsvik Hundvin, og song av Anita Barsnes. Kvinnegruppa som sto i bresjen for inspirasjonskvelden, består av Ingrid Torsvik, Marit Torsvik, Bjørg Blom, Magnhild Vik Thomassen, Oddbjørg Innvær Vik og Gerd Lillian Vik. Også i år var det Vik Gedeo-prosjektet som stod i sentrum. Kvinnegruppa har støtta dette prosjektet i fleire år, og hovudinnslaget på kvinnekvelden var difor basar. Gevinstane var mellom anna handlaga produkt frå Etiopia og Bolivia. – Vik Gedeo-prosjektet har vore inspiratoren til å arrangera kvinnefest, seier medlemmane i kvinnegruppa. Dei ville samla inn pengar til prosjektet i ein større samanheng, og samstundes kom ideen om å arrangera ein inspirasjonskveld på bedehuset – berre for kvinner. Dette viste seg å vera populært. – Difor bestemte me oss for å invitera til inspirasjonskveld i år òg, fortel gjengen i kvinnegruppa. Årets basar gav heile 34.000 kroner til prosjektet. a Vart forma av Ragna Harald Vik valde ein annan yrkesveg enn mange andre i sin generasjon. med unge kroppar og fekk gjenomgå. Dette var før Ragna bygde eige klubbhus. Det gjekk på strikking, sying og snekring. – Du kan tru det var liv. Når me var stygge, kunne ho setja seg ned og gråta, og så bad ho om tilgjeving dersom ho gjekk over streken når det vart for tøft. For ikkje alle var like enkle å hanskast med i den alderen, men ho hadde stort tolmod. Foreiningsvarene selde me på basar og auksjon til inntekt for misjonen. – Personleg hadde eg eit uvanleg godt forhold til Ragna. Det var ho som stimulerte mi interesse for design og tekstil som eg fekk nytte av seinare. Ho lærde meg å strikka sokkar og sy dukar med mønster. Det hende at eg måtte rekkja alt opp att og starta på nytt. Det var tungt, men ho var nøye på kvaliteten. Etter skuletid var eg ofte borte hos Ragna der ho hjelpte meg med mønster og syarbeid. Ho la nok føringar for framtida mi utan at ho kanskje var klar over det. Harald fann tidleg ut at sjølivet ikkje var noko for han. Frå han var liten, på 1950-talet, måtte han vera med faren i robåten. Han sat mellom to årar i lange dagar når krabbeteiner skulle matast og tømmast, og krabben fraktast til torget i Bergen for sal. Sommaren før konfirmasjonen tente han i blomsterbeddet hos naboen i Sørgarden, og kjøpte ei klokke for løna. Der fekk han opplæring som kom til nytte seinare. Vinteren 1959 prøvde han seg med Austevollsnurparen Havbraut på vintersildfiske i Nordsjøen, men turen gav ikkje meirsmak. Ikkje fordi han vart sjøsjuk, men fordi han ikkje likte sjølivet. Wallendahl på Strandkaien Harald er ein mann med mjuke fingrar og stor sans for design og utforming. Han fekk jobb i tekoindustrien, der han bygde seg opp. Først på Eidsvåg Fabrikker, og i mange år på Salhus veveri. Der laga han mønster til trøye og gensar, og fekk boltra seg på strikkeloftet. Grunnlaget hadde han med seg frå heimbygda. I 28 år var Harald eit kjennemerke i kjellaren hos Wallendahl på Strandkaien i Bergen for dei som var i byen og måtte innom jernvarehandelen. Det lune smilet og den varme stemmen fekk kundane i godlag. Her var han avdelingssjef og veiledar inntil ein brå sjukdom sette han ut av spel. Gode barndomsminner Harald er tilbake på gamle trakter og opplever barndommen på nytt. Han fortel om skuledagane, om livet kring leik og sigling av heimelaga skøyter på dammane i austra markja og ved sjøen, og hendingar som han og bestekameraten Per Tore hadde saman. – Barndommen min på Vik var fantastisk. Det ser eg meir og meir dess eldre eg vert, seier Harald og held augo litt på glytt. 3 BARNDOMSHEIMEN: Harald Vik framfor Pålestøvo der han vaks opp. – Me vart kreative fordi me hadde fridom og kunne boltra oss og finna på mykje utan store restriksjonar. Det var nær sagt berre fantasien som begrensa oss. Ragna den store helten – Den som kanskje har hatt størst betydning for meg er Ragna, seier Harald. Det spesielle med henne var at ho var seg sjølv og hadde eit inderleg ønske om at gutane i bygda skulle finna meining med livet og få praktisk kunnskap. Ho bygde opp guteforeininga «Gutten» med opp til 20 viltre gutungar som ho ga plass i Karistovo ein gong i veka, der ho budde saman med mora. Den stakkars korgstolen til mora vart fylt KIWI mini pris øygarden elektriske as Tomt på Vik Harald fekk tomt på heimejorda og hadde tenkt å byggja hus på Vik. Men dårleg kommunikasjon og kone frå Meland, gjorde at han bygde hus på Frekhaug der han har budd med familien i mange år. – Hadde eg visst korleis utviklinga i Øygarden gjekk, hadde me den gongen bygd på tomta, i alle høve ei hytte. For eg kjenner stor tilknytning til heimbygda med alle minnene som heng att i meg. SAMAN MED RAGNA: Ragna Vik saman med Harald Vik då ho fekk Kongens fortenestemedalje i sølv. Tlf. 5638 9424 Epost: post@oygarden-elektriske.no 4 Vik - ei bygd i u Dei to-tre siste åra har det vorte bygd mange nye bustadar på Vik. Fleire unge har flytta «heim att» og overteke foreldrebustaden, andre har kjøpt eller bygd seg nytt hus. På Vikatoppen, ”Karimyro”, er det fire bustadar som no er klare for innflytting. I Vasskarhaugen Nord, er det bygd fleire bustadar, mellom anna ein firemannsbustad som var innflyttingsklar ved årskiftet. I dette området skal det byggjast ytterlegare to firemannsbustadar innan kort tid. Anita og Roar Barmen-Fløysand har bygd hus på søre Vik. Silje Veronika og Jan Halsne byggjer hus på Losemyro på søre Vik. 30-årsjubileum for Knappen Bustadbyggjing på Vikatoppen og Vaskarhaugen har dei siste åra vore med å auka folketalet i Vikabygda. Frå før har me Knappenfeltet som har vakse seg stort sidan 1980-talet. Knappen har i år 30-årsjubileum, og i det høvet har me intervjua nokre knappenbebuarar (sjå til høgre). I Knappen finns det om lag 65 bustadar. Den gamle butikken er bygd om og inneheld no fire moderne leilegheiter. Asbjørn Vik eig bygget. Det vert bygd nye bustader på Karimyro, nord på Vik. Unge familiar til Vik Fleire hus er under byggjing sør i garden. Sør for Snøreberget er byggjing av ny bustad i full gong, det same gjeld huset på Losemyra. Huset som vert bygd av Cecilie og Roy Sætre sør om Varen, er snart innflytningsklart. I nybygget i Ingjervegen flytta Anita og Roar BarmenFløysand inn før jul. Pr. 1. januar 2013 bur det 1214 innbyggarar på Toftøy. Av desse er 136 barn i skulepliktig alder og 114 barn i alderen 0 – 5 år. Cecilie og Roy Sætre byggjer hus så langt sør som ein kjem på Vikagarden. Neste stopp er Stegevika. Ny firemannsbustad vert oppført på Vasskarhaugen. med m me ed 1000m 100 000 0m m 2 salgsflate i Rong Senter - Ei rein og skjær handleglede ved havgapet havgapet! Fiskk - og ferskvarespesialisten f k l Fristende frukt og grønt Innholdsrik betjent ostedisk Nydelige nystekte bakervarer Velsmakende varm mat Herlig salat - og fruktbar Måndag Ope måndag- -fredag fredag kl.8-22, 8 - 21,Laurdag laurdag kl.9-20 9 - 20 Bank i Butikk EUROSPAR Rong tlf. 56 38 71 40 lbod Opningsti • Stort utval av godbiter fra vårt kjøkken • Moderne bilverksted m EU/kontroll • Reparasjon av alle bilmerker • V askehall • Kaffiavtale • Gass BLOM SERVICESENTER AS 5331 RONG - tlf. 56 38 72 80 Godkjent bilverksted Gunn Karin og Arild Vik byggjer hus sør for Snøreberget. Snitter Koldtbord Varmmat Baguettar Koldttallerken Rong Catering a/s Tlf.: 56 38 74 54 i utvikling Elisabeth Halland (31) og Frode Vatland (31) Kjøpte seg hus i Knappen i 2006. Elisabeth jobbar i den nye barnehagen på Toftøy, Frode er salgskonsulent i eige firma. Ho kjem frå Rong, han frå Karmøy. Her bur dei med sine tre små barn og stortrivest. Bustaden ligg vestvendt rett opp for Knappemyra, så det er rikeleg med kveldssol. – Me trudde det berre budde «eldre folk» i Knappen. Men her er barn i alle aldrar, sjølv om dei fleste er litt eldre enn våre, seier dei. Dei trur det kan vera godt for barna å veksa opp her. Helga Vik Barsnes (57) og Geir Barsnes (57) Flytta inn i sin nye bustad i Knappen sommaren 1986. Begge er lærarar. Helga kjem frå Vik. Geir er Bergensgutt, og legg til at han må til bydn ein gang i veka for å kjenna bylukta. Dei har to vaksne barn. – Då me flytta til Knappen var det eit yrande liv av ungar, seier Geir. Borna hadde sangstund med den musikalske læraren. – Det var kjekt, mimrar han. – Utsikta er formidabel. Dei første åra måtte me sjå hurtigruta gå nord fjorden før me gjekk til ro for kvelden, seier paret. Helga og Geir likar å gå i naturen, og er ofte på Jurefethaugen. Rigmor (48) og Stig Inge Otterlei (49) Har budd i Knappen sidan 1989. Dei har ei fantastisk utsikt frå stoveglaset mot Hjeltefjorden. Rigmor arbeider på Tednebakkane omsorgssenter. Ho kjem frå Fjørtoft, ei lita øy nord for Ålesund. Han frå Solsvik. Det var heilt tilfeldig at dei kjøpte tomt og bygde hus i Knappen. Paret skryter av det fine samholdet som har vore blant bebuarane i Knappen. Då feltet var nytt og det var mange ungar på same alder, var det mykje liv og røre. Alle var med på dugnad. Det vart arrangert kassebilløp, og jonsokfeiring var årviss. Linda (44) og Helge Sætenes (46) Flytta til Knappen i 1998, der dei i dag bur med sine tre born på 9, 13 og 16 år. Dei jobbar på Stureterminalen og Kollsnes. Dei er veldig fornøgd med plassen huset ligg på, sør i Knappen, med veldig fin utsikt utover Svelgensundet. Ho er opprinnelig frå Kvinnherad, men budde ungdomsåra i Knarvik i Lindås. Han er Bergensgutt frå Skålevik. Nærleiken til sjøen og dei fine naturløypene til Vikåsen og Toftestallen er mykje brukt. – Å koma nær sjøen og sjå utover havet er reine medisinen, kjem det samstemt frå paret. Siv Helen (25) og Arvid Vik (26) Mellom dei siste som har flytta til Knappen. Med ei fantastisk utsikt mot Stegeviksvatnet og Hjeltefjorden trivest det unge paret godt i Knappen, i den første bustaden som vart bygd i feltet. Ho er lærar og han er tømrar. Det unge paret vurderer sterkt å etablera seg på Vikagarden. ENTREPRENØR 30 år 11 1981–20 Jostein Oen as 5337 RONG Mobil 920 88 415 – 482 50 447 GRAVING SPRENGING TRANSPORT 5 Fekk inn 50.000 kroner Andre helga i mars arrangerte Toftøy skulemussikkorps loppemarknad. Som vanleg var det ein stor suksess, og denne gongen kom det inn heile 50.000 kroner. Pengane skal ifølgje Thora Vik brukast til instrument og turar. Korpset takkar både dei som gir og kjøper lopper. Nytt styre i bedehuset Ole Andreas Wastvedt er ny formann for Bedehuset etter Morten Torsvik. Wastvedt vart vald inn i styret på årsmøtet i Vik Bedehusforeining tidlegare i år, og vart deretter vald som formann. Tone Cecilie Vik, Marit M. B. Torsvik, Kjellaug Solsvik og Arvid Vik er også i styret. På årsmøtet kom det elles fram at økonomien i Bedehuset er tilfredsstillande, og at aktiviteten er svært høg. Påskefrukost Tradisjonen tru vert det påskefrukost i Bedehuset skjærtorsdag. Denne startar klokka 10, og alle er hjarteleg velkomne. Dødsulukke i Knappen Fem personar var involverte i ei bilulukke i Knappen i vinter der to bilar frontkolliderte. Ein person, som sat i baksetet på den mest skadde bilen, døydde av skadane nokre dagar etter ulukka. Toftøy Nærmiljøutvalg -arbeider for eit triveleg og godt nærmiljø for alle på Toftøy 6 Gebursdag 80 år Klara Lilly Håkonsholm 3. februar 1933 70 år Oddbjørg O. Vik 14. mai 1943 Karsten Birkeland 25. mai 1943 65 år Bjørn Paul Torsvik 16. februar 1948 Margunn Torsvik 27. mai 1948 60 år Arne Johan Vik 6. juni 1953 55 år Oddbjørg I. Vik 6. februar 1958 Grete Hummelsund 2. mars 1958 50 år Olaug Hatten 30. januar 1963 45 år Roald Vik 9. april 1968 Målfrid Vik Sønstabø 2. mai 1968 35 år Johannes Vik 28. april 1978 Geir Atle Vik 1. mai 1978 Giftarmål Katrine Vik og Thor André Snekkevik Gifta seg 29. desember 2012 i Blomvåg kyrkje. Ho er frå Vik, han er frå Brattholmen. Paret bur i Oslo. STOR HENDING: Mange gode hjelparar møtte opp då Krompen skulle sjøsetjast. Frå v. Per Tore Vik, Per B. Vik, Olav Espeli, Norvald Vik, Johnny Dåvøy, Asbjørn Toft, Eirik Vik, Alf Torsvik, Leif Larsen, Leif Toft og Magnus Vik. Gav nytt liv til notbåt frå 1800-talet Det vakte åtgaum i Vikavågen då gamle Krompen vart sjøsett for å koma til heider og verdigheit att. sjøsett sist haust, og flytta til ei sjøbu på Toft for restaurering. – Det er den fjerde generasjonen som no ror denne båten, var kommentaren frå Per Tore Vik då han sette seg ved årane og rodde båten Krompen var Jensefolket sin store- over Vikavågen. båt. Krompen var ein del større enn ein vanlig færing, 25 fot lang og fire Skal restaurerast mann kunne ro han. Båten var truleg Mange møtte fram for å vera med ny på slutten av 1800-talet, og var ut- på den historiske sjøsetjinga av styrt med notrulle slik at det skulle Krompen. Det var den storebåten vera lettare å draga inn den tunge kastenota. Ved Skråpen, holmen som ligg nord for Turøybrua, vart laksenota sett ut. Til dette måtte dei bruka den store båten, fordi nota og forgarnet var så stort. Det var to liknande storebåtar på Vik. Dei hadde namna Mammo og Simra. Stødig fiskebåt Krompen vart mykje brukt som fiskebåt. Han var stødig, og fleire roarar rodde båten lett fram i sjøen. I 1946 tok han inn så mykje sjøvatn at Peder Jensen Vik beordra den hogga opp, men slik gjekk det ikkje. Sonen Arthur fekk ordna det slik at Krompen vart sett i Notabunaustet. Der har han stått i 66 år før han vart som mange hadde hørt historiar om, men som få hadde sett. Og gode historier vart fortalt også under sjøsetjinga. Toftøy Nærmiljø med Asbjørn Toft som ildsjel, har teke på seg å restaurera båten. Asbjørn håpar at mange tek kontakt med han for å gi ei hjelpande hand i restaureringsarbeidet. Går alt etter planen kan Krompen vera å sjå på Vikavågen att om nokre år. Minneord etter Alf Vik 7 Fødd Mykolas Jurcikonis 18. mai 2012 Foreldre Renata Jurcikoniene og Donatas Jurcikonis, Monradhuset. Kristin Vestbøstad Vik fødd 2. oktober 2012 Foreldre er Rannveig V. Vik og Leif Gunnar Vik, Knappen. Liv Emma Winkel fødd 31. desember 2012 Foreldre er Tanja Winkel og Alexander Petruccelli, Vikatoppen. Sabrine Isager fødd 6. januar 2013 Foreldre er Katrine Isager og Glenn Evanger, Butikken. Rebekka Mengesha Vik Fødd 12. januar 2013 Foreldre er Anne-Kari Vik og Mengesha Alemu Shetta, Larsestova. TERRORÅTAK: Statoils gassanlegg i In Amenas vart angrepe av terroristar tidlegare i år. Alf Vik (43) miste livet då Statoils gassanlegg i In Amenas, Algerie vart angrepe av terroristar. Fredag 15. februar vart Alf Vik bisett. Mange hadde møtt fram til den ærverdige og historiske Fjære kirke i Grimstad for å ta avskjed med Alf. Siste turen Alf hadde til Vik var i oktober 2012. Han likte å bruka fritida si i rorbua ved Vikakaien. Overtok Pålestova Alf overtok familieeigedomen på Vik i november 2001. Han og kona Inger Liv, rehabiliterte den eldre bustaden til besteforeldra (Margit Torsvik Mur Alt i mur, puss og flisarbeid 91168375 og Ivar P. Vik) som står på Vikahaugen. Han reiv det gamle naustet i Vikavågen og bygde rorbu på tomten. Det var rekreasjon for han å koma tilbake til rorbua etter at han flytta frå Vik. Arbeidde på Kollsnes Alf var utadvendt og hadde god kontakt med folket i bygda. Han kom snart med i grendelaget sitt arbeid. Han var ein mann med godt humør og optimistisk instilling. I august 2009 selde Alf og kona huset på Vik, men eigde framleis jord på Vik. Alf hadde sitt arbeid på Kollsnes gassanlegg dei åra han budde i Øygarden. Planla bustadfelt Alf likte at det skjedde noko rundt han. Han hadde pågangsmot, og likte å skape noko. Han selde eigedom i den nordre delen på Vaskerhaugen, der det no vert bygd nye bustadar. Alf hadde planar for nytt bustadfelt på Stølane, men han kom ikkje så langt. Han vart drepen i det meiningslause terrorangrepet på gassanlegget i Algerie. Truleg døydde han laurdag 19.januar, på terroraksjonens siste dag. Daniel Vik fødd 22. januar 2013 foreldre er Inna Cirshner og Kristian Vik, Bernhardhuset. Berre pallar på jonsokbålet Helsing frå Vik Bygdefolket på Vik har vore prega av dette triste, urettferdige og brutale drapet av Alf Vik. På båra låg det bårebukett som ei siste helsing frå Vik grendelag. Alf etterlot seg kone og tre barn. Vik Grendelag har bestemt at jonsokbålet i år skal bestå utelukkande av pallar. Jonny Dåvøy tek ansvar for at bålet vert laga til veka før jonsok, og alle som har pallar kan kontakta Jonny og levera til han. Boss og anna avfall skal ikkje leggjast på bålet, slik som har vore gjort før. Mykje av det som har vorte lagt på bålet tidlegare år, har ikkje vore brennbart materiale, noko som har ført til forureining og stort opprydningsarbeid. Folk vert oppmoda om å levera bosset sitt på avfallsstasjonen på Straume. 8 Vil du kjøpa bygdeboka? Det er framleis mogleg å få kjøpt Bygdeboka for Vik. Einkvar som kjenner tilknytning til Vik, bør ha denne i bokhylla si. Boka kan kjøpast for 500 kroner hos Thora Vik. Tlf: 979 77 822. E-post: thoravik@online.no Slik kan du abonnera Vikaskarven kjem ut fire gongar i året og vert delt ut til husstandar på Vik. Andre som vil ha Vikaskarven kan gjera det ved å betala inn 150 kroner til 3628.51.70545. Hugs å merka innbetaling med namn og adresse. Storfangst Per B. Vik fekk ein breiflabb på garn som vog om lag 100 kilo. Vikaskarven Redaktør: Øystein Vik I redaksjonen: Norvald Vik John Solsvik Bjarte Vik Ottar Vik Returadresse: Vikaskarven Norvald Vik 5337 Rong Endeleg ny barnehage til Toftøyfolket Måndag 11. februar var det offisiell opning av den nye barnehagen på Toftøy. – Me er stolte av barnehagen, sa styrarassistent Olaug Merete Vik Rong, med ein klump i halsen, når ho kunne ønskja velkommen til om lag 250 frammøtte, på slutten av ein travel og spennande dag. Gunn Helen Hole Elvestad, som og er styrarassistent, var minst like nøgd, og leiar i barnehagen Ingunn Harkestad strålte då ho såg alle som var møtt fram. Tidlegare på dagen var ho vertskap for om lag 100 personar i samband med den offisielle delen av opninga. Kosta 32 millionar Over 100 barn fordelt på seks avdelingar har plass i den nye barnehagen. 30 personar er tilsett. Barnehagen har ein romkapasitet til å ta imot meir enn 100 barn, seier styreleiar for barnehagen, Jakob Blom. Det er Norsk Luthersk Misjonssamband som har bygd og driv barnehagen. – Dette er den største barnehagen Misjonssambandet eig, sa Øyvind Åsland, generalsekretær for NLM, i sin helsingstale. Barnehagen har kosta 32 mill inkl. mva. – Dette omfattar bygg, ute- og inneleikar, inventar og utstyr. Me har fått mykje for pengane, seier Jakob. Musikalsk barnehage – Song og musikk skal vera varemerke for den nye barnehagen, seier Olaug. Dette fekk dei som møtte fram på opningsdagen ein forsmak på. Der deltok alle barna i eit stor felleskor med kvikke songar og rytme. Flotte gåver I opningsgåve fekk barnehagen eit elektronisk piano frå kommunen. Sparebanken Vest gav pengar til audiovisuelt utstyr. Toftøy Helselag spanderte hjartestartar, og flagg frå alle land Misjonssambandet har arbeid i, var gåve frå ei mannsgruppe på Vik. Flagga pryda inngongspartiet på opningsdagen. Elles fekk barnehagen fleire andre gåver. Ingunn Harkestad ser fram til eit fint samarbeid med foreldre og nærmiljøet. – Personalet skal gjera alt det me kan for at borna skal trivast. Ho registrerer at folk brukar uteområdet ved barnehagen i helgene, noko ho er svært positiv til. Vi formidlar blomster til innland og utland Internett og e-post: www.vikaskarven.net post@vikaskarven.net Fire nummer pr. år. Trykkeri: Bodoni AS Rong Senter Telefon:56 38 92 65 Postboks 107, 5331 Rong