Klikk på linken for å sjå heile artikkelen om Nordre
Transcription
Klikk på linken for å sjå heile artikkelen om Nordre
12 Vi har vorte utfordra frå Fjuken til å lage matreportasje i dei tre magasina avisa skal gje ut i 2012. Dette tykkjer vi er ei spanande utfordring og vi gler oss til å presentere den lokalproduserte maten for Fjuken sine lesarar. VARM FJELLGEIT MED HONNING OG TØRKA FRUKT Med god hjelp av Morten Schakenda, Hans Brimi, Hilde Grytting og Wenche Kvebu fekk Gudbrandsdalsmat laga oppskriftshefte i 2011. Dette heftet kan du få gratis ved å vende deg til Coop Mega Vågå eller andre butikkar og serveringsstader som har Gudbrandsdalsmat- produkt. I heftet finn du enkle oppskriftar basert på lokale råvarer. Vi har plukka ut ei oppskrift frå matheftet: Til 4 pers Du treng: 4 skiver på ca 100 g fjellgeit kvitmuggost frå Valbjør Ca 100 g svisker (el rosiner /tørka frukt) 3 ss honning 50 g valnøtter 1 dl vatn Rista brød, gjerne frå Bakeriet i Lom Salat (sommarstid frå Aukrust) Fjellgeit Kvitmuggost frå Valbjør får du kjøpt i mange av dei lokale daglegvarebutikkane. Det same gjeld brød frå Bakeriet i Lom. Framgangsmåte: Kok saman tørka frukt, honning, valnøtter og vatn i 5-10 minutt, avkjøl Lun osteskivane 2-3 minutt på ca 200 grader og legg dei på rista brød Server med kompotten og god salat. LOKALMATTORG I VÅGÅ Coop Mega Vågå er ein butikkane i Ottadalen med størst utval av lokal mat. I ein kjøledisk ved sida av ferskvaredisken finn du dei lokalproduserte varene. Det har vore mykje diskutert kva som er den lugumaste måten å profilere dei lokale varene på i butikken, om det er best å ha dei samla i ein kjøledisk eller om det er best at dei står under rett varegruppe men med hyllemarkør som syner at dette er eit lokalprodusert produkt. Mona Flatum, ferskvaresjef på Coop Mega Vågå, meiner det er best å ha dei lokale produkta samla i ein kjøledisk ved sidan av ferskvaredisken. På den måten blir det lett å finne varene som er produsert lokalt og det er enkelt å spørre dei som jobbar i ferskvaredisken rett Mona Flatum, ferskvaresjef Coop Mega Vågå, og Hallstein Eggen, tilsett i ferskvaredisken i Coop Mega Vågå. ved om det er noko ein lurar på. – Spør gjerne om du ikkje finn akkurat det du er på jakt etter. Om vi ikkje har varene inne er det gode moglegheiter for at vi kan bestille dei. Mangfaldet av lokalproduserte spesialitetar er stort, seier Mona og legg til at hennar lokale favoritt er te frå Aukrust Gard og Urteri frå Lom. Tysdag 28. februar serverer Gudbrandsdalsmat smaksprøver på Fjellgeit kvitmuggost frå Valbjør, spekepølser frå Breheimen Mat og frå Aukrust på Coop Mega Vågå. 13 VANN ØSTLANDSMESTERSKAP FOR VG2 KOKK� OG SERVITØR Kokkeelevar frå Nord-Gudbrandsdal Vidaregåande avd Otta vann Østlandsmesterskap for Vg2 Kokk- og servitør i Sarpsborg 18. januar 2012 I Østlandsmesterskapet deltok seks lag frå heile Østlandet som hadde kvalifisert seg til meisterskapet gjennom fylkesvise tevlingar. Martine Sandbu, Ann Hege Lund, Ingrid Øverli og Lene Marie Svanøe, som reserve, var på laget som vann. Premien var kokkekniv, diplom og ei kasse med lokale råvarerer frå sponsorar. Nettopp lokale råvarer var noko elevane skulle legge vekt på i komposisjonen av sine rettar. Laget tok tidleg kontakt med Gudbrandsdalsmat i prosessen med å sette opp meny. Vinnarmenyen besto av blant anna rømme og smør frå Avdem Gardsysteri, sjalottlauk, gulrot og krydder frå Aukrust, mandelpotet frå Sygard Forberg, lam frå Høgfjellslam BA og fisk frå Lesjaskogsvatnet. Produsentane i Gudbrandsdalsmat Ba gratulerer laget frå NordGudbrandsdal Vidaregaånde med sigeren! Dei er flotte ambassadørar for den lokalproduserte maten i Gudbrandsdalen. Varm Fjellgeit med honning og tørka frukt Vi spurte jentene om dei ville bidra med ei oppskrift, og fekk denne frå Martine: TIMIAN SALTBAKT SJALOTTLAUK 6 pers Du treng: 6 middelsstore sjalottlauk 10 g smør 45 g finhakka fersk timian Kverna pepper Havsalt Vil du bruke lokalproduserte varer kan du bruke smør frå Avdem Gardsysteri , sjalottlauk og frisk timian (kun sommarstid) får du tak i på Aukrust. Framgangsmåte: -Skrell og vask sjalottlauken og del den i to på langs. -Finhakk timian og smelt smør. -Legg eit lag med havsalt i ein ildfast form og legg sjalottlauken med snittflata opp. -Pensle på eit lag smør, strø på hakka timian og kvern litt pepper over. -Steik i ovn (Innstilling: grill) på 185 grader i 25 minutt. VALBJØR GARD I NORDHERAD I VÅGÅ Høgt oppe i solsida i Nordherad i Vågå, 700 moh, ligg garden Valbjør. Her er det utsikt til dei kvite fjella i Jotunheimen og ned på det grøne Vågåvatnet. Garden blir drive økologisk med sau, geit og noko grønsaker og urter. Valbjør Gard er ein av produsentane som har vore med i Gudbrandsdalsmat sidan oppstarten i 2006. Hovedproduktet deira for salg gjennom Gudbrandsdalsmat er Fjellgeit Valbjør kvitmuggost som er laga av 100% geitmjølk, løype og salt. Kvitmuggosten er produsert på Tine SA avd Dovre på oppdrag frå Valbjør Gard. Osten bør lagrast i kjøleskap eller kjølerom på 0 - 4° C i 2-3 månader, eller i frysar inntil seks månader. Osten får meir smak ved lagring. Kvitmuggosten Fjellgeit Valbjør har mange bruksmåtar. For at smaken skal kome godt fram, tilrår vi at osten ligg i romtemperatur i 4 6 timar før servering. Valbjør Gard produserer også fenalår av geit og geitpølse for salg gjennom Gudbrandsdalsmat. Valbjør har 14 gamle hus. I fem av dei er det overnattingsmoglegheiter med til saman 22 sengeplassar. Nørdre stugu, Vetlstugu og Aasheimstugu er utstyrt for sjølvhushald. Det er også sengeplassar på Gammelloftet frå 1600-talet og på Nybuloftet. På Valbjør kan du få servert tradisjonsmat og lokale spesialitetar. Dei tek imot individuelle gjestar, busser, grupper og selskap heile året. Handverkskurs og guida turar for grupper i unikt kulturlandskap er også noko som ein kan vere med på hjå folket på Valbjør. Garden ligg i eit godt turterreng med mange merka stigar. 4 Gjendesheim Turisthytte � FRISTAR FJELLFOLKET MED LOKALPRODUSERT MAT Gjendesheim Turisthytte i Sjodalen er ei av turisthyttene som har lokal mat på menyen. – Det er mykje fokus på mat på turisthyttene. Dei som går i fjellet er opptekne av at maten skal vere kortreist og dei er opptekne av miljø. Dei ynskjer å smake produkta frå områda dei besøker, seier styraren på Gjendesheim, Marius Haugaløkken. Når han blir spurt om Gjendesheim har nokon filosofi bak bruken av lokal mat på turisthytta, seier han: –Vi er stolte av å tilby turistane produkt som er produsert i nærleiken. Det er artig å servere produkt frå Valbjør og fortelje om setra deira like ved, i Grinningsdalen. Det er viktig å marknadsføre området overfor turistane og det er viktig å støtte lokalt næringsliv og lokal verdiskaping. Marius fortel at dei utover vinteren vil servere spekemattallerken med lokale produkt, og ha frukostbord med mange lokale ostar. Han fortel også at han har fått vegetarianarar til å Stolte:Vertskapet på Gjendesheim Turisthytte, Anne Taagvold og Marius Haugaløkken, er stolte av at dei kan by turistane matprodukt som er produsert i nærleiken. Medlemmane i Gudbrandsdalsmat BA er: Arkivbilete: Fjuken ete kjøt på Gjendesheim. Det var reinskjøt frå området laga med lokale urter som skulle bli servert, og Marius fortale om produkta. Dei hadde førebudd fem vegetariske rettar då dei hadde fått beskjed om at det var fem vegetarianarar i denne nederlandske gruppa. Men når menyen var presentert ba dei også om å få smake på kjøtet. Dei sa at det var den industrielle produksjonen av kjøt som hadde gjort at dei var vegetarianarar, slik kjøtet var produsert her var dei ikkje i tvil om at dei måtte smake på det! Aukrust Gard og Urteri, Lom Avdem Gardsysteri, Lesja Bakeriet i Lom Bjorli Fjellmat Brimi Gard og Sæter, Lom Holen Gardsysteri, Gausdal Jotunheim Fisk, Espedalen Lillehammer Bryggeri Lunde Gard, Fåvang Mogard Gardsmat, Skjåk Breheimen Mat, Skjåk Skånsar, Lom Stensgård, Skjåk Sve Gard, Vågå Sygard Forberg, Skjåk Valbjør Fjellgeit, Vågå Tradisjonsbakst frå Skjåk tlf 61214398 tlf 61 02 09 40 tlf 61 21 49 98 tlf 61 21 43 82 Nye tlf 61 21 44 04 tlf 992 11 663 OPE r Skjåk Kjøpesente - alt du treng! 9-17 (14) ICA 9-20 (18) ������������������� tlf 61 21 43 06 tlf 61 21 42 49 tlf 61 21 40 55 11 LOKALPRODUSERT MAT I OG FRÅ OTTADALEN Gudbrandsdalsmat BA, eit andelslag med 17 lokale matprodusentar, har i fem år drive sal, marknadsføring og distribusjon av lokalprodusert mat. I samarbeid med Tine SA avd Frya, fraktar dei i dag lokale matprodukt til godt og vel 100 butikkar og serveringsstader i Gudbrandsdalen, Lillehammer, til Hedmark og Oslo. Foto: Ragnhild Brimi