Vil du vera med å ha det moro på slalåmski?
Transcription
Vil du vera med å ha det moro på slalåmski?
Moro på Ski Telenor Karusell 2015 Voss Alpin med Moro på ski og Voss Freestyleklubb (VFK) arrangerer rekrutteringsrenn i vinter. Desse renna passer for born til og med 12 år. Hovudmålet er at borna skal kome i aktivitet og ha det kjekt på nedoverski. Premie til alle! ar! de gut Gla l star Klar ti Her gå na! n u t e rd ngar! oret ty t ... Alv Terminliste Moro på Ski Voss Alpin / rekrutteringsrenn VFK: • Fredag 9. januar: Big air (VFK) i Voss Resort • Torsdag 22. januar kl 17.45: Storslalåm på Myra i Bavallen • Torsdag 5. februar kl 17.45: Parallellstorslalåm på Myra i Bavallen • Fredag 13. februar: Kulerenn (VFK) i Voss Resort • Fredag 6. mars: Big air (VFK) i Voss Resort ingar Små sv leder! g – store • • Søndag 22. mars: Parallellslalåm på Myra i Bavallen kl 11.30 Fredag 27. mars: Kulerenn (VFK) i Voss Resort Påmelding i bakken Kr 50,- per person per renn. For dei utan sesongkort får ein kjøpt familiebillett hjå Voss Resort Fjellheisar til kun kr. 100,-. 015 2 n e g seson Ski I tillegg arrangerer Voss Alpin i Myrkdalen parallellslalåmrenn for heile familien heilt gratis: • Laurdag 17. januar kl 14.00-15.30 • Laurdag 14. mars For endringar og informasjon, sjå nettsida vår www.bavallen.no eller søk opp Voss Freestyleklubb. drikke g o t a Utan m lten ikkje! he duger t e d a h å d e m a r e v u ? i k Vil d s m å l a l s å moro p pust n i e t t e N i b a k ke n Til alle ski-vener og småalpinistar m/foreldre Voss Alpin er stolte av å presentera eit godt tilbod til gamle og nye småalpinistar i Bavallen også i 2015. Me har som kjent eige anlegg på Myra med eigen (nyrestaurert) heis, eige varmestove og grindbygg med bålpanne. Myra når du ved å ta Alphaheisen til topps og du kan køyra på ski ned til anlegget, som ligg berre 50 meter frå toppstasjonen. utvida samarbeid med Kidsa til Voss Freestyleklubb er eit av elementa. Dette vil gje ungane ein breiare plattform for varig skiglede. Me vil også i år halda fram med å henta alle småalpinistar med foreldre nede ved Varmestova for trygg og sikker tur med Alphaheisen til Myra. Etter trening kjem alle i samla flokk trygt ned att i den nye familieløypa til Voss Resort Fjellheisar. Me vonar at desse tiltaka vil gje eit attraktivt tilbod til små og store i 2015. Det er vel kjent at idrett på ujamt underlag sikrar god motorikk og god intelligens! I år er det Trine Gjeraldstveit, mangeårig Fis-løpar og med god trenarerfaring, som skal ha ansvar for dei yngste på Myra. I tillegg vil me setja ekstra trykk på å halda oppe konseptet om «Ski-trening», der eit Som tidlegare vil me halda fram med grilling i grindbygget både på trening og under tilstellingane våre. Dette er moro og gjev godt samhald. Styret i Voss Alpin ynskjer alle velkomne til fjells. Torgils Bryn Leiar Voss Alpin 5700 Voss • post@taubane-teknikk.no •Tel: 56 53 00 70 ret! å e l i e ski h å p o r Mo Trening Frå 6. januar og fram til påske har me i Voss Alpin trening på Myra i Bavallen tysdagar og torsdagar kl. 18.00 – 20.00. Treninga passar best for deg som går i 1.–4. klasse. Oppmøte ved Varmestova i Bavallen kvart på seks. Felles avreise frå Varmestova kl 18.00 - presis! Kom og bli med! Denne vinteren samarbeider me med Voss Freestyleklubb (VFK) om kveldstreningane. Vi vil ha skikrossløyper, kuleløyper, hopp og portar om kvarandre. Vi vil bli kjent med alle borna som er på trening! Du kan også vere med på renn i kulekøyring, slalåm og ”big air” i parken – sjå terminliste siste side. Kan hende vert det arrangert nokre treningar i Vetlebakken ved Bavallstunet i løpet av vinteren. Trenar i vinter for 10 år og yngre: Trine Gjeraldstveit. Oppmenn for 10 år og yngre: Jannicke Simpson Larsen, Yngve Gjeraldstveit og Olav Lødemel (har på gule vester!) For oppdatert informasjon om trening, sjå www.bavallen.no Vi vil prøve å få til trening for alle også i vinterferien i veke 8 – følg med på www.bavallen.no Barmarkstrening i lag med Voss Freestyleklubb i idrettshallen Sesongavslutning med pizzakveld i Varmestova i Bavallen torsdag 26. Mars 2015 kl 19.00 (etter kort trening). Gratis for borna. Vi takkar Voss Bygg og Anlegg AS, Norbits, Kåre Neteland AS, Indre Hordaland Miljøverk og Taubaneteknikk AS for støtte til denne faldaren og til breiddesatsinga i klubben. Alle 4. klassingar får i år gratis sesongkort hjå Voss Resort Fjellheisar. Våre hovudponsorar er: Voss Resort, Voss Energi, Fleischers Hotel, Voss Sparebank, Visma og Myrkdalen Fjellandsby. Kontaktpersonar i Voss Alpin: Olav Lødemel: • mob. 920 90 310 • e-post: olodemel@gmail.com Asbjørn Skorpen: • mob. 952 24 108 • e-post: as.skorpen@gmail.com Layout: Logolink AS • Alle foto: Voss Alpin • Trykt på svanemerka papir