18.02.2014 - Kyrkja i Hå
Transcription
18.02.2014 - Kyrkja i Hå
Møtebok for Nærbø sokneråd Møtedato: Møtetid: Møtested: 18.02.2014 kl. 18:00-21:00 Nærbø kyrkje (Grupperom 3 / spiserom) Tilstede: Tron Gudmestad, Gunvor Berge Risa, Randi Espeseth Opstad, Marie Lie Harbo, Svein Helge Harbo, Tone Torland Aarsland og soknepresten. Meldt forfall: Maria Reime Birkeli, Ingrid Ljøkjel Wold, Anne Linn Midttun. Innkallinga vart godkjent. Meldingssaker Sak 000005 Arbeid i kyrkjelyden Samtala om: Gudstenestane i vår. Sak 000006 Idemyldring til kyrkjelydsbladet Sak 000007 Referat frå Nærbø diakoniutval 22.01. Sak 000008 Referat frå møte i trusopplæring med mentor 28.01. Sak 000009 Innkommen post - mannsweekend på Himmel og Hav. 21-23. mars - pilegrim langs Jærkysten. 30. juni-4. juli. - regionstevne for NMS i Nærbø kyrkje. 24. mai Sak 000010 Årsstatistikkar frå prosten. Statestikkar for utvikling for Nærbø, Varhaug og Ogna sokn frå 2006-2013. Sak 000011 Kommuneplan i Hå Svein Helge Harbo orienterte om kommuneplanen Sak 000012 Torild Egeland Reime kom kl. 19:30. Vår nytilsette diakon, Torild Egeland Reime, informerte soknerådet om tankar og visjonar for det diakonale arbeidet i Hå. Her er nokre av dei tiltaka ho ynskjer å ha fokus på i arbeidet sitt: Grupper med folk som opplever samlivsbrot Samlivskurs Vera i kontakt med folk der dei er Oppfylgjing av pårørande etter dødsfall (ektefeller eller foreldre av barn) Inspirera diakoniutvala Institusjonsbesøk- kontaktliste for samtale med prester og diakon Samhandlingsreformen – muligheter for samarbeid med kommunen som besøkstjeneste og samtale med sjuke/døyende. Tiltak for utviklingshemma. Enkel gudsteneste og samling med aktivitet og servering. Vårsonate 30. mars kl. 19:00 i Nærbø kyrkje. Ein takknemlighetskonsert med BodilArnesen og Paal Andre Grinderud. Morgonbøn, bøn og samtale med høve til forbøn. Ha ein fast dag på Hå sjukeheim. Generasjonssang – musikk inn mot de demente og eldre. Barn med to adressa Rusmisbrukarar Lånebu (Bytta og låna utstyr ) Torild ynskjer å ha sterke og sjølvstendige diakoniutval i sokna som vil noko, og som gjer noko for å få det til. Ho er tilsett i 90 % stilling (50% frå kommunen, 30% frå diakonistiftelsen som held fram i 3 år, og 10% midlertidig frå fellesrådet). Kyrkjemøte til våren. Soknerådet samtala om kyrkjesituasjonen. Sak 004/14 Søknad om støtte til orgelpiper i Nidarosdomens hovedorgel Vedtak: Soknerådet ønsker ikkje å gi støtte til orgelpipe i Nidarosdomens hovedorgel. Sak 005/14 Møteplan hausten 2014 Vedtak: Soknerådet godkjenner møteplan for hausten 2014 AU SR 26.08.2014 kl. 18:00 02.09.2014 kl. 18:00-21:00 09.09.2014 kl. 18:00 23.09.2014 kl. 18:00-21:00 07.10.2014 kl. 18:00 21.10.2014 kl. 18:00-21:00 04.11.2014 kl. 18:00 18.11.2014 kl. 18:00-21:00 25.11.2014 kl. 18:00 09.12.2014 kl. 18:00-21:00 Sak 006/14 Søknad om offer til "BridgeBuilders". Vedtak: Soknerådet går inn for å gi 2 offer til prosjektet BrideBuilders. Eit offer i vår og eit offer i haust. 19. juli til 1. august 2014 skal ungdommer og voksne fra Hå sykle Norge på langs. Dette er et prosjekt i regi av ungdomspresten og som sådan også under Hå kyrkjelege fellesråd. Formål er Israelsmisjonens prosjekt BridgeBuilders (BB). BB er et freds- og forsoningsprosjekt for unge palestinere og israelere. Sak 007/14 Avsetjing til fond Vedtak: Avsetjing og bruk av fond for 2013 - Avsetjing til fond Nærbø kyrkje, ferdigstilling og oppgradering kr. 28 754,00 - Avsetjing til fond orgel kr. 4 299,60 - Bruk av fond ungdomsarbeid kr. – 56 602,50 - Avsetjing til fond musikarstilling kr. 45 865,50 Sak 008/14 Nytt tolkeanlegg Vedtak: Soknerådet går inn for å kjøpa nytt tolkeanlegg til Nærbø kyrkje og ber Eivind Waldeland om å ordna dette. Ladekoffert for 20 mottakar Sender Mottakar til ladekofferten 6 stk Sum Kr. 10 421,00 Kr. 5 211,00 Kr. 14 436,00 Kr. 30 068,00 Sak 009/14 Medlem i KIA Rogaland Vedtak: Saka vart utsett. Sak 010/14 Kyrkjelydsutvikling Vedtak: Saka vart utsett til eit seinare sokneråds møte. Sak 011/14 Plan for diakoni - år 2014 og 2015 Vedtak: Soknerådet godkjenner diakoniplanen for 2014 og 2015. For Nærbø sokneråd Kari Torland Sekretær