Oppsummering frå statsadvokatmøta 2008 til 2014
Transcription
Oppsummering frå statsadvokatmøta 2008 til 2014
Publikasjonar frå Riksadvokaten nr. 2/2015: Oppsummering frå statsadvokatmøta 2008–2014 Riksadvokaten Levert mars 2015 Føreord Kvart år gir Riksadvokaten ei lang rekkje pålegg og direktiv til politiet og statsadvokatane. Desse kjem til uttrykk på ulike måtar. Mellom anna blir dei mest aktuelle av dei omtala på dei årlege statsadvokatmøta. Pålegga er skrivne ned, som ei oppsummering av møta. Ved riksadvokatembetet har vi, frå tid til anna, merka oss at instruksane herifrå ikkje alltid er like godt kjende og innarbeidde, særleg i politiet, men også hos statsadvokatane. I den samanhengen er det naturleg å minne om at det er politimeistrane og førstestatsadvokatane som har ansvar for at instruksar, pålegg og retningslinjer blir sette i verk og følgde i eigen organisasjon. Sjølv om oppsummeringsskriva er lagde ut både på Internett og heimesida til Riksadvokaten, har vi for andre gong valt å trykkje samandraga frå dei sju siste statsadvokatmøta i serien «Publikasjonar frå Riksadvokaten». Sist gong det vart laga ei oppsummering, var for perioden 1998 til 2007. Denne publikasjonen gjeld perioden 2008 til 2014. Innhaldslista gir oversikt over dei ulike emna som er tekne opp, og bak i dokumentet er det lagt inn eit stikkordregister. 2 Innhaldsliste Statsadvokatmøtet 2008 – oppsummering ...................................................... 8 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. 10. 11. 12. 13. 14. 15. 16. 17. 18. 19. 20. 21. 22. 23. 24. 25. 26. 27. 28. 29. 30. 31. 32. 33. 34. 35. 36. 37. 38. 39. 40. Terrorsaker ................................................................................................................................ 8 Straffelova § 135a ..................................................................................................................... 8 Oppgåve- og myndefordelinga mellom Kystvakta, politiet og påtalemakta ............................ 9 Verneting .................................................................................................................................. 9 Erstatningskrav m.m. – oppgåvefordeling mellom Regjeringsadvokaten og påtalemakta....... 9 Born som forsvinn frå asylmottak ............................................................................................ 9 Tilsynsutvalet for dommarar og om moglegheita påtalemakta har til å klage på dommarar.. 10 Tilsynsrådet for advokatverksemd .......................................................................................... 10 Handsaming av narkotikasaker – ventetid for analysar frå Kripos ......................................... 11 Nyare retningslinjer om narkotika ...................................................................................... 11 Oppfølging av rapporten om valdtekt frå arbeidsgruppa hos Riksadvokaten .................... 12 Sakna-saker ......................................................................................................................... 13 Rømd oppdrettsfisk ............................................................................................................. 13 Austeuropeiske mobile vinningskriminelle – sentralisert etterforsking ............................. 14 Etterforsking av saker om alvorleg vald mot born ............................................................. 14 Inndraging ........................................................................................................................... 16 Økokrim-eininga for finansiell etterretning (EFE) ............................................................. 16 Politimelding av spesialeininga .......................................................................................... 16 Opplysningar om nye straffbare forhold i prøvetida .......................................................... 17 Lyd- og biletopptak av politiforklaringar er ein del av saksdokumenta ............................. 17 Notat til Riksadvokaten ...................................................................................................... 17 Øko-seminar for statsadvokatane ....................................................................................... 17 Ny offentleglov ................................................................................................................... 17 Nådesaker – tilrådinga frå påtalemakta .............................................................................. 17 Innkalling til soning og utsetjingar av soning..................................................................... 17 Domfelte som ikkje møter til soning – handsamingsansvar ............................................... 18 Gjenteken strafforfølging («dobbeltstraff») ....................................................................... 18 Vegtrafikkbrot..................................................................................................................... 18 Tilståingsrabatt ................................................................................................................... 19 Nye reglar om fornærma og etterlatne ................................................................................ 19 Påstand om å føre vidare særreaksjon – straffelova § 39 b ................................................ 19 Kravsmål om prøvelauslating frå forvaring – krav om rask handsaming........................... 20 Nye reglar om DNA-registrering ........................................................................................ 20 Sikta som nektar å forklare seg ........................................................................................... 20 Tidfesting i Høgsterett i samråd med aktor ........................................................................ 21 Metodekontrollutvalet......................................................................................................... 21 Prøving i Høgsterett av om saka har vorte fullstendig opplyst – straffeprosesslova § 292 21 Ankar .................................................................................................................................. 21 Gjenopning ......................................................................................................................... 22 Neste møte .......................................................................................................................... 22 Statsadvokatmøtet 2009 – oppsummering .................................................... 23 1. 2. Nytt straffenivå – fråsegner i førearbeida til straffelova 2005 ............................................... 23 Straffelova § 239 .................................................................................................................... 23 3 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. 10. 11. 12. 13. 14. 15. 16. 17. 18. 19. 20. 21. 22. 23. 24. 25. 26. 27. 28. Ankar frå påtalemakta til Høgsterett....................................................................................... 24 Plenumsavgjerdene om juryordninga ..................................................................................... 24 Grunngiving ved ankesiling – fråsegn frå påtalemakta .......................................................... 24 Gjenopning på grunn av manglande grunngiving .................................................................. 24 DNA ........................................................................................................................................ 25 Dobbeltstraff, tilleggsskatt – nye retningslinjer...................................................................... 26 Tilståingsrabatt ....................................................................................................................... 26 Straffereaksjonar ved valutasmugling ................................................................................ 27 Ansvaret påtalemakta har for å rette opp feil i domsslutningar .......................................... 28 Straffesakshandsaminga i politiet pr. 30. april 2009 .......................................................... 28 Handsaming av narkotikasaker – ventetid for narkotikaanalysar frå Kripos...................... 29 Kommunikasjonskontroll og romavlytting i 2008 .............................................................. 29 Romavlytting – retningslinjer ............................................................................................. 29 Lyd- og biletopptak av politiforklaringar ........................................................................... 29 Nytt trafikkrundskriv .......................................................................................................... 29 Nordisk arrestordre ............................................................................................................. 29 Lagring av elektronisk spormateriale, gjenstandar og biologisk spormateriale ................. 30 Oversiktrapportar, notat m.m. ............................................................................................. 30 Nye retningslinjer for straffbare handlingar som blir avdekte i utlendingssaker ............... 30 Særreaksjonar – gjentakingsfare og inhabilitet................................................................... 30 Etterforsking av saker om alvorleg mishandling/vald mot små born ................................. 30 Spesialeininga for politisaker – NOU 2009: 12.................................................................. 31 Brannetterforsking .............................................................................................................. 31 Rømd oppdrettsfisk ............................................................................................................. 32 «Kapper i klasserommet» ................................................................................................... 32 Neste møte .......................................................................................................................... 33 Statsadvokatmøtet 2010 – oppsummering .................................................... 34 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. 10. 11. 12. 13. 14. 15. 16. 17. 18. 19. Måleparametrar for straffesakshandsaminga i politiet ........................................................... 34 Tiltale- og ankekompetansen til Riksadvokaten ..................................................................... 35 Statsadvokatrolla – rapport frå arbeidsgruppe – høyring........................................................ 35 God påtaleskikk – ny arbeidsgruppe ....................................................................................... 35 Straffeprosesslova § 122 og informasjonsplikta til dei som står den sikta nær ...................... 36 Tredjeinstansklager ................................................................................................................. 36 Narkotikasaker – registrering i politiet – oppfølging frå statsadvokatane.............................. 37 Tidfesting på førehand ............................................................................................................ 37 Soningsoverføring................................................................................................................... 37 Krav om utlevering – strafforfølging eller fullbyrding skjer i Noreg ................................. 38 Interne notat ........................................................................................................................ 38 Retningslinjer for handsaming av ulovleg fråvær frå militærteneste ................................. 38 «Dødsstadsundersøkingar» ................................................................................................. 39 Dommaravhøyr – forskrift og samarbeidsrutinar – orientering om status.......................... 39 Barnehus ............................................................................................................................. 40 Alvorleg vald mot små born – medverknadsansvar m.m. .................................................. 40 Politimelding av menneskehandel – oversending til andre land......................................... 40 Ny sambandsstatsadvokat – hospitantordninga .................................................................. 40 Forlengd foreldingsfrist for seksuelle overgrep mot born – tilbakeverknad ...................... 40 4 20. 21. 22. 23. 24. 25. 26. 27. 28. 29. 30. 31. 32. 33. Nytt kontrollutval for KK og romavlytting ......................................................................... 41 Nytt samordningsorgan avløyser ROK ............................................................................... 41 Ny straffelov – nytt straffenivå ........................................................................................... 42 Rapport frå Riksrevisjonen om organisert kriminalitet ...................................................... 42 Derivat ................................................................................................................................ 42 Interne instruksar og rutinar for riksadvokatembetet.......................................................... 43 DNA – kvalitetssikring ....................................................................................................... 43 Straffelova § 239 ................................................................................................................ 43 Nytt juryutval ...................................................................................................................... 44 Grunngiving av skuldspørsmålet i jurysaker ...................................................................... 44 Ny bok om arbeidsmiljøkriminalitet ................................................................................... 44 Nettsida til Den høgre påtalemakta – intranett ................................................................... 44 Kurs for nye statsadvokatar ................................................................................................ 44 Neste møte .......................................................................................................................... 44 Statsadvokatmøtet 2011 – oppsummering .................................................... 46 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. 10. 11. 12. 13. 14. 15. 16. 17. 18. 19. 20. 21. 22. 23. 24. 25. 26. 27. 28. 29. 30. 31. Eurojust ................................................................................................................................... 46 Straffelova §§ 195 og 196 – å vere jambyrdig i alder og utvikling ........................................ 46 Straffelova § 219 – ulike tolkingsspørsmål ............................................................................ 47 Narkotikasaker: låg styrkegrad og subsumsjon ...................................................................... 47 Avgjerd om gjenopning – oppfølging av uskuldspresumsjonen etter at domfelte er død ...... 48 Konkurssaker – innmelding av straffbare forhold .................................................................. 48 Ransaking ved tryggleikskontroll – fråsegn frå Sivilombodsmannen .................................... 49 Varetektsfengsling – gammal og ny undersøking................................................................... 50 Klager over påtalevedtak – oppreisning for fristbrot.............................................................. 51 Omgjering av vekklegging – ny innstilling til Riksadvokaten ........................................... 51 Objektivitetsplikta til aktor på domstolsstadiet .................................................................. 52 Trugsmål mot journalistar og redaktørar ............................................................................ 53 Forvaltningsrevisjonane frå Riksrevisjonen ....................................................................... 54 Målekriteria til politiet ........................................................................................................ 54 Fråsegner frå påtalemakta om anken til den domfelte bør visast til annan instans ............ 55 Elektronisk sending av saksdokument til forsvararar ......................................................... 55 Særreaksjonssaker............................................................................................................... 56 Kompetansen til kriminalomsorga til å vedta dom i brotsaker ........................................... 57 Gjenopptaking på grunn av spørsmål om den domfelte var tilrekneleg ............................. 57 Lyd- og biletopptak av politiforklaringar ........................................................................... 58 Pågriping og arrest .............................................................................................................. 58 Etterforskingsplikt – plutseleg barnedød ............................................................................ 58 Samarbeidsrutinar mellom Statens helsetilsyn, politi og påtalemakt ................................. 59 Innsyn i førelegg ................................................................................................................. 60 Rapportering av falske identitetar ....................................................................................... 61 Ungdomsstraff, konfliktråd, oppfølgingsgrupper m.m. ...................................................... 62 God påtaleskikk – utval ...................................................................................................... 62 Norske borgarar som har omkome eller forsvunne i utlandet ............................................ 62 Kva ansvar påtalemakta har for rettsoppmodingar ............................................................. 63 Lovdata og KO:DE ............................................................................................................. 63 Ny tiltale for lagmannsrett .................................................................................................. 63 5 32. 33. 34. 35. 36. 37. 38. 39. 40. 41. 42. Kompetanse – straffelova § 317 fjerde ledd ....................................................................... 64 Straffeprosesslova § 210 ..................................................................................................... 64 Vekklegging av kapasitetsomsyn........................................................................................ 65 Kritikk av politiet frå kommunikasjonskontrollutvalet ...................................................... 65 Politifagleg etterforskingsleiing – gode etterforskingsmiljø .............................................. 66 Dom på utvising for straffbare forhold ............................................................................... 66 Anke til Høgsterett – straffutmåling, bruk av disposisjon .................................................. 66 Rapport frå statsadvokatrollegruppa ................................................................................... 66 Nye artiklar ......................................................................................................................... 67 Rutinar og avtalar for personalet ........................................................................................ 67 Neste møte .......................................................................................................................... 69 Statsadvokatmøtet 2012 – oppsummering .................................................... 70 1. Straffutmåling i valdssaker og ved seksuallovbrot ................................................................. 70 2. Høgsterettsavgjerd om overprøving av avgjerder frå gjenopptakingskommisjonen .............. 70 3. Riksrevisjonen og vinningskriminalitet .................................................................................. 71 4. Inspeksjonar – kva skal inn i grunnlaget for utrekning av oppklaringsprosent? .................... 71 5. Politiregisterlova ..................................................................................................................... 71 6. Endringar i Riksadvokatens rundskriv nr. 4/2006 «Varetekt»: retten den sikta har til .......... 71 omgåande å kontakte advokat ......................................................................................................... 71 7. Påminningar om handsaminga av klagesaker ......................................................................... 72 8. Inndraging: prioritering, utgifter til realisering av inndregne gjenstandar og ny rettleiar frå Økokrim .......................................................................................................................................... 72 9. Samarbeid mellom Finansnæringens Fellesorganisasjon (FNO) og politiet .......................... 73 (1) Hefte frå FNO om forsikringssvindel – «Håndbok for jurister og etterforskere i politietaten» 73 (2) Tilrettelegging for samarbeid med politiet i tjuverisaker .......................................................... 73 10. Hatkriminalitet – straffelova § 135 a .................................................................................. 73 11. Meldeplikt til UDI m.m. ..................................................................................................... 73 12. Passiv medverknad ............................................................................................................. 74 13. Avhøyr ................................................................................................................................ 74 14. Samordningsorganet – utvida rolle ..................................................................................... 74 15. Kommunikasjonskontroll og romavlytting 2011 ................................................................ 75 16. Handsaming av narkotikasaker – ventetid for narkotikaanalysar frå Kripos...................... 75 17. Tidsbruken når ein sender fengslingssaker til Høgsterett ................................................... 75 18. Vald i nære relasjonar – registreringspraksis...................................................................... 76 19. Unge lovbrytarar – alternative reaksjonar .......................................................................... 76 20. Melding til Domstoladministrasjonen ved etterforsking av dommarar .............................. 77 21. Nasjonal koordineringseining for dom på overføring til tvunge psykisk helsevern ........... 77 22. Kort orientering om forholdet mellom etterforskingsplikta til politiet og dødsstadsundersøkingar der born under 4 år døyr plutseleg og uventa .......................................... 77 23. Fråsegner frå statsadvokatane i høyringssaker ................................................................... 78 24. Tiltale- og ankekompetansen til Riksadvokaten ................................................................. 78 25. Vidareføring av tvunge psykisk helsevern – straffelova § 39 b ......................................... 79 26. Forvaring – utvising ............................................................................................................ 79 27. Vald mot tilsette i asylmottak ............................................................................................. 79 28. Born i politiarrest ................................................................................................................ 80 29. DNA .................................................................................................................................... 80 6 a) Lokale retningslinjer for registrering i identitetsregisteret ......................................................... 80 b) Etterslep på registreringane ........................................................................................................ 81 30. Rettsoppmodingar ............................................................................................................... 81 a) Direkte sendingar i Schengen ..................................................................................................... 81 b) Berre relevante dokument skal liggje ved .................................................................................. 81 31. Arrestordrelova og norsk tilslutning til Europarådskonvensjonen om gjensidig hjelp i straffesaker (MLA) m.m. ................................................................................................................ 81 32. Nytt frå internasjonal strafferett.......................................................................................... 82 33. Ny internettside ................................................................................................................... 82 34. Samarbeidet med PDMT .................................................................................................... 83 35. DocuLive – status ............................................................................................................... 83 36. D#2 ..................................................................................................................................... 83 37. Neste møte .......................................................................................................................... 83 Statsadvokatmøtet 2013 .................................................................................. 84 1. Bruk av narkotikahund – på skular og andre stader ................................................................... 84 2. Utrekning av fristar ..................................................................................................................... 85 3. Verknaden av omgjering når statsadvokaten gir ordre om vidare etterforsking......................... 86 4. Formelt avvisingsvedtak ved tredjeinstansklage – og etter omstenda gjenpart til Riksadvokaten ........................................................................................................................................................ 86 5. Ei sak bør ikkje splittast i fleire saksnummer når det er fleire sikta ........................................... 86 6. Oppgiving av passnummer i rettsoppmodingar m.m. ................................................................. 87 7. Vekklegging av saker med gjerningsperson under 15 år ............................................................ 87 8. Manglande samsvar mellom ordre om tiltale frå Riksadvokaten og tiltalevedtaket................... 87 9. Meir effektiv motarbeiding av utanlandske kriminelle .............................................................. 87 10. Handtering av miljøkriminalitet hos politiet og påtalemakta ................................................... 87 11. Effektiv handsaming av dei mest langvarige og omfangsrike straffesakene ............................ 88 12. Behovet for gode rutinar ved sending av ankar til retten.......................................................... 88 13. Born i politiarrest ...................................................................................................................... 88 14. Fråsegn frå ombodsmannen i sak om hundeførelegg (sak 2010/2769) .................................... 89 15. Valdtekt..................................................................................................................................... 89 16. Familievald ............................................................................................................................... 89 17. Internasjonal barnebortføring ................................................................................................... 90 18. Dødsstadsundersøkingar ........................................................................................................... 90 19. Interne notat .............................................................................................................................. 91 20. Nye retningslinjer for registrering i DNA-identitetsregisteret .................................................. 91 21. Nytt regelverk for internasjonalt samarbeid (ny forskrift, «MLA 2000» m.m.) ....................... 91 22. Kommunikasjonskontroll og romavlytting – 2012 ................................................................... 92 23. Prop. 147 L – endringar i straffeprosesslova m.m. (handsaming og vern av informasjon) ...... 92 24. Rettsoppmodingar ..................................................................................................................... 93 25. Kompetanse .............................................................................................................................. 94 26. Forslag om tiltalevedtak ........................................................................................................... 94 27. Anke til Høgsterett .................................................................................................................... 94 28. Nytt narkotikarundskriv ............................................................................................................ 95 29. Felles tidsregistreringssystem for Den høgre påtalemakta ....................................................... 95 30. Beredskapsplan for riksadvokatembetet ................................................................................... 95 31. Neste møte ................................................................................................................................ 96 7 Statsadvokatmøtet 2014 – oppsummering .................................................... 97 1. Unge lovbrytarar – ungdomsstraff, ungdomsoppfølging og oppfølging i konfliktråd ............... 97 2. Handsaming av valdtektssaker i politiet og påtalemakta – oppfølging av handlingsplanen mot valdtekt for 2012–2014 frå regjeringa – direktiv og tilrådingar ..................................................... 99 3. Rundskriv om narkotikasaker ..................................................................................................... 99 4. Internasjonal barnebortføring – oppfølging frå politiet og påtalemakta ..................................... 99 5. Særreaksjonar (dom for overføring til tvunge psykisk helsevern og dom til tvungen omsorg) – samhandling og gjennomføring .................................................................................................... 100 6. Kompetanse til å krevje ny innsetjing i forvaring ved brot på vilkår for prøvelauslating ........ 100 7. Lovbrot i sjøfartsforhold ........................................................................................................... 100 8. Dyrevelferd ............................................................................................................................... 101 9. Orskurd etter straffeprosesslova § 242 a – varsling til den særskilt oppnemnde advokaten (straffeprosesslova § 100 a) om at det er teke ut tiltale m.m. ....................................................... 101 10. Kommunikasjonskontroll og romavlytting 2013 .................................................................... 102 11. Overføring av straffesaker til Noreg – jurisdiksjon ................................................................ 102 12. Om å hente inn bevis frå FN-organisasjonar .......................................................................... 103 13. Handtering av beslag som kan omfatte opplysningar som er omfatta av teieplikta til advokatane .................................................................................................................................... 103 14. Krav på erstatning/oppreisning til den sikta etter strafforfølging........................................... 103 15. Det ansvaret staten har for å verne individ mot menneskerettskrenkingar frå andre privatpersonar ............................................................................................................................... 103 16. Forbodet mot husransakingar i «nye» Grunnlova § 102 ......................................................... 104 17. Lyd- og biletopptak av politiforklaringar ............................................................................... 104 18. Politiregisterlov og -forskrifter ............................................................................................... 104 19. Politihandteringa av seksuallovbrot som involverer personar som arbeider innanfor kollektivtransportsektoren ............................................................................................................ 104 20. Saker om trygdesvindel – bruk av § 166 og § 270, 271 og 271 a i straffelova i konkurrens – nytt påtaledirektiv ......................................................................................................................... 105 21. Auka straff ved brot på innreiseforbod ................................................................................... 105 22. Korleis statsadvokaten vurderer dommen når anken til den domfelte blir send til Høgsterett ...................................................................................................................................................... 106 23. Tredjeinstansklager ................................................................................................................. 106 24. Bortfall av arverett og retten til å sitje i uskifta bu ................................................................. 106 25. Bortfall av retten til forsikringsytingar ................................................................................... 106 26. Nye retningslinjer for registrering i DNA-identitetsregisteret ................................................ 106 27. Oppstarta arbeid med sikte på å ta i bruk fleire analyselaboratorium enn Folkehelseinstituttet ...................................................................................................................................................... 106 Stikkordregister for statsadvokatmøta 2008–2014 ....................................................................... 108 Stikkordregister for statsadvokatmøta 1998–2007 ....................................................................... 113 8 RIKSADVOKATEN Alle statsadvokatembete REF.: VÅR REF.: DATO: Ra 08-114 TAB/iso 810.2 04.07.08 Statsadvokatmøtet 2008 – oppsummering Riksadvokaten summerer også i år opp dei pålegga og instruksane som vart gitte under årets statsadvokatmøte. Embetsleiarane har eit særskilt ansvar for å følgje opp direktiva og å formidle desse til alle statsadvokatane og til politiet på ein tenleg måte. For oversikta sin del er det laga ei innhaldsliste som vedlegg. Presentasjonane til føredragshaldarane blir lagde ut på intranettet. Publikasjon nr. 3/2007 frå Riksadvokaten, «Oppsummering frå statsadvokatmøta 1998–2007», vil ikkje bli fortløpande ajourført. Riksadvokaten rår til at ein held direktiva saman med referata for dei seinare åra. 1. Terrorsaker Saker om moglege terrorhandlingar reiser ei rekkje problemstillingar både av faktisk og rettsleg art, og Riksadvokaten viser til føredraga på årets statsadvokatmøte. Statsadvokatane må halde seg orienterte om trusselsituasjonen, gjerne gjennom kontakt med Politiets tryggingsteneste (PST). Oppstår det konkrete saker, er det inga tvil om at statsadvokatane omgåande vil bli pålagde eit særleg ansvar for å følgje opp politietterforskinga. Gode kunnskapar, m.a. om moglegheiter innanfor metode osb., vil vere svært viktig, og førstestatsadvokatane bør vurdere om enkelte statsadvokatar skal få eit særleg ansvar for å halde seg orienterte om utviklinga og sakstypen. 2. Straffelova § 135a Høgsterett kom i Rt. 2007, side 1807 til at straffelova § 135a var broten gjennom utsegner Tore Tvedt hadde gitt til VG. Retten fann at Tvedt hadde oppmoda eller gitt tilslutning til integritetskrenkingar mot jødar, og utsegnene bar også i seg ei grov nedvurdering av menneskeverdet til ei gruppe. Dommen er viktig og bør studerast nøye av statsadvokatane, m.a. fordi han presiserer, og truleg nyanserer, bruksområdet for straffelova § 135 a i høve til tidlegare avgjerder. At Tvedt vart domfelt, illustrerer også at det er viktig at politiet og påtalemakta handsamar politimeldingar av rasistiske ytringar grundig og effektivt. Slike saker er truleg med på å auke medvitet i folkesetnaden om kor viktig det er å motarbeide rasisme. 9 3. Oppgåve- og myndefordelinga mellom Kystvakta, politiet og påtalemakta Ei arbeidsgruppe med representasjon frå Riksadvokatembetet leverte 12. november 2007 ein rapport til Forsvarsdepartementet om oppgåve- og myndefordelinga mellom Kystvakta, politiet og påtalemakta. Rapporten inneheld ei grundig drøfting av grensa mellom straffeprosessuell etterforsking og tvangsmiddel, og verksemd av annan art – til dømes forvaltningskontroll og hevding av norske suverene rettar – som fell utanfor ansvarsområdet til påtalemakta. Kystvakta er underlagd påtalemakta når ho opererer i det straffeprosessuelle sporet. Samtidig er fartøya under militær operativ kommando. Ei nærare klargjering av ansvarsforholda var derfor ikkje minst viktig for å sikre at påtalemakta held seg uavhengig av dei politiske styresmaktene. Rapporten inneheld også ei drøfting av omgrepet «politimynde». Det sentrale her er at politimynde er ein personellføresetnad for å kunne gi påbod og gripe inn, om nødvendig ved makt. Politimynde må ikkje forvekslast med materiell heimel til å gjennomføre den aktuelle handlinga. 4. Verneting Frå tid til anna kjem det inn forslag frå statsadvokatane om å ta ut tiltale i ein annan rettskrins enn der den straffbare handlinga er gjord, utan at det er gitt noka særskild grunngiving, ikkje minst i narkotikasaker. Når det blir føreslått å fråvike vernetingsreglane i straffeprosesslova § 10 første ledd, må statsadvokaten i påskrifta til Riksadvokaten grunngi valet av domstol med basis i unntaksreglane i straffeprosesslova §§ 11 og 13 til 16. 5. Erstatningskrav m.m. – oppgåvefordeling mellom Regjeringsadvokaten og påtalemakta Frå tid til anna kan det vere noko usikkert om det er påtalemakta eller Regjeringsadvokaten som bør prosedere saker om erstatningskrav m.m. mot det offentlege. Krav om erstatning etter straffeforfølging blir avgjorde av justissekretariata. Vedtaket kan bringast inn for domstolane, som handsamar saka etter reglane i tvistelova. Regjeringsadvokaten representerer staten i retten. Normalt vil det ikkje vere nødvendig at påtalemakta involverer seg, og Regjeringsadvokaten tek direkte kontakt med rette vedkomande i vår etat når det krevst. Dette kan til dømes vere aktuelt når påtalemakta har teke del i forliksforhandlingar før erstatningskravet er sendt til justissekretariata. Påtalemakta er nærast til å handtere krav om sakskostnader etter straffeprosesslova kapittel 30. Dersom det unntaksvis skulle vere ønskje om at Regjeringsadvokaten fører saka, for eksempel fordi ho reiser kompliserte sivilrettslege spørsmål, må ein fremje ei oppmoding om støtte via Justisdepartementet. Slike oppmodingar skal leggjast fram for Riksadvokaten. Sivile krav som blir tekne med i straffesaka der staten er den skadelidne, blir vanlegvis prosederte av aktor, men dersom det er tale om eit stort krav eller kravet reiser kompliserte erstatningsrettslege spørsmål, kan det vere meir tenleg at Regjeringsadvokaten fremjar og grunngir kravet, jf. straffeprosesslova § 428. Dette spørsmålet må ein vurdere frå sak til sak. I tvilstilfelle kan ein konsultere Riksadvokaten. Har staten krav mot ein tiltalt av ein viss storleik, men ikkje fremjar kravet sjølv, bør påtalemakta forvisse seg om at avgjerda om å setje fram kravet er teken på eit høgt nok nivå i forvaltninga. 6. Born som forsvinn frå asylmottak Ei arbeidsgruppe som var sett ned av Justisdepartementet leverte 3. april 2008 rapport til justisministeren om mindreårige som forsvinn frå asylmottak. I rapporten er det føreslått tiltak for å styrkje førebygginga og betre etterforskinga. Når det gjeld ansvarsområdet til påtalemakta, vart det avdekt at det er opna etterforsking i eit avgrensa tal forsvinningssaker. Statsadvokatane bør særleg setje seg inn i kapittel 4.3 i rapporten, som tek opp kva ansvar politiet og har i denne typen 10 saker. Statsadvokatane må i samband med inspeksjonar og annan kontakt med politidistrikta sikre at ein etterlever direktiva frå Riksadvokaten i rundskriv nr. 5/2004, medrekna plikta til å vurdere etterforsking når det kjem inn saknamelding. Nærare direktiv til statsadvokatane og politimeistrane om oppfølging av rapporten er gitte i brev frå Riksadvokaten av 17. juni 2008. Riksadvokaten viser også til pkt. 12 nedanfor. 7. Tilsynsutvalet for dommarar og om moglegheita påtalemakta har til å klage på dommarar Tilsynsutvalet for dommarar vart etablert i 2002 og er eit disiplinærorgan som handsamar klager over kritikkverdig åtferd hos dommarar. Arbeidet til organet er forankra i kapittel 12 i domstollova, og det kan gjere vedtak om disiplinærtiltak når ein dommar forsettleg eller aktlaust opptrer i strid med god dommarskikk. Disiplinærtiltak kan vere at utvalet gir ein dommar kritikk eller åtvaring, og utvalet kan også gi ei fråsegn om kva som er god dommarskikk. Partar og prosessfullmektigar har klagerett til tilsynsutvalet. Domstollova § 237 set fristar for å levere inn klage. Klagefristen er 3 månader etter at klagaren vart kjend med forholdet som gir grunnlag for klage. Utvalet kan ikkje avgjere saker – heller ikkje etter eige tiltak – der forholdet ligg meir enn eitt år tilbake i tid. Det har så langt vore få klager frå påtalemakta. Informasjon om tilsynsutvalet er lagt ut på nettsida til domstolsadministrasjonen, der også avgjerdene til utvalet er samla. 8. Tilsynsrådet for advokatverksemd Etter påtaleinstruksen § 5-5 første ledd skal politiet straks informere den aktuelle offentlege styresmakta dersom ein person blir sikta for ei straffbar handling som kan få konsekvensar for løyvet. For advokatar vil dette seie at ein skal gi melding til tilsynsrådet for advokatverksemd. Etter forslag frå tilsynsrådet kan advokatløyvenemnda gjere vedtak om suspensjon som følgje av sikting i straffesak, jf. domstollova § 230 fjerde ledd. Nemnda kan også kalle tilbake eit advokatløyve dersom advokaten gjer seg skuldig i forhold som gjer han eller henne uskikka eller uverdig til å drive advokatverksemd, eller som gjer at personen mistar den tilliten som er nødvendig i yrket. Arbeidet og myndet til tilsynsrådet og advokatløyvenemnda er forankra i domstollova og i advokatforskrifta. Tilbakemeldinga frå tilsynsrådet er at politiet på tilfredsstillande måte følgjer informasjonsplikta etter påtaleinstruksen, men ifølgje rådet varierer praksisen til påtalemakta når det gjeld påstand om tap av rett til å praktisere som advokat, jf. straffelova § 29. Også praksisen i tingrettane skal vere noko ulik. Etter eit møte mellom tilsynsrådet og Riksadvokaten er det einigheit om at desse sakene frå no av skal avgjerast i det administrative sporet, dvs. at advokatløyvenemnda tek hand om spørsmålet om eventuell suspensjon og tilbakekalling av løyve. Dette vil seie at ein skal følgje desse rutinane: Tilsynsrådet skal, som før, få meldingar etter § 5-5 i påtaleinstruksen. Påtalemakta skal dermed sende rådet: 11 o o o o o kopi av sikting kopi av førelegg / vedteke førelegg kopi av eventuelt tiltalevedtak kopi av dom i straffesaka kopi av rettskraftig dom, eventuelt anke Tilsynsrådet gir rask tilbakemelding om at meldinga er motteken, og informerer påtalemakta når ein har avgjort spørsmålet om kva straffesaka får å seie for løyvet. Påtalemakta skal frå no av ikkje leggje ned påstand om tap av rett til å praktisere som advokat i straffesaker mot advokatar. Retningslinjene er sette opp i eit eige brev frå Riksadvokaten av 19. juni d.å. til statsadvokatane og politimeistrane. 9. Handsaming av narkotikasaker – ventetid for analysar frå Kripos Lang sakshandsamingstid ved Kripos for analysar av narkotikabeslag har vore eit gjentakande problem i fleire år. Problemstillinga vart igjen teken opp med sjefen for Kripos hausten 2007. Det viste seg at i mange saker tok analysen meir enn seks månader. Så lang handsamingstid er ikkje akseptabelt når ein i politiet elles jobbar målretta og effektivt for å korte ned sakshandsamingstida. Kripos har sett i verk fleire tiltak for å kome à jour, og Riksadvokaten ventar på ein oppdatert rapport om situasjonen. Dersom resultata ikkje blir betra i løpet av kort tid, må Riksadvokaten vurdere å gi endra direktiv for når ein kan unnlate analyse av narkotikabeslag. Kripos har opplyst at feilaktige opplysningar frå politiet av om beslag skal analyserast eller destruerast, belastar analysekapasiteten unødig. Ein skjerpa kontroll ved laboratorieavdelinga om førespurnaden faktisk gjeld analyse, tek både tid og ressursar frå analysearbeidet. Statsadvokatane bør rette merksemd mot dette spørsmålet når dei fører tilsyn med straffesakshandsaminga i politidistrikta. 10. Nyare retningslinjer om narkotika Riksadvokaten har det siste året justert narkotikarundskrivet (rundskriv nr. 1/1998) på nokre punkt. Destruksjon av kat Det følgjer av rundskriv nr. 1/1989 og rundskriv nr. 1/1998 pkt. IV at alle narkotikabeslag skal sendast til Kripos for registrering og destruksjon. For kat gjeld det likevel ikkje lenger ei absolutt innsendingsplikt. Nye retningslinjer er gitte i brevet frå Riksadvokaten av 27. september 2007. Dersom politidistriktet (personell godkjent av politimeisteren) klart kan identifisere beslaget som kat, kan dei unnlate å sende det inn til Kripos. Beslaget skal vegast i politidistriktet, og ein skal rapportere nettovekta til Kripos. Er politiet i tvil om identifiseringa, eller dersom det av andre grunnar er tenleg, kan dei sende ei representativ prøve av beslaget til Kripos. Nærare retningslinjer for korleis politiet skal handsame beslaglagd kat, er gitte av Kripos i brev av 18. oktober 2007. Bakgrunnen for endringa er dels at det generelt ikkje er bevisproblem verken når det gjeld identifisering av kat eller storleik på beslag, dels hygieneproblem ved lagring av stoffet, dels at ressursbruken ved Kripos blir unødig stor om ein sender inn heile beslaget. 12 Metamfetamin – påtalepraksis Riksadvokaten har i brev av 19. november 2007 avgjort at påtalemakta generelt bør sjå på metamfetamin på same måten som amfetamin når det gjeld kva for ledd i straffelova § 162 tiltalen skal gjelde. Bakgrunnen er først og fremst at det er vanskeleg å påvise sikre, vesentlege skilnader mellom kor farleg illegal amfetamin og illegal metamfetamin er gjennom samanlikning av rusdosar, inntaksmåte, gjennomsnittleg styrkegrad, verknad som skaper avhengnad etc. Vidare ser det ut til at rusverknaden er om lag den same for begge stoffa, og brukarane synest å ha vanskeleg for å skilje mellom dei. Når stoffa er så like, tilseier rettstekniske omsyn at dei bør bli handsama likt ved subsumsjonen. Innføring av narkotika – bøtelegging av utlendingar – kompetansen til politiet Det følgjer av narkotikarundskrivet frå Riksadvokaten at tilgangen til å skrive ut førelegg berre gjeld ved erverv og oppbevaring til eigen bruk. Utgangspunktet ved sal og innføring er fengselsstraff, men praktiske omsyn kan likevel grunngi bruk av førelegg for innføring når lovbrotet er gjort av ein utlending som også blir vist bort eller vist ut frå riket. I brev av 20. desember 2007 har Riksadvokaten gjort greie for at politijuristar med utvida påtalekompetanse etter straffeprosesslova § 67 tredje ledd sjølve kan ta stilling til om det skal skrivast ut førelegg mot utlendingar i slike situasjonar utan å leggje saka fram for statsadvokaten. Hasjplantasjar Politidirektoratet har – etter drøfting med Riksadvokaten – i brev av 13. mars 2008 lagt til grunn at rundskriv G 74/99 frå Justisdepartementet (instruks for handsaming av narkotika, doping- og legemiddel) ikkje omfattar hasjplanter. Dette gjer til at Kripos kan destruere plantene etter nødvendig bevissikring. 11. Oppfølging av rapporten om valdtekt frå arbeidsgruppa hos Riksadvokaten Arbeidsgruppa, som vart leidd av statsadvokat Bjørn Soknes, leverte som kjent rapporten sin 15. mars 2007. Riksadvokaten gav i brev av 19. februar 2008 pålegg om at alle politimeistrar skulle gå gjennom rutinane i politidistriktet og sørgje for at dei er optimale allereie frå første melding om valdtekt kjem inn til distriktet. Statsadvokatane skal ved inspeksjonar eller på annan måte kontrollere at dette pålegget er oppfylt, og dei skal vurdere instruksane og rutineskildringane i politidistrikta, og gi tilbakemelding til politimeistrane. I same brevet er det vidare gitt tilrådingar om at: Politidistrikta og statsadvokatembeta bør etablere system som sikrar at valdtektssaker der det er vanskeleg med bevis, blir gåtte gjennom og vurderte av fleire enn den politijuristen eller statsadvokaten som er ansvarleg for saka, før det blir teke påtaleavgjerd eller gitt innstilling til statsadvokaten eller Riksadvokaten. Det skal likevel alltid vere éin som er ansvarleg for avgjerda. Praksisen til statsadvokatane med å halde saksførebuande møte med politiet (til dømes taktisk eller teknisk etterforskar, politijurist eller påtaleengasjert sakkunnig) i forkant av hovudforhandling i kompliserte valdtektssaker bør halde fram og bli utvida om nødvendig. Aktor vil dermed få avklart eventuelle spørsmål om etterforskinga og elles få nyttig informasjon som bakgrunn for opplegg i retten, bevispresentasjonen m.m. 13 Statsadvokatane bør ha jamleg kontakt med bistandsadvokat før hovudforhandlinga i valdtektssaker for å avklare spørsmål om rolla/oppførselen til den fornærma under saka, prosessuelle spørsmål som er vesentlege for den fornærma, framdrifta i saka, drøfting av erstatnings-/oppreisingsspørsmålet m.m. Riksadvokaten minner her om dei pålegga som allereie er gitte om haldningane og åtferda til politiet og påtalemakta overfor offer for kriminalitet, jf. seinast mål- og prioriteringsrundskriva for statsadvokatane og politiet i 2007. Statsadvokatane bør vere aktive i å føreslå saksførebuande møte med domstolen i krevjande og langvarige rettssaker der også forsvarar og bistandsadvokat er til stades. Avklaring av prosessuelle og praktiske spørsmål før hovudforhandlinga vil bidra til å avvikle sakene raskare. Riksadvokaten viser elles til direktiv i mål- og prioriteringsrundskriva for politiet og statsadvokatane, seinast i 2006. Ein bør ha som rutine å vurdere opptak med lyd og bilete av politiforklaringane frå den fornærma i valdtektssaker. Dersom ein ikkje kan etterspore den ønskte betringa i kvalitet med desse tilrådingane, vil det bli vurdert å setje dei ned som pålegg. Kripos har fått i oppdrag å utarbeide ei nasjonal elektronisk dreiebok for etterforsking av valdtektssaker. Arbeidet var forventa ferdig i løpet av mai/juni 2008, men er utsett til ein har resultata frå ei arbeidsgruppe som reviderer dagens sporsikringspakke. Det er forventa at eit utkast til dreiebok blir presentert for Riksadvokaten seinast ved utgangen av året. Politidirektoratet og riksadvokaten vil i fellesskap arrangere eit seminar om bevisvurderingar og aktorering av saker om seksuallovbrot m.m., venteleg i første halvdel av 2009. Det skal også nemnast at Politidirektoratet i brev av 10. mars 2008 gav endra retningslinjer for koordinatorane for familievald og seksuelle overgrep. I dei største politidistrikta skal det opprettast eigne arbeidsgrupper for etterforsking av seksuelle overgrep og familievald. I dei andre distrikta skal ein vurdere behovet for slike arbeidsgrupper. I distrikt der det er etablert eigen koordinator for seksuelle overgrep, fører ein vidare denne funksjonen. Ansvarsområdet til familievaldkoordinatorane blir utvida til også å gjelde seksuelle overgrep i dei politidistrikta der ein ikkje har ein særskild koordinator for seksuelle overgrep. 12. Sakna-saker Media har frå tid til anna omtala saker der personar frå rusmiljø har forsvunne, jf. mellom anna oppslaget i Dagbladet hausten 2006 med overskrifta «Mange skjulte drap hvert år» og fleire innslag på fjernsyn i Noreg dei siste par åra. Det har blitt retta kritikk mot politiet og påtalemakta for sakshandtering som samsvarar dårleg med retningslinjene frå Riksadvokaten. Ein ikkje uvanleg situasjon er at ein person blir meld sakna, men at politiet på bakgrunn av kunnskap om at personen var rusavhengig og også har forsvunne tidlegare, ikkje set i verk etterforsking med ein gong. Det blir understreka at ein skal etterleve retningslinjene i rundskriv nr. 5/2004 frå Riksadvokaten («Saknetmeldinger – etterforsking») uavhengig av den sosiale statusen til den sakna. 13. Rømd oppdrettsfisk Arbeidsgruppa som skulle vurdere ulike sider – og føreslå tiltak – ved handsaming av politimeldingar om rømt oppdrettsfisk, har levert rapport, og det er henta inn synspunkt frå 14 statsadvokatembeta og frå politimeistrar som har erfaring med slike saker. Ein tek sikte på å gi nærare retningslinjer om korleis politiet og påtalemakta skal handtere denne sakstypen, men statsadvokatane må rette større merksemd mot slike saker i eigen region. Riksadvokaten viser også til pkt. 32 i referatet frå fjoråret. 14. Austeuropeiske mobile vinningskriminelle – sentralisert etterforsking Ei arbeidsgruppe som var sett ned av politidirektøren og Riksadvokaten, som skulle utarbeide forslag til korleis politi og påtalemakt betre kan motarbeide kriminelle mobile austeuropeiske grupper/nettverk som opererer i fleire politidistrikt, har levert rapport. I rapporten skildrar arbeidsgruppa situasjonen i dag, det blir gjort greie for utfordringane for politiet og påtalemakta, og det blir sett fram forslag til tiltak på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Rapporten er send til statsadvokatane. På grunnlag av eit møte mellom direktoratet og Riksadvokaten er arbeidet med å vidareutvikle nokre av forslaga allereie i gang. Det blir også i år gjenteke at statsadvokatane må vise større aktivitet når det skjer kriminalitet i fleire politidistrikt og det er behov for samordna innsats. Slik Riksadvokaten ser det, er det framleis grunnlag for fleire avgjerder om sentralisert etterforsking, jf. ei rekkje innskjerpingar over år. 15. Etterforsking av saker om alvorleg vald mot born Åstadsundersøkingar – samtykke som heimelsgrunnlag Etter eit fagseminar på Kripos i januar 2008 (etterforsking av saker om alvorleg mishandling / vald mot born) utarbeidde Riksadvokaten to notat om åstadsundersøking som vart sende til deltakarane. Desse notata kan ein få ved å vende seg til statsadvokat Bjørn Feyling. Problemstillinga i ein del av sakene om vald mot born er at legeundersøking eller andre opplysningar nærast fastslår at eit barn har vorte utsett for vald, men det er uklart kven som har utøvd valden. Eit viktig etterforskingsskritt er å undersøkje opphaldsstadene til barnet før skadane oppstod, til dømes rom i bustadene til begge foreldra (dersom dei ikkje bur saman), hos dagmamma og i barnehage eller skule. Ofte vil ein kunne gjennomføre ordinær ransaking, men dersom det ikkje er skilleg grunn til å mistenkje ein bestemt person, og det er fleire moglege åstader innomhus utan at nokon av dei peikar seg ut slik at vilkåret i § 192 andre ledd nr. 3 er oppfylt, reiser det seg enkelte rettslege spørsmål. I notata konkluderer Riksadvokaten slik: Så sant etterforskinga skjer på saksnivå (ho er ikkje retta mot ein enkeltperson eller eit avgrensa tal identifiserte personar, jf. Riksadvokatens rundskriv nr. 3/1999 pkt. III, 2), bør politiet kunne hente inn samtykke til å gjere åstadsundersøkingar. Eit samtykke gjer i slike situasjonar at undersøkingane ikkje står fram som eit tvangsmiddel, og dei utløyser heller ikkje siktastatus for nokon. Vurderer politiet å nytte samtykke som grunnlag for å undersøkje ein bustad, eit opphaldsrom e.l. i samband med ei sak om barnemishandling, skal ein vere merksam på dette: 15 – Den som disponerer den aktuelle staden, skal bli orientert om at det er frivillig å gi samtykke til undersøkinga. Det bør gå fram av saksdokumenta at slik orientering er gitt. – Den som disponerer staden der ein skal gjere undersøkinga, må i tilfelle gi skriftleg samtykke med datering og signatur. – Å nekte å gi samtykke kan ikkje åleine etablere skilleg grunn til mistanke. «Dødsstadsundersøkingar» Regjeringa skreiv i handlingsplanen mot vald i nære relasjonar 2008–2011 («Vendepunkt») at for å styrkje rettstryggleiken til born i alderen 0–3 år som døyr plutseleg og uventa, skal ein få eit obligatorisk tilbod om dødsstadsundersøking i regi av helsetenesta. Hovudføremålet er å fastsetje dødsårsak og å hente inn kunnskap med førebygging som mål. Dersom dødsfallet kan kome av ei straffbar handling, skal ein gi melding til politiet. For å kunne setje i verk tiltaket er det nødvendig å endre forskrift om melding av unaturlig dødsfall. Helse- og omsorgsdepartementet er ansvarleg for å gjennomføre tiltaket i «helsesporet». Høyringsbrevet om framlegg til endringar i meldeplikta er motteke og sendt vidare til statsadvokatembeta. Fristen for fråsegn er 1. september 2008. Etter at helsestyresmaktene har organisert tilbodet, vil Riksadvokaten kome tilbake til kva instruksar ein skal gi om arbeidet til politiet og påtalemakta med denne typen dødsfall. Påtalemakta har erfaring med slik koordinering frå andre saksområde, jf. mellom anna brevet frå Riksadvokaten av 15. august 2005 om «Etterforsking av veitrafikkulykker og forholdet til Statens havarikommisjon for transport». Synet til Riksadvokaten på å etablere dødsstadsundersøkingar er teke inn som særmerknad i rapporten «Dødsstedsundersøkelser ved plutselig uventet barnedød – vurdering av forslag fra Barnedødsårsaksprosjektet» frå Sosial- og helsedirektoratet. Ein kan laste ned rapporten frå nettsida til direktoratet (rapport IS-1415). Etterforsking og påtalehandsaming Gjennom handsaming av enkeltsaker har Riksadvokaten inntrykk av at mishandling og vald mot born – særleg dei minste – ikkje alltid får den prioriteten og merksemda som alvoret tilseier. Dette gjeld både ved etterforsking og påtalehandsaming. Likevel skal det seiast at utviklinga synest å gå i rett retning. Mangelfulle meldingsrutinar mellom sjukehus, barnevern og politiet gjer at etterforskinga i ein del tilfelle kjem for seint i gang. Det er døme på at ein har oversett viktige etterforskingsskritt i initialfasen, og at mandata til dei medisinsk sakkunnige er upresise og ikkje gjennomtenkte nok. Det er heller ikkje uvanleg med uvisse når det gjeld korleis ein skal nærme seg dei potensielt mistenkte. Dette synest å vere uttrykk for kompleksiteten i sakene og den ømfintlege karakteren deira, og ikkje manglande vilje eller evne. For å løfte fram dette (heldigvis avgrensa) saksfeltet, samarbeider Riksadvokaten med Politidirektoratet og Kripos om eit opplærings- og bevisstgjeringsprogram, i første rekkje retta mot etterforskarar i politidistrikta. Til no er det gjennomført ein kartleggingskonferanse og to interne seminar. Eit nytt seminar (om medisinsk sakkunne) er planlagt seinhausten 2008. Kunnskapane og erfaringane som blir samla inn, skal danne grunnlag for arbeidet vidare, til dømes i form av sentrale retningslinjer, ein praktisk etterforskingsrettleiar eller liknande. Riksadvokaten minner om at Kripos har opparbeidd brei ekspertise på området, og at ein allereie ved dei innleiande undersøkingane bør vurdere å be om støtte derifrå. På påtalestadiet må 16 statsadvokaten gjere ei særleg grundig vurdering av etterforskingsmaterialet og m.a. forsikre seg om at alle sider av saka er opplyste, og at spora er «lukka» så langt det er mogleg. Det vil jamleg vere nødvendig at høgt kvalifiserte medisinsk sakkunnige uttalar seg, og ikkje sjeldan nødvendig med tilleggsfråsegner. Riksadvokaten føreset at statsadvokaten i kontakten med politiet, på regionale påtalemøte, ved inspeksjon, tilsyn eller i andre samanhengar, omtalar saker om vald mot barn og understrekar kravet om effektiv og grundig etterforsking overfor politimeistrane og gjerne held seg orientert om arbeidet i dei aktuelle sakene. 16. Inndraging Etterforsking og påtaleavgjerder Riksadvokaten minner om at det er viktig å auke inndraginga, jf. m.a. mål og prioriteringsrundskrivet for politiet og statsadvokatane for 2008, høvesvis punkt III,5 og III,4 med vidare tilvisingar. Etterforsking med sikte på inndraging må bli sett i verk tidleg, og Riksadvokaten minner om at finansiell etterforsking, i tillegg til å danne grunnlag for inndraging, ikkje sjeldan også kan gi bevis som er svært viktige for skuldspørsmålet. Arbeidsgruppe På oppdrag frå Justisdepartementet og etter konsultasjonar med Riksadvokaten har Politidirektoratet sett ned ei arbeidsgruppe som m.a. skal fremje forslag til tiltak for å oppnå meir effektiv inndraging av utbyte i straffesaker. Statsadvokat Per Egil Volledal er med i arbeidsgruppa, og spesialrådgivar Hans-Petter Jahre er kontaktperson ved riksadvokatembetet. Forslag frå statsadvokaten forslag om inndragingspåstand ved innsending av saker til Riksadvokaten Når ein sender inn saker der tiltalespørsmålet høyrer under Riksadvokaten, skal statsadvokaten også uttale seg om inndragingsspørsmålet. Ein skal spesifisere kva føresegner om inndraging ein meiner bør kome til bruk, og kva gjenstandar eller verdiar ein føreslår å dra inn. 17. Økokrim-eininga for finansiell etterretning (EFE) Eininga har gjennom verksemda si samla ei vesentleg mengd informasjon og er no i ferd med å få på plass eit moderne og tenleg datasystem. Politiet og påtalemakta må gjere seg betre nytte av denne informasjonskjelda, og statsadvokatane bør på ein tenleg måte sjå til at politiet vurderer grundig om dei bør opne etterforsking i saker der EFE sender over informasjon om moglege straffbare forhold. 18. Politimelding av spesialeininga Riksadvokaten har avgjort at politimeldingar av personell ved spesialeininga (tilsette og personar på verv) for straffbare handlingar som er gjorde i tenesta eller ved utøving av vervet, skal handsamast av statsadvokaten i regionen (som også avgjer kvar ein eventuelt skal etterforske forholdet). Vedtaket til statsadvokaten kan klagast inn til Riksadvokaten. Politimeldingar som blir leverte inn parallelt med klager over påtaleavgjerda til spesialeininga, blir handsama av Riksadvokaten. 17 19. Opplysningar om nye straffbare forhold i prøvetida Når ein sender inn saker til Riksadvokaten, skal ein opplyse om den sikta har gjort nye straffbare handlingar i prøvetida for dom på vilkår eller under prøvelauslating, og kopi av aktuelle dommar skal liggje ved (dok. 0). Riksadvokaten ber vidare om at statsadvokatane i oversendingspåskrifta (framleis) viser til dei relevante føresegnene i straffelova eller straffegjennomføringslova. 20. Lyd- og biletopptak av politiforklaringar er ein del av saksdokumenta Opptak av politiforklaringar skal handsamast som andre saksdokument, jf. retningslinjer frå Riksadvokaten av 25. april 2007. Dette vil m.a. seie at opptaket skal følgje saka når ein sender henne inn til statsadvokaten og Riksadvokaten. 21. Notat til Riksadvokaten I alvorlege straffesaker av ein viss storleik – særleg narkotikasaker med eit komplisert bevistilbod – forventar Riksadvokaten eit notat frå statsadvokaten (eventuelt kommentarar frå statsadvokaten til notatet frå politiet) der det blir gjort greie for dei sentrale bevisa i saka. Dersom det ikkje kjem eit slikt notat, vil Riksadvokaten vurdere å returnere saka og be om at det blir utarbeidd. Notatet bør innehalde ei oversiktleg framstilling (med tilvisingar) av faktum og dei bevisa statsadvokaten byggjer på i vurderinga av saka. Notatet bør – i tillegg til å vere ein rettleiar inn i saka for Riksadvokaten og å gi nok informasjon til å forstå vurderingane til statsadvokaten – kunne vere til stor nytte for statsadvokaten ved seinare handsaming av saka, til dømes som grunnlag for innleiingsføredraget. Det er forventa at ein i notatet kritisk vurderer dei sterke og eventuelt svake sidene ved saka. (Slike notat er interne og ikkje ein del av saksdokumenta.) 22. Øko-seminar for statsadvokatane Riksadvokaten arrangerer 25.–26. november i år, saman med Økokrim, seminar om handsaming av økonomiske straffesaker for statsadvokatane. Føremålet er å heve kompetansen til statsadvokatane på området, jf. m.a. handlingsplanen frå regjeringa mot økonomisk kriminalitet (2004–2007) og føreslåtte tiltak i sluttrapporten frå embetsmannsutvalet mot økonomisk kriminalitet (EMØK). Det vil m.a. bli undervist i emne knytt til skattelovbrot, korrupsjon, konkurskriminalitet og finansiell etterforsking. Seminaret vil rette seg mot sakshandteringa og fagleiarrolla til statsadvokaten, og Riksadvokaten forventar at alle statsadvokatembeta er representerte. 23. Ny offentleglov Datoen for når lova blir sett i kraft, er utsett fordi det har teke tid å gjere ferdig forskriftene. Det er no forventa at ho trer i kraft «ein gong i løpet av hausten» i år, ifølgje nettsida til Justisdepartementet. Statsadvokatane må setje seg inn i den nye lova om forvaltninga og det offentlege (offentleglova). 24. Nådesaker – tilrådinga frå påtalemakta Dersom påtalemakta tilrår ein søknad om nåde, må ho gi ei grunngiving. Både for overordna påtalemakt og Justisdepartementet er det viktig med ei nærare utgreiing når ein vurderer om ein skal slutte seg til tilrådinga. 25. Innkalling til soning og utsetjingar av soning Kompetansen til å kalle inn til soning og handsame søknader om utsett soning vil bli overførte til kriminalomsorga, jf. lov 20. juni 2008 nr. 47. Førearbeida er Ot. prp. nr. 34 (2007-2008) og Innst. O. nr. 52 (2007-2008). Det er ikkje avgjort når lovendringa trer i kraft. 18 26. Domfelte som ikkje møter til soning – handsamingsansvar Det har vorte noko uklart kva politidistrikt som har ansvar for å etterforske og påtalehandsame saker om unnlate oppmøte til soning. Riksadvokaten oppsummerte i brev av 26. mai d.å. dei synspunkta som er komne fram etter høyring hos politimeistrane og statsadvokatane og gav i medhald av straffeprosesslova § 59 andre ledd desse retningslinjene: 1. Saker om unnlate oppmøte til soning, jf. straffegjennomføringslova § 40 sjuande ledd, skal som hovudregel etterforskast og påtaleavgjerast i det politidistriktet der den domfelte skulle ha møtt til soning. 2. Har den domfelte pådrege seg andre nye straffbare forhold etter domfellinga, eller andre grunnar gjer det tenleg, kan saka likevel bli handsama i eit anna politidistrikt. Avgjerda om dette blir gjord på ordinær måte i linja, dersom dei respektive politimeistrane ikkje blir einige. 27. Gjenteken strafforfølging («dobbeltstraff») Riksadvokaten minner om at sjuande tilleggsprotokoll til Den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 4 (P7-4) stiller opp fleire kumulative vilkår som alle må vere oppfylte for at ein skal kunne avvise ei sak. (Saka må dreie seg om straff, dei to føresegnene må dekkje dei same faktiske forholda rettsleg og faktisk, den første saka må vere endeleg avgjord («parallellforfølging» er tillate), avgjerdene må gjelde det same rettssubjektet og vere avgjorde i rettssystemet til det same landet.) I 2007 kom EMD med fire avgjerder der domstolen omformulerte kriteria for kva som er å sjå som «straff» etter P7-4. Desse kriteria er snevrare enn kriteria som gjeld etter EMK artikkel 6, og tidlegare avgjerder om straffeomgrepet er ikkje nødvendigvis avgjerande når ein handsamar nye saker, noko statsadvokatane må merke seg. 28. Vegtrafikkbrot Dødsulukker Meir om dette finn ein i referatet frå statsadvokatmøtet 2007 pkt. 30. Det straffbare i straffelova § 239 er oppgitt slik: «forvolder en annens død». Ordlyden er så vid at han etter omstenda også omfattar ein eigar som overlèt bilen til ein person som på grunn av rus openbert er uskikka til å køyre, og som blir årsak til ei dødsulukke. Veit ein ikkje om eigaren sjølv har køyrt, kan ein nemne begge alternativa i gjerningsskildringa i tiltalen, sidan det dreiar seg om strafferettsleg likestilte handlemåtar. Riksadvokaten har vidare lagt til grunn at ein bilbrukstjuv har rådvelde over bilen «på eierens vegne» etter vegtrafikklova § 17 andre ledd, jf. Rt. 1994, side 1414, og at to bilbrukstjuvar derfor også i medhald av straffelova § 239 er ansvarlege for køyringa til kvarandre på same måten som sameigarar ville ha vore. Det har kome ei ny, viktig avgjerd frå Høgsterett om aktsemdsnorma i straffelova § 239 etter lovendringa i 2001, sjå orskurd 6. mai 2008 i sak HR-2008-807-A. Samfunnsstraff Om bruk av samfunnsstraff ved fartslovbrot viser Riksadvokaten til brevet av 19. oktober 2007 til statsadvokatane og politimeistrane. Dei direktiva som der er gitte om bruksområdet for samfunnsstraff i dei ulike fartssonene, byggjer på praksis frå Høgsterett. 19 Arbeidsgruppe vegtrafikk Riksadvokaten oppnemnde 19. juli 2007 ei arbeidsgruppe med mandat å vurdere om det er behov for eit nasjonalt påtaledirektiv i trafikksaker og eventuelt utarbeide utkast til eit slikt direktiv. Gruppa vart leidd av politimester Tormod Bakke og leverte rapport til Riksadvokaten 8. mai 2008. Rapporten er send på høyring med høyringsfrist 15. august 2008. Riksadvokaten vil deretter ta stilling til om ein skal gi eit nasjonalt påtaledirektiv, og kva dette i tilfelle skal gå ut på. 29. Tilståingsrabatt Riksadvokaten viser til rundskriv nr. 3/2007 og publikasjon nr. 2/2007 Strafferabatt ved tilståelse. Etter at publikasjonen og rundskrivet blei gitte ut, har det kome fleire avgjerder frå Høgsterett. Dei viktigaste er Rt. 2007, side 1056 (NOKAS) og Rt. 2007, side 1677 (Finance Credit). Ein kan også vise til Rt. 2007, side 1043 (underslag) der påtalemakta vart kritisert for ikkje på eit vesentleg tidlegare tidspunkt å ha teke opp med forsvararen spørsmålet om tilståingsdom på grunnlag av erkjent beløp. Dei nye avgjerdene frå Høgsterett fører ikkje til endringar i dei direktiva som vart gitte i rundskrivet. Tvert om synest avgjerdene å stadfeste framstillinga herifrå om kva moment som er relevante, og kva vekt ein bør leggje på dei. Den tabellariske oversikta over avgjerder i Høgsterett sidan lovendringa tredde i kraft i 2001 som låg ved publikasjon 2/2007, er no ajourført og blir lagd ut på intranettet. Som oppfølging av direktiva i rundskrivet har Riksadvokaten i brev av 21. februar d.å. til rådet for elektronisk straffesakshandsaming i politiet og Den høgre påtalemakta (RESP) utarbeidd forslag til endringar i avhøyrsmalar og mal for førelegg, utarbeidd standardinformasjon til mistenkte og fornærma om ordninga, og utarbeidd utkast til malar for tilsegn til den sikta om straffepåstand (jf. rundskrivet pkt. 8 og 9). Av tekniske/praktiske grunnar er det likevel berre malane for tilsegner om straffepåstand som kjem med ved endringa av BL i mai/juni 2008. Riksadvokaten har derfor i brev av 10. juni 2008 sendt malane m.m. til statsadvokatane og politimeistrane. Materialet er også lagt ut på intranettet. 30. Nye reglar om fornærma og etterlatne Dei nye føresegnene tredde i kraft 1. juli d.å. Ei instruktiv oversikt over dei nye reglane er gitt i brev frå Justisdepartementet av 16. april d.å., som er sendt over til statsadvokatane og politiet i brev av 23. mai d.å. frå Riksadvokaten. Det nye regelverket gir til dels vesentlege endringar for politiet og påtalemakta, og det må følgjast godt opp av statsadvokatane, både ved generell instruksjon og rettleiing til politiet og ved handsaminga av enkeltsaker. 31. Påstand om å føre vidare særreaksjon – straffelova § 39 b Etter straffelova § 39 b siste ledd andre punktum skal påtalemakta seinast tre år etter siste rettskraftige dom «enten beslutte opphør av reaksjonen eller bringe saken inn for tingretten, som avgjør om reaksjonen skal opprettholdes.» Kompetansespørsmåla er omtalte i særreaksjonsrundskrivet frå Riksadvokaten (nr. 4/2001 punkt VII,4). I rundskrivet er det slått fast at statsadvokatane gjer vedtak om bortfall av særreaksjonane for utilreknelege, også der tiltalekompetansen høyrer under Riksadvokaten. Handsamingsmåten der statsadvokaten ikkje avgjer bortfall er ikkje uttrykkeleg oppgitt. Gode grunnar talar for at Riksadvokaten avgjer om ein skal krevje vidareføring av reaksjonen utover treårsperioden i saker der det er teke ut tiltale her. Statsadvokatane vart derfor i brev av 13. februar d.å. bedne om å sende inn slike saker til Riksadvokaten med tilråding. For ordens skuld 20 vart det presisert i brevet at dette er ein intern saksbehandlingsinstruks, og at det neppe vil bli sett på som ein prosessuell feil dersom ein unnlèt å sende inn saka. 32. Kravsmål om prøvelauslating frå forvaring – krav om rask handsaming Som følgje av ei konkret sak minner Riksadvokaten om at kravsmål om prøvelauslating frå forvaringsdom skal handsamast raskt. Det følgjer direkte av straffelova § 39 f tredje ledd at handsaminga av ei sak om prøvelauslating skal påskundast, og det er framheva av både særreaksjonsutvalet og departementet at denne føresegna er viktig. I NOU 1990:5, side 119 i andre spalte heiter det: «For statsadvokatene medfører regelen at disse sakene må fremmes umiddelbart og foran de fleste andre saker». Departementet framhevar i Ot.prp. nr. 87 (1993–1994), side 110 at «Kravet om å prioritere slike saker retter seg mot både påtalemyndigheten og domstolen.» Sjå også EMK art. 5 nr. 4, der det er slått fast at alle som har fått fridomstap, skal ha «rett til å anlegge sak slik at lovligheten av frihetsberøvelsen raskt skal bli avgjort av en domstol [...]» Riksadvokaten har også understreka at slike saker skal handsamast raskt av påtalemakta, sjå rundskriv nr. 4/2001 punkt VII,6. 33. Nye reglar om DNA-registrering Forslaga i NOU 2005: 19 Lov om DNA-register til bruk i strafferettspleien er følgde opp ved lov 18. januar 2008 nr. 3. Førearbeida er Ot.prp. nr. 19 (2006–2007) og Innst. O. nr. 23 (2007–2008). Riksadvokaten viser også til debatten i Stortinget 13. desember 2007. I tillegg til endringane som er knytte til identitets- og sporregisteret, vil det også bli etablert eit særskilt DNA-etterforskingsregister, sjå nærare i Ot.prp. nr. 42 (2007–2008) og Innst. O. nr. 54 (2007–2008). Departementet arbeider med endringar i påtaleinstruksen, og det er planlagt at reglane blir sette i verk frå 1. september d.å. Det vil truleg bli aktuelt for Riksadvokaten å fastsetje nærare retningslinjer om registrering og innsamling av spor. Endringane gir ei vesentleg utviding av tilgangen til DNA-registrering, og det er også tenkt at ein skal samle inn biologisk materiale frå fleire åstader enn før. Politiet vil til hausten måtte setje av vesentlege ressursar til dette arbeidet og det er viktig at statsadvokatane held seg orienterte. Særleg vil det vere viktig å rette merksemd mot kvalitetsaspektet i dette arbeidet, slik at ikkje det auka talet på prøver som er samla inn av ordinært politipersonell, fører til redusert tiltru til DNA som bevis. 34. Sikta som nektar å forklare seg Tendensen som er skildra i referatet frå statsadvokatmøtet 2005 punkt 20 (at stadig fleire mistenkte nektar, etter råd frå forsvararen sin, å gi forklaring til politiet) ser ut til å halde seg. Fengselsprest Harald Bekken skreiv ein tankevekkjande artikkel om temaet i TfS 2007, side 270 under tittelen «Til beste for klienten?» Riksadvokaten understrekar på nytt at politiet og påtalemakta sjølvsagt skal respektere retten den sikta har til å teie, og vernet mot sjølvinkriminering. Men dette vil ikkje seie at ein passivt må godta valet til den sikta. Det er ikkje tvil om at manglande forklaring kan vere eitt, av fleire, bevismoment. At dette er relevant for domstolane, går uttrykkeleg fram av straffeprosesslova § 93 andre ledd. Også påtalemakta kan ved bevisvurderinga ta omsyn til at ein mistenkt ikkje har gitt forklaring til 21 politiet trass i oppmodingar om dette, eventuelt at han først har gitt forklaring etter å ha sett forklaringa frå medsikta og vitne, og hatt tilgang til alle tekniske bevis. Ein god framgangsmåte kan vere at påtalemakta vender seg til forsvararen og gjer merksam på at det er ønskjeleg med forklaring frå den sikta før saka blir påtaleavgjord, gjerne med oppgiving av kva konkrete forhold ein særleg ønskjer å opplyse ved avhøyret. Blir dette avslått, kan det vere tenleg å dokumentere skriftvekslinga i retten, særleg dersom påtalemakta meiner den sikta i retten gir ei forklaring som er tilpassa dei andre bevisa. 35. Tidfesting i Høgsterett i samråd med aktor I brev av 24. januar 2003 orienterte Riksadvokaten om at justitiarius hadde avgjort at tidfesting skal vere gjort når sakene blir sende til Riksadvokaten for oppnemning av aktor. Tidfestinga blir med andre ord ikkje drøfta med påtalemakta til vanleg. Riksadvokaten understrekar likevel at dersom det er særleg behov for at ein bestemt aktor fører ei sak i Høgsterett, kan statsadvokaten oppgi når dokumenta blir sende inn til Riksadvokaten, at ho eller han gjerne vil bli oppnemnd som aktor dersom anken blir fremja. Riksadvokaten kan då gjere merksam på når dokumenta blir sende til Høgsterett, at dersom anken blir tillaten fremja, vil vedkomande bli oppnemnd og oppmode om at eventuell tidfesting blir gjord i samråd med aktor. 36. Metodekontrollutvalet Regjeringa oppnemnde 15. februar d.å. eit utval som skal «etterkontrollere metodebruken i politiet». Utvalet har eit omfattande mandat og skal vurdere spørsmål som er svært viktige for politiet og påtalemakta. Fristen deira for å gi innstilling er 1. juli 2009. Påtalemakta og politiet er representert i utvalet ved assisterande sjef for Økokrim, Trond Eirik Schea, politiinspektør i PST, Maria Collett Sælør, og politiførstebetjent ved Øst-Finnmark politidistrikt, Unni Irene Pedersen. Riksadvokaten har teke initiativ til ei intern gruppe til støtte for representantane frå påtalemakta og politiet, m.a. for å sikre innspel til utvalet om bruk av metodane i praksis og kva utfordringar regelverket i dag gir. 37. Prøving i Høgsterett av om saka har vorte fullstendig opplyst – straffeprosesslova § 292 Førstestatsadvokat Qvigstad orienterte om bevisføringsproblem for Høgsterett der straffeprosesslova § 294 (rettsansvaret for at saka er fullt opplyst) er gjord til ankegrunn. Ei prøving av dette krev i utgangspunktet at Høgsterett kjenner innhaldet i heile bevisføringa for lagmannsretten, sidan spørsmålet er om det er gjort saksbehandlingsfeil, og om feilen i tilfelle har fått noko å seie, jf. § 343 første ledd. Ein slik fullstendig bevispresentasjon vil vere vanskeleg utan omfattande bevisopptak som kan gi store forseinkingar i sakshandsaminga, med mindre ein aksepterer at det blir lagt fram politidokument. Det vart understreka at ein ikkje utan vidare bør godta bevisopplegget til forsvararen slik dette kjem fram gjennom det faktiske utdraget. Dersom problemstillinga blir aktuell, bør ein kontakte førstestatsadvokat Qvigstad for nærare drøfting. 38. Ankar Ansvaret til statsadvokaten blir understreka og skjerpa inn når det gjeld å klargjere kva anken til den domfelte gjeld, dersom dette er uklart. 22 Ønskjer forsvararen å grunngi ein anke nærare, skal ein setje ein kort frist for å sende inn støtteskriv før saka blir send vidare. Ved ankar til Høgsterett bør forsvararen normalt vere gjenpartsadressat for påskrifta frå statsadvokaten til Riksadvokaten. I straffeprosesslova § 323 første ledd andre punktum står det som kjent: «Samtykke skal bare gis når anken gjelder spørsmål som har betydning utenfor den foreliggende sak, eller det av andre grunner er særlig viktig å få saken prøvd i Høyesterett.» Generelt argumenterer statsadvokatane i for liten grad for at vilkåra i lova er oppfylte. Den konkrete grunngivinga – det er ikkje nok å berre vise til føresegna – skal anten kome fram i anken eller i oversendingspåskrifta til Riksadvokaten. Ved anke av skuldspørsmålet i saker der Riksadvokaten berre har avgjort enkelte tiltalepostar, er det statsadvokaten som har ankerett, med dei fristane det fører med seg for andre forhold. Riksadvokaten vil, truleg i løpet av hausten 2008, gi ut eit rundskriv om tiltale- og ankekompetansen i påtalemakta. 39. Gjenopning Aktivitetsplikta til statsadvokatane blir understreka og skjerpa inn for tilfelle med rettkomen mistanke om at personar som har vedteke førelegg eller er domfelte til straff, var utilreknelege. Slike saker skal ikkje sendast til Justisdepartementet med tilråding om nåde. Vedtekne førelegg kan opphevast i medhald av straffeprosesslova § 258. Dei andre sakene må handsamast slik at det er mogleg å ta stilling til om påtalemakta (Riksadvokaten) skal krevje gjenopning. Aktivitetsplikta omfattar alle rettskraftige avgjerder i den perioden det er mistanke om at vedkomande har vore / er utilrekneleg. 40. Neste møte Statsadvokatmøtet i 2009 vil finne stad 26.–28. mai i Oslo-regionen med Det nasjonale statsadvokatembetet som teknisk arrangør. Det blir understreka det er ei tenesteplikt å vere til stades på møtet, og statsadvokatane er forventa å tilpasse andre gjeremål til dette. Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane statsadvokatembete er arrangør for møtet i 2010. Oppsummeringa vil bli lagd ut på intranettet. Med ønske om god sommar til alle, vennleg helsing Tor-Aksel Busch Kjerstin A. Kvande førstestatsadvokat Vedlegg 23 RIKSADVOKATEN Statsadvokatane REF.: VÅR REF.: DATO: Ra 09-176 TAB/jaa 810.2 10.07.09 Statsadvokatmøtet 2009 – oppsummering Takk for sist og for aktiv og konstruktiv deltaking under årets statsadvokatmøte. Tradisjonen tru er det også i år utarbeidd ei oppsummering frå møtet. Her gir Riksadvokaten pålegg som statsadvokatane skal følgje opp og i nødvendig grad sørgje for at blir gjorde kjende for politimeistrane, påtalejuristane og andre relevante personar i regionen. Det er embetsleiaren som har ansvar for dette. Alle statsadvokatar skal få kopi av referatet, og ved høve bør ein drøfte innhaldet i plenum ved embeta. Oppsummeringa vil bli lagd ut på intranettet og nettsida til Riksadvokaten. 1. Nytt straffenivå – fråsegner i førearbeida til straffelova 2005 Førearbeida til straffelova er viktige rettskjelder, også før heile lova har tredd i kraft. Dei synspunkta som vart formidla under statsadvokatmøtet, er skrivne ned i instruks til statsadvokatane 30. mars d.å., gjentekne og utdjupa i brev herifrå av 18. juni 2009. Statsadvokatane må halde seg orienterte om utviklinga av dette spørsmålet i Høgsterett. 2. Straffelova § 239 Riksadvokaten viser til pkt. 28 i referat frå statsadvokatmøtet i 2008. Saka som der er omtala om dei to bilbrukstjuvane, er dømd i lagmannsretten i tråd med tiltalen (Borgarting lagmannsrett 18. februar 2009) og det er berre anken frå dei domfelte over straffutmålinga som er tillaten fremja for Høgsterett. Viktige avgjerder om rekkjevidda av straffelova § 239 er tekne inn i Rt. 2008, side 620 og 1258, og Rt. 2009, side 299. Straffelova 2005 fører vidare skuldkravet i § 239, sjå § 281 om aktlaus valding av død. Dersom ein av føraren sine næraste døyr som følgje av aktlaus køyring, har både departementet og fleirtalet i Stortinget (sjå m.a. Innst. O. nr. 73 (2008–2009), side 43) gitt uttrykk for at påtalemakta bør vurdere påtaleunnlating. Dette blir sett i verk med ein gong der ektefelle, foreldre, born eller barneborn døyr, sjølv om § 281 ikkje er sett i kraft. Er aktløysa grov, er påtaleunnlating likevel ikkje eit alternativ. 24 3. Ankar frå påtalemakta til Høgsterett Det vart her gitt påminningar som er i samsvar med pkt. 38 i referatet for 2008. Dersom retten har omsubsumert eit forhold der statsadvokaten har tiltalekompetanse, t.d. straffelova § 162 andre ledd, til tredje ledd, som høyrer under kompetansen til Riksadvokaten (same forhold – straffeprosesslova § 38), skal ein sende dommen til Riksadvokaten til orientering. Ønskjer påtalemakta å anke, bør det skje før ankefristen for statsadvokaten. Ved anke vil Riksadvokaten normalt skrive ut ny tiltale etter den føresegna retten har domfelt for, sjølv om dette ikkje er påkravd. 4. Plenumsavgjerdene om juryordninga Det vart gjort nærare greie for ankeforhandlingane i Høgsterett og opplegget til aktor, jf. disposisjonen som vart delt ut under møtet. Ved viktige EMK-avgjerder kan det vere nødvendig å hente inn dei underliggjande rettsavgjerdene frå det aktuelle landet, og Eurojust er også i denne samanhengen ein veleigna kanal. 5. Grunngiving ved ankesiling – fråsegn frå påtalemakta I Rt. 2008, side 1764 (storkammer) kom Høgsterett som kjent til at det gjeld ei generell grunngivingsplikt «som skal sikre og vise at alle relevante punkter i anken er overveid» (avsnitt 96). Kravet til grunngiving «vil måtte variere betydelig alt etter karakteren av den enkelte sak» (avsnitt 106). For påtalemakta fører dette til at ein oftare enn før må gi merknader til anken frå den domfelte. Fråsegnene bør leggjast opp med tanke på å gi domstolen støtte ved utforminga av silingsavgjerda, jf. kravet om at grunngivinga frå retten skal vise at alle dei relevante punkta i anken er vurderte. Illustrerande for kva krav som er stilte, er grunngivingane frå Høgsteretts ankeutval når anken blir nekta fremja, etter frifinning i tingrett og domfelling i lagmannsrett, jf. m.a. Rt. 2009, side 316. Riksadvokaten viser elles til brevet av 23. desember 2008. 6. Gjenopning på grunn av manglande grunngiving Gjenopptakingskommisjonen legg opp til å avgjere nokre «pilotsaker» der det er kravd gjenopptaking fordi lagmannsretten har nekta å fremje anken til den domfelte utan at dette er grunngitt. Fleire av sakene er handsama av Økokrim, som i samråd med Riksadvokaten har utarbeidd eit utførleg tilsvar til ein av førespurnadene. Riksadvokaten har slutta seg til synspunkta til Økokrim og har i brev av 20. mai d.å. oppsummert hovudpunkta i synet til påtalemakta, jf. også brevet frå Riksadvokaten til statsadvokatane av same dato. Hovudpunkta i synet til påtalemakta er: Den dynamiske karakteren til menneskerettskonvensjonane (EMK og SP) og den rettsutviklinga som skjer gjennom praksisen til handhevingsorgana, har som nødvendig føresetnad at rettsendringane berre verkar framover. Slik dynamikk vil vere umogleg dersom rettsendrande avgjerder skulle føre med seg ei plikt for statane ikkje berre til å innrette framtidig praksis etter avgjerda, men også til å «reparere» avgjerder som for lengst er rettskraftige, og som var rekna å vere i tråd med konvensjonane då dei vart sagde. 25 Også andre tungtvegande omsyn talar mot å tillate gjenopning av silingsavgjerder som vart rettskraftige før storkammeravgjerdene i Høgsterett. Dei viktigaste er innrettingsomsynet, omsynet til effektivitet i rettssystemet og omsynet til respekt for rettskraftige avgjerder. Den domfelte har ikkje noko krav om gjenopning. Om ein skal tillate gjenopning, er avhengig av ei heilskapsvurdering, jf. at straffeprosesslova § 392 første ledd opnar for ei skjønsvurdering («kan»). Det sentrale vurderingstemaet er om det ville vere «støtende» om avgjerda vart ståande, jf. Rt. 2003, side 359 (plenum) avsnitt 62 og 63. Det skal mykje til før ein slik karakteristikk vil vere rettmessig. Det er viktig å understreke at rettsendringa gjeld kravet til grunngiving for avgjerder om å nekte ein anke fremja. Ein kan ikkje stille opp nokon presumpsjon for at manglande grunngiving vil seie at avgjerda innhaldsmessig er uriktig, og heller ikkje at anken ville fått medhald i ei ankeforhandling. Utgangspunktet må dermed vere at den domfelte ikkje materielt har vore utsett for ein urett sjølv om anken hans vart nekta fremja utan nærare grunngiving enn at lagmannsretten (tre lagdommarar) samrøystes har funne det klart at anken ikkje vil føre fram. Ein må også leggje vekt på at ankesilingsordninga er ønskt av lovgivaren. Ho er etablert ved lov etter at også forholdet til menneskerettane var vurdert, og ho har vore rekna for å samsvare med konvensjonane heilt fram til avgjerda til Menneskerettskomiteen i restauratørsaka endra dette. Slik Riksadvokaten ser det, følgjer det av plenumsorskurd i Høgsterett i Rt. 2003, side 359 (særleg avsnitt 93 og 101) at det generelt ikkje er grunnlag å gjenopne rettskraftige straffedommar som var sagde før rettsendringa skjedde i Høgsterett (dvs. før storkammeravgjerda 19. desember 2008). 7. DNA Meir om dette finn ein i referatet frå statsadvokatmøtet i 2008 punkt 33. «DNA-reforma» ser ut til å vere i god gjenge. Per 26. mai d.å. var det totalt registrert 19 561 DNA-profilar, som fordeler seg slik: Identitetsregisteret: Etterforskingsregisteret: Sporregisteret: 12 454 2 147 4960 Talet på spor i sporregisteret stig, og Kripos rapporterer om ein auke i identifisering av spor som er sikra frå åstader som er relaterte til vinningskriminalitet. Om lag halvparten av spora gir treff mot personar i DNA-registeret. Stortinget har avgjort at Rettsmedisinsk institutt skal stå for DNA-analysane i Noreg, jf. Ot. prp. nr. 19 (2006–2007), Innst. O. nr. 23 (2007–2008) og – særleg – debatten i Stortinget 13. desember 2007. Ein kan også vise til St. prp. nr. 1 (2007–2008), side 104 og føredraget til den kongelege resolusjonen til endringar i påtaleinstruksen av 8. august 2008 punkt 6.9. Behovet for såkalla «second opinion» skal ein dekkje ved eit fagmiljø ved Universitet i Tromsø. Påtalemakta bør derfor i utgangspunktet stille seg negativ til bruk av annan ekspertise. Dersom forsvararen likevel ønskjer alternativ sakkunne, bør haldninga til 26 påtalemakta vere som ved bruk av anna privat sakkunne: Ein må kunne krevje varsel i god tid før hovudforhandlinga, og ueinigheit om oppnemning bør avgjerast av retten. Blir det avgjort at den sakkunnige skal oppnemnast, bør retten fastsetje eit mandat etter at partane har uttala seg. Den skriftlege fråsegna frå den sakkunnige bør leggjast fram for Den rettsmedisinske kommisjonen. Profilar skal i utgangspunktet berre oppbevarast hos Kripos (handsamingsansvarleg) og den som gjer analysen, jf. påtaleinstruksen § 11a-11. Riksadvokaten minner elles om at dersom DNA-analysen kan vere viktig som bevis, skal påtalemakta sjå til at ei endeleg fråsegn frå Den rettsmedisinske kommisjonen er klar før hovudforhandlinga blir halden, og vanlegvis også før det blir teke avgjerd i påtalespørsmålet, jf. breva frå Riksadvokaten av 26. mai 2008 og 6. mars d.å. til statsadvokatane mfl. 8. Dobbeltstraff, tilleggsskatt – nye retningslinjer Riksadvokaten har tidlegare gitt retningslinjer om tilleggsskatt/tilleggsavgift og straff, jf. særleg brev av 28. juni 2002 og brev av 26. mars 2007 til statsadvokatane og politimeistrane. Det førstnemnde brevet kom som ei oppfølging av plenumsavgjerdene i Høgsterett av 3. mai 2002 (Rt. 2002, side 497, 509 og 557), og det sistnemnde kom etter plenumsorskurda i Høgsterett i Rt. 2006, side 1409. Nye avgjerder i EMD – først og fremst storkammerdom av 10. februar 2009 i sak Zolotukhin mot Russland – gjer til at det er nødvendig å endre retningslinjene for handsaming av saker der det er gitt ordinær tilleggsskatt. Dei tidlegare retningslinjene gjeld uforandra i saker der ein reagerer med forhøgd tilleggsskatt eller med tilleggsavgift etter meirverdiavgiftslova. I Zolotukhin gjer EMD ei prinsipiell drøfting av identitetsomgrepet i P7-4 (kva som er same forholdet) og omtolkar dette. Medan det tidlegare – som i norsk internrett – berre dreia seg om «same forholdet» når det var snakk om både faktisk og rettsleg identitet, er rettstilstanden etter Zolotukhin at faktisk identitet åleine er avgjerande. Dermed er situasjonen at også det å gi ordinær tilleggsskatt vil sperre for etterfølgjande straffesak. I brev av 3. april d.å. til statsadvokatane og politimeistrane har derfor Riksadvokaten etter drøfting med Skattedirektoratet fastsett nye rutinar for korleis påtalemakta skal handsame nye og verserande politimeldingar frå skatteetaten. Rutinen tredde i kraft straks. Det er ikkje aktuelt å gjenopne straffesaker som vart rettskraftige før EMD-dommen i Zolotukhin (10. februar 2009). Dommar som vart rettskraftige etter denne datoen kan ein reint unntaksvis gjenopne med heimel i straffeprosesslova § 392 andre ledd. Påtalemakta kan her overlate til den domfelte og forsvararen å vurdere om dei skal krevje gjenopning. 9. Tilståingsrabatt Eit av føremåla med tilståingsrabatt er å oppmuntre fleire lovbrytarar til å tilstå. Det er førebels usikkert om dette føremålet er oppnådd. Dersom ein ser på påtaleavgjerdene som blir førte for retten, dvs. tiltale (kode 42) og sikting med krav om tilståingsdom (kode 41), viser det seg at prosentdelen saker som er avgjorde med kode 41, er nokså konstant. Prosentdelen fall frå 42 % i 2001 (då endringa i straffelova § 59 andre ledd fann stad) til 35 % i 2003 og har deretter stabilisert seg i intervallet 37–39 %. Landsgjennomsnittet dekkjer 27 over til dels store geografiske skilnader. Til dømes var prosentdelen krav om tilståingsdom heile 66 % i Sør-Trøndelag politidistrikt i 2008. Statistikken gir elles neppe eit godt bilete av kva tilståingsrabatt reelt har å seie i den enkelte saka. Ved brev av 15. mai d.å. til statsadvokatane og politimeistrane har Riksadvokaten sett i verk ei evaluering av dei påtalerelaterte direktiva som er gitte om tilståingsrabatt, først og fremst i rundskriv nr. 3/2007. I fleire saker har det oppstått spørsmål om direktivet i rundskrivet pkt. II 8 i.f. om framgangsmåten i saker der Riksadvokaten er tiltalekompetent. Då rundskrivet vart utforma, var det særleg dei tilfella der spørsmålet om rabatt kjem opp før det er teke ut tiltale, ein hadde i tankane. For dette tilfellet held ein fast på instruksen i rundskrivet: «De opplysninger som gis om konkret strafferabatt, må være avklart med kompetent påtalemyndighet. Påtalemyndigheten i politiet skal, i saker hvor tiltalekompetansen ligger hos overordnet myndighet, konferere med statsadvokaten om rabattens størrelse. Er riksadvokaten tiltalekompetent, skal rabattspørsmålet likevel avgjøres av statsadvokaten, med mindre statsadvokaten finner det påkrevd å drøfte spørsmålet med riksadvokaten.» Grunngivinga er at ei motsett løysing vil hente den øvste leiaren inn i første linje på etterforskingsstadiet – ei operativ rolle Riksadvokaten verken vil eller bør ha. Det viser seg at spørsmål om strafferabatt i praksis også kjem opp etter at det er teke ut tiltale. Samanhengen med avgjerda av om ein skal anke eller godta dommen, tilseier at Riksadvokaten bør avgjere om ein skal påstå strafferabatt, og kva som skal vere storleiken på denne. Elles kjem Riksadvokaten lett i ein umogleg situasjon ved ankevurderinga. Det er nok at spørsmålet blir teke opp uformelt (telefon eller e-post) til den statsadvokaten hos Riksadvokaten som har handsama saka. I dette tilfellet skal ein altså leggje til grunn motsett løysing av den som følgjer av rundskrivet til no. Eit anna spørsmål som har oppstått, gjeld tilståingsrabatt i forvaringssaker. Riksadvokaten har i eit par saker lagt til grunn at i prinsippet er også forvaringssaker omfatta av straffelova § 59 andre ledd. Det spesielle ved desse sakene (særleg omsynet til samfunnsvernet, som kjem i tillegg til dei momenta ein vanlegvis legg vekt på ved vurderinga av tilståingsrabatt) tilseier likevel at rabatten normalt vil bli nokså liten, og at ein eventuelt bør gjere frådrag i tidsramma. Det er forventa at Høgsterett avgjer dette spørsmålet i løpet av hausten. 10. Straffereaksjonar ved valutasmugling Riksadvokaten arbeider med retningslinjer for skjerpa reaksjonar ved valutasmugling. Eit utkast er nyleg sendt på høyring til m.a. Toll- og avgiftsdirektoratet og enkelte statsadvokatembete og politimeistrar. Utviklinga av bank- og finansvesenet, med effektive tenester for betalingsformidling over grensene, har redusert det legitime behovet for transport av kontantar over landegrensene vesentleg. Generelt er det vanskeleg å sjå at enkeltpersonar i dag kan ha eit aktverdig føremål for å frakte med seg store kontantbeløp ut av landet, og det er i alle fall ingen grunn til å ikkje halde meldeplikta. (Det er ikkje toll eller avgift på utførsel av kontantar.) Det er slik sett grunn til å tru at det bak det aukande talet på ulovlege valutautførslar skjuler seg til dels alvorlege straffbare handlingar. På bakgrunn av dette har Riksadvokaten kome til at dagens praksis, der einaste reaksjon er ei bot som utgjer nokre få prosent av det beløpet som ikkje er oppgitt, utan tvil er altfor mild. Ein må 28 derfor skjerpe den strafferettslege reaksjonen vesentleg. «Valutasmugling» er elles ei upresis nemning på det saka dreiar seg om, ettersom både utførsel og innførsel av (norsk og utanlandsk) valuta er lovleg. Det krev ikkje noko særskilt løyve (lisens), og det kjem verken toll eller avgift på beløpet, uansett kor stort det er. Derimot skal ein melde beløp over NOK 25 000 (eller tilsvarande i utanlandsk valuta eller ihendehavarpapir) til Tollvesenet når ein passerer grensa. Temaet «valutasmugling» gjeld derfor meir presist to typetilfelle. Det eine er brotet på meldeplikta i seg sjølv (typetilfelle 1), og det andre er tilfelle der utførselen utgjer kvitvasking eller sjølvvasking av utbyte frå ei straffbar handling, jf. straffelova § 317 (typetilfelle 2). Det er viktig å halde desse frå kvarandre. For dei reine formalbrota (typetilfelle 1) vil retningslinjene truleg leggje opp til at bøtene normalt skal utgjere ca. 20 % av det beløpet som ikkje er oppgitt. Tollvesenet vil, som no, levere politimelding i dei tilfella der det er konkret mistanke om at pengane er utbyte frå straffbar verksemd, eventuelt at storleiken på beløpet i seg sjølv tilseier politimelding og etterforsking (typetilfelle 2). I slike tilfelle vil det som regel vere «rimelig grunn til å iverksette etterforsking», jf. straffeprosesslova § 224. Etterforskinga kan – alt etter omstenda – rettast inn anten mot å avdekkje og oppklare primærbrotsverket (det brotsverket utbytet stammar frå) eller mot å avklare om det er gjort eit brot mot straffelova § 317 (kvitvasking eller sjølvvasking). Riksadvokaten minner om at det for felling etter § 317 ikkje er nødvendig å føre bevis for kva straffbar handling utbytet stammar frå. Det er nok at ein – etter det vanlege strafferettslege beviskravet – kan avvise at det aktuelle beløpet stammar frå lovlege kjelder, jf. Rt. 2006, side 466. Retningslinjene er forventa å tre i kraft 1. august d.å. 11. Ansvaret påtalemakta har for å rette opp feil i domsslutningar Sjefen for Kripos har teke opp med Riksadvokaten at det for ofte oppstår feil i domsslutningane. Dette gjer registreringa vanskelegare og kan reise spørsmål om truverdet ved utskrifta frå strafferegisteret. Riksadvokaten har på bakgrunn av dette i brev av 23. desember 2008 til statsadvokatane mfl. understreka at påtalemakta har ansvar for å kontrollere at domsslutningar er rette. Ein skal handsame førespurnader frå Kripos om retting med forståing og alvor. Riksadvokaten minner elles om at den påstanden som blir lagd fram for retten, skal vere formulert på same måten som ei domsslutning. Generelt bør ein utforme eit påstandsskrift. Dette er eit viktig bidrag for å sikre at domsslutninga blir korrekt, og det lettar kontrollen i etterkant. 12. Straffesakshandsaminga i politiet pr. 30. april 2009 Oppklaringsprosenten i brotsverkssakene og måloppnåinga i valdssaker med frist krev særleg merksemd. Politimeistrane er bedne om å gjere greie for resultata i valdssakene, moglege årsaker til manglande måloppnåing og kva for tiltak som er sette i verk. Utgreiingane, med merknader frå statsadvokatane, er sende over til riksadvokatembetet og er under vurdering. Riksadvokaten tek sikte på å gjere ferdig handsaminga av utgreiingane og gi eventuelle retningslinjer i løpet av sommaren. Merknadene frå riksadvokatembetet til straffesakshandsaminga i politiet første halvår 2009 29 vil på vanleg måte bli formidla til statsadvokatane og politimeistrane. (Lagde ut på intranettet i dag.) 13. Handsaming av narkotikasaker – ventetid for narkotikaanalysar frå Kripos Lang sakshandsamingstid ved Kripos for analysar av narkotikabeslag har vore eit gjentakande problem i fleire år. Ei sakshandsamingstid på meir enn seks månader har ikkje vore uvanleg, sjå m.a. referatet frå statsadvokatmøtet i 2008 punkt 9. Kripos har i løpet av 2007 og 2008 sett i verk ulike tiltak og prosessar for å kome à jour, og problemet med lang sakshandsamingstid synest no å vere løyst. Ved utgangen av januar i år var det ikkje restansar ved analyseavdelinga. Kripos har opplyst at per 19. juni d.å. er gjennomsnittleg sakshandsamingstid for alle saker 25 dagar, i hastesaker/fengslingssaker 16 dagar og i prioriterte saker med meir kompliserte analyseprosessar 27 dagar. Riksadvokaten ønskjer å følgje utviklinga og har bede om rapportar kvart halvår frå Kripos. 14. Kommunikasjonskontroll og romavlytting i 2008 Den utgreiinga som vart gitt under møtet, inneheld graderte opplysningar og blir ikkje teken inn her. På bakgrunn av opplysningar frå politimeistrane kan ein konstatere at kommunikasjonskontrollar i 2008 gav resultat i form av pågripingar, beslag, og/eller informasjon som var svært viktig for bevis eller etterforsking i drygt 40 % av sakene. 15. Romavlytting – retningslinjer Riksadvokaten gav 29. mai 2009 retningslinjer for romavlytting. Retningslinjene er av praktisk karakter og regulerer mellom anna når og i kva grad ein kan kople frå utstyret i orskurdsperioden, og notoritet rundt dette. 16. Lyd- og biletopptak av politiforklaringar I brev av 28. januar d.å. bad Riksadvokaten om fråsegner frå statsadvokatane og politimeistrane om ein bør revidere dei mellombelse retningslinjene av 25. april 2007. Det har kome inn ei rekkje fråsegner, og Riksadvokaten vil i løpet av hausten d.å. gi nye retningslinjer som vil gå noko lenger i å påleggje bruk av lyd- og biletopptak ved politiforklaringar. 17. Nytt trafikkrundskriv Riksadvokaten gav 25. mai i år ut eit nytt rundskriv om vegtrafikkbrot (nr. 3/2009). I rundskrivet blir det fastsett bøtesatsar for ein del av dei mest praktiske brota, og det blir gitt retningslinjer for beslag av førarkort m.m. 18. Nordisk arrestordre Justisdepartementet arbeider med endringar i påtaleinstruksen og eit nytt rundskriv. Lova er forventa å tre i kraft til hausten. Etter lova er det påtalemakta som avgjer om ein skal etterkome ein arrestordre frå eit anna nordisk land, og det er påtalemakta som skriv ut arrestordre. Før lova trer i kraft, vil ein ta stilling til om kompetansen skal liggje i politiet, eller om statsadvokaten må samtykke i enkelte tilfelle. Riksadvokaten tek sikte på å gi nærare retningslinjer før lova trer i kraft. 30 19. Lagring av elektronisk spormateriale, gjenstandar og biologisk spormateriale Rapportane «Forlenget lagring av gjenstander og biologisk spormateriale» og «Lagring av elektronisk spormateriale» vart sende statsadvokatane til uttale ved brev av 23. april d.å. Politidirektoratet vil ta stilling til vidare oppfølging. 20. Oversiktrapportar, notat m.m. Riksadvokaten minner om at det i større saker skal følgje oversiktsrapportar eller bevisnotat saman med forslag til påtaleavgjerda frå Riksadvokaten, jf. referat frå statsadvokatmøtet 2007 punkt 15 og 2008 punkt 21. Interne drøftingar om styrken i dei enkelte bevisa og liknande bør ikkje takast med i påskrifta, men eventuelt bli tekne opp i eit særskilt notat som følgjer saka når ein sender henne inn. 21. Nye retningslinjer for straffbare handlingar som blir avdekte i utlendingssaker Ved brevet frå Riksadvokaten av 1. desember 2008 til statsadvokatane blir dei tidlegare retningslinjer for lovbrot som blir avdekte i utlendingssaker, endra. (Det er gjort greie for dei tidlegare retningslinjene i brev 28. juli 2000 til Justisdepartementet, sendt til statsadvokatane 3. august s.å.) Lovbrot som ein etter dei tidlegare retningslinjene skulle handtere reint administrativt (gjennom negativt forvaltningsvedtak i utlendingssaka), skal ein no i større grad strafforfølgje. Det vil seie at ein bør reagere med straff m.a. ved bruk av uriktig identitet eller falske reisedokument, brot på innreiseforbod, langvarig ulovleg opphald og ulovleg arbeid. Retningslinjene oppgir også utgangspunkt for straffenivået for dei ulike typetilfella av lovbrot. I brevet frå Riksadvokaten heiter det at statsadvokatane etter ei tid bør gå gjennom eit utval av dei sakstypane som er omfatta av dei nye retningslinjene, til dømes i samband med inspeksjonar. Ved behov må ein skjerpe inn dagens direktiv overfor politiet. Det kan bli aktuelt å evaluere retningslinjene og eventuelt også å utarbeide eit rundskriv. I så fall vil Riksadvokaten be om rapportering frå politidistrikta og statsadvokatane, som derfor må rette seg inn slik at dei på førespurnad kan gi ein utfyllande rapport om straffesakshandsaminga ved brot på utlendingsregelverket. 22. Særreaksjonar – gjentakingsfare og inhabilitet Riksadvokaten minner om at i saker der det ligg an til påstand om forvaring, tvungen omsorg eller overføring til tvunge psykisk helsevern, er dommarar som har handsama spørsmål om varetektsfengsling på grunn av gjentakingsfare, inhabile, sidan dei har uttala seg om eit av dei sentrale vilkåra for reaksjonen. Riksadvokaten viser til Rt. 2009, side 225 og høgsterettssaka 2009-735-A. I praksis vil dei aktuelle lovbrytarane ofte ha vore fengsla på grunn av gjentakingsfare. Det vil derfor høyre til unntaka at ein dommar som har teke avgjerd i fengslingsspørsmålet kan delta ved hovudforhandlinga. Fram til sakshandsamingssystemet for domstolane blir endra slik at det fangar opp dette, må påtalemakta ha rutinar for å kontrollere kva for dommarar som har teke del i avgjerder om fengsling. 23. Etterforsking av saker om alvorleg mishandling/vald mot små born Riksadvokaten viser til oppsummeringsskrivet frå fjorårets statsadvokatmøte punkt 15. Når ein også i år omtalar temaet, er det for å minne om at oppfølginga frå statsadvokatane har variert, både med omsyn til å informere og oppmode politiet til auka innsats og å halde seg orienterte om 31 aktuelle saker (kvalitet og framdrift). Her må det skje betring. Som kjent har Riksadvokaten i samarbeid med Kripos og Politidirektoratet gjennomført eit «opplærings- og bevisstgjeringsprogram». Programrekkja vart avrunda med ein fagkonferanse 16. og 17. juni d.å. der fleire statsadvokatembete var representerte. Arbeidet med å intensivere innsatsen på dette saksfeltet er likevel ikkje avslutta. Utfordringa er no å omsetje lærdom og kunnskap i praktisk arbeid. Nettopp her har statsadvokatane ei sentral rolle og eit særskilt ansvar. Riksadvokaten vil vurdere om det er behov for sentrale retningslinjer eller ein praktisk rettleiar (dreiebok) for handsaminga av desse sakene. 24. Spesialeininga for politisaker – NOU 2009: 12 I mai d.å. la Finstad-utvalet fram utgreiinga «Et ansvarlig politi – åpenhet, kontroll og læring». Ho tek opp fleire tema som er av interesse for statsadvokatane. Riksadvokaten viser særleg til kapittel 9, der utvalet tek opp ulike spørsmål i samband med rutinane og praksisen til politiet ved medtaking, pågriping og bruk av politiarrest. Gjennomgangen og vurderingane frå utvalet heng direkte saman med forslaget om at statsadvokatane bør få melding om saker der tenestemenn i politiet eller påtalemakta har vore under etterforsking for ulovleg bruk av tvangsmiddel, jf. brevet frå Riksadvokaten av 22. april 2009. Fleire av embeta som har levert fråsegn, sluttar seg til ei slik ordning. Riksadvokaten vil følgje opp saka, i første omgang ved å leggje henne fram for spesialeininga. 25. Brannetterforsking Det er velkjent at politiet har høve til å be om støtte til etterforskinga frå det lokale elektrisitetstilsynet og brannvesenet. Elektrisitetstilsynet har etter dagens regelverk plikt til å støtte politiet i etterforskinga. Brannvesenet har ikkje ei tilsvarande tydeleg plikt etter brannregelverket, men Justisdepartementet har fremja forslag til ny føresegn i forskrift av 26. juni 2002 om brannforebyggende tiltak og tilsyn for å bøte på dette. Det er forventa at endringa trer i kraft i løpet av 2009. Distriktsvise tverrfaglege brannetterforskingsgrupper Politidirektoratet sette i 2005 i gang eit prøveprosjekt med distriktsvise felles etterforskingsgrupper der også brannvesenet og eltilsynet er med i etterforskinga. Prosjektet vart gjennomført i tre politidistrikt (Midtre Hålogaland, Vestoppland og Vestfold) og er evaluert av ei arbeidsgruppe med medlemmer frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Kripos og Den høgre påtalemakta. Arbeidsgruppa tilrår at det blir etablert ei fast ordning med slike brannetterforskingsgrupper i alle politidistrikta i landet. Justisdepartementet ventar ei endeleg fagleg vurdering frå Politidirektoratet og Riksadvokaten. Det blir understreka at sjølv om andre etatar kan gi gode bidrag i etterforskinga av brannsaker, er etterforskingsarbeid noko som må leiast og styrast av politiet. Klare ansvarsforhold er viktig. I tillegg er det herifrå gitt uttrykk for at ein i Noreg ikkje har tradisjon for at politi og påtalemakt arbeider i kommisjon for å avdekkje straffbare forhold. Kommisjonar skal vere organiserte og forankra utanfor strafferettsapparatet. Til illustrasjon kan ein nemne Statens havarikommisjon for transport og kommisjonar som rykkjer ut ved luft- og sjøfartsulukker. Etterforsking av bygningsbrannar Norsk Brannvernforening har teke opp med Riksadvokaten at det kan sjå ut til at ikkje alle 32 bygningsbrannar blir etterforska av politiet. Leiaren av brannvernforeininga har informert om at politiet ifølgje statistikken til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap i perioden 20032007, ikkje hadde etterforska over ca. 4000 av totalt ca. 14 000 bygningsbrannar (desse tala er også publiserte i media). Politiet har som kjent ansvar for etterforsking av alle brannar, sjølv om det ikkje er grunn til mistanke om straffbart forhold, jf. straffeprosesslova § 224 fjerde ledd og påtaleinstruksen § 7-4 siste ledd. Riksadvokaten minner om innhaldet i påtaleinstruksen § 5-14: «Når det settes i verk etterforsking om årsaken til brann og andre ulykker, jf. straffeprosessloven § 224 fjerde ledd, skal politiet gi melding til berørte offentlige myndigheter.» Riksadvokaten retta i mars i år ein førespurnad til politimeistrane for å klarleggje om den nemnde statistikken – at berre ca. 1/3 av alle bygningsbrannar blir etterforska – gir eit korrekt bilete av dei faktiske omstenda. Dei nyleg innkomne svara frå 18 politidistrikt er endå ikkje analyserte, men det førebelse inntrykket er at: Tilnærma alle bygningsbrannar politiet får melding om, blir etterforska. I nokre tilfelle forsømmer politiet å gi melding til dei aktuelle offentlege etatane om at det er sett i gang etterforsking. Det ser også ut til at det er feil i statistikkføringa til direktoratet. Begge forholda fører til at den statistikken Norsk Brannvernforening tok opp, nok gir eit uriktig bilete av situasjonen. Riksadvokaten vil arbeide meir med svara og m.a. i fellesskap med Norsk Brannvernforening søkje å bidra til at det blir etablert betre rutinar for statistikkføring. Statsadvokatane bør ved inspeksjon o.l. kontrollere om politiet oppfyller etterforskingsplikta i påtaleinstruksen § 7-4. 26. Rømd oppdrettsfisk Riksadvokaten gav som kjent Økokrim i oppdrag å etablere og leie ei arbeidsgruppe som skulle sjå nærare på strafferettslege problem og utfordringar knytt til rømt oppdrettsfisk, sjå referatet frå statsadvokatmøtet i 2008 punkt 13. Bakgrunnen var at ein forholdsvis stor del av politimeldingane frå Fiskeridirektoratet av føretak i oppdrettsnæringa vart lagde vekk, og det vart reist spørsmål ved om politiet etterforska sakstypen godt nok. Arbeidsgruppa, som var leidd av førstestatsadvokat Høviskeland, fremja i den grundige rapporten sin forslag til tiltak for å betre innsatsen til politiet og påtalemakta på saksfeltet. Riksadvokaten har i brev av 3. april i år gitt nærare retningslinjer for korleis politi og påtalemakt skal handsame saker som gjeld rømt oppdrettsfisk. Brevet tek m.a. opp moment som er knytte til forventningar om styrkt innsats frå politi og påtalemakt, den viktige rolla Økokrim har innanfor saksfeltet, samarbeidet mellom politi, påtalemakt og fiskeristyresmakter, og politiet sin kontakt med oppdrettsnæringa. 27. «Kapper i klasserommet» I samband med 100-årsjubileet til Advokatforeningen i 2008 gav foreininga eit undervisningsopplegg i gåve til skulane. Opplegget er nettbasert, og det er lagt opp slik at læraren sjølv kan bruke det i undervisninga på ungdomsskuletrinnet. Det sentrale i undervisninga er å gjennomføre eit rollespel der elevane held ei «hovudforhandling» i ei straffesak. Gåva frå 33 Advokatforeningen er – i tillegg til sjølve programmet – at advokatar skal vere med i klasserommet og rettleie under rettssaka. Riksadvokaten var med i referansegruppa for prosjektet. Det er ønskjeleg at påtalejuristar etter førespurnad frå Advokatforeningen tek på seg å rettleie under rollespelet (to skuletimar). Både Riksadvokaten og statsadvokatar her ved embetet har vore med, og erfaringa er at det er engasjerande å møte ungdom som viser entusiasme og deltaking i samfunnsspørsmål. Riksadvokaten ber om at undervisningsopplegget blir gjort kjent for påtalemakta i politiet. Ønskjer ein meir informasjon, kan ein vende seg til riksadvokatembetet eller gå inn på nettstaden www.rettellergalt.no. Dersom nokon allereie ønskjer å stille seg til disposisjon for Advokatforeningen, ber vi om at ein tek kontakt via e-post med Riksadvokaten eller direkte til Beate Sundstrøm i Advokatforeningen (bes@jus.no). 28. Neste møte Statsadvokatmøtet 2010 blir halde i Molde 25.–27. mai 2010 med Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane statsadvokatembete som teknisk arrangør. Riksadvokaten minner om at det er ei tenesteplikt å delta på møtet, og at statsadvokatane derfor må tilpasse andre gjeremål utifrå dette. Vi ønskjer alle ein god sommar! Venleg helsing Tor-Aksel Busch 34 RIKSADVOKATEN Statsadvokatane REF.: VÅR REF.: DATO: Ra 10-168 KHK/jaa 810.2 06.07.11 Statsadvokatmøtet 2010 – oppsummering Takk for sist og for gode innspel og erfaringsutveksling under statsadvokatmøtet i Molde 25.–27. mai d.å. Riksadvokaten summerer også i år opp dei pålegga og retningslinjene som vart gitte under årets statsadvokatmøte. Embetsleiarane må sørgje for at oppsummeringa blir formidla til alle statsadvokatane. Ho kan med fordel drøftast i plenum ved embeta. Riksadvokaten reknar også med at statsadvokatane formidlar pålegg m.m. til politimeistrane, påtalejuristane og andre relevante personar i regionen på tenleg måte. Oppsummeringa vil bli lagd ut på intranettet og nettsida til Riksadvokaten. Ei innhaldsliste er lagd ved oppsummeringa. 1. Måleparametrar for straffesakshandsaminga i politiet I seinare tid har det vore diskusjon om dagens målepunkt for straffesakshandsaminga er tenlege. Særleg har det vore stilt spørsmål om krava til sakshandsamingstid og oppklaringsprosent trekkjer merksemda vekk frå kravet til kvalitet og andre viktige sider av politiarbeidet. Slik Riksadvokaten ser det, er det inga tvil om at ein moderne rettsstat må måle grunnleggjande forhold som kor mykje kriminalitet som skjer i landet, i kva grad politiet er i stand til å oppklare lovbrota, og kor lang tid rettsmakta brukar på å oppklare og handsame straffesaker. Kvalitetskravet er absolutt og er understreka herifrå ei lang rekkje gonger – «mistar vi kvalitet, mistar vi alt». Rask sakshandsaming vil elles gi generelt betre kvalitet. Utfordringa er først og fremst å unngå liggjetid. Her er det gjort viktig og godt arbeid i politiet og påtalemakta dei siste åra. Med dei føresetnadene som er presiserte ovanfor, er Riksadvokaten positiv til å vurdere måleparametrane og eventuelt supplere dei med mål som kan gi ein indikasjon om situasjonen for andre sider av straffesakshandsaminga, til dømes om ein oppfyller kvalitetskravet, sjølv om dette truleg er vanskeleg. Politidirektoratet har sett ned ei arbeidsgruppe som skal vurdere målstrukturen, med førstestatsadvokat Harald Strand som representant for Den høgre påtalemakta. 35 2. Tiltale- og ankekompetansen til Riksadvokaten Riksadvokaten minner om dei reglane som gjeld for i kva tilfelle det er Riksadvokaten som skal avgjere tiltale- og ankespørsmålet, jf. referat frå statsadvokatmøtet i 2006 punkt 33, der det heiter: «Dersom strafferammen forhøyes til 21 år ved særdeles skjerpende omstendigheter, må tiltalespørsmålet avgjøres av riksadvokaten selv om påtalemyndigheten ikke pretenderer at alternativet kommer til anvendelse i den aktuelle sak. Riksadvokaten må med andre ord behandle alle tiltalesaker etter straffeloven § 231 første punktum, § 233 første ledd, § 162 tredje ledd og § 317 fjerde ledd. Ved forsøk kan maksimumsstraff ikke anvendes, jf. straffeloven § 51, og statsadvokatene er tiltalekompetente selv om den fullbyrdede overtredelse ville hørt inn under riksadvokaten. Det gjelder dog ikke etter straffeloven § 148 hvor forsøk kan straffes likt med fullbyrdet forbrytelse, jf. annet ledd. Er gjerningspersonen under 18 år, kan heller ikke maksimumsstraff anvendes, jf. straffeloven § 55. Det minnes om påtaleinstruksen § 22-3 annet ledd hvoretter saker av særlig stor allmenn interesse, skal forelegges riksadvokaten til avgjørelse av tiltalespørsmålet. Med virkning fra 1. juni 2006 bestemmes rent generelt at alle drapssaker – selv om gjerningsmannen er under 18 år – skal hitsendes til avgjørelse av tiltalespørsmålet idet disse antas å være av særlig stor allmenn interesse. (Tidligere var det bare saker etter straffeloven § 233 annet ledd som skulle avgjøres av riksadvokaten i denne situasjonen.) Det minnes om at det er den tiltaleberettigede som har ankekompetansen, jf. straffeprosessloven § 68. Dom i første instans, og hvor riksadvokaten har tatt ut tiltale, skal hitsendes for godtagelse, eventuelt anke, selv om tiltalte har anket og har krav på behandling i ankedomstolen.» Tilvisinga i sitatet til straffelova § 317 fjerde ledd gjeld saker der utbytet er knytt til narkotikabrotsverk. 3. Statsadvokatrolla – rapport frå arbeidsgruppe – høyring Rapporten frå arbeidsgruppa er nyleg send på høyring. Det er viktig at heile organisasjonen no involverer seg i drøftinga av rapporten og utarbeiding av svar frå embeta. Embetsleiarane må sørgje for at alle tilsette ved embetet har eigen kopi av rapporten og blir inviterte til å melde inn synspunkta sine på tenleg måte. For å gi rikeleg tid til dei viktige, interne diskusjonane er høyringsfristen sett til 1. november d.å. 4. God påtaleskikk – ny arbeidsgruppe Riksadvokaten har avgjort at ein skal opprette ei arbeidsgruppe som skal utarbeide forslag til retningslinjer for god påtaleskikk («code of conduct»). Retningslinjene skal gjelde for alle tilsette i påtalemakta. Det er avgjort at arbeidsgruppa skal vere intern for å sørgje for best mogleg forankring i organisasjonen, men det vil bli fastsett i mandatet at gruppa må hente inn synspunkt frå andre, til dømes representantar for dommarane, advokatane, media osb. Det vil bli oppnemnt medlemmer som representerer riksadvokatembetet, embetsleiarane, statsadvokatane ved eit regionalt embete / Statsadvokatenes forening, Økokrim, kontortilsette/Parat, politimeistrane/politileiarar og politijuristane. Mandatet vil bli drøfta med Statsadvokatenes forening og Parat, og ein reknar med 36 at sjølve oppnemninga vil skje i september d.å. 5. Straffeprosesslova § 122 og informasjonsplikta til dei som står den sikta nær I brev 22. februar d.å. skjerpa Riksadvokaten inn plikta til å informere om fritaksretten til dei som står den sikta nær, etter straffeprosesslova § 122. I brevet omtalar ein det særtilfellet at ein person som sjølv er sikta, også står ein medsikta i saka nær. På grunnlag av høgsterettsavgjerdene i Rt. 2008, side 657 og Rt. 2010, side 67 vart det understreka i brevet at ein i slike situasjonar skal gi informasjon både om retten til å halde seg taus som sikta (straffeprosesslova § 232), og retten til forklaringsfritak fordi ein står nokon nær (straffeprosesslova § 235 første ledd). Vidare vart det gitt retningslinjer for i kva tilfelle påtalemakta må avstå frå å gjere bruk av forklaringar som er gitte utan at det er gitt informasjon om fritaksretten etter § 122, og i kva tilfelle ein kan søkje å gjere bruk av slike forklaringar. Høgsterett tek i orskurd 14. april d.å. avstand frå den rettsoppfatninga som kom til uttrykk i Rt. 2008, side 657 og Rt. 2010, side 67, og som brevet herifrå av 22. februar d.å. bygde på. På bakgrunn av dette må ein endre retningslinjene om kva tilgang påtalemakta har til å gjere bruk av forklaringar. Frå no av kan påtalemakta gjere bruk av relevante forklaringar sjølv om det ikkje er gitt informasjon om fritaksretten etter § 122 (på det sjølvsagde vilkåret at det er gitt informasjon om teieretten etter § 232). Dette vil likevel ikkje seie – slik enkelte har forstått avgjerda av 14. april d.å. – at ein no kan unnlate å gi informasjon om retten etter § 122 når den som står nokon nær, har status som sikta. Primærnormene om opplysningsplikt er truleg ikkje endra som følgje av høgsterettsavgjerda frå april (sjølv om delar av grunngivinga kunne tilseie at også opplysningsplikta om retten etter § 122 fell bort når den som står nokon nær, har status som sikta); det er sekundærnormene om bevisforbod som utan tvil er endra. Riksadvokaten skreiv til alle statsadvokatar og politimeistrar om dette 2. juli d.å. 6. Tredjeinstansklager Straffeprosesslova § 59 a femte ledd fastset som kjent at ein ikkje kan klage på vedtaket til klageinstansen i klagesaka, og statsadvokaten skal avvise såkalla tredjeinstansklager i samsvar med rundskriv nr. 2/2002 frå Riksadvokaten punkt X,2. På bakgrunn av enkelte saker som har vore sende til Riksadvokaten for vidare klagehandsaming, presiserer Riksadvokaten at statsadvokaten framleis er ordinær klageinstans også etter omgjering av avgjerd frå politiet om vekklegging med ordre om vidare etterforsking. Dersom statsadvokaten vedtek å leggje vekk ei sak etter at ho er ferdig etterforska, er den ordinære klagetilgangen gått ut. Statsadvokaten er sameleis ordinær klageinstans i desse tilfella: Saka er lagd vekk av politiet utan etterforsking, men det kjem fram seinare nye opplysningar som gjer at saka kjem under ordinær etterforsking og på nytt blir lagd vekk av politiet. Saka er returnert frå statsadvokaten til politiet med ordre om vidare etterforsking/undersøkingar og melding om at politiet sjølv gjer nytt påtalevedtak. Riksadvokaten minner om at det er tilgang til å klage over vedtaket frå statsadvokaten om avvising fordi klagetilgangen har gått ut, og at Riksadvokaten i samband med dette vil kunne ta opp saka i kraft av det alminnelege overordningsforholdet. 37 7. Narkotikasaker – registrering i politiet – oppfølging frå statsadvokatane I rundskriv nr. 1/2010 frå Riksadvokaten heiter det (side 4): «Med særlig adresse til narkotikasakene skal påtalemyndigheten nøye vurdere utformingen av siktelser og tiltalebeslutninger. For eksempel betraktes en sammenhengende salgsvirksomhet som regel som ett forhold, og dersom ikke bevissituasjonen tilsier det, er det sjelden behov for egen siktelsespost for forutgående, umiddelbar oppbevaring av samme narkotikaparti. Det er ikke et relevant hensyn å øke antall siktelsespunkter i hver enkelt narkotikasak, som har høy oppklaring, for derved statistisk å bedre politidistriktets resultater. Politiets praksis kan med fordel drøftes nærmere med statsadvokatene, f.eks. som eget tema på påtalemøter.» Statsadvokatane må rette særskild merksemd mot problemstillinga og om nødvendig korrigere uheldig registreringspraksis. 8. Tidfesting på førehand Ei spørjeundersøking hos domstolane (lagmannsrettane og tingrettane) viser at praksis varierer. Ein lagmannsrett tidfestar til dømes dei fleste sakene på førehand, medan ein annan som hovudregel ikkje tidfestar hovudforhandling før saka kjem inn til retten på ordinær måte. Ei mogleg årsak til dette er ulik praksis og haldning i påtalemakta, og Riksadvokaten minner om at ein tidlegare har oppmoda om å tidfeste sakene på førehand når dette er tenleg, sjå m.a. side 2 i rundskriv nr. 2/2010 frå Riksadvokaten, der det heiter: «Riksadvokaten vil for øvrig peke på betydningen av at man så tidlig som mulig søker å få oversikt over når fristsaker kan forventes berammet og samarbeider med domstolene om forhåndsberammelse hvor dette er hensiktsmessig.» Det er viktig at påtalemakta bidreg til rask og effektiv strafforfølging ved å bidra til tidfesting på førehand så langt det er tenleg. Rask dømming av alvorlege saker mot utanlandske statsborgarar bidreg også til å frigi fengselsplassar ved at dei raskare kan få soningsoverføring til heimlandet sitt, jf. nedanfor i punkt 9. Domstoladministrasjonen har tidlegare gitt ut ein delrapport om aktiv styring og avvikling av straffesaker med tilråding om tidfesting på førehand av fristsaker og tidkrevjande straffesaker. Til dette kjem også at lagmannsrettane kan vurdere om dei skal reservere tid for ei eventuell ankesak før saka er handsama i tingretten. 9. Soningsoverføring Det er eit uttrykt politisk ønske at fleire utlendingar som utfører kriminalitet i Noreg, skal sone straffa i heimlandet, og ein arbeider for å auke talet på soningsoverføringar og å redusere sakshandsamingstida. Riksadvokaten er positiv til dette. Overføring kan hindre at domfelte etablerer samband med andre kriminelle i Noreg og vil truleg verke preventivt. I tillegg kan slik overføring frigjere fengselsplassar og dermed lette presset på varetektsplassar. I 2009 vart 30 personar overførte til soning i heimlandet. Det tok i gjennomsnitt 476 dagar frå domsdatoen til vedkomande vart transportert ut. Denne tida må ein kunne redusere. Overføring vil i så fall vere mogleg også ved kortare dommar. Mykje er her avhengig av utlendingsforvaltninga (politiet, UDI og UNE) og kriminalomsorga, men også påtalemakta kan yte viktige bidrag. I 2009 tok det i snitt 61 dagar frå dommen var sagd til han vart rettskraftig, og endå nokre dagar før fullbyrdingsordren var klar. Påtalemakta bør raskt vurdere om ein skal bruke rettsmiddel, slik 38 som raskt å ekspedere saka til ei ankekompetent styresmakt. Særleg viktig er det at påtalemakta gir fullbyrdingsordre omgåande etter at dommen er rettskraftig. 10. Krav om utlevering – strafforfølging eller fullbyrding skjer i Noreg Personar som det blir kravd at Noreg utleverer, er ikkje sjeldan under strafforfølging eller soning her i landet. Det er no avklart at utleveringslova § 11 ikkje hindrar utlevering i kombinasjon med soningsoverføring (at straff gitt i Noreg blir sona i heimlandet). Kravet om utlevering skal derfor handsamast på vanleg måte, men generelt bør ein vente med å setje i verk utleveringsvedtaket til vedkomande eventuelt er overført til soning. 11. Interne notat Riksadvokaten minner om dette frå statsadvokatmøtet i 2008: I alvorlege straffesaker av ein viss storleik – særleg narkotikasaker med eit komplisert bevistilbod – forventar Riksadvokaten eit notat frå statsadvokaten (eventuelt kommentarar frå statsadvokaten til notatet frå politiet) der det blir gjort greie for dei sentrale bevisa i saka. Dersom det ikkje kjem eit slikt notat, vil Riksadvokaten vurdere å returnere saka og be om at det blir utarbeidd. Notatet bør innehalde ei oversiktleg framstilling (med tilvisingar) av faktum og dei bevisa statsadvokaten byggjer på i vurderinga av saka. Notatet bør – i tillegg til å vere ein rettleiar inn i saka for Riksadvokaten og å gi nok informasjon til å forstå vurderingane til statsadvokaten – kunne vere til stor nytte for statsadvokaten ved seinare handsaming av saka, til dømes som grunnlag for innleiingsføredraget. Det er forventa at ein i notatet kritisk vurderer dei sterke og eventuelt svake sidene ved saka. Slike notat er interne og ikkje ein del av saksdokumenta. Metodekontrollutvalet har føreslått at ein skal kunne krevje innsyn i «de deler av interne dokumenter som inneholder faktiske opplysninger eller sammendrag eller annen bearbeidelse av faktum som ikke finnes i andre dokumenter mistenkte har tilgang til og som kan antas å ha betydning for saken.» Riksadvokaten vil åtvare kraftig i høyringsfråsegn til NOU 2009: 15 mot dette forslaget fordi dei tradisjonelle interne notata lett kan bli oppfatta som «sammendrag eller annen bearbeidelse av faktum». Inntil vidare legg vi til grunn at ein ikkje kan krevje innsyn i nokon del av interne notat, men det blir understreka at faktiske opplysningar som er relevante for saka, sjølvsagt skal takast inn i dei ordinære saksdokumenta. 12. Retningslinjer for handsaming av ulovleg fråvær frå militærteneste Riksadvokaten har i brev 21. mai d.å. gitt nye retningslinjer for ulovleg fråvær frå militærteneste på bakgrunn av ein orskurd frå Høgsterett 17. oktober 2007 og seinare dialog med Generaladvokaten. Høgsterett seier at ulovleg tenestefråvær frå oppstarta militærteneste må vare i over 21 dagar for å kvalifisere til fengsel utan vilkår. Etter dei tidlegare retningslinjene frå 1992 vart fråvær over 12 dagar sett på som for alvorleg til å kunne bli avgjort med arrest, og slike tilfelle skulle derfor førast for domstolane. Men etter 2007-avgjerda vil fråvær opp til 21 dagar til vanleg berre føre til ein reaksjon med vilkår. Fråvær opp til 12 dagar kan dermed føre til arrest, medan lengre fråvær berre gir fengsel på vilkår. Nokre soldatar vil kunne oppfatte det slik at straffa blir mildare ved lengre fråvær. Retningslinjene frå 1992 er på bakgrunn av dette oppheva. Etter dei nye direktiva skal ulovleg fråvær frå og med 21 dagar som hovudregel førast for domstolane med påstand om fengsel utan vilkår. Ved ulovleg fråvær frå og med 8 til 21 dagar skal reaksjonen vere førelegg på arrest. Talet 39 på arrestdagar blir som hovudregel sett likt med talet på fråværsdagar. Dei kortaste fråværa blir som tidlegare avgjorde med bot eller arrest i form av refsing, sjå nærare retningslinjer i brev herifrå av 21. mai d.å. 13. «Dødsstadsundersøkingar» Fleire medieoppslag om den ovannemnde problemstillinga dei seinare åra er, slik Riksadvokaten ser det, prega av fragmentert og mangelfull kunnskap om underlagsmaterialet. I nokon grad har også særinteresser fått dominere debatten. Synet til Riksadvokaten er teke inn som særmerknad i rapporten «Dødsstedsundersøkelser ved plutselig uventet barnedød – vurdering av forslag fra Barnedødsårsaksprosjektet». Ein kan laste ned rapporten frå nettsida til direktoratet (rapport IS-1415). Regjeringa skreiv i handlingsplanen mot vald i nære relasjonar 2008–2011 («Vendepunkt») at for å styrkje rettstryggleiken til born i alderen 0–3 år som døyr plutseleg og uventa, skal ein få eit obligatorisk tilbod om dødsstadsundersøking i regi av helsetenesta. Hovudføremålet er å fastsetje dødsårsak og å hente inn kunnskap med førebygging som mål. Dersom dødsfallet kan kome av ei straffbar handling, skal ein gi melding til politiet. For å kunne setje i verk tiltaket er det nødvendig å endre forskrift om melding av unaturlig dødsfall. Helse- og omsorgsdepartementet er ansvarleg for å gjennomføre tiltaket i «helsesporet». I vedlegg til Innst. 163 S (2009–2010) står det m.a. at Helse- og omsorgsdepartementet i brev av 18. januar 2010 har opplyst dette om statusen for arbeidet: Ansvaret for å organisere eit tilbod om dødsstadsundersøkingar i regi av helsetenesta der born mellom 0 og 3 år døyr plutseleg og uventa, er lagt til Folkehelseinstituttet, som har som mål at ordninga kan starte opp i løpet av andre kvartal 2010. I den nemnde innstillinga tilrår Justiskomiteen at Stortinget ber regjeringa om å kome tilbake med forslag til endring av straffeprosesslova der ein innfører ei etterforskingsplikt utan vilkår («ulukkesetterforsking») når born døyr plutseleg og uventa. Stortinget slutta seg til dette, og Justisdepartementet arbeider med forslag til lovendringar. Etter at ordninga med dødsstadsundersøkingar er endeleg etablert, vil Riksadvokaten vurdere kva for instruksar ein skal gi for arbeidet til politiet og påtalemakta med denne sakstypen, medrekna kva for tiltak ein generelt bør gjennomføre som ledd i ulukkesetterforskinga. 14. Dommaravhøyr – forskrift og samarbeidsrutinar – orientering om status Ordninga med dommaravhøyr og observasjon er som kjent regulert i straffeprosesslova § 239 og Justisdepartementets forskrift av 2. oktober 1998 (rundskriv 6-6-70/98). Politiet og påtalemakta har fleire gonger teke kontakt med Riksadvokaten og uttrykt uro over dagens situasjon. Særleg framhevar dei at forskrifta frå 1998 slik ho er i dag, snarare skaper uklarheit enn gode praktiske løysingar. Ei av hovudinnvendingane er at forskrifta ikkje tek omsyn til erfaringar og kunnskap frå dei seinare åra, m.a. at nyare forsking underbyggjer at det neppe er skadeleg for born å fortelje «historia si» fleire gonger. Det er også gitt uttrykk for at forskrifta ikkje legg opp til den mest tenlege etterforskinga av slike saker. Riksadvokaten har teke desse spørsmåla opp med Justisdepartementet og tilrådd at det blir oppretta ei arbeidsgruppe. Justisdepartementet avgjorde i brev 2. mars 2010 at ein skulle opprette ei gruppe som føreslått for å gå gjennom regelverket for dommaravhøyr og observasjon. Eit hovudspørsmål for gruppa vil bli 40 å vurdere om ein bør opne for å ta eit politiavhøyr av barnet med lyd og bilete i innleiinga av etterforskinga. På bakgrunn av dette avhøyret kan ein ta stilling til om det er grunnlag for å gå vidare med eit dommaravhøyr der ein tek hand om omsynet til kontradiksjon. Gruppa skal leiast av førstestatsadvokat Ole B. Sæverud. Dagens regelverk gjeld til det eventuelt er gitt ny forskrift. 15. Barnehus Mange dommaravhøyr av born blir som kjent tekne ved barnehusa. I mål- og prioriteringsrundskrivet for politiet for 2009 er det understreka at politiet og påtalemakta må vere medvitne om rolla si, slik at det ikkje oppstår uklare ansvarsforhold ved etterforsking og påtaleavgjerder. Statsadvokatane blir oppmoda om å besøkje barnehusa i sine regionar. I tillegg til å gjere seg kjend med tilbod, arbeidsform, metodikk osb., bør ein rette særleg mot kor viktig det er med klare ansvarsforhold og tiltak som hindrar rolleblanding. 16. Alvorleg vald mot små born – medverknadsansvar m.m. Saker om alvorleg vald mot små born er krevjande å etterforske og påtaleavgjere, og må handsamast særleg grundig, jf. nærare i m.a. mål og prioriteringsrundskrivet for politiet 2010 punkt IV 1. Etter erfaringa kan det vere vanskeleg å identifisere den direkte valdsutøvaren i valdssaker mot born sikkert. Ein må vurdere grundig om medverknadslæra likevel kan gi grunnlag for tiltale. Riksadvokaten har teke ut fleire tiltalar for barnemishandling der omsorgspersonane til barnet anten sjølve har utøvd nærare skildra vald mot barnet, eller ikkje har gripe inn og søkt å forhindre handlingar som er retta mot born dei begge hadde omsorg for. Avgjerda i Rt. 2009, side 1365 gir støtte for ein slik påtalepraksis. 17. Politimelding av menneskehandel – oversending til andre land Riksadvokaten gjekk i ei avgjerd 3. februar d.å. utifrå at påtalemakta ikkje er konvensjonsmessig forplikta til å sende politimelding for menneskehandel til land der handlinga er hevda å ha blitt gjord, sjølv om saka blir lagd vekk i Noreg fordi forholdet har skjedd i utlandet, jf. Europarådskonvensjonen av 16. mai 2005 art. 27 nr. 2. Dersom politimeldinga inneheld opplysningar som kan vere til nytte i gjerningslandet, er det likevel tilrådd at ho blir send over, gjerne saman med eit resymé av fakta. Kripos kan sende over saka. Behovet for omsetjing skal vurderast konkret. Å sende saka over er ikkje ei erstatning for formelt å be om at ho blir overført, så dette må alltid vurderast i tillegg. 18. Ny sambandsstatsadvokat – hospitantordninga Førstestatsadvokat Anne Grøstad er oppnemnd som ny sambandsstatsadvokat ved Eurojust for tre år frå 1. september d.å. etter Kim Sundet. Riksadvokaten minner om moglegheita for eit opphald som hospitant ved Eurojust. Informasjon om søknadsfrist osb. blir send ut seinare. 19. Forlengd foreldingsfrist for seksuelle overgrep mot born – tilbakeverknad Fristen for forelding blir som kjent rekna frå den dagen då det straffbare forholdet tok slutt, jf. straffelova § 68 første ledd første punktum. Ved lovendringar i 1998 og 2000 vart det bestemt at 41 fristen for forelding ved brot på §§ 195 og 196 skulle reknast frå 18-årsdagen til den fornærma. Det vart ikkje fastsett at den forlengde foreldingsfristen skulle få tilbakeverkande kraft, sjølv om det hadde vore tilgang til det, jf. straffelova § 3 og rettspraksis og juridisk teori knytt til denne føresegna. I 2009 vart det vedteke at også ved brot på kjønnslemlestingslova §§ 1 og 2 skal foreldingsfristen først gå frå den fornærma har fylt 18 år. Lova tredde i kraft straks, og det vart denne gongen uttrykkeleg avgjort at ho skulle gjelde for alle lovbrot som ikkje var forelda på det tidspunktet då ho vart sett i kraft. I førearbeida til 2009-endringa vart ikkje spørsmålet om tilbakeverknad ved brot på §§ 195 og 196 teke opp. I brev 7. april d.å. la Riksadvokaten på bakgrunn av dette til grunn at straffelova § 68 første ledd andre punktum ikkje kan få tilbakeverkande kraft når det gjeld brot på §§ 195 og 196. 20. Nytt kontrollutval for KK og romavlytting Det er oppnemnt nytt kontrollutval frå juni 2009, leidd av tingrettsdommar Finn Haugen i Oslo tingrett. Kontrollen til utvalet synest å vere meir omfattande enn tidlegare. I årsrapporten for 2009 framhevar utvalet m.a. at: Bruken av kommunikasjonskontroll i politiet er generelt forsvarleg og godt grunngitt. Politiet har reell nytteverdi av metodebruken i om lag halvparten av sakene, noko utvalet ser på som tilfredsstillande. Utvalet har ikkje registrert nokon openberre misbruk av metoden, men er kritiske til bruken og kor lenge kontrollen varer i nokre konkrete saker. Utvalet er særleg skeptisk til bruk av straffelova § 60 a og naudrett som heimelsgrunnlag. Det går også fram av rapporten at utvalet vil halde saman den innleiande rapporten frå politiet som danna grunnlag for rettsavgjerda om å setje i verk kommunikasjonskontroll, med resultatet av etterforskinga. Utvalet vil gjere seg nytte av teknisk sakkunnige når dei går gjennom og kontrollerer dei dataanlegga som er brukte i kommunikasjonskontrollsakene hos politiet. Utvalet varslar også at det vil sjå nærare på m.a. tilgang, sletting og oppbevaring av kommunikasjonskontrollmaterialet i skriftleg og elektronisk form, bruk av overskotsinformasjon og utveksling av informasjon mellom politi og andre etatar. I handsaminga av dei daglege straffesakene bør statsadvokatane rette merksemd mot dei problemstillingane utvalet synest å vere særleg opptekne av. 21. Nytt samordningsorgan avløyser ROK Eit nytt samordningsorgan med føremål om å styrkje politiarbeidet mot alvorleg kriminalitet, særleg organisert kriminalitet og/eller kriminalitet som skjer over fleire politidistrikt, er etablert. Samordningsorganet skal tildele økonomisk støtte til politidistrikta i tråd med dette føremålet. I instruksen til organet av 12. mai d.å. heiter det m.a. at moment i vurderinga av om det skal givast støtte, er kompleksiteten i etterforskinga, medrekna kor ressurs- og kostnadskrevjande ho er, og den alminnelege budsjettsituasjonen i politidistriktet. Organet kan m.a. gi støtte der eit politidistrikt er pålagt eller har teke på seg eit sentralisert etterforskingsoppdrag, og til 42 kriminalitetsdempande tiltak som ikkje er del av etterforsking, innanfor dei same kriminalitetsområda. I særlege tilfelle kan ein også gi støtte til Oslo politidistrikt og særorgan. Samordningsorganet er sett saman av ass. politidirektør, ass. riksadvokat og sjefen for Kripos, og er leidd av den første av desse. Sekretariatet er lagt til Kripos. Søknader om økonomisk støtte kan ein sende til sekretariatet, som førebur saka for samordningsorganet. Hasteavgjerder kan takast opp ved direkte kontakt mellom deltakarane i organet. Organet er i funksjon frå 1. juni d.å., og ROK er lagt ned med verknad frå same datoen. Instruksen for det nye samordningsorganet er sendt til alle statsadvokatembeta ved brev herifrå av 25. mai 2010. 22. Ny straffelov – nytt straffenivå Riksadvokaten gav i brev 23. desember 2009 til statsadvokatane, sjefane for særorgana og politimeistrane ei oversikt over rettstilstanden etter storkammeravgjerdene i Rt. 2009, side 1412 og Rt. 2009, side 1423. Om den vidare utviklinga, sjå Prop. 97 L (2009–2010), Innst. 314 L (2009– 2010) og lovvedtak 8. juni d.å. (nr. 62). Påtalemakta må gjere seg godt kjend med førearbeida til lova og bruke dei aktivt. For handlingar som er gjorde etter at det siste lovvedtaket tredde i kraft, dvs. 25. juni 2010 (lov nr. 46) skal påtalemakta leggje ned påstandar med utgangspunkt i det høgre straffenivået som er oppgitt i førearbeida, jf. Rt. 2009, side 1412 avsnitt 22 der det blir slått fast at etter at lova trer i kraft, «… plikter domstolene å legge til grunn et straffenivå slik det er kommet til uttrykk i lovens forarbeider. Straffutmålingen må skje ut fra dette og under hensyn til de særlige omstendigheter i den enkelte sak.» (Riksadvokaten viser også til eige brev herifrå av 5. juli d.å.) Også for handlingar som er gjorde mellom førre lovvedtak (19. juni 2009) og tida då den siste lovendringa trer i kraft, er det grunnlag for straffskjerping, jf. nærare Rt. 2009, side 1412 avsnitt 40, der det heiter at «… utviklingen mot et strengere straffenivå på de aktuelle rettsfeltene bør forsterkes for handlinger som skal avgjøres etter straffeloven av 1902, men som er begått etter at 2009-loven ble vedtatt». 23. Rapport frå Riksrevisjonen om organisert kriminalitet I Dokument 3: 10 (2009–2010) Riksrevisjonens undersøkelse av politiets innsats mot organisert kriminalitet blir det peikt på fleire svake sider ved politiarbeidet med denne sakstypen. Sjølv om ein kan reise innvendingar både mot revisjonsmetodikken, svara som er komne inn frå politidistrikta, og forholda som er påpeikte som veikskapar og manglar, er rapporten eit viktig grunnlagsdokument for å betre innsatsen mot organisert kriminalitet. Riksadvokaten forventar at statsadvokatane set seg inn i rapporten og brukar han aktivt når dei inspiserer og elles er i kontakt med politidistrikta. 24. Derivat Høgsterettsavgjerda i Rt. 2009, side 789 og dom av 16. april d.å. fastslår at stoffa GBL og fenazepam ikkje er derivat slik dette omgrepet skal forståast i narkotikalista. (Begge stoffa er i ettertid førte opp på lista.) Derivatregelen har no fått eit så usikkert bruksområde at han ikkje bør danne grunnlag for positive påtaleavgjerder. På bakgrunn av dette avgjorde Riksadvokaten i brev av 11. mai 43 2010 til statsadvokatane, sjefen for Kripos og politimeistrane at påtalemakta inntil vidare ikkje skal ta ut tiltale, skrive ut førelegg eller kome med andre positive påtaleavgjerder der nokon har hatt å gjere med stoff som ein berre reknar som narkotika fordi dei er derivat av stoff på narkotikalista. I brevet er det lagt til grunn at det ikkje kan vere nødvendig at påtalemakta sjølv går gjennom tidlegare dømde saker. Situasjonen som no har oppstått, er resultat av ei rettsutvikling, og det er truleg få saker der domfellinga berre er basert på bruk av derivatregelen. 25. Interne instruksar og rutinar for riksadvokatembetet Dei interne rutinane m.m. for riksadvokatembetet er for tida under gjennomgang, og dei vil bli samla i eit felles dokument som blir sendt til statsadvokatane til orientering. 26. DNA – kvalitetssikring Talet på spor som blir sende inn til DNA-analyse, har auka kraftig. Det er gledeleg og ei ønskt utvikling, jf. brevet frå Riksadvokaten av 15. august 2008 til statsadvokatane, sjefane for særorgana og politimeistrane med retningslinjer for m.a. innsamling av spor med sikte på DNA-analyse. Når talet på prøver stig, aukar også behovet for å sikre at det er dei rette prøvene som blir sende inn til analyse. Rettsmedisinsk institutt (RMI) orienterte i brev 16. februar d.å. om ei kartlegging av kva typar spor som ofte gir resultat ved DNA-analyse. Materialet, inkludert ei oversikt over «suksessratar» ved sikring av spor, vart sende til statsadvokatane, sjefane for særorgana og politimeistrane ved brevet frå Riksadvokaten 17. februar d.å. Det går m.a. fram av undersøkinga til RMI at spor frå berøringspunkt – til dømes vindaugshaspar og dørhandtak – sjeldan gir resultat. I brevet 16. februar d.å. understreka Riksadvokaten at kartlegginga til RMI må gjerast kjend på tenleg måte for alt personell som arbeider med sporsikring med tanke på DNAanalyse. Før sporprøver blir sende til RMI for analyse, skal ein gjere ein kvalitetskontroll. Riksadvokaten minner om retningslinjene herifrå av 15. august 2008, der det m.a. står at politimeisteren bør etablere rutinar som sikrar at ein overordna, til dømes med ansvar for det kriminaltekniske arbeidet i distriktet, godkjenner innsending av biologisk materiale til RMI for DNA-analyse. Ein minner også om kravet til kvalitet ved sporsikringa. Bevisverdien av ein DNA-profil er i høg grad avhengig av om ein kan påvise nokon samanheng mellom funn av biologisk materiale og den straffbare handlinga som er under etterforsking. Dette må derfor vere styrande når ein sikrar bevis. 27. Straffelova § 239 Å avgjere graden av aktløyse kan, særleg i trafikksaker, vere vanskeleg. Slike saker må ein handsame særleg grundig, og dei kan ofte vere eiga for drøfting med kollegaer før ein tek endeleg påtaleavgjerd. Lovførearbeida gir god rettleiinga i den nærare grensedraginga mellom vegtrafikklova § 3 og straffelova § 239, sjå seinast Ot. prp. nr. 22 (2008–2009) kapittel 6.9. Riksadvokaten minner også om retningslinjene i rundskriv nr. 3/2009. 44 28. Nytt juryutval Regjeringa sette 21. mai d.å. ned eit lovutval som skal vurdere framtida for juryordninga. Utvalet er leidd av lagdommar Per Jordal, Gulating lagmannsrett. Representanten frå påtalemakta i utvalet er statsadvokat Stina Sveier Nielsen frå Agder statsadvokatembete. 29. Grunngiving av skuldspørsmålet i jurysaker Høgsterettsavgjerda 13. november 2009 – Rt. 2009, side 1439 – påla som kjent lagmannsrettane å unntaksvis grunngi såkalla springande punkt i bevisvurderinga under skuldspørsmålet i lagrettesaker, dersom dette er nødvendig for at den domfelte og allmenta skal kunne etterprøve kvifor domfelling fann stad. (I Rt. 2009, side 1526 er det teke inn endå ei avgjerd om grunngivingsplikt.) Avgjerdene har reist enkelte spørsmål, m.a. om det er den samla lagmannsretten som skal utforme denne grunngivinga under handsaminga av reaksjonsfastsetjinga, eller om grunngivinga skal/kan vere utforma av dei tre fagdommarane åleine som eit ledd i spørsmålet om eventuelt å setje orskurden frå lagretten til sides. Problemstillinga vart nyleg handsama av Høgsterett, og i dom av 30. juni d.å. (sak 2010/534), der det også blir grundigare klargjort når det ligg føre grunngivingsplikt (avsnitt 22: «Bare der det foreligger et konkret behov for begrunnelse – som trer klart frem – fordi sentrale punkter i bevisvurderingen blir stående uforklart, vil det være nødvendig å begrunne bevisresultatet»), er det drøfta kven som i så fall skal gi grunngivinga. På vegner av fleirtalet (fire dommarar) konkluderer førstevoterande slik (avsnitt 43): «På denne bakgrunn er jeg kommet til at i de unntakstilfellene hvor det må gis en begrunnelse for bevisvurderingen under skyldspørsmålet, skal denne gis av de tre fagdommerne alene som ledd i begrunnelsen for vurderingen etter straffeprosessloven § 376 c». Statsadvokatane må setje seg godt inn i dei avgjerdene som finst om dette temaet, og følgje rettsutviklinga nøye, ikkje minst slik at påtalemakta bidreg til at det blir gitt adekvate og korrekte grunngivingar i dei rette sakene. Det same gjeld sjølvsagt for politiaktorar som fører saker for lagmannsretten. 30. Ny bok om arbeidsmiljøkriminalitet Lagdommar Rune B. Hansen i Agder lagmannsrett (tidlegare førstestatsadvokat ved Økokrim) har utarbeidd ei handbok i etterforsking og påtalehandsaming av brot på tryggleiksføresegnene i arbeidsmiljølova. Boka er praktisk innretta og eit svært nyttig hjelpemiddel ved etterforsking, påtalehandsaming og føring av arbeidsmiljøsaker for retten. Boka er gitt ut i Økokrims skriftserie (fagbok nr. 19). 31. Nettsida til Den høgre påtalemakta – intranett Statsadvokatembeta kan med fordel leggje ut meir på nettsida og intranettet, til dømes viktige påtaleavgjerder, rettsavgjerder, høyringsfråsegner osb. Stoff ein ønskjer å leggje ut, sender ein som e-post til Riksadvokatembetet (postmottaket) med forslag til ein kort «ingress» og det aktuelle materialet som vedlegg (gjerne som PDF-fil). 32. Kurs for nye statsadvokatar Kurset blir halde på Svalbard 13.–17. september d.å. og er i første rekkje meint for fast utnemnde statsadvokatar. Frist for påmelding var 28. mai d.å. 33. Neste møte Statsadvokatmøtet 2011 blir halde i Oslo 24.–26. mai med Økokrim som teknisk arrangør. Troms og Finnmark statsadvokatembete er teknisk arrangør for møtet i 2012. 45 God sommar! Venleg helsing Tor-Aksel Busch Knut H. Kallerud ass. Riksadvokat 46 RIKSADVOKATEN Statsadvokatane REF.: VÅR REF.: DATO: Ra 10-168 KHK/jaa 810.2 01.06.2011 Statsadvokatmøtet 2011 – oppsummering Takk for sist og for gode innspel og erfaringsutveksling under statsadvokatmøtet i Son 24.–26. mai d.å. Riksadvokaten summerer også i år opp dei pålegga og retningslinjene som vart gitte under årets statsadvokatmøte. Embetsleiarane må sørgje for at oppsummeringa blir formidla til alle statsadvokatane. Ein kan med fordel gå gjennom henne i plenum ved embeta. Riksadvokaten reknar også med at statsadvokatane formidlar pålegg m.m. til politimeistrane, påtalejuristane og andre relevante personar i regionen på tenleg måte. Oppsummeringa vil bli lagd ut på KO:DE, intranettet og nettsida til Riksadvokaten. Ei innhaldsliste er lagd ved oppsummeringa. 1. Eurojust Førstestatsadvokat Anne Grøstad er no godt etablert som sambandsstatsadvokat ved Eurojust. Ho er tilgjengeleg for støtte til politiet og statsadvokatane. Riksadvokaten viser til tidlegare orienteringar om kva støtte ho kan gi, og statsadvokatane blir oppmoda om aktivt å bruke denne moglegheita og bidra til at politidistrikta gjer det same. 2. Straffelova §§ 195 og 196 – å vere jambyrdig i alder og utvikling Statsadvokatane skal gje særleg merksemd til reaksjonsspørsmålet m.a. i saker om seksuallovbrot, jf. rundskriv nr. 1/2010 frå Riksadvokaten punkt III,4 og nr. 1/2011 punkt 5. Straff for seksuell omgang med mindreårige «kan» som kjent falle vekk – eller for brot på § 195 bli sett under det bestemte lågmålet – dersom dei som har hatt den seksuelle omgangen, er «omtrent jevnbyrdige i alder og utvikling», jf. § 195 fjerde ledd og § 196 fjerde ledd. Det er altså her tale om ein grunn for bortfall av straff som stiller to kumulative vilkår (som prosessuelt høyrer til 47 skuldspørsmålet). Bortfall av straff er fakultativt, jf. «kan» (om straffa bør falle bort, høyrer prosessuelt under straffespørsmålet). I ein del saker som kjem inn til riksadvokatembetet, har ikkje spørsmålet om dei involverte er jambyrdige i utvikling, fått nok merksemd, og etterforskinga gir heller ikkje alltid nok grunnlag for å ta stilling til om dette vilkåret er oppfylt. Sjølv om ein konstaterer at nokon er jambyrdige i alder og utvikling, må ein vurdere grundig om straffa bør falle bort. Mellom anna vil det vere sentralt å vurdere nærare om det er element av utnytting i forholdet mellom den sikta og den fornærma. Statsadvokatane bør ved passande høve minne politiet om korleis ein skal forstå føresegnene i straffelova §§ 195 og 196, og understreke den grundige vurderinga som krevst av både dei kumulative vilkåra og om straffa bør falle bort. Disposisjonen til konst. førstestatsadvokat Guri Lenth som vart brukt ved gjennomgangen av føresegnene på statsadvokatmøtet, er send til statsadvokatembeta og vil også bli lagt ut på intranettet og KO: DE. 3. Straffelova § 219 – ulike tolkingsspørsmål Alvorleg familievald er som kjent eit sentralt prioritert straffesaksområde. Kjerneføresegna er no straffelova § 219, sjå nærare i Riksadvokatens rundskriv nr. 3/2008 «Familievold» punkt V, 2.1 og VIII og Riksadvokatens rundskriv nr. 1/2011 punkt 5. Statsadvokatane er – framleis – forventa å rette særleg merksemd mot bruken av denne føresegna. Straffeloven § 219 reiser ei rekkje ulike tolkingsspørsmål, m.a. kva personkrins som er verna, kva handlingar som – åleine eller ved gjentaking – kan utgjere slik mishandling som føresegna rammar, og i kva grad ein kan nytte føresegna i idealkonkurrens med ulike straffebod som rettar seg mot integritetskrenkingar. Det er dessutan spørsmål om kvar terskelen skal liggje for å bruke straffskjerpingsregelen i andre ledd. PowerPoint-presentasjonen som vart nytta av statsadvokat Katharina Rise under gjennomgangen hennar av føresegna på statsadvokatmøtet, vil bli send til statsadvokatane med det første og også lagd ut på intranettet og KO: DE. 4. Narkotikasaker: låg styrkegrad og subsumsjon Etter ordlyden i straffelova § 162 andre ledd er spørsmålet om det er snakk om eit grovt narkotikabrotsverk – med forhøgd strafferamme – avhengig av ei heilskapsvurdering der det «særlig skal legges vekt på hva slags stoff den gjelder, kvantumet og overtredelsens karakter». I praksis vil likevel ofte mengda stoff vere avgjerande for subsumsjonen. Etter tredje ledd blir strafferamma heva der lovbrotet gjeld «et meget betydelig kvantum». Som kjent er det gitt retningslinjer om korleis kvantumet påverkar subsumsjonen i rundskriv nr. 1/1998 frå Riksadvokaten punkt II. Utgangspunktet er at avvik frå normal styrkegrad – både oppover og nedover – skal verke inn på straffutmålinga og ikkje på subsumsjonen, jf. Rt. 2005, side 1473 avsnitt 8. Det må gjelde for grensa mot både andre og tredje ledd. Men ein kan, slik det kjem fram av det nemnde avsnittet, fråvike utgangspunktet: «Etter Høyesteretts praksis vil store avvik fra det normale mht. renhetsgrad måtte tillegges betydning ved straffutmålingen ut fra en totalvurdering. Etter min oppfatning vil slike avvik også i særlige tilfeller kunne få betydning for subsumsjonen. For lave 48 renhetsgrader betyr dette etter min mening at avviket må være så stort at man ved omregning basert på normal renhetsgrad har å gjøre med kvanta som ligger vesentlig under det etablerte terskelnivå.» Ved så låg reinleiksgrad at stoffet er tilnærma ubrukeleg for (ordinære) rusformål, er det klart at styrkegraden må verke inn på subsumsjonen. Ein må vidare – for pulverstoffa – leggje vekt på om stoffet har så låg strykegrad at det ikkje er eigna for injeksjon. Elles er vurderinga vanskeleg, og det er neppe tenleg om påtalemakta gjer bruk av ein rein omrekningsformel. Ein kan derfor ikkje gi direktiv om at det aktuelle narkotikapartiet – rekna om til stoffmengd med normal styrkegrad – må utgjere ein viss prosentdel av terskelnivåa som gjeld. Dette kan likevel gi ei viss rettleiing: I den nemnde avgjerda frå 2005, der Høgsterett fann grunn til å problematisere subsumsjonsspørsmålet, men ikkje nedsubsumerte, var det tale om eit beslag på 64 gram heroin med ein reinleiksgrad på 4–7 %. Stoffet utgjorde 8,4–12,6 gram heroin rekna om til normal styrkegrad. Dette vart vurdert mot at grensa for grovt narkotikabrotsverk etter andre ledd er ca. 15 gram, dvs. at det beslaglagde stoffet utgjorde 56–84 % av det kvantumet som utgjer terskelnivået. I saker der Riksadvokaten har nedsubsumert siktingar etter tredje ledd og returnert saka til statsadvokaten for tiltale etter andre ledd, har den aktuelle stoffmengda, rekna om til normal styrkegrad, ofte utgjort mindre enn ein tredjedel av det etablerte terskelnivået. Det blir understreka at subsumsjonen i grensetilfelle ikkje får særleg å seie for straffutmålinga, jf. Rt. 1997, side 1667. 5. Avgjerd om gjenopning – oppfølging av uskuldspresumsjonen etter at domfelte er død Har gjenopptakingkommisjonen avgjort at ei sak skal gjenopnast og den tidlegare domfelte døyr, skal retten som kjent gi frifinningsdom utan handsaming av realiteten i skuldspørsmålet og utan hovudforhandling, jf. straffeprosesslova § 400 femte ledd. Ein må også passe på uskuldspresumpsjonen overfor seinare avdøde, m.a. ved fråsegn til Statens sivilrettsforvaltning i samband med handsaming av krav frå etterlatne om erstatning og oppreisning for urettmessig strafforfølging. Det er forståeleg at ein kan ønskje å gi uttrykk for påtalemakta sitt syn på kva grad av urett – om nokon – som er gjord mot den som opphavleg vart domfelt i saka, m.a. om tiltalen ville ha vorte fremja på nytt for å få avgjort realiteten i skuldspørsmålet dersom den domfelte var i live. Dette lèt seg likevel vanskeleg sameine med uskuldspresumsjonen fordi ein med ein viss rett kan oppfatte ei slik fråsegn som ei vurdering av realitetane i saka. I denne samanhengen viser Riksadvokaten til vilkåra for å ta ut tiltale, slik desse kjem til uttrykk seinast i rundskriv nr. 2/2010 frå Riksadvokaten punkt III,2, og som i utgangspunktet også gjeld når ein vurderer om ein skal fremje ei gjenopna sak på nytt: «Påtalemyndigheten må være overbevist om siktedes straffeskyld for å ta ut tiltale, og den må være av den oppfatning at straffeskylden kan bevises i retten.» 6. Konkurssaker – innmelding av straffbare forhold Det har over tid vore ein tendens til at straffbare forhold som blir melde inn av bustyrarar, ikkje har fått ei fullt ut tilfredsstillande strafferettsleg oppfølging. For å bøte på situasjonen er det sett i verk ei rekkje tiltak, ikkje minst i regi av Konkursrådet. I møte med Riksadvokaten 4. november 2010 orienterte rådet om ulike prøveprosjekt og tiltak, og det vart avtala at rådet ville utarbeide ei samling dokument med tilrådingar og informasjon om aktuelle prosjekt. Materialet er sendt til statsadvokatane og politimeistrane ved brevet frå Riksadvokaten av 6. januar 2011. 49 Dei generelle tilrådingane frå Konkursrådet om innmelding av straffbare forhold vil truleg føre til ein viss reduksjon i tilfanget av mindre alvorlege konkurssaker. Dei ressurssparingane dette eventuelt medfører, vil ein kunne bruke til etterforsking og rettsleg handsaming av meir alvorleg konkurskriminalitet. Det er elles truleg at ein bør vurdere om og i kva grad dei praktiske løysingane det er lagt opp til i samband med prøveprosjekta i Oslo, vil kunne vere tenlege også i dei andre politidistrikta i landet, og at dei respektive politimeistrane vurderer dette. Statsadvokatane kan med fordel involvere seg i desse vurderingane. Elles minner Riksadvokaten om at innmelding av straffbare forhold i konkurs er å sjå som politimeldingar, og dei skal derfor handsamast som dette – dvs. bli registrerte som straffesaker og bli følgde opp med nødvendig alvor. Å leggje vekk saker på grunn av manglande sakshandsamingskapasitet kan ein berre gjere etter ei nærare, forsvarleg og grunngitt vurdering, sjå punkt 34 nedanfor. 7. Ransaking ved tryggleikskontroll – fråsegn frå Sivilombodsmannen Sivilombodsmannen har handsama ei sak med bakgrunn i ein tryggleikskontroll der ein journalist i Dagbladet, på veg inn til ei hovudforhandling i Oslo tingrett («Aker Bryggesaka»), vart fråteken dokument av tenestemenn i politiet. Tenestemennene bladde også gjennom ei tydeleg merkt presseblokk. Begge inngrepa skjedde trass i at journalisten sa frå om at han meinte dokumenta var omfatta av kjeldevernet til pressa. Riksadvokaten svara på spørsmål frå Sivilombodsmannen i saka i brev 26. august 2009, og skreiv m.a.: «Etter ombudsmannens avsluttende behandling vil riksadvokaten vurdere om en skal tilrå at Politidirektoratet innskjerper overfor politiet at sikkerhetskontroll ikke kan lede frem til straffeprosessuell ransaking og/eller beslag uten at vilkårene foreligger. Ikke minst er det viktig at dette iakttas overfor pressens representanter.» I den avsluttande fråsegna i saka 29. april d.å. kom ombodsmannen til at politiet krenkte EMK artikkel 10 om ytringsfridom to gonger då dei gjennomførte den aktuelle tryggleikskontrollen. Han kritiserte m.a. måten journalisten vart handsama på, og at tenestemennene ikkje respekterte retten han og Dagbladets hadde til kjeldevern i samband med gjennomføringa av tryggleikskontrollen i Oslo tingrett. Riksadvokaten har etter dette, i brev 11. mai d.å., rådd Politidirektoratet til å skjerpe inn overfor politimeistrane at tryggleikskontrollar må gjennomførast innanfor det gjeldande regelverket for slik reint polisiær verksemd, som ein må avgrense mot bruken av straffeprosessuelle tvangsmiddel. Vidare gir Riksadvokaten uttrykk for at det bør gå klart fram av ei slik innskjerping at ransaking og/eller beslag berre kan nyttast der vilkåra for dette er til stades, og at ein må respektere kjeldevernet til pressa. I samband med dette må ein vere merksam på vernet i EMK artikkel 10. Gjenpart av brevet frå Riksadvokaten 11. mai d.å. til Politidirektoratet, med den avsluttande fråsegna frå Sivilombodsmannen som vedlegg, er tidlegare send til statsadvokatane som gjenpartsadressatar, til orientering. Brevet kan tene som eit mogleg utgangspunkt for å følgje opp overfor politiet – i samband med inspeksjonar osb. – dei straffeprosessuelle spørsmåla saka reiser. 50 8. Varetektsfengsling – gammal og ny undersøking I løpet av relativt kort tid har talet på sikta som er varetektsfengsla, auka vesentleg. Det kan sjå ut til at auken særleg har funne stad ved politidistrikt i Oslo statsadvokatregion, først og fremst i Oslo politidistrikt. Med utgangspunkt i denne – for norske forhold – ekstraordinære utviklinga gav Riksadvokaten i brev 8. mars 2010 Oslo statsadvokatembete i oppdrag å undersøkje bakgrunnen nærare. Det vart vist til behovet for kunnskap om kva som skjuler seg bak tala, og om årsakene til auken, og dessutan at ein måtte vurdere fengslingspraksisen til politiet nærare. Oslo statsadvokatembete gjekk totalt gjennom 72 saker frå Oslo politidistrikt og Søndre Buskerud politidistrikt, og sende over resultatet av undersøkinga i brev 1. juni 2010. For å seie det kort når det gjeld kartleggingsdelen, viser dei til at for Oslo politidistrikt var unndragingsfare fengslingsgrunnlag i 53 % av sakene, medan 74 % av dei fengsla var utan tilknyting til Noreg, eller berre delvis hadde slik tilknyting for Søndre Buskerud politidistrikt var unndragingsfare fengslingsgrunnlag i 67 % av sakene, medan 83 % av dei fengsla var utan tilknyting til Noreg, eller berre delvis hadde slik tilknyting i begge politidistrikta enda varetektsperioden med utvising i 8 % av sakene Ei sentral vurdering var at utviklinga i retning av auka bruk av varetekt synest å vere resultat av målretta motarbeiding av særlege kriminalitetsproblem, m.a. mobile vinningskriminelle utlendingar og asylsøkjarar som sel mindre mengder narkotika. Fengsling synest ikkje å bli nytta i strid med regelverket eller i større omfang enn det som er nødvendig eller tenleg. Det er snarare slik at fleire kunne ha vore fengsla, men at manglande fengselskapasitet til dels fører til for tidleg lauslating. For dei langvarige fengslingane burde varetektstida ideelt sett ha vore korta noko ned, sjølv om det er vanskeleg å peike på enkeltståande ledd der det skulle ha gått raskare. Undersøkinga vart send til Justisdepartementet til orientering ved brevet frå Riksadvokaten av 5. juli d.å., med statsadvokatane som gjenpartsadressatar. Som kjent har ikkje problemstillingane knytt til fengslingspraksis og manglande fengslingskapasitet vorte mindre aktuelle. Det vil derfor bli gjennomført ei ny undersøking av fengslingspraksis i år i regi av Oslo statsadvokatembete. Det er viktig at statsadvokatane rettar særleg merksemd mot utnyttinga av dei tilgjengelege varetektsplassane, og at dei elles held eit vake auge med fengslingspraksis. Riksadvokaten minner om at det tidlegare er instruert om at alternative reaksjonar til fengselsstraff skal brukast der forholda ligg til rette for det. Det også ønskjeleg å overføre fleire utanlandske domfelte til soning i heimlandet. 51 9. Klager over påtalevedtak – oppreisning for fristbrot Som kjent fastset straffeprosesslova § 59 a ein klagefrist på 3 veker. Rett til klagehandsaming føreset at klaga kjem til rett tid. Klager som er sette fram for seint, skal ein som utgangspunkt avvise. Ei klage kan likevel etter omstenda bli teken til realitetshandsaming i kraft av den alminnelege tilgangen til omgjering. I den forstand kan det seiast å vere tilgang til å gi oppreisning for fristbrot. Ein situasjon der det kan vere rimeleg å realitetshandsame ei klage som er sett fram for seint, er der den fornærma først klagar på ei avgjerd om vekklegging utan å få medhald, og den mistenkte deretter – og etter klagefristen – klagar på grunnlaget for vekklegging. Ein annan slik situasjon er der det etter ei førebels vurdering kan sjå ut til at klaga bør kunne føre fram. I rundskriv nr. 2/1996 frå Riksadvokaten punkt III heiter det elles at det uavhengig av klagefristen «likevel [...] [bør] vurderes å ta under behandling klager i tilfeller som nevnt i forvaltningsloven § 31», til dømes at klagaren ikkje kan lastast for fristbrotet. Men tilvisinga til fristoppreisningsregelen i forvaltningslova kan ikkje forståast slik at klaga i tilfella som er nemnde, skal reknast som innkomen til rett tid, berre slik at påtalemakta bør vurdere slike saker med utgangspunkt i den alminnelege tilgangen til omgjering. Straffeprosesslova har inga føresegn om oppreisning med verknad for omgjeringsfristane. I Ot.prp. nr. 66 (2001–2002), side 119 legg Justisdepartementet til grunn at det ikkje er ønskjeleg å innføre ein generell fristoppreisningsregel i norsk rett, og at uheldige utslag av ein absolutt klagefrist heller må bøtast på gjennom å tilpasse lengda på klagefristen. Det er berre klager som er komne inn til rett tid, som gir forlengd tilgang til omgjering etter straffeprosesslova § 59 a fjerde ledd andre punktum: «tre måneder fra påtalemyndigheten mottok klagen». Når det er snakk om klager som er komne inn til rett tid, der den mistenkte har hatt status som sikta, må altså ei eventuell omgjering skje innanfor den alminnelege omgjeringsfristen etter straffeprosesslova § 75 andre ledd: «innen tre måneder etter at henleggelsesvedtaket ble truffet». (I saker der ingen har vore sikta, er det som kjent ingen omgjeringsfrist.) Ved Riksadvokatembetet har det i løpet av dette året kome inn eit par saker der omgjeringsfristen etter § 75 andre ledd har gått ut medan ei for seint innkomen klage har lege hos statsadvokaten. Ein har derfor ikkje kunna realitetshandsame desse klagene. For å unngå slike situasjonar er det viktig at også for seint innkomne klager blir ekspederte raskt til overordna påtalemakt, jf. rundskriv nr. 4/2002 frå Riksadvokaten punkt IV bokstav f. 10. Omgjering av vekklegging – ny innstilling til Riksadvokaten I ein del klagesaker gjer Riksadvokaten om avgjerda til statsadvokaten om vekklegging og gir ordre om ny etterforsking. Dersom saka vart lagd vekk i medhald av straffeprosesslova § 224 (ikkje rimeleg grunn til å setje i verk etterforsking), vil Riksadvokaten generelt be statsadvokaten om å gjere ei fullstendig ny vurdering av saka etter at etterforskinga er slutt, og å gjere nytt påtalevedtak, som deretter eventuelt kan klagast inn til Riksadvokaten. Er saka etterforska, men Riksadvokaten gir ordre om nye etterforskingsskritt, skal ein i utgangspunktet returnere saka til riksadvokatembetet for endeleg klagehandsaming. 52 Statsadvokaten skal ved den nye innsendinga til Riksadvokaten gi uttrykk for korleis ein no vurderer bevisa, og om tilleggsetterforskinga bør føre til endring av vedtaket om vekklegging. Avhengig m.a. av omfanget og karakteren av den nye etterforskinga som skal gjerast, vil Riksadvokaten i enkelte saker i omgjeringsvedtaket gi statsadvokaten mynde til å gjere nytt påtalevedtak. I nokre tilfelle vel ein den forma at dersom statsadvokaten fører vidare vekklegginga etter at tilleggsetterforsking er gjennomført, skal ein sende saka til Riksadvokaten for avsluttande klagehandsaming. Det vil gå uttrykkeleg fram av omgjeringsvedtaket frå Riksadvokaten korleis saka skal handsamast vidare etter gjennomført (tilleggs)etterforsking. 11. Objektivitetsplikta til aktor på domstolsstadiet Som ledd i å følgje opp forslaga frå Mæland-utvalet i NOU 2007: 7 Fritz Moen og norsk strafferettspleie vart det ved lovendring 10. desember 2010 (i kraft same dagen) gitt ei ny føresegn i straffeprosesslova § 304 første ledd tredje punktum, der det no står: «Fremstår det som klart for aktor at det ikke er ført tilstrekkelig bevis for domfellelse, skal aktor for forholdet det gjelder frafalle tiltalen eller nedlegge påstand om frifinnelse.» Det går fram av førearbeida til føresegna, Prop. 141 L (2009–2010), side 92–93 og 139, at ho tek sikte på å klargjere objektivitetsplikta til påtalemakta på alle stadium av saka og kodifiserer gjeldande, ulovfesta rett: Påtalemakta må kort sagt kunne stå inne for tiltalane sine heilt fram til domfellinga. Den nye føresegna reiser særleg to tolkingsspørsmål: (1) For det første er det spørsmål om korleis ein skal forstå klarleikskravet som er stilt opp. Sjølv om det ikkje går fram av ordlyden, går det fram av førearbeida – under tilvising til høyringsuttalen frå Riksadvokaten – at den avgrensinga som ligg i at ein stiller opp eit krav om klarleik, i første rekkje tek sikte på situasjonen der tvilen til aktor knyt seg til om bevisa vil halde til domfelling. Dette kan til dømes vere på grunn av forstyrringar eller misforståingar under forhandlingane (men likevel slik at aktor sjølv framleis er overtydd om at den tiltala er skuldig, og dessutan meiner bevissituasjonen sakleg sett er god nok til domfelling). Førearbeida gir vidare att dette frå fråsegna til Riksadvokaten: «Det kan vel også tenkes andre komplikasjoner knyttet til forståelsen av beviskravets ulike elementer, f.eks. tvil på et lite opplyst punkt som reelt sett er av mer underordnet betydning. I en slik situasjon vil det etter omstendighetene fremstå som rettssikkerhetsmessig ubetenkelig at aktor som et alternativ til frifinnelsespåstand redegjør for svakheter i den aktuelle del av bevisførselen.» (2) For det andre er det – gitt at klarleikskravet er oppfylt – spørsmål om kva kriterium ein skal leggje til grunn for valet mellom å fråfalle tiltalen eller leggje ned påstand om frifinning. Førearbeida gir ingen føringar utover å vise til at det ikkje blir gjort endringar i reglane om at det ikkje er mogleg å fråfalle tiltalen etter at dom har falle i første instans, jf. straffeprosesslova § 72 første ledd første punktum fråfall krev samtykke frå Riksadvokaten dersom tiltalespørsmålet høyrer under Kongen eller Riksadvokaten, jf. straffeprosesslova § 254 første ledd andre punktum 53 I høyringsfråsegna frå Riksadvokaten blir dette sagt om valet mellom alternativa (side 11): «Tiltalefrafall – som binder retten til å avsi frifinnelsesdom – vil nok i praksis særlig være aktuelt der det ikke har vært mulig å føre de påtenkte bevis, typisk at en fornærmet ikke møter til tross for lovlig stevning i en mindre alvorlig sak. Hvor det i en alvorlig sak er gjennomført en fullstendig bevisførsel, bør nok aktor regelmessig velge påstand om frifinnelse dersom han eller hun kommer i alvorlig tvil om skyldspørsmålet.» Det at førearbeida understrekar objektivitetsplikta til påtalemakta på alle stadium av saka, gjer det elles aktuelt med nokre merknader om innstilling til overordna påtalenivå. Det har skjedd at det i påskrifta til overordna påtalemakt er innstilt på tiltale, medan det i eit internt notat i større eller mindre grad er gitt uttrykk for tvil om grunnlaget for tiltale. Riksadvokaten gir slike retningslinjer om dette: Dersom det blir konkludert med at det ikkje er bevismessig grunnlag for tiltale, skal ein innstille på at saka blir lagd vekk i påskrifta. Ein kan gjerne gi uttrykk for at ein føreslår å leggje vekk saka under tvil. Nærare grunngiving for innstillinga kan ein gi i internt notat eller i påskrifta. Vurderingar som kan verke lite omsynsfulle overfor ein eller fleire av partane i saka, bør ikkje gå fram av påskrifta. Meiner ein at det er bevismessig grunnlag for tiltale, bør ein eventuelt gjere greie for bevisvurderinga i eit internt notat. Ved tvil om rettsbruk gjeld som kjent ikkje det strenge strafferettslege beviskravet, og ein må innstille på slikt påtalevedtak som ein meiner har dei beste grunnane for seg. Ein kan gi uttrykk for tvil om rettsbruk i internt notat eller i påskrifta. 12. Trugsmål mot journalistar og redaktørar Norsk redaktørforening og Norsk journalistlag har i eit felles brev 31. januar 2011 bede om at trugsmål mot journalistar og redaktørar blir sett på «prioriteringslista» til Riksadvokaten for å setje i verk og gjennomføre etterforsking. Riksadvokaten deler synet til redaktørforeininga og journalistlaget på alvoret og straffverdet av trugsmål mot m.a. journalistar og redaktørar, og dette har også støtte i avgjerder i Høgsterett og i underrettsdommar. Mål- og prioriteringsrundskrivet frå Riksadvokaten for 2011 vart gitt ut allereie 8. februar 2011, og det var ikkje tid til å vurdere dei spørsmåla som var tekne opp i brevet, før rundskrivet vart gitt ut. Fellesbrevet vart omtala på eit møte Riksadvokaten hadde med embetsleiarane i mars 2011. Ein har merkt seg at det i brevet ikkje er oppgitt døme på manglande etterforsking eller påtaleoppfølging i domstolane. Riksadvokaten ber like fullt om at statsadvokatane held seg orienterte om saker som gjeld trugsmål eller vald mot journalistar som måtte vere til handsaming i dei respektive politidistrikta, og om nødvendig at dei sikrar at desse får nødvendig prioritet. Dersom redaktørforeininga eller journalistlaget i konkrete tilfelle finn grunn til å reise spørsmål ved prioriteringane til politiet, har Riksadvokaten tilrådd dei å ta opp problemstillinga med statsadvokaten, gjerne med gjenpart til Riksadvokaten. 54 13. Forvaltningsrevisjonane frå Riksrevisjonen Riksrevisjonen har dei siste åra gjennomført fleire forvaltningsrevisjonar av ulike sider ved arbeidet til politiet og påtalemakta. To av desse er omtala nærare nedanfor. a) Organisert kriminalitet Riksrevisjonen la i mai 2010 fram undersøkinga si av innsatsen til politiet og påtalemakta mot organisert kriminalitet. Dette vart omtala på statsadvokatmøtet i fjor, der det m.a. vart vist til at Riksadvokaten forventar at statsadvokatane set seg inn i rapporten og brukar han aktivt ved inspeksjonar og annan kontakt med politidistrikta. Rapporten vart handsama i ei open kontrollhøyring i Stortinget i oktober 2010 der m.a. riksadvokaten, politidirektøren og nokre politimeistrar deltok i tillegg til statsråden. Innstillinga frå justiskomiteen kan ein finne i Innst. 79 S (2010-2011). Ein må kunne konkludere med at politiet og påtalemakta kom betre ut ved handsaminga i kontrollog konstitusjonskomiteen enn i undersøkinga til Riksrevisjonen. Gjennom høyringa kom det tydeleg fram at det på fleire av dei områda der Riksrevisjonen hadde kome med kritiske merknader, hadde skjedd ei positiv utvikling. Komiteen lytta merksamt til innspel både frå Riksadvokaten og andre under høyringa om behov for utvida moglegheit for vern av vitne og politiinformantar. I mål- og prioriteringsrundskrivet for 2011 er motarbeiding av organisert kriminalitet omtala, m.a. på bakgrunn av undersøkinga frå Riksrevisjonen, stortingsmeldinga om organisert kriminalitet og stortingshandsaminga av desse dokumenta. I rundskrivet har Riksadvokaten m.a. teke inn dei sentrale suksessfaktorane for motarbeiding av mobil vinningskriminalitet, ei oppmoding til politimeistrane om å gjere seg nytte av dei finansieringsmoglegheitene som ligg i samordningsorganet for Politidirektoratet og Riksadvokaten, og ei påminning til statsadvokatane om ansvaret deira som initiativtakarar og pådrivarar for samordning eller sentralisering av etterforsking i regionane sine. På dette området er det utan tvil plass for auka merksemd og større engasjement frå statsadvokatane. b) Vinningskriminalitet Riksrevisjonen gjennomfører for tida ei undersøking av politiarbeidet med vinningskriminalitet som er forventa lagd fram for Stortinget til hausten. Det vil ikkje overraske om Riksrevisjonen har kritiske synspunkt knytt til politiet si evne til å oppklare m.a. grove tjuveri frå bustader. Forhåpentleg vil undersøkinga kunne bidra til å auke kvaliteten på politietterforskinga og gi endå større legitimitet til fagleiinga til statsadvokatane av straffesakshandsaminga i politiet. Riksadvokaten forventar at statsadvokatane følgjer med og gjer aktiv bruk også av denne undersøkinga når dei er i kontakt med politiet. 14. Målekriteria til politiet Det blir framleis stilt spørsmål ved om dagens målekriterium for politiet (sakshandsamingstid og oppklaringsprosent) er heldige, ikkje minst frå enkelte politileiarar og representantar for Politiets fellesforbund, jf. også punkt 1 i oppsummeringa frå statsadvokatmøtet i 2010. Det er grunn til å forvente vidare diskusjon og utgreiing av dette. Riksadvokaten har i ulike samanhengar gitt 55 uttrykk for at ein gjerne bør vurdere moglegheitene for betre måleparametrar, og at det kan vere tenleg også å måle andre sider av politiarbeidet enn i dag. Det kan likevel ikkje vere tvil om at ein må kunne dokumentere slike grunnleggjande forhold som kor stor del av den politimelde kriminaliteten politiet maktar å oppklare, og kor lang tid dette tek. Dette er essensiell styrings- og kontrollinformasjon. Statsadvokatane må gjennom kontakten med politiet aktivt motverke eventuelle tendensar til at politiinnsatsen blir styrt vekk frå dei sentralt prioriterte områda (til dømes alvorleg internasjonal og organisert kriminalitet), fordi dei gir mindre utslag på oppklarings- og sakshandsamingsstatistikken. 15. Fråsegner frå påtalemakta om anken til den domfelte bør visast til annan instans Fråsegner frå påtalemakta til anken frå den domfelte kan vere avgjerande i ankesilingsprosessen, og ein bør leggje arbeid i desse. Særleg viktig vil det vere å kommentere moment ein meiner det ikkje er dekning for, og påstandar om gangen i hovudforhandlinga. Statsadvokatane kan også støtte domstolane ved å konsentrere merksemda om det sentrale i ankesaka og peike på nemnde forhold og omstende som ein meiner har lite å seie for den rettslege vurderinga. 16. Elektronisk sending av saksdokument til forsvararar Ei arbeidsgruppe som var oppnemnd av Advokatforeningen og Riksadvokaten, la i september 2010 fram «Rapport om oversendelse av elektroniske straffesaksdokumenter til forsvarere». Arbeidsgruppa, som er leidd av statsadvokat Nina Prebe, har gjort eit utmerkt arbeid. Rapporten har vore på høyring i påtalemakta og hos medlemmene av Advokatforeningen. Dei statsadvokatembeta og politimeistrane som har uttala seg, er gjennomgåande positive til ideen, men har også ein del innvendingar, særleg knytt til tekniske problem. Frå advokathald er uroa hovudsakleg knytt til den tekniske tilrettelegginga, at det å sende over elektroniske dokument ikkje må forvanske klienten sin tilgang til dokumenta, og at utgifter til utskrifter må bli dekte av det offentlege. I brev 9. mai d.å. har Riksadvokaten skrive at innføring av ei ordning med obligatorisk sending av saksdokument på CD/minnepinne vil krevje vesentlege tekniske endringar og betringar i sakshandsamingssystemet til politiet og påtalemakta. Det synest også å vere behov for avklaringar for advokatane sin del. Advokatforeningen og Riksadvokaten er einige om at det ikkje no er tenleg å be om omfattande endringar i dagens sakshandsamingssystem (BL). Det vil i framtida vere svært aktuelt å sende straffesaksdokument elektronisk til forsvararar og bistandsadvokatar. Riksadvokaten har derfor meldt inn behovet for tekniske løysingar som kan handtere dette, i samband med det nye straffesakssystemet som er under utvikling. Riksadvokaten legg til grunn at det ikkje er rettslege hindringar for å sende/levere straffesaksdokument til forsvararar på eit elektronisk lagringsmedium, jf. påtaleinstruksen §§ 16-2 og 25-5 («kopi» må kunne givast også i elektronisk form). I mange saker vil det vere tenleg å sende over alle eller delar av dokumenta på ein slik måte. Riksadvokaten oppmodar derfor til å leggje til rette for auka bruk av elektroniske lagringsmedium som alternativ til sending av papirversjonar. Slik sending må likevel skje i samråd med forsvararen i den enkelte saka. (Av tryggleiksgrunnar bør ein som hovudregel ikkje sende straffesaksdokument utanfor etaten via e-post.) 56 Politiet og statsadvokatane bør ta vare på erfaringane dei har med elektronisk formidling av straffesaksdokument, slik ein kan gjere seg nytte av desse når ein eventuelt skal etablere ei formell nyordning. 17. Særreaksjonssaker a) Kompetansespørsmål Frå tid til anna oppstår det spørsmål om kva for aktuelle særreaksjonssaker som skal leggjast fram for Riksadvokaten. Dette er regulert i Riksadvokatens rundskriv nr. 4/2001 punkt VII,4 og i brev 13. februar 2008 frå Riksadvokaten til statsadvokatane, og det kan oppsummerast slik: Avgjerd om opphøyr av særreaksjonane overfor utilreknelege, jf. straffelova § 39 b, blir gjord av statsadvokaten, også om tiltalen er teken ut av Riksadvokaten. Saker med riksadvokattiltale skal sendast til Riksadvokaten dersom statsadvokaten meiner ein bør føre vidare særreaksjonen og saka kjem inn for retten etter føresegna i straffelova § 39 b siste ledd andre punktum («senest tre år etter siste rettskraftige dom skal påtalemyndigheten […] bringe saken inn for tingretten, som avgjør om reaksjonen skal opprettholdes»). Prøvelauslating frå forvaring blir avgjort av statsadvokaten også i saker der tiltalekompetansen høyrer under Riksadvokaten. Berre når statsadvokaten i ei riksadvokatsak kjem til at ein bør krevje forlenging av forvaringstida, må ein sende saka til Riksadvokaten, med tilråding frå statsadvokaten. Retningslinjene er interne sakshandsamingsinstruksar og kan neppe bli tekne opp som prosessuelle feil av den domfelte dersom ein ikkje følgjer dei. b) Førebuing av saker om prøvelauslating Lauslating frå forvaring kan reise vanskelege spørsmål m.a. knytt til farevurderinga, korleis soninga har skjedd, og vidare sikring av samfunnsvernet. Påtalemakta må førebu den rettslege prøvinga av kravet frå den domfelte om prøvelauslating godt, jf. nærare brevet frå Riksadvokaten av 1. mars 2007 punkt II. Møtande aktor skal i god tid før hovudforhandlinga ta opp med forvaringsinstitusjonen, i praksis oftast Ila fengsel og forvaringsanstalt, kva for dokument- og vitnebevis som er aktuelle. Slik det er skildra i brevet frå 2007 er den totale vurderinga av den domfelte frå anstalten vesentleg ved avgjerda, og ein bør leggje opp til ein samla presentasjon av denne. Aktor bør så mykje som mogleg bidra til at bevisføringa ikkje blir vidløftig, for eksempel ved å søkje å avgrense omfattande vitneføring om enkeltepisodar i soningstida som har lite å seie for den samla vurderinga. I god tid før hovudforhandlinga bør aktor leggje arbeid i å få avklart kva for bevis den domfelte ønskjer at blir førte. Behov for avgrensing bør på ein på førehand ta opp med domstolen, til dømes gjennom forslag om eit saksførebuande møte. Ein bør i god tid før hovudforhandlinga avklare om den domfelte ønskjer å føre behandlingspersonell som (sakkunnige) vitne, og korleis ein i tilfelle bør førebu dette. Slik Riksadvokaten ser det, er det naturleg, dersom behandlarane får forklare seg under hovudforhandlinga, at ein krev at dei på førehand førebur ei skriftleg fråsegn som Den 57 rettsmedisinske kommisjonen kan kvalitetssikre, og som kan danne utgangspunkt for eksaminasjon i retten. c) Kva partsrolla til påtalemakta har å seie i saker om overføring til tvunge psykisk helsevern – HRD 17. mars 2011 Høgsterett sa 17. mars 2011 dom om å halde ved lag overføring til tvunge psykisk helsevern, jf. straffelova § 39 b, som skildrar kva partsrolla til påtalemakta har å seie i medhald av psykisk helsevern-lova kapittel 5. I avsnitt 32 framhevar førstvoterande m.a. at det vil «… være nødvendig at påtalemyndigheten har den mulighet til å føre kontroll med rammevilkårene som følger av bestemmelsene i kapittel 5 i psykisk helsevernloven». Det er viktig at statsadvokatane merkjer seg denne understrekinga av ansvaret til påtalemakta. Riksadvokaten minner om at statsadvokatane nøye må vurdere om endringar av gjennomføringa av det tvungne psykiske helsevernet som kan redusere samfunnsvernet, bør klagast inn til kontrollkommisjonen. 18. Kompetansen til kriminalomsorga til å vedta dom i brotsaker I straffeprosesslova § 68 siste ledd er det fastsett at kriminalomsorga har kompetanse til å anke dom frå tingretten i saker om brot på vilkår for samfunnsstraff eller dom på vilkår. Kompetansen til å anke dom frå lagmannsretten i slike saker er lagd til statsadvokaten, først og fremst fordi kriminalomsorga ikkje har høve til å møte i Høgsterett, jf. nærare Ot. prp. nr. 18 (2006–2007) punkt 5.3 og 5.4. Det kjem ikkje uttrykkeleg fram av lova eller førearbeida om kriminalomsorga også har kompetanse til å vedta dommen frå lagmannsretten. Riksadvokaten går likevel utifrå at det har vore meininga til lovgivaren at statsadvokatane først kjem inn i brotsakene dersom kriminalomsorga meiner ein bør anke til Høgsterett, og legg derfor til grunn at kriminalomsorga kan vedta dommar frå lagmannsretten i slike saker. 19. Gjenopptaking på grunn av spørsmål om den domfelte var tilrekneleg Mange av dei gjenopna sakene får bli tekne opp på nytt fordi det i ettertid oppstår tvil om den domfelte var tilrekneleg. Når ei sak blir gjenopna – kanskje ein del år etter at forholdet vart gjort – er ofte vilkåra for særreaksjon ikkje lenger til stades, og det er derfor ikkje aktuelt å fremje ny sak med påstand om dømming til overføring til tvunge psykisk helsevern eller tvungen omsorg. I slike tilfelle kunne det vere ønskjeleg å fremje sak berre med påstand om at den domfelte i psykotisk tilstand (eventuelt som psykisk utviklingshemma i høg grad) har gjort den handlinga tiltalen gjeld, men det er tvilsamt om dagens rett opnar for dette. Riksadvokaten har merkt seg at gjenopptakingskommisjonen i enkelte tilfelle har avgrensa gjenopninga til straffutmålinga, men det er mogleg at tilgangen til avgrensa gjenopning stiller seg annleis når avgjerda gjeld skuldspørsmålet. Dersom påtalemakta meiner at ein berre kan basere gjenopning på at gjerningspersonen ikkje var tilrekneleg, bør ein overfor kommisjonen gjere klart greie for det og – dersom forholda tilseier det – gjerne oppmode kommisjonen om å gi uttrykk for det same. I ei avgjerd nyleg framheva til dømes kommisjonen i ein slik situasjon at «gjenåpningsspørsmålet gjelder alene domfeltes manglende tilregnelighet» (sak nr. 20100149, avgjerd 4. mai d.å.). 58 Påtalemakta bør i slike saker også vurdere å be retten i premissane sine om å gi uttrykk for at gjenopninga og frifinninga i etterkant ikkje rokkar ved andre straffleggingsvilkår enn kravet om at gjerningsmannen må vere tilrekneleg. Riksadvokaten tok i brev av 1. juni d.å. opp med gruppa som evaluerer gjenopptakingskommisjonen at det kan vere behov for ei lovendring, slik at ein kan seie «fastsetjingsdom» for at ein utilrekneleg person har gjort ei elles straffbar handling. 20. Lyd- og biletopptak av politiforklaringar I retningslinjene frå Riksadvokaten av 16. oktober 2009 er det fastsett når ein skal gjere opptak «så vidt mulig», og når ein «i alminnelighet» bør gjere dette. Det er også vist til nokre situasjonar der spørsmålet om det skal gjerast opptak, «bør vurderes». Retningslinjene er meint å sikre at ein gjer opptak der det er mest nødvendig, samtidig som det blir gitt rom for skjøn, ikkje minst av omsyn til ressurssituasjonen i politiet. I mange saker vil det vere svært nyttig for den saksansvarlege å gå gjennom eventuelle lyd- og biletopptak før ein gjer påtalevedtak. Riksadvokaten minner derfor om at når slike saker blir sende til statsadvokat og riksadvokat, skal slike opptak følgje saksdokumenta, gjerne i form av kopiar, slik at originalopptaka blir verande hos politiet. Kopi av opptak skal også følgje med ved oversending til forsvararen. 21. Pågriping og arrest Basert på enkelte avgjerder frå spesialeininga finn Riksadvokaten grunn til understreke den viktige rettstryggleiksgarantien påtalemakta i politiet skal vere for at ein ikkje kan bruke tvangsmiddel utan at vilkåra i lova er oppfylte, og at inngrepet må stå i samsvar med gjerninga. Statsadvokatane kan med fordel ved passande høve understreke det tunge ansvaret som ligg på påtalejuristane i politiet for å gjere grundige vurderingar av om vilkåra for pågriping er oppfylte, og ved inspeksjonar kontrollere eit utval av slike saker. Riksadvokaten viser elles til rundskriv nr. 4/2006 «Varetekt» og brev av 11. mai 2011 herifrå med påminning om fristane for varetektsfengsling. 22. Etterforskingsplikt – plutseleg barnedød Regjeringa fremja i statsråd 29. april d.å. Prop. 105 L (2010–2011), der ein mellom anna føreslår å føye til eit nytt andre punktum i straffeprosesslova § 224 fjerde ledd. Etter tilføyinga vil føresegna få slik ordlyd: «Ved brann og andre ulykker kan det foretas etterforsking om årsaken selv om det ikke er grunn til mistanke om straffbart forhold. Det samme gjelder når barn under 18 år dør plutselig og uventet.» Den nærare bakgrunnen for lovendringsforslaget går fram av proposisjonen, som ein kan laste ned frå nettsida til Justisdepartementet. Som det går fram av proposisjonen på side 21, planlegg departementet å følgje opp lovendringa med ei tilføying i påtaleinstruksen § 7-4 om at politiet skal etterforske med mindre det er openbert at dødsfallet ikkje kan kome av ei straffbar handling. På bakgrunn av forhistoria i saka er det grunn til å rekne med at Stortinget vil slutte seg til hovudinnhaldet i proposisjonen. (Justiskomiteen gav innstilling 31. mai d.å., sjå Innst. 385 L [2010–2011]). Politiet og påtalemakta må førebu seg på utvida etterforskingsoppgåver i tråd med dette, kanskje allereie frå 1. juli d.å. 59 Føremålet med etterforskinga vil – her som elles – vere å avklare om dødsfallet har samanheng med ei straffbar handling. Føremålet er såleis annleis enn etter ordninga med frivillig dødsstadsundersøking, der målet er å fastslå dødsårsak og å få kunnskap for å førebyggje krybbe- og spedbarnsdød. Den sistnemnde ordninga er som kjent administrert av Folkehelseinstituttet og tredde i kraft 1. november 2010. Riksadvokaten vurderer å gi retningslinjer om avgrensing av etterforskingsplikta og korleis politiet skal formidle resultatet av etterforskinga til dei pårørande dersom saka blir lagd vekk, jf. Høyringsbrevet frå Riksadvokaten av 11. mai d.å. til politimeistrane og statsadvokatane. 23. Samarbeidsrutinar mellom Statens helsetilsyn, politi og påtalemakt Riksadvokaten oppnemnde i samråd med Statens helsetilsyn 17. januar 2011 ei arbeidsgruppe som skal vurdere behovet for samarbeidsrutinar mellom politiet og Statens helsetilsyn for hendingar som blir melde til politiet og varsla til Statens helsetilsyn. Bakgrunnen for oppnemninga av arbeidsgruppa er at Helse- og omsorgsdepartementet gav Statens helsetilsyn i oppdrag å etablere ei utrykkingsgruppe som ei prøveordning i to år frå 1. juni 2010. I prøveperioden skal Statens helsetilsyn raskt rykkje ut ved aktuelle hendingar og m.a. ta kontakt med helsepersonell og pasient/pårørande. I oppdragsbrevet frå departementet går det mellom anna fram at: «Formålet med etableringen av utrykningsgruppen og varslingsplikten ved alvorlige hendelser, er å bidra til en bedre og raskere vurdering av de alvorlige hendelsene ved at tilsynsmyndighetene raskt kommer i dialog med de som er involvert og berørt, raskt skaffer seg en oversikt over hendelsesforløpet og sikrer innhenting av relevante saksopplysninger. Dette forutsetter at Statens helsetilsyn mottar melding om alvorlige hendelser umiddelbart etter at de har skjedd.» Mange av hendingane der det er aktuelt å rykkje ut for helsestyresmaktene, vil også bli melde til politiet som unaturlege dødsfall. Prøveordninga med utrykkingsgruppa har såleis grenseflater mot politietterforskinga, og desse bør ein greie ut nærare. Representantar frå riksadvokatembetet, Statens helsetilsyn, Kripos og påtalemakta i politiet er med i gruppa, som er leidd av førstestatsadvokat Terje Nybøe. I mandatet heiter det m.a.: 1. Arbeidsgruppa skal vurdere behovet for retningslinjer for samhandlinga mellom politi og Statens helsetilsyn i saker som både blir melde til politiet og varsla (etter prøveordninga) til Helsetilsynet. 2. Dersom gruppa kjem til at det er behov for nye retningslinjer, skal ho utarbeide eit forslag som i alle fall må omfatte: rutinar for utveksling av informasjon mellom Statens helsetilsyn og politiet/påtalemakta frist for tilråding om etterforsking eventuelle sakshandsamingsrutinar for å sikre vernet mot sjølvinkriminering 60 kva informasjon ein bør gi til helsepersonell om rolla til Statens helsetilsyn, jf. helsepersonellova § 67 rutinar for informasjon til pårørande Gruppa skal vurdere om også andre forhold bør bli regulerte i eventuelle nye retningslinjer. Frist for levering av rapport er 15. juni d.å. 24. Innsyn i førelegg VG bad 8. september 2010 om innsyn i alle vedtekne førelegg som var utskrivne av Oslo politidistrikt for brot på straffelova 1902 § 202a (kjøp av seksuelle tenester). Kravet vart ikkje innfridd, og ei klage til Riksadvokaten førte ikkje fram. I klageavgjerda herifrå 7. februar d.å. heiter det m.a.: «At noen er ilagt et forelegg for overtredelse av et straffebud, er en opplysning om ’noens personlige forhold’, og følgelig omfattet av taushetsplikten etter straffeprosessloven § 61a. Å tilgjengeliggjøre opplysningene er et inngrep i privatlivet til den som er ilagt forelegget, og et slikt inngrep må i henhold til det ulovfestede legalitetsprinsippet ha hjemmel i lov. At det kreves hjemmel for innsyn, følger også av at brudd på taushetsplikten rammes av straffeloven 1902 § 121. … Noen generell hjemmel for å offentliggjøre forelegg er verken gitt i straffeprosessloven eller påtaleinstruksen. Situasjonen er således en annen enn for tiltalebeslutninger, hvor det følger av påtaleinstruksen § 22-7 at pressen på forespørsel som hovedregel skal gis kopi. … I Riksadvokatens rundskriv nr. 1/1981 om meddelelser til offentligheten om straffesaker uttales i punkt IV at ’meddelelser eller opplysninger om påtalevedtak (henleggelse, påtaleunnlatelse, forelegg eller tiltale) må så vidt mulig ikke gis før den eller de anmeldte eller mistenkte har fått underretning om avgjørelsen’. Riksadvokaten ga [i et brev 23. november 1999] uttrykk for at rundskrivet hjemler en adgang til å gi innsyn i forelegg, men fremholdt samtidig at ’spørsmålet om å offentliggjøre forelegg (som ikke har trådt i tiltalebeslutningens sted) regelmessig krever en mer konkret og åpen vurdering enn den presumsjon som etter påtaleinstruksen § 22-7 gjelder for tiltalebeslutninger’. Det ble videre gitt anvisning på hva som er de sentrale momentene i en slik konkret vurdering. Rundskrivet hjemler etter dette ikke en generell tilgjengeliggjøring av vedtatte forelegg. Det må foretas en vurdering i den enkelte sak av om innsyn skal gis. For så vidt gjelder forelegg for kjøp av seksuelle tjenester, vil det bl.a. måtte ses hen til at det er tale om en atferd det gjennomgående knytter seg sosial fordømmelse til og hvor offentliggjøring vil kunne stigmatisere gjerningspersonen i betydelig grad. Dette utelukker ikke at pressen gis tilgang til foreleggene, men noen av de øvrige momentene som er nedfelt i riksadvokatens brev fra 1999 må i tilfelle trekke sterkt i retning av å gi innsyn. … Klageren ber – subsidiært – om at VG gis innsyn etter at foreleggene er anonymisert. Det kan ikke utledes noen plikt til dette av retningslinjene fra 1981, eller på noe annet grunnlag. Politiet kan, som i det foreliggende tilfelle, legge vekt på hensynet til etatens tid og ressurser ved vurderingen av om de skal anonymisere forelegg med tanke på pressetilgang. Riksadvokaten tilføyer at det forutsettes at politidistriktet i sin vurdering 61 også tar hensyn til den offentlige interesse knyttet til håndhevelsen av straffeloven 1902 § 202a, den mulige allmennpreventive effekt av offentlig omtale av sakene, og medienes legitime interesse i å følge politiets praksis også på dette området.» Avgjerda vart send til politimeistrane og statsadvokatane i brev 7. februar d.å. og vil også bli publisert i Tidsskrift for Strafferett. 25. Rapportering av falske identitetar I brev 25. mars 2011 til statsadvokatane, sjefane for særorgana i politiet og politimeistrane gav Riksadvokaten retningslinjer for rapportering av falske identitetar. I brevet er bakgrunnen for retningslinjene oppgitt slik: «Tillit til offentlige registre har stor betydning for en rekke viktige funksjoner i et moderne samfunn. Bruk av falske identiteter er ifølge politiet et økende og betydelig problem, særlig fordi uriktig identitet inngår som et viktig hjelpemiddel ved mange lovbrudd. Registrering av uriktige personopplysninger i offentlige og private registre, og falske legitimasjonsdokumenter, vanskeliggjør også en effektiv og sikker forvaltning, jf. bl.a. riksadvokatens retningslinjer av 1. desember 2008 vedr. straffbare forhold i utlendingssaker. Politiets avdekking av falske identiteter og rapportering om dette til andre offentlige myndigheter er viktig for å redusere skadevirkningene. Det er eksempler på at dommer hvor det er fastslått bruk av falsk identitet ikke er meldt til Folkeregisteret. De domfelte har derfor kunnet fortsette å benytte de falske identitetene også etter domfellelsen. Riksadvokaten tok i 2010 opp behovet for sentrale retningslinjer med Politidirektoratet, statsadvokatene, sjefene for særorganene og politimestrene. Svarene fra politiet, særlig fra Kripos og Oslo politidistrikt, gjør det klart at det er ønskelig med nærmere bestemmelser om politiets rapportering av falske identiteter til Folkeregisteret og Utlendingsdirektoratet, jf. påtaleinstruksen § 5-16. Et utkast til retningslinjer har vært forelagt Skattedirektoratet, Utlendingsdirektoratet, Politidirektoratet, Kripos og Oslo politidistrikt.» I retningslinjene er det fastsett at politiet skal sende melding til folkeregisteret (Skattedirektoratet) om falske identitetar som politiet og påtalemakta blir kjende med i slike tilfelle: a) b) når det er sagt rettskraftig dom eller vedteke førelegg om etablering eller bruk av falsk identitet når mistenkte har erkjent å ha etablert eller brukt falsk identitet c) når politiet på annan måte gjennom straffesakshandsaminga har kome til at ein identitet mest truleg er falsk d) når det kjem fram opplysningar gjennom straffesakshandsaming om registrering av ein ekte utanlandsk identitet i norske register, og det mest truleg ikkje er grunnlag for registreringa fordi vedkomande ikkje er knytt til Noreg på nokon måte e) når politiet gjennom straffesakshandsaming får kunnskap om at ein ekte identitet i norske register er misbrukt 62 Det er også bestemt at ein skal gi melding til Utlendingsdirektoratet dersom personen det er knytt falsk identitet til, er utanlandsk statsborgar. I retningslinjene er det nærare skildra kva meldinga skal innehalde, og kven som har ansvaret for å sende henne. Politidirektoratet har gitt tilsvarande retningslinjer for rapportering av falske identitetar politiet blir kjende med utanfor straffesakshandsaminga, jf. rundskriv 2011/003 frå direktoratet. 26. Ungdomsstraff, konfliktråd, oppfølgingsgrupper m.m. Det skjer for tida eit omfattande utgreiingsarbeid m.a. med sikte på nye reaksjonsformer overfor unge lovbrytarar. Påtalemakta må halde seg orientert om dette viktige arbeidet. Erfaringane med m.a. arbeidsmetodikken i oppfølgingsgrupper er så langt gode, og påtalemakta skal vere ein aktiv pådrivar for å prøve ut nye reaksjonsformer overfor unge lovbrytarar. 27. God påtaleskikk – utval Riksadvokaten oppnemnde 15. april d.å. ei arbeidsgruppe som skal utarbeide eit utkast til prinsipp eller reglar for god påtaleskikk for påtalemakta i Noreg (alle tilsette i Den høgre påtalemakta, påtalemakta i politiet og særorgana). Medlemmene i arbeidsgruppa er: 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. ass. riksadvokat Knut H. Kallerud, riksadvokatembetet, leiar førstestatsadvokat Ingunn Fossgard, riksadvokatembetet ass. sjef for Økokrim, førstestatsadvokat Thomas Skjelbred statsadvokat Helge J. Kaasbøll, Trøndelag statsadvokatembete / Statsadvokatenes forening politimeister Ragnar Auglend politiadvokat Cecilie Gulnes, Oslo politidistrikt / Politijuristene politioverbetjent Asbjørn Hansen, Kripos konsulent Lene Stormarken, Oslo statsadvokatembete / Parat Riksadvokatfullmektig Knut-Fredrik Hustad er sekretær i arbeidsgruppa. Fristen for å levere rapport er 1. april 2012. 28. Norske borgarar som har omkome eller forsvunne i utlandet Frå tid til anna blir det reist spørsmål om norsk politi og påtalemakt gir nok bistand etter at norske borgarar har kome bort, vorte drepne eller har omkome i utlandet på annan måte. Etterforsking i utlandet er sjølvsagt utanfor ansvarsområdet til norske styresmakter, men det kan – avhengig av typen sak – vere aktuelt å tilby bistand frå norsk side. Riksadvokaten er klar over at dette allereie skjer i vesentleg omfang, både som svar på rettsoppmodingar og meir uformelt. Ein er også kjend med at norsk politi i enkelte tilfelle uoppmoda tilbyr bistand til utanlandske styresmakter, til dømes samtidig som ein på vegner av norske pårørande ber om informasjon frå den utanlandske etterforskinga. På bakgrunn av dette bad Riksadvokaten i brev 24. januar d.å. det nasjonale statsadvokatembetet (NAST) om å orientere seg om den faktiske situasjon på området og om det er behov for tiltak for å sikre at ein frå norsk side gir tilbod om tilstrekkeleg og adekvat bistand. Etter å ha innhenta 63 fråsegn frå sjefen for Kripos konkluderer NAST med at det er ønskjeleg med nærare avklaring av m.a. kva ansvar dei ulike instansane har i slike situasjonar, og kva dei enkelte kan, og bør, gjere for å hjelpe. Riksadvokaten er innstilt på å oppnemne ei arbeidsgruppe som m.a. vil få i oppgåve å vurdere kva initiativ norsk politi sjølv bør ta, m.a. når og korleis politiet bør hente inn opplysningar, og om ein bør setje i verk norsk etterforsking, kva kontakt dei bør ta med dei pårørande, kva norske styresmakter bør tilby av bistand til utanlandske styresmakter m.m. 29. Kva ansvar påtalemakta har for rettsoppmodingar Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité stilte 10. mars d.å. ein del spørsmål til justisministeren om den såkalla Brasil-saka. I svaret av 29. mars d.å. gav statsråden nokre generelle fråsegner om sjølvstendet til påtalemakta også ved handsaming av rettsoppmodingar av stor interesse: «Når det gjelder rettsanmodninger, vil jeg presisere at Justisdepartementet er sentralmyndighet for rettsanmodninger i straffesaker til og fra utenlandske myndigheter. Dette innebærer at Justisdepartementet mottar anmodning om rettslig bistand fra utenlandske myndigheter og videreformidler disse til norsk påtalemyndighet. Påtalemyndigheten vurderer om anmodningen kan etterkommes, og påtalemyndighetens svar videreformidles via Justisdepartementet tilbake til utenlandsk myndighet. Det er således påtalemyndigheten som står for den konkrete gjennomføringen av rettsanmodningen. Justisdepartementet kan ikke overprøve eller på annen måte gå inn i det arbeidet påtalemyndigheten utfører i konkrete saker.» Påtalemakta må innrette seg etter dette og skal frå no av sjølvstendig vurdere om ein kan og bør etterkome rettsoppmodingar som blir sende over frå Justisdepartementet. 30. Lovdata og KO:DE Riksadvokaten har innleidd eit samarbeid med Lovdata med tanke på at mest mogleg av dei offentlege retningslinjene frå Riksadvokaten skal vere tilgjengelege. (Retningslinjene frå Riksadvokaten er lagde inn i ein eigen base som er kalla «RA», og som ein finn under «rundskriv» i baseoversikta). Det er allereie lagt inn over 100 rundskriv og retningslinjer, hovudsakleg frå 1998 og fram til i dag. Publikasjonar frå Riksadvokaten er søkbare med søkjeverktøyet i Lovdata (fritekstsøk), på same måten som basane for rettsavgjerder, lover og forskrifter. KO:DE har hatt ei positiv utvikling og har no etablert seg som ein svært nyttig oppslagsstad for fagstoff for politiet og påtalemakta. Riksadvokaten har vore i dialog med KO:DE ei tid og er i ferd med å leggje ut mykje informasjon på nettstaden. KO:DE er ein intern fagportal der innhaldet i utgangspunktet ligg under teieplikt. Frå vår side tek vi derfor sikte på å publisere også interne retningslinjer og retningsgivande avgjerder som ikkje er meinte for allmenta på KO:DE. Det ser ut til at det vil bli funne ei løysing slik at publikasjonar frå Riksadvokaten blir samla i eitt område på nettstaden, og at alle dokumenta blir gjorde søkbare. 31. Ny tiltale for lagmannsrett God påtaleskikk tilseier i enkelte tilfelle at tiltalen blir endra i forkant av ankehandsaming i lagmannsretten som følgje av dommen i tingretten. Dersom tingretten har domfelt etter eit strengare straffebod enn det tiltalen gjeld og møtande aktor meiner påtalemakta for lagmannsrett bør påstå domfelling i samsvar med dommen frå tingretten, 64 bør ein til vanleg skrive nytt tiltalevedtak. Har aktor ikkje sjølv kompetanse til å ta ut tiltale i samsvar med tingrettsdommen, må ein sende saka til ei kompetent styresmakt. Har den tiltala vorte frifunnen for eit alvorleg forhold i tingretten og påtalemakta ikkje brukar rettsmiddel mot den frifinnande delen av dommen, bør ein vurdere å ta ut ny, redusert tiltale i forkant av ankehandsaming i lagmannsretten. Ved vurderinga av om ein skal skrive ut ny tiltale bør ein – i tillegg til det som gir den mest oversiktlege ramma for ankehandsaminga – sjå på det kan vere rimeleg å hevde at det er fare for utilbørleg påverknad av lagretten dersom det forholdet den tiltala er frifunnen for, framleis går fram av tiltaledokumentet. 32. Kompetanse – straffelova § 317 fjerde ledd Det synest framleis å vere noko uvisse om kompetanseforholda ved tiltale for brot på straffelova § 317. Riksadvokaten minner derfor igjen om at: straffelova § 317 femte ledd hevar strafferamma til 21 år ved særs skjerpande omstende dersom brotet gjeld utbytet av eit narkotikabrotsverk. Som ved andre føresegner med tilsvarande straffskjerpingsregel fører dette til at tiltalespørsmålet må avgjerast av Riksadvokaten sjølv om påtalemakta ikkje pretenderer at alternativet kjem til bruk i den aktuelle saka tiltale etter § 317 fjerde ledd (grovt lovbrot) må på bakgrunn av dette bli teken ut av Riksadvokaten dersom utbytet er knytt til narkotikabrotsverk Riksadvokaten har i samband med handsaming av enkeltsaker lagt til grunn at dersom statsadvokaten meiner ein berre bør ta ut tiltale for ordinært heleri (ikkje utbyte av narkotikabrotsverk) eller etter straffelova § 162 første eller andre ledd, treng ein ikkje sende saka til Riksadvokaten sjølv om politiet har teke ut sikting for same forhold for brot på straffelova § 317 fjerde eller femte ledd. Ved lov 30. juni 2006 nr. 49 vart det føydd til eit nytt andre ledd i straffelova § 317 utan at det vart gjort endringar i straffeprosesslova § 67 andre ledd bokstav c om kompetansen til politiet. Det heiter såleis framleis i denne føresegna at politiet kan avgjere tiltalespørsmålet i saker om brot på straffelova «§ 317 første, tredje og femte ledd». Dette er ein openberr inkurie. Det er sjølvsagt ikkje meininga at politiet skal ha kompetanse til å ta ut tiltale etter femte ledd, som har strafferamme på 21 år. Ved lov 19. desember 2003 nr. 125 vart kompetansen til politiet utvida til også å omfatte grovt heleri, jf. Ot. prp. nr. 98 (2002–2003), side 37. (Grovt heleri var tidlegare teke opp i § 317 tredje ledd, no fjerde ledd.) Ein må kunne leggje til grunn at tiltalekompetansen til politiet framleis omfattar grovt heleri, jf. § 317 fjerde ledd og aktlaust heleri, jf. § 317 sjette ledd. Tiltale etter straffelova § 317 andre ledd («sjølvvasking») høyrer under statsadvokaten, jf. brevet frå Riksadvokaten av 5. juli 2007 og referatet frå statsadvokatmøtet i 2007 punkt 10. Sjå elles referatet frå statsadvokatmøtet 2010 punkt 2 med vidare tilvising til statsadvokatmøtet i 2006 punkt 33. 33. Straffeprosesslova § 210 Riksadvokaten minner om at det myndet påtalemakta har til å gi utleveringspålegg i medhald av straffeprosesslova § 210, er ein hastekompetanse der vilkåret er at «det ved opphold er fare for at etterforskingen vil lide». Avgjerda til påtalemakta skal «snarest mulig» bli lagt fram for retten for 65 godkjenning. Statsadvokatane kan med fordel rette merksemd mot at politiet følgjer hovudregelen i lova om rettsleg avgjerd. 34. Vekklegging av kapasitetsomsyn Dei tidlegare retningslinjene blir førte vidare, sjå m.a. punkt 8 i referatet frå statsadvokatmøtet i 2007, der det vart understreka at ein må handsame klager over vekklegging av kapasitetsgrunnar grundig. Før statsadvokaten kjem til klageavgjerd, skal det liggje føre ei utgreiing frå leiarnivå i politiet om bakgrunnen for at saka ikkje vart etterforska. Vekkleggingar av kapasitetsgrunnar kan med fordel også bli tekne opp ved inspeksjonar av politiet. 35. Kritikk av politiet frå kommunikasjonskontrollutvalet I samband med at politiet avlytta ein telefon den mistenkte hovudsakleg brukte til samtalar med den offentleg oppnemnde forsvararen sin, retta kommunikasjonskontrollutvalet til dels alvorleg kritikk mot politiet. Utvalet skreiv m.a.: «Straks politiet ved avlyttingen ble klar over at denne telefonen ble brukt til kommunikasjon mellom siktede og hans offentlig oppnevnte forsvarer, skulle dette temaet ha vært problematisert og drøftet på overordnet nivå ved X politidistrikt med en etterfølgende skriftlig rapport som viste de vurderingene som var foretatt, og beslutningene i denne sammenheng samt den overordnede ansvarlige for disse beslutningene.» «Såfremt konklusjonen hadde vært ønske om fortsatt avlytting, skulle påtalemyndigheten straks tatt disse omstendighetene opp med XX tingrett som hadde gitt samtykket til avlyttingen, og overfor retten gitt alle relevante faktiske opplysninger om kontakten mellom siktede og forsvarer slik at retten på selvstendig grunnlag kunne foretatt en forsvarlig behandling av spørsmålet om pågående avlytting skulle opphøre eller om den eventuelt skulle fortsette.» «I en så sensitiv sammenheng som i dette tilfellet skulle opptakene av samtalene i stor grad vært slettet vesentlig raskere enn det ble gjort.» Vidare fann utvalet grunn til å kome med alvorleg kritikk for dette: «Den 10. januar 2008 sendte påtalemyndigheten v/politimesteren og politiinspektøren en ny begjæring til retten om godkjennelse for å avlytte bl.a. telefon xxxxxxxx i ytterligere fire uker. Verken i begjæringen til retten eller i vedlagte rapporter fremgikk det at denne konkrete telefonen i den fireukers avlyttingsperioden som var gått, bare var brukt til advokatsamtaler og da i det alt vesentlige til samtaler med den offentlig oppnevnte forsvareren.» Utvalet understreka også at det er særleg viktig at kravsmål om avlytting og grunnlagsrapportane som følgjer med, gir ei objektiv skildring av dei relevante faktiske og rettslege problemstillingane, fordi det er desse dokumenta retten i stor grad må basere avgjerda si på. 66 Riksadvokaten har i eige brev til den aktuelle politimeisteren slutta seg til kritikken og kravd at ein gjer nøkkelpersonar kjende med vurderingane og konklusjonane til utvalet, og at ein gjer nødvendige innskjerpingar, slik at det ikkje oppstår ein liknande situasjon i framtida. Statsadvokatane bør vere særleg merksame på punkta ovanfor når dei handsamar enkeltsaker. 36. Politifagleg etterforskingsleiing – gode etterforskingsmiljø Riksadvokaten har over tid sett søkjelys på kor viktig det er å ha kvalifisert etterforskingsleiing og gode etterforskingsmiljø. Begge delar er grunnleggjande for å lukkast med krevjande etterforsking. Det er prisverdig at Politihøgskolen no utvidar tilbodet sitt på dette området. Gjennom inspeksjonar og på andre måtar bør statsadvokatane følgje med på korleis politiet innrettar etterforskingseiningane sine. Statsadvokatane bør også peike på kva for sentrale suksessfaktorar desse einingane må arbeide med for å oppnå gode resultat, utifrå dei erfaringane ein har. 37. Dom på utvising for straffbare forhold Ei arbeidsgruppe som er leidd av spesialrådgivar Georg Fr. Rieber-Mohn, ser på moglegheitene for at straffedomstolen også tek stilling til om ein utanlandsk domfelt skal visast ut på grunnlag av straffbare forhold. Det er forventa eit høyringsnotat om denne viktige saka for påtalemakta i løpet av relativt kort tid. 38. Anke til Høgsterett – straffutmåling, bruk av disposisjon Dersom den domfelte ankar over straffutmålinga til Høgsterett, er det viktig at statsadvokaten vurderer om det er grunnlag for motanke, eventuelt orienterer forsvararen om at påstanden for lagmannsretten vil bli halden ved lag. Sjølv om straffutmålingsanken til den domfelte er vist vidare, kan det vere rom for å argumentere for at straffa bør vere strengare enn den som vart fastsett av lagmannsretten. I dei aller fleste sakene bør ein utarbeide disposisjon for innlegget frå aktor i Høgsterett. Ein kan tenkje seg unntak frå dette i kurante straffutmålingsankar, særleg dersom påtalemakta er anka inn som part. Døme på disposisjonar som er brukte i tidlegare saker, kan ein få ved å vende seg til riksadvokatembetet. 39. Rapport frå statsadvokatrollegruppa Den nytenkjande, velskrivne og gjennomarbeidde rapporten frå arbeidsgruppa har vore gjennom ein grundig høyringsprosess. Meiningane om forslaga frå gruppa er delte. Det er fleire utviklingstrekk og oppstarta arbeid som verkar inn på det vidare arbeidet med rapporten frå gruppa, m.a. resultatreforma i politiet, som skal munne ut i ei stortingsmelding. Det er grunn til å forvente vesentleg diskusjon om talet på politidistrikt og dei framtidige grensene for desse. Dette kan sjølvsagt få konsekvensar for organiseringa av det regionale leddet i Den høgre påtalemakta. (Det er til dømes uaktuelt at eit politidistrikt ligg under fleire statsadvokatembete) 67 arbeid med oppgåvene og strukturen til domstolane, medrekna mogleg samanslåing av domstolar arbeidet med å setje i verk straffelova av 2005, som gjer det nødvendig med ein fullstendig gjennomgang av kompetansefordelinga på dei ulike nivåa i påtalemakta. Forslaget frå arbeidsgruppa om vesentleg større fleksibilitet i kva for påtalevedtak statsadvokatane skal gjere, og kva for aktorat dei skal utføre, må forvente vesentleg motstand sidan det vil gjere det mindre føreseieleg kva nivå som har tiltalekompetanse, noko mange nok vil sjå som ei vesentleg utfordring for rettstryggleiken Det at problemstillingane ovanfor er uavklarte, avgrensar kva for interne vegval ein bør og kan ta no, og det er derfor i dag ikkje mogleg å endeleg avslutte oppfølginga av rapporten frå arbeidsgruppa. Eit av forslaga kan likevel få tilslutning frå Riksadvokaten med ein gong: kompetanseutvikling for dei kontortilsette og tilrettelegging av utvida arbeidsoppgåver for denne gruppa. Det vil bli arbeidd vidare med dette. 40. Nye artiklar Det er skrive ein del artiklar ved riksadvokatembetet den siste tida som kan ha interesse: Tor-Aksel Busch, «Moderne kriminalitet – tradisjonell rettergang», vil bli trykt i Forhandlinger fra det 39. nordiske juristmøtet i Stockholm 18. –19. august 2011. Tor-Aksel Busch, «Har kriminalreportasjen tatt livet av seg selv?», Antifestskrift til Norsk presseforbunds 100-årsjubileum, side 45f. Knut H. Kallerud, «Lovbrudd begått av personer uten eller med svak tilknytning til riket», vil bli trykt i Forhandlinger fra det 39. nordiske juristmøtet i Stockholm 18. – 19. august 2011. Knut H. Kallerud, «Ikke … en dommers uavhengighet … Noen betraktninger om påtalemyndighetens stilling sammenlignet med domstolenes», vil bli trykt i festskrift til hundreårsjubileet til Dommerforeningen. Runar Torgersen, «Påtalejuristens rolle, hvordan den har forandret seg de siste 50 år og hva som forventes for fremtiden», LoR 2011, side 42–62. Riksadvokaten vurderer å samle desse og ein del andre artiklar i eit kompendium etter at dei er offentleggjorde. 41. Rutinar og avtalar for personalet Det er dei siste åra fastsett ein del rutinar m.m. som vi for oversikts skuld nemner nedanfor. a) IA-avtalen Den høgre påtalemakta inngjekk 1. april 2011 ein samla arbeidsavtale med Nav om eit meir inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen). Riksadvokaten, dei sentrale tillitsvalde og 68 hovudverneombodet vart 4. mai 2011 einige om ein mål- og aktivitetsplan i samband med IAavtalen. Begge dokumenta er sende til embeta. b) Internkontrollhandbok I HAMU-møte 12. mai vart det fastsett ny innhaldsliste for internkontrollhandboka. Riksadvokaten bad i brev 18. mai d.å. om at embeta ajourførte sine internkontrollhandbøker i tråd med dette. Det vart samtidig minna om at internkontrollhandboka skal vere plassert lett synleg og tilgjengeleg for alle tilsette. c) Varsling av kritikkverdige forhold Riksadvokaten fastsette 26. januar d.å. retningslinjer for varsling av kritikkverdige forhold i Den høgre påtalemakta. Retningslinjene er baserte på eit utkast frå hovudverneombodet og er drøfta i HAMU. Retningslinjene vart sende til embeta i februar d.å. d) Varsling av uønskte hendingar Retningslinjer for varsling av uønskte hendingar vart fastsette av Riksadvokaten 30. april 2007. Det er viktig at slike hendingar blir rapporterte inn i samsvar med retningslinjene. e) Personalpolitisk handlingsplan Personalpolitisk handlingsplan for Den høgre påtalemakta vart fastsett av Riksadvokaten 3. januar 2005, og det vart ikkje gjort endringar etter revisjon i januar 2009. Den reviderte utgåva vart send til embeta i april 2009. f) Lønnspolitikk for Den høgre påtalemakta Lønnspolitikk for Den høgre påtalemakta vart fastsett av Riksadvokaten 30. mars 2007 og vart send til embeta i april same året. g) Avtale om moglegheit for uttak av ekstra fridagar/lønn ved fylte 62 år Det vart inngått ein avtale med organisasjonane om moglegheit for uttak av ekstra fridagar / lønn ved fylte 62 år 4. februar 2011. Avtalen vart send til embeta i februar i år. h) Retningslinjer for oppfølging av sjukemelde i Den høgre påtalemakta Retningslinjer for oppfølging av sjukemelde i Den høgre påtalemakta vart fastsette av Riksadvokaten 26. mai 2008 og reviderte 3. januar d.å., etter drøftingar i HAMU. Dei reviderte retningslinjene vart sende til embeta i februar 2011. i) Instruks om økonomiforvaltninga i Den høgre påtalemakta Instruks om økonomiforvaltninga i Den høgre påtalemakta vart fastsett av Riksadvokaten med verknad frå 1. mars 2004 og revidert i september 2009. Instruksen vart send til alle embeta. j) Innkjøpsstrategi for Den høgre påtalemakta Innkjøpsstrategi for Den høgre påtalemakta vart fastsett av Riksadvokaten med verknad frå 1. januar 2010 og sendt til alle embeta. k) Instruks ved bruk av reinhaldstenester 69 Instruks ved bruk av reinhaldstenester vart send til embeta frå Riksadvokaten i brev 9. februar 2011. Riksadvokaten sende i mars d.å. forslag til Justisdepartementet om enkelte endringar i personalreglementet for Den høgre påtalemakta. Embetsleiarane blir bedne om å kontrollere at alle tilsette har tilgang til relevante avtalar og rutinar. Det er tilrådd at ein går gjennom hovudpunkta i dei dokumenta som er relevante for dei tilsette, saman med dei ved eit passande høve. Alle dokumenta vil i den grad det ikkje tidlegare er gjort, bli lagde ut på intranettet. 42. Neste møte Troms og Finnmark statsadvokatembete er teknisk arrangør for neste møte, som blir halde 22.–24. mai 2012 i Tromsø. I 2013 er det Oslo statsadvokatembete som arrangerer, og i 2014 Agder statsadvokatembete. God sommar! Venleg helsing Tor-Aksel Busch 70 RIKSADVOKATEN Statsadvokatane REF.: VÅR REF.: DATO: 2012/00813-010 TAB/jaa 810.2 06.07.2012 Statsadvokatmøtet 2012 – oppsummering Takk for sist og for gode innspel og erfaringsutveksling under statsadvokatmøtet i Tromsø 22.–24. mai d.å. Riksadvokaten summerer som vanleg opp dei pålegga, retningslinjene og orienteringane som vart gitte under møtet. Embetsleiarane må sørgje for at oppsummeringa blir formidla til alle statsadvokatane. Riksadvokaten reknar også med at statsadvokatane formidlar pålegg m.m. vidare til politimeistrane, påtalejuristane og andre relevante personar i regionen på tenleg måte. Oppsummeringa vil bli lagd ut på intranettet og nettsida til Riksadvokaten. Ei innhaldsliste er lagd ved oppsummeringa. 1. Straffutmåling i valdssaker og ved seksuallovbrot Dei klare føringane frå lovgivaren om strengare straff på desse områda har utan tvil fått gjennomslag i domstolane. To saker krev likevel vidare merksemd framover: For det første finst det døme på at domstolane (tingrett og lagmannsrett) ser ut til å følgje opp det nye straffenivået, med tilvisingar til fråsegner i førearbeida, men at straffa dei måler ut, likevel er vesentleg lågare, utan at ein kan vise til reelle formildande omstende. Dette kan etter omstenda gi grunnlag for anke. For det andre må ein forsikre seg om at påstandane om straff ikkje blir for milde. Det finst enkelte døme på at domstolane, særleg Høgsterett, fastset ei strengare straff enn den påtalemakta la fram påstand om. Straffutmålinga på dette området vil vere dynamisk også etter at normalstraffenivået er nådd, og nivået som er signalisert i førearbeida, utgjer neppe sluttresultatet for denne utviklinga. 2. Høgsterettsavgjerd om overprøving av avgjerder frå gjenopptakingskommisjonen Høgsterett har i dom 29. mars 2012 slått fast at domstolane kan ta stilling til om avgjerdene til gjenopptakingskommisjonen er gyldige, men prøvingsretten er avgrensa til å gjelde generell lovtolking og grunnleggjande sakshandsamingsreglar (t.d. habilitet og kontradiksjon). Ein kan ikkje prøve bevisvurderinga til kommisjonen eller den konkrete rettsbruken. Fordi dei står så nær bevisvurderinga, kan domstolane heller ikkje prøve om kommisjonen har sørgt for at saka er tilstrekkeleg opplyst. 71 3. Riksrevisjonen og vinningskriminalitet Riksrevisjonen har i Dok 3:6 (2011–2012) undersøkt innsatsen frå politiet og påtalemakta mot vinningskriminalitet. Rapporten gir viktig læring, og hovudfunna samsvarar stort sett med erfaringane til Riksadvokaten. Rapporten må bli følgd opp, og arbeidet med vinningskriminalitet er eit naturleg tema for inspeksjonar og regionale påtalemøte. Desse suksesskriteria er understreka i rapporten: (1) eigne dedikerte grupper eller einingar i politiet, ev. samarbeid på tvers med andre mindre politidistrikt, (2) ei systematisk tilnærming, tydeleg oppfølging frå leiinga, god etterretning, god åstadsundersøking og god analysekompetanse, og (3) innretting etter gjengangarar, ikkje enkeltsaker. 4. Inspeksjonar – kva skal inn i grunnlaget for utrekning av oppklaringsprosent? Riksrevisjonen har i ei undersøking av oppklaringsprosenten peika på at eitt politidistrikt skil seg vesentleg ut ved høg bruk av vekkleggingskoden 22 (ikkje grunn til å undersøkje om det ligg føre eit straffbart forhold). Bruken av vekkleggingskodar i politidistrikta bør jamleg bli kontrollert som ledd i inspeksjonar, slik at skilnadene ikkje blir for store. Det omtala distriktet vil bli følgt opp av Oslo statsadvokatembete. 5. Politiregisterlova Forskriftene til lova har vore på høyring, og lova blir tidlegast sett i kraft 1. januar 2013. 6. Endringar i Riksadvokatens rundskriv nr. 4/2006 «Varetekt»: retten den sikta har til omgåande å kontakte advokat Etter at Den europeiske komiten for førebygging av tortur (CPT) besøkte Noreg i mai 2011, vart det i punkt II,A,3 i rapporten frå komiteen tilrådd endringar i Riksadvokatens rundskriv nr. 4/2006 «Varetekt», slik at «the right of access to a lawyer is granted in all cases from the outset of the deprivation of liberty» (formateringar utelatne). Tilrådinga gjeld punkt IX,2,a) i rundskrivet, der den opphavlege ordlyden er slik: «Ein førespurnad om å melde frå til advokat bør til vanleg etterkomast snarast råd og seinast 2 timar etter at den pågripne har kome til politistasjon eller lensmannskontor. Kjem den pågripne inn etter kl. 22.00, vil det vanlegvis vere nok at det vert gjeve høve til å gje melding morgonen etter.» Riksadvokaten har i brev 24. mars d.å. til statsadvokatane og politimeistrane endra rundskrivet i tråd med tilrådinga frå komiteen, slik at unntaket i andre punktum blir oppheva. Utgangspunktet i første punktum gjeld etter dette uavkorta i alle situasjonar. Ein kan akseptere at det heilt unntaksvis kan vere praktisk umogleg å sikre retten til omgåande varsling av advokat til alle tider av døgnet – t.d. ved massearrestasjonar. Den avgrensinga i tilgangen til å kontakte advokat som følgjer av at retten gjeld «til vanleg», tek såleis berre sikte på praktiske unntakssituasjonar det ikkje er mogleg eller rimeleg å gardere seg mot. For ordens skuld blir det understreka at retten til å kontakte advokat sjølvsagt ikkje vil seie ein rett til å lukkast i å faktisk oppnå kontakt med den ønskte forsvararen når som helst på døgnet. Om natta vil ein truleg generelt kunne utøve denne retten ved at ein legg att ei melding på telefonsvararen til den aktuelle advokaten eller liknande. Det er forventa at statsadvokatane og politimeistrane forsikrar seg om at instruksendringa blir gjord kjend for alle påtalejuristane i regionen/distriktet. 72 7. Påminningar om handsaminga av klagesaker Riksadvokaten minner igjen om nokre viktige ordensreglar når ein sender over klagesaker. Eventuell omgjeringsfrist skal vere markert tydeleg på første side av oversendingspåskrifta. Ein må også sjå til at den utrekna fristen er rett. I altfor mange saker er fristen feilaktig rekna etter straffeprosesslova § 75 andre ledd (tre månader rekna frå vedtaket om vekklegging). Det korrekte er å rekne fristen etter § 59 a (tre månader rekna frå då påtalemakta fekk inn klage i rett tid). Straffe- og bøteattest skal liggje i saksdokumenta. At attestane manglar, er eit velkjent problem hos statsadvokatane, men det blir ikkje alltid retta opp i dette når klaga blir send til Riksadvokaten. For saker der nokon har vore sikta, har Riksadvokaten i brev av 24. januar 2005 gitt instruks om at klagesaker skal sendast til overordna påtalemakt med innstilling. Det påtalenivået som har gjort vedtaket det blir klaga over, kan altså ikkje sjølv gjere det om, trass i at Høgsterett i Rt. 2004, side 1997 kom til at lova opna for slik omgjering av eige vedtak etter klage. Riksadvokaten minner også om at statsadvokaten skal avvise såkalla tredjeinstansklager av eige tiltak, jf. Riksadvokatens rundskriv nr. 4/2002 punkt X,2. Ein skal då opplyse om at sjølve avvisingsvedtaket kan klagast over, men at prøvinga frå Riksadvokaten i så fall vil vere avgrensa til ei vurdering av om vilkåra for avvising er til stades. 8. Inndraging: prioritering, utgifter til realisering av inndregne gjenstandar og ny rettleiar frå Økokrim Som kjent har det over tid vore eit mål å auke talet på inndragingskrav og inndregne beløp, og innsatsen frå påtalemakta er ein avgjerande faktor for å nå dette målet. Riksadvokaten minner om at det er viktig å innrette etterforskinga også med sikte på inndragingskrav, og at ein legg ned presise og godt grunngitte inndragingspåstandar for retten. Også i tiltalevedtaket skal inndragingskravet vere presisert i størst mogleg grad, både med sikte på kva ein skal dra inn, og heimelsgrunnlaget. Det er ikkje tilstrekkeleg å ta atterhald om inndraging ved å vise til alle inndragingsheimlane i straffelova. Vi nemner to initiativ for å nå målet om auka inndraging: For det første har Økokrim utarbeidd ein ny rettleiar om inndraging. Behovet i politiet og påtalemakta for den dreieboka som no er utarbeidd, er utan tvil stort. Vesentlege delar av den kunnskapen som finst i politiet og påtalemakta på dette feltet, er gjord tilgjengeleg på ein god måte. Boka bør få mykje å seie for den totale oppgåveløysinga vår og vil ganske truleg gi resultat som er til det beste for samfunnet. Statsadvokatane vil få tilsendt eksemplar av dreieboka. For det andre kan ein nemne at Justisdepartementet etter initiativ frå Politidirektoratet arbeider med eit forslag om at utgifter politiet får ved oppbevaring og tilsyn av beslag, og utgifter ved sal etter inndraging, ikkje lenger må dekkjast innanfor budsjettrammene i politidistrikta, men kan bli trekt frå salsinntekta. Ei regelendring i tråd med forslaget vil kunne fjerne eit mogleg incitament i politiet til å avgrense inndragingsetterforskinga på ein uheldig måte. Høyringsfristen til departementet var 25. mai d.å. Økokrim støtta forslaget, og Riksadvokaten slutta seg til. 73 9. Samarbeid mellom Finansnæringens Fellesorganisasjon (FNO) og politiet (1) Hefte frå FNO om forsikringssvindel – «Håndbok for jurister og etterforskere i politietaten» I desember 2011 gav Finansnæringens Fellesorganisasjon (FNO) ut eit hefte om forsikringssvindel som vart kalla «Håndbok for jurister og etterforskere i politietaten». Føremålet med handboka er «å gjøre det enklere for etterforskere og jurister i politietaten å arbeide med saker der det er mistanke om forsikringssvindel». Heftet tek m.a. opp føresegnene i forsikringsavtalelova om forsikringssvindel, typeeksempel på forsikringssvindel og dei ulike rollene til politiet og forsikringsselskapa. Nokre eksemplar av handboka er sende statsadvokatregionane til orientering ved brevet frå Riksadvokaten av 21. mai d.å. (2) Tilrettelegging for samarbeid med politiet i tjuverisaker FNO har no – gjennom avtalar med dei enkelte forsikringsselskapa – sett seg i stand til raskt å gi politiet tilsegn i enkeltsaker om at det ikkje vil bli fremja regresskrav ved eventuelt tap av gods i saker med såkalla utsett pågriping. Dette er aktuelt der politiet ikkje grip inn med ein gong mot tjuveri, men forsøkjer å følgje tjuvegods for å avdekkje mottakarar av godset. Kontaktpunkt i FNO er Hans-Jacob Anonsen (mob. 915 11 234) og Frode Bjeglerud (mob. 415 35 824). Når det gjeld bruk av GPS-sporingseiningar – som ein m.a. kan plassere i båtmotorar – viser vi til omtale under møtet. 10. Hatkriminalitet – straffelova § 135 a Motarbeiding av hatkriminalitet er viktig, og arbeidet påtalemakta legg ned i denne samanhengen blir vurdert kontinuerleg både nasjonalt og internasjonalt. Talet på saker etter straffelova § 135 a synest å vere lågt, og slik det går fram av brevet frå Riksadvokaten av 23. november 2011, skal ein fortløpande sende kopi av alle påtaleavgjorde saker av denne typen i 2012 til riksadvokatembetet for gjennomsyn. I dom i Høgsterett 30. mars 2012 blir det sagt at terskelen for brot på § 135 a er lågare etter lovendringa i 2005. Vidare er det framheva at det skal mindre til for å konstatere lovbrot dersom ytringane ikkje inngår i kjerneområdet for ytringsfridommen, typisk den politiske debatten osb. Reint sjikanøse ytringar er i liten grad verna av Grunnlova og vil såleis kunne utgjere lovbrot. Som kjent skal alle statsadvokatembeta og politidistrikta ha peika ut ein statsadvokat/politiadvokat med fagansvar for rasisme og annan hatkriminalitet. Dei nemnde personane er kalla inn til fagseminar ved riksadvokatembetet 20. november 2012. 11. Meldeplikt til UDI m.m. Utvising av utanlandske personar som står bak straffbare forhold, er truleg ein effektiv måte å motverke kriminalitet på, ettersom det reduserer moglegheita for nye lovbrot her i riket. Nok ein gong minner vi om meldeplikta i påtaleinstruksen § 5-13. Etter det som er opplyst, blir ikkje slike meldingar sende sjølv om det er kryssa av for dette i BL. Riksadvokaten forventar at statsadvokatane følgjer opp at slike meldingar faktisk blir sende, og at ein etterlever meldeplikta. Slike meldingar må ein sende så tidleg som mogleg ettersom vedtak om utvising må vere fatta seinast eitt år etter rettskraftig dom/førelegg dersom utlendingen har lovleg opphaldsløyve, jf. utlendingslova §§ 67 og 68. Vidare minner Riksadvokaten om retningslinjene i brev av 25. mars 2011 om rapporteringsplikt til både folkeregisteret og UDI dersom det kjem fram opplysningar i straffesaka som gir 74 politi/påtalemakt kunnskap om at nokon har falsk identitet (sannsynsovervekt). Endeleg minner vi om retningslinjer frå Riksadvokaten i brev av 1. desember 2008 og 10. desember 2010, der det mellom anna går fram at bruk av falsk identitet og manglande oppfølging av vedtak frå UDI skal påtalast. 12. Passiv medverknad Riksadvokaten gav ordre om tiltale mot ei mor våren 2011 for passiv medverknad til brot på straffelova § 228 andre ledd andre straffalternativ, jf. § 232 i samband med at ein 8 år gammal gut vart mishandla til døde av stefaren i februar 2005. Tønsberg tingrett sa fellande dom 23. april d.å., likevel slik at den tiltala berre vart halden ansvarleg for valden, ikkje for dødsfølgja. Avgjerda er anka av den domfelte. Omsorgspersonar har – slik Riksadvokaten ser det – plikt til å verne born frå overgrep, og dersom slike personar etter omstenda har kunnskap om, eventuelt finn det mest sannsynleg, at overgrep vil kome til å skje, er vedkomande medverknadsansvarleg med mindre personen tek adekvate skritt for å forhindre nye overgrep. I saker om overgrep mot born bør statsadvokatane særskilt vurdere om saka gir grunnlag for å påtale moglege passive medverkarar. I tillegg til valdssaker kan det også gjelde for saker om sedskap. 13. Avhøyr Frå ulike hald er det kommentert at lyd- og biletavhøyr ofte blir for omfattande, og at politiavhøyr inneheld urimeleg mykje fri forklaring i høve til konfrontasjon. Vidare er det mellom anna også hevda at det blir teke for mange avhøyr, og at avhøyra ikkje tener dei føremåla ein skal opplyse i retten. Riksadvokaten heldt eit møte om dette temaet 25. januar 2012 med fleire sentrale aktørar, medrekna Kripos, PHS, OPD, OST, NAST og Økokrim. Ein avgjorde at det skal setjast ned ei arbeidsgruppe i regi av Riksadvokaten med mandat om å fremje tiltak i denne samanhengen. Gruppa skal leiast av politiinspektør Reidar Bruusgaard ved Kripos. Mandatet og dei andre medlemmene i gruppa vil bli fastsette i løpet av kort tid. 14. Samordningsorganet – utvida rolle I Meld. St. 7 (2010–2011) Kampen mot organisert kriminalitet – en felles innsats er det understreka at utviklinga av mobil og grenseoverskridande kriminalitet gjer det nødvendig å styrkje politiinnsatsen på dette området. Eit sentralt verkemiddel er å styrkje det samordningsorganet ein har i dag. Organet i dag har som kjent til føremål å tildele økonomisk støtte til politidistrikta for motarbeiding av alvorleg kriminalitet, særleg den organiserte kriminaliteten og/eller kriminalitet som skjer over distriktsgrensene. Regjeringa forventar at eit forsterka organ bidreg til å auke evna til politiet vidare når det gjeld å organisere, kraftsamle, koordinere og setje i verk aksjonar på tvers av grenser, særleg i saker om alvorleg organisert kriminalitet, til dømes større narkotikasaker, mobil vinningskriminalitet m.m. Det er forventa at samordningsorganet skal utøve større grad av koordinering av innsatsen mot organisert kriminalitet enn i dag, og vere eit koordinerings- og rådgivingsforum for politiinnsatsen på dette feltet. Det skal vidare vere eit forum for strategiske drøftingar mellom politiet og andre offentlege kontrolletatar, og næringslivet. Det er grunn til å tru at samordningsorganet, som i dag omfattar ass. politidirektør, ass. riksadvokat og sjefen for Kripos, blir utvida med politimeisteren i Oslo. Riksadvokaten er i dialog med departementet og POD om utforming av ny instruks som skal spegle av dei utvida oppgåvene til organet. Det er viktig at statsadvokatane held seg orienterte om arbeidet i rådet og ved behov fremjar konkrete forslag til samordning. 75 15. Kommunikasjonskontroll og romavlytting 2011 Den utgreiinga som vart gitt under møtet, inneheld graderte opplysningar og blir ikkje teken inn her. Basert på innmelding frå politimeistrane gav drygt 50 % av sakene resultat i form av pågripingar, beslag og/eller informasjon av stor verdi for bevis og etterforsking. Det er forventa at statsadvokatane går gjennom årsrapporten frå kontrollutvalet med påpeikingar. I arbeidet med enkeltsaker må ein vurdere nøye om politiet har gode rutinar og følgjer regelverk og instruksar på området. 16. Handsaming av narkotikasaker – ventetid for narkotikaanalysar frå Kripos Lang sakshandsamingstid ved Kripos for analysar av narkotikabeslag har vore eit gjentakande problem i fleire år. Etter å ha sett i verk ulike tiltak for å kome à jour har sakshandsamingstida vore akseptabel dei siste åra. No aukar sakshandsamingstida dessverre igjen. Medan gjennomsnittleg sakshandsamingstid i 2009 var 28 dagar, var ho på 70 dagar i 2011. Ifølgje Kripos blir likevel fristsaker analyserte innanfor dei fastsette måla. Trass i at analyseproduksjonen i 2011 låg nesten 30 % høgre enn i 2009, blir færre saker gjorde ferdige. Ifølgje Kripos kan forklaringa vere at talet på analysar per sak aukar. Dette har fleire årsaker: meir komplekse saker, fleire beslag og ulike typar stoff i den enkelte saka svært stor vekst av nye stoff som ofte er meir arbeidskrevjande å identifisere enn dei tradisjonelle stoffa auka dokumentasjonsbehov, spesielt auka etterspurnad etter styrkegradsføresegner i små beslag og nye blandingar som krev metodeutvikling Kripos vurderer no ulike tiltak for å bremse den negative utviklinga. Dei opplyser at urimeleg mykje ressursar går til dei minste sakene. Sjølv om politidistrikta har vorte betre til å skilje mellom analysesaker og føreleggssaker når dei sender inn beslag til Kripos, blir det framleis sendt inn saker til analyse som kunne ha vore avgjorde med førelegg. Dessutan blir saker påtaleavgjorde i politidistrikta før analyserapporten er klar utan at ein gir melding til Kripos, og dette fører til at det blir gjort unødvendige analysar. Det er viktig at statsadvokatane både i handsaminga av daglege straffesaker og i dialogen med politidistrikta rettar merksemd mot desse problemstillingane. Riksadvokaten vil i løpet av hausten 2012 vurdere å justere føreleggsdirektiva, både med omsyn til grensene og stofftypar. Fleire stoff er til dømes ikkje tekne opp i dagens retningslinjer, og det kan derfor til dømes vere vanskeleg for Kripos å nekte analyse ved å vise til føreleggsdirektivet. I første omgang blir det ei intern høyring. 17. Tidsbruken når ein sender fengslingssaker til Høgsterett Høgsterettsjustitiarius har i brev av 23. april 2012 til Riksadvokaten uttrykt uro for faktisk tidsbruk ved sending av ankar over fengslingsorskurdar frå lagmannsretten. Det blir vist til at Høgsteretts ankeutval i fleire saker har måtta avvise anken til den sikta fordi påtalemakta hadde forsømt å sende inn saka før fengslingsfristen gjekk ut. 76 Det er ikkje akseptabelt, og i brev av 14. mai 2012 til statsadvokatane og politimeistrane har Riksadvokaten gitt slikt direktiv: «Ved anke fra siktede i fengslingssaker, skal saken straks og uten opphold oversendes Høyesterett sammen med tilhørende dokumenter og eventuelt tilsvar fra påtalemyndigheten.» Dersom påtaleansvarleg ikkje er til stades, må det i instruks eller retningslinjer gå klart og tydeleg fram kven som «svarar» for den daglege porteføljen. Vedkomande har i så fall ansvaret for at ankar over fengslingsorskurdar blir handterte på ein rask og effektiv måte. Av omsyn til knappe tidsfristar skal ein alltid vurdere alternative sendemåtar, til dømes epost, telefaks eller direkte levering der det er mogleg. Elles er politimeistrane forventa å gå gjennom praksis og rutinar i politidistrikta og gjere dei innskjerpingane det er behov for. Statsadvokatane må i samband med inspeksjonar og tilsyn forsikre seg om at politidistrikta har rutinar som sikrar rask sending av ankar i fengslingssaker. Ein kan også med fordel ta opp spørsmålet på regionale påtalemøter. 18. Vald i nære relasjonar – registreringspraksis Sjølv om det reelle omfanget av familievald er svært uvisst, har det dei siste åra skjedd ein auke i talet på politimeldingar etter straffelova § 219. Årsaka er truleg samansett, men det er grunn til å tru at større openheit, endra haldningar og ikkje minst sterkt søkjelys på saksfeltet har ført til denne situasjonen. På bakgrunn av erfaring, m.a. frå handsaming av klagesaker, finn Riksadvokaten grunn til å stille spørsmål ved om det skjer ei viss overregistrering ved at for mange saker blir førte i statistikkgruppene som gjeld brot på straffelova § 219. Kjerneområdet for føresegna er som kjent ulike former for grov eller gjenteken mishandling. Ein har døme på at enkeltståande lekamskrenkingar eller at ein far dominerer og kontrollerer utan bruk av trugsmål eller vald, er registrert som mishandling i familien. Ein praksis der all valdsbruk innanfor huset blir oppfatta som familievald, vil både gi eit uriktig bilete av den faktiske situasjonen og kan bidra til at alvoret i dei eigentlege § 219-sakene blir utvatna. Statsadvokaten må rette særskild merksemd mot dette spørsmålet, både i handsaminga av enkeltsaker og generelt. Ein ber om at eventuell uheldig praksis blir innrapportert, slik at Riksadvokaten kan vurdere om det er behov for sentrale retningslinjer. 19. Unge lovbrytarar – alternative reaksjonar Rapporten om «Økt bruk av konfliktrådet» har vore på høyring og er no til handsaming i Justis- og beredskapsdepartementet. Uavhengig av framdrifta forventar Riksadvokaten at statsadvokatane – som ledd i fagleiinga – aktivt bidreg til at politiet følgjer opp pålegget i mål- og prioriteringsrundskrivet nr. 2/2012 om bruk av konfliktråd og utprøving av nye reaksjonar, særleg overfor unge lovbrytarar. Ein minner om at Stortinget 15. desember 2011 fatta vedtak om endringar i straffelova, straffeprosesslova mfl. (born og straff), jf. Prop. 135 L (2010-2011) og Innst. 83 L (2011-2012). Av dei lovendringane som tredde i kraft 20. januar 2012, kan ein nemne – straffelova §§ 18, 28 andre ledd, 28 a andre ledd og 39 c andre ledd. straffeprosesslova §§ 69 andre ledd tredje punktum, 183 andre og tredje ledd, 184 andre ledd 77 andre punktum, 185 andre ledd og 186 a. Vidare vart det vedteke ein ny straffereaksjon for unge under 18 år, den såkalla ungdomsstraffa. Arbeidet med å setje henne i verk er utsett medan ein ventar på at alle konfliktråda i landet skal etablere oppfølgingsgrupper. 20. Melding til Domstoladministrasjonen ved etterforsking av dommarar Etter påtaleinstruksen § 5-4 første ledd pliktar påtalemakta (politiet) av eige tiltak og på nærare vilkår å informere næraste føresette når det blir opna etterforsking mot offentleg tenestemann. Domstoladministrasjonen har i kontakt med Riksadvokaten opplyst at dei ikkje blir informert dersom ein dommar blir sett under etterforsking, og at det er tilfeldig om, og når, dei får kjennskap til forholdet. Konsekvensen er at administrativt ansvarleg styresmakt ikkje får moglegheit til å vurdere teneste- eller personaltiltak. I brev av 7. oktober 2011 til statsadvokatane og politimeistrane avgjorde Riksadvokaten at når ein dommar eller domstolsleiar blir sett under etterforsking, skal saka alltid meldast inn til Domstoladministrasjonen. 21. Nasjonal koordineringseining for dom på overføring til tvunge psykisk helsevern I 2006 oppretta Helse Sør-Øst ei såkalla koordineringseining for å følgje opp lovbrytarar som er dømde til overføring til tvunge psykisk helsevern i medhald av straffelova § 39. I oppdragsdokument frå Helse- og omsorgsdepartementet 2012 har koordineringseininga fått ansvar for å gjennomføre ei nasjonal utviding av ordninga. Oppgåvene til den nasjonale eininga vil hovudsakleg falle saman med dagens mandat, m.a. å – å føre register over alle særreaksjonsdømde – å vise til plass for dei som er dømde til særreaksjonar – å halde oversikt over kvar den dømde oppheld seg – å utarbeide rutinar og prosedyrar for samhandling mellom relevante partar Ved ny § 5-2a i psykisk helsevern-lova er etableringa av ei nasjonal koordineringseining no lovfesta, med verknad frå 1. juli 2012. Føresegna er ei oppfølging av Prop. 108 L (2011-2012). Den nasjonale koordineringseininga skal før utgangen av 2012 m.a. utarbeide og oppdatere retningslinjer for å sikre nødvendig samhandling mellom helsetenesta og justissektoren. Fram til nye retningslinjer er klare, vil dagens prosedyrar for området i Helse Sør-Øst, sist reviderte 27. januar 2012, gjelde for heile landet. Riksadvokaten vil i løpet av kort tid sende desse ut til statsadvokatane og politimeistrane. Når dei nye retningslinjene er klare rundt årsskiftet, vil Riksadvokaten vurdere om det er behov for nærare direktiv til påtalemakta. 22. Kort orientering om forholdet mellom etterforskingsplikta til politiet og dødsstadsundersøkingar der born under 4 år døyr plutseleg og uventa Forholdet mellom politiet og dødsstadsgruppa er regulert i retningslinjer frå Folkehelseinstituttet av 22. oktober 2010, jf. rundskriv frå Riksadvokaten nr. 2/2011 pkt. 2. 78 Ifølgje Folkehelseinstituttet er det noko uvisse om grenseoppgangen mellom dei to instansane. I nokre tilfelle har det ført til «dobbeltutrykking» og i andre tilfelle at dei aktuelle familiane ikkje har vorte oppsøkte i det heile teke. Ein har ikkje fått tilsvarande uroingsrapportar frå politiet. Før Riksadvokaten vurderer behovet for ei nærare avklaring av ansvarsgrensene, eventuelt innføring av standardiserte opplysningsrutinar, vil ein hente inn fråsegner frå politidistrikta om erfaringar og korleis ordninga i praksis fungerer. Ved inspeksjonane sine bør statsadvokatane vurdere om ein bør gjere oppfølginga frå politiet og handsaminga av denne typen til eit særskilt tema. 23. Fråsegner frå statsadvokatane i høyringssaker Som representantar for Den høgre påtalemakta og fagleg ansvarlege for straffesakshandsaminga i regionane er statsadvokatane viktige premissleverandørar for innretninga og utviklinga av arbeidet mot kriminalitet. Ein kanal for å påverke og ha innverknad er høyringar knytte til ulike forslag på det strafferettslege feltet. Riksadvokaten seier seg derfor lei for at høyringssaker – sjølv på sentrale område – synest å bli nedprioritert ved embeta. Riksadvokaten understrekar at det er embetsleiaren sitt ansvar å svare på høyringar – som ligg i kjerneområdet for påtalemakta – og at det blir sett av nødvendig tid til å utarbeide av høyringsfråsegner. 24. Tiltale- og ankekompetansen til Riksadvokaten Riksadvokaten har tiltalekompetanse etter siktingar der strafferamma blir forhøgd til 21 år ved særs skjerpande omstende, sjølv om straffelova § 232 ikkje kjem til bruk i den konkrete saka. Riksadvokaten skal dermed handsame alle saker etter straffelova § 231 første punktum, § 233 første ledd, § 162 tredje ledd og § 317 femte ledd jf. fjerde ledd. Tiltale etter straffelova § 317 fjerde ledd (grovt heleri) må bli teken ut av Riksadvokaten dersom utbytet er knytt til narkotikabrotsverk. Politiet har i saker der utbytet ikkje er knytt til narkotikabrotsverk, tiltalekompetanse etter straffelova § 317 fjerde ledd og aktlaust heleri, jf. § 317 sjette ledd, medan statsadvokaten har tiltalekompetanse etter § 317 andre ledd («sjølvvasking»). Ein kan ikkje bli dømd til maksimumsstraffa i lova ved forsøk, jf. straffelova § 51, og statsadvokatane er tiltalekompetente sjølv om eit fullbyrda brotsverk høyrer under Riksadvokaten, jf. straffeprosesslova § 65 smh. § 66. Dette gjeld likevel ikkje etter straffelova § 148, der forsøk kan straffast likt med fullbyrda brotsverk, jf. andre ledd. Sjølv om ein ikkje kan gi maksimumsstraff til gjerningspersonar under 18 år, jf. straffelova § 55, gjeld retningslinjene frå 1. juni 2006 framleis: I alle drapssaker er det Riksadvokaten som skal avgjere tiltalespørsmålet. Ein viser til påtaleinstruksen § 22-3 andre ledd om at saker med «særlig stor allmenn interesse» skal leggjast fram for Riksadvokaten. I andre saker med gjerningsmann under 18 år er utgangspunktet at sakene blir handsama av statsadvokatane. Er det bevis for overlegg, blir også dette teke med i drapstiltalar etter straffelova § 233 første og andre ledd til erverv av dom på overføring til psykisk helsevern, jf. straffelova § 39 jf. psykisk helsevern-lova kapittel 5. Derimot tek ein ikkje ut tiltale om særs skjerpande omstende, jf. straffelova § 233 andre ledd siste punktum, fordi dette i stor grad leier opp til straffutmålinga. Ankekompetansen følgjer tiltalekompetansen slik at alle saker der Riksadvokaten har avgjort tiltalespørsmålet, skal bli sende inn for godtaking, eventuelt anke, jf. straffeprosesslova § 68. Dette gjeld også ved dom i første instans der den domfelte ankar og har automatisk ankerett. 79 Er sikta varetektsfengsla, skal dette gå fram av påskrifta ved sendingar til Riksadvokaten. Dette gjeld også ved ankar til Høgsterett. Ankar over avgjerder frå lagmannsretten, medrekna orskurdar og vedtak i tingretten, går til Høgsteretts ankeutval (tidlegare kjæremål), jf. straffeprosesslova § 7. Saka skal sendast via lagmannsretten til Høgsterett og ikkje til Riksadvokaten, jf. straffeprosesslova § 381 første ledd, slik at retten får moglegheit til eventuelt å gjere om eiga avgjerd eller å kommentere anken. Det er ikkje høve til å motanke over orskurd eller vedtak, slik som ved dommar, jf. straffeprosesslova § 311, jf. Rt. 2004, side 1653, og Rt. 2008, side 677. 25. Vidareføring av tvunge psykisk helsevern – straffelova § 39 b Avgjerd om bortfall av særreaksjonen tvunge psykisk helsevern der tiltalekompetansen høyrer under Riksadvokaten, blir gjord av statsadvokaten, jf. særreaksjonsrundskrivet nr. 4/2001 punkt VII, 4. Riksadvokaten avgjer om ein skal krevje å føre reaksjonen vidare utover treårsperioden i saker der tiltale er teke ut her, jf. brev av 13. februar 2008. I dei sistnemnde tilfella må ein sende inn sakene i god tid før fristen går ut. Påtalemakta må bringe saka inn for tingretten seinast tre år etter siste rettskraftige dom, jf. straffelova § 39 b siste ledd andre punkt. Påskrifta må merkast tydeleg med utløpet av treårsfristen med utgangspunkt i domsseiinga. Riksadvokaten ber også om at ein opplyser om fristen for avvising av tiltalen med utgangspunkt i rettskraftstidspunktet for dommen. Fristane er omtala i brevet frå Riksadvokaten av 14. januar 2005. 26. Forvaring – utvising Statsadvokatane bør vurdere om det er tenleg og praktisk mogleg å ta atterhald og påstå forvaring i saker der den domfelte svært truleg vil bli utvist etter ei eventuell domfelling. Avgjerd om bortfall av forvaring og samtykke til prøvelauslating frå forvaring høyrer under kompetansen til statsadvokatane sjølv om tiltalen er avgjord av Riksadvokaten. Avgjerd om forlenging av forvaring i blir i slike tilfelle teken av Riksadvokaten, men avgjerd om å ikkje forlengje forvaringa høyrer til statsadvokaten. I saker der den domfelte er dømd til forvaring utover maksimal minstetid på 10 år, jf. straffelova § 39 e første og andre ledd, bør ein vurdere om ein skal ta kravsmålet om prøvelauslating frå forvaringsdom til følgje dersom vedkomande ved ein dom på fengselsstraff ikkje ville ha vorte prøvelauslaten etter 2/3 tid frå same tidspunktet. Som følgje av ei konkret sak der den domfelte var dømd til 21 års forvaring med ei minstetid på 10 år og utvist under soning, vart det fremja kravsmål om prøvelauslating ca. 4 år før det var aktuelt med ordinær prøvelauslating etter straffegjennomføringslova § 42. Riksadvokaten har etter ei konkret vurdering tilrådd ikkje å ta kravsmålet til følgje, på vilkår om at den domfelte forlèt landet i samsvar med utvisingsvedtaket, og at han ikkje seinare returnerer hit (jf. straffelova § 39 f og § 39 g første og andre ledd jf. § 53 nr. 3 bokstav a). 27. Vald mot tilsette i asylmottak Tilsette på asylmottak som opplever vald og trugsmål frå dei som bur der, kan overlate til arbeidsgivaren å politimelde forholdet fordi det generelt vil liggje føre allmenne omsyn. Dersom arbeidsgivaren er eit privat selskap, er dei tilsette ikkje verna av straffelova §§ 127, 128 og 326, fordi dei ikkje er å sjå som «offentlig tjenestemann». Dette svekkjer neppe det strafferettslege vernet deira sidan ein normalt kan bruke andre føresegner om straff, og ofte vil det vere snakk om 80 skjerpande omstende ved straffutmålinga. Nærare retningslinjer er gitte i brev frå Riksadvokaten 17. april d.å. 28. Born i politiarrest Advokatforeningen og Barneombodet har, m.a. med bakgrunn i uro frå internasjonale menneskerettsorganisasjonar, teke opp spørsmål som er knytte til born i politiarrest. I samband med dette minner Riksadvokaten om endringane som tredde i kraft 20. januar 2012 i straffeprosesslova § 184 andre ledd andre punktum (om at personar under 18 år ikkje skal fengslast med mindre det er tvingande nødvendig), § 183 andre ledd (om at pågripne under 18 år eventuelt må bli framstilte for fengsling snarast mogleg og seinast dagen etter pågripinga) og politiarrestforskrifta § 3-1 (om at personar under 18 år skal overførast til varetektscelle «snarest mulig og senest dagen etter pågripelsen»). Ein skal alltid vurdere andre, mindre inngripande alternativ. Ein skal i tillegg alltid vurdere om pågriping og arrest er rimeleg, og i denne vurderinga er alder eit sentralt moment. Fysiske forhold (som forholda i arresten) og praktisk tilrettelegging (som vaksenkontakt) vil måtte gå inn i vurderinga. Statsadvokatane bør minst ein gong før sommaren 2013 følgje opp bruken av politiarrest overfor mindreårige ved inspeksjonar av politidistrikta og i rapportane omtale grunnlaget for arrest, aldersfordeling, kva alternativ som er vurderte, lengda på opphalda i arrest og eventuell fengsling. Til orientering kan ein også nemne at Justis- og beredskapsdepartementet nyleg har gitt Politidirektoratet i oppdrag å utarbeide rutinar som sikrar at born berre blir plasserte i politiarrest når det ikkje finst alternativ. Departementet har også bede om at det blir utarbeidd rutinar for registrering av born i politiarrest, slik at ein raskt kan konstatere kor mange som er seg i arrest på eit visst tidspunkt, kor gamle dei er, kor lenge dei blir utsette for fridomstap, og om dei er plasserte med heimel i politilova eller straffeprosesslova. Ein skal også utarbeide rutinar som sikrar at cella – når born blir plasserte der – blir utstyrt slik at opphaldet utgjer minst mogleg belastning for den pågripne. Endeleg er direktoratet bede om å sikre at barnet heile tida under opphaldet i politiarrest har tilgang til kontakt med ein vaksenperson. 29. DNA a) Lokale retningslinjer for registrering i identitetsregisteret Straffeprosesslova § 160 a gir som kjent heimel for å registrere i identitetsregisteret alle som får straff for handling som har strafferamme på fengsel (og i tillegg utilreknelege som har gjort slike handlingar). Riksadvokaten gav i 2008 retningslinjer både om kven ein skal registrere, og om kven ein kan registrere. Om dei sistnemnde er det sagt at registrering kan skje «hvis det i andre tilfeller enn nevnt [dvs. skal-tilfella] skulle foreligge et særlig sterkt behov for registrering og vilkårene er oppfylt». Riksadvokaten er kjend med at minst eitt politidistrikt har hatt lokale retningslinjer som går ut over dette, ved at alle som blir dømde til samfunnsstraff med subsidiær fengselsstraff over 60 dagar, skal bli registrerte, uavhengig av type brotsverk. Det er ikkje heldig at registreringspraksis er ulik, og at utsikta til å hamne i DNA-registeret er avhengig av kva politidistrikt som handterer saka. Ein kan ikkje seie at det generelt er «særlig sterkt behov for registrering» av personar som er dømde til samfunnsstraff. Politidistrikta må med andre ord halde seg til retningslinjene frå Riksadvokaten, og det er ikkje rom for lokal praksis som fører til systematisk registrering utover det desse retningslinjene set opp. 81 I denne samanhengen kan ein nemne at Politidirektoratet har kome med forslag om at ein bør utvide registreringstilgangen. Spørsmålet om omfanget av ei slik utviding blir sendt på høyring til statsadvokatembeta. b) Etterslep på registreringane Kripos har orientert om at det stadig er etterslep på registreringane i identitetsregisteret, og at dette dels kjem av at det tek tid før politiadvokatane tek avgjerd. Ikkje minst gjeld dette avgjerder om personar som allereie er registrerte i etterforskingsregisteret. Statsadvokatane må vere merksame på problemstillinga, og ein kan med fordel ta opp på påtalemøte at det er viktig med raske avgjerder. 30. Rettsoppmodingar a) Direkte sendingar i Schengen Innanfor Schengen-området skal ein i utgangspunktet sende oppmodingar om støtte direkte til/frå statsadvokatane og den rette judisielle styresmakta i mottakar-/avsendarlandet, jf. Schengenkonvensjonen artikkel 53 nr. 1 (gjeld ikkje krav om utlevering). Dette gjeld også svar på oppmodingar som blir sende frå utlandet til departementet og/eller Riksadvokatembetet, med mindre noko anna er presisert. b) Berre relevante dokument skal liggje ved Når ein svarar på spørsmål om støtte, skal ein normalt berre sende dei dokumenta som svarar på førespurnaden – til dømes rettsboka frå rettsleg avhøyr, samandrag av politiavhøyr, kontoutskrifter, viktige politirapportar og liknande. Ein skal ikkje sende påskrifter som ikkje inneheld vesentlege opplysningar. Grunngivinga er mellom anna at ein bør unngå at mottakarlandet får unødvendige utgifter til omsetjing. Sjølve førespurnaden – eller ein kopi av denne – bør ein arkivere på saka hos politiet. I saker der svaret går via riksadvokatembetet og Justisdepartementet (dvs. til andre land enn Schengen-land) skal oversendingsbrevet frå departementet frå saka og eit eksemplar av førespurnaden følgje dokumenta når saka blir returnert. Det same gjeld kopi av eventuelle påskrifter frå politiet som gir vesentleg informasjon, til dømes om kvifor det har teke lang tid å svare på oppmodinga. I utleveringssaker der Justisdepartementet skal ta realitetsavgjerd, skal heile utleveringssaka sendast til riksadvokatembetet. Dokumenta i ei eventuell norsk straffesak skal ikkje liggje ved. 31. Arrestordrelova og norsk tilslutning til Europarådskonvensjonen om gjensidig hjelp i straffesaker (MLA) m.m. Arrestordrelova, som mellom anna gjer at vi sluttar oss til den europeiske arrestordren, forenklar utleveringsprosessen mellom nordiske land og mellom EU-land og Noreg/Island. Lova vart vedteken i januar 2012, og det er mykje som tyder på at ho trer i kraft i løpet av hausten 2012 for Norden sin del. Prosessen i EU tek noko lengre tid fordi fleire av landa endå ikkje har ratifisert tilslutningsavtalen med Noreg (og Island). I samband med at ho trer i kraft, skal ein utarbeide rundskriv og truleg gjere endringar i påtaleinstruksen. I juni 2012 gav Stortinget samtykke til at Noreg sluttar seg til EU-konvensjonen om gjensidig hjelp i straffesaker frå 2000 (MLA), tilleggsprotokollen til denne frå 2001 og andre tilleggsprotokoll til gjensidig hjelp-konvensjonen frå 1959. Samtidig vart det vedteke 82 relevante/nødvendige lovendringar. Tilslutninga vil mellom anna seie at førespurnader om bistand skal kunne sendast direkte til/frå alle europarådslanda (ikkje berre Schengen-land). Det blir også ei nærare regulering av mellom anna videoavhøyr, kommunikasjonskontroll og utveksling av informasjon om bankkontoar m.m. Endringane er venta å tre i kraft i haust/vinter, og ein skal utarbeide forskriftsføresegner. 32. Nytt frå internasjonal strafferett I løpet av første halvår 2012 fall det to avgjerder ved internasjonale straffedomstoler som er svært viktige. Etter etableringa 1. juli 2002 sa Den internasjonale straffedomstolen (ICC) første dom 14. mars 2012. Den kongolesiske opprørsleiaren/krigsherren Thomas Lubanga Dyilo vart funnen skuldig i krigsbrotsverk i form av verving og bruk av barnesoldatar i Den demokratiske republikken Kongo i perioden september 2002 til august 2003, etter ein langvarig prosess ved domstolen. Lubanga var den første som vart pågripen etter avgjerda i domstolen, i mars 2006, og rettssaka starta i januar 2009, som den første for domstolen. ICC har elles for tida 15 saker til handsaming, alle frå det afrikanske kontinentet. Straffutmålingsprosedyrar i saka var tidfesta til 13. juni 2012, og ifølgje nettsida til domstolen vil straffutmålingsavgjerda vere klar «in due course». Maksimumsstraffa etter Roma-vedtektene er fengsel i 30 år eller livstidstraff «dersom forbrytelsens ekstreme alvorsgrad og de individuelle omstendigheter ved den domfelte person tilsier det», jf. art. 77 i vedtektene. Dommen kan ankast, så det vil framleis ta noko tid før det ligg føre ei rettskraftig avgjerd frå ICC. Frå ICC kan ein elles nemne at Fatou Bensouda tek til som nyvald hovudaktor 15. juni 2012. Ho er vald for ein periode på ni år og følgjer Luis Moreno Ocampo. Bensouda er frå Gambia og har vore assisterande hovudaktor ved ICC sidan 2004. Spesialdomstolen for Sierra Leone sa dom 26. april 2012 i sak mot Charles Ghankay Taylor, tidlegare president i Liberia. Taylor vart funnen skuldig i medverknad til brotsverk mot menneskeslekta, krigsbrotsverk og andre alvorlege brot på internasjonal humanitærrett. Brotsverka omfattar m.a. terrorhandlingar, drap, seksualbrotsverk og bruk av barnesoldatar, og dei vart gjorde av opprørsstyrkar i Sierra Leone i perioden 1996 til 2002. Taylor skal m.a. ha medverka ved at han forsynte opprørsstyrkane med våpen, ammunisjon og militært personell, og ved at han bidrog med råd og rettleiing. Han vart også dømd for planlegging av enkelte av brotsverka. Handlingane vart gjorde medan Taylor var president i Liberia, og det er første gong sidan Nürnberg-rettssakene at eit statsoverhovud blir dømt av ein internasjonal domstol. Straffutmålingsavgjerda fall 30. mai 2012, og Taylor vart dømd til fengsel i 50 år. Taylor har anka dommen. Ved det nasjonale statsadvokatembetet og riksadvokatembetet har ein for tida til handsaming ei sak om medverknad til eit svært høgt tal drap i Rwanda i 1994. 33. Ny internettside I mars i år vart riksadvokatembetet gjort merksam på at uvedkomande kunne hacke seg inn på nettsida til Den høgre påtalemakta på Internett, og sida vart stengd. 83 Ei ny og sikrare side er no utarbeidd og vart aktivert 24. mai d.å. www.riksadvokaten.no inneheld også heimesider for kvart av statsadvokatembeta, og ein tilrår å bruke desse i langt større grad enn i dag til formidling av relevant informasjon. 34. Samarbeidet med PDMT Det har i lengre tid vore misnøye med manglande tilgang til Internett i Den høgre påtalemakta. Riksadvokatembetet sende 25. april d.å. eit brev til PDMT der dette og andre forhold ein er misnøgd med, vart tekne opp. Under eit seinare møte vart det klargjort at det er sjølve den tekniske løysinga for Internett-tilgang (STI) som skaper problema, og det vil ikkje hjelpe å auke talet på lisensar. PDMT har som mål å få ei ny STI-løysing på plass i løpet av sommaren. PDMT jobbar også med meir kortsiktige tiltak for å betre situasjonen. 35. DocuLive – status Alle embeta byrja å bruke arkivmodulen i DocuLive frå 2. januar i år, og alle har no tilgang til elektroniske arkiv for administrative saker. Riksadvokatembetet, Oslo statsadvokatembete og Vestfold og Telemark statsadvokatembete har også teke i bruk sakshandsamarmodulen i DocuLive frå 1. mars. Blant dei som handterer eit større tal administrative saker, er erfaringane så langt veldig positive, og det vil bli gitt tilbod til fleire om å ta i bruk sakshandsamarmodulen frå hausten 2012. Det vil også bli mogleg å be om nye arkivtilgangar. 36. D#2 Den høgre påtalemakta skal gå over til ny IKT-løysing i 2012, med praktisk gjennomføring frå 29. november til 20. desember 2012. D#2 fører med seg overgang til såkalla «tynne klientar». All prosessering av data vil skje på sentrale serverar hos PDMT i staden for på harddisken til den enkelte. Det vil ikkje lenger vere mogleg å ha lokale skrivarar som ikkje er knytte til nettet. Det er to typar «tynne klientar»: ein vanleg ordinær og ein «multimedia-PC» til dei som treng enkel og rask tilgang til å spele av lydog biletfiler. Embeta vil bli spurde om kva type klient den enkelte medarbeidaren bør ha. Det er etablert eit lokalt prosjekt i samband med systembytet. 37. Neste møte Oslo statsadvokatembete er teknisk arrangør for neste møte, som blir halde 28.–30. mai 2013 i Oslo-regionen. I 2014 er Agder statsadvokatembete arrangør. God sommar! 84 RIKSADVOKATEN Statsadvokatane DYKKAR REF.: VÅR REF.: DATO: 2013/00320-010 KAK/ggr 810.2 11.07.2013 Statsadvokatmøtet 2013 Takk for sist og for gode innspel og erfaringsutveksling under statsadvokatmøtet i Oslo på Soria Moria Hotell 28.–30. mai d.å. Riksadvokaten informerer i dette brevet om dei pålegga, retningslinjene og orienteringane som i tråd med tradisjonen skulle bli gitte under møtet, men som i år av tidsmessige årsaker vart tekne ut. Embetsleiarane må sørgje for at brevet blir formidla til alle statsadvokatane. Riksadvokaten reknar også med at statsadvokatane formidlar pålegg m.m. vidare til politimeistrane, påtalejuristane og andre relevante personar i regionen på tenleg måte. Brevet vil bli lagt ut på intranettet og nettsida til Riksadvokaten. Ei innhaldsliste er lagd ved. 1. Bruk av narkotikahund – på skular og andre stader I brev av 4. mars 2013 til statsadvokatane omtala Riksadvokaten utviklinga i seinare tid når det gjeld reguleringa av bruk av narkotikahund på skular (brevet vart berre sendt per e-post). Utviklinga på feltet er knytt til eit samrøystes vedtak på Stortinget 10. mai 2012 der ein bad regjeringa om å presisere overfor politiet at ein må innhente skriftleg samtykke frå elevar før ein gjennomfører eventuelle personverninngripande narkotikaaksjonar ved skulane. Vidare vart det gjort vedtak om at ein når ein gjennomfører førebyggjande tiltak med bruk av narkotikahund, må sørgje for god informasjon og dialog om at førebyggjande besøk skal skje innanfor reglane som 85 gjeld for dette, og at det skal skiljast strengt frå ransaking av elevar og eigedelane deira, der lova krev skilleg grunn til mistanke. På bakgrunn av dette vart heftet «Narkotikahund på skoler» frå Oslo politidistrikt i august 2012 gitt ut i ny utgåve som rettar seg etter føringane frå Stortinget. I heftet er det lagt opp til at elevane ved skulestart skal bli informerte om praksisen med narkotikaførebyggjande skuleinnsatsar og få utdelt eit informasjonsskriv frå politiet og eit skjema der dei kryssar av for om dei ønskjer å delta ved desse innsatsane eller ikkje. Det er også lagt opp til at ein berre skal gjennomføre narkotikaaksjonar overfor mindreårige elevar så sant dei føresette er kjende med samtykket frå eleven. Vidare er det lagt opp til at det skal vere mogleg å trekkje seg og forlate klasserommet på aksjonsdagen, også for elevar som har samtykt på førehand, og utan spørsmål frå politiet. I brev av 6. september 2012 understreka Politidirektoratet kravet til skriftleg samtykke overfor politidistrikta og gav elles nokre generelle føringar i tråd med vedtaket frå Stortinget. Dessutan vart heftet frå Oslo politidistrikt – saman med ein del anna materiale, medrekna påskrifta frå Riksadvokaten 30. september 1998 til Oslo statsadvokatembete (Vestby-saka) – sendt ut og omtala som «et godt utgangspunkt for politiets arbeid knyttet til slik forebyggende innsats». Riksadvokaten gav uttrykk for at rutinane som er utarbeidde av Oslo politidistrikt, synest gode og eigna til å sikre realitet til samtykket. Det er forventa at statsadvokatane set seg inn i dei dokumenta det er vist til ovanfor, og som var lagde ved brevet frå Riksadvokaten. Også i andre typesituasjonar enn ved førebyggjande bruk av narkotikahund på skular kan det oppstå ulike rettsspørsmål, ikkje minst heimelsspørsmål. Bruk av politihund – medrekna narkotikahund og bombehund – ved patruljering i det offentlege vil i utgangspunktet ikkje høyre under ansvarsområdet til Riksadvokaten. I brevet frå Riksadvokaten heiter det såleis at ein reknar med at Politidirektoratet har vurdert eller vil vurdere nærare om ein i samband med dette bør utarbeide retningslinjer. Etter det ein er kjend med, er det så langt ikkje utarbeidd slike retningslinjer. Berre dersom bruken av hund etter omstenda går over til å ha eit etterforskingsføremål, er det påtalemakta som har ansvaret. Grensedraginga mellom førebyggjande innsats og etterforsking ved bruk av politihund fortener merksemd og kan vere eit eigna tema i kontakt med politiet ved inspeksjonar m.m. Det same gjeld bruk av narkotikahund på skular. 2. Utrekning av fristar Det er svært viktig at ulike fristar er rekna ut rett og tydeleg oppgitte i påskrifter. Det gjeld særleg anke- og omgjeringsfristar. Feil utrekning av fristar og mangel på oppgiving av fristar kan føre til fristbrot, og dermed rettstap, som det er svært viktig å unngå. Dette har vore teke opp med statsadvokatane ved ei rekkje høve, men framleis skjer det altfor ofte feil i utrekninga eller at fristen ikkje er tydeleg oppgitt på første side i påskrifta. Vi understrekar desse hovudtrekka nok ein gong: Omgjering av avgjerd om vekklegging uavhengig av klage (eller ved for sein klage) Avgjerd om å fråfalle ei forfølging mot ein sikta som er sett i gang, kan gjerast om av overordna påtalemakt «innen tre måneder», jf. straffeprosesslova § 75 andre ledd. Fristen skal reknast frå datoen for avgjerda om vekklegging, uavhengig av når den sikta vart informert. Omgjering etter klage som kom inn i rett tid Fristen for å gjere om ei avgjerd om vekklegging av ei sak mot ein sikta når det har kome inn klage i rett tid, følgjer av straffeprosesslova § 74 sjette ledd jf. § 59 a fjerde ledd. Den sistnemnde føresegna fastset i andre punktum at melding om omgjering må vere send til den sikta før det har 86 gått «tre måneder etter at påtalemyndigheten mottok klagen». Dette er den fristen som oftast blir rekna feil, typisk ved at ein legg til grunn (den kortare) tremånadersfristen som etter § 75 andre ledd blir rekna frå vekkleggingsdatoen. Ankefrist Ankefristen til påtalemakta på to veker går normalt frå den dagen då dommen er komen inn til kontoret til den som har ankeretten, jf. straffeprosesslova § 310 tredje ledd første punktum. Har den som har ankerett, vore til stades ved domsseiinga, går fristen frå det tidspunktet. Den absolutte ankefristen på fire veker er rekna etter andre punktum frå dommen kom inn til den påtalemakta som utførte aktoratet (og det gjeld også i saker der møtande aktor har vore til stades ved domsseiinga). Frå tid til anna får overordna påtalemakt tilsendt forslag om godtaking av dom etter at den absolutte ankefristen har gått ut. Det er då ikkje korrekt å godta dommen, og ein må nøye seg med å konstatere at ankefristen er ute – og at dommen er rettskraftig, så sant den domfelte ikkje har levert inn anke. Ankar den domfelte, går motankefristen på éi veke frå den dagen då anken til den sikta er komen fram til den som har ankeretten. 3. Verknaden av omgjering når statsadvokaten gir ordre om vidare etterforsking I klagesaker der statsadvokaten først har omgjort vekklegginga frå politiet og gitt ordre om vidare etterforsking, for så å leggje vekk saka etter at dei vidare undersøkingane er gjennomførte, skjer det frå tid til anna at klagaren feilaktig opplyser om vidare klagerett til Riksadvokaten. Som kjent kan ein ikkje klage over vedtaket frå klageinstansen i klagesaka, jf. straffeprosesslova § 59 a femte ledd. Ein skal avvise såkalla tredjeinstansklager, og ei klage over avgjerda om vekklegging frå statsadvokaten endrar ikkje karakter til tredjeinstansklage som følgje av at statsadvokaten har gjort vedtak om omgjering i mellomtida. I slike tilfelle er det i realiteten gjennomført ei særleg grundig klagehandsaming som ikkje tilseier utvida tilgang til å klage. 4. Formelt avvisingsvedtak ved tredjeinstansklage – og etter omstenda gjenpart til Riksadvokaten Statsadvokaten skal som kjent normalt avvise tredjeinstansklager, jf. Riksadvokatens rundskriv nr. 4/2002 punkt X,2. I ein del saker har Riksadvokaten erfart at det ikkje er gjort formelt avvisingsvedtak i slike saker, og det blir understreka at dette må bli gjort, med orientering om retten til å klage på avvisingsvedtaket i seg sjølv. Etter omstenda kan det vere tenleg å klargjere at det berre gir rett til å få vurdert om klaga er avvist med rette, og ikkje ein rett til realitetsprøving av vedtaket det er klaga over. I saker der ei tredjeinstansklage er komen inn ved riksadvokatembetet og send til statsadvokaten til handsaming – for der å bli avvist – bør ein sende gjenparten av avvisingsvedtaket til Riksadvokaten. Det kan etter omstenda også vere tenleg å sende slik gjenpart av avvisingsvedtaket i saker der ein, utifrå tidlegare erfaring med klagaren eller av andre grunnar, forventar at klaga etter at ho er avvist, vil bli send direkte til Riksadvokaten. 5. Ei sak bør ikkje splittast i fleire saksnummer når det er fleire sikta I enkelte statsadvokatregionar skjer det at ei sak der fleire personar har gjort straffbare handlingar i samvirke eller som medverkarar, blir splitta opp i éi sak for kvar av dei sikta. Dette fører til ei lite tenleg saksredigering – både av papirsakene og i BL – og synest dessutan gjennomgåande å føre til dårlegare utforming av forslag til grunnlagsskildringa av tiltalen. Slik oppsplitting av saker skjer truleg allereie på politinivå. Saker som høyrer saman, skal ein i så 87 fall returnere for samanslåing, og statsadvokatane må i slike tilfelle instruere politiet om å endre registreringsrutinane sine. 6. Oppgiving av passnummer i rettsoppmodingar m.m. Ein har fått opplyst frå politisambandsmannen ved den norske ambassaden i Russland at det ofte kan vere vanskeleg å finne fram til personar i landet dersom passnummeret til personen ikkje er oppgitt i rettsoppmodingar og andre førespurnader frå norske styresmakter. Dette kan truleg vere eit problem også i kontakten med andre land. Riksadvokaten vil vurdere å ta initiativ til endringar i dei elektroniske sakshandsamingssystema som sikrar at passnummer blir oppgitt i samanhengar der det er ønskjeleg. Inntil vidare bør statsadvokatane sjå til at det ved all kontakt med utanlandske styresmakter, så sant det er mogleg, blir oppgitt passnummer for personar som ein gir eller ønskjer å hente inn opplysningar om. Dette bør dei på tenleg måte også ta opp med politiet. 7. Vekklegging av saker med gjerningsperson under 15 år Vi har fått inn informasjon om at saker med gjerningsperson under 15 år blir lagde vekk meir eller mindre omgåande av omsyn til den totale sakshandsamingstida til politidistriktet sjølv om det står att etterforsking. Dette forvanskar både den etterforskinga som står att, og den førebyggjande oppfølginga ettersom gjennomslagskrafta til politiet blir svekt når alle dei involverte veit at saka uansett er lagd vekk. Politiinnsatsen overfor ungdomsmiljøa er viktig, og statsadvokatane bør vurdere å rette merksemd mot dette temaet ved inspeksjonane og fagleiinga overfor politiet. 8. Manglande samsvar mellom ordre om tiltale frå Riksadvokaten og tiltalevedtaket Med ujamne mellomrom får vi inn saker der tiltalevedtaket ikkje samsvarar med ordren frå Riksadvokaten om tiltale. Dette gjeld særleg lovgrunnlaget og attgivinga av lover, men i nokre tilfelle også det faktiske grunnlaget. Truleg ligg noko av årsaka til dette i manglande bruk av påtalemodulen i BL hos anten statsadvokaten eller Riksadvokaten, men statsadvokatane må uansett kvalitetssikre at tiltalevedtaket blir likt tiltaleordren, og at dette ikkje berre gjeld det faktiske grunnlaget, men også lovgrunnlaget og attgivinga av lover. 9. Meir effektiv motarbeiding av utanlandske kriminelle Ved høyringsbrev av 2. januar 2013 til alle statsadvokatane og til politiet bad Riksadvokaten om innspel til tiltak for meir effektiv motarbeiding av utanlandske kriminelle. I brevet er det mellom anna føreslått at ei sak mot ein utlending ikkje kan få påtalevedtak utan at det er teke stilling til om ein skal reise utvisingssak, og ein ønskjer å auke moglegheita for å drive inn førelegg gjennom å dra inn gods (særleg køyretøy) som utlendingen har i hende, men ikkje eig. Det har kome inn mange høyringssvar, men få der også andre tiltak er føreslåtte utover dei som er nemnde i høyringsbrevet. Vidare innspel er altså velkomne. Retningslinjer frå Riksadvokaten vil bli gitte hausten 2013. For samanhengen sin del kan ein nemne at departementet for tida arbeider med eit lovendringsforslag der ein føreslår å skjerpe straffa for brot på innreiseforbodet. 10. Handtering av miljøkriminalitet hos politiet og påtalemakta Riksadvokaten heldt møte med Miljøstiftelsen Bellona 31. januar 2013. I etterkant av møtet har Riksadvokaten teke eit initiativ overfor Økokrim med tanke på å styrkje samarbeidet mellom politi/påtalemakt og kontrollorgana for forvaltninga. Motarbeiding av miljøkriminalitet har gjennomgåande eit forbetringspotensial, og det er viktig at politidistrikta – både når dei vurderer om dei skal setje i verk etterforsking, og under etterforskinga – dreg vekslar på den kompetansen som kontrollstyresmaktene sit på. Vidare er det også viktig at kontrollstyresmaktene faktisk 88 politimelder lovbrot som kan vere straffbare. I denne samanhengen er det avgjerande at forvaltninga kan ha tillit til at politi/påtalemakt gir desse sakene nødvendig oppfølging og prioritet. 11. Effektiv handsaming av dei mest langvarige og omfangsrike straffesakene Riksadvokaten minner om rapporten «Ressurs og tidsbruk i omfattende straffesaker» frå desember 2011, som vart send til statsadvokatane i mai 2012 direkte frå Domstoladministrasjonen. I januar 2013 bad Riksadvokaten om tilbakemelding frå statsadvokatembeta om kva erfaringar dei hadde med dei føreslåtte tiltaka som ikkje krev lovendringar. Berre fire statsadvokatembete har gitt slik tilbakemelding. Tilbakemeldingane viser at rapporten er gått gjennom og diskutert ved desse embeta, og at mange av dei føreslåtte tiltaka blir praktiserte. Det synest å vere stor variasjon med omsyn til kva for nokre av dei føreslåtte tiltaka som «slår an», og dette kan ha med lokale forhold å gjere. Riksadvokaten går ut frå at alle statsadvokatembeta har gått gjennom rapporten, og forventar at dei enkelte statsadvokatembeta set i verk dei tiltaka innanfor det gjeldande regelverket som er aktuelle, og som ein vurderer som tenlege. 12. Behovet for gode rutinar ved sending av ankar til retten Nyleg tok ein domfelt advokat kontakt med riksadvokatembetet og klaga over at anken hans over dommen frå lagmannsretten ikkje var send til Høgsterett, meir enn eitt år etter at anken med tilhøyrande støtteskriv var send til politidistriktet. Det viste seg at anken ikkje var send til Høgsterett av statsadvokaten fordi politidistriktet ikkje kunne finne saksdokumenta på det tidspunktet då anken vart ekspedert derifrå til statsadvokaten. Dokumenta skulle bli ettersende, men dette vart ikkje purra opp av statsadvokaten. Saka understrekar kor viktig det er å ha gode rutinar for å fange opp denne typen tilfelle. 13. Born i politiarrest Riksadvokaten minner om endringane i straffeprosesslova § 184 andre ledd andre punktum og § 183 andre ledd i same lova, som tredde i kraft 20. januar 2012, jf. pkt. 28 i oppsummeringa frå fjoråret. Riksadvokaten gjer samtidig merksam på ein feil i oppsummeringa for 2012, i og med at den varsla endringa i politiarrestforskrifta § 3-1 ikkje vart vedteken (overføring av innsette skal skje i løpet av to døgn etter pågripinga, med mindre dette av praktiske grunnar ikkje er mogleg. Dersom overføring skjer seinare, skal ein føre årsaka opp i arrestjournalen). Riksadvokaten minner også om at statsadvokatane på møtet i 2012 vart bedne om å følgje opp bruken av arrest overfor born ved inspeksjonar og i rapportane omtale grunnlaget for arrest, aldersfordeling, kva for alternativ som er vurderte, lengda på opphalda og grunnlaget for fengsling i dei enkelte tilfella. Riksadvokaten har registrert at dette er gjort i enkelte inspeksjonsrapportar, men ikkje i alle, og det er berre eit fåtal rapportar som inneheld alt det er spurt etter. Det er viktig å følgje opp dette arbeidet. Riksadvokaten ber om at dei enkelte statsadvokatembeta rapporterer i samsvar med dei krava som vart stilte på møtet i 2012 seinast i juni d.å. Dersom ein meiner å ha rapportert på tilfredsstillande måte gjennom inspeksjonsrapportane, kan ein vise til desse. Politidirektoratet (POD) fekk som kjent i mars 2012 i oppdrag av Justis- og beredskapsdepartementet (1) å utarbeide rutinar som sikrar at born berre blir plasserte i politiarrest når det ikkje finst alternativ, (2) å utarbeide nødvendige rutinar for registrering av born i politiarrest, slik at ein raskt kan konstatere kor mange som er arrest på eit gitt tidspunkt, i kva alder, for kor lang tid, og om dei er plasserte med heimel i politilova eller straffeprosesslova, (3) å utarbeide rutinar som sikrar at cella – når born blir plasserte der – blir utstyrt på ein slik måte at opphaldet utgjer minst mogleg belastning for barnet, og 4) å sikre at barnet heile tida under 89 opphaldet i politiarresten har tilgang til kontakt med ein vaksenperson. Arbeidet skulle samordnast med Riksadvokaten. Det er uklart kor langt arbeidet har kome. 14. Fråsegn frå ombodsmannen i sak om hundeførelegg (sak 2010/2769) Ombodsmannen handsama nyleg ei sak om korleis eit politidistrikt handsama ei politimelding av brot på hundelova, og korleis statsadvokaten hadde handsama klaga over at politidistriktet hadde lagt vekk saka etter at ei tilståingssak vart trekt frå handsaming ved tingretten. Ombodsmannen kritiserer i fråsegna at det gjekk lang tid (8 månader) frå fristen for å vedta førelegget gjekk ut, til saka vart send til tingretten for tidfesting. Vidare kritiserer han manglande svar på purringar knytt til dette. Etter at saka vart trekt frå handsaming i tingretten og lagd vekk (utan grunngiving), fordi forholdet – slik det var skildra i førelegget – ikkje var straffbart, vart det berre sendt ei standardisert orientering om vekklegginga. Ombodsmannen viser i fråsegna til at ulovfesta reglar om god forvaltningsskikk gjeld for arbeidet til påtalemakta i kontakten med borgarane. Skriftlege spørsmål skal normalt få skriftlege svar. Dersom det blir svara munnleg, bør ein notere på saka at dette er gjort. I fråsegna viser ombodsmannen til at det er uklart kva som var årsaka til at saka vart trekt frå tingretten. Han peikar på at det ville ha vore ryddig og tenleg med ei påskrift om kva som var årsaka til at saka vart trekt. Han fann likevel ikkje grunnlag for å kritisere påtalemakta på dette punktet. Slik ombodsmannen såg det, burde politidistriktet ha gitt klagaren ei grunngiving for kvifor saka vart trekt frå tingretten. Mangelen på kommunikasjon med klagaren var, slik ombodsmannen såg det, uheldig. Formuleringane frå statsadvokaten i klagehandsaminga syntest etter omstenda å vere «noe knapp(e)». Ombodsmannen skriv at statsadvokaten som ledd i fagleiinga burde ha peika på eventuelle feil og manglar ved korleis politidistriktet handsama saka. Omsynet til informasjon overfor klagaren tilsa også det, meinte ombodsmannen. 15. Valdtekt Det er all grunn til å forvente at politiet og påtalemakta framleis vil rette stor merksemd mot innsatsen mot valdtekt og seksualisert vald i tida som kjem. Som påtalekompetent i enkeltsaker og som ledd i fagleiinga har statsadvokatane eit særleg ansvar for å følgje opp politietterforsking av valdtekt, både når det gjeld kvalitet og kapasitet, jf. mål- og prioriteringsskrivet frå Riksadvokaten for 2013 punkt 6. Statsadvokatane må ved inspeksjonar og anna tilsynsverksemd sjå til at sakene har forsvarleg framdrift, både i etterforskingsfasen og på påtalestadiet. Eit tiltak for å effektivisere sakshandsaminga vil vere bruk av etterforskingsplan, som er omtala i rundskrivet punkt IV nr. 3. Riksadvokaten vil kome tilbake med nærare retningslinjer. Riksadvokaten sette i februar d.å. ned ei intern arbeidsgruppe som fekk i oppdrag å utarbeide standardiserte retningslinjer for politiet til bruk i initialfasen. Gruppa har nyleg levert rapport og forslag til tiltakskort for operativt personell og operasjonssentralane. Riksadvokaten vil no vurdere nærare korleis ein kan ta i bruk tiltakskorta i politidistrikta. I to dommar som vart sagde 6. februar d.å., slo Høgsterett fast at normalstraffa for valdtekt til samleie av sovande kvinne er fire år. Statsadvokaten må gjere seg kjend med dommane og innrette påstandane sine i samsvar med dette. 16. Familievald Justis- og beredskapsdepartementet la i mars 2013 fram melding til Stortinget om «Forebygging og bekjempelse av vold i nære relasjoner». Dette er eit viktig dokument som statsadvokatane må setje seg grundig inn i. Meldinga vil bli følgd opp av ein ny handlingsplan for 2014–2017, som no er under arbeid i departementet. Det er inga tvil om at fleire av tiltaka departementet kjem til å 90 føreslå, vil rette seg mot politiet og påtalemakta, og med klar tilvising til det ansvaret statsadvokatane har for straffesakshandsaminga i politidistrikta. Fleire statsadvokatembete har gjennomført inspeksjonar som er spesielt retta mot familievaldssaker. Ei anna form for kvalitetskontroll av politietterforsking har vore at alle saker etter straffelova § 219, over ein avgrensa periode, vart avgjorde påtalemessig av statsadvokatane. Dette er tiltak ein må føre vidare. Dersom ein avdekkjer gjennomgåande svikt i etterforskinga eller saksframdrifta, må statsadvokaten, saman med politimeisteren, prøve å identifisere årsaka og finne fram til moglege løysingar. Eit vilkår for å kunne motarbeide og avdekkje vald og mishandling i nære relasjonar, er at offeret har tillit til at politiet og påtalemakta er i stand til å gi vern mot nye overgrep og krenkingar frå gjerningspersonen si side. I denne samanhengen er besøksforbod eit sentralt verkemiddel. Føresetnaden for at besøksforbodet skal få dei tilsikta verknadene, er at brot blir møtte med rask og konsekvent reaksjon, eventuelt med pågriping og varetekt. Ein bør også vurdere pådømming for brot på besøksforbodet, jf. straffelova § 342 bokstav c. Når det gjeld konsekvensen av mangelfull oppfølging av brotsituasjonar, kan ein sjå dom i Høgsterett av 25. april 2013, jf. brevet frå Riksadvokaten av 6. mai s.å. Korleis politiet handterer brotsaker, bør vere eit tema ved inspeksjonsverksemda til statsadvokatane. 17. Internasjonal barnebortføring Riksadvokaten er kjend med at det rår noko uvisse i politidistrikta om korleis ein konkret skal gripe situasjonen an når ein får inn melding om at eit barn er bortført. Spørsmålet i denne fasen vil rett og slett gjelde framgangsmåte: kva for tiltak ein skal setje i verk, om rutinane er dei same uavhengig av kva land barnet er bortført til, og på kva måte ein skal varsle andre sentrale styresmakter. Resultatet av manglande kunnskap og rutinar er at sakene blir lagde vekk utan nærare oppfølging. Kripos har brei erfaring og kompetanse på området, med eigen oppnemnd kontaktperson for barnebortføringssaker. Det er viktig at informasjon om moglegheita for råd og bistand blir spreidd til politidistrikta. Statsadvokatane blir derfor oppmoda om å invitere kontaktpersonen frå Kripos til dei regionale påtalemøta for å informere om reglar, rutinar og praksis ved handsaming av barnebortføringssaker, og gjennom inspeksjonar og tilsyn å halde seg orienterte om situasjonen. 18. Dødsstadsundersøkingar Ordninga med såkalla dødsstadsundersøkingar i helsesporet vart sett i verk 1. november 2010. Ved lovendring av 24. juni 2011, i kraft 1. juli s.å. fekk, som kjent, politiet ei generell etterforskingsplikt der barn under 18 år døyr plutseleg og uventa, jf. straffeprosesslova § 224 fjerde ledd siste punktum. Dei to ordningane er omtala og forholdet mellom dei regulert i retningslinjer frå Folkehelseinstituttet av 22. oktober 2010 og i rundskriv frå Riksadvokaten av 22. juni 2011 (nr. 2/2011). Riksadvokaten har fått informasjon som kan tyde på at det er noko uvisse om ansvarslinjene og rollefordelinga mellom dei to ordningane. Spørsmålet vart drøfta i møte 4. juni d.å. mellom Riksadvokaten og Folkehelseinstituttet. På bakgrunn av det som kom fram og fråsegner som er henta inn frå politidistrikta, vil Riksadvokaten no vurdere om det er behov for nærare avklaringar og presiserande retningslinjer. Det kjem vi i så fall tilbake til. 91 19. Interne notat Interne notat har vore tema på statsadvokatmøta tidlegare, seinast i pkt. 21 i oppsummeringa frå 2008 og i pkt. 11 frå 2010. Riksadvokaten minner om desse punkta. Ein må understreke at det interne notatet bør gjere greie for vurderingane til statsadvokaten av dei sterke og svake sidene ved saka, og med tilvisingar til aktuelle dokumentnummer. Reine tilvisingar til ulike dokumentnummer utan vurderingar gir ofte lite rettleiing. 20. Nye retningslinjer for registrering i DNA-identitetsregisteret Straffeprosesslova § 160 a gir heimel for å registrere alle som blir dømde til straff for ei handling som etter lova kan føre til fridomsstraff, men retningslinjene frå Riksadvokaten frå 2008 gir som kjent avgrensingar til dette. Det er per no dei som blir dømde til fengsel i meir enn 60 dagar, som skal bli registrerte (i tillegg kjem dei som skal/kan bli registrerte etter meir spesielle kriterium, jf. retningslinjene). Det er først og fremst kapasitetsomsyn som har vore hovudårsaka til at lovheimelen ikkje har vore nytta fullt ut. Men også det at registrering av DNA-profilar er eit kontroversielt tema, var og er relevant i vurderinga av kvar terskelen for registrering skal liggje. I 2008 vart det varsla at ein skulle senke terskelen når det hadde gått ei tid. I desember 2012 sende riksadvokaten ut eit høyringsbrev der politiet, statsadvokatane og andre vart inviterte til å kome med synspunkt. Vi tek sikte på at dei nye retningslinjene skal tre i kraft i løpet av 2013. Det ser ut til at vi i alle fall utvidar registreringa til alle som blir dømde til fengsel utan vilkår (inkl. deldom). Dette vil, med eit laust overslag, gi 4000–5000 fleire registreringar i året enn det er grunnlag for etter dagens retningslinjer. Ein vurderer også ei vidare utviding, slik at også dei som blir dømde til samfunnsstraff, og kanskje også dom på vilkår, blir registrerte. Det er ikkje aktuelt at alle førelegg/bøter skal føre til registrering (det blir vedteke/dømt ca. 55 000 førelegg/bøter per år). Vi ser likevel ikkje vekk frå at ein bør opne for registrering av personar som får førelegg eller bot for visse kriminalitetstypar og/eller ha ein lågare terskel for å registrere personar som ikkje er busette i Noreg. 21. Nytt regelverk for internasjonalt samarbeid (ny forskrift, «MLA 2000» m.m.) 1. januar i år vart eit nytt regelverk for internasjonalt samarbeid i straffesaker sett i kraft. Det er gitt ei eiga forskrift om slikt samarbeid (14. desember 2012 nr. 1227), og det er gjort endringar i utleveringslova (m.a. i kap. V, som gjeld anna samarbeid enn utlevering). Avtalen som knyt Noreg og Island til EU-konvensjonen om gjensidig hjelp i straffesaker frå 2000 (MLA 2000) og tilleggsprotokollen til denne frå 2001, tok til å gjelde for Norge frå 1. januar d.å., medan andre tilleggsprotokoll til rettshjelpskonvensjonen frå 1959 byrja å gjelde frå 1. mars d.å. Det er i stor grad snakk om å føre vidare tidlegare rettstilstand og kodifisering av den praksisen som gjaldt, men endringane fører også med seg noko nytt. Mellom anna forpliktar MLA 2000 statane til i noko større grad å utnytte moglegheitene som ligg i teknologien, t.d. avhøyr over video, direkte overføring av KK, elektronisk sending av oppmodingar m.m. Protokollen til MLA 2000 gjeld opplysningar om bankkontoar. Andre tilleggsprotokoll til 59-konvensjonen inneheld mange av dei same reglane som MLA 2000, og får først og fremst innverknad overfor land som ikkje har ratifisert MLA, men som har ratifisert andre tilleggsprotokoll (gjeld fleire land utanfor EU + Irland). 92 Merk at MLA 2000 legg opp til direkte sending av rettsoppmodingar til og frå alle EU-statane (Hellas, Irland og Italia har per dags dato ikkje ratifisert MLA 2000). Det er no MLA artikkel 6, og ikkje Schengenkonvensjonen artikkel 53, som er det rettslege grunnlaget for direktesendingar mellom land i samband med MLA. Når ein sender rettsoppmodingar til land som er knytte til MLA, bør ein elles vise til denne (i tillegg til den generelle 1959-konvensjonen) dersom oppmodinga gjeld hjelp som er nærare regulert i denne konvensjonen. Det er statsadvokatane som har kompetanse til å skrive ut rettsoppmodingar og til å avgjere innkomne oppmodingar, jf. §§ 7 og 12 i forskrifta. Forskrifta opnar for at ein kan endre dette, til dømes i rundskriv frå Riksadvokaten. (I Norden ligg kompetansen «politimesteren eller den han bemyndiger», i praksis til politiadvokat med utvida påtalekompetanse. Politimeisteren eller den han gir mynde, har også kompetanse til å skrive og svare på rettsoppmodingar som gjeld kunngjeringar, straffeutskrifter og andre registeropplysningar). Vi minner elles om at svar, som den klare hovudregelen, skal sendast direkte til alle land som har ratifisert konvensjonen. Dette gjeld sjølv om oppmodinga har kome inn via Justis- og beredskapsdepartementet og Riksadvokaten, og dette vil bli påpeika når den innkomne oppmodinga blir send vidare. Ein må likevel sende gjenpart av svarbrevet (ikkje av eventuelle vedlegg) til Justis- og beredskapsdepartementet og riksadvokatembetet, slik at sakene skal kunne bli avslutta der. Det er viktig at statsadvokatane og politiet set seg inn i det nye regelverket. 22. Kommunikasjonskontroll og romavlytting – 2012 Den utgreiinga som vart gitt under møtet, inneheld graderte opplysningar og blir ikkje teken inn her. Basert på innmelding frå politimeistrane gav ca. 50 % av sakene resultat i form av pågripingar, beslag og/eller informasjon av stor verdi for bevis og etterforsking. 23. Prop. 147 L – endringar i straffeprosesslova m.m. (handsaming og vern av informasjon) Proposisjonen følgjer opp delar av utgreiinga frå metodekontrollutvalet (NOU 2009: 15), og tek m.a. opp forslag om: Utvida høve til å nekte innsyn i straffesaksdokument for å styrkje vernet om kjelder og informantar. Departementet går inn for endringar i straffeprosesslova § 242 a ved å lovfeste unntak frå innsynsretten for opplysningar påtalemakta ikkje vil bruke som bevis i saka, dersom det kan vere fare for at identiteten til ein person som har gitt opplysningar til politiet, blir avslørt viss ein gir innsyn. Vidare er det føreslått å oppheve strafferammekravet i § 242 a. Den mistenkte og forsvararen skal heller ikkje lenger bli varsla om at det er gjort eit § 242 a-vedtak. I forlenginga av dette blir det overlate til § 100 a-advokaten eventuelt å krevje omgjering. Av omsyn til samanhengen i regelverket og for å reindyrke det særskilde sporet for innsynssaka, meiner departementet at omgjering under hovudforhandlinga av orskurdar etter § 242 a bør bli avgjort av ein særskild dommar, og ikkje av den dømmande retten, og føreslår at dette blir klargjort i lova. Endring av straffeprosesslova § 216 i, slik at ein får utvida høve til å bruke overskotsinformasjon frå kommunikasjonskontroll (og romavlytting, jf. straffeprosesslova § 216 m siste ledd) som bevis. 93 Bruksområdet for § 216 g om sletting av materiale som er henta inn ved kommunikasjonskontroll (og romavlytting, jf. § 216 m siste ledd), er føreslått utvida til også å omfatte materiale som er henta inn ved skjult fjernsynsovervaking (§ 202 a) og teknisk sporing (§ 202 c). Materiale som ikkje er lagt fram som bevis i saka, skal bli sletta eller sperra når dommen er rettskraftig. Dei delane som openbert ikkje har innverknad på saka, skal ein slette. Anna materiale skal ikkje bli sletta, men i staden sperra, slik at den vidare handsaminga er avgrensa til visse nærare oppgitte føremål. Med sperring meiner ein markering av materiale med føremål om å avgrense den framtidige handsaminga av dette. Det er særleg moglegheita for seinare gjenopning som grunngir ei slik ordning. Dersom saka blir lagd vekk, skal ein som hovudregel slette alt materiale som er henta inn ved slike tvangsmiddel. Sletting skal etter forslaget skje når fristen for å klage på avgjerda om vekklegging har gått ut og ei eventuell klage er endeleg avgjord. Det er føreslått ein unntaksregel om at påtalemakta kan vedta at ein i staden skal sperre materialet dersom det er grunn til å rekne med at den sikta vil krevje erstatning i høve forfølging, eller at materialet kan vere vesentleg for seinare etterforsking eller førebygging av ei straffbar handling. Nærare reglar om når ein kan sperre materialet, vil bli gitt i forskrift. Departementet føreslår å føre vidare regelen i straffeprosesslova § 216 g bokstav b om at opplysningar som er omfatta av reglar om vitneforbod eller vitnefritak etter straffeprosesslova §§ 117 til 120 og 122, skal bli sletta så snart som mogleg. Regelen er som utgangspunkt ikkje til hinder for at politiet går gjennom innhenta materiale for å avgjere kva ein skal slette. Sletting skal etter forslaget skje omgåande etter at det er klarlagt at materialet inneheld verna opplysningar. Dette gjeld likevel ikkje dersom den som er omfatta av vitneforbods- eller vitnefritaksreglane, sjølv kan bli mistenkt for ei straffbar handling som opplysningane kan få konsekvensar for. Bruksområdet for straffeprosesslova § 130 a er føreslått utvida. Departementet går inn for å gi tilgang til anonym vitneføring ved krigsbrotsverk, brotsverk mot menneskeslekta og folkemord. Vidare blir det føreslått at ein kan avgrense krinsen av personar som får vite identiteten til eit vitne. Etter kravsmål frå statsadvokaten kan retten avgjere at lekdommarar, lagrettemedlemmer, bistandsadvokat eller forsvarar ikkje skal få opplyst namnet på vitnet eller få opplysningar som kan føre til at identiteten til vitnet blir kjend, dersom det er særleg behov for å avgrense krinsen av personar som får slik kjennskap. Føresegna er truleg særleg aktuell for å kunne føre politifolk som jobbar med spaning, som vitne. Avgjerder om anonym vitneføring blir tekne av fagdommaren åleine dersom statsadvokaten har bede om at det for nokre av desse personane ikkje skal opplysast om namn m.m. 24. Rettsoppmodingar Statsadvokatane må returnere saker til Riksadvokaten dersom det er uklare sider ved rettsoppmodingar frå styresmaktene i andre land til Noreg, m.a. om vilkåra i eit kravsmål om utlevering er oppfylte, eller om andre uklare sider ved kravsmål og oppmodingar. Eventuelle spørsmål til rettsoppmodingar bør ein sende til Riksadvokaten før sakene blir sende til rettsleg handsaming, slik at ein kan avklare desse med den oppmodande staten før saka får endeleg avgjerd i domstolen. Riksadvokaten sender som hovudregel svar på rettsoppmodingar til departementet, jf. rundskriv G19/2001 «Internasjonalt rettslig samarbeid i straffesaker» kap. 2 om «Utlevering av lovbrytere fra 94 utlandet til Norge», punkt 2.2.5 «Oversendelsesmåte». I slike saker skal ein ikkje sende svar på rettsoppmodingar direkte til departementet frå politiet eller statsadvokaten. Dersom det i sendinga frå Justis- og beredskapsdepartementet går fram at statsadvokatane kan svare på rettsoppmodinga direkte til den oppmodande styresmakta, skal departementet og Riksadvokaten berre ha orientering frå statsadvokaten som gjenpartsadressatar av svarbrevet til utlandet. Dersom det ligg føre særlege grunnar, slik at departementet bør svare på rettsoppmodinga, skal svaret sendast til Riksadvokaten. 25. Kompetanse Riksadvokaten skal avgjere om ein dom skal godtakast eller ankast i saker der Riksadvokaten har gitt ordre om tiltale, jf. straffeprosesslova § 68 første ledd. Frå tid til anna får vi ikkje inn dom i saker som er handsama ved riksadvokatembetet. Dette er særleg aktuelt i klagesaker der statsadvokaten eller politiet i utgangspunktet har påtalekompetansen for det straffbare forholdet, og der Riksadvokaten har gitt ordre om tiltalen. Statsadvokatane må sjå til at saka blir returnert til Riksadvokaten etter at ho er handsama ved domstolen. 26. Forslag om tiltalevedtak Påskrifter med forslag om tiltalevedtak i saker der Riksadvokaten har påtalekompetansen, skal ikkje sendast i gjenpart frå statsadvokaten til forsvararen til den sikta. I ein stor del av sakene som blir handsama av Riksadvokaten, er det henta inn sakkunnig fråsegn om ulike spørsmål som saka reiser, til dømes spørsmål om den tiltala var tilrekneleg eller påverka av rus, samanlikning mellom ulike narkotiske stoff og fysiske og psykiske skadar hos gjerningsperson og offer. Ein skal som hovudregel ikkje sende saka til Riksadvokaten med forslag om påtaleavgjerd før fråsegna frå den/dei sakkunnige er kvalitetssikra av Den rettsmedisinske kommisjonen, og fråsegna til kommisjonen følgjer saka. Dersom påtalevedtaket er avhengig av fråsegn frå sakkunnig og vurdering frå kommisjonen, må ein rekne med at saken blir returnert til statsadvokaten medan ein ventar på fråsegna/-ene. 27. Anke til Høgsterett Kommentarar frå møtande aktor skal følgje ankar frå domfelte over dommen frå lagmannsretten når dei blir sende til Høgsterett. Både når det gjeld anke over lovbruk, sakshandsamingsfeil og straffespørsmålet, er det nødvendig at kommentarane er utfyllande. Dersom statsadvokaten ikkje har anka på sjølvstendig grunnlag, men meiner at straffa i dommen frå lagmannsretten bør skjerpast, bør ein erklære ein aksessorisk motanke, jf. straffeprosesslova § 311. Anken til den domfelte vil lettare bli vist vidare dersom påtalemakta motankar, enn om det i påskrifta berre blir teke atterhald om å leggje ned same påstand som for tingrett og lagmannsrett, jf. Rt. 2004, side 1035 avsnitt 5. Statsadvokaten blir beden om å kome med sitt syn på om vilkåra i straffeprosesslova § 323 er oppfylte i ankar frå påtalemakta, og i merknader til anken frå den domfelte i innstillinga som blir send til Riksadvokaten. Påstand i påskrift som gjeld ankar til Høgsterett er anten at «anken er avvist» (dersom det har skjedd formelle feil), eller «anken er nekta fremja» (dersom dei materielle vilkåra ikkje er oppfylte). Påstanden «anken er forkasta» blir nytta i ankeforhandling i sak som er fremja til handsaming. 95 Det skal gå fram av påskrifta om den domfelte er varetektsfengsla, under føregripen soning eller i soningsfengsel. Statsadvokatar som melder seg til prøve i Høgsterett, skal melde frå om dette til Riksadvokaten. Resultatet av prøva skal meldast inn til Riksadvokaten, med informasjon om prøva er greidd eller ikkje greidd. Ein kan melde seg til prøve i den første aktoroppnemninga for Høgsterett, så sant saka er eigna som prøvesak. 28. Nytt narkotikarundskriv Rundskrivet vil m.a. ta opp retningslinjer for påtalekompetansen, subsumsjonsspørsmål, straffereaksjonar, analysar og bruk av sakkunnige, og også registrering av saker. Det vil bli gitt eigne retningslinjer om dopingmiddel som ikkje vil bli tekne opp i narkotikarundskrivet. 29. Felles tidsregistreringssystem for Den høgre påtalemakta Riksadvokatembetet planlegg å skaffe eit felles tidsregistreringssystem for Den høgre påtalemakta som ein skal ta i bruk frå 1. Januar 2014. Dagens situasjon, der kvart embete har sitt eige system, er ikkje eigna for å ta ut felles statistikkar som kan seie noko om arbeidsbelastninga totalt eller om medarbeidarane i etaten har arbeidsforhold som er i samsvar med føresegnene i arbeidsmiljølova. Slike data er viktige i budsjettarbeidet for å dokumentere eventuelle behov for nye stillingar. Opplysningane er også viktig informasjon for arbeidsmiljøutvalet. Eit felles, moderne tidsregistreringssystem vil bidra til god oversikt, enkel rapportering, felles retningslinjer og meir effektiv bruk av ressursar. Det vil gi den enkelte medarbeidaren god oversikt over eiga arbeidstid, fleksitid, overtid, ferie m.m. Overtid vil kunne bli utbetalt direkte som følgje av registreringar inn i eit slikt system. Ferie og fridagar kan ein også søkje om og godkjenne via eit slikt system. Leiarane får god oversikt m.a. ved at dei kvar månad skal godkjenne tidsregistreringane til medarbeidarane sine. Dei hovudtillitsvalde har stilt seg positive til å innføre eit slikt felles tidsregistreringssystem. Dei vil bli inviterte til ein demonstrasjon av det systemet Økokrim nyttar, WinTid/MinTid. 30. Beredskapsplan for riksadvokatembetet I tildelingsbrevet for 2013 til Den høgre påtalemakta vart Riksadvokaten beden om å sende inn ein oppdatert beredskapsplan saman med rapporteringa etter 1. tertial. Ein slik plan er no ferdig utarbeidd, og han gjeld for uføresette, alvorlege hendingar som rører ved riksadvokatembetet eller dei tilsette der. Det vil bli arbeidd vidare med å utarbeide ein beredskapsplan for «påtalebiten». Planen har vore lagd fram for organisasjonane, verneombodet og aktuelle politidistrikt til høyring. Beredskapsplanen skildrar kva ein skal gjere, kven som skal gjere det, og i kva rekkjefølgje, dersom det skulle oppstå ein krisesituasjon. 96 I planen er det også oppgitt alternative lokale og lokale for krisestab. Einingane som er oppgitte som alternative stader vil bli kontakta slik at dei kan leggje ein plan for korleis dei kan løyse dette. Som vedlegg til planen ligg det ei oversikt over medlemmer i krisestaben, oversikt over varslingspersonar ved alarm og ein journal for krisehandtering. Beredskapsplanen har også ei sjekkliste ved mottak av telefontrugsmål og retningslinjer for handtering av uønskte hendingar. I tillegg følgjer det med ei oversikt over aktuelle telefonnummer. Medlemmene i krisestaben har fått utdelt alle dei aktuelle dokumenta på ein USB-penn som dei alltid skal ha med seg. Dei vil også bli utstyrte med kvar si berbare datamaskin med Mobiliti til bruk i tilfelle straumbrot eller mangel på tilgang til politi-PC. Planen er send til alle statsadvokatembeta (unnateke Økokrim) med oppmoding om at det blir utarbeidd slike planar ved kvart av embeta. 31. Neste møte Agder statsadvokatembete er teknisk arrangør for neste møte, som blir halde 20. –22. mai 2014 i Kristiansand. I 2015 er Det nasjonale statsadvokatembetet arrangør. God sommar! Venleg helsing Knut Erik Sæther fung. Kjerstin Apall Kvande førstestatsadvokat 97 RIKSADVOKATEN Statsadvokatane DYKKAR REF.: VÅR REF.: DATO: 2014/00491-014 HBA014 810.2 07.07.2014 Statsadvokatmøtet 2014 – oppsummering Takk for sist og for aktiv og konstruktiv deltaking under årets statsadvokatmøte i Kristiansand 20.–22. mai. Tradisjonen tru oppsummerer vi nedanfor dei pålegga, retningslinjene og orienteringane som vart gitte under møtet. I tillegg omtalar vi enkelte tema som ikkje vart handsama under møtet av tidsmessige grunnar. Embetsleiarane må formidle brevet til statsadvokatane. Riksadvokaten reknar også med at statsadvokatane formidlar pålegg m.m. vidare til politimeistrane, påtalejuristane og andre relevante personar i regionen på tenleg måte. Brevet vil bli lagt ut på intranettet og nettsida til Riksadvokaten. Ei innhaldsliste ligg ved. 1. Unge lovbrytarar – ungdomsstraff, ungdomsoppfølging og oppfølging i konfliktråd Ungdomsstraff vart lovfesta 20. januar 2012 i straffelova § 15 og § 28 c, og sett i kraft 1. juli d.å. Den nye straffarten kan givast til lovbrytarar som på handlingstidspunktet var mellom 15 og 18 år, men kan òg givast etter fylte 18 år. Straffa kan berre givast dersom visse vilkår er oppfylte. Føremålet med den nye straffarten er å skape eit reelt alternativ til fengsel utan vilkår ved alvorleg og gjenteken kriminalitet, og for lovbrot som er for alvorlege til at ein kan gi samfunnsstraff. Straffa skal leggje til rette for ein gjenopprettande prosess som skal bidra til ansvarleggjering og rehabilitering av lovbrytaren. Sentrale førearbeid er Prop. 135 L (2010-2011) og Innst. 83 L (20112012). Ungdomsstraff er meint å ramme alvorleg eller gjenteken kriminalitet der omsynet til føremålet med straffa ikkje med tyngd talar imot ein reaksjon i fridom, jf. straffelova § 28 c. I saker med lovbrytarar som har svært høg risiko for å utføre nye straffbare forhold, og i saker der det er gjort svært alvorlege brotsverk som drap og alvorlege seksuallovbrot, skal ein ikkje nytte ungdomsstraff. 98 Det er domstolen som kan gi ungdomsstraff, og som skal fastsetje lengda på gjennomføringstida av straffa, frå seks månader til to år. Som unntak kan ein setje gjennomføringstida til inntil tre år dersom den alternative fengselsstraffa utan vilkår klart ville ha vore meir enn to år. Gjennomføringstida blir fastsett utifrå ei vurdering av m.a. behova til den sikta, typen lovbrot og kor grovt det var. I dommen skal det setjast ei subsidiær fengselsstraff som skal svare til den fengselsstraffa utan vilkår som ville ha vorte dømd for forholdet. Domstolen skal ikkje avgjere det nærare innhaldet i straffa. Innhaldet i straffa er tredelt og omfattar eit ungdomsstormøte, utforming av ein ungdomsplan og at den domfelte gjennomfører planen. Det er dei 22 konfliktråda som skal stå for gjennomføringa av den sosiale kontrollen av den domfelte som skal erstatte den fysiske kontrollen i fengselet. Ungdomsoppfølging og oppfølging i konfliktråd vart 20. juni d.å. vedtekne som nye strafferettslege reaksjonar, jf. lov om konfliktrådsbehandling (konfliktrådslova). Lovendringane tredde i kraft 1. juli d.å. Frå same tidspunktet vart også andre lover endra, m.a. straffelova 1902. Dei sentrale førearbeida er Prop. 57 L (2013-2014) og Innst. 268 L (2013-2014). Ungdomsoppfølging kan givast til lovbrytarar som var under 18 år på handlingstidspunktet for mindre alvorlege lovbrot. Saka må vere eigna for straffereaksjonen, vurdert utifrå typen lovbrot og kor alvorleg det var, alderen til gjerningspersonen og oppfølgingsbehovet, risikonivået og motivasjonen til vedkomande. Målgruppa er i første rekkje ungdom med spesielle åtferdsutfordringar som utøver gjenteken eller alvorleg kriminalitet, og med behov for tett oppfølging, men ikkje så alvorleg kriminalitet at ein skal dømmast til ungdomsstraff. Det er påtalemakta og praksisen ved domstolen som vil fastleggje det nærare bruksområdet for ungdomsoppfølging. Eit sentralt moment vil vere om lovbrotet tilseier oppfølging utover eitt år, fordi gjennomføringstida for ungdomsoppfølging er avgrensa til eitt år. Påtalemakta kan gi slik straffereaksjon som vilkår for påtaleunnlating etter straffeprosesslova § 69 tredje ledd jf. straffelova 1902 § 53 nr. 3 bokstav i, eller ved ny påtaleavgjerd ved vedtak om overføring til ungdomsoppfølging i konfliktrådet, jf. straffeprosesslova § 71 a andre ledd. Domstolen kan gi reaksjonen som vilkår for dom på vilkår. Oppfølging i konfliktråd etter straffeprosesslova § 71 a første ledd og straffelova 1902 § 53 nr. 3 bokstav h er eit alternativ til ordinær overføring av saka til konfliktråd. Oppfølginga kan vare i inntil eitt år og omfattar eit møte i konfliktrådet, utarbeiding av ein plan og at den sikta følgjer opp planen, jf. konfliktrådslova § 36. Både den sikta og den fornærma må samtykkje i reaksjonen. Ein bør nytte reaksjonen i saker der det synest tenleg med ei meir omfattande oppfølging av den sikta enn om straffesaka hadde blitt avgjord med ordinær mekling hos konfliktrådet. Konfliktrådet avgjer innhaldet i ungdomsstraffa og ungdomsoppfølginga å halde eit ungdomsstormøte, jf. konfliktrådslova § 24. I møtet skal ein fastleggje ein individuelt tilpassa ungdomsplan som lovbrytaren skal gjennomføre, jf. konfliktrådslova § 25. Planen skal innehalde tiltak om oppfølging og kontroll, og ei tverrfagleg oppfølgingsgruppe har ansvar for at planen blir følgd i eit gitt tidsrom, jf. konfliktrådslova § 26. Skjer det brot på ungdomsplanen, skal kriminalomsorga vurdere å be retten om å gjere om ungdomsstraffa, jf. konfliktrådslova § 31. Ved nye straffbare forhold skal påtalemakta vurdere å sende kravsmål om omgjering til retten, jf. konfliktrådslova § 32. Når saka er avgjord med 99 ungdomsoppfølging eller oppfølging i konfliktråd og det skjer brot på vilkår i planen eller nye straffbare forhold, skal påtalemakta vurdere korleis ein skal handtere dette, jf. konfliktrådslova §§ 33, 34 og 36 tredje ledd. Riksadvokaten vil gi ut eit rundskriv om dei nye straffereaksjonane i løpet av hausten 2014. 2. Handsaming av valdtektssaker i politiet og påtalemakta – oppfølging av handlingsplanen mot valdtekt for 2012–2014 frå regjeringa – direktiv og tilrådingar I brev 8. november 2013 til statsadvokatane og politimeistrane om korleis politiet og påtalemakta skal handsame valdtektssaker, følgjer Riksadvokaten opp pålegget om bruk av etterforskingsplan i valdtektssaker, som vart gitt i mål- og prioriteringsrundskrivet 2013, med fleire detaljar om krav til innhald og bruk av planen. For å styrkje kvaliteten på den innleiande delen av etterforskinga er det utarbeidd tiltakskort for personell ved operasjonssentralane og for den operative styrken, og det er utarbeidd ein rettleiar. Desse kan ein finne på KO:DE. Dersom ei sak blir lagd vekk, skal den fornærma bli orientert i eit personleg brev frå den som har gjort påtalevedtaket, og ikkje ved ei standardisert orientering. Politiet blir oppmoda om aktivt å dra nytte av den store faglege ressursen som valdtektsgruppa ved Kripos utgjer. Denne eininga skal få melding om alle politimeldingar av valdtekt. 3. Rundskriv om narkotikasaker Riksadvokaten gir i løpet av kort tid ut eit nytt rundskriv om narkotikasaker. Det vil mellom anna ta opp reglar om påtalekompetanse, utforming av tiltalar, subsumsjon, m.a. grensene mellom dei ulike ledda i straffelova § 162, og nye føreleggsgrenser. Rundskrivet har eit eige punkt om analysar av beslaglagd narkotika og fråsegner frå sakkunnige. Utsendinga av rundskrivet er utsett medan ein ventar på ein rettleiar frå Kripos og Oslo politidistrikt om kva for instruksar som skal gjelde for handsaming og dokumentasjon av cannabisplantasjar. 4. Internasjonal barnebortføring – oppfølging frå politiet og påtalemakta Rapporten «Internasjonal barnebortføring – rapport fra arbeidsgruppen for gjennomgang av regelverk, organisering og behandling av barnebortføringssaker i Norge» av 20. desember 2013 gir ein brei gjennomgang av korleis ein skal handsame slike saker som sivil sak og straffesak. Politiet bør etter ei vurdering opprette anten politimelding eller melding om sakna person når dei får melding om barnebortføring. I brev 30. april d.å. til statsadvokatane og politimeistrane er det gitt ei kort orientering om kva for regelverk ein kan bruke for å hindre og stanse ei straffbar barnebortføring, og kva for reglar som gjeld når ei bortføring har funne stad. Kripos har eigne informasjonssider på KO:DE om barnebortføring, og ein eigen kontaktperson. På nettsida til regjeringa om barnebortføring finn ein nyttig informasjon med aktuelle lenkjer, sjå www.barnebortforing.no. Statsadvokatane og påtalejuristane er oppmoda om å gjere seg kjende med innhaldet i rapporten og nytte seg av dei nemnde informasjonskjeldene for å tileigne seg den nødvendige kunnskapen om rolla til politiets og påtalemakta. 100 5. Særreaksjonar (dom for overføring til tvunge psykisk helsevern og dom til tvungen omsorg) – samhandling og gjennomføring I brev 28. November 2013 til statsadvokatane blir det gitt påminningar om rutinar for samarbeid og kommunikasjon med nasjonal koordineringseining for dom til tvunge psykisk helsevern og den sentrale fageininga ved St. Olavs hospital (dom på tvungen omsorg). I rundskriv av 1. januar 2013, sist revidert 18. september s.å., har koordineringseininga i samarbeid med fagrådet gitt utfyllande retningslinjer om samhandlinga og informasjonsutvekslinga mellom helse- og justissektoren når ein set i verk og gjennomfører særreaksjonen. Retningslinjene er sende til statsadvokatane ved brev frå koordineringseininga av 19. september s.å. Riksadvokaten minner om at påtalemakta (statsadvokatane) etter dei tre obligatoriske vekene i døgninstitusjon kan klage over «alle vedtak om overføring om opphold i eller andre tiltak under ansvar av institusjonen som nevnt i § 3-5 til kontrollkommisjonen», jf. psykisk helsevern-lova § 54. Det bør vere god notoritet rundt kommunikasjon mellom påtalemakta og dei ansvarlege for behandlinga om spørsmål som gjeld den domfelte. I forskrift av 21. desember 2001 nr. 1523 er ansvaret for å setje i verk og gjennomføre særreaksjonen tvungen omsorg lagt til den sentrale fageininga ved St. Olavs hospital, avdeling Brøset. Det gjeld uavhengig av om reaksjonen blir gjennomført i eller utanfor sengeposten. Den sentrale fageininga har ansvaret for gjennomføringa og mynde til å skjerpe inn eller lempe på det eksisterande regimet. Riksadvokaten understrekar at påtalemakta har ansvar for at hendingar eller endringar i åtferda til den domfelte som gjer at politiet må gripe inn, straks skal rapporterast inn til den sentrale fageininga. Den sentrale fageininga for tvungen omsorg har utarbeidd forslag til retningslinjer for samhandling mellom eininga og påtalemakta. Desse er tilgjengelege på nettsida www.stolav.no/sfto. Forslaget til retningslinjer er hovudsakleg det same som dei nemnde retningslinjene for overføring til tvunge psykisk helsevern, og er, slik Riksadvokaten ser det, klargjerande og nyttig. 6. Kompetanse til å krevje ny innsetjing i forvaring ved brot på vilkår for prøvelauslating Høgsteretts ankeutval har i vedtak 20. mai 2014 (HR-2014-01024-U) slutta seg til avgjerda i lagmannsretten om at statsadvokaten har kompetanse til å bringe inn for retten spørsmålet om å setje inn ein prøvelauslaten forvaringsdømd på nytt – også i saker der Riksadvokaten gav ordre om tiltale for det forholdet som gav grunnlag for dom på forvaring. 7. Lovbrot i sjøfartsforhold Med verknad frå 1. juli 2008 tok politiet over ansvaret for etterforsking av sjøulukker, eit ansvar som fram til dette tidspunktet hadde høyrt under sjøfartsinspektørane. Ein viser til brev frå så vel riksadvokat som politidirektør, der Rogaland statsadvokatembete og Rogaland politidistrikt blir peika ut som fagansvarlege med eit tillagt støtteansvar, og at dei i samband med dette skal byggje opp spesialkompetanse på området. Desse endringane førte til eit behov for ulike avklaringar, og det vart sett ned ei arbeidsgruppe som mellom anna skulle kome opp med forslag til retningslinjer. Rapporten var klar sommaren 2009. I januar 2014 vart det halde eit møte i Stavanger mellom representantar frå riksadvokatembetet, Rogaland statsadvokatembete og Rogaland politidistrikt. Bodskapen som vart formidla til 101 Riksadvokaten, var at ein hovudsakleg var nøgde med den etablerte ordninga, og at dei føreslåtte retningslinjene frå 2009 i praksis har vore sett på som styrande. På eitt punkt er det behov for endringar, nemleg melderutinane. Her vurderer derfor Rogaland statsadvokatembete og Rogaland politidistrikt å fremje forslag til endringar i forskrifta. På bakgrunn av dette sende Riksadvokaten 4. mars d.å. ut eit brev til statsadvokatembeta og politidistrikta i landet der den etablerte praksisen blir stadfesta og Riksadvokaten sluttar seg til dei føreslåtte retningslinjene. Opplysningane ovanfor er lagde ut på KO:DE. 8. Dyrevelferd I brev datert 18. november 2013 oppmodar Dyrevernalliansen Riksadvokaten om «å innta økte strafferammer for brudd på dyrevelferdsloven i de årlige mål- og prioriteringsskriv». Som vedlegg til brevet følgjer ein analyse av rettspraksis. Eit sentralt poeng er at det generelle straffenivået i liten grad er justert, trass i styringssignal i denne retninga og forhøgde strafferammer. I svarbrev 13. desember s.å. takkar Riksadvokaten for eit balansert og gjennomarbeidd innspel på eit viktig område (mishandling av dyr). For samanhengen si skuld blir det vidare nemnt at Politidirektoratet i brev datert 14. mars d.å. til Økokrim og politidistrikta peikar på behovet for auka samarbeid mellom politidistrikta og Mattilsynet, og for kompetansehevande tiltak. I brev av 10. april 2014 frå Riksadvokaten til statsadvokatembeta i landet blir det vist til at kriminalitet mot dyr har fått auka merksemd, og det blir sagt at politiet og påtalemakta må tileigne seg meir og oppdatert kunnskap om tematikken. Vidare blir det slått fast at sjølv om dette ikkje er teke inn i årets mål- og prioriteringsskriv, skal ein ta denne typen kriminalitet på alvor. Statsadvokatane bør derfor følgje opp dette lokalt på ein tenleg måte, til dømes på påtalemøta. 9. Orskurd etter straffeprosesslova § 242 a – varsling til den særskilt oppnemnde advokaten (straffeprosesslova § 100 a) om at det er teke ut tiltale m.m. Ved lovvedtak 13. juni 2013 nr. 86 (i kraft 13. september s.å.) vart det vedteke ei rekkje endringar i straffeprosesslova, m.a. i § 242 a, for å gi informantar og kjelder eit styrkt vern. Lovendringa gir eit klarare skilje mellom den ordinære straffesaka og den særskilde prosessen om nekting av innsyn etter straffeprosesslova § 242 a. Endringa førte vidare den tilgangen domstolane har til å gjere om orskurd om innsynsnekt, jf. § 242 a femte ledd. Det same gjeld for den snevre omgjeringstilgangen under hovudforhandlinga, som no følgjer av straffeprosesslova § 272 a andre ledd. Men kompetansen til å vedta omgjering ligg etter lovendringa eksklusivt til den særskilde dommaren som har gitt orskurd etter § 242 a. Dette gjeld også dersom spørsmålet om omgjering er reist under hovudforhandlinga, jf. Prop. 147 L (2012–2013), side 57. Ein konsekvens av denne omlegginga er at den mistenkte og forsvararen ikkje lenger skal varslast om at det er gitt orskurd om innsynsnekt etter § 242 a. Det er åleine den advokaten som er oppnemnd etter § 100 a i samband med den rettslege handsaminga av eit slikt kravsmål, som skal sikre rettane til den mistenkte i innsynsspørsmålet. Advokaten skal orienterast om orskurden og kan bruke rettsmiddel, jf. § 242 a sjette ledd tredje punktum og § 100 a. Det ligg også til han å krevje omgjering av ein orskurd om innsynsnekt dersom han meiner det er grunnlag for det. For at 102 denne rettstryggleiksgarantien skal være reell, krevst det at advokaten blir sett i stand til å vurdere om det er tenleg å krevje omgjering. Riksadvokaten har i brev av 17. januar 2014 til alle statsadvokatembeta mfl. presisert den plikta påtalemakta har til å setje den særskilde advokaten i stand til å vurdere om det er tenleg å krevje omgjering av orskurd om innsynsnekt, medrekna om objektivitetsplikta til påtalemakta, jf. straffeprosesslova § 55, på alle stadia i ei straffesak, også i spørsmålet om vilkåra for å nekte dokumentinnsyn etter § 242 a, framleis er oppfylt. Ein orskurd etter § 242 a gir berre påtalemakta tilgang til å nekte innsyn så lenge det er grunnlag for det. Er vilkåra ikkje lenger til stades, har påtalemakta plikt til å gi den mistenkte innsyn. Initiativet til å sørgje for at dette skjer, skal ikkje førast over på § 100 a-advokaten. Meiner påtalemakta at vilkåra for innsynsnekt etter § 242 a framleis er oppfylte og det blir skrive ut tiltale i saka, skal ein samtidig med at tiltalen blir kunngjord for den sikta, sende kopi til § 100 a-advokaten. Samtidig skal han få ei skriftleg utgreiing om korleis saka har utvikla seg når det gjeld innsynsspørsmålet. Ein skal også sende kopi av den seinare dommen til § 100 aadvokaten saman med ei tilsvarande utgreiing. Ein må innføre rutinar som sikrar at dette blir gjort. Riksadvokaten minner om at kopi av tiltalen, den seinare dommen og utgreiingane som blir sende til den særskilde advokaten, også skal sendast til Riksadvokaten. I lys av dette materialet vil ein vurdere om det er behov for vidare retningslinjer. 10. Kommunikasjonskontroll og romavlytting 2013 Utgreiinga som vart gitt under møtet, inneheld graderte opplysningar og blir ikkje gjenteken her. Basert på innmelding frå politimeistrane gav noko under halvparten av sakene resultat i form av pågripingar, beslag og/eller informasjon av stor verdi for bevis og etterforsking. 11. Overføring av straffesaker til Noreg – jurisdiksjon Det er fleire konvensjonar som gir grunnlag for å overføre strafforfølging. Før vi overtek ei sak frå eit anna land, må vi vurdere om vi har norsk jurisdiksjon for dei aktuelle forholda: Har vi ikkje jurisdiksjon etter straffelova § 12 må saka bli overført i medhald av Den europeiske konvensjonen av 15. mai 1972 om overføring av strafforfølging. Overføringslova av 25. mars 1977 gir då lovheimel for å gi straff i Noreg, jf. Rt. 2011, side 31. Det er viktig å merkje seg at overføringslova berre viser til 1972-konvensjonen. Overføring etter andre konvensjonar eller den nordiske overføringsavtalen av 6. februar 1970 gir oss altså ikkje heimel for å strafforfølgje saker der vi ikkje har norsk jurisdiksjon. Desse statane har ratifisert 1972-konvensjonen: Albania, Armenia, Austerrike, Bosnia-Hercegovina, Bulgaria, Danmark, Estland, Kypros, Latvia, Liechtenstein, Litauen, Makedonia (FYROM), Moldova, Montenegro, Nederland, Noreg, Romania, Russland, Serbia, Slovakia, Spania, Sverige, Tsjekkia, Tyrkia og Ukraina. Dersom vi har jurisdiksjon etter straffelova § 12 nr. 4 (handlingar gjorde i utlandet av utlending) og det er aktuelt å få saka overført frå eit anna nordisk land, bør ein overføre saka etter ein konvensjon i staden for den nordiske avtalen av 6. februar 1970 om overføring av straffesaker. Den nordiske avtalen blir ikkje rekna som ein «overeinskomst» etter straffelova § 13 tredje ledd, slik at Kongen i statsråd har tiltalekompetanse i saker som er overførte etter avtalen, medan overføring etter ein konvensjon gjer at dei vanlege reglane for tiltalekompetanse gjeld. 103 12. Om å hente inn bevis frå FN-organisasjonar Ei oppmoding om å få tilsendt materiale som ein FN-organisasjon hadde henta inn, og som skulle brukast som bevis i ei norsk straffesak, vart send til organisasjonen via diplomatiske kanalar ved ei rettsoppmoding der det vart vist til prinsippa i relevante konvensjonar. Framgangsmåten vart vald i samråd med Justisdepartementet og Utanriksdepartementet. 13. Handtering av beslag som kan omfatte opplysningar som er omfatta av teieplikta til advokatane Høgsteretts ankeutval har i Rt. 2013, side 1282, som gjaldt beslag av trafikkdata frå telefonen til ein advokat, lagt til grunn at teieplikta til advokatar også omfattar namnet på klienten i eit eigentleg advokatoppdrag. Å oppgi kva for telefonnummer som har vore i kontakt med telefonen til ein advokat, vil dermed vere omfatta av teieplikta dersom telefonkontakten har å gjere med eit slikt klientforhold. Om eit beslag faktisk omfattar slike opplysningar, vil først kunne bli avdekt etter at ein har gått gjennom beslaget. Dette reiser spørsmål om korleis ein skal handsame eit beslag som kan innehalde opplysningar under teieplikt. Ankeutvalet la til grunn at straffeprosesslova § 205 tredje ledd siste punktum skal få analogisk bruk på slike beslag. Politiet kan dermed ikkje gå gjennom dei, og dei må dermed sendast til domstolen for ei vurdering av kva for telefonnummer ein skal føre vidare beslaget for. 14. Krav på erstatning/oppreisning til den sikta etter strafforfølging Det hender at den tiltala set fram krav om erstatning og/eller oppreisning etter straffeprosesslova kapittel 31 under gjennomføringa av straffesaka mot han, til dømes på grunn av for lang sakshandsamingstid. Tidlegare praksis frå Høgsterett har bygd på at det er høve til å handsame kravet i samband med straffesaka. Denne løysinga har Høgsterett gått bort frå i Rt. 2014, side 373, der det er lagt til grunn at ein må fremje slike krav i samsvar med sakshandsamingsreglane i straffeprosesslova § 449. Ein må dermed setje fram kravet for det politidistriktet som har etterforska saka, og deretter må det bli sendt til Statens sivilrettsforvaltning. Vedtaket frå sivilrettsforvaltninga kan bli teke inn for retten, men då etter reglane i tvistelova og med regjeringsadvokaten som prosessfullmektig for staten. Dersom den tiltala set fram krav om erstatning eller oppreisning under straffesaka, må ein derfor heretter leggje ned påstand om at kravet blir avvist. Dersom domstolen realitetshandsamar kravet, er det ein sakshandsamingsfeil som kan føre til at denne delen av dommen blir oppheva, jf. straffeprosesslova § 343 andre ledd nr. 4. 15. Det ansvaret staten har for å verne individ mot menneskerettskrenkingar frå andre privatpersonar Høgsterett konstaterte i Rt. 2013, side 588 at ein etter omstenda kan halde staten ansvarleg dersom nokon ikkje får godt nok vern mot trugande eller sjikanøs åtferd frå andre privatpersonar. Dette vart grunngitt med at staten i den konkrete saka ikkje hadde oppfylt den såkalla sikringsplikta etter Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 1 jf. artikkel 3 og 8 – konkret ved ikkje i tilstrekkeleg grad å forhindre at ei kvinne vart forfølgd av ein tidlegare kjærast. Det var gitt brev- og besøksforbod, men brot på desse vart ikkje i tilstrekkeleg grad følgde opp gjennom pågriping og strafforfølging. Riksadvokaten har i brev 6. mai 2013 til alle statsadvokatembeta og politidistrikta gitt nærare retningslinjer om oppfølging av avgjerda. Ein har lagt til grunn at ein praksis i tråd med instruksjonane i Riksadvokatens rundskriv nr. 3/2008 om familievald vil oppfylle forpliktingane 104 etter EMK. Sikringsplikta gjeld likevel alle individ som får rettane sine etter EMK art. 3 og 8 krenkte av andre. Kva som er påkravd i den enkelte saka, må ein vurdere konkret, med utgangspunkt i dei momenta som går fram av dommen i Høgsterett. 16. Forbodet mot husransakingar i «nye» Grunnlova § 102 Stortinget vedtok 13. mai 2014 ei ny grunnlovsføresegn om vern av privatlivet. Det eldre forbodet i Grunnlova § 102 mot husinkvisisjonar utanom kriminelle tilfelle er ført vidare. Det har som kjent vore diskusjon om straffeprosesslova § 222 d rører ved forbodet i Grunnlova, jf. særleg synspunkta til fleirtalet i metodekontrollutvalet (NOU 2009: 15). Som kjent førte dette til at Riksadvokaten i brev av 10. juli 2009 stilte opp retningslinjer om bruk av romavlytting med avverjande føremål. Slik Riksadvokaten ser det, kan ein ikkje utleie noko av førearbeida eller den legislative forhistoria elles som tilseier at den «nye» føresegna i Grunnlova § 102 stiller opp snevrare rammer for bruken av straffeprosesslova § 222 d enn det ein tidlegare har lagt til grunn. Det er særleg grunn til å merkje seg det Jette Christensen, som var saksordførar, sa om forslaga til føresegner om sivile og politiske rettar: «Jeg skal adressere noen av de momentene som har kommet fram i debatten, men først må jeg komme med en saksordførerpresisering. Vi snakker jo også for framtidens lovtolkere, så jeg er nødt til å presisere noe i § 101 andre ledd. I det leddet står det at husransakelse ikke må finne sted unntatt i kriminelle tilfeller. Jeg må bare understreke at uttrykket ’kriminelle tilfeller’ her ikke må avgrenses mot politiets arbeid for å forebygge, avverge eller oppklare kriminalitet. Det betyr at preposisjonsbruken ’i kriminelle tilfeller’ altså ikke skal forstås som en rent tematisk henvisning til kriminalitetsbekjempelse, uten at det innebærer et særlig krav om at grensen for det straffbare skal være overtrådt. Nærmere bestemmelser om den avgrensingen er det selvsagt naturlig at gis i annen, ordinær lovs form.» Dei instruksjonane som er gitte i brevet frå Riksadvokaten frå 2009, gjeld derfor framleis. 17. Lyd- og biletopptak av politiforklaringar Lyd- og biletopptak av politiforklaringar er ein del av saksdokumenta, jf. retningslinjer frå Riksadvokaten av 25. april 2007. Riksadvokaten minner særskilt om at når slike saker blir sende til Riksadvokaten, skal slike opptak følgje saksdokumenta, gjerne i form av kopiar, slik at originalopptaka blir verande hos politiet. Kopi av opptak skal også følgje med ved oversending til forsvararen. 18. Politiregisterlov og -forskrifter Politiregisterlova med forskrifter tredde i kraft 1. juli d.å. I den enkelte saka vil dei nye reglane ha svært avgrensa praktisk innverknad. Systemet er slik at den nye lova, med mellom anna nye innsynsreglar og vilkår for handsaming av personopplysningar, også kjem til bruk i straffesaker. Frå dette er det likevel gjort unntak, slik at det er reglane om innsyn m.m. i straffeprosesslova som gjeld. Lova gir likevel det enkelte statsadvokatembetet visse plikter, ikkje minst ved at det må utarbeide ein eigen internkontroll knytt til informasjonstryggleik. Riksadvokatembetet har utarbeidd ei skisse som er send til embetsleiarane for lokal tilpassing og oppfølging. 19. Politihandteringa av seksuallovbrot som involverer personar som arbeider innanfor kollektivtransportsektoren I brev 12. november 2013 svara Riksadvokaten på ein førespurnad om ei sak der ein person som var tilsett som bussjåfør, vart domfelt for seksuallovbrot mot born – delvis gjorde på bussen. 105 Saka aktualiserte spørsmålet om når politiet skal orientere arbeidsgivarar om straffesaker, ikkje minst for å kunne førebyggje nye overgrep. Riksadvokaten viste til at spørsmålet om politiet skal informere arbeidsgivarar om straffbare forhold som er gjorde av arbeidstakaren, som kjent ikkje er likt regulert for alle typar verksemder. Overfor enkelte særskilde styresmakter har politiet plikt til å informere om at det er sett i verk etterforsking eller sikting, jf. påtaleinstruksen kapittel 5, sjå særleg § 5-5 om melding til offentleg styresmakt om etterforsking mot person som driv verksemd m.m. med offentleg løyve. Elles må ein gjere ei skjønsvurdering innanfor rammene av reglane om teieplikt. Vurderingane kan vere samansette og vanskelege, og problemstillinga kan vere eigna for bevisstgjering og diskusjon, til dømes i samband med påtalemøte. For det andre aktualiserte saka spørsmålet om når ein bør leggje ned påstand om frådømming av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag, jf. vegtrafikklova § 37 f. Også denne føresegna og verkeområdet hennar kan vere eit aktuelt tema for fagleiinga hos statsadvokatane. 20. Saker om trygdesvindel – bruk av § 166 og § 270, 271 og 271 a i straffelova i konkurrens – nytt påtaledirektiv I brev 18. februar 2014 til statsadvokatane og politimeistrane gav Riksadvokaten nye direktiv om trygdesvindel. Bakgrunnen var at Arbeids- og velferdsdirektoratet (Nav) tok kontakt om at det i saker om trygdesvindel til ein viss grad har variert frå politidistrikt til politidistrikt om det blir teke ut tiltale for brot på straffelova § 166 (falsk forklaring) i konkurrens med bedrageriføresegnene i straffelova §§ 270 (simpelt bedrageri), 271 (grovt bedrageri) og 271 a (grovt aktlaust bedrageri). For å oppnå ei lik handsaming av sakene over heile landet instruerte Nav for eit par år sidan om at kontrolleiningane generelt ikkje skulle levere politimelding for falsk forklaring i konkurrens med bedrageri. Som kjent er det ikkje avgjerande for subsumsjonen frå påtalemakta kva for føresegner om straff som er førte opp i ei politimelding av eit straffbart forhold. Strafferettsleg er det ikkje tvil om at ein kan bruke føresegnene i konkurrens, og spørsmålet får konsekvens for kven som er kompetent påtalemakt. Brot på straffelova § 166 høyrer som kjent under påtalekompetansen til statsadvokaten, medan politiet har kompetanse til sjølv å reise tiltale for bedrageri. Riksadvokaten har på bakgrunn av dette – og etter å ha drøfta saka med Nav i eit møte 24. januar d.å. – kome til at ein bør følgje same praksis i alle politidistrikta og statsadvokatregionane. Det er gode strafferettslege grunnar for å få fram dei straffverdige sidene ved eit trygdebedrageriforhold som blir ramma av føresegna om falsk forklaring. Til dette kjem spørsmålet om kva den nemnde kompetansefordelinga får å seie. I ein situasjon der fleire av statsadvokatane ønskjer den kontrollen som følgjer av at trygdebedragerisakene blir førte for retten også etter § 166, må løysinga bli at ein skal nytte føresegna i konkurrens med §§ 270, 271 og 271 a i alle saker der vilkåra for det er oppfylte. 21. Auka straff ved brot på innreiseforbod Strafferamma ved brot på innreiseforbod, jf. utlendingslova § 108 tredje ledd, vart med verknad frå 15. januar d.å. heva til fengsel i 2 år for den som forsettleg eller aktlaust bryt innreiseforbod i same lova § 71 andre ledd eller § 124 første ledd. Frå same tidspunktet vart m.a. straffelova § 324 første ledd bokstav a oppheva. Noverande bokstav b, c og d blir bokstav a, b og c. I førearbeida til lova, Prop. 181 L (2012–2013) er det i punkt 6.6.3 at normalstraffenivået ved eit ordinært førstegongsbrot ikkje skal vere under 1 års fengsel. Med normalstraffenivå meiner ein straff for eit ordinært brot utan at det ligg føre skjerpande eller formildande omstende. Same stad 106 er det oppgitt at normalstraffa ved eit ordinært andregongsbrot vil vere fengsel i minimum 1 år og 6 månader. 22. Korleis statsadvokaten vurderer dommen når anken til den domfelte blir send til Høgsterett Når ei sak blir send til Riksadvokaten med anken til den domfelte til Høgsterett, bør det, så langt statsadvokaten har kompetanse, gå fram av påskrifta at statsadvokaten har teke stilling til om dommen er godteken. 23. Tredjeinstansklager Tredjeinstansklager blir handsama i tråd med Riksadvokatens rundskriv nr. 4/2002 punkt IV bokstav g og punkt X nr. 2. Dette vil seie at statsadvokaten skal ta stilling til om det er snakk om ei tredjeinstansklage og vurdere om ein derfor skal avvise klaga, jf. straffeprosesslova § 59 a femte ledd. Avvisingsvedtaket kan klagast over, og klagaren må få orientering om tilgang til å klage. 24. Bortfall av arverett og retten til å sitje i uskifta bu Påstand om frådømming av arverett og retten til å sitje i uskifta bu, jf. arvelova § 73 første ledd, blir fremja av bistandsadvokaten, jf. straffeprosesslova § 428 og tilvisinga i denne føresegna til § 3 første ledd nr. 5 i same lova. Dette bør gå uttrykkeleg fram av tiltalen når det er aktuelt. 25. Bortfall av retten til forsikringsytingar Påstand om frådømming av eventuell rett på forsikringsytingar, jf. forsikringsavtalelova § 15-9, blir fremja av påtalemakta. Også dette må gå fram av tiltalen. 26. Nye retningslinjer for registrering i DNA-identitetsregisteret Frå september 2013 er det politiregisterlova § 12 og politiregisterforskrifta kapittel 45 som regulerer DNA-registeret (strpl. § 160a og påtaleinstruksen kapittel 11a er oppheva). Det er framleis strpl. § 158 som er heimel for å hente inn biologisk materiale frå mistenkte og andre. Riksadvokaten gav i oktober 2013 nye retningslinjer for registrering i DNA-identitetsregisteret (etter straffereaksjon). Terskelen for registrering er senka vesentleg. Ei anna endring er at vedtakskompetansen er lagd til statsadvokatane når ein skal registrere born og utilreknelege etter vekklegging (for utilreknelege berre når grunnlaget for registrering er forhold der statsadvokaten har påtalekompetansen). Sjå nærare brevet frå Riksadvokatens av 17. oktober 2013. 27. Oppstarta arbeid med sikte på å ta i bruk fleire analyselaboratorium enn Folkehelseinstituttet I regjeringsplattforma er det sett ned eit mål om å «åpne for bruk av flere akkrediterte leverandører av DNA-analyser». Bruk av private laboratorium er ikkje nemnt spesifikt, men historikken kan tyde på at dette er eit viktig poeng for regjeringspartia. Brukarane (påtalemakta, Kripos og POD) har signalisert at bruk av fleire leverandørar krev at leverandørane blir knytte til den IKT-infrastrukturen som i dag omfattar politiet, Kripos og FHI. Departementet har gitt POD i oppdrag å leggje til rette for dette så raskt som mogleg, men arbeidet vil ta ressursar frå andre prioriterte oppgåver i PIT (m.a. opp mot det å setje i kraft ny straffelov). Det er også andre uvisse moment, som finansiering og forholdet til anbodsregelverket. Departementet ser nærare på dette. I brev til departementet 12. mai d.å. har vi elles signalisert skepsis til eit tilbod frå GENA om å analysere sporprøver som er sikra frå den fornærma i valdtektssaker, utanfor «politisporet» og 107 uavhengig av om det er levert inn politimelding. Eit slikt prosjekt er i gang i Stavanger, på grunnlag av ein avtale mellom kommunen og GENA, men erfaringane til no tilseier at dette neppe har den nytteverdien nokre såg føre seg. God sommar! Knut Erik Sæther fung. Kjerstin A. Kvande førstestatsadvokat Gjenpart: Politidirektoratet 108 Stikkordregister for statsadvokatmøta 2008–2014 Advokatar avlytting av telefonsamtalar med beslag hos suspensjon / tilbakekall av løyve s. 66 s. 103 s. 10–11 Anke frå den domfelte Fristar over fengslingsorskurdar i lagmannsretten frå påtalemakta kompetansen til Riksadvokaten rutinar for oversending av til Høgsterett s. 21–22, 55, 66, 106 s. 86 s. 75–76 s. 24 s. 35, 78–79 s. 21–22, 88, 106 s. 66, 94–95, 106 Avhøyr lyd- og biletopptak av s. 74 Sjå lyd- og biletopptak av politiforklaringar Barn bortføring til utlandet etterforskingsplikt ved død i politiarrest seksuelle overgrep mot som forsvinn frå asylmottak som gjerningsperson vald mot s. 90, 99 s. 39, 58–59, 77–78, 90 s. 80, 88–89 s. 40–41 s. 9–10 Sjå unge lovbrytarar s. 14–16, 30–31,40 Brannetterforsking s. 31–32 DNA-registrering s. 20, 25–26, 43, 80–81, 91–92, 106 Dobbeltstraff Sjå gjenteken strafforfølging Dommarar etterforsking av habilitet ved påstand om særreaksjon klage på s. 77 s. 30 s. 10 109 Dommaravhøyr s. 39–40 Dødsstadsundersøkingar s. 39, 77–78, 90 Erstatningskrav s. 9, 103 Falske identitetar s. 61–62, 73–74 Forvaring Sjå særreaksjonar og forvaring Førelegg innsyn i s. 60–61 Gjenopning etter at domfelte er død domstolsprøving av avgjerder frå gjenopptakingskommisjonen på grunn av manglande grunngiving på grunn av spørsmål om den domfelte var tilrekneleg s. 48 s. 70 s. 24–25 s. 22, 57–58 Gjenteken strafforfølging s. 18, 26 Godtaking av dom kompetansen til Riksadvokaten s. 94 Grunngiving gjenopning på grunn av manglande i jurysaker Sjå gjenopning s. 44 Habilitet ved vurdering av særreaksjonar s. 30 Hatkriminalitet s. 8, 73 Inndraging s. 16, 72 Innsyn i førelegg s. 60–61 Jambyrdig i alder og utvikling Sjå straffelova §§ 195 og 196 Klager fristar oppreisning for fristbrot s. 85–86 s. 51 110 sakshandsaming tredjeinstans- s. 72 s. 36, 86, 106 Kommunikasjonskontroll s. 41, 65–66 Konkurssaker s. 48–49 Kystvakta s. 9 Lyd- og biletopptak av politiforklaringar s. 17, 29, 58, 104 Menneskehandel s. 40 Miljøkriminalitet s. 87–88 Mobile vinningskriminelle s. 14 Målekriterium for politiet s. 34, 54–55 Narkotika låg styrkegrad -hundar s. 11–12, 29, 37, 75 s. 47–48 s. 84–85 Nåde s. 17 Objektivitetsplikt s. 52–53 Omgjering fristar sakshandsaming ved ny etterforsking s. 85–86 s. 51–52, 85 Oppdrettsfisk s. 13–14, 32 Overføring av straffesaker til Noreg s. 102 Prøvetid s. 17 Påtalekompetanse Riksadvokaten i saker om straffelova § 317 s. 35, 78–79 s. 64 Ransaking s. 49 111 Rettsoppmodingar s. 63, 81, 87, 93–94 Romavlytting s. 29 Soningsoverføring s. 37–38 Spesialeininga for politisaker politimelding av s. 16 Straffeprosesslova § 59 a § 122 § 210 § 242 a Sjå klager s. 36 s. 64–65 s. 101–102 Straffelova 1902 § 135 a § 162 § 166 § 192 §§ 195 og 196 § 219 § 239 §§ 270, 271 og 271 a § 317 Sjå hatkriminalitet Sjå narkotika s. 104 Sjå valdtekt s. 46–47 s. 47, 76, 89–90 s. 18, 23, 43 s. 105 s. 28, 64 Straffutmåling s. 70 Særreaksjonar og forvaring dommarhabilitet ved vurderinga av vidareføring av prøvelauslating frå forvaring s. 56–57, 79, 100 s. 30 s. 19–20, 79 s. 20, 56, 79, 100 Teieretten til den sikta s. 20–21 Terror s. 8 Tidfesting førehandsi Høgsterett s. 37 s. 21 Tilståingsrabatt s. 19, 26–27 112 Tiltale endring før handsaming i lagmannsrett kompetansen til Riksadvokaten samsvar med ordre frå Riksadvokaten s. 63–64 s. 78–79 s. 87 Tredjeinstansklager Sjå klager Trygdebedrageri s. 105 Unge lovbrytarar s. 76–77, 97–99 Utlendingssaker s. 30, 73–74, 87 Utlevering s. 38 Valdtekt s. 12–13, 89, 99 Varetekt s. 50, 71 Vegtrafikkbrot s. 18–19 Vekklegging av kapasitetsgrunnar fordi gjerningspersonen er mindreårig s. 65 s. 87 113 Stikkordregister for statsadvokatmøta 1998–20071 Advokatar klage på tvangsmidlar mot Anke fristar til Høgsterett s. 18 s. 18 s. 27, 64, 81 s. 33, 52–53, 70, 80, 88, 106, 110, 116–117 Arbeidsmiljøkriminalitet s. 30–31 Barn etterforsking av brotsverk mot fritak for forklaringsplikt medisinske funn i overgrepssaker som forsvinn frå asylmottak som gjerningsperson s. 51, 71 s. 1 s. 28 s. 20 s. 14–15 Sjå unge lovbrytarar Besøksforbod s. 78, 92, 116 DNA prøvetaking registrering s. 93–94, 105–106 s. 6, 36, 51, 60, 77, 94, 111 Dobbeltstraff Sjå gjenteken strafforfølging Drap orientering til Riksadvokaten s. 1 Erstatning etter strafforfølging s. 53–54, 70 1 Riksadvokatens publikasjon nr. 3/2007 114 Etterforsking av brannar skjulte metodar s. 63–64 s. 50–51 Forvaring Sjå særreaksjonar og forvaring Fråsegner i det offentlege s. 1–2, 72–74 Gjenopning s. 27 Gjenteken strafforfølging s. 8–9, 17, 39, 42–43, 57–59, 60–61 God påtaleskikk lojalitet overfor rettsavgjerder rutinar for saksregistrering m.m. s. 30, 52 s. 18–19, 66 s. 84–85 Hatkriminalitet s. 25–26, 37, 48, 69, 77, 88, 113 Helsepersonell s. 94–95, 102–103 Inndraging s. 50, 68, 110 Kjeldevern s. 17–18 Klager fristar over vekklegging av kapasitetsgrunnar tredjeinstans- s. 80–81 s. 2 s. 37, 64–65 Kommunikasjonskontroll s. 50–51 Konfliktråd s. 23, 39, 49, 68, 84, 117 Lyd- og biletopptak av politiforklaringar s. 11–12 Media uttale i Sjå fråsegner i det offentlege Menneskehandel s. 27–28, 50 115 Narkotika sprøyterom s. 20–21, 23, 95 s. 52 Nådesaker s. 97 Omgjering fristar kompetansen til statsadvokaten s. 8, 27, 40, 64, 80–81 s. 31–32, 52 Oppdrettsfisk s. 10 Oppklaringsprosent s. 16 Politiarrest s. 12, 67 Politiforklaringar opplesing av s. 54–55 Politiprovokasjon s. 17 Påstand varsel om vidareføring av s. 13 Påtalekompetanse under straffelova § 60 a under særs skjerpande omstende Riksadvokaten tildeling i medhald av straffeprosesslova § 67 s. 4 s. 3 s. 26–27 s. 47 Rasisme Sjå hatkriminalitet Rettsoppmodingar s. 40 Rettspsykiatri Sjå under særreaksjonar og forvaring Sakshandsamingstid s. 16, 67 Samfunnsstraff s. 13, 23, 48–49, 68, 84 Siktingar utforming av s. 33 116 «Sjølvvasking» Sjå straffelova § 317 andre ledd Stortinget spørsmål frå s. 44 Straffeprosesslova § 13 § 59 a § 67 § 93 § 216 g § 222 a kapittel 31 s. 103–104 Sjå klager s. 47 s. 19 s. 22 Sjå besøksforbod s. 53–54 Straffelova 1902 § 59 § 60 a § 132 a § 135 a § 148 § 162 § 192 § 195 § 219 § 224 § 238 § 239 § 317 andre ledd § 324 Sjå tilståingsrabatt s. 4 s. 82–83 Sjå hatkriminalitet s. 63–64, 105 Sjå narkotika s. 24–25 s. 24–25 s. 78 Sjå menneskehandel s. 95–96 s. 9–10, 84, 95–96, 107 s. 2–3 s. 103 Straffegjennomføringslova s. 96–97 Straffutmåling ved sedskapsbrot s. 24–25, 67–68 Særreaksjonar og forvaring fristar overgangsreglar prøvelauslating frå forvaring rettspsykiatrisk sakkunnige s. 22–24, 38–39, 55–56, 61–63, 75–76, s. 38 s. 62–63, 76, 89–90, 106–107 s. 12–13 s. 12, 23–24, 62 117 Teieretten til den sikta s. 19, 37–38 Tilståingsrabatt s. 3, 91–92 Tiltale utforming av s. 3–4, 33 Unge lovbrytarar etterforsking av born s. 28 Sjå barn, etterforsking av Uskuldspresumsjonen s. 17 Varetekt isolasjon ved s. 25, 112 s. 66 Vekklegging av kapasitetsgrunnar s. 90–91