Hordaland supporter 5
Transcription
Hordaland supporter 5
LAURDAG SPORT HORDALAND 3. OKTOBER 2015 19 e FK møtte Godfoten onsdag. Lillian Midttun (f v) Torunn Bruvik, Emil Bruvik og resten av Snabben-gjengen jublar. må han gå heim! BESTEMOR TORUNN BRUVIK heftige taktikkdiskusjonar etterpå blæs Crook 2. omgang i gang. Godfoten får ein pangstart på omgangen. – Jaaa! jublar Ingvild Maria Grindeland då Lars Erik Bjørke sender Godfoten opp i leiinga like etter pause. Folk ser rart på henne. Ho har ikkje heilt fått med seg at det har vore sidebyte. – Å, neiiii ... det var feil veg, seier ho då det går opp for henne kva som eigentleg skjedde. – Haha. dette må du ikkje skriva i avisa, ler ho. Manageren er ikkje nøgd med kommunikasjonen ute på kunstgraset. – Snakk saman! ropar Bidne. Snabbane er litt uroa for at det skal gå mot tap for heltane frå Stronde. Ytst i fan-gruppa på sidelina står kveldens ivrigaste publikummar, Lillian Midttun. Ho er mor til 17-årige Thomas Bruvik som spelar på laget. – Det er kjekt å gå på desse kampane. Eg plar å vera her, seier ho. Bestemor Torunn Bruvik er også ivrig. – Skårar han ikkje i dag, må han gå heim! seier ho – med latter i røysta. – Å kom igjen no, ropar Lillian Midttun. Ho augnar håp. Gutane kjempar seg hardt inn i kampen igjen. Og 20 minutt ut i kampen tek Espen Simonsen ansvar og skårar utlikningsmålet, 3–3, til full Snabb-jubel. Begge lag jaktar sigersmålet dei siste ti minutta. Innsatsen er på topp. Sebastian Adam Ozarowski jobbar hardt og skaper sjansar. Roald Nåsen Neteland er stadig på farten. Vegard Klette byr stadig på problem for Stronde, men Øystein Simonsen i mål ordnar opp. Og Joakim Lirhus er svært nær ved å bli matchvinnar. Men skotet endar i stanga og ut. Barry Crook oppmodar publikum om å ta bylgja før det er for seint. Og ingen fleire mål finn vegen til nettmaskene før han blæs i fløyta. – Eg såg eg hadde sjansen, og trudde eg skulle skåra. Men stonga stod i vegen i dag, seier Joakim Lirhus etter oppgjeret. Den tidlegare A-lagsspelaren på Voss, stortrivst i TeBe-serien. – Dette er eit kjempetilbod for folk som gjerne vil spela fotball, men som kanskje ikkje har tid til å bruka så mykje tid på dette som ein må på eit A-lag, seier han. NIANDE STRAKE. Sesongen er over. Stronde FK har hamna på 3. plass i TeBe-serien. Og turneringsleiar Terje Øye delar ut glaspokalen til klubben. – Gratulerer med 3. plassen. Hadde det vore premie for stemning og idrettsglede, hadde Stronde vunne gull, seier Øye. I år har berre fire lag fullført Tebeserien. Ørnar har teke ein suveren siger – og vann for 9. år på rad. Øye fortel at TeBe-serien vart starta i 1995, og tok utgangspunkt i ein tidlegare lokal bedriftsserie. Nokre år var serien så populær at det var serie A og B, med ned- og opprykk. I alt har Ørnar 10 sigrar i serien. »»