Hordaland supporter 4
Transcription
Hordaland supporter 4
18 LAURDAG SPORT HORDALAND 3. OKTOBER 2015 MÅL: Joakim Lirhus har spela på A-laget til Voss. Her viser han gode takter og skårar for Stronde. JUBEL: Supporterane fekk tre mål å jubla for då Stronde « Skårar han ikkje i dag, Han har mykje av æra for at klubben har fått lokale sponsorar og orden i økonomien. Sponsorinntektene er på om lag 8000 kroner og 20 pølsesnabbar. – Berre å ha eit skikkeleg draktsett kostar flesk, så det er godt å ha næringslivet med oss. Hommedal er også ansvarleg og vokalist for klubbsongen, som ligg ute på Spotify. Til no har songen spelt inn åtte dollar til klubbkassa. SNABBANE KJEM ... Stadig fleire kvinner med panneband og huer med Stronde FK i mønsteret kjem til banen. Desse er med i supportergjengen Snabbane. Mona Askeland har strikka pannebanda. – Supporterklubben vart starta av ein mann. Men han har slutta. No er det opp til oss damene, seier Snabb-sjef Karina Tveite. Namnet har opphavet i at ein lokal pølsefabrikk er sponsor, og etter kvar kamp vert det delt ut pølsesnabb til banens beste spelar. Oppvarminga er over. Manageren samlar spelarane. Det er tid for laguttak og taktikkprat. – Taktikken er klar. Me skal stå høgt. Me skal gå offensivt ut, seier Sondre Bidne. Domar Barry Crook blæs i fløyta. Sesongens siste kamp er i gang. Det er onsdag kveld kl. 21.00. Dei to laga sine lagleiarar, innbytarar og supporterar står på kvar si side. På Godfotensida er det berre sjølve laget som står. Ingen publikum. På Stronde-sida er det tett med folk. Og spelarane tek manageren på ordet, dei satsar offensivt. Og sjansane kjem. Både Roald Nåsen Neteland og Isak Hommedal er farleg frampå i starten. Det ligg eit mål i lufta i Skulestadmoen. Og det kjem fem minutt ut i oppgjeret. Isak Hommedal tek fram teknikk frå øvste hylle då han vartar opp med ein nydeleg piruett og kjem seg fri, og legg over til Daniel Stokken. Sogndal-studenten skyt sikkert inn 1–0 i nettmaskene. Snabbane jublar på sidelina. Men Vegard Klette utliknar for Godfoten berre to minutt seinare. Det står 1–1 under flomljoset. Og Snabbane er litt meir uroa. Joakim Lirhus er tidlegare A-spelar på Fbk Voss. Og tidvis syner han kva han er god til. Som i det 11. minutt. Han gjer alt rett då han sender Stronde FK opp i leiinga. Lirhus er frå Bulken og ein av to på laget som ikkje bur eller er opphavleg frå Vossestrand. – Neeeiii! Kva skjedde der? ropar snabb Ingri Mørkve fortvila då Oddvar Kolve utliknar til 2–2. Roald Nåsen Neteland har ein stor sjanse like etter. Utan å lukkast. Og Isak Hommedal har alle tiders moglegheit til å sikra Stronde FK leiinga før pause. Men han sleivar ballen utanfor i det han kjem åleine med keeper. «FEIL» JUBEL. Barry Crook ser på klokka. Han blæs for pause. Fem minutt og