Spørreundersøkelse i avisa DOKUMENT
Transcription
Spørreundersøkelse i avisa DOKUMENT
6 NYHETER TIRSDAG 17. MARS 2015 Valdrisane ynskjer endring 70 prosent svarar i undersøking at dei ynskjer endring av kommunestrukturen – Når 70 prosent svarar at det ikkje er greitt slik det er i dag, så er det eit sterkt signal. Dette syner at valdrisane både er endringsviljuge og at dette er eit godt utgangspunkt for debatt. Eg vil også berømme politikrane og administrasjonane i Valdres som har sett i gang desse prosessane og vist aktivitet i spørsmålet om framtidig kommunestruktur. Eg vil også berømme valdrisane generelt for at dei er framoverlente i denne saka. 28 prosent vil ha seks kommunar som i dag, medan 70 prosent ynskjer endring – flest til berre ein kommune. – Dette syner at valdrisane vil ha endring og er endringsviljuge, seier den nye fylkesmannen, Christl Kvam. – Treng nye løysingar – Trur du desse tala også kan tolkast i lys av alle nedleggingane og sentraliseringane som no råkar Valdres, Christl Kvam? – Ja, me ser at mange uheldige faktorar i våre dagar slær uheldig ut for område som Valdres, og at summen av alle nedleggingane ikkje er bra. Eg synest også tala frå avstemminga syner at «gårsdagens løysingar» nødvendigvis ikkje løyser alle problem i framtida. Når 70 prosent seier at dei ynskjer endring, fortel det ganske mykje, seier Christl Kvam. Ho fortel at ho følgjer godt med på kva som skjer i Valdres, at ho har hatt eige møte med lokale rådmenn og ordførarar. HELGE GUDHEIM helge@avisa-valdres.no FAGERNES: Det er i avstemmings- barometeret på nettsida til avisa (www.avisa-valdres.no) at tala ovanfor kjem fram. Måndag formiddag hadde heile 2190 stemt; 54 prosent vil ha ein framtidig valdreskommune, 28 % vil ha seks kommunar (som i dag), 16 % ynskjer to kommunar (nord/sør), to prosent veit ikkje og 1 % vil ha fleire enn seks kommunar. Små endringar Avstemmingsbarometeret har lege ute eit par vekers tid, og stemmefordelinga ha nær sagt vore uendra heilt frå starten av. Ei innvending er at folk kan stemme fleire gonger, men berre ein gong pr. maskin. Trass i dette, blir tala lagt merke til, fordi så mange har stemt. Ei tilsvarande spørjeundersøking i regi av avisa Hallingdølen, der 887 personar vart spurde, resulterte i at 43 % ville behalde dagens seks kommunar, medan 41 % ynskte endring (23 % to kommunar og 18 % ein storkommune). FAKTA Nettavstemming – Behov for å gjera noko – Desse tala syner at mange meiner det er behov for å gjera noko – og det er det, seier den nye fylkesmannen i Oppland, Christl Kvam, når ho får prosenttala frå Valdres. Endringsviljuge: Fylkesmann Christl Kvam kommenterer den elektroniske kommunestruktur-avstemminga til Avisa Valdres med at tala både syner at det er behov for endring av dagens struktur, og at valdrisane er endringsviljuge. Det gjev ho uttrykk for å setja pris på. FOTO: IVAR ØDEGAARD ■■ På www.avisa-valdres.no har alle i eit par veker kunne seia si meining om framtidig kommunestruktur i Valdres. ■■ 2190 stemmer er avgjevne. ■■ 54 % ynskjer ein storkommune, 28 % vil ha seks kommunar (som i dag) og 16 % vil ha to framtidige valdreskommunar. ■■ Det vil seia at rundt 70 % ynskjer endring, og snautt 30 % vil ha det same kartet som i dag. Diskusjonsmøte og reformgruppe i Vang Onsdag kveld blir det halde debattmøte om kommunereforma på Vang folkebibliotek. Kommunen har også oppretta ei ny arbeidsgruppe i saka. HELGE GUDHEIM helge@avisa-valdres.no VANG: Onsdag kveld blir det ope diskusjonsmøte om kommunereforma på Vang folkebibliotek. Det blir spurt kva som er Vang sin styrke og utfordringar, og korleis ein reform på best måte kan ivareta og løyse sedde. Kva er dei statlege føringane, og kan eller må ein slå seg saman. Kva er fakta og kva er retorikk? Dette er spørsmåla som ordførar Vidar Eltun, gründer Erland Eggen, vararepresentant til Stortinget Ingjerd Thon Hagaseth Løsningen for deg som vil STYRE SOLLYSET Solskjerming tilpasset ditt behov! 815 00 570 • post@kjellsmarkiser.no • kjellsmarkiser.no og kommuneekspert Per Gunnar Stensvaag skal svare på. Redaktør Ivar Brynildsen er ordstyrar. Kommunal arbeidsgruppe Vang kommune har nyleg også nedsett ei arbeidsgruppe (sjå bildet), som skal prøve å svare på om Vang bør bestå som eiga kommune, eller ynskjer vangsgjeldingane samanslåing. Ordførar Vidar Eltun seier mellom anna at gruppa skal bidra til å gje vangsgjeldingane eit godt grunnlag for å kunne ta stilling til spørsmålet om den framtidige kommunestrukturen. Poenget er å få flest muleg argument opp på bordet. Både Eltun og resten av gruppa er opptekne av at kommunen sjølv lyt få definere dei gode argumenta i saka, og ikkje utan vidare godta retorikken frå regjeringa. Poenget er å gje vangsgjeldingane eit godt grunnlag, Arbeidsgruppe: Reidar Thune, Vidar Eltun, Marte Tangen, Kari Birgit Lien, Johannes Havro, Tor Jørstad og Hallgrim Rogn (sekretær/foto) utgjer den nye arbeidsgruppa i samband med kommunereforma i Vang. og bidra til at flest muleg seier si meining. På planen til gruppa står eit folkemøte i slutten av april, ein vil vurdere om det skal gjerast både ei eiga innbyggjarundersøking og ei folkeavstemming. Gruppa min- ner også om at dette blir ei av dei viktigaste sakene i samband med kommunevalet komande haust. Gruppa vil gje ein førebels rapport til kommunestyret 18. juni.