Meirinntekt DOKUMENT
Transcription
Meirinntekt DOKUMENT
4 NYHETER LØRDAG 21. MARS 2015 30 år hos Sanne Hauglid Frp med valliste i Øystre FAG ERN ES: Geir Jul Helle (f.v.), Odd Bækkelien og TINGVANG: Torsdag kunne Frp-politikar Edgar Linn Bjørn Einar Thon fikk nylig gullur av bedriften San ne Hauglid for 30-års lang og tro tjeneste i selskapet. Tidligere har også Kolbjørn Haugen og Magne Steinsli mottatt medaljer. Det skjedde i 1987 og de fikk da me daljer fra «Det Kongelige Selskap for Norges Vel». bekrefte at dei klarar å stille med valliste til kommu nevalet til hausten. – Det hadde vore veldig synd om vi ikkje hadde fått til dette, men nå ser det bra ut og vi stiller med ei liste, seier Linn. Måndag kveld har dei nominasjonsmøte på Tingvang. Kommunesamanslåing kan gje ein milliard ekstra I ein samanslegen valdreskommune vil nær 100 årsverk forsvinne, og den årlege driftskostnaden må etter kvart ned med 80 millionar kroner. Men 2016-tilskota blir oppretthaldne i 15–20 år, og det kan gje Valdres rundt ein milliard kroner i meirinntekt. HELGE GUDHEIM helge@avisa-valdres.no FAGERNES: – Summen er større enn eg hadde trudd, og ja, eg vart overraska. Og desse pengane meiner eg ein storkommune i Valdres kan bruke til mykje «moro». Prioriteringa vil eventuelt blir eit politisk spørsmål, men eg ser for meg utvikling av lokalsamfunna våre, næringsutvikling, bygging av infrastruktur og høgare nivå på mange tenester, seier kommunalsjef i Nord-Aurdal Jo Audun Øverby. Han er også leiar av «Plan og ressursgruppa» som er oppnemnt i samband med kommunemoderniseringa. Essensen i tala vart torsdag framlagde for NordAurdal kommunestyre, av han og Morten Stensby. 1467 årsverk i kommunane 1. januar i år utgjorde dei fast tilsette 1467 årsverk i dei seks valdreskommunane (Etnedal 146, Vestre Slidre 183, Vang 185, Øystre Slidre 237, Sør-Aurdal 262 og Nord-Aurdal 455 årsverk). Dersom Valdres blir samanslegne til ein kommune, reknar ein med at dette talet må ned med rundt 100 årsverk, og det meiner ein lett kan ordnast ved naturleg avgang. Gjennomsnittleg 48 år Gjennomsnittsalderen på dei kommunalt tilsette i Valdres er no 48 år, og innan 2032 vil 631 av dagens tilsette nå 67 år. Men det føre til behov for 534 nytilsetjingar i kommunal sektor i Valdres. Dette er i tillegg til alle som sluttar av andre grunnar enn alder. «Eg trur ei god reform vil auke talet på kommunale arbeidsplassar.» JO AUDUN ØVERBY, KOMMUNALSJEF Meirinntekt: Om Valdres slær seg saman til ein kommune, må driftsutgiftene på sikt ned 80 millionar kroner i året. Meirinntekter på rundt ein milliard (det raude feltet) kjem fram når me reduserer driftsutgiftene snøggare enn 20 år fram i tid. Jo Audun Øverby har teikna og peiker. – Utfordringa vil difor ikkje vera å bli kvitt folk, men å få inn nye. Personalleiarane i Valdres foreslår å gje dei tilsette ein garanti for å behalde jobben, og han børe vare i minst fem år, seier Jo Audun Øverby. 1,6 milliard i inntekter Øverby fortel at valdreskommunane i 2014 hadde samla, brutto inntekter på 1600 millionar kroner, eller 1,6 milliard. Han seier dei fri inntektene til valdreskommunane (rammetilskot og skatt) for 2015 er kalkulerte til ein milliard kroner (1000 millionar). Ein del av inntektsgrunnlaget for våre kommunar i dag, er at dei i noko vekslande grad får «basistilskot», «småkommunetilskot» og «distriktstilskot Sør-Norge». Må årleg ned 80 millionar Jo Audun Øverby fortel at dei årlege driftsutgiftene i ein eventuell samanslegne valdreskommune om 20 år skal ned med rundt 80 millionar kroner – i forhold til dagens kostnadsnivå. – Ein ny kommune vil etter objektive kriterie og kommunerek- neskap vera 80 millionar kroner rimelegare å drive. Me bør etter fem til ti år ha tilpassa oss eit slikt kostnadsnivå, seier Øverby. Nytt «inndelingstilskot» – Staten har sagt at samanslegne kommunar som mistar dagens tilskot, i staden skal få eit nytt tilskot, som vil bli kalla «inndelingstilskot». Grunnlaget for dette vil vera dei tilskota kommunane får i 2016 – og det vil stå fast med dei same utbetalingane i 15 år framover i tid. Deretter blir det ei fem års nedtrapping – altså ned til nivået som er 80 millionar kroner lægre 20 år etter samanslåinga. 70 millionar i eingongsbeløp – I tillegg til alt dette kjem eit eingongsbeløp på totalt 70 millionar kroner til Valdres. Det er dette som til no har vore omtala som nær sagt den einaste «gevinsten» ved ei kommunesamanslåing, legg Øverby til. Snøgg kostnadsreduksjon – Poenget med den eine milliarden kroner, som ein samanslegne valdreskommune kan få som ek- stra økonomisk handlingsrom, er dersom me klarar å redusere driftskostnadene snøggare enn 20 år fram i tid. Eg meiner ein bør redusere talet på tilsette gradvis ved naturleg avgang, og at ein i løpet av til dømes sju år kan vera nede på «rett nivå». Berre fram til eventuell samanslåing i 2018, vil over 71 av dagens kommunalt fast tilsette ha nådd 67 år. Full utteljing i åtte år – Om me får det til på denne måten, vil ein dermed få åtte år med full tilskotseffekt (80 millionar i året), pluss 12 år med delvis effekt. Det er summen at dette som i løpet av 20 år kan gje oss rundt ein milliard kroner ekstra å rutte med i Valdres, seier Øverby. – Heller vekst enn reduksjon – I det du her seier Øverby, ligg det altså til grunn at ein valdreskommune kan drivast meir rasjonelt, og at rundt 100 arbeidsplassar dermed vil forsvinne. Er ikkje kommunal sysselsetjing nettopp eit argument for å halde på seks kommunar? – Men regjeringa har også sagt at dei som vel å halde fram som småe kommunar, ikkje vil få full økonomisk kompensasjon i framtida. Regjeringa vil også gje fleire oppgåver til robuste kommunar. Og dersom me klarar å gjera delar av den «ekstra» milliarden om til arbeidsplassar, så er det ikkje mykje me skal bli tilførte før det tek att dei hundre me taper i rasjonaliseringa. – Difor trur eg ein god kommunereform faktisk vil auke talet på arbeidsplassar i kommunal sektor i Valdres, seier Jo Audun Øverby. FAKTA Ein milliard ekstra? ■■ Dersom dei seks valdreskom munane slær seg saman, blir til skotsnivået i 2016 grunnlag for tilskota i 15–20 år fram i tid. ■■ Rundt 100 årsverk forsvinn. ■■ Årleg kostnadsreduksjon skal etter kvart utgjera 80 millionar. ■■ Om stillingsreduksjonen skjer på nokre få år, vil det kunne gje «Valdres kommune» rundt ein milliard kr. i ekstra handlingsrom.