Jan Bruse Andersen på Park Hotel ser frem til å koma i gang med
Transcription
Jan Bruse Andersen på Park Hotel ser frem til å koma i gang med
TORSDAG FARGERIKE TVILDE Regimentsvegen 3, 5705 Voss Tlf. 56 52 31 00 - www.fargerike.no 16. OKTOBER 2014 • Nr 117 • 131. årgang • Grunnlagt 1883 • Laussal kr 20,– I Ulvik ligg eit hus som skil seg ut frå dei andre i nabolaget. ORDEN vs KAOS Ein dokkeheim vs eit strigla ungkarsreir. Det er stor skilnad på heimane til kunstnar Aagot Rokne og oljearbeidar Frode Rekve. Hus og heim side 8-11 Hus & Heim side 2 og 3 Har du lyst på terrassehusvære med utsikt utover Vangsvatnet og Gråsida, med eigen inngang til hotellet og spautsikter i framtida? Det har du no høve til – om du har 9 millionar å bla opp. Side 2 og 3 Penthouse på Park – pris: 9 millionar ENDELEG: Jan Bruse Andersen på Park Hotel ser fram til å koma i gang med nybygget til 90 millionar, og Baste Bolstad i Proaktiv Eiendom er like klar til selja husværa. VANVITIG TIMESAL I DAG ! SJÅ ANNONSE FOR VÅRE TIME-TILBOD I HUS & HEIM-BILAGET. HELGE NIKOLAISEN A/S Vangsgt. 4. 5700 Voss | T: 56 51 26 28 VOSS FOTO: VIDAR HERRE Heimelekse ktobær Gjer me ikkje leksene, då får me sparken. Simen Bakkan Ådland på Brakanes skule har lært heimeleksa si. Badnateigen side 16 og 17 Ein sommaryndling dukka opp att i ein hage i Brekkereino denne månaden. Siste side 2 TORSDAG NYHENDE HORDALAND 16. OKTOBER 2014 Feil om kafetal VOSS: I nøkkeltal for kafear på Vangen, som Hordaland presenterte tysdag, var tala for fleire av verksemdene blitt klussa til. Hordaland seier seg leie for feilen, og prøver ein gong til med dei tre som vart feil. Gladic AS (Yazz) Rekneskap 2013 Driftsinnt. 4.405 Driftsresultat 146 Res. før skatt 142 2012 2011 4.540 4.624 -127 -37 -135 -50 Evanger Spekjemat AS Rekneskap 2013 2012 2011 Driftsinnt. 3.947 4.159 3.818 Driftsresultat 71 126 -26 Res. før skatt -58 -2 -150 Voss Kafedrift AS (Le Café, Amfi) Rekneskap 2013 2012 2011 Driftsinnt. 3.287 3.437 3.590 Driftsresultat -96 199 54 Res. før skatt -98 199 71 Påkøyrd hjort VOSS: Klokka 06.50 onsdag morgon fekk politiet melding om at nokon hadde køyrt på ein hjort. – Påkøyrsla skjedde i krysset der ein kjører opp til Dyrvedalen. Hjorten vart skada, og viltnemnda vart varsla, seier Einar Bystøl frå Voss Lensmannskontor. 119 blåste grønt VOSS: Onsdag morgon mellom klokka 7 og 8 hadde politiet på Voss promillekontroll langs E16. 119 sjåførar vart kontrollerte, og alle blåste «grønt», opplyser politi betjent Einar Bystøl. Hjelpekorps-kurs i helga VOSS: Røde Kors skal sertifisera nye medlemmer til Voss Røde Kors Hjelpekorps i helga. 11 nye medlemmar skal ta kurs i søk og redning, og det vil verta øvingar både på Hanguren og på Vangen. – På kurset skal dei mellom anna gjennom ulike søkjemetodar, kart og kompass og redning, seier kursleiar Bodil Reime Sørlie. Kursdeltakarane skal bu ute på Hanguren i løpet av helga. Marknad for TV-aksjonen VOSS: Trude Storheim arrangerer marknad på Gullfjordungen skule sundag frå klokka 16 til klokka 18. – Her kan folk levere inn klede og sko, som me sel til inntekt for TV-aksjonen. I tillegg vil me ha kafé med sal av kaffi og kaker, seier Storheim. MARKISER•SCREEN Høstkupp! På utvalgte produkter –15-35% Ring oss på tlf: 911 50 200 www.fasadeprodukter.no NY FASADE: Fasade mot vest. Bygget som er under planlegging skal ha heis og fire etasjar. I kjellaren vert det parkeringshus. Indrefilet til sals på No kan du sikra deg ein flunkande ny bustad midt på Vangen. Men slike indrefiletar kan kosta flesk. – Me legg ikkje skjul på at dette er påkosta leilegheiter. Her er det ikkje spart på noko, seier eigedomsmeklar Baste Bolstad. Han er meklar i Proaktiv Eiendom, som har fått oppdrag å selja dei 26 leilegheitene som Park Hotel Vossevangen no vil byggja etter at dei har rive det gamle motellet. – Det gamle motellet stod ferdig i 1974, og er i dag i dårleg forfatning. Me har jobba i ti år med planane om å riva bygget, og setja opp eit nytt bygg som er sett saman av leilegheiter av ulik storleik, og som me vil selja som private bustader, fortel direktør ved hotellet, Jan Bruse Andersen. Må førehandsselja 70 prosent No ventar dei på dei siste godkjenningane frå kommunen for å få ferdig reguleringsplanen. Om tre veker reknar Bolstad med å vera i gang med salet. Dersom dei greier å selja 70 prosent (18 bueiningar) av heile TERRASSE MOT VANGSEN: Det nye bygget er teikna av Per Knudsen Arkitektkontor AS, som held til i Trondheim. Bomberommet som i dag ligg i midten av illustrasjonen, skal etter planen erstattast med eit bade- og velvereanlegg i eit byggjetrinn II, dersom tidene vert gode. prosjektet, som er kostnadsrekna til 90 millionar kroner, er målet å koma i gang med riving i februar neste år. Så vert det byggjestart like etter. – I beste fall kan bygget stå ferdig 2016, eller tidleg i 2017, seier Bruse Andersen. Prosjektet er allereie ferdig frå arkitekten, og entreprenør vert bergensfirmaet Montasjekompaniet. I det nye fire etasjar høge bygget skal det koma leilegheiter som varierer i storleik frå 57 kvadratmeter og opp i 163 kvadratmeter. Ni millionar kroner I utgangspunktet kjem bustadene fiks ferdige, med kvitevarer og alt ein heim elles treng av utstyr, men kjøpar har også høve til å vera med undervegs og få gjort eigne tilpassingar. – Men då til ei viss endring i prisen, skyt Bolstad inn. Heile prosjektet har ein førebels prislapp på 90 millionar kroner. Bolstad trur dei mest eksklusive einingane, på 163 kvadratmeter og med terrasser på 35-40 kvadratmeter mot Vangsvatnet, kjem til å ha ein marknadsverdi på rundt ni millionar kroner. – Det er ganske heftig? 3 TORSDAG NYHENDE HORDALAND 16. OKTOBER 2014 – Kan vera slutten for 4H VOSS: Regjeringa gjer framlegg om å kutta det økonomiske og faglege samarbeidet med 4H frå 2016 i det nye statsbudsjettet. Regjeringa vil kutta 4H si støtte frå Landbruksog matdepartementet med over 400.000 kroner (frå 7.100.000 kroner til 6.695.000 kroner). I tillegg skal LEIK: Frå 4H-leir ordninga med gratis kontorhald hjå Fylkesmannens landbruksavdeling ta slutt. – Dette kan få dramatiske konsekvensar for både 4H Hordaland og 4H sett under eitt. Gjennom samarbeidsavtala som me har hatt med landbruksavdelinga i 60 år har 4H fått eitt konkret oppdrag, der me mellom anna skal arbeida med rekruttering knytt til naturbruk og lokale ressursar. I tillegg gjev me born og unge opplæring i entreprenørskap, seier dagleg leiar i 4H Hordaland, Susanne Aas. – Har ikkje råd til å mista 4H vikling. På Voss er det sju 4Hklubbar. Bordalen 4H har kring 50 medlemmer. – Om stillinga hjå fylkesmannen vert kutta, mister me hjelpa frå 4Hkontoret. Då trur eg klubbane vil forsvinna ein etter ein. På sikt kan dette vera på Løne i sommar. slutten for FOTO: INGERID JORDAL. 4H, seier Irene Brekke frå Bordalen 4H. Ho meiner 4H er ein ressurs dei ikkje har råd til å mista. – Her lærer ungdommar seg så mykje, mellom anna å verta sjølvstendige og ta ansvar. Politisk dugnad No mobiliserer 4H til politisk dugnad, og 4H-klubbar over heile landet skal senda inn brev til Stortinget og regjeringa. – Her må me forklara kva 4H står for, og kvifor det er så viktig at me får tilskot. No er det utruleg viktig at me engasjerer oss, seier Brekke. SARA FINNE | tekst sf@avisa-hordaland.no Gjennom 4H får born og unge opplæring i naturbruk, jordog skogbruk, samt at dei skal bidra til ei positiv bygdeut- ...din lokale Vangen HÅPAR PÅ SAL: Direktør ved Park Hotel Vossevangen, Jan Bruse Andersen, og eigedomsmeklar i Proaktiv, Baste Bolstad, fortel at bygget i bakgrunnen skal rivast i løpet av februar neste år. – Ja, men dette er den beste tomta, den ligg midt på Vangen, men likevel skjerma mot støy. Dette er indrefileten på Vangen. Utsikta er mot Vangsvatnet, det er rikeleg med tilgang på sol og alt er nytt. Dette gjeld nokre av einingane. Dei fleste andre vil truleg gå for 3-4 millionar kro- «« ner, og me har einingar som byrjar på rundt 2,7 millionar kroner, men dei endelege prisane er ikkje spikra fast. No snakkar me om det me ser for oss som naturleg prisnivå. «Ingenting er lettselt» – Er de trygge på at de vil greia MATBUTIKK Tilboda gjeld torsdag, fredag, laurdag å selja 70 prosent, og dermed få realisert prosjektet? – Ja, me hadde ei god magekjensle for dette prosjektet. Ingenting er lettselt, men interessa for dette prosjektet er nok til stades. Når det er gode ting til sals, så betalar folk for det. – Og dette er gode ting? – Dette er gode ting! Me har enno ikkje teke til med lysingar eller marknadsføring, og me har allereie ti interessentar på lista. – Kven er i målgruppa for desse bustadene? – Det er litt forskjellig. Fleire av dei som har teke kontakt er godt vaksne som ynskjer å flytta frå einebustaden og ned mot sentrum. I motsetnad til ein einebustad med mykje pass, er ein slik bustad nærast sutlaus. Andre me har på lista er folk utanfrå Voss, som er meir på jakt etter ein fritidsbustad, fortel eigedomsmeklar Baste Bolstad. KARL YSTANES | tekst VIDAR HERRE | foto ky@avisa-hordaland.no Dette er indrefileten på Vangen. Utsikta er mot Vangsvatnet, det er rikeleg med tilgang på sol og alt er nytt. Dette gjeld nokre av einingane. BASTE BOLSTAD, EIGEDOMSMEKLAR Hakkasteik 36 450 g pr. kg 82,00 90 Kremostar, ass. 125 g, Tine, pr. kg 79,20 Blomkål pr. stk. 9 9 DyrdalA Mat S 90 90 Haugamoen sundagsope 11.00 - 18.00 Vangsgata Haugamoen Vangsgata 56 51 10 39 Haugamoen 56 51 17 95