Seljemagasin_nr 27b.qx_Layout 1
Transcription
Seljemagasin_nr 27b.qx_Layout 1
S PA T H A L A SS O - K LO ST E R - G A L L E R I - G O L F - V E ST K A P P - B ÅT L I V - S U R F - DY K K I N G SELJE MAGASIN Nr. 27 • September 2011 Innhaldsrikt program 2011/2012 YTTARST MOT STORHAVET I VEST Reiselyst... Lysta skapar verket... – sant nok i alle samanhengar. Det er lysta som gjer at vi etter 50 år i bransjen framleis gler oss til kvar einaste arbeidsdag i lag med glade gjestar og gode medarbeidarar. Ein meir lystbetont arbeidsplass skal ein leite lenge etter. Skaparlysta er ikkje å forakte. Det å ha reiselyst er eit teikn på vitalitet og god livsappetitt. Det er den draumen, veit du... Ta vare på draumane dine. Mange drøymer om å reise, det er viktig å ha noko å gle seg til og sjå fram i mot. Ta vare på ferie kjensla utover heile året. Selje Hotel har gode tilbod haust og vinter, noko som gjer at du får ekstra mykje ut av eit opphald hos oss. Her kan du ta vare på deg sjølv gjennom gode helsebringande behandlingar, god mat, fine turar, kulturopplevingar og eit eksotisk landskap ved Stadhavet. Frå svært mange stamgjester har vi gong på gong fått stadfesta at Selje er ein stad som kan kallast for ein moderne "Kur-stad",- ein rekreasjon stad for oppbyggande helse og energi. Oppbyggande helse er eit fint ord. Utgangspunktet er vår eiga helse, og gjennom gode haldningar, "kom i form"- aktivitetar og opplevingar i vakker natur og saman med hyggelege folk, stig energinivået og pågangsmotet. Hugs også at det er viktig med utskeiingar i kvardagen. "Forandring frydar", heiter det. Haust og vinterprogrammet til Selje Hotel byr på fest og moro med underhaldning på høgt nivå. Samarbeidet med Opera Nordfjord held fram - "Tryllefløyten" skal også våre gjester få oppleve. Vi kjøpte opp alle ledige plassar fredag 7.10 og selde dei ut straks. 20.11 reiser vi på nytt til Operahuset Nordfjord, 2 Selje magasin denne dagen for å oppleve Ellen Horn som UNDSET (Riksteateret), og ikkje nok med det, fredag 9.desember kan du bli med oss til Nordfjordeid med førjulskonserten "Hanne Krogh og tre tenorer". Ei julebordhelg på Selje Hotel er ein fin kombinasjon saman med slike kulturarrangement. Alexander Rybak kjem Store og små, gle dykk til festhelga 18.-21. november. Laurdag blir det konsert med Alexander Rybak, som saman med eit 10 tals lokale og profesjonelle musikarar innan klassisk- og popmusikk, vil gi dykk ein familiekonsert de seint vil gløyme. Kom fredag, nyt god mat og ein thalassobehandling, opplev Rybak i konsertrus laurdag, nyt det første julebordet laurdag kveld og bli med til Operahuset søndag. Gratulerer med dagen Aldri har så mange feira dagen sin i Selje som siste året.. Det er ei glede å sjå fleire generasjonar samlast til fest og glede. Ta kontakt og vi legg opp feiringa for deg. I dette magasinet finn du mange aktivitetar som skal gi deg lyst til å reise til Selje. Vi har ikkje fått med alt som skal skje framover, så følg med på www.seljehotel.no og fjesboka vår. Velkommen til oss. Gerd Kjellaug og Harald Berge Det der den draumen av Olav H. Hauge Det er den draumen me ber på at noko vedunderleg skal skje, at det må skjeat tidi skal opna seg at hjarta skal opna seg at dører skal opna seg at berget skal opna seg at kjeldor skal springaat draumen skal opna seg, at me ei morgonstund skal glida inn på ein våg me ikkje har visst um. Gratulerer med dagen. Bordet er dekka og vi ønskjer velkommen til fest! Velkommen til feiring på Selje Hotel Selje Hotel er eit intimt og koselig hotell som egnar seg særs godt til å feire dagen. Ingen markering er for liten til å bli feira. Dei små og store salane våre kan lett omformast til eit flott selskapslokale, alt etter eige ønskje. Hotellhagen og terrassane har gode kulissar som set sitt preg på ei feiring ved havet. Har du planar om å gifte deg, kan t.d. vigsla haldast på Selje kloster, i kyrkja, i hotellhagen eller på ei strand ute ved Stadhavet. Båt dåp, firmajubileum, ein 40 eller 80-års dag, – vi har god trening i å skape den rette ramma rundt arrangementet. Ta kontakt og vi legg opp festen for deg. Selje magasin 3 3 timars biltur sørover frå Ålesund, ca. ein time vestover frå Nordfjordeid, eller ein knapp 5 timars komfortabel båttur frå Bergen. Yttarst mot storhavet, langt frå byens stress og mas, finn du I hotellhagen kan du nyte utsikta mot havet og stranda. Selje Hotel I restauranten kan du nyte ein velsmakande 3 rettars middag i ein hyggeleg og avslappa atmosfære. Laurdag kveld serverer vi vanlegvis Selje Buffet med fokus på fisk og rettar frå havet i tillegg til nokre kjøtrettar. Frå korridoren i 1.etasje er det inngang til symjehall og til venteromet for thalasso-avdelinga. Dei velutdanna kokkane set si ære i å tilby mat basert på gode ingrediensar og lokale råvarer. Panakotta dessert er prikken over i-en, men karamellpuddingen med same oppskrift i 36 år,er mest populær. Hotellet er bygd i tre og rullestein og ligg vakkert til ved den 500 meter lange Seljesanden. 4 Selje magasin Margit Solberg planlegg sitt eige 25 års jubileum for opphald på Selje Hotel, samt feiring av 70 års dag i 2012. Langs naustrekkja ved kyrkja finn du spennande ting i fjøra. Sunnivasalen møte-, kurs- og festsal. Her finn du Sunnivagalleriet, bilete av alle måleri og skulpturar av St.Sunniva som er att frå mellomalderen her i landet. Salong v/resepsjonen. Måleria på veggen er av Kjell Stig Amdam. TV-salong med intimt miljø og måleri av Kjell Stig Amdam og to måleri av Vigdis Wåge. Kunstnarrom. Dei 4 kunstnarroma våre med stor veranda og god plass har namn etter kjende menn frå Selje, - Claus Frimann, Bernt Thunold, Julius Cæsar Hartmann og Isak Refsnes. De luxe rom med utsikt mot havet. (5 stk. i 3. etg.) Hotellrom i 1. etasje med utgang direkte til den store hotellhagen. Tregolv og tekstilar frå Designers Guild. Baderom de luxe-rom. Alle hotellroma har nyoppussa bad. Symjehallen har utgang til stor terrasse, utebad og til hotellhagen med trapp ned til badestranda. Venterom Spa/thalasso Hagestova er populær til småselskap og feiring av dag. Utgang til terrasse med uteservering. Spa-/thalassoavdelinga med 13 behandlingsrom og meir enn 40 ulike behandlingstilbod. Selje magasin 5 Informasjon Selje Hotel og omegn Herleg sandstrand på Hoddeviksanden. Foto: Terje Rakke/Nordic Life AS/Fjord Norway Nyttig informasjon Telefon: 57 85 88 80 Telefaks: 57 85 88 81 E-post: post@seljehotel.no Besøk også: www.seljehotel.no Akutt medisinsk naudhjelp, ring 113. Slik brukar du hotelltelefonen: Utgåande samtale: Slå 0 og deretter nummeret. Ring til eit anna rom: Slå nummeret til romet. Resepsjon/Romservice: 9 Spa Thalasso: 866 Sunnivasal: 886 Kjøken: 887 Avreise: Rommet er disponibelt til kl. 12.00 avreisedagen. For anna avtale, kontakt resepsjonen. Aviser: VG til sals i resepsjonen frå ca. kl. 13.30. Badetøy: til sals i minibutikken. Bading: Seljesanden, Erviksanden, Hoddeviksanden. Hotellets badebasseng. Badekåpe: Vi har badekåpe til leige. Kontakt resepsjonen. (inkludert for Spa Thalasso gjester) Servering/restaurant/måltider: Frukost: 07.30–10.00 (10.30 søndag) Lunsj: 13.00–15.00 Middag: 18.00–20.00 (middag) Dagens kaffi/kake (resepsjonen): Badesko/slippers: I thalassoavdelinga må det brukast slippers/badesko. Desse kan leigast eller kjøpast i resepsjonen. Atelier Amdam: Kontakt biletkunstnar Kjell Stig Amdam tel. 57 85 66 56, www.amdam-art.no Bar: Hemsen Bar/Dansesal er open frå kl. 21.00. Når baren er stengt, får du servering frå resepsjonen. 6 Selje magasin Barmen: Besøk øya Barmen. Fiske i fjellvatn. www.barmen.no Behandlingar: På Spa Thalasso tilbyr vi ei mengd gode, velgjerande behandlingar. Kontakt resepsjonen. Sjå eigen informasjon lenger bak i faldaren. BickBlikk: Eit interaktivt senter med galleri og fotoatelier, samt kurssenter. Thomas Bickhardt. Telefon: 952 17 592 www.bickfoto.no Biljard/lego/spel: Finn du i 1.etasje ved garderoben. Bilutleige: Kontakt resepsjonen. Branninstruks: Sjekk branninstruksen som heng på veggen på rommet ditt. Bagasjeoppbevaring: Ved resepsjonen. Butikk: Hotellet har minibutikk i thalassoavdelinga og ved resepsjonen. Gode kremar og alge-produkt for kropp og ansikt, toalett-artiklar, badetøy m.m. Ervik Kyrkje. Vestkapp. Foto: Terje Rakke/Nordic Life AS/Fjord Norway Fredagspub på Frimannsbua i vinterhalvåret. Resepsjonen og terapeutane hjelper deg med informasjon om dei velgjerande spesialprodukta våre frå Biomare og Thalgo. Keramikk, kunstartiklar, bøker og fotografi er fine ferdaminne å ta med heim. Badeliv om sommeren. Ytre Fure. Fiske: Med småbåt frå hotellet eller frå fiskeplassar langs kaiane. Fotturar: Fint turterreng med mange merkte stiar. Trappeløype frå hotellet til Risnakken. Drosje: Ring 57 85 64 86 Doktorgarden Selje: Kafe Claus, Galleri Salen, Butikken NokoAnna, Overnatting. Tel. 90186882, www.doktorgarden-selje.no Dykking: Vestkapp Ægir Dykkerklubb, tlf. 70 02 43 90/976 54 327, www.aegir.no Ervik: Sandstrand. Hovden turområde, Gamal kyrkjegard. Ervik Kyrkje/St. Svithunkapellet. Vegkyrkja er open i sesongen, tlf. 950 56 252. Handkle: Ta med handkle frå rommet til bassenget. Nye handkle kan du få i resepsjonen eller hos dei som steller romma. Hoddevik: Sandstrand. Surfing. Båtutleige: Kontakt resepsjonen. Dans: Husorkester spelar til dans.. Golf: Selje Golfklubb, tlf. 412 33 944. Frimannsbua: Fredagspub på Frimannsbua i vinterhalvåret. Fure: Idyllisk grend. Sti frå indre til ytre Fure. Hund: Du kan ta med deg hund til Selje Hotel, men ikkje inn i restauranten. Internett: Gjeste-PC til disposisjon. Galleri/utstillingar: Klosterutstilling + fotoutstilling av Sunnivaleia/Turistinformasjonen. Tlf. 57 85 66 06. Galleri Salen/Doktorgarden: sesongope. Tlf. 909 29 771 eller 918 65 634. Atelier Amdam: sesongope. Tlf. 57 85 65 65. Sunnivagalleriet/Sunnivsalen: Selje Hotel. Kreditt: Kreditt blir ikkje gitt utan at det er avtalt på førehand. Gammel Sjarm: Antikvitetshandel. Werner van den Branden, tlf. 971 67 141 www.gammelsjarm.no Minibar: Alle rom har minibar. Ver venleg å fylle ut minibarskjema og ta det med til resepsjonen når du sjekkar ut. Kredittkort: Hotellet aksepterer dei fleste kredittkort. Du kan ikkje ta ut kontantar på terminalen vår. Lege: Selje legekontor, tlf. 57 85 61 06/57 85 56 100. Selje magasin 7 Sagakonvoien klar til tur Selje-Bergen. Lek og undring på Selje Kloster. Foto: Terje Rakke/Nordic Life AS/Fjord Norway Fantastisk utsikt fra Vestkapp-platået. Foto: Terje Rakke/Nordic Life AS/Fjord Norway Naturguiding: Grete Solborg Fure. Tlf. 415 13 473. www.stadtnaturguiding.no Nødutgang: Du finn kart over nødutgangar på veggen på rommet ditt. Overvaking: Overvakingskamera er installert i garderobe/biljardrom, symjehall, utebadet og venterommet på thalassoavdelinga. Post: Postkasse i resepsjonen. Posten kjem og blir sendt kl. 10.30. Regntøy: Til utlån i resepsjonen. Romservice: Kontakt resepsjonen. Ekstra servicetillegg kr. 50.-. Prøv surfing i Hoddevik. Foto: Terje Rakke/Nordic Life AS/Fjord Norway Sagaboat: Produksjon i Selje, tlf. 57 858480, www.sagaboats.no Solarium: Mynt kan kjøpast i resepsjonen. Selja/Selje Kloster/Sunnivahola: Ingen kjem til klosteret utan å undre seg, og ingen reiser derifrå upåverka. Guida turar kvar dag i sesongen, elles for grupper og hotellgjester. Turistinformasjonen tlf. 57 85 66 06. www.seljekloster.com Teknisk informasjon: ISDN, Internet, PC - kontakt resepsjonen. SlowTour: Telefon: 950 23 668. bettinavick@slowtour.no Turistinformasjon: i sentrum. Tlf. 57 85 66 06. E-post: turistinfo@selje.kommune.no Strykejern: Kan lånast i resepsjonen. TV: Alle hotellrom har TV. Surfing: Eksotiske surfspots i Hoddevik og Ervik. Tlf. 57 85 69 44/930 91 439. www.stadsurfing.com Vekking: Kan bestillast i resepsjonen. Sykkelutleige: Kontakt resepsjonen. Trening: Treningsstudio med TechnoGym-apparat. Gratis for hotellgjester. Nøkkel i resepsjonen. Aldersgrense 16 år. Kr. 100.inkl. bading for gjester som ikkje bur på hotellet. Månadskort. 8 Selje magasin Telefaks/kopiering: Resepsjonen hjelper deg med dette. Symjebasseng/velværeavdeling/utebad: Avdelinga er open kl. 0700 – 2100. Badebasseng, trimrom, sauna. Infraraud terapi sauna. Utebad (38 grader) kr. 50,(per person) må bestillast i resepsjonen. Vestkapp/Stadlandet: Besøk Dragseidet, Hoddevik, Fure, Ervik, Vestkapp, Honningsvåg. Vestkapphuset tlf. 915 35 160/915 11 012. Verdisaker: Kan deponerast i resepsjonen. Åhjemsbuda: Utstilling av porselen, midt i sentrum. Prisliste Selje Hotel 1.9 2011 - 30.5 2012 Type Antall rom Enkeltrom dusj/bad Overnatting og frukost - pr. pers. Halvpensjon pr. pers pr. dag 2 døgn 5 døgn Weekend fre-søn halvpensjon pr.pers Weekend laur-søn halvpensjon pr.pers 975 1125 1100 2400 1325 1100 1250 1225 2650 1450 1200 1350 1325 2850 1550 9 650 800 775 1900 1000 20 850 1000 975 2300 1200 10 800 950 925 2200 1150 9 1050 1200 1175 2550 1400 Ekstraseng vaksen 500 650 625 1500 850 Ekstraseng barn under 10år 150 300 150 1 pers. 1. etg. mot VEG. Enkeltrom/dusj/bad 1 pers. 2. etg. mot SJØ/balkong. Enkeltrom/dusj/bad 2. etg. mot SJØ/balkong og 1. etg. mot SJØ/terrasse. Dobbeltrom dusj/bad 2 pers, 1. etg. mot VEG. Dobbeltrom dusj/bad 1. etg. mot SJØ/terrasse og 2. etg. mot SJØ/balkong Dobbeltrom dusj/bad 2 pers, 2. etg. mot VEG. De luxerom/kunstnarrom dusj/bad 3.etg. m/frukost Priseks: Gjeld pr. person. Weekend fredag-søndag inkl. halvpensjon/frukost/middag. Weekend laurdag – søndag inkl. frukost og middag. Barnemoderasjonar: 10 – 15 år. 50% reduksjon av pensjonsprisar, i ekstraseng. Born under 10 år kr. 150,- pr. barn pr. døgn i ekstraseng. Middag 10,- pr. år. MÅLTID: Type: Frukost (søndag 07.30 – 10.30) Lunsjrettar Lunsjbuffet (søndag) Midddag, 3 rettar Selje Buffet – (laurdag) Romservice Frukost Spisetider: kl. 07.30 – 10.00 kl. 13.00 – 14.00 kl. 13.00 – 15.00 kl. 18.00 – 20.00 (vinter) kl. 19.00 – 21.00 Prisar: Inkludert i rompris kr. kr. kr. kr. kr. 250,- (vinterpris inkl. bading) 325,350,50,100,- Kurs og møte med meirverdi Legg samlinga til Sunnivasalen, Hemsen eller Hagestova. Bruk pausane til aktivitet ved havet som gir energi og motivasjon. Legg inn i møteprogrammet ein kjapp tur opp trappeløypa til Risnakken der du har utsikt og stor takhøgde. Nedatt kan du gå gjennom ”Trollskogen”, og heile turen tek ein knapp halvtime. Be om inspirasjonsmenyen vår der vi stiller med gode kulturkrefter innan musikk, lyrikk, bilder, klosterhistorie, spa opplevingar og anna Seljerelatert program. Midtvekepris frå kr. 1350.- . Prisen er per person i enkeltrom og inkluderer møtelokale med utstyr, ein kaffipause, middag, frukost og lunsj. Selje magasin 9 Drømmen om å reise... Av Thomas Bickhardt, organisasjonspsykolog og Seljeentusiast Å reise på ferie har mennesker gjort i alle tidsepoker så lenge de grunnleggende livsbehov har vært dekket. Det har og blitt forsket en del på spørsmålet: ”Hvorfor reiser menneske egentlig på ferie? ” Det finnes selvsagt mange grunner til det. Jeg vil konkludere med at det finnes noen hovedtrekk i hvorfor mennesker reiser til et bestemt sted. 1. Den viktigste grunnen for det er, ifølge forskning, at mennesker har et sterkt ønske om å bekrefte sine ideer og bilder av et bestemt sted. Man reiser for å finne det man har i hodet fra før. Dette gjelder ikke bare selve stedet, men i stor grad også opplevelser og følelser. Derfor informerer den reisende seg på forhånd om reisemålet. Den positive opplevelsen ligger i det å få oppfylt sine forventninger. den balansen som gir både reisende fra den 1. og fra den 2. gruppen gode opplevelser. Gjennom trygge tilbud innen Klosteropplevelser/ kultur og helse har vertskapet gitt den første gruppen en så trygg ramme, at mange gjester har kommet igjen og igjen i mange år, siden disse får innfridd sine forventninger gang på gang. 2. En annen grunn, som virker helt motsatt til den første, er at mennesker ønsker å oppleve noe nytt. Den er merkelig nok mye mindre utbredt enn punkt nr. 1. Her ønsker den reisende en overraskelse. Opplevelsen ligger i det å bli positivt overrasket over noe nytt. Det forutsetter en mye mer åpen holdning. Mennesker som reiser på denne måten bruker ofte ikke å ta inn mange informasjoner om stedet de reiser til på forhånd. Så finnes det reisende som gjerne kombinerer disse to tilnærmingene Reisende som besøker Selje kommune har til en stor grad forventninger om det de vil oppleve på feriene sine. Dermed tilhøre de fleste gruppe 1. Her kan jeg spesielt nevne Klosteret på Selja, Vestkapp, surfing og helse/velværesenteret ved Selje Hotell. For klosteret og surfing gjelder det at disse to reisemålene er klart definert, og til en stor grad får gjestene oppfylt sine forventninger. Litt mer vanskelig er det med Vestkapp, siden mange reisende definerer Vestkapp gjennom Vestkapphuset. I over 25 år har Selje Hotell vært helt sentralt i reiselivsnæringen i Selje kommune. Vertskapet på hotellet har skapt nettopp 10 Selje magasin Vertskapet har i mange år klart å skape en unik balanse mellom det å tilby trygge opplevelser til dem som krever det, samtidig som de har brukt de frie ressursene til å utvikle nye opplevelser. Disse opplevelsene dekker et stort området som inkluderer fritidsaktiviteter og kulturopplevelser, helt opp til krevende tilbud innen helseturisme. Det siste delvis forbundet med tidkrevende forskning. Balansen som var beskrevet ligger i et spenningsfelt som kan beskrives med følgende begrep: Spenning – Avspenning (surfing – massasje) Aktivitet – Passivitet (fjellturer – ligge på sanden) Kropp – Sjel (trening – konserter) Velvære – læring (Spa Thalasso – kurs) Men vertskapet har også brukt veldig mye energi på å skape nye opplevelser som ikke bare trekker nye gjester, men som og gir gjestene som er ute etter det kjente, nye vinklinger på kjente opplevelser. Dette arbeidet er krevende både når det gjelder kreativitet, men også i et økonomisk perspektiv. Så har vertskapet bygget opp det første og eneste Spa Thalasso senteret i Norge. Dermed har de tatt på seg en stor risiko for å skape noe helt nytt, som ingen andre har. Utfordringen som ligger i denne type utvikling blir synlig hvis vi ser på de punktene som var beskrevet over. Som sagt er den største reisegruppen ute etter det kjente, og må dermed først bli kjent med et nytt produkt som Spa Thalasso. Gjestene på Selje Hotell kan velge sine aktiviteter fritt i dette spenningsfeltet og dermed skape en helt individuell ferieopplevelse. Nettopp her blir drømmen om å reise oppfylt. Vi mennesker er unike og vi vil bli behandlet individuelt. I Selje kan vi velge selv hvordan vi vil oppleve ferieoppholdet vårt, vi blir tatt på alvor som enkeltindivider, og vi har muligheten til å kombinere det vi vil oppleve i en optimal pakke. Denne posisjonen med Selje Hotell i spissen gir Selje kommune muligheten til å utvikle seg til et senter for moderne reiseliv som ivaretar drømmen om å reise. Kurs – møter 2011-2012 Ved å velje Selje Hotell som din neste kursdestinasjon får du ikkje kun møtelokale. Du får i tillegg muligheita til å motivere dine medarbeidarar gjennom natur og kultur samt behandlingar på vår populære spa/thalasso avdeling. Vi kan skreddarsy opplegg for deg og dine medarbeidarar, alt etter dine ønskjer og behov. Selje og Selje Hotell består av blant anna: • 49 rom • Sunnivasalen med plass til 90 i bordoppsett • Spa/thalasso + basseng/trening • Musikk og dans kvar kveld • Den blå timen/lokalt kulturprogram • Selje kloster/Stadlandet/Vestkapp • Trappeløype til fjells direkte frå hotellet Risnakken, på toppen av trappeløypa 15 min. tur frå hotellet. Pris: kr 1350,- per person per døgn i enkeltrom, inkl. full pensjon, ein kaffipause og møtelokale med utstyr. Det ville glede oss om du valte å ta turen til Selje neste gang du skal arrangere kurs/møter for di verksemd. Tørrfisk og lutefisk I Selje finn vi ein av landets største tørrfisk og lutefisk produsentar, Per Stave AS. Godt råstoff vert levert av den lokale kyst-og banklineflåten til anlegget på Stadlandet. Råstoffet blir så gjort til tørrfisk. Tørrfisk blir igjen vidareforedla til lutefisk. Mesteparten av tørrfisken sender vi til Sverige som råstoff for svenskprodusert lutefisk, fortel dagleg leiar Rune Stave. Finland er og interessert i tørrfisken vår. Resten av tørrfisken brukar vi til vår eigen lutefisk som er blitt svært populær i hotell-og restaurantbransjen. Det er likevel Norges gruppen som er den største enkelt kunden vår, fortel Rune. Norges gruppen sel lutefisken frå Stave med eigne etikettar. I Noreg brukar vi mest torsk til lutefisk, medan Sverige og Finland vil ha lange, seier Rune. Bacalao er god mat laga av klippfisk frå Per Stave AS. Kjøkensjef Geir på Selje Hotel er kjend for si gode bacalao oppskrift basert på Stavefisk. Lutefisken finn du sjølvsagt også m.a. på julebordet. ©seafood.no Selje magasin 11 Haust- og vinterprogram 2011-2012 30. sept. - 2. oktober: MAT for MONS: VILTHELG inkludert mannfolk-thalasso og Bjørn Inge Berge med m.a. Cornelis Vreswijk og Evert Thaube. Les meir om helga i ramme på høgre side. 3. - 7. september: “Sankta Sunniva og det heilage skrinet”. Sjå artikkel på side 26. 16. - 18. september: SPA/THALASSO HELG med 1 behandling inkl. i weekend-prisen. 4. - 6. november: Musical Cabaret og Kruttrøyk. Ei helg med høg latter - og musikk faktor. Opera Nordfjord: Tryllefløyten 3 døgn opphald, stor opera oppleving, thalasso behandlingar, god mat + godt reisefølgje. Vi har selt ut alle billettane til "Tryllefløyten", men er du rask så kan vi kanskje klare å skaffe nokre få ekstra. 7. - 10. oktober: Opera og thalasso langhelg. Bli med Olaug til Selje (tlf. 53 41 58 16) 15. oktober: Båtdåp Ervik Havfiske Ervik Havfiske døyper den nye "Frøyanes", verda største, mest moderne og det første nybygg med hermetikk fabrikk, tilrettelagd for lærlinger. Foto: Tonje Marie Aarflot Thalasso i vinterhalvåret Det gjer ekstra godt med eit besøk på Selje Spa Thalasso i vinterhalvåret. Det som skil oss frå andre spa er at vi brukar sjøvatn frå HAVET og sjøalgar i behandlingane våre. I Noreg er vi åleine om det. Vi gir store rabattar på 3. og 5 dg. thalasso pakke opphald på denne tida av året. Prisar og anna informasjon finn du på side 20-21 i dette magasinet. Sjå www.seljehotel for aktuelle spesialtilbod. 5 dg. thalassopakke: Spesialpris 30% rabatt 01.10.2011 - 30.10.2011 + 01.02.2012 - 30.04 2012 Halvpris = 50% rabatt: 01.11.2011 - 30.01.2012 3 dg. thalassopakke: Halvpris 50% rabatt 01.11.2011 - 30.01.2012 12 Selje magasin 18. - 21. november SUPER LANGHELG MED HØG KJENDISFAKTOR MAT FOR MONS 30. september - 2. oktober: VILTHELG inkludert mannfolk-thalasso og Bjørn Inge Berge med m.a. Cornelis Vreswijk og Evert Thaube • Familiekonsert med Alexander Rybak • JULEBORD • “Sigrid Undset” med Ellen Horn i Operahuset, Nordfjordeid Ta med deg mann din til Selje på vilthelg. Alle menn som sjekkar inn fredag og blir til søndag får ein gratis behandling inkludert i weekendprisen. JULEGÅVE Ring 57 85 88 80 og vi ordnar gåva for deg. Vakker og vill visesang under måltidet av Bjørn Inge. Foto: Tonje Marie Aarflot Varmt, rått og hot Marie Austrheim og Silje Aarflot byr på kabaret laurdag 5. november. Her blir det høg showfaktor, friske rytmar og musikalsong på både norsk og anna språk. Dei to kvinnene har sett saman ei kveldsførestilling der det vert gjenhøyr med mange kjente og kjære musikalmelodiar. Overalt har Marie og Silje fått strålande omtale. Og etter kabareten kan du velge mellom stordans på Teina til Kruttrøyk, eit av Noregs beste country/rock-band. (eigen inngangsbillett for alle på Teina), eller du kan fortsette på Hemsen til husets dansebandmusikk. 18. - 21. november: SUPER LANGHELG MED HØG KJENDISFAKTOR: Alexander Rybak - Julebord - Ellen Horn/Sigrid Undset: Laurdag kl. 15.00 og kl. 18.00: FAMILEKONSERT (2 like konsertar). Alexander Rybak, saman med eit 10-tals lokale og profesjonelle musikarar innan klassisk-og popmusikk, vil gi dykk ein konsert de seint vil gløyme. Kl. 20.00 står årets første JULEBORD dekka og de kan gle dykk til å frotse i god tradisjonsrik, heimelaga julemat. Kvelden blir avslutta med dans ut i dei små timar. Søndag 20.11: kl. 1900 i Operahuset, Nordfjordeid: Undset med Ellen Horn. Vi køyrer gjestane våre til Eid til teaterframsyninga med retur til Selje etterpå. Selje Hotel har sikra seg nokre billettar og arrangerer tur/retur Nordfjordeid. Selje magasin 13 Året 2012: Start året med intensjonane som er lagt inn i "Den gode sirkel", Selje Hotel sin mal for innhaldet i eit thalasso kur-opphald i Selje. Legg kurset og møtet til oss og du vil få ein god smakebit av sirkelen vår. Ta med deg familien til eit vinteropphald. Sjekk www.seljehotel.no KO ST H AL D Romjulsdans 1. juledag (merk dagen) på Hemsen. Musikk: Grand Prix Følg med oss på Facebook for Teinafestar m.m. R U LT KU GJEST MOSJON 9. - 11. desember: Hanne Krogh og 3 Tenorer/Operahuset + Julebordhelg Ei julebordhelg du vil gle deg til på førehand og gle deg over i lang tid etterpå. Du kjem til Selje fredag (eller møter oss på Nordfjordeid.) Kl. 17.00 reiser vi frå Selje til Operahuset Nordfjord der vi har reserverte plassar til kveldens store framsyning ”Hanne Krogh og 3 tenorer”. Vi er tilbake i Selje i 22.00 tida der varm suppe m.m. ventar. Laurdagen kan nyttast til herlige spabehandlingar og velværeaktivitetar, julehandel i Selje, ein fottur m.m. Kl. 19.00 står det store JULEBORDET dekka - gle dykk til ei matoppleving av dei sjeldne. Og så blir det sjølvsagt dans etterpå. Avgrensa plassar "Først til mølla” Hugs å bestille plass snarast og seinast 15. oktober. PSYKE, MOTIVERING OG MENTAL FORM OP AP PL K NS N KU NATUR TRIVSEL VELVERE LIVSKVALITET EV Laurdag 7. januar: NYTTÅRSSHOW Palmerevyen til Leikanger Mannskor er klar til å gleda oss med eit ellevilt knippe revynummer frå dei siste palmerevyane som går kvar påske inne i eplehagen på Leikanger i Sogn. Mannskoret starta opp med sine revytradisjonar ein januardag i 1960. Sidan den tid har dei spelt revy kvart år, og har vakse seg til å bli den mest tradisjonsrike fylkesrevyen i Sogn og Fjordane. IN G Helse for livet - ein draum frå havet Halv pris = 50% rabatt på 5. og 3 dg. thalassopakke i heile januar 2010. 5. - 10. januar kan du bli med Olaug til Selje på 5 dg. Thalasso- KUR opphald til halv pris. Olaug frå Stord er vår aller beste ambassadør med snart 20 år som reiseleiar til Selje for gjester frå Haugalandet, Bømlo, Stord og Bergenskanten. Start året saman med Olaug. Dei herlige behandlingane som er inkludert er helsebringande og slankande, maten er sunn og spennande og heile programmet er variert og morosamt med turar, kveldsunderhaldning og mykje hygge. KNALL god pris: kr. 5.500.- p.p. i dobbeltrom inkl. halvpensjon, Start året saman med Olaug i Selje. 14 Selje magasin alle behandlingar og anna program. Tillegg for enkeltrom og evt. lunsjrettar. Påmelding til Olaug Kvalvik. Nesjahaugen 12, 5411 Stord. Tel. 53415816, 411 44 127. Tips ektemake og born at dette er ei fin julegåve å gi... Leikanger Mannskor med ”Hada Hada” Laurdag 28. januar: Trekkspel seminar og Trekkspel/pianokonsert med Håvard Svendsrud og Jon Inge Sigerland. Verdsmeister i trekkspel Håvard Svendsrud oppfordrar trekkspelklubbar og alle trekkspelinteresserte til å melde seg på eit 3 – 5 timars seminar laurdag. Om kvelden blir det konsert med 2 herrar som stiller heilt i verdstoppen av ferdigheiter innan trekkspel og pianospel. Foto: www.norilds.no Mørkt ute, varmt inne... “Den blå timen” med musikk, lyrikk og humor. Opplev Selje i vinterprakt! Ekstra gode bornerabattar i skuleferien. Nyt vår spanske tapasbuffet laurdag 11. februar. Februar Personalsamling, kurs, møte. Februar er ei god tid for å samlast. I februar gir vi kurskundane våre gratis underhaldningsinnslag under festmiddagen. 1. - 4. mars: Bli med Olaug igjen til Selje. 3 dg. Thalssoprogram, ”Syng og Le” kveldar og godt humør frå start til slutt, lovar Olaug dykk. Påmelding til Olaug Kvalvik, tel. 53415816- 411 44 127. Laurdag 11. februar: TAPASKVELD med spansk inspirert underhaldning. 2. - 4. mars: Syng og Le-helg med Gunnar GP og Sigrid April: VÅR i Selje. Legg vårturen til Selje. Her kjem våren tidleg og dette er ei fin tid for utflukter til kulturperler og det eksotiske landskapet på Stadhalvøya. Be om eit 2 døgnopphald med standardprogram. Ta kontakt og vi legg opp programmet for deg og gruppa di. Vinterferie og skuleferie: Ekstra fine bornerabattar. 12. - 17. mars: Helseferie ved Havet 5 døgn med behandlingar, turopplegg, trening, kulturkveld, inspirasjon. 2. - 4. mars: SYNG OG LE-HELG med GUNNAR GP & SIGRID Mai: SOMMAR i Selje. Ver tidlig ute med sommarbestillinga. Syng og Le er både tittel på ein velkjent vals og på GP sitt radioserieprogram i NRK som vart ein stor publikumsuksess. Fredag spelar GP& Sigrid til dans, laurdag blir det Syng og Le Show der artistparet har plukka ut humoristiske songar og viser. Konserten er krydra med morosame vitsar og skrøner, slik GP ofte gjorde hos Skoglund i Rorbua “Du skal høre mye.” Dansemusikk til GP & Sigrid laurdag kveld også. Er du glad i humor og likar å svinge deg til gladmusikk, er dette helga for deg. Selje magasin 15 Tekst og foto: Anne-Mari Tomasgard Vurderer framtida til Selje Hotel Etter 50 år i reiselivet og 36 år som vertskap ved Selje Hotel, vurderer Gerd Kjellaug og Harald Berge å selje eller leige ut hotellet. Reiseliv. – Alderen er der, men lysta til å gi seg er der ikkje. Vi er i prosess for å finne framtida til Selje Hotell, seier Gerd Kjellaug og Harald Berge. Begge har nådd pensjonsalderen, og dei planlegg no pensjonstilværet der livsverket blir ført vidare av andre. Brukar tid. Det er mange hotell til sals for tida, og hotellparet sonderer interessa utan at dei enno har gått ut på den opne marknaden. – Vi vil bruke den tida som er nødvendig for å sikre vidare hotelldrift i Selje. Hotelldrifta er livsstilen vår, og vi vil ikkje forhaste oss, seier dei to som rundar 70 om vel eitt og to år. Oljehyre. Selje Hotel opna sommaren 1975. Ekteparet Berge kom til «hotellet ved storhavet» i februar året etter. Då hadde dei drive Seljestad hotell i tre år, eit hotell HOTELLPAR. Gerd Kjellaug og Harald Berge synest Selje er flottaste plassen på jord. Her ved Seljesanden og med utsikt til Stadhavet har dei drive hotell i snart 36 år. No er dei på jakt etter nokon som kan føre livsverket vidare. 16 Selje magasin som fort blei fylt opp med bussgrupper som ville sjå Hardanger. Det var heilt andre vilkår for reiselivet på den vêrharde kysten av Nordfjord. – Å begynne her utan ein einaste ordre i boka, var utfordrande, minnest Gerd Kjellaug. Dei bestemte seg med ein gong for at dei ikkje skulle kopiere Seljestad eller andre hotell. – Vi måtte finne det spesielle ved Selje. Og det er storm ved Stad og 1000 års historie, seier Gerd Kjellaug og minnest at dei kjøpte oljehyre til gjestene og marknadsførte styggevêret. Slikt blei lagt merke til i riksmedia. Dei bestemte også fort ein standard for korleis dei ville ha hotellet. Det skulle ikkje vere luksus, men kvalitet, med heimekoseleg atomsfære og lett tone. Stopp på turen. Det unge paret frå Sogn dreiv hotellet for familien Drageset dei første åra. Sidan 1983 har dei eigd det. – Vi hadde ikkje tenkt å bli verande her, og såg det som eit stopp på turen vidare. Men då vi fekk tilbod om anna, protesterte ungane, fortel Harald. Verken han eller Gerd Kjellaug har likevel angra på at dei blei verande i Selje. Dei to døtrene har seinare valt å etablere seg andre stader. Begge har teke reiselivsutdanning, men har bestemt seg for ikkje å ta over hotelldrifta etter foreldra. Difor vil hotellet snart anten bli seld eller leigd vekk. – Selje har alt eit moderne menneske treng av påfyll i kvardagen, meiner Gerd Kjellaug og Harald. Dei elskar Seljenaturen, kulturlandskapet, lyset, havet, kulturminna -og, dei er heilt sikre på at med det rette vertskapet, så har Selje Hotel ei stor, lys framtid. Vinterope. I alle år har Gerd Kjellaug og Harald lagt vekt på at hotellet skal vere heilårsope, sjølv om drifta i vintermånadene går med tap. – For oss har det vore viktig å ha god likviditet, og så lenge vi har kunna betalt alle forpliktingane våre, har vi forsvart overfor oss sjølve å ha eit heilårsope hotell, seier dei. Dei vil ha lys i vindauga, gi eit tilbod til bygda og ikkje minst handlar det om å ta vare på tilsette gjennom heile året. 2011 har vore ein travel, men normal turistsesong. Trass hektisk aktivitet, har arbeidet likevel vore svært lystprega for vertskapet. – Og no skal vi over i underhaldningsbransjen, smiler dei. For når sommarferien er over, blir hotellet også kulturhus. Hanne Krogh og Alexander Rybak er berre noko av det som står på programmet hausten 2011. Thalasso. Hotellet var tidleg ute og satsa på kombinasjonen helse, natur, kultur og velvære. Dei er framleis einaste tilbodet i Skandinavia med Thalassoterapi. Til denne behandlinga hentar dei sjøvatn direkte frå Stadhavet. – Dette har vore med og bidrege til at vi har kunne hatt heilårsope. Det er nesten naturstridig at vi har hatt ope i januar og februar, men vi har aldri stengt, seier Gerd Kjellaug. Sjølv om andre snart må ta over, manglar Gerd Kjellaug og Harald ikkje idear for vidare utvikling av hotellet. Dei har teikningar klare for både eit Kystbad Selje og panoramasalong. Dei tenkjer at hotellet i framtida må bli endå meir havrelatert. Endra samfunn. Tidlegare dreiv hotellet sjøsportsenter med utleige av seglbrett, vasski og robåtar. No er det ikkje nokon som spør etter slikt lenger. Hotellet arrangerte fiskekonkurransar og hadde naust med sløyebenk og djupfrysar. Dette er vekke som hotellet sitt tilbod i dag. Fisketuristar bur i rorbu. Lokalsamfunnet har også endra seg på andre måtar. Til dømes er det mindre aktivitet i industrien enn det var før. Framleis opplever dei at hotellet er bygda si storstove, men folk har fått fleire alternativ for å arrangere samkomer. Engasjert. Gerd Kjellaug har i fleire tiår vore engasjert også i samfunnslivet utanfor hotellet. Mellom anna har ho vore visepresident og president i Norsk Hotell og Restaurantforbund og visepresident i NHO. – Verva har vore viktige for henne. Når vi har budd på ein liten plass, så har det vore viktig å kome ut og vere med i det som skje utanom hotellet og det som skjer i bygda, seier Harald. – Det er interessant å bu på ein liten plass og få overordna perspektiv på utfordringane, skyt Gerd Kjellaug til. Etter fem år som flyvertinne i SAS fekk ho sett heile verda. Og verva i NHO førte dei begge til generalforsamling i FN to gonger. Første gongen var 186 nasjonar samla, og på same dagen snakka både Clinton, Jeltsin og Godal. Neste gong fekk dei høyre både Bush, Kofi Annan og Bondevik. – Tema var globalisering, og det er interessant og nyttig å lyfte blikket og sjå kva vi kan bidra med i eit lokalsamfunn for å få ei god verd. Litt av drivkrafta våre er at vi ser at det vi driv med i Selje har litt betydning. Ein må finne inspirasjon andre stader når ein driv hotell. Det er einsamt å vere den kreative, seier Gerd Kjellaug. reform og rekreasjon/rehabilitering. – Viss vi kunne få til denne kombinasjonen, må det offentlege gå i bresjen og ikkje motsett. Elles blir vi berre skulda for å vere kommersielle, seier ho. Patriotar. Sogningane Gerd Kjellaug og Harald Berge blei fort skikkelege Seljepatriotar. Den dagen andre tek over hotellet, er planen likevel å flytte til Sogndal. Dei vil behalde huset sitt i Selje, men i Sogndal ventar eit gammalt, flott og stort hus etter Harald si bestemor som var kunstnar. Dette huset vil dei no bruke meir tid på. Og så vil dei reise endå meir enn dei har gjort og bruke tid på barnebarn i Sogndal og på Sørlandet. – Vi blir ikkje arbeidsledige og skal ikkje kjede oss, seier hotellparet som planlegg å tre av etter over ein mannsalder som sentral reiselivsaktør i ytre Nordfjord. Samhandling. Det er utfordrande å drive hotell på bygda i Norge, med kort turistsesong. Både Selje Hotel og andre bygdehotell har mykje ledig kapasitet i store deler av året. Ein av Gerd Kjellaug sine visjonar er at det bør vere meir samhandling mellom hotell og kommunar innan dagens utfordringar, som folkehelse, samhandlings- Selje magasin 17 Stadt Naturguiding tilbyr turar i vill og vakker natur på Stadtlandet og i Selje Av Grete Solberg Fure, journalist Solfrid Vartdal og fotograf June Johansen Eg har bestemte turopplegg, men tilpassar til veret og dei ulike kundane. Undervegs får du også høyre historiene frå stadane vi går. Eg har budd størstedelen av livet på Stadlandet, og kjenner både naturen og historia her. Å ferdast i naturen har alltid vore viktig for meg, og Stadt har utruleg mykje å tilby året rundt. Dei raske verskiftingane er noko av det som fasinerar. Det eg og set stor pris på er den korte avstanden frå fjøre til fjell. Det gjer dei flotte fjella våre lett tilgjengeleg, og passar for folk flest. Du når opp og har ei fantastisk utsikt på kort tid, og kan vandre kort eller langt, på eit nydeleg teppe av mose og lyng. Eller ta ein spennande tur langs fjøra, som t.d. til Ytre Fure der eg stammar i frå. Eit område på sørsida av Stadthalvøya, bl.a. Hoddevik, er utpeika som eit av 20 mest verdifulle kuturlandskap i Norge. Det vil sei at det er lite berørt av moderne inngrep, og gjer det ekstra spennande å ferdast der. I tillegg har vi ei dramatisk og spennande historie t.d. på Dragseidet, Selje kloster, Ervik og fleire, desse får du høyre undervegs. Eksempel på turopplegg er Gamle Kyrkjevegen frå Stadt til Selje, eller frå Indre til Ytre Fure, men det finnst mange andre alternativ. Du kan og få ein rein biltur, eller ein kombinasjon med vandring. Omtale og bilde av turane finn du på www.stadtnaturguiding.no og www.facebook.com/Stadt-Naturguiding 18 Selje magasin Heilårsdrift og lokalt samarbeid Stadt Naturguiding satsar på heilårsdrift, ikkje berre på sommarsesongen. Å oppleve ein vakker solskinsdag eller å sjå stormbyene komme drivande inn frå havet, begge deler kan vere ei utruleg flott oppleving, det er berre å spele på lag med naturen, og legge opp turane etter det. Eg sluttar ikkje å bli fasinert av alt det vakre og unike vi har rundt oss, så eg syns det er kjekt å få dele dette med andre. Turane vert alltid tilpassa til veret, og tilrettelagt at ein kan ta nistepause innandørs når det er behov. Eg samarbeider også med lokale bedrifter på bl.a.mat og overnatting, og har hatt eit veldig godt samarbeid med Selje hotell, bl.a. i Helseferieprosjektet. Foto: Terje Rakke/Nordic Life AS/Fjord Norway Brusande balsam for kropp og sjel - vest ved havet Selje Spa Thalasso Velkommen til Selje Spa Thalasso. Thalassoterapi er ei av verdas mest naturlege og effektive anti-stress behandling og er heilt kompatibel med den menneskelege organismen. Behandlinga er basert på sjøvassbad oppvarma til ca. 33- 35 grader. Huda absorberer ulike element som finns i overflod i sjøvatn, som jod, svovel, kalsium og magnesium. Desse elementa veg opp mot mangelen av salt og mineral forårsaka av stress og trøttheit i kroppen og bidreg til å få til ei rask betring av nervøse plager. Thalassoterapi er ikkje berre anbefalt for stress-relaterte plager, men bidreg også til å forebygge og gir lindring for alle type smerte relatert til revmatisme, leddgikt og forholdet mellom bein og musklar. Behandlingar med thalassoterapi er også anbefalt for luftvegssjukdommar, hudpleie, og ikkje minst for alle som vil investere i velvære og er oppteken av å halde seg slank og i god form. Thalassoterapi er balsam for heile sanseapparatet, og etter to timar med algeterapi, bølgjemassasje, saltvassbobler og høgtrykkspyling er kroppen fullstendig nullstilt; velværet breier seg frå isse til tær... Hugs å slappe av etter ei behandling, bruk gjerne kvileromet vårt. Behandlingar og prisliste 2011/2012: THALGO HUDPLEIE: Alle behandlingane inkluderer reins, peeling og massasje. Mini hudpleie Reins, peeling, maske, krem. 30 min . . . . . . . . . . . . .kr. 675.- Djup reins for ansikt Gir rein og klar hud med individuell maske. 55 min . . . . . . . . . . . .kr. 775.- Forming av bryn . . . .kr. 250.- Spesial fuktigheitsbehandling Intensiv fuktbehandling for tørr hud. (virkar straks) 70 min . . . . . . . . . . . .kr. 975,- Farging av vipper eller bryn . . . . . . . . . .kr. 250.- Cold marinemaske (super for roseacea) Svært roande og kjølande behandling for sensitiv hud. 70 min . . . . . . . . . . . .kr. 975,Askepottbehandling Fuktigheitsgivande collagenbehandling, poresamantrekkjande. Veldig bra før makeup. 70 min . . . . . . . . . . . .kr. 1075.Antirynkebehandling Svært god behandling for å motverke rynker. Linjene fyller vi opp med strips av hyaluronsyre. (umiddelbart resultat) 80 min . . . . . . . . . . . .kr. 1075.- 20 Selje magasin Farging av vipper og bryn inkl. forming . . . . . . . .kr. 495.- Voksing av legger, lår og bikinilinjer . . . . . .kr. 850.Voksing av overleppe kr. 195.Voksing av hake . . . .kr. 150.Voksing av legger eller lår . . . . . . . . . . . .kr. 425.Mjuke hender Peeling, parafinvoks, massasje 25 min . . . . . . . . . . . .kr. 450.Mjuke føter Fotbad, peeling, parafinvoks, massasje 30 min . . . . . . . . . . . .kr. 500.- THALASSOBEHANDLINGAR: Alle behandlingane går ut på å kvitte seg med avfallsstoff, og ta opp nye mineral. Vi brukar oppvarma sjøvatn og algeprodukt av høg kvalitet. Standard Thalasso - Thalasso/hydroterapibad - Stimulerande kroppsspyling - Avslappande algeinnpakning - Avsluttande massasje 120 min . . . . . . . . . . .kr. 1650.Thalasso med kroppsskrubb Thalasso/hydroterapibad, kroppspeeling, algeinnpakning, massasje. 120 min . . . . . . . . . . .kr. 1700.Sunn slanking, Selje Biomare Sauna, algaskin, kvile, te, kroppspeeling, utrensande algeinnpakning, anticellulittmassasje. 110 min . . . . . . . . . . .kr. 1500.Mini Thalasso - Thalasso/hydroterapibad. - Algeinnpakning m/rosemaske. - Algeolje 60 min . . . . . . . . . . . .kr. 850.- Thalgomince Thalgo sin nye anticellulitt og oppstrammande behandling. Kroppsbehandling, cellulittmassasje, gummimaske 90 min . . . . . . . . . . . .kr. 1195.6 behandlingar . . . . . .kr. 4900,(inkl. fri bruk av basseng, infraraud sauna, trimrom) ENKLE BEHANDLINGAR: Thalasso/hydroterapibad 25 min . . . . . . . . . . . .kr. 420.Dusjjet 15 min . . . . . . . . . . . .kr. 385.Algeinnpakning 25 min . . . . . . . . . . . .kr. 400.Dusjaffusjon 25 min . . . . . . . . . . . .kr. 550.Kroppspeeling 25 min . . . . . . . . . . . .kr. 480.Steambad og/eller infraraud badstove/kvile 45 min . . . . . . . . . . . .kr. 350.- Behandlingspakkar Selje Spa Thalasso Alle pakkeprisane inkluderer opphald i gode rom med badekåpe og frukt, 1/2 pensjon (frukost og middag), fri bruk av velværeaktivitetar som utebad, basseng, treningsrom, sauna. Andre behandlingar kan evt. bestillast ekstra - sjå prisliste. NB! Bestill før du kjem. Ver merksam på at lunsj ikke er inkludert. 3 dg. thalassopakke 2011 - 2012: Thalassobad/hydroterapibad + dusjspyling + algeinnpakning + massasje Steambad/kvile + Minihudpleie + Mjuke hender (Desse behandlingane blir fordelt på 2 dagar) • Kr. 5.000.- (midtveke) pr. pers. i dobbeltrom. Tillegg for enkeltrom kr. 450,-. • Kr. 5.700.- (helg/tors-sønd) pr. pers. i dobbeltrom. Tillegg for enkeltrom kr. 450,-. 50 % RABATT: Periode: 01.11.2011 - 30.01.2012: • Kr. 2.500.- (Midtveke) pr. pers. i dobbeltrom. Tillegg for enkeltrom kr. 450,-. • Kr. 2.850.- (helg/tors-sønd) pr. pers. i dobbeltrom. Tillegg for enkeltrom kr. 450,-. 5 dg. thalassopakke 2011 - 2012: Dag 1: Thalassobad/hydroterapibad + dusjspyling + algeinnpakning Dag 2: Thalassobad/hydroterapibad + dusj affusjon + kalde algar Dag 3: Thalassobad/hydroterapibad + sauna + plastpakning + mjuke føter Dag 4: Thalassobad/hydroteraspibad + algeinnpakning + massasje • Kr. 11.000.- pr. pers. i dobbeltrom. Tillegg for enkeltrom kr. 750,-. SPESIALPRIS 30% RABATT: 01.10.2011 - 30.10.2011 + 01.02.2012 - 30.04.2012 • Kr. 7.700.- pr. pers. i dobbeltrom. Tillegg for enkeltrom kr. 750,-. Viktig å vite Behandlingane tek ein på eige ansvar: Vi ber deg informere oss ved bestilling om evt. graviditet, høgt eller lågt blodtrykk, kreft, svakt hjerte og bruk av spesielle medisinar. Timebestilling: Bestill time i god tid før du kjem. Vi anbefaler at du set av tid til å nyte velværeavdelinga før ei spa thalassobehandling. Etter behandlinga bør du sette av tid til å slappe godt av. Avbestilling: 50 % RABATT: Periode: 01.11.2011 - 30.01.2012: • Kr. 5.500.- pr. pers. i dobbeltrom. Tillegg for enkeltrom kr. 750,-. Prisliste Selje Spa Thalasso: MASSASJE: Kroppsmassasje m/algeolje 25 min . . . . . . . . .kr. 495.-. Kroppsmassasje 55 min Massasje med algeolje. 55 min . . . . . . . . .kr. 795.Ayurvedamassasje - Rytmisk massasje med lange strykingar og oppvarma olje. 90 min . . . . . . . . .kr.1200.- Fotsoneterapi 55 min . . . . . . . . .kr. 795.Kopping/massasje 55 min . . . . . . . . .kr. 795.Dusjaffusjon - Manuell massasje samtidig som 5 strålar sjøvatn bearbeider kroppen. 25 min . . . . . . . . .kr. 550.- Avbestilling må skje minst 24 timar før behandlinga skal starte. Ved seinare avbestilling belastar vi deg med 75% av beløpet for behandlinga. Gåvekort: Innerlifemassasje Djup avspenning. Behandlinga er spesielt god for dei som er slitne og har kroppssmerter. Passar også godt for gravide. 60 min . . . . . . . . .kr. 875.- Kontakt resepsjonen som ordnar den personlege gåva for deg. For gjester som ikkje er på thalassoopphald: Utebad 37 grader, 2 personar . . . . . . . . . . . .kr. 100.Slippers/badesko . . . . . . .kr. 100.Leige av badekåpe . . . . . .kr. 75,- Selje magasin 21 Produkt Alagaform CAMA 2: Muskel- og leddproblem. Spenningsstress. Revmatisme. Algare aminosyrer, betakaroten, fytohormon, jern, magnesium, naturleg vitamin, oligo-element. Pris kr. 450,-. ALAGASKINN KROPP: Reinsar og tilfører næring/ mineral. Antiseptisk. Hjelper mot arr og merke i huda. Hjelper mot cellulitt. Enzym, 8 essensielle oljar, bivoks, naturlege oljar. Pris kr. 350,-. CAMA 4: Tunge bein. Gikt. Cellulittar. Sirkulasjonsfremjande. 8 essensielle oljar, kamfer, eukaluptus, planteestrakt, jernkarbonat, biokarbonat. Pris kr. 450,-. AQUALAGA 1 og 2: Reinsar kroppen. Fører til god form og vitalitet. Konsentrert sjøvatn og algar, magnesium, jern, sink og oligo-element. 4-5 dropar i eit glas vatn kvar morgon. Pris kr. 220,-. Alagaform produkta er laga av element frå naturen; sjø, sol, tang og tare. Desse produkta hjelper oss til å halde oss unge og i god form og har ein antistressverknad. I laboratoriet blir tang og tare frysetørka, så blir det vakuum-pakka inntil det blir brukt. Alagaforme brukar spesial-leire for å bevare dei aktive algane på ein 100% naturleg måte. Bruk produkta heime etter ein thalassokur. ALAGAMASK: Tilfører fuktigheit og næring til ansikt og hals. Enzym, vitamin, jern, mineral, leire, bivoks. Pris kr. 400,-/250,-. HYDRALAGA VISAGE: Dagleg hudpleie, motverkar rynker. Beskyttar mot sola, gjev fuktigheit og næring til ansiktet. Algeekstrakt, keratin frå ull, næringssalt, Oligoelement, naturlege oljar. Pris kr. 325,-. HYDRALAGA Body oil H.M.2 Eucaluptus, kastanje, karoten, oljar. Pris kr. 375,-. HYDRALAGA Masasje olje H.M.1 8 essensielle oljar, eucaluptus, hestekastanje. Pris kr. 375,-. ALAGASERUM: Ha i badekaret og nyt eit bad i 20-30 minutt. Magnesium, oligo-element, næringssalt. Pris. kr. 220,-. CARTAGO SÅPE: Algar, olivenolje. Pris kr. 100,-. ALAGA GEL G4: Godt for vonde musklar og ledd. Hjelper mot tunge bein, sirkulasjonsfremjande. Oligo-element, næringssalt. 7 essensielle oljar. Kamfer, kastanje, kamomille. Pris kr. 355,-. ALAGA SJAMPO: Algar, næringssalt, oligoelement, jern, magnesium, sink, essensielle oljar. Pris kr. 250,- Thalgo produkt I ansiktsbehandlingane våre brukar vi produkt frå Thalgo Cosmetic. Thalgo har spesialisert seg på bruk av havets ingrediensar i alle produkt for behandlingar og til heimebruk. Havet har vore kjelde til sunnheit og velvære sidan tidenes morgon; la havets ingrediensar ta vare på huda og helsa di! Valet står mellom fleire ulike ansiktsbehandlingar; og behandlingane kan du fortsette med heime. Vi har eit stort og variert utval av produkt tilpassa dei fleste hudtypar og behov. Her på Selje Hotel gir vi deg starten og inspirasjonen; det er heime i det daglige resultata kjem. La oss gi deg råd vidare; for ei sunn og frisk hud og betre helse – lykke til ! 6740 Selje • Tlf. 57 85 88 80 • Fax 57 85 88 81 post@seljehotel.no • www.seljehotel.no 22 Selje magasin Valet For ti år sidan var eg fysisk og mental ein sliten mann. Ryggen byrja å svikte. Berre det å røyse seg frå stolen tok pinlig lang tid, for ikkje å snakke om grimasene eg måtte prøve å svelge. Åresvis med rovdrift byrja å sette spor. Hadde eg gløymt å lytte til kroppen? Hadde eg gløymt å lytte til den finstemte indre stemma som kan vere vanskeleg å høyre i all verdas mas og støy? Hasta eg avgarde på tredemølla mot ei sikker grav som om eg var redd for å kome for seint? Hadde eg i det minste tatt meg tid til å vurdere om eg var på rett veg? Kva med håp og draumar, den sterke elden som det no knapt var blårøyk igjen av. Spiren til eit nytt og anna liv kom opp av aska. Valet blei tatt og etter eit par år tenking og avikling kunne eg ta farvel med Bergen og forretningslivet, 30 år som unekteleg har gitt meg mykje og som kan sjåast tilbake på med takksemd. Allikevel: No skulle det nye livet levast, Lyset over Selja tok i mot meg når eg kom over Manseidfjellet og såg utover mot den storslåtte horisonten. Plassen der eg vaks opp og har mine røter skulle igjen vere mine kullissar. Her skulle eg ta fram mitt innerste, her skulle eg sleppe fri og dyrke spiren som eg alltid har båret med meg, men som aldri før hadde fått skikkelige kår for bløming. Björn Inge Berge & Universet: RUSLETUR BAK TID OG ROM Releasedato: 19. august 2011 BIB records/ Musikkoperatørene as Her skulle eg ta fram musikken og tekstskrivinga. Her skulle eg få oppleve inspirasjonen og ta den til meg som eit barn ved sin moders bryst. Når storbåra slår mot ei uthuling i fjellsida og får paukene i filarmonien til å høyre ut som plastleiketøy. Når ein kjenner suget frå storhavet, høyrer bruset av båra som kjerteiknar ei sandstrand ei sommarnatt. Eller som min gode nabo sa det: Når vi ankrar opp på klostervågen 2000 år attende i tid. Når eg nyt god mat og drikke blandt vener, ruslar ut på balkongen mot vest ei desembernatt, ser på stjernene og undrast over den enorme takhøgda. Bjørn Inge Berge er mannen som selde hus og firma i Bergen og flytta på landet til Selje for å vie seg til tekst- og musikkskriving på heiltid. Denne endringa av livsstil bar frukter; "Rusletur bak tid og rom" framstår som fragment av eit levd liv, ein moden og vakker debut. Varme, nære tekstar og ei musikalsk allsidigheit som svingar frå rap til hardingfele utan å miste tråden. I skrivande stund, 19. august 2011, blir mitt CD-album "Rusletur bak tid og rom" sendt ut frå "Musikkoperatørene" sitt lager for å distribuerast. Om " Rusletur bak tid og rom" blir ein økonomisk suksess veit eg ikkje, men det er ikkje det viktigaste. Når eg legg meg om kvelden, så gjer eg det med smil om munn. Når eg lettbeint sprett opp av senga om morgonen så veit eg at det har vore ein rusletur bak tid og rom. At eg i dag, 10 år etterpå er 10 år yngre enn eg var for 10 år sidan. Jau... "Valet" var rett. Musikarane i "Universet" skapar vare stemningar inspirert av latino og folk- og powerpop. Radiosingelen "Komme det som komme må" gjekk i mars 2011 rett inn på andre plass på NRK SFJ Fylkestoppen, berre to poeng bak "Eva & The Heartmaker" . BIB & Universet har i alle avstemningar fått klart flest stemmer frå folkejurien. Musikarane i ”Universet” består av: Bjørn Inge Berge- Gitar, vokal Helge Nyheim - Trommer, vokal • Bjarte Aasmul - Gitar, lapsteel, bouzouki Daniel Hauge - Tangenter • Geir Stønjum - Bass Selje magasin 23 “Sanct Svithuns gåte” – krigsgåte i ny krimbok Rune Timberlid frå Sogndal i Sogn, no busett i Førde, har lagt hendinga i si nye krimbok til Selje. Politihelten Rolf Randen har denne gongen fordjupa seg i hurtigruta "Sanct Svithun" som blei bomba utanfor Ervik i 1943. Timeberlid brukar alltid Sogn og Fjordane som kulisse i bøkene sine, og denne gongen har han valt Selje kommune som hendingsplass. Forfattaren er inspirert av den mektige Seljenaturen, kontrastane i vêret ute ved storhavet og i historia og mystikken på klosterøya Selja. For meg er det få ting som gjer større naturinntrykk enn å kome til Selje, og no har eg endeleg klkart å få bruke dette landskapet i ei av bøkene mine, seier Timberlid. Dramatikken rundt "Sanct Svithun" ulukka 30. september 1943 der bygdefolk gjorde ein dramatisk redningsaksjon ved å ro ut på Stadhavet i stiv kuling for å redde passasjerar, har gjort sterkt inntrykk på Timberlid. Mange vart redda denne natta, men det var også mange som omkom. Boka som er gitt ut på Samlaget og er sjette boka i serien om Randen, er ei blanding av fiksjon og fakta, men dei historiske opplysningane i boka er korrekte, fortel Timberlid. Selje kloster, Sunnivahola, Sildagapet, Vestkapp og til og med hotellet er nemt i boka. Politihelten Rof Randen er i sentrum av eit storslege drama som har greiningar til Stalins Gulag-leirar, andre verdskrig og den spanske armada - og bak ligg den mektige naturen i Selje og spelar med. 24 Selje magasin Selje - vest ved havet 2110,2334,- Midtveke kr Helg kr • Ekspressbåt Bergen – Selje, tur-retur • To overnattingar i dobbeltrom på Selje Hotel • Frukost begge dagar • Tillegg for helg/høgtid • Rabatt for barn Ta kontakt for prisar og nærare opplysningar om aktivitetar og spa/thalassoprisar (Gjeld til 30.04.2012) Tlf. 57 85 88 80 www.seljehotel.no post@seljehotel.no Skjorter, bluser og antrekk for uniforms- og profilmarkedet Skjønnhet fra havet Ansikts- og kroppsbehandlinger for enhver hudtype basert på algers fantastiske virkning på oss mennesker. UNIFORMPARTNER, avd. SELJE 6740 Selje • Tlf. 57 85 92 00 • www.selje.com Selje magasin 25 Sankta Sunniva sitt år September 2011 - september 2012 I Norge er det 3703 jenter som heiter Sunniva, vi har Sunniva juice og Sunniva klinikk. 8. juli er namnedag for Sunniva, Synnøve og Synne. I Selje finn ein mange spor etter Sunniva. På Selje Hotell finn du Sunnivasalen med ei permanent utstilling om Sta. Sunniva. Ute på Selja kan du oppsøke Sunnivahola der dramaet i Sunnivalegenda utspelte seg. Kvart år vert det feira Seljumannamesse i juli til minne om Sunniva og Seljumennene. Barnehageborn i Selje feirar Sunniva kvar haust og alle 7. klassingar i Selje og Vanylven har Sunniva, kloster og helgenanlegget på Selja på skuleplanen. Likevel er opphavet til Sunniva-bruken, Sankta Sunniva, no ukjend for mange på Vestlandet. Tidlegare tider æra dei henne som sin vernehelgen. Kven var Sankta Sunniva? Kvar kom ho i frå og kvifor blei ho bergensarane, vestlendingane og dei sjøfarande sin skytshelgen? Ei stor utstilling om Sankta Sunniva opna på Bryggens museum i Bergen 7. september 2011. Den markerar starten på Sunnivaåret her i Selje og gjev svar på spørsmåla. ─ Mange i dag leitar etter meining og strekker seg etter åndelege verdiar, i historia til Sankta Sunniva finnast det mykje å ta tak i, seier prosjektleiar Helga Odden Reksnes i Selja og Stad. Ho trur at Sunniva og dei verdiane som denne helgenen står for vil inspirere mange. – Kom og sjå utstillinganga i Bergen og ta turen til helgenanlegget på Selja. Det er ei reise til både åndelege og naturgjevne opplevingar. “Sankta Sunniva og det heilage skrinet” Utstillinga er på 350 kvadratmeter og fyller heile 2. etasje på Bryggens Museum. Utstillingsarkitekt Anne Mette Prestegård frå Bymuseet er prosjektleiar for utstillinga. Selje kommune har vore engasjert i planlegging og utforming av utstillinga. Prosjektleiar Helga Odden Reksnes i Selja og Stad har koordinert arbeidet frå Seljesida. Venner av Selja har vore aktivt med i planlegginga. ─ Utstillinga heiter ”Sankta Sunniva og det heilage skrinet” og er forma som ei forteljing i fire delar, seier Odden Reksnes. Dei fire delena er kalla: Sunnivalegenda, Selja – Sankta Sunniva si øy, Bergen - Sunnivaskrinet og Sunniva i dag. Offisiell opning var 7. september og utstillinga skal stå eit heilt år. Datoen for Sunnivaskrinet i produksjon. Ordførar og leiar for den lokale arrangementkomiteen vitjar Hove aktivitetssenter. 26 Selje magasin opninga var ikkje tilfeldig vald. 7. september 1170 blei Sunnivaskrinet flytta frå Selja til Bergen som ei formell markering av at bispesete vart flytta frå Selja til Bergen. Skrinet I samband med opninga av utstillinga var det markeringar både i Selje og i Bergen. Sentralt i desse markeringane stod flyttinga av Sunnivaskrinet frå Selje til Bergen i forkant av opninga. Skrinet er rett nok ikkje det originale skrinet, men blei produsert av Hove aktivitetssenter i Selje etter spesifikasjonar frå Bymuseet i Bergen. Dagfred Berstad i Ervik laga utsmykkinga – Dette var eit uvanleg oppdrag. Vi syntest det er stas å få vere med i dette store utstillingsprosjektet, Arbeidsskisse frå Bymuseet i Bergen for produksjon av skrinet. Sunnivaskrinet berast i prosesjon av elevar frå 8. klasse over Seljesanden frå Selje kyrkje til hurtigbåten. seier dagleg leiar på aktivitetssenteret Vidar Sjåstad. - Dei tilsette og brukarane har brei kompetanse og vi er stolte over at vi kunne ta på oss ei så spesiell oppgåve, seier Sjåstad. Skrinet kom, akkurat som i 1170, sjøvegen frå Selja til Bergen. med stopp i Florø/Kinn undervegs. I Bergen blei skrinet tatt imot av biskopen i Bjørgvin med følgje og bore i mellomalderprosesjon gjennom Bergen, via Kristkyrkja til Bryggens museum. Her blei skrinet sett ned framføre dei brente bygningsrestane i kjellaren for å markere skrinet sin spesielle betyding i samband med den store bybrannen i 1170; "Skrinet vart bore mot elden og Sunniva synte seg som ei sann vernar av byen". No står skrinet i sjølve utstillinga der det utgjer eit naturleg midtpunkt. Fleire høgdepunkt i Sunnivaåret ─ Sunnivautstillinga i Bergen banar veg for Born frå Selje barnehage får en tjuvtitt på det ferdige skrinet før alle andre. mange Sunnivaarrangement. I september vil ein lokal komité legge fram ein omfattande handlingsplan for Sunnivaåret. Det blir utstillingar, seminar, konsertar, messer, skuleprosjekt, pilegrimsvandringar, forskingsoppgåver og mykje meir, lover prosjektleiar i Selja og Stad- Helga Odden Reksnes. Følg med på den offisielle nettstaden til Selje Kloster og helgenanlegget, www.seljekloster.com for å vere oppdatert. Sunnivaskrinet blei bore opp til Sunnivakyrkja på Selja der det sto før det blei flytta til Bergen i 1170. Selje magasin 27 Selje klosterakademi i støypeskeia Det svært omfattande skjøtsels- og bevaringsprosjektet i regi av Riksantikvaren, Sogn og fjordane fylkeskommune og Selje kommune legg grunnlaget for ei rekkje verdiskapande aktivitetar på Selje og i regionen. Under paraplyen Selje kloster - og pilegrimsarena er det no prosjekt i gang på seks ulike område. Alle prosjekt er forankra i Strategisk næringsplan for Selje kommune. ─ Eitt av dei seks verdiskapingsprosjekta er etablering av eit klosterakademi med kursog seminartilbod på ulike fagområde som relaterer seg både spesifikt til den faglege aktiviteten i ruinprosjektet og meir generelt til den kulturhistoriske ramma rundt Selje kloster og helgenanlegg – summert opp i det litt tabloide uttrykket ”frå mørtel til mystikk”, fortel prosjektleiar Bjørn E. Jensen, Selje kloster- og helgenanlegg. øya. Lyngbrenning vil no bli utprøvd i 2012. Skjøtsel av kulturlandskapet er ein viktig del av ruinprosjektet, konstaterer Jensen. – Kloster og helgenanlegget heng direkte saman med landskapet rundt seg. Det er på grunn av landskapet at anlegget ligg der det ligg. Mange urter står på den såkalla rødlista, det vil si at dei er utryddingstrua. Skjøtsel med sauebeiting bidreg til at disse urtene får betre vokstervilkår og ikkje går tapt, seir Jensen. Eit fagseminar om kulturlandskapet på Selja vil fokusere på mange forhold og danne grunnlag for utvikling av ei heilskapleg kulturlandskapsplan. Fagfolk konstaterar at dei har funne gråsteinsbruddet på Selja. Prosjektleiar Bjørn E. Jensen passar godt på sauene på Selja. ─ I 2012 er det planlagd 3-4 seminar. Tema femner vidt. Stein, helgenkult, kulturlandskap og gregoriansk song er stikkord for det første akademiåret. Fleire av seminara vil tiltrekkje seg fagfolk frå heile Norge. Alle seminara vil vere tverrfaglege. Nokre vil ha ei populærvitskapleg ramme og rette seg mot folk flest, seier Jensen. 28 Selje magasin Gråsteinsbrot på Selja ─ Mange fagfolk har antyda at gråsteinen i klosteranlegget på Selja må stamme frå sjølve øya, men det har aldri tidligare vært gjort forsøk på å lokalisere steinbrota på Selja, seier Jensen. Forprosjektet “Klosterruinane på Selja – steinbrudd, forvitring og dokumentasjon” vil danne grunnlag for vidare fagleg arbeid på dette området. I 2012 vil utvalde fagmiljø bli invitert til steinseminar. ─ Det er svært få steinbrot frå mellomalder som er funne, fortel han. På Selja gjer plassering i vasskanten at brotet må ligge opp i dagen. Gråstein, metodar for utvinning, pinningsstein (forsterking i kalkmørtel) og produksjon av pinningsstein vil bli belyst på steinseminaret. Kulturlandskapet på Selja ─ Mangel på småfe og lyngbrenning gjer dessverre at kulturlandskap på Selja gror igjen. Sidan 2009 har saueeigarar på fastlandet hatt sauer på beite i allmenningen på Helgenkult Sta. Sunniva blei den første norske helgenen og er den einaste kvinnelege. Ho vart helgen lenge før Olav Haraldsson fall på Stiklestad. Sunnivakulten var utbredt i middelalderen. Sta. Sunniva og Seljumennene vart æra frå Skálholt på Island i vest til Åbo i Finland i aust, og frå Lebesby i Finnmark i nord til Stralsund i Tyskland i sør. Eit Sunnivaseminar høyrer difor naturleg heime i Sunnivaåret (sjå omtale side 29). Gregoriansk song Det finnes tekstar på latin knytt til Selja og Sunnivakulten. Mellom anna har vi det som kallast Sunnivaofficiet, tidebønene frå mellomalder der Sunniva er nemnt. Selje klosterakademi ynskjer å arrangere seminar i gregorianikk. Målet for seminaret er å framføre alle tidebøner i klosteret i samband med Seljumannamesse i 2012. Seminaret blir todelt; ei samling på våren og ei i same veke som Seljemannamesse. Pilegrimshelg i Skjåk – Selja og Sta. Sunniva i fokus I august sette Skjåk kommune søkjelyset på pilegrims-tradisjonar og -utvikling. Pilegrimshelga var ein del av den store Nasjonalparkfestivalen. Helga opna med konsert på fredag kveld der vandringstonar var tema. Laurdag var det pilegrimsseminar på Grotli Høyfjellshotell. “Kvifor vandre?”, Selja som pilegrimsknutepunkt, den heilage Sunniva og Selja, Olavstradisjonen, helse, infrastruktur og kulturhistoriske vandringsspor mellom aust og vest var tema som blei tatt opp på seminaret. Søndagen var det pilegrimsvandring på gamle Strynefjellsveg til vasssvenda. Under vandringa møttes St. Olav og Sta. Sunniva i eit lite pilegrimsspel. Fylkesmann i Oppland Kristin Hille Valla la ned pilegrimsstein for å markere starten på ei ny lei mellom Skjåk og Selja. Pilegrimshelga vart avslutta med utandørs messe - på vegen mellom aust og vest. Tre kvinnelege geistlege forretta under messa, soknepresten i Selje, Kari Leine Balog, biskop Solveig Margrete Fiske i Hamar bispedøme og sokneprest i Skjåk Hege Fagermoen. Både Heilag Olav (Endre Skjåk) og St. Sunniva (Aud Hove) deltok. På konserten fredag song Bjørn Jensen den gamle Sunnivahymnen Aeterna Christi Munera akkompagnert av jazztonar frå saksofonist Vidar Johansen. Selje magasin 29 Venner av Selje Kloster Bli medlem, du også! Venner av Selja kloster er ein organisasjon for deg som synest at det er viktig å ta vare på og få fram kunnskap om historia til Selja kloster og helgenanlegg. Venelaget arbeider m.a. for å få til eit kloster- og pilegrimssenter i Selje, opparbeide pilegrimsruter til Selja, og få oppført ein Sunnivastatue sentralt i Selje. Venelaget skipar elles til kulturkveldar, pilegrimsvandringar og andre aktivitetar. ❢ 5 Meld deg inn ved å betale til konto 3790 12 95639 kr 100 for vanleg medlemskap, kr 200 for hustandsmedlemskap eller kr 500 for bedrifter. på huset Vi stilte desse spørsmåla til 5 av våre tilsette: 1. Namn/Yrke? 2. Tilsett frå? 3. Kva gjer du i fritida, og korleis ser ein perfekt frikveld ut? 4. Kva bør opplevast i Selje? 5. Kva gjer du om du blir lottomillionær? Og, vi fekk desse svara: 30 Selje magasin Heimeside: www.seljavenner.no Leiar: Torkjell Djupedal / torkjell@selja.no 1. Arvid Hamre, resepsjonssjef 2. 1980 3. Går mykje på fjellet, har vore på alle fjelltoppane i kommunen. Les masse. Favorittforfattaren min er Jo Nesbø. Stille og rolig heime. Kanskje sjå eit godt Tv-program. 4. Fjellturar. Start på Dragseidet, gå den gamle kyrkjevegen over fjellet til Liset. 5. Dele med familien min. 1. Hildegunn Lunde, Resepsjonist, servitør m.m. 2. 2001 3. Er husmor, trenar litt, likar å synge. Kosekveld med Geir, god mat og drikke, gitar og song. 4. Ta med familien min frå Bergen på ein rundtur på Stadlandet, vise dei Dragseidet, Ervik og Vestkapp. La dei for valet mellom å gå frå Indre Fure til Ytre Fure eller å nyte surfemiljøet i Hoddevik og rusle på Hoddeviksanden. 5. Betale ned gjeld, reise meir m.a. ein tur til Cuba. Øya Selja er eit skattkammer – ei vandring i historia. Minnesmerka er mange. Stiar gjennom historia Øya har fysiske spor heilt frå steinalder fram til moderne tid. I vikingstida var Selja eit viktig stogg på vegen sørover til Bergen, nordover til Trondheim og vestover til Island, Færøyane og Grønland. Innsida av øya var ei trygg hamn ved det stormfulle Stadhavet. Kombiner gjerne en tur til klosteret med ein tur over øya frå Bø. Kloster og helgenanlegget ligg på vestsida av øya. Merka sti frå Bø tek deg dit. Det er daglege turar til Bø heile året. Båten går i frå Selje til Bø kl. 12.30. Frå Bø kan du vandre over øya til klosteranlegget. Kart på nett: www.seljekloster.com/planlegg-turen/stiar-og-turkart/ 1 Dette er den eldste stien mellom Bø og klosteret. Stien kan vere laga før klosteret vart etablert. Vanskelighetsgrad: lett. 1. Roald Otnes, Servitør og nattevakt 2. 1986 3. Kviler ut etter lange nattevakter, held hus og heim vedlike, prøver å vere sosial. Invitere venner til middag med god mat og drikke, sitte rundt bordet i mange timar i hyggelig selskap. 4. Besøke galleria og utstillingane som er tilgjengeleg i Selje. Ta turen innom Doktorgarden for å smake på dei gode kakene til Karenlill. 5. Redusere arbeidstida noko. Oppgradere huset mitt. Starte på "Operaruten" i Milano og besøkje dei store operahusa i verda. Og gå til innkjøp av Patek Phillippe klokke, ellipse forma. 2 Stien går gjennom skaret på sørsida, forbi fleire gravrøyser, til Heimen, der munkane hadde urtehage. Vanskelighetsgrad: middels. 3 Stien går over toppen av Selja og gir ei veldig fin utsikt over Seljebygda og området rundt. Stien kjem ned like ved Hola og Sunnivakyrkja. Vanskelighetsgrad: middels. 1. Sissel Rundereim, Avdelingsleiar Spa/Thalasso 2. 2000 3. Spring etter borna mine, trenar. Ein venninnekveld med prat og fjas. 4. Prøv thalasso terapi. I Noreg er vi åleine om desse behandlingane der vi brukar sjøvatn og algar som gjev gode mineral til kroppen. Thalasso er balsam for heile sanseapparatet. Gå trappeløypa, 300 trinn, like ved hotelldøra og opp på Risnakken før du startar på behandling. Garantert ein perfekt dag. 5. Betale ned gjeld, reise meir. 1. Geir Stønjum, Kjøkensjef 2. 1985 første gang, 2011 siste gong 3. Spelar musikk og lyttar til musikk. Favorittmusikar er Bjørn Inge Berge. Vere saman med jentene mine + "digge" med musikkvenner. 4. Ta med ungane til klosterøya Selja enten på ein guida tur eller bruke heile dagen. Gå rundt øya og opp på Varden, ned til Sunnivahola og oppleve stemninga i ruinane på Selje kloster. 5. Sette pengane i banken, det ville far min likt (han var bankmann). Men ein tur til Cuba ville eg ha spandert på Hildegunn og meg sjølv. Selje magasin 31 TLF 05555 EIENDOMSMEGLER VEST | FRENDE FORSIKRING | NORNE SECURITIES | | BRAGE FINANS KYTE NÆRINGSMEGLING Reaktor Foto: Tor Yttri SPV.NO Spelar det nokon rolle kva bank du vel? I all beskjedenheit: Ja, det gjer det. Når det gjeld tenester og vilkår, er dei fleste bankar like som to dråpar vatn. Men vi veit at kundane våre ønskjer å ta dei viktige økonomiske diskusjonane ansikt til ansikt, og aller helst med ein dei kjenner. Det er det som gjer at vi får fleire og fleire nøgde kundar, også her i Sogn og Fjordane. Med over 60 kontor frå Stadlandet i nord til Jæren i sør er Sparebanken Vest den lokale storbanken på Vestlandet. I tillegg er vi ein pådrivar for samfunns- og næringsliv, og vi har sidan 1823 gitt inntil 25 prosent av årsoverskotet vårt til verdiskapande formål på Vestlandet. Vi er herfrå. Det gjer ein forskjell. Gode bøker frå Selja Forlag Kr. 398,- Kr. 398,- Kr. 98,- Kr. 448,- BØKENE FÅR DU KJØPT I DOKTORGARDEN SELJE, I BOKHANDELEN ELLER DIREKTE FRÅ FORLAGET. 32 Selje magasin tilbod Kr. 198,- Kr. 268,- Telefon 57 83 22 20 www.selja.no ...eit hus med sjel TELEFON: 57 85 69 90 • KAFE CLAUS • OVERNATTING BUTIKKEN NOKO ANNA • GALLERI SALEN Doktorgarden er ein sjarmerande og innhaldsrik villa frå 1917, midt i Selje-bygda, med gangavstand til det meste. Galleri Salen har skiftande salsutstillingar. Butikken Noko Anna har bøker, originale suvenirar og kunsthandverk. Kafe Claus byr på heimelaga, god mat og drikke. I 2. etasje er det fire lekre rom til utleige, stort bad og eige kjøken for dei som vil stelle seg sjølve. Doktorgarden har ope kvar dag i sesongen, helgane i skuldersesongen frå påske til haustferien og elles etter avtale. Doktorgarden høver ypperleg også til mindre grupper, møte og arrangement. Ta kontakt for tilbod. Lyst på noe nytt og spennende? Noe nytt til hjemmet... Blomster og gaver. Klær og sko for han og henne. B AT E S U N I T E D F O T O : I S I D O R Doktorgarden Selje, 6740 Selje Tlf 57 02 01 89/ 909 29 771/ 901 86 882 / 918 65 634 anna@selja.no www.doktorgarden-selje.no Nyheit! Lerums Utvalde, vårt finaste syltetøy av jordbær Lerums Utvalde er eit syltetøy som er sett saman av dei finaste frukt og bær, og tilpassa ei sukkermengd som gir deg den aller beste smaksopplevinga. Unn deg noko ekstra godt på vaffelen, du kjem til å kjenne forskjellen! Finn din favoritt blant våre 13 smaksvariantar. Lerum_jordbaer_220x151.indd 1 Frukt og bær på hjernen i meir enn 100 år 10/14/08 3:15:41 PM Selje magasin 33 BickBlikk er et interaktivt senter som har flere funksjoner: 1. Et kurssenter for samhandlingskompetanse, lederutvikling og ytelsesutvikling 2. Et interaktivt fotogalleri hvor gjestene skal være en del av utstillingen 3. Et fotoatelier for fotografering og bildemontasje/utforming Ved siden av galleri og fotoatelier blir BickBlikk brukt som senter for kurs/ konferanser. Organisasjoner kan leie lokalet med Thomas Bickhardt som kursleder for å jobbe med problemstillinger innen samhandling, ledelse og ytelsesutvikling. Det kan være kurs/seminar på flere dager eller korte foredrag. Thomas Bickhardt er utdannet tysk psykolog med spesialisering i organisasjonsutvikling, ledelsesutvikling og ytelsesutvikling. Attraksjonar: STADHAVET 1. Kjerringa, 496 m.o.h. Loddrette klipper mot 8. Årsheim. Hesten Stadhavet. Fantastisk utsikt. Fleire krigsminner 9. Manseidet. Gamal ferdselsveg, kongsvegen. 439 (kanonstillingar) 10. Skulemuseum, Sandvik Skule. 2. St. Svitunkapellet bygd til minne om skipet Honningsvåg Revjehornet Buholmen fyrlykt som vart bomba og gjekk ned under krigen. 11. Selje prestegard med bygningar frå Kjerrina Årvik Eltvik 5 1782. Selje kyrkje. 427 Gamal gravplass. Erviksanden (sandstrand). 497 Ferstad Kyrnossa Gamal kyrkjegard. Seljesanden, Krigsminnar på Hovden. 441 Tungevåg Ervika 500 m lang sandstrand. Hanekamben 3. Hoddeviksanden, flygesand. Svarthornet 12. Klostret på Selja. Ruiner frå 502 Borgundvåg 4. Fure. Eldre gardstun. 2 middelalderen. Hovden 479 5. Krigsminner, festningsanlegg, bunkersar, Albanusklosteret og St. Sunniva kanonstillingar. 6 Leikanger Dalskarhornet kyrkja frå 1000- og 1100-talet. 6. Leikanger kapell. Gamal kyrkje frå Selja 3 Sunnivahola. vart flytta hit og ombygd i 1866. 7. Olavskrossen på Dragseidet. Der Olav Trygvasson Libera 7 4 kristna 4 fylke i 977. I gamal tid drog dei båtane Drage 487 over Dragseidet for å unngå den frykta ferda Fure Skårfjellet Ytre Fure rundt Stadt. Vikafjellet Gamla lys- og lydbølge Tarvaldsegga Sandvik 645 SILDAGAPET Skårbø Årsheim Selja Sandvikseiedet Lyngfjellet 8 Åheim Selje 11 12 Skongsnes fyr Eidshornet Røysetfjorden Moldefjorden Røyset Høgehornet Mørklia 774 Barmøy Silda 579 Kvammefjellet Kjøde Austeliheim Solvåg 642 Barmen Flistrahornet Ulvesund fyr Venøy 10 570 Randeberg Flatraket Stålet pollen Vestkapp nd et ves u Ul en oll VÅ GS ØY p rd 34 Selje magasin No Sørpollen Måløy Hanekammen 652 B e rs tadd alen B a rm Kjøde sunde t Kart over Selje og Stad. Be om oversiktskart i resepsjonen Se mer informasjon på: www.bickfoto.no eller ta kontakt på tlf.: 952 17 592 • mail: thomas@bickfoto.no Synnevalhornet 684 Sørpollen Grønnlikollen 569 Salen 643 Nordpollen Maurstad Bryggja Totland Lefdal Klosterruinar på øya Selja Bli med på ei reise 1000 år tilbake i tid, og bli kjend med: • St. Sunniva, den irske prinsessa • Det første bispesetet på Vestlandet • Verdens minste bispedøme • Benediktinarklosteret • Landets første pilegrimsmål • Den helbredande St. Sunniva-kjelda Vi tilbyr båtturar til øya med guiding i klosteret. Daglege turar i sommarsesong, elles på bestilling. Informasjon og billettar: Turistinformasjon Tel.: 57 85 66 06 e-mail: turistinfo@selje.kommune.no • klosterbåten: 990 46 022 • www.seljekloster.no Velkommen til et godt utvalg og gode opplevelser SELJE Opningstider: 9–21(20) Bli medlem og få kjøpeutbytte på alle varer! Du får mer informasjon om kjøpeutbytte og medlemsfordeler i Coop-butikkene eller www.coop.no GULE PRISER = LAVE PRISER Selje magasin 35 Layout: www.macverket.no. Trykk: www.tlas.no • Foto: Lasse Fløde, Torkjell Djupedal, Helle Frogner, Grete Solborg Fure, Thomas Bickhardt, Harald Berge, Christin Gustavsen Yttarst mot storhavet i vest ligg segnomsuste Selje. Her er det vilt og vakkert. I Selje er ein på historisk grunn. Ruinane av Selje Kloster står framleis på Seljeøya og vitnar om at Selje ein gong var eit av dei viktigaste bispeseta i landet. Du kan reise til Selje med fly, båt eller bil. Reisa hit er i seg sjølv ei spennande naturoppleving. På Selje bur du godt. La deg inspirere på eit av våre kunstnarrom. Moderne komfort og intim atmosfære. For oss er framleis den sjelelege roa like viktig som den kroppslege. Her får du tid til å glede deg over livet og naturen. Du kan la deg stimulere gjennom deltaking i dei aktivitetar vi kan tilby, eller legge opp ditt eige løp. Velkommen til hotellet ved havet Gerd Kjellaug og Harald Berge 6740 Selje • Tlf. 57 85 88 80 • Fax 57 85 88 81 post@seljehotel.no • www.seljehotel.no Svanemerket trykksak