Aurikkelplastikk i narkose.

Transcription

Aurikkelplastikk i narkose.
Heimreise
Dagkirurgiske pasientar kan reise etter 3 timar, om dei er i form til det, men skal
alltid ha tilsyn av ein vaksen det første døgnet etter operasjonen. Innlagde
pasientar reiser heim neste dag.
Velkomen til Dagkirurgisk seksjon
ØNH Ålesund sjukehus
Smerter: Det er vanlegvis lite smerter etter operasjonen, men barnet kan trenge
smertestillande nokre dagar. Det held oftast med paracetamol/ ibux
smertestillande, følg dosering anbefalt på pakken frå apoteket.
Mat og drikke: Det er ingen restriksjonar i samband med mat og drikke.
Aktivitet: Barnet skal ta det med ro den første uka etter operasjonen. Skulebarn
kan gå på skule som vanleg om dei er i form til det men skal ha fritak frå
gymnastikk eller anna fysisk aktivitet dei 2 fyrste vekene etter operasjonen. Ein
skal unngå kontaktidrett ein månad etter operasjonen (til dømes fotball, handball
og lignande).
Hygiene: Barnet kan dusje kroppen, men må vente med å vaske håret til etter
bandasjen og stinga er fjerna etter 10 dagar.
Pasientinformasjon
Til deg som skal operere utstående øyrer
(aurikkelplastikk)
 Barn/ ungdom og pårørande
Kompresjonshette: Nettingbandasjen barnet/ ungdomen fekk på hovudet etter
operasjonen skal vere på dag og natt i 10 dagar. Når bandasje og sting er fjerna
skal eit breitt panneband brukast dag og natt i 10 dager, deretter kun om natta
ytterlegare 10 dagar.
Komplikasjonar: Dersom barnet/ ungdomen har feber over 38,5 gradar i meir enn
3 timar, kan det vere teikn på infeksjon og lege må kontaktast. Det same gjeld om
barnet vert hoven og raud i huda rundt operasjonssåret, eller får aukande smerter
etter operasjonen.
Telefon:
Dagkirurgisk seksjon: 70 10 52 37 (man-fre 0800-1700)
ØNH-ekspedisjon: 70 10 58 32 (man-fre 0800-1000 og 1300-1500)
ØNH-pol: 70 10 52 70 (man-fre 0800-1530)
Ålesund sjukehus sentralbord: 70 10 50 00
NØDNUMMER: 113
Helse Møre og Romsdal HF – Postboks 1600 – 6026 Ålesund
www.helse-mr.no
www.helse-mr.no
Operasjonsdagen
Før operasjonen
Barnet/ ungdomen har fått time til operasjon av utståande øyrer
(aurikkelplastikk) i narkose. Inngrepet vert oftast gjort dagkirurgisk, men nokon
vert innlagd til neste dag av medisinsk grunn.
Barnet/ ungdomen må vere frisk, ikkje ha oppkast, feber eller vere forkjøla. Ta
kontakt om de er i tvil. Dersom de av anna grunn er forhindra frå å møte til
tildelt time må de gje beskjed snarast råd.
Faste
Den som skal til operasjon skal faste frå kl 24 kvelden før operasjonen. Det vil
sei; ikkje ete mat eller drikke juice, mjølk, eller andre drikker som inneheld
mjølk. Klare væsker som vatn og saft kan drikkast fram til 2 timer før
oppmøtetid. Det er viktig og ikkje vere tom for energi ved oppmøte da det kan
bli litt venting.
Det er ikkje lov å ete drops eller tyggegummi. For ungdom som røyker eller
bruker snus er dette heller ikkje tillate etter kl.24.
Hygiene
For å hindre infeksjonar må alle dusje og vaske håret kvelden før operasjonen
eller operasjonsdagen. Ungdom med skjeggvekst må fjerne bart og skjegg.
Smykke, ringar, piercing og neglelakk må fjernast.
Lokalbedøvande krem
Små barn bør få ein lokalbedøvande krem på venstre handbak og på innsida
av venstre olboge der det skal settast ei kanyle før narkosen. Emla krem/
plaster får ein kjøpt reseptfritt på apotek, og skal påførast ein time før
frammøte.
Medisinar
Om barnet/ ungdomen har astma og bruker inhalasjonsmedisin skal denne
takast som vanleg operasjonsdagen. Det er viktig å ta med alle medisinar til
sjukehuset. Astmamedisin skal ein ta med, sjølv om det brukast kun ved
behov. De som skal overnatte på pasienthotellet MÅ også ta med dei
smertestillande medisinane som de har fått resept på.
www.helse-mr.no
Plassforholda ved overvakinga er begrensa, og det kan vere at pårørande må
veksle på og vere inne hos barnet, om to vaksne er med.
Operasjonsdagen melder de dykk i luke 3 ved Dagkirurgisk seksjon, 1 etg.
Deretter vert de møtt av ein sjukepleiar som tar seg av dykk inne på avdelinga,
og barnet vert førebudd til operasjon. Sjukepleiaren barberer vekk håret i 4 cm
bredde rundt øyret/ øyrene til barnet før operasjonen. Pasienten får pyjamas og
seng. Det kan bli litt venting, så ta gjerne med smokk, kosedyr, nettbrett o.a. slik
at barnet kjenner seg trygg. Ventande og ferdigopererte barn ligger nærme
kvarandre, så vi prøver å skape ro ved å snakke med dempa stemme og har
lågt støynivå.
Operasjon
Ein pårørande får bli med til barnet søv på operasjonsstua, deretter vert
vedkomande følgd ut. Operasjonstida er vanlegvis ca. 2-4 timar.
Observasjon
Når operasjonen er ferdig blir pårørande henta, og er saman med pasienten
resten av tida. Barn som skal til barneavdelinga blir overflytta etter 1-2 timar.
Dei som skal til pasienthotellet eller heim, kan reise etter 3 timar om dei er i
form til det.
Drikke
Under og etter operasjonen får alle pasientar væsketilførsel i armen. Barnet får
drikke vatn så snart det er i form til det etter operasjonen, og kan ete mat etter
nokre timar.
Smertestillande
På oppvakinga vert smertestillande gitt intravenøst om barnet har behov for det,
seinare får barnet stikkpiller eller tablettar.
Bløding
For å minske risikoen for blødning skal ein halde seg i ro etter inngrepet, og ha
lett heva hovudende i senga.
Bandasje og hette
Barnet vil ha på bandasje over øyrene og ein nettingbandasje på hovudet etter
operasjonen.
www.helse-mr.no