Brosjyre vaksen, operasjon i narkose
Transcription
Brosjyre vaksen, operasjon i narkose
Heimreise Dei som er operert dagkirurgisk kan reise heim etter 2-3 timar, men må ha tilsyn av ein annan vaksen det første døgnet etter operasjonen. Innlagde reiser heim neste dag. Du kan ikkje køyre bil same dag Smerter Du kan trenge smertestillande nokre dagar etter operasjonen. Dersom du har smerter etter heimreise held det oftast med paracetamol smertestillande, følg dosering anbefalt på pakken frå apoteket. Legen vurderer om det er naudsynt med resept på sterkare smertestillande før heimreise frå sjukehuset. Mat og drikke Det er ingen restriksjonar i samband med mat og drikke etter du har reist heim. Aktivitet Etter operasjonen vert du sjukmeldt i 7-14 dagar. Du skal ikkje delta på trening eller tung fysisk aktivitet dei 2 fyrste vekene etter operasjonen. Hygiene Bandasjen skal vere på til stinga fjernast etter 7-10 dagar. Du kan dusje kroppen, men du må passe på så bandasjen ikkje vert våt. Velkomen til Dagkirurgisk seksjon ØNH Ålesund sjukehus Pasientinformasjon Til deg som skal fjerne kul på halsen i narkose Vaksen Sunblock For at arret skal verte penast mogleg bør det dekkast med plaster eller sunblock når du er i sola det første året etter operasjonen. Komplikasjonar Dersom du har feber over 38 gradar i meir enn 3 timar, kan det vere teikn på infeksjon og lege må kontaktast. Det same gjeld om du vert raud i huda rundt operasjonssåret, vert hoven eller får aukande smerter etter operasjonen. Velkomen til Øyre- Nase- Hals dagkirurgi Telefon: Dagkirurgisk seksjon: 70 10 52 37 (man-fre 0800-1700) ØNH-ekspedisjon: 70 10 58 32 (man-fre 0800-1000 og 1300-1500) ØNH-pol: 70 10 52 70 (man-fre 0800-1530) Ålesund sjukehus sentralbord: 70 10 50 00 NØDNUMMER: 113 Helse Møre og Romsdal HF – Postboks 1600 – 6026 Ålesund www.helse-mr.no www.helse-mr.no Før operasjonen Operasjonsdagen Du har fått time for å fjerne ein kul på halsen i narkose. Inngrepet vert oftast gjort dagkirurgisk, men nokon kan verte innlagd til neste dag av medisinsk grunn. Operasjonsdagen melder du deg i luke 3 ved dagkirurgisk seksjon. Deretter blir du møtt av ein sjukepleiar som tek seg av deg inne i avdelinga. Du vert undersøkt av ØNH-lege før operasjonen, og du får pyjamas og seng. Det kan somme tider vere nødvendig å barbere vekk litt av håret på den sida kulen er. Du må vere frisk, ikkje ha oppkast, feber eller vere forkjøla. Ta kontakt om du er i tvil. Dersom du er forhindra frå å møte til tildelt time må du gi beskjed snarast råd. Faste Den som skal til operasjon skal faste frå kl 24 kvelden før operasjonen. Det vil sei; ikkje ete mat eller drikke juice, mjølk, eller andre drikker som inneheld mjølk. Klare væsker som vatn og saft kan drikkast fram til 2 timer før oppmøtetid. Det er viktig og ikkje vere tom for energi ved oppmøte da det kan bli litt venting. Det er ikkje lov å ete drops eller tyggegummi. For dei som røyker eller bruker snus er dette heller ikkje tillate etter kl.24. Hygiene For å hindre infeksjonar må alle dusje og vaske håret kvelden før operasjonen eller operasjonsdagen. Menn med skjeggvekst må fjerne bart og skjegg. Smykke, ringar, piercing og neglelakk må fjernast. Medisinar Dersom du bruker blodtynnande medisin som Marevan og Albyl-E, må du kontakte ØNH seinast 10 dagar før operasjonen (Tlf 70 10 58 32), om dette ikkje er avklara på førehand. Dersom du har astma og bruker inhalasjonsmedisin skal denne takast som vanleg operasjonsdagen. Du skal også ta med inhalasjonsmedisinane til sjukehuset, sjølv om du brukar astmamedisin berre ved behov. Operasjonsdagen skal du ta faste medisinar om morgonen med litt vatn, bortsett frå diabetes-medisin og insulin. Det er viktig å ta med alle medisinar til sjukehuset. Skal du overnatte på pasienthotellet MÅ du også ta med dei smertestillande medisinane som du har fått resept på. www.helse-mr.no Operasjon Operasjonen vert gjort i narkose, og operasjonstida er vanlegvis 2-4 timar. Observasjon Etter operasjonen ligg du på overvakinga til du får reise heim. Dagkirurgiske pasientar kan reise heim etter 2-3 timar om dei er i form til det, men må ha tilsyn av ein annan vaksen det første døgnet etter operasjonen. Innlagde pasientar overflyttast til ØNH/ KIR1 etter 1-3 timar. Drikke Under og etter operasjonen får du væsketilførsel i armen. Du får drikke vatn så snart du er i form til det etter operasjonen, og kan ete mat etter nokre timar. Smertestillande På oppvakinga vert smertestillande gitt intravenøst om du har behov for det, seinare kan du få smertestillande tablettar. Bløding For å minske risikoen for bløding skal ein halde seg i ro etter inngrepet, og ha lett heva hovudende i senga. Bandasje Du får ein bandasje over operasjonssåret, som skal ligge på til stinga skal fjernast. Somme tider er det naudsynt å legge inn dren, dette vert i så fall fjerna etter 1-2 dagar. www.helse-mr.no