vedlegg - Sogndal vidaregåande skule
Transcription
vedlegg - Sogndal vidaregåande skule
Til elevar vg2 og føresette ved Sogndal vidaregåande skule INFORMASJON VEDRØRANDE VAKSINERING MOT SMITTSAM HJERNEHINNEBETENNELSE Dei siste åra har det vore fleire registrerte tilfeller av smittsam hjernehinnebetennelse blant ungdom som deltek i russefeiring. Sidan 2012 har nasjonalt folkehelseinstitutt anbefalt ungdom som skulle delta i russefeiring å vaksinere seg. Det vart ingen tilfeller av hjernehinnebetennelse blant russen, men det var fleire tilfeller blant ungdom som festa med russen, eller som gjekk på same skule som russ. Nasjonalt folkehelseinstitutt har derfor gått ut med anbefaling om vaksinering av all ungdom i alderen 17 – 19 år. Kva er hjernehinnebetennelse? Hjernehinnebetennelse (meningitt) er ein bakterieinfeksjon i hinnene rundt hjernen og ryggmargen. Infeksjonen førekjem ofte i kombinasjon med blodforgifting, som kan vera ei alvorleg, livstrugande tilstand. Hjernehinnebetennelse er oftast forårsaka av meningokokkbakterien. Sjukdommen vert ofte kalla smittsam hjernehinnebetennelse, då det er risiko for at fleire i nærmiljøet kan bli smitta. Korleis virkar vaksina beskyttar mot fire typar av meningokokkbakteriar og vert rekna som trygg for barn/unge ned til 11 år. Vaksina vert gitt i ein enkelt dose, og beskyttelse inntrer om lag 10 dagar etter vaksinering, og varer i minst 3-5 år. Vanlegvis er det lite biverknader med vaksina, men nokon opplever raudheit, hevelse, ømheit eller kløe på innstikkstaden. Nokre få opplever kvalme, hovudpine, feber, utslett eller svimmelheit. Kven kan få vaksina? Gravide og ammande skal ikkje ha vaksina, då ein har begrensa erfaring med vaksinasjon av denne gruppa. Ein skal heller ikkje vaksinerast om ein har reagert på tidlegare dose av same vaksine, eller ein har akutt infeksjonssjukdom med feber. Ein kan då få vaksina utsett. Kva kostar vaksina? Vaksina må betalast av kvar enkelt elev, og vil koste 500 kr. Det vil verte bindande påmelding til vaksineringa. Når skal ein vaksinerast? Me planlegg vaksinasjon torsdag 5.februar og tysdag 10.februar. Dette gjeld om lag 250 eleva og det vil komme nærare informasjon om dato for vaksinering og korleis gjennomføringa av vaksineringa vil føregå. Korleis får ein vaksina? Om ein ynskjer å vaksinera seg, må ein fylle ut svarslippen nederst på arket, og returnere denne saman med betaling, kontant eller kort på helsesøster sitt kontor innan 19. januar. Dette må ein gjere for at me skal kunne bestille rett antal vaksiner. Påmelding og betaling av vaksina på helsesøsters kontor heile veke 3 og t.o.m. 19.01.15. For meir informasjon sjå folkehelseinstituttet sine nettsider: www.fhi.no Mvh Linda Habbestad Skorve og Kari Holen Loftesnes – skulehelsetenesta --------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------Eg ønskjer og vaksinera meg mot smittsam hjernehinnebetennelse. Svarslippen vert levert saman med kontant betaling pålydande kr 500 på helsesøster sitt kontor. NB! Vaksina kan betalast med bankkort/kontant heilt fram til og med mandag 19.01.15. Navn: Fødselsnummer: Klasse: Underskrift: Helseopplysningar som helsesøster bør vite i forkant av vaksineringa: Frisk? Gravid? Kronisk sjukdom? Faste medisinar? Allergi? Tidlegare bivirkningar/reaksjonar på vaksiner? Har du teke andre vaksiner siste månaden? --------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------Kvittering for innbetaling Dato: Underskrift: