NYHETER OG REPORTASJER norddalen 14
Transcription
NYHETER OG REPORTASJER norddalen 14
14 norddalen NYHETER OG REPORTASJER TORSDAG 24. SEPTEMBER 2015 Lynrask kvardag me Den går i luft og i jord, og er høgt elska. Stadig fleire får fiber rett inn i stova. AS Eidefoss gjer sitt for at husstandar i ”grisgrendte strøk” også får ein lynrask kvardag. Av Helene Hovden helene.hovden@norddalen.no Mobil 918 53 098 – Dagens samfunn krev nett. Det må vere på plass for at vi skal få folk til å bu her. Utsegna kjem frå marknadskonsulent i AS Eidefoss, Hanne C. Omvik. Ho hevdar at nett, sett utifrå næringsutvikling og familieståstad, er ein viktig faktor for å oppretthalde busetnad i regionen. Og kanskje til og med få lokka til oss nokre nye innbyggjarar. Marknadskonsulenten grunngjev utsegnet med at nettilgang er alfa omega for ungdom i utdanning, for næringslivet og for dei som av ein eller annan grunn treng heimekontor. – Det er rett og slett forventningar om det i dagens samfunn. Spleiselag AS Eidefoss har gått saman med Eidsiva om eit spleiselag for å få bygd ut fiber i eigarkommunane. AS Eidefoss tek utbyggingskostnadene medan Eidsiva distribuerer signala i fiberkablane. Eller på godt norsk, det er dei som sel abonnement. Sjårdalen i Vågå er eit av områda der det når blir bygd ut fiber. Fiberkabelen bli lagt i lufta, saman med strømkablane. – Vi har hengt opp kabel frå Sunde til Eidefossen, over elva og oppover til byggjefeltet på Lalm, fortel planingeniør Gøran Midtli. Sjårdalen var tidlegare eit ”u-land” når det gjeld nett. Fagfolka forklarar det med at grenda ligg i langt frå sentralen både på Lalm og i Vågå. Nå går det mot lysare nettider i Sjårdalen. Av 190 potensielle kundar på strekninga som det nå er seld abonnement på, har 121 takka ja. I byggjefeltet på Lalm er det 140 potensielle kundar når dei kjem så langt. Millioninvestering I tillegg til Sjårdalen og Lalm, er også Vågåmo utbygd med fiber. I Sel er det bygd ut på Hjellom, Dahle og Ottbragden. Bjølstadmo og Haringstadmoen er under utbygging. I tillegg blir det bygd ut både i Lom, Dovre og på Lesja. – Eg er stolt og imponert over kva Eidefoss har fått bygd ut. Med tanke på kor grisgrendte områda er, er denne utbygginga heilt enorm, seier Omvik. At det er kostbart og meir ressurskrevjande enn i sentrale strok, er ganske innlysande. Elles hadde andre selskap nok alt sett sitt snitt, trur planingeniør Helge Arne Bekkemellem. – AS Eidefoss bruker nok fort 10 millionar på dette arbeidet, berre i år. Til våren skal dei fullføre utbygginga av Prestgardsskogen i Lom, samt Lesja sentrum. I tillegg ligg det inne ein søknad om midlar til høghastigheits breiband i Nedre Heidal og Nordherad hjå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit. Ei eventuell utbygging er avhengig av at det blir løyvd midlar her. Utbygginga av fiber i Sjårdalen er i full gang. Frå venstre; Tore Båtstad, Hanne C. Omvik, Helge Arne Bekkemellem og Gøran Midtli. I stolpen Tormod Haugen. – Slik ser kabelen ut inni. Helge Arne Bekkemellem syner korleis ting fungerer. Den tynne «fibertråden» blir skøytt ved hjelp av ei heilt spesiell maskin. NYHETER OG REPORTASJER TORSDAG 24. SEPTEMBER 2015 ed fiber norddalen 15 Presentasjon av korpset (Foto: privat) Vågå og Otta på korpstur til Tusenfryd I helga slo Vågå og Otta skulekorps seg saman på ein korpstur til Tusenfryd. Der var det påmeldt heile 103 korps. Av Gro Dybvik Det vart ei stor markering av at korps rørsla framleis står sterkt i Noreg. Stor gjeng reiste til Oslo Ein spent gjeng klatra inn i minibussen på Otta fredag ettermiddag, vi skulle køyre alt av karusellar i to dagar, og spele saman og drille på Tusenfryd. Med stort pågangsmot fekk vi pressa inn drilluniformer, instrument, soveposar og folk i minibussen. Leiar av Otta skulekorps, Ingunn Refvik var stødig sjåfør både ned og opp. Nokre av Vågågjengen køyrde eigne bilar, og alt i alt var vi 38 ivrige norddølar, med foreldre og sysken. Det er spesielt å vere med på korpstur. Therese Flati Brobakken har vore drilljente for Otta sida 2004. – Det skapar betre samhald, og er artig å gjere noko anna saman enn å berre øve. Og på øving er drilljenter og musikantar kvar for seg. På tur er vi saman, Drivne Otta skulekorps er drivne i gamet, dei har vore på turar i mange år, til inn- og utland. Eldsjel Odd Ivar Svelstad har blåse liv i Vågå skulekorps, og rekruttert nye musikantar på messing og slagverk. Vi frå Vågå var slik storøygde jomfruer da vi ”sjekka inn” på overnattinga på ein lokal skule. Men dei erfarne «Ottverer» med Odd Ivar i front, viste veg: ”Du kan låne pumpa mi, ho er elektrisk.” ”Vi må stå opp kl 7.15 i morgon tidleg” ”Kom alle saman, no speler oss gjennom!” Og nokre spelte heilt til klokka 23:30 om kvelden. Tusenfryd På Tusenfryd var det full rulle med berre moro heile laurdagen. -Eg har vore her ein gong før, seier Amalie Refvik Solberg. -Men no var det mykje artigare, fordi eg var med vener frå korpset. Det løylegaste var Elefant i bussen Under halvparten av de som kjører buss der det er montert belte, bruker beltet. Det viser tall fra Statens vegvesen. I 2014 ble 7 drept, 7 hardt skadd og 68 lettere skadd i bussulykker. Flere av de omkomne kunne reddet livet dersom de hadde brukt bilbelte. Nå varsler vegvesenet beltekontroller i busser over hele landet, i tillegg til materiell i bussene, ny nettside og animasjonsfilm, som synliggjør kraften en usikret passasjer kan få i form av «vekten til en elefant». – Så tynn. Illustrasjonsbilde. supersplash. Korpsmusikk høyrde vi alle plassar, det var innmarsj i parken og konsertar. Så var det attende til skulen for taco, disco og ungdomsklubb. Det var langt på natt da dei siste kraup ned i soveposane etter kortspel på gangen. ”Det er ikkje så mange andre arena kor så unge får lære seg kortspel som Amerikanar, ” seier mor Rita Nordfjæren. ”Eg spilte sjølv i korps da eg var ung. Korpstur var alltid noko vi gleda oss veldig til.” Oppstilling På søndag skulle vi i elden, oppstilling klokka 8.30 for innmarsj i parken. 41 korps frå heile landet marsjerte inn denne dagen. Alle blei presentert på scena. Så var det fellesnummer: dixieland strut. Det blei tid til ein siste runde i parken før vår konsert på sirkusplassen. Otta og Vågå skulekorps spelte tre stykke: Napoleon Marsj, Mamma Mia og Summer Nights. – Dette er min første korpstur. Det er kjempegøy, alle burde spele i korps, seier Elinor Dybvik Payne.