Furebergfossen – bygging av ny bru.
Transcription
Furebergfossen – bygging av ny bru.
Ænes og Mauranger Bygdalag v/Ottar Eide Sunndalsvegen 637 5476 Mauranger Kvinnherad Kommune v/Ingo Bever Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal 18. februar 2015 Kommentar til utlagt detaljreguleringsplan for Fv 551 – Furebergfossen – bygging av ny bru. Vi har lest Statens Vegvesen sin plan om korleis arbeidet er tenkt utført, og tenkt litt på kva resultatet vil bli for oss som bur her inne. Bygdalaget støttar, langt på veg, forvaltningskomiteen sitt vedtak 10/12 2014. Men vil likevel koma med nokre synspunkt: Punkt 1 Ingen merknader. Punkt 2 Ny bru – ny tunnell – stenging av vegen. A Ny bru. Den gamle brua er 39 m lang, den nye blir 239 m. Me er samde om at Furebergfossen er ein attraksjon for turistane, men etter vårt syn vil den nye brua bli svært dominerande og såleis redusera den «naturlege» fossen sin verdi. Det er ikkje berre bilturistar som set pris på Furebergfossen, men og mange båtturistar, - både cruiseskip og privatbåtar, - som tek ein stopp for å sjå på den fine fossen. For dei vil den nye brua bli enno meir skjemmande. Mot Ænes endar brua i ein omlag 90 graders vinkel, - i påvente av ein ny Fureberg tunnell. Kva tid vil den koma? Kor lenge skal vi ha lysregulert tunnell på ein veg med stadig aukande trafikk? B Ny tunnell. Etter vårt syn er den beste, mest framtidsretta, - og mest sannsynleg også den rimelegaste løysinga, å slå ein ny tunnell under fossen. Ved å starta ca. 100 m innafor fossen, og ut til svingen i den eksisterande Furebergtunnellen vil den «nye» tunnellen bli om lag 1500 meter lang. Ved å strossa resten av tunnellen ut mot Ænes, - ca. 300 meter, - vil ein få fullgod standard på heile tunnelen. Den nye tunnelen vil og gje tilstrekkeleg steinmassar til å laga ein fin og romsleg raste og parkeringsplass, - både for bussar og privatbilar, - på utsida av fossen. I tillegg bør det bli steinmassar til, - på ein rimeleg måta, - å utbetra dei flaskehalsane i Tveitnesvika som det i dag ikkje er plass til møtande trafikk. Der den nye tunnellen møter den gamle bør det lagast ei romsleg avkøyring, med skilting til Furebergfossen. Noverande trafikklys på utsida av tunnellen bør flyttast inn til den nye avkøyrsla for å hindra motgåande trafikk til/frå fossen. Når dette er ferdig bør den gamle brua rivast. Slik det er no går turistane ut på brua. Når fossen er stor kan dette medføre stor risiko, då det er fare for steinsprang. Når brua er fjerna vil ein også få attende den «naturlege» Furebergfossen. C Stenging av vegen. Statens Vegvesen føreslår å stengja vegen heilt i om lag 5 månader, og det bør skje i sumarmånadane. Mange av dei som bur i bygdene i Mauranger har sitt daglege arbeid i Rosendals området. Og fleire i Rosendals området har sin arbeidsplass i Odda. Kva alternativ vil desse ha med ein stengt veg? Kvinnherad har i mange år arbeidd for å tiltrekkja seg fleire turistar, og er i dag ein forholdsvis stor turistkommune med svært varierande og attraktive tilbod. Me veit at minst 80 % av bilturistane i Kvinnherad kjem gjennom Folgefonntunnelen eller Jondalstunnelen. Mange bedrifter i Kvinnherad har turisme som si viktigaste inntektskjelde. Vi veit ikkje dei økonomiske konsekvensane dersom den viktigaste vegen blir stengt i 5 månader, gjennom heile turistsesongen, men det skal ikkje så stor fantasi til å skjøna det då er snakk om store beløp . Og ikkje minst tapt marknadsandel, truleg i fleire år framover. Ved å vurdera løysingane under punkt B vil ein heilt unngå stenging av vegen. Kanskje med unntak av strossing av den gamle tunnellen (ca. 300 meter). Men dette er så lite arbeid at det kan gjerast som nattarbeid. Me kan ikkje på nokon måte akseptera stenging av vegen. Punkt 3. 3 km tunnell er det beste alternativet. Dette er vi heilt samde i, men ikkje i 3 km. Vi har målt strekninga på gamlevegen. Om vi startar 100 m innafor Furebergfossen og til svingen på Furebergtunnellen vil den nye tunnellen bli om lag 1500 meter, og bli ei svært god løysing. Ein kortare tunnell vil sjølvsagt og ha innverknad på kostnadane. Me har ikkje så mykje kunnskap om prisar på tunnell, men med litt «sunn fornuft» skulle det ikkje forundra oss om tunnelløysinga samla blir billegare enn bygging av ny bru. Me ynskjer ikkje bru, men ny tunnell. Synspunkt på rassikring. Me har fått opplyst at det er midlar til rassikring som skal finansiera den nye brua over Furebergfossen. Dersom det viser seg at Statens Vegvesen ikkje vil endra planane sine, - bru eller ingenting, - vil me sei fylgjande: Me kan leva med stengt bru ca. 2 dagar pr. år, men det er vanskelegare å leva med fare for steinsprang eller snøras i 365 dagar for året langs Krokalandet. No er det diverre brukt nokre millionar til «flikking» av denne vegen dei siste åra men rasfaren er like stor. Ved å laga ein ny tunnell frå Muskjerneset og til avkøyrsla til Kroka, - 1600 meter, - hadde alle former for ras vore eliminert ein gang for alle. Dette trur vi alle som køyrer på denne vegen hadde vore svært takksame for. Vonar våre synspunkt kan vera til hjelp i det vidare arbeidet. Helsing Ænes og Mauranger Bygdalag -------------------------------------------Ottar Eide - styreleiar