Styresak 053-2015 A Verksemdsmessig
Transcription
Styresak 053-2015 A Verksemdsmessig
Styresak Går til: Føretak: Dato: Sakhandsamar: Saka gjeld: Styremedlemmer Helse Førde HF 31.08.2015 Anne Kristin Kleiven Verksemdsmessig utviklingsplan for Helse Førde 2015 - 2030 Arkivsak 2014/4251/ Styresak 53 /2015 A Styremøte 21.09.2015 Tidlegare handsaming i styret: 038/2015 A, 024/2015 O, 012/2015 O, 003/2015 O Framlegg til vedtak 1. Styret vedtek verksemdsmessig utviklingsplan for Helse Førde HF 2015 2. Styret føreset at planen vert lagt til grunn for arealutviklinga, og følgd opp med tiltaksplanar for gjennomføring av konkrete utviklingsprosessar Oppsummering Saka gjeld handsaming av verksemdsmessig utviklingsplan for Helse Førde. Planen skildrar den samla verksemda på eit overordna nivå, kva utfordringar vi ser i åra framover og kva utvikling dette vil krevje. Etablerte system for samordning og leiing, mellom sentral- og lokalsjukehus og mellom sentrale og distriktspsykiatriske funksjonar, skal vidareførast og vidareutviklast. Planen - tek utgangspunkt i dei nasjonale føringane om at vi skal skape «pasientens helseteneste»: I større grad organisere tenestene rundt pasienten framfor rundt fagområde Pasientane skal bli meir involvert i eiga behandling Opplevinga av tenestene skal bli betre (service og tilrettelegging) Rask hjelp av god kvalitet Analysar av pasientgrunnlaget syner at Sogn og Fjordane vil få særskilde demografiske utfordringar i åra fram mot 2030/2040. Helse Førde må løyse oppgåvene smartare, koordinere, ta i bruk teknologi og samhandle på nye måtar. Fakta Vedlagde plan er ei oppdatering og rullering av gjeldande utviklingsplan frå 2014. Vi viser til tidlegare styrevedtak; 062/2014 A, Utviklingsplan 2014, 024/2015 O, Orientering om oppstart av planarbeidet, 038/2015 A Verksemdsmessig utviklingsplan – høyring. Den verksemdsmessige utviklingsplanen omfattar primære kjerneoppgåver i helseføretaket. Desse er klinisk verksemd, opplæring, forsking og utdanning, samt ikkje-medisinske sørvistenester. Planen skildrar framtidige spesialisthelsetenester i Helse Førde ut frå utfordringsbildet vi ser, og innanfor eksisterande ressursar og rammer. Planen skal bidra til at Helse Førde også i framtida leverer tenester av høg pasientopplevd kvalitet, fagleg kvalitet, som er trygge og har medarbeidarkvalitet og effektiv ressursutnytting. Styret godkjende høyringsutkast i styremøte 29.05.15, med høyringsfrist 14.08.15. Gjennomføringa av høyringa og høyringssvara er skildra og lagt ved i vedlegg 6. Etter høyringsutkastet har Helse Førde HF føreteke nokre justeringar i planen, mellom dei i kapittel 1 om økonomisk bereevne og modererande faktorar, samt i kapittelet om avtalespesialistar. Kommentar Planen gjev retning for ei tenesteutvikling som skal møte framtidas utfordringar og møte nasjonale styringskrav om å skape pasientens helseteneste. Sentrale mål er å redusere uønska variasjon, unngå lange ventetider, styrke kvaliteten og satse på teknologisk utvikling. Det skal vere satsing på psykisk helsevern og rustenester. Helse Førde skal arbeide vidare med å omsetje føringane til konkrete tiltak i tida framover, og planen vil bli følgd opp med handlingsplanar. Høyringssvara har både gjeve støtte til planen og viktige innspel til det vidare arbeidet. Mellom anna er det ønskje om styrka samhandling og høgare fokus på eldremedisin. Helse Førde HF vil også framover ha tett dialog med kommunane for å sikre heilskapeleg tilbod på tvers av primær og spesialisthelsetenesta. Arbeidet med den verksemdsmessige utviklingsplanen har gjeve føringar for bygningsmessig plandel. Vi er også i gang med å planleggje arealutvikling av Førde Sentralsjukehus. Dei økonomiske kalkylane synleggjer behovet for å effektivisere både areal og tenesteyting. Vi må tenkje langsiktig, og dei verksemdsmessige måla vil måtte realiserast over tid etter ei nærare definert og prioritert rekkefølgje. Planen peikar på retninga, men gjennomføringa må gjerast i takt med føretakets økonomiske bereevne. Det er lagt ved fleire vedlegg til den verksemdsmessige utviklingsplanen. Desse gjev innsyn i underlagsmateriale for utarbeiding av planen. Vedlegg 1 inneheld eit oversyn over dei fleste analysane som har vore nytta i arbeidet med planen. Vedlegg 2 inneheld ei skildring av status, utvikling og aktuelle tiltak i dei somatiske tenestene i planperioden. Vedlegg 3 er ei skildring av status, utvikling og aktuelle tiltak i psykisk helsevern og rusbehandling i planperioden. Fagområda psykisk helsevern og rus har tidlegare ikkje vore skildra i utviklingsplanen, og difor inneheld vedlegget ei noko meir omfattande skildring av ramme og utvikling. Vedlegg 4 inneheld ei skildring av status, utvikling og tiltak innan dei ikkje-medisinske tenestene og stabsfunksjonar i føretaket. Vedlegg 5 inneheld oversyn over spesialisthelsetenester med landsdekkande funksjon. Vedlegg 6 gjev oversyn over høyringsprosess og innkomne høyringssvar. Det har også vorte oppretta fleire underutval og grupper i prosessen. Mellom dei er ei gruppe som har sett på utvikling av tenester for barn og unge, og ei for tenesteutvikling til eldre/pasientar med samansette vanskar. Gjennomføring av planarbeidet Mål for planarbeidet - prosjektmandat Hovudmålet til prosjektet har vore å utarbeide ein verksemdsmessig utviklingsplan som syner korleis Helse Førde skal utvikle spesialisthelsetenestene for innbyggjarane i Sogn og Fjordane. Delmåla i prosessen har vore: 1. Rullering og vidareutvikling av tidlegare plan. «Helse Førde vedtok i styresak 062/2014 Verksemdsmessig utviklingsplan Helse Førde 2014. Planen skal saman med bygningsmessig utviklingsplan utgjere forankringsgrunnlag som trengst for vidare planlegging (jfr Helsedirektoratet sin rettleiar IS-1369 om tidlegfaseplanlegging i sjukehusprosjekt, desember 2011).» 2. Fagområde psykisk helsevern skal integrerast i planen. 3. Planen skal gje retning og danne grunnlag for vidare jamnleg rullering. for inkludering av framtidige endringar, og for vidare detaljering i samband med byggjeprosessen ved Førde sentralsjukehus. Relasjon til bygningsmessig utviklingsplan, og arealplan Førde sentralsjukehus (konseptfase) Ifølgje rettleiar «Tidlegfaseplanlegger for sykehus 1», skal all utbygging av sjukehus vere grunna i ein verksemdsmessig utviklingsplan som syner behov for tenesteutvikling. Samla utviklingsplan består av ein verksemdsmessig og ein bygningsmessig del. Denne planen skal danne grunnlag for konseptfaserapport og for søknad til HOD om låneopptak for ombygging og utbygging ved Førde sentralsjukehus. Tidsramme Arbeidet med verksemdsmessig utviklingsplan har skjedd i perioden frå februar 2015. Det har vore eit intensivt arbeid, med stor grad av involvering frå leiarar, tillitsvalde og medarbeiderar. Det har vore halde informasjons- og dialogmøte med kommunane og andre eksterne samarbeidspartar, og med brukarutvalet (sjå oversyn nedanfor). 1 (HOD, IS: 1369, 2011), Organisering av arbeidet Arbeidet med verksemdsmessig utviklingsplan har vore eit eige prosjekt, som har vore tett kobla mot bygningsmessig utviklingsplan og konseptfaserapport for utbygging av Førde sentralsjukehus. Deltakarar i gruppene: Styringsgruppe Prosjektgruppe Ole Christian Reusch, klinikkdirektør Psykisk helsevern Olav Hesjedal, klinikkdirektør Medisinsk klinikk Arbeidsgruppe somatikk Helge Robert Midtbø (Leiar), klinikkdirektør Kirurgisk klinikk Olav Hesjedal, klinikkdirektør Medisinsk klinikk Signe Nordvik, avdelingssjef Medisinsk klinikk Arbeidsgruppe psykisk helsevern Svein Ove Alisøy (Leiar), avdelingssjef Psykiatrisk klinikk Toril Taklo, avdelingssjef PBU Jon Bolstad (Leiar) Anne Kristin Kleiven (Leiar), Utviklingsdirektør Vidar Vie Viseadministrerande direktør Ole Christian Reusch Direktør psykisk helsevern Olav Hesjedal Direktør medisinsk klinikk Helge Robert Midtbø Direktør kirurgisk klinikk Halfdan Brandtzæg Økonomidirektør Helge Robert Midtbø (Leiar), klinikkdirektør Kirurgisk klinikk Hans Johan Breidablikk, fagdirektør Robert Brennersted, avdelingssjef Kirurgisk klinikk Arne Nordgulen, verneombud Mads Rekve, avdelingssjef ISP Kjell Inge Solhaug, prosjektleiar arealplan, direktør for drift og eigedom Helge Hagen, avdelingssjef kirurgisk klinikk Jan Myklebust, verneombud Trond Aarre, avdelingssjef NPS Audun Vik-Mo, tillitsvald Arne Skjelten, HRdirektør Hans Johan Breidablik, Fagdirektør Terje Ulvedal, kommunikasjonssjef Anne Kristin Kleiven Utviklingsdirektør (prosjektleiar) Arne Johansen, direktør Intern drift Terje Ulvedal, kommunikasjonssjef Børge Stavland, Radiologisk avdeling Elisabeth Andresen, tillitsvald Ola Arne Hjelle, føretakstillitsvald legeforeninga Berit Hornnes, føretaksverneombod Hans Johan Breidablikk, fagdirektør Gerd Bjørkedal, brukarrepresentant Ole Christian Helle Eide Reuch, Klinikk direktør Berit Marie Johansen I tillegg vart to mindre arbeidsgrupper etablert, knytt til ei delutgreiing om barn og ei delutgreiing om eldre. Dette arbeidet vart leia av Solveig Horstad Berget og Hildur Margret Thingnes. PwC har tilrettelagt prosessen i arbeidsgruppene. Tilnærming Vi har nytta følgande modell for å analysere og strukturere planen: Arbeidet har teke utgangspunkt i analyse av pasientane og deira behov. Første del av arbeid og rapport har vore analyser av demografisk og epidemiologisk utvikling og framskriving. Dette har sett premissar for mål for tenesteutviklinga, kva som må til for å oppnå måla på kort og lengre sikt. Rammefaktorar som vist i figuren, har vore førande. Det har vore fortløpande dialog med leiar for arealplanarbeidet. Gjennomføring Hovuddelen av arbeidet har vorte utført i dei to arbeidsgruppene for psykisk helsevern og somatikk. I tillegg er det gjort eit omfattande arbeid knytt til datainnsamling og analyse, og vurdering av behov for tenester no og i framtida. Det er utarbeidd bakgrunnsdokument som skildra utfordringane og rammene for arbeidet, som grunnlag for informasjonsmøte. Dei to arbeidsgruppene for somatikk og for psykisk helsevern har vurdert kvart einskild fagområde, og søkt svar på nokre hovudspørsmål i tråd med perspektivmodellen (figur over): Kven er framtidas pasient? Kva for sjukdommar har framtidas pasient? Kvar kjem framtidas pasient til å bu? Kva forventningar kjem framtidas pasient til å ha? Korleis kjem behandlinga til å bli gjeven i framtida? Kva faktorar verkar inn på korleis tilbodet i framtida blir? Dei siste har vi definert i følgjande kategoriar, eller modererande faktorar: Kvar avdeling har svart på spørsmål, som så er samla i eit oversyn per fagområde som syner korleis dei vurderer I. Bakgrunn og status No-situasjon: Demografi, endring i diagnosegrupper, areal, kompetanse, samarbeid II. Utvikling Endringar for denne fagruppa både når det gjeld demografi/epidemiologi og utvikling framover Vurdering av modererande faktorar, hypotesar. Kva blir konsekvensen ved ulike behandlingsstader poliklinikk, dagkir, etc)? III. Tiltak Samarbeid Trong for areal Tenesteutvikling Prosessforbetring Rekruttering/kompetanse Bestillinga gjekk ut til alle avdelingar innan somatikk og psykisk helsevern, samt stabsfunksjonar. Det vart også gjennomført intervju. Svar på bestillingane blei drøfta og bearbeidd i arbeidsgruppene. Arbeidsgruppene fekk også lagt fram analysar så snart desse blei klare. Arbeidsgruppene har løpande fått lagt fram forslag til tekst og tiltak i planen, og innhaldet har vorte drøfta i ei rekkje møte. I hovudsak har det blitt nytta ein hypotesebasert analytisk metode, der innleiande hypotesar genererte analysebehov, og analysane stadfestar/avkreftar hypotesar. Parallelt har avdelingane fått bestillingar. Ein viktig effekt av dette har vore at leiarane har blitt utfordra på kva for endringar dei kan sjå føre seg. Analyser og datagrunnlag Aktivitetsdata i planen er henta frå følgjande kjelder: Samdata 2013 o Tal pasientar, type opphald o Opphaldsdøgn o Produktivitet o Samanlikning med andre helseføretak Helse Førde HF – Aktivitetskuben2 o Historiske data somatikk o Historiske data psykisk helsevern o Historiske data bildediagnostikk og laboratorietenester Norsk Pasientregister (NPR), basisår 2013 o Type opphald o Eigendekning/pasientstraumar o Diagnosegrupper o Avtalespesialistar o Framskrivingstal for 2030 basert på demografisk utvikling Folketalsdata er henta frå Statistisk Sentralbyrå (SSB). Framskriving av folketal er gjort med føresetnad om middels vekst (MMMM)3 i både fruktbarheit, levealder, innanlandsk flytting og innvandring. Informasjon og medverknad Det har vore utarbeidd kommunikasjonsplan og avhalde ei rekkje møte, oppslag mv. Tillitsvalde og verneombod har vorte orientert i ordinære, planlagde fora i tillegg til at dei er involverte i arbeids- og prosjektgrupper. Den 16.04 var utviklingsplanen tema på leiardialogsamling for alle leiarar og føretakstillitvalde/verneombod. Det har vore informert jamnleg i klinikkråd og avdelingsmøte. Leiarane på alle nivå har hatt ansvar for å informere sine tilsette. På intranett er det laga nyheitssaker om arbeidet. I tillegg har klinikkane brukt eigne intranettsider. Det har vorte gjennomført følgjande eksterne møte: Eksterne møte Høgskulen i Sogn og Fjordane Koordineringsrådet for samhandling mellom kommunane og Helse Førde HAFS regionråd SiS (Samarbeidsforum i Sunnfjord) Stortingsbenken Nordfjordrådet Fylkeslegen Fylkeskommunen KS-styret Brukarutvalet Sogn regionråd Fylkestinget I tillegg har politikargrupper vorte orienterte 2 Dato 19.03.2015 20.03.2015 09.04.2015 10.04.2015 13.04.2015 20.04.2015 21.04.2015 21.04.2015 22.04.2015 27.04.2015 06.05.2015 01.06.2015 Tal frå Aktivitetskuben gjeld «alle episodar», det vil seie både teljande episodar (refusjonsberettiga) og ikkjeteljande episodar. 3 Mellomalternativet, MMMM , er SSB sitt hovudalternativ i befolkningsframskriving. Der legg ein til grunn ei middels utvikling i både fruktbarheit, levealder, innlandske flyttingar og innvandring . http://www.ssb.no/befolkning/statistikker/folkfram/aar/2014-06-17 Utkast til planen vart sendt på høyring til alle kommunar, tilstøytande helseføretak og høgskulen i starten av juni, med høyringsfrist 14.08.2015. Kommunane vart i tidlegare møte varsla om høyringsperioden. Innspela er anten tekne med i redigering av planen eller vil bli vurderte i samband med vidare detaljering av utviklingsarbeidet. Alle høyringsinnspela følgjer saka. Prosess for implementering av planen Konkretisering av tiltak vil skje i det vidare arbeidet med handlingsplanar. Dette vil ha innverknad på og gje føringar for arealutvikling, m.a. den føreståande utbygginga ved Førde sentralsjukehus. Verksemda må utviklast i den takt økonomiske rammer tillét. Det er føresett at effektiviseringsvinst som følgje av endra arbeidsprosessar, vert konkretiserte. Figur: Prosess for utvikling av verksemd og bygningar fram mot 2020. Aktivitetar/ tid 2015 2016 2017 2018 Plan Rullering verksemdsplan Arbeidsprosessar Definisjon hovudprosessar Prosessanalyse hovudprosessar Prosessanalyse delprosessar Trinnvis iverksetting Organisering Organisasjonsmodning Organisasjonsprosess Mogelege organisasjonsendringar Areal 40% Definerte hovudområde 60% Detaljering 2019 80% detaljering 100% detaljering Ferdige skisser til lånesøknad Konklusjon Helse Førde har ei viktig oppgåve med å utvikle pasientens helseteneste i åra framover. Endra styringskrav kan gje behov for oppdatering, til dømes nasjonal sjukehusplan og endringar i regional strategi. Planen syner at Helse Førde må løyse fleire store utfordringar i åra framover. Dette må mellom anna gjerast ved å - Skape eit framtidig Helse Førde som er tilpassa den befolkningsprofilen vi har og den demografiske utviklinga vi ser i mange kommunar i fylket. - Skaffe naudsynt breiddekompetanse innan eldremedisin som må bli vår styrke framover. - Evne å prioritere slik at dei store behova innan medisin/eldremedisin vert dekka. - Få til sterke fagmiljø knytt til geriatri, aldersmedisin, demensomsorg og alderspsykiatri. - Utvikle koordinerte og heilskaplege tenester til utsette grupper, som eldre, barn, psykisk sjuke og ruspasientar. - Vere gode rådgjevarar for kommunane på dei viktigaste områda. - Bidra til å redusere dei store lokale skilnadene i behandling på kommunenivå. - Sikre nok kapasitet på rett område med rett balanse mellom fagområda. - Samarbeide med kommunane om rett nivå av kontrollar i spesialisthelsetenesta. - Nytte teknologi aktivt i utvikling av tenestene, mellom anna ved aktiv bruk av telemedisin i konsultasjonar og undervisning internt og ut mot kommunane. - Nå mål om korte ventetider, samstundes som vi maktar å koordinere gode pasientløyper for alvorlege tilstandar. - Ivareta sørge – for – ansvaret med eit kostnadsnivå som toler samanlikning med andre. Planen vil bli følgd opp med konkrete handlingsplanar for utviklings- og effektiviseringsprosessar. Planen skal gje føringar for utvikling av areal.